• No results found

1942: AtlanterhavspoHtikk og brubygging

Innanfor den ramma som er skissert ovanfor er det vi må søkje konturane av Nord-Norges situasjon i stormaktspolitikken under krigen. Sovjetunionens inntog som alliert og krigførande stormakt frå juni 1941 reiste mange spørsmål som berre tida kunne gi svar på. Kva ville dei sovjetiske krigsmåla vere? Kva rolle ville Sovjet-unionen spele i framtidig internasjonal politikk? Kva territoriale krav ville Stalin stille med tanke på framtidige tryggleiksbehov?

Dette siste spørsmålet hadde også adresse til Norge. I så måte var dei første svarsignala klart positive: Under den britiske

utan-riksminister Edens samtalar med Stalin i julehelga 1941 indikerte Stalin ingen krav om norsk territorium. Tvert om forsikra han om at Sovjet ikkje ville ha innvendingar mot ein britisk-vesteuropeisk allianse kombinert med britiske basar på norsk område, vel å mer-ke dersom vestmaktene godkjende Sovjets tryggingskrav i Aust-Europa.4)

Med dette signalet som bakgrunn kunne den norske regjeringa i mai 1942 sluttføre utforminga av sin Atlanterhavspolitikk. Eit for-melt regjeringsdokument med overskrifta «Hovedlinjer i norsk utenrikspolitikk» fastslo som det første mål for etterkrigstida at det burde opprettast eit forpliktande system av regionale forsvarsavtalar for det nordatlantiske området.5) Regjeringa såg no ingen motset-ningar mellom dette målet og den andre målsettinga som det vart lagt vekt på: omsynet til eit godt forhold til Sovjetunionen. Det er vel verd å merke seg, i lys av seinare tiders forsøk på å framstille andre nordiske land som pionerar og læremeistrar for utbygginga av eit godt granneforhold til Sovjet, at Norges brubygging overfor Sovjet har sitt startpunkt sommaren 1942 - fleire år før ein tilsvaran-de realisme fekk gjennomslag hos andre nordiske land. I regjeringas

<<Hovedlinjer ... » var Nord-Norges stilling utgangspunktet for ønsket om ei tilnærming til Sovjet. Dei mest relevante setningane hadde denne ordlyden: «Nord-Norge har under denne krig vært utgangs-punktet for det tyske angrepet mot Sovjetsamveldet... Hvis det skulle oppstå et fiendtlig forhold mellom Sovjetsamveldet og vest-maktene, ville Nord-Norges stilling bli langt mer komplisert. Norge vil derfor gjøre alt hva det står i dets makt for å hindre at det opp-står noen slik konflikt ... »6)

Programmatisk vart Norges tryggingspolitiske målsetting saman-fatta i dette sitatet frå regjeringsorganet «Norsk Tidend» sommaren 1942: «Vi ser som vårt foreløpige målbindende og forpliktende militæravtaler om forsvaret av det nordlige Atlanterhav. Vi ser det også som et viktig mål å være bindeleddet og broen for et tillits-fullt samarbeid mellom Sovjetunionen og Atlanterhavsmaktene.»7)

Politikken inneheldt med andre ord både «avskrekking» og «reas-suranse».

Indirekte signal og langsiktige programerklæringar kunne likevel ikkje med eitt .slag fjerne forestillinga om ein latent sovjetisk trus-sel. Og denne latente uro skulle ny næring i året som følgde.

kryptiske utsegner frå sovjetiske diplomatar om Sovjets interesser i Atlanterhavet gjorde sitt.8) Og President Roosevelts flygeide om

frihamner i Nord-Norge, for transittrafikk til og frå Sovjetunionen, skapte krise i den norske utanriksleiinga våren 1943. Utanriksminis-ter Lie, som fekk denne ideen kasta i fanget under ein elles lite oppsiktvekkande samtale med Presidenten i Det kvite huset, frykta i første omgang at Roosevelt her gjorde seg til talsmann for tankar som Molotov hadde utvikla for han.9)

Mistankane svinga likevel snart i retning av polske eksilpolitika-rar, som viste ein påfallande iver etter å spreie rykte om sovjetisk interesse for isfrie hamner i Nord-Norge. Krisen vart derfor kortva-rig. Men det gamle ordtaket «ingen røyk utan eld» vil alltid ha ein spesiell relevans for tolkinga av det gåtefulle Russlands politikk.

Ein kaldgufs hang nok derfor igjen då utsiktene til sovjetisk inn-marsj i Finnmark tok til å melde seg med full kraft, ved årsskiftet 1943-1944.

Den norske regjerings uro overfor ei sovjetisk «frigjering» av Nord-Norge-ordet frigjering kan her settast med eller utan herme-teikn - denne uroa hadde ein spesiell bakgrunn som kort må skisse-rast. Problemet den norske regjeringa då stod framfor, var dette: I tillit til at Norge først og fremst var eit britisk operasjonsområde -slik det hadde vore under heile krigen - hadde norske styresmakter i London forhandla med den britiske regjering om ein avtale som skulle regulere forholdet mellom allierte militære og norske militære og sivile styresmakter under frigjeringsoperasjonane.10)

Intensjonen var at denne avtaleteksten deretter skulle godkjen-nast av dei to andre allierte stormaktene gjennom den såkalla Europakommisjonen. Hausten 1943 synte det seg at USA ikkje kunne akseptere ein slik framgangsmåte- av årsaker som ikkje had-de noko med frigjeringa av Norge å gjere.

Den norske regjeringa hadde såleis gode grunnar til å vere både utålmodig og uroleg då årsskiftet var passert utan at frigjeringsavta-lane var i orden. Eit halvt år hadde no gått med til diplomatiske manøvrar kring ein avtaletekst som i seg sjølv var lite omstridd. Og i mellomtida hadde situasjonen ved frontane endra seg på ein måte som gav grunn til å tru at 1944 kunne bli det siste krigsåret. Det hasta derfor med å få avtaleverket i orden.

Uroa i den norske regjeringa over den stendige utsettinga av frigje-ringsavtalen hadde også ein nordisk bakgrunn. Der kom stendig fleire teikn på at Finland leita etter utvegar til å få slutt på sin krig mot Sovjetunionen. Det kunne tyde på at Finland var i ferd med å forsone seg med dei venta sovjetiske vilkåra for ein

våpenstill-stand. I februar vart dei sovjetpiske krava gjort kjende for dei allierte.11)

Det viktigaste av dei, sett frå norsk synsstad var at Petsamo - den finske kilen mellom Sovjet og Norge i nord- måtte avståast til rossa-rane. For Norge innebar dette at vi ville få Sovjetunionen som næraste granne aust for Finnmark. Når så den tid kom at den rau-de armeen fekk kasta tyskarane ut av rau-dette områrau-det og teke kontroll over grenselandet, ville russiske styrkar ha det best tenkelege ut-gangspunktet for å forfølgje tyskarane inn på norsk jord. Etter å ha levt i sikker overtyding om at frigjeringa av Norge ville bli ein britisk eller britisk-amerikansk operasjon, måtte altså den norske regjeringa no rekne med at dei første frigjeringssoldatane på norsk jord kunne bli avdelingar frå Sovjetarmeen.

Ein slik situasjon måtte nødvendigvis gi opphav til både uvisse og uro. Kva slag frigjering ville dette i så fall bli? Ville Sovjetunio-nen respektere norsk suverenitet og samarbeide med norske styres-makter? Ville dei rette seg etter eit utkast til frigjeringsavtale som dei ikkje hadde fått vere med på å utforme? Kor langt inn i Norge ville dei russiske styrkane gå? Og kor lenge ville dei bli der? Ville makthavarane i Kreml sjå dette som sin sjanse til å sikre seg nokre fleire isfrie hamner, slik mange mistenkte dei for,å ha planar om?

Spørsmåla var mange, og svara var usikre.

Så lenge som frigjeringsavtalen sat i klemme mellom dei tre stor-maktene var det to ting den norske regjeringa kunne gjere på eigen hand overfor Sovjetunionen. Det eine var å prøve, med små mid-lar, å syne ein klar vilje til samarbeid med russarane. Det kunne i det minste skape ein god «atmosfære» dei to regjeringane imellom.

Samstundes galdt det på ein varsam måte å prøve å finne ut kva planar og mål Sovjetunionen kunne ha i nordområda på kort og langt sikt. Dette var oppgåver som stilte krav til takt og diplomati, og Trygve Lie og den norske utanrikstenesta gjekk straks til verket.

Første runde i denne norske «sjarmoffensiven» gjekk av stabelen 8.mars 1944. Trygve Lie hadde då invitert ambassadør Lebedev til ein samtale for å snakke om dei norske politistyrkane som var un-der utdanning i Sverige. Spørsmålet hans var om Sovjetunionen kunne vere interessert i ei innsetting av desse styrkane på Mur-manskfronten under russisk kommando, for å kjempe saman med den raude armeen mot tyskarane! Denne tanken var faktisk på føre-hand blitt drøfta på norsk side, men Overkommandoen hadde som rimeleg kan vere stempla den som lite realistisk. Når Trygve Lie

likevel la ideen fram for russarane, utan å ta omsyn til dei fag-militære innvendingane, så syner det at han først og fremst var ute etter politisk gevinst. At utspelet var vellykka syner svaret frå Mosk-va, som kom etter berre fem dagar: Ideen var glimrande; dei norske styrkane skulle få dei beste vilkår den raude armeen kunne by på og det nyaste materiell som fanst; styrken kunne gjerne vere på flei-re bataljonar eller ein heil divisjon. Saka var no «politisk i orden ...

intet skapte bedre forhold mellom to nasjoner enn at man som våpenbrødre bekjempet den felles fiende.»12)

Stort lenger kom ikkje denne spesielle saka. Men den samar-beidsviljen som Norge dermed hadde demonstrert, og den positive russiske reaksjonen, skapte ei god stemning som kanskje kunne kome godt med i framtidige drøftingar om frigjeringsoperasjonar i Nord-Norge. Eit anna lite bidrag i same lei var eit norsk tilbod om ein handelsavtale om norske leveransar av fosfat til det sovjetiske landbruket etter krigen. Med dette som bakgrunn kunne den norske utanriksleiinga lettare ta til å sondere terrenget for å finne ut kva planar russarane hadde i nord. Men dei skulle snart oppdage, om dei ikkje visste det frå før, at få ting er vanskelegare enn å få sovje-tiske styresmakter til å avsløre sine framtidsplanar: Dei ventar i regelen til motparten har lagt sine kort på bordet, og handlar deret-ter utan å gi sine eigne mål til kjenne. Nettopp dette skulle bli den norske regjeringa sin hovudverk i det neste halvåret.