• No results found

SKL-søknad av 16. nov. 2017 om bygging av kraftverk i Opo

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "SKL-søknad av 16. nov. 2017 om bygging av kraftverk i Opo"

Copied!
21
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

1

Høyringssvar til NVE

Med omsyn til:

SKL-søknad av 16. nov. 2017 om bygging av kraftverk i Opo

Reidar Borgstrøm

Fakultet for miljøvitskap og naturforvalting

NMBU Ås, febr. 2018

(2)

2

Forord

Opo har høg kvalitet både som storlakselv og som eit viktig landskapselement i Odda, og eg har i dei siste åra engasjert meg for at elva også i framtida skal ha desse kvalitetane. Eg er professor emeritus i fiskebiologi og forvaltning ved noverande Fakultet for miljøvitenskap og naturforvatning, NMBU, og har tidlegare i mange år arbeidd med mellom anna biologiske konsekvensar av vassdragsreguleringar. Eg har òg vore sakkunnig ved fleire større reguleringsskjønn. Dessutan har eg publisert mange artiklar i internasjonale tidsskrift om biologiske effektar av vassdragsreguleringar, og om biologi og forvalting av anadrome og ferskvasstasjonære laksefisk. Eg skreiv mellom anna også eit kapittel om reguleringseffektar i publikasjonen

«Inngrep i vassdrag; konsekvensar og tiltak – en kunnskapsoppsummering» utgjeve av NVE og

Vassdragsregulantenes Forening i 1993, og kapitlet ‘Vassdragsreguleringar’ i bøkene ‘Fisk i Ferskvann – Økologi og ressursforvaltning’ (1987), og ‘Fisk i Ferskvann – Et samspill mellom bestander, miljø og forvaltning’ (2000) (Landbruksforlaget, Oslo). Eg var òg med i styringsgruppa for NVE-programmet

‘Terskelprosjektet’. Mitt høyringssvar er såleis skrive ut frå ein viss fagleg kompetanse på fiskebiologi og vassdragsreguleringar.

Ås-NMBU, 1. Februar 2018

Innhald

Oppsummering av effektar på fiskebestandane………..Side 3 Basis for høyringssvaret……..………. ..Side 4 Ad. Delrapportar med framlegg om kompenserande tiltak i Opo………...………Side 4 Effektar på ungfisk av laks og sjøaure i Opo………..Side 5 Laks- og sjøaurebestanden i Opo………Side 8 Fiskebestandane i Sandvinvatn og mogeleg effekt av planlagd massedeponering i

vatnet…...Side 11 Avlaupsvatnet frå planlagd kraftstasjon………..Side 12 Krav til vassføringar ved evt. utbygging……….Side 14 Oppsummerande vurderingar………..Side 16 Konklusjon ……….Side 18 Referansar………... Side 19 Vedlegg -Fotodokumentasjon av store laksar frå Opo………...Side 21

(3)

3

Oppsummering av effektar på fiskebestandane

Opo er ein viktig del av vår naturarv, nasjonalt som lokalt, og er ein del av eit verna vassdrag, som også har ei storlaksstamme. Det er i fyrste rekke redusert vassføring frå mai til sein haust som vil skapa dei største negative endringane for det økologiske systemet elva representerer. Ei kraftutbygging etter SKL sitt

søknadsforslag vil vera eit brot mot nasjonale føringar på miljøvern, på EU sitt vassdirektiv 2000/60/EC som har som hovudmål å sikra vern og bærekraftig bruk av vassmiljøet, og mellom anna på fleire paragrafar i Naturmangfaldlova (Lov 19. juni 2009 om forvaltning av naturens mangfold). Noreg er medlem av Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO), som mellom anna har som arbeidsområde ‘Føre-var tilnærming i lakseforvaltninga og vern av laksens leveområde’. Som medlem av denne organisasjonen har landet difor klare forpliktelsar som vert brotne om det vert ei kraftutbygging i Opo etter SKL sine framlegg.

Høyringssvaret har i hovudsak søkeljoset knytt til effektar på fiskebestandar i Opo og Sandvinvatn om det vert kraftutbygging. Sannsynlege effektar på fiskebestandar i Opo og Sandvinvatn ved ei utbygging slik Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) har søkt om, er alle negative, og kan oppsummerast slik:

 Det blir mindre opphaldsareal for evertebratar i elva, og dermed lågare produksjon av næringsdyr for aure- og laksungar, og det blir dessutan mindre opphaldsareal og vassvolum for både ungfisk og gytefisk

 Redusert vassføring ut frå Sandvinvatn vil bety lågare eksport av planteplankton og

dyreplankton til Opo, og dermed endå mindre mat både indirekte og direkte til fiskeungane i elva

 Lågare produksjon av aure- og laksungar betyr redusert smoltproduksjon som i sin tur betyr færre laks attende til elva

 Låg vassføring i Opo under smoltutvandringa vil høgst sannsynleg føra til auka predasjon på smolten både i elva og munningsområdet, og dermed ei nytterlegare reduksjon i talet på utvandrande smolt, og tilsvarande færre gytelaks attende til elva

 Smolt produsert i Storelva vil mest sannsynleg få forlenga tid på vandringa gjennom Sandvinvatn på grunn av låg vassføring i Opo og stor vassføring til kraftverkstunnelen, og dermed også gje auka predasjonstrykk, i tillegg til at smolt kan havna i tunnelen til kraftverket

 Opo blir svært grunn på lange strekningar, noko som ytterlegare reduserer opphaldsarealet for gytefisk

 På lengre sikt vil låg sommarvassføring endra den genetiske strukturen hos storlaksen, og bestanden vil endra seg frå ei storlaksstamme til å bli ein bestand av smålaks

 Ei grunn elv gir sterkt reduserte mogelegheiter for fiske, og dermed også sterkt redusert rekreasjonsverdi

 Utlaupsvatnet frå kraftstasjonen på vestsida av havnebassenget, kombinert med lite vatn i Opo, vil høgst sannsynleg føra til sterkt forseinka eller manglande oppgang av laks og aure til Opo, og dermed sterkt påverka fisket i elva, og dessutan føra til at færre fisk når Opo på grunn av auka beskatning i sjøen

Samla vil dette bety at fiskebestandane og fisket i elva blir rasert ved ei utbygging slik SKL har søkt om.

Vedlegg til søknaden frå SKL, Fagrapporten om akvatisk naturmiljø og naturens mangfold’ utarbeidd av Sweco, er så mangelfull at den ikkje kan danna eit grunnlag for vurdering av skadar/endringar hos laks- og sjøaurebestandane i Opo, og skadar på aure- og røyrbestandane i Sandvinvatn, Det er heller ikkje klarlagt om det er gyteplassar for røyr (røye) på dei strekningane i Sandvinvatn der SKL planlegg å deponera

(4)

4 tunnelmassar. Er det gyteplassar her, vil desse kunna bli øyelagde ved deponeringa av tunnelmassar. I så fall vil mengda av røyr-rekruttar som fôrfisk for den fiskeetande delen av både røyr- og aurebestanden i vatnet gå ned.

Det er risiko for aktivering av sedimenterte tungmetall i havnebassenget som fylgje av utslepp av store vassmengder frå kraftstasjonen (heilt opp til 500 m3/sek), og ved dumping av tunnelmassar både i

hamnebassenget og i sjøen sør for Egne Hjem. Om det blir slik aktivering av tungmetall som no er lagra i sedimenta, kan resultatet bli auka kvikksølvinnhald i evertebratar og fisk i fjorden, og dermed auka

helserisiko for alle som nyttar fisk frå fjorden. Dette åleine vil vera nok til at ei kraftutbygging i Opo vil vera i strid med EU sitt vassdirektiv som tek sikte på å sikra miljøtilstanden i ferskvatn, grunnvatn og kystvatn. I tillegg kjem redusert landskapskvalitet når storparten av vatnet i Opo blir teke bort.

Basis for høyringssvaret

Eg viser til søknaden av 16. nov. 2017 frå Sunnhordland kraftverk AS (SKL) om utbygging av Opo i Odda, med vedlegg, samt SKL si ‘Tilleggsutgreiing’ sendt i januar 2018. Mitt høyringssvar tek i fyrste rekke for seg SKL sine forslag til minstevassføringar, og dessutan Vedlegg K-5 til søknaden om utbygging,

‘Fagrapport om akvatisk naturmiljø og naturens mangfold’, og Vedlegg K-8 ‘Fagrapport Forurensning og vannkvalitet’ begge utarbeidd av Sweco. Med tilleggsutgreiinga i jan. 2018 er det klart at vassføringa i Opo blir endå mindre enn det som framkom i søknaden hausten 2017. Elles viser eg til tidlegare høyringssvar på meldinga om kraftutbygging, og ein tidlegare instituttrapport om konsekvensar av utbygginga som begge vart sendt NVE i 2017 (Borgstrøm 2016, 2017a).

Ifylgje søknaden ser SKL for seg at det skal sleppast ei minstevassføring frå Sandvinvatn på minimum 5 m3/s frå 1. november til og med 14. april. I tida 1.5. – 20.5. skal vassføringa vera minimum 20 m3/sek, og så 15 m3/sek som minstevassføring frå 21.5. til 15.6. I tida 16. juni til 31. oktober skal minstevassføringa vera 10 m3/sek, med unntak av siste halvdel av august då minstevassføringa i kortare periodar skal variera mellom 10 og 20 m3/sek. Dersom vassføringa i Opo i perioden 1.8 til 14.8 oppfyller kravet gitt for perioden 15.8 til 31.8, kan minstevassføringa i perioden 15.8 til 31.8 reduserast til 10 m3/s, ifylgje søknaden. Vidare står det at dersom tilsiget er lågare enn kravet til minstevassføring, skal kraftverket ikkje vera i drift og heile tilsiget skal sleppast i Opo.

Vassføringa i Opo blir med andre ord sterkt redusert store delar av året, om framlegga til minstevassføring blir ein realitet. Sommarvassføringa i Opo (mai-september) har i medel vore 64,1 m3/sek for åra 1909- 2014, noko som står i sterk kontrast til SKL sitt framlegg om minstevassføring og restvassføringar i Opo.

Ad. Delrapportar med framlegg om kompenserande tiltak i Opo

I Vedlegg K-5 frå Sweco er det gjeve ei oppsummering av konsekvenser for Storelva, Sandvinsvatn og Opo kvar for seg, for både anleggsfase og driftsfase. I anleggsfasen er konklusjonen til Sweco at både Alt. vest og Alt. aust har liten negativ konsekvens for akvatisk naturmiljø og –mangfald. Det er same konklusjon for begge alternativa også i driftsfasen, dvs. liten negativ konsekvens. Dette er oppsiktsvekkjande konklusjonar ut frå det som tidlegare er publisert om effektar på biologisk mangfald og fiskebestandar ved sterkt reduserte vassføringar. I tillegg må studiane i Sandvinvatn karakteriserast som harelabbundersøkelser med omsyn til effektar på fiskebestandane både i Sandvinvatn og Opo, noko som vil bli nærare begrunna i dei einskilde

(5)

5 delkapitla nedanfor. Også Vedlegg K-8 har same konklusjon, dvs. liten eller ingen negativ påverknad. Her står det mellom anna at «det bør bygges fisketrapp i Opo som gjør Sandvinvatnet og Storelva tilgjengelig for anadrom fisk. Dette vil øke det produktive arealet for anadrom fisk betydelig. I tillegg gir dette den voksne fisken et godt overvintringsområde, og yngel et stort oppvekstområde i Sandvinvatnet. Trappa kan eventuelt bygges slik at den favoriserer stor fisk slik at egenskapene som gir storvokst laks stimuleres». Den som har skrive dette signaliserer svært liten kunnskap om anadrom fisk når det blir peika på at Sandvinvatn kan bli eit stort oppvekstområde for laksyngel. Det vil neppe vera ein einaste yngel av laks og sjøaure i Sandvinvatn.

Yngelen vil stå i Storelva, slik den òg gjorde då fisketrappa var operativ. At enkelte eldre laksungar kan vandra ut i Sandvinvatn er ein annan sak. Sidan det er foreslått at ei evt. fisketrapp kan utformast for

storlaks, må det bety at Sweco ikkje ser for seg at sjøauren skal kunna nytta trappa, og dermed hindra at den tek i bruk Sandvinvatn og Storelva. Tapt sjøaureproduksjon i Opo vil dermed ikkje bli erstatta av ein evt.

produksjon av sjøauresmolt i Storelva.

Argumentasjonen frå Sweco/SKL (og kommunen) for bygging av laksetrapp som kompensasjonstiltak ved ei kraftutbygging i Opo er at laks og sjøaure då vil kunna vandra opp i Sandvinvatn og Storelva. Dermed ville produksjonen av smolt i vassdraget auka, samstundes som det ville gje grunnlag for fiske både i Sandvinvatn og Storelva. Dette er likevel langt frå eit kompenserande tiltak, fordi den trappa som er i Opo i dag kan restaurerast uavhengig av kraftutbygginga. Då trappa var i drift, vart det produsert smolt i Storelva, og det vart også fiska laks og sjøaure både i Storelva og i vatnet (Borgstrøm 2017b). Dessutan vert det produsert smolt i Storelva i dag òg, basert på utlagd rogn. Om Opo skulle bli regulert, vil som påpeikt, mesteparten av utlaupsvatnet frå Sandvinvatn gå til kraftverket. Utvandrande laks- og sjøauresmolt vil difor høgst

sannsynleg bruka lengre tid gjennom Sandvinvatn om det blir regulering, fordi ein så liten del av utlaupsvatnet vil gå til Opo. Ei forlenging av opphaldstida i Sandvinvatn medfører sterkt auka predasjonsrisiko for smolten, fordi stor aure og røyr i Sandvinvatn er fiskeetarar (Borgstrøm 2017b).

Hovudmengda av smolten i til dømes Vosso vert truleg predatert på vegen gjennom Vangsvatn og Evangervatn, og forsvinnande få smolt overlever vandringa til fjorden (sjå Haugen et al. 2016; 2017;

Barlaup 2018). Tilsvarande predasjonseffekt er det stor fare for i eit regulert Opovassdrag òg.

Konklusjon: Bygging av fisketrapp kombinert med kraftutbygging er med andre ord langt frå eit kompenserande tiltak.

Effektar på ungfisk av laks og sjøaure i Opo

Sweco har gjennomført elektrofiske (produsent av elektrofiskeapparat og spesifikasjoner av apparat og sjølve fiskemetoden med maskevidde i håv osv. er ikkje oppgjeve). Innsamlinga vart gjennomført i mars månad 2017, med tre gongers fiske på eit 100 m2 areal på kvar stasjon. Elfiskeresultatet viste svært låg tettleik av laksefiskungar. Den største innvendingen mot denne undersøkelsen er at det ikkje er teke omsyn til at fangstutbytet ved elektrofiske er heilt avhengig av fiskens fangbarheit. I elvar med låg ledningsevne er fangbarheita generelt låg, og den er dessutan generelt ekstra låg om vinteren på grunn av låge temperaturar (Rosseland og Lydersen 1997). Dessutan vil fangbarheita vera avhengig av fiskestorleik, vassføring og fiskeart. Sommargamle laksungar i elvar som Opo vil ha ei fangbarheit som er tilnærma null, men den stig med aukande fiskestorleik. Ifylgje rapporten til Sweco hadde sommargamle laksungar tekne i mars månad ein empirisk gjennomsnittslengde på over 60 mm, og dei var større enn sommargamle aureungar. Dette er oppsiktsvekkjande, for i andre elvar i Hardanger er sommargamle laksungar mindre enn aureungar

(Borgstrøm og Skaala 1999). Kan alderen vera feilbestemt, fordi kun skjell er nytta til aldersbestemmelse i dette tilfellet? Sidan sommargamle aureungar vanlegvis er større enn sommargamle laksungar, har dei og ein

(6)

6 høgare fangbarheit, sjølv om den likevel er svært låg, noko som er illustrert med data frå Øyreselva i

Kvinnherad (Borgstrøm og Skaala 1993). Denne elva har sterkt redusert vassføring pga. kraftutbygging, og det medfører at elektrofisket kan gjennomførast i heile elvelaupet. Her ligg fangbarheita i februar-mars på 5

% for aureungar med lengde 5 cm, på 22 % for ungar på 10 cm og på 38 % for ungar med lengde 15 cm (Fig. 1). Det er med andre ord ein svært låg fangbarheit, sjølv om vassføringa på denne tida av året er lita.

Fangbarheita for laksungar er òg lågare enn for aureungar, fordi laksungane står på strekningar med større vasshastigheiter samanlikna med aureungar. I Sweco-rapporten vert det referert til elektrofiske i Opo gjennomført av Kålås og Særgrov (1996) i august 1995. Typisk fekk dei ingen sommargamle laksungar ved dette elektrofisket. Det har samanheng med storleiken på 0+ laksungar (sommargammal fisk), og truleg og opphaldstad. Same erfaring hadde Borgstrøm og Skaala (1993) i Øyreselva, og sidan laksungane ikkje har nokon vekst gjennom vinteren, var fangbarheita for 0+ i Øyreselva tilnærma null i februar-mars òg. Med langt større vassføringar i Opo, og dermed langt dårlegare fangstmogelegheiter ved elektrofiske, blir

fangbarheita både for laks- og aureungar vesentleg lågare enn i til dømes Øyreselva. Likevel opererer Sweco med at dei fanga 50 % av aure- og laksungane i kvar fiskeomgang i Opo. Når fangbarheita for 0+ aureungar ligg på rundt 5 % i Øyreselva, og endå lågare for 0+ laksungar, og fangbarheita i Opo mest sannynlig er vesentleg mindre enn dette, vil antall 0+ på dei avfiska strekningane i Opo bli sterkt underestimert sidan Sweco opererer med 50 % fangbarheit. Bestandstala for eldre fisk blir òg mykje underestimert med den høge fangbarheita Sweco opererer med.

Elektrofisket er behandla såpass detaljert, fordi det er viktig å få fram at Swecos elektrofiskedata frå Opo ikkje seier noko som helst om bestandsstorleikar og årsklassefordelingar. Med andre ord er denne delen av Sweco-studien ubrukeleg som grunnlag for å vurdera noverande bestandstilstandar og skadepotensialet ei evt. utbygging vil påføra bestandane. Det vil med andre ord vera oppsiktsvekkjande om NVE brukar

Swecorapporten som grunnlag for si vurdering av mogelege skadar på fiskebestandar ved ei evt. utbygging.

Det er godt mogeleg at potensialet for ungfiskproduksjon ville auka om episodar med store vassføringar i Opo blir teke bort, men når vassføringa blir så låg at delar av elvefaret ikkje vert dekka av vatn om

sommaren, blir opphaldsarealet for ungfisken redusert, samstundes med at areal for næringsdyrproduksjon òg vert redusert. På fleire strekningar vert det relativt omfattande tørrlegging ved ei minstevassføring på 10 m3/sek, som vist med foto frå nokre strekningar i Fig. 2.

y = 0,0033x - 0,1118 R² = 0,92

0 0,2 0,4 0,6 0,8 1

0 100 200 300

Fangbarheit

Lengde (mm)

Fig. 1. Estimert fangbarheit av aureungar i Øyreselva i

februar-mars 1990-1992, der bestandstorleiken er estimert ved merke-gjenfangst (Data frå Borgstrøm og Skaala 1993).

(7)

7 Laks- og aureungar i elvar lever av både botndyr, drivande insekt og dyreplankton (frå innsjøar), og av insekt som har havna på overflata (klekka vassinsekt og insekt frå land). I til dømes Suldalslågen utgjorde

insektlarver og –nymfer 90 – 95 % av dietten i mai – juli, medan dyreplankton utgjorde 50-70 % av

matinntaket i august – oktober (Lillehammer og Saltveit 1979) (Fig. 3). Det var i fyrste rekke fjørmygglarver og steinfluger som dominerte i fødeopptaket hos laksungar i denne elva tidleg på sommaren (Lillehammer 1973a, b). Nedgangen i insektmengda tilgjengeleg som mat for aure- og laksungar utover sommaren, vert kompensert av dyreplankton som generelt aukar i mengd gjennom sommaren og hausten. Alt dyreplanktonet i Suldalslågen kjem som driv frå Suldalsvatn.

Høgst sannsynleg er det dei same tilhøva i Opo, dvs. laks- og aureungane lever av fjørmygg og andre vassinsekt tidleg på sommaren, med eit aukande innslag av dyreplankton i dietten på ettersommaren og hausten. Ikkje berre fisk, men også ulike insekt i elva, utnyttar drivet av organisk materiale frå Sandvinvatn (bakteriar, dødt organisk materiale, planteplankton og dyreplankton). Det betyr at ein vesentleg del av produksjonspotensialet for laks- og aureungane i Opo kan vera basert på dyreplankton og anna driv som kjem frå vatnet. Denne eksporten av næring frå Sandvinvatn til elva vil utan tvil endrast om vassføringa på ettersommaren og hausten blir redusert til 10 m3/sek, slik SKL

Fig. 2. Opo nedanfor Øyna ved ei vassføring på 9,8 m3/sek (til

venstre)(Foto: Sven Olaf Brekke). Opo ovanfor Smelteverksbrua (øvst til høgre) og sidegreina på vestsdia av Langeseter- og Eidesøyna (nedst) ved 9,5 m3/sek.

(Foto: Knut Jøsendal)

(8)

8 har gjort framlegg om som minstevassføring. I så fall kan ei slik endring få avgjerande og negativ

betydning for fiskeproduksjonen i elva. Sweco burde ha teke omsyn til dette, og både gjennomført zooplanktonstudier i Sandvinvatn, kor mykje partiklar (inkludert dyreplankton) som driv ut av vatnet ved ulike vassføringar, og kva betydning dette har for dietten til aure- og laksungar.

Konklusjon: Sidan ungfiskstudiane i Opo er svært mangelfulle, og dessutan at eksporten av plante- og dyreplankon frå Sandvinvatn ikkje er undersøkt av Sweco, fell ein viktig del av grunnlaget for vurderinga av reguleringseffekten på smoltproduksjonen i Opo bort.

Laks- og sjøaurebestanden i Opo

Sweco har i hovudsak teke utgangspunkt i lakseregisteret i sin omtale av laks- og sjøaurebestanden, og lagt svært liten vekt på kva avkastning laks- og sjøaurebestandane i Opo gav før oppdrettsindustrien fekk stort omfang i Hardangerfjorden. Dessutan er statistikken frå 1887 og framover referert i Sweco-rapporten, utan at det er peika på at fangstane lenge ikkje vart rapportert eller berre sporadisk rapportert.

Opo har vore kjend for sin storlaks, og storlaks med ei gjennomsnittsvekt på 8,5 kg har tidlegare dominert i fangstane (Ohm 1971)(Fig. 4, Fig. 5)(sjå òg i Vedlegget). Det var ikkje utan grunn at engelskmannen profesor dr. Boyd leigde alle fiskerettane i Opo frå byrjinga av 1870-åra (Ohm 1971); laksen i Opo må ha vore attraktiv, både med omsyn til storleik og mengd. Ifylgje Ohm (1971) fekk Boyd laks på opptil 28,5 kg på fluge. Det var mange laksekjerr i Opo, og truleg hadde alle gardsbruka i Odda drive kjerrfiske, noko som vitnar om at laksefisket har vore viktig (Fig. 6). Dr. Boyd fekk stengt laksekjerra då han leigde fisket i elva.

Det kan òg nemnast at Odda Fiskerforening stod som leigar av ein del teigar i Opo frå 1925. Eit av

medlemene og mangeårig formann i foreininga, Olaf Haugland, fekk i juni månad i tre ulike år tre laksar på mellom 25 og 26 kg i Ivarshølen og Langhøl (Ohm 1971). I 1937 vart så Odda Jakt- og Fiskelag stifta, og ein ny epoke i Opo byrja. Endå fleire teigar vart leigd, og talet på fiskarar låg på 96 – 120 per år (Ohm 1971).

Medlemstalet i foreininga låg på rundt 250.

Fig. 3. Gjennomsnittleg tettleik av

botnlevande insekt og mengde av drivande dyreplankton i Suldalslågen frå april til oktober (nedst), og næringsvalget hjå årsungar av laks i periodane mai-juli og august-oktober (vist som mageinnhald i vektprosent, øvst)(Figur kopiert frå Saltveit og Heggenes 2000).

(9)

9 Etter andre verdskrigen ser det ut til at fangststatistikken vart vesentleg betra. I perioden 1949-1985 var samla kvantum fiska i elva per år bortimot eitt tonn laks i gjennomsnitt, ifylje Ohm (1985). I enkeltår vart det teke heilt opp i rundt 2,3 tonn laks på fiskelaget sine teigar (Ohm 1985)(Fig. 4). Dette fortel likevel lite om den samla samfunnsøkonomiske verdien av opolaksen, fordi kanskje så mykje som rundt 85 % av

laksefangsten på denne tida vart teken med kilenøter, krokgarn, setjegarn og drivgarn i sjøen, i tillegg til

anna fritidsfiske i saltvatn (Hansen 1987). Om sjøfangsten av opolaks blir inkludert, kan laksen frå Opo i åra 1949-1985 ha bidrege med rundt 5,5 tonn per år. Opolaksen har med andre ord hatt stor samfunnsmessig

0 50 100 150 200 250 300

Tal lak s fisk a

Laksefisket i Opo 1949-1985

Fleirsjøvinter Einsjøvinter

Fig. 4. Tal laks fiska i Opo i perioden 1949- 1985 av Odda jakt- og fiskelag sine medlemer.

Fangst på private teigar er ikkje teke med, og einsjøvinterlaksen er ikkje registrert før i 1975 (Data etter Ohm 1985).

Fig. 5. Asbjørn Ahlsen med storlaks (til venstre)(Foto frå ‘Vårt ansvar i naturen’ OJF), og Bjørn Hvidsten med storlaks teke i øvste del av Opo, på Eidegarden sin fiskerett (til

høgre)(foto Hardanger folkeblad)

(10)

10 betydning, og i tillegg hatt stor rekreasjonsmessig verdi både lokalt og regionalt. I tillegg kjem så sjøauren, men den har kome heilt i skuggen av laksen, og statistikken for sjøaurefisket har vore svært mangelfullt.

Etter at oppdrett av laks og regnbogeaure kom i gang i Hardangerfjorden, med oppdrettsanlegg frå Jondal og Kvam og vidare utover i fjorden, har det gått sterkt attende med laks- og sjøaurebestanden i Opo, og i andre elvar i Hardanger. Villaksen i Opo har difor vore freda i mange år, men det har vore noko fiske etter rømt oppdrettslaks i elva, og noko stamfiske. I til dømes 2008 vart det teke ut 210 kg oppdrettslaks, men det var framleis att rømt laks under gytefiskteljinga seinare på hausten (Skoglund et al. 2009). I Sweco-rapporten vert det opplyst at det under gytefiskteljinga var registrert fem oppdrettslaks, men ikkje eit ord om at det på førehand var fjerna 240 kg oppdrettslaks frå elva.

Ifylgje Rosseland og Lydersen (1997) har det vore minst to episodar med fiskedød i Opo, i 1962 og 1996, som fylgje av akutte cyanidhaldige utslepp frå Odda Smelteverk. Slike episodar kan ha redusert

smoltproduksjonen over fleire år, fordi fleire årsklassar av laks- og aureungar har fått auka dødelegheit i nedre del av elva. Låg vassføring i Opo året rundt, slik SKL skisserer i sin søknad, aukar risikoen for at evt.

avrenning av kjemikalier lagra i grunnen på Smelteverkstomta og på Hjøllotippen skal påføra skadar på livet i elva, fordi det vert mindre vatn i elva til å fortynna evt. giftstoff og kjemikalier.

Hovudårsaken til den sterke tilbakegangen av dei ville bestandane av anadrom laksefisk (sjøaure og laks) i Hardanger er likevel mest sannsynleg knytt til den store produksjonen av lakselus i oppdrettsanlegga.

Thorstad og Finstad (2018) antyder eit tap på 50 000 vaksne laks i Noreg som fylgje av lakselus, noko som tilsvarar eit tap på 10 % for laksebestanden i heile landet (inkluderer både oppdrettsfrie og oppdrettsintensive område). Det betyr at i dei mest oppdrettsintensive områda vil tapet bli mange gonger høgare. Talet på laks og regnbogeaure i merdar i Hardangerfjorden er no minst tusen gonger høgare enn det var villfisk i fjorden då oppdrettet starta opp, og laksefiskbestandene knytt til elvar i fjorden, inkludert bestanden i Opo, høyrer truleg til dei som er hardast ramma av lakselus her i landet. Sjøauren har kanskje i endå større grad enn laksen blitt negativt påverka av lakselusinfeksjonar, sidan den held seg i fjorden under heile sjøopphaldet.

Det blir i dag brukt store summar på å få kontroll med lakselus i oppdrettsanlegga, og utviklinga av lukka Fig. 6. Laksekjerr som dette i Eio var det mange av i Opo tidlegare, men då dr.

Boyd leigde fisket i elva, fekk han samstundes stengt kjerra.

(11)

11 anlegg er berre så vidt kome i gang. Det er difor på lang sikt gode mogelegheiter for å byggja opp att

laksefiskbestandane i Hardanger når lakselusproblemet er ein saga blott. Dette bør liggja til grunn når søknaden om utbygging av elva skal handsamast av NVE.

Det er påvist at oppdrettslaks har gytt i Opo, og det fører til lågare totalproduksjon av laksungar i elva (sjå mellom anna McGinnity et al. 1997; Fleming et al. 2000; Skaala et al. 2012), samstundes som det vert eit ekstra stort tap i sjøen på grunn av lågare overleving og tilbakevandring for avkom av oppdrettsfisk (Fleming et al. 2000). Den dagen problemet med rømming av oppdrettsfisk er løyst, vil ei uregulert Opo atter få ein laks som er godt tilpassa elva, både med omsyn til vassføring og falltilhøve, fordi det vil finna stad ein seleksjon bestemt av vassføringa i elva. Produksjonspotensialet vert òg betre utnytta utan innblanding frå rømt oppdrettslaks.

Å byggja ut Opo for kraftproduksjon der ein del av argumentasjonen går på at laks- og sjøaurebestanden i dag er ubetydeleg, er difor svært kortsiktig og misvisande. Den dagen oppdrettsindustrien har løyst problema med både lakselus og rømming, må det forventast ein sterk oppsving i laksefiskbestandane i Hardanger generelt.

Konklusjon: Det er difor potensialet for laks- og sjøaureproduksjon i Opovassdraget som bør vera retningsgjevande under NVE si handsaming av konsesjonssøknaden til SKL.

Fiskebestandane i Sandvinvatn og mogeleg effekt av planlagd massedeponering i vatnet Sweco gjennomførte eit garnfiske i Sandvinvatn med etterfylgjande bestandsanalyse. Dei fekk stort sett berre mindre individ av både aure og røyr (røye), med største fisk på 31 og 24 cm for høvesvis aure og røyr. Det vert likevel opplyst at det ikkje er uvanleg å få fisk på over eitt kilo, basert på opplysningar gjeve av Ivar Sandstå. Samstundes står det i Sweco-rapporten at veksten hos aure ser ut til å stagnera ved tre års alder, og røyra stagnerer i vekst ved fire års alder. Dette stemmer ikkje med figurane som er framlagt i rapporten.

Dessutan kan det ikkje vera stagnering i vekst ved så låg alder når både aure og røyr i vatnet oppnår vekter på i alle fall meir enn to kilo.

Ifylgje Borgstrøm (2017b) er det stor aure og røyr i Sandvinvatn, noko mellom anna Fig. 7 og Fig. 8 viser døme på. Hausten 2016 gjennomførte Ivar Sandstå og Sindre Mannsåker eit omfattande fiske i Sandvinvatn.

I fangsten deira utgjorde røyr om lag 70 %. Dei fekk 10 aurar og 10 røyr på over kiloet (Fig. 8). Største røyra var på 2,8 kg, medan største auren vog 1,4 kg. Det er med andre ord stor, stasjonær fisk av begge artar i Sandvinvatn, og det kan vera viktig å merka seg at auren og røyra blir stor som ein fylgje av predasjon på smårøyr.

Fig. 7. Stor, fin stasjonær aure og røyr (røye) tekne på garn i Sandvinvatn av Arne Kambestad (etter Borgstrøm 2017b)

(12)

12 Fig. 8. Stor røyr (røye) og aure tekne ved garnfisket til Sandstå og Mannsåker i Sandvinvatn, hausten 2016 (etter Borgstrøm 2017b).

Røyra gyt i Sandvinvatn, men Sweco har ikkje gjort forsøk på å klarleggja gyteplassar. Sidan SKL planlegg å bruka delar av nordenden av Sandvinvatn for deponering av steinmassar frå tunneldrivinga, burde det ha vore klarlagt om det på desse strekningane (ved Børstå og i Vasstun) er gyteplassar for røyra. Dersom det er gyting på det arealet som er planlagt som deponiområde for sprengstein, vil gyteplassane verta øydelagde, noko som i så fall kan vera negativt for rekrutteringa til røyrbestanden i vatnet.

Konklusjon: Det kan bli eit redusert næringsgrunnlag for stor aure og røyr i vatnet om rekrutteringen til røyrbestanden vert negativt påverka ved utfylling av tunnelmassar i vatnet.

Avlaupsvatnet frå planlagd kraftstasjon

Avlaupsvatnet frå den planlagde kraftstasjonen på vestsida av Opo vil koma ut på vestsida av havnebassenget, i Kleivavika, og kan ha fleire potensielt svært negative konsekvensar, både for fiskebestandane i Opo og for tungmetallforureininga i Sørfjorden.

Kraftverket til Statkraft i Hylen (Røldal-Suldal) må stoppa drifta i juli og august av omsyn til oppvandringa av laks og sjøaure til Suldalslågen. Avlaupet frå den planlagde kraftstasjonen i Odda ligg ikkje så langt frå utlaupsosen til Opo, men det er likevel stor risiko for at laks og sjøaure som skal til Opo vil verta tiltrekt av dei langt større vassmengdene frå kraftstasjonen, både på grunn av den store vassmengda frå kraftverket og dei små vassmengdene som går i Opo. Vi kan difor ikkje sjå bort frå at anadrom fisk som skal opp i elva vil få forlenga opphaldstid i havnebassenget. I medel ligg sommarvassføring (mai-september) i Opo i dag på over 60 m3/sek. Det er ingen langtidstrend i endra medelvassføring om sommaren i elva (Fig. 9). Ei vassføring som vil liggja på 10 m3/sek i storparten av sommartida, vil vera beskjeden samanlikna med dei

(13)

13 vel 50 m3/sek som i medel vil gå ut frå kraftstasjonen. Det kan difor risikerast at oppvandringa blir så

forseinka at mykje fisk fyrst kjem opp i elva etter lovleg fisketid. Dette kjem i tillegg til risikoen for auka beskatning av laks og sjøaure på grunn av forlenga opphaldstid i sjøen.

Fig. 9. Medelvassføring i Opo i perioden mai-september for åra 1964-2014 (Data frå NVE)

Utlaupsvatnet frå kraftstasjonen vil òg kunna føra til at sterkt forureina sediment i indre havnebasseng (Ruus et al. 2013) vert sett i rørsle. Dermed kan forureininga av mellom anna tungmetall i indre del av Sørfjorden auka. I sitt høyringssvar til meldinga om planlagt kraftutbygging i Opo har Boliden (2017) peika på at bedrifta sidan 1970-talet har arbeidd målbevisst for å redusera sine utslepp av tungmetall med det mål å minimera miljøpåverknaden. Som påpeikt av Boliden (2017) er fjordbotnen i indre del av Sørfjorden, inkludert havnebassenget, til dels betydeleg forureina med tungmetall og andre miljøgifter som stammer fra tidligare industriell verksemd ved Boliden og andre bedrifter i Odda (sjå òg til dømes Ruus et al. 2013).

Boliden understrekar at dersom det vert introdusert nye store vasstraumar inst i hamnebassenget i tillegg til at sprengstein skal brukast til fylling i hamna, er det ein viss fare for at gamal forureining vert kvervla opp og spreidd utover på nytt.. Det er difor ein risiko for at Boliden sitt mangeårige arbeid med lagring av

jarosittavfall for å hindra tungmetallforureining av fjorden blir sett tiår tilbake.

Konklusjon: Med andre ord kan utlaupsvatnet frå den planlagde kraftstasjonen få negative fylgjer både for laksefiskbestandane i Opo og for mellom anna tungmetallforureining i fisk og marine evertebratar i Sørfjorden.

Ei utbygging av Opo etter SKL sitt forslag kan heller ikkje vera i tråd med EU sitt direktiv for vassdrag.

Hovedformålet med EU sitt vassdirektiv er å sikra vern og bærekraftig bruk av vassmiljøet, og om naudsynt setja inn førebyggande eller forbetra tiltak for å sikra miljøtilstanden i ferskvatn, grunnvatn og kystvatn.

Dette kan vanskeleg bli oppfylt for Opovassdraget og for Sørfjorden om det vert gjeve grønt lys for utbygging. Her kan det vera på sin plass å minna om alle avisoppslaga som kom i kjølvatnet av analyseresultata med omsyn til kvikksølv i Sørfjorden, i fisk frå fjorden, og påvising av høge

kvikksølvverdiar i folk som hadde ete mykje fisk frå fjorden på syttitalet (sjå nokre av oppslaga, vist i Fig.

10).

0 20 40 60 80 100

Me de l v ass før in g (m3/ sek)

Sommarvassføring i Opo (mai-sept.)

(14)

14

Krav til vassføringar ved ei evt. utbygging

Vassføringa i uregulerte elvar på Vestlandet varierer mykje gjennom året. Det er låge vassføringar vinterstid, og store vassføringar i juni og juli, og deretter fallande medelvassføring utover ettersommaren og hausten, men gjerne med større flaumepisodar etter mykje regn eller snøfall kombinert med etterfylgjande kraftig regnvêr. Vassføringa i Opo fylgjer dette mønsteret (Fig. 11).

Særleg om vinteren kan det verta lange periodar der vassføringa er så lita at det vert store tørrlagte parti i elva, noko som fører til at opphaldsareal for fisk vert sterkt innskrenka. Det same gjeld for evertebratfaunaen i sjølve elvefaret. Der elva renn gjennom store grusavsetningar, kan vatn og evertebratar frå elva kunna trenga inn i det vassfylte rommet under og til sida for sjølve elva (det såkalla hyporeiske rom)(Fig. 12). Her kan det dermed verta eit reservoar av evertebratar (Stanford og Ward 1988; Stanford et al. 1994). Sjølv om

0 20 40 60 80 100 120

V ass førin g i Op o (m3/ sek )

Fig. 11. Dagleg

medelvassføring i Opo i åra 2000 – 2014 (Data frå NVE) Fig. 10. Utklipp frå artiklar i Dagbladet frå mai

1973 og februar 1974

(15)

15 dette ikkje er undersøkt i Opo, kan det vera slik her òg.Vert sommarvassføringa meir eller mindre permanent redusert vil dette hyporeiske romet få mindre utstrekning, og fylgjeleg vil produksjon og reservar av

evertebratar (i hovudsak insekt) verta redusert. Ei minstevassføring på 10 m3/sek frå 16. juni til 31. oktober vil difor både redusera produksjonsarealet i sjølve elvelaupet, og i det hyporeiske rommet, og dessutan redusera opphaldsareala for ungfisk av laks og aure. I tillegg vert elva så grunn på fleire strekningar at gytefisk av laks og sjøaure, og evt. postsmolt av sjøaure, vil finna færre opphaldsstader. I tillegg til desse negative påverknadane, vil høgst sannsynleg grunnlaget for storlaks bli borte når sommarvassføringa vil liggja på rundt 10 m3/sek (Sjå Fleming og Einum 2011). Totalt vert potensialet for laks- og aurebestanden i Opo negativt påverka om SKL får medhald til utbygging.

Skulle konklusjonen likevel bli at Opo kan byggjast ut, trass i dei negative fylgjene dette har for laks- og sjøaurebestanden i vassdraget, bør minstevassføringa i alle fall setjast slik at elvelaupet vert fylt med vatn gjennom heile sommaren, og med ei vassføring som i tillegg gjev gode tilhøve for oppvandra gytefisk. Eit tredje moment vil vera omsynet til sportsfisket. Ved låge vassføringar vil for det fyrste oppvandringa frå sjøen bli hindra eller forseinka, og for det andre vil utøvinga av fisket bli svært avgrensa av for lite vatn. Skal Opo framstå som ei elv om sommaren, bør det også av landskapsmessige grunnar bli vesentleg større

vassføringar frå mai til november enn det SKL har gjort framlegg om.

Konklusjon: Av omsyn til produksjonsareal, opphaldsareal og –vassvolum for vaksen fisk, for

oppvandring frå sjøen, og for utøving av fiske, bør sommarvassføringa liggja langt høgare enn 10 m3/sek, dvs. med ei medelvassføring på rundt 40 m3/sek.

Ei vassføring på omkring 40 m3/sek kan sikra ei framtid for storlaksen i Opo som har vore i elva heilt frå den tida Opo vart danna ved landhevinga etter siste istid (Borgstrøm 2017b). Sommarvassføringa bør med andre ord verta større enn det som er naudsynt for smoltproduksjonen. Suldalslågen er eit nærliggjande

laksevassdrag som er eit godt døme på at vassføringsregimet er fastsett av omsyn til laksen i elva (Fig. 13).

Her vert reglementet følgt til punkt og prikke, med ei sommarvassføring som ligg mellom vel 40 og vel 70 m3/sek (Fig. 13), og med enkelte episoder der vassføringa kjem opp i over 200 m3/sek vår og haust.

Fig. 12. Stort tørrlagd areal på

partiet nedanfor Ivarshølen. På denne strekninga kan det godt tenkjast at det særleg på vestsida er eit ‘hyporeisk rom’ som har ein stor ‘reserve’ av elvelevande insekt. Denne ‘reserven’ kan i periodar koma ungfisk av laks og aure i Opo til gode. Ved låg vassføring blir det ‘hyporeiske romet’ permanent redusert.

(16)

16

Oppsummerande vurderingar

Vassføringa i Opo mellom 16. juni og 31. oktober har i medel vore 60,9 m3/sek for åra 2000 - 2014, dvs. ein himmelvid skilnad frå den minstevassføringa vi stort sett ville hatt etter SKL sitt framlegg. Ut frå

vassføringane i femtenårsperioden 2000-2014 ville det i tidsromet 16. juni til 31. oktober i medel ha vore 97 dagar kvart år (dvs. 70 % av tida) med vassføring på maksimalt 10 m3/sek med ei utbygging etter SKL sin søknad. Det vil vera variasjonar mellom år, men vassføringa for eit tilfeldig år (2006) illustrerer godt korleis vassføringa i mange somrar (og resten av året) vil vera med og utan kraftutbygging (Fig. 14).

SKL kallar utbyggingsprosjektet sitt ‘Opo flaumkraftverk’, og neppe nokon ville ha vore imot denne utbygginga om det berre var snakk om eit kraftverk som skulle køyrast på flaumvatn, men som det framgår av søknaden, vil den planlagde drifta av kraftverket medføra at det i store delar av året vert kun

minstevassføringar att i elva. Dette vil føra til store økologiske konsekvensar, i tillegg til redusert landskapsmessig kvalitet.

Storlakselvar har sommarvassføringar på over 40 m3/sek i medel. Det er difor høgst tvilsamt om storlaksen som Opo har vore kjend for, på lengre sikt vil overleva om det vert utbygging etter planane til SKL. I tillegg vil fisket på restbestandar av sjøaure og smålaks bli sterkt hindra av for liten sommarvassføring.

Forundersøkelsen som er gjennomført av Sweco er svært mangelfull, og gjev ikkje noko grunnlag for å vurdera evt. innverknader på biologiske tilhøve i Opo ved endra vassføringsregime, og på fiskebestandane i Sandvinsvatn mellom anna som fylgje av massedeponi i vatnet.

Odda kommune har heilt til det siste framheva den store landskapsmessige verdien elvane og fossane i Opovassdraget representerer, og brukt dette i marknadsføringa av kommunen. Forsida på ei brosjyre Odda kommune gav ut for nokre år sidan er eit godt døme på at Opo har framstått som eit sentralt element i Oddalandskapet (Fig. 15). Det blir ikkje mange dagar vi får sjå elva slik som vist på biletet i denne brosjyra, om SKL får godkjent utbyggingsplanen.

Fig. 13. Vassføringa i Suldalslågen ved Stråpa 1.1.2015 – 31.12.2017 (Frå Sildre.nve.no)

(17)

17 0

50 100 150 200 250

Dagl eg v ass før in g (m3/ sek)

Vassføring i Opo i 2006, etter SKL sitt framlegg

0 50 100 150 200 250

Dagleg vassføring (m3/sek)

Vassføring i Opo, 2006

Fig. 15. Forside på brosjyre utgjeve av Odda kommune (udatert)

Fig. 14. Dagleg vassføring slik den ville ha vore i 2006 om Sunnhordland Kraftlag hadde fått bygd ut ifylgje søknaden frå november 2017 (øvst), og observert dagleg vassføring i Opo i 2006 (nedst)(Data etter Sildre.nve.no)

(18)

18 Med støtte i NVE sine modelleringar har SKL framheva at det i framtida må reknast med auka vassføring i Opo. Om det skulle slå til, betyr det at minstevassføringa i perioden mai-november kunne aukast vesentleg samanlikna med SKL sitt framlegg til minstevassføring, utan at produksjonen i kraftverket på årsbasis vert vesentleg lågare enn det SKL no reknar med.

I regi av NVE er Opo i dag utforma for å kunna ta imot vassføringar på kanskje opp mot tusen m3/sek, dvs.

vassføringar som ligg langt over det som hittil har vore registrert i vassdraget i dei godt og vel hundre åra NVE har hatt vassføringsmålingar. Dersom SKL får konsesjon for utbygging, vil den planlagde

‘flaumtunnelen’ ta unna 500 m3/sek. ‘Flaumtunnelen vil uansett ha liten effekt på vassføring/vasstand i Storelva ved Hildal og lengre oppover i vassdraget. Dei store skadane som kom både på riksveg 13 og på bustadar og bøar på strekninga Grønsdal – Hildal i oktober 2014 vil difor verta for småtteri å rekna om vassføringar på 1000 m3/sek eller meir skulle bli ein realitet. Kjem det slik storflaumar, kjem dei dessutan ikkje berre i Opovassdraget, men i ‘alle’ vassdrag i Hardanger. Skadane i ei uregulert Opo vil under slike tilhøve bli små samanlikna med skadar i alle dei andre vassdraga i Hardanger, og skadar på grunn av jord-, steinras og snøskred som fylgjer med store nedbørmengder. Skulle tiltak setjast inn for å redusera risiko for tap av liv og helse, burde dei verta retta inn på å redusera fåre for flaum i andre elvar, jord- og steinras og snøskred i kommunen, enn fjerning av vatn frå Opo. Uavhengig av kraftutbygging, kunne tiltak rundt Storelva ved Sandvin setjast inn for å hindra overfløyming av jordbruksareal og innsig av vatn i hus og kjellarar.

Forslaget om bygging av eit smoltanlegg i tilknyting til kraftstasjonen har ikkje noko med behandlinga av søknaden frå SKL, men den har vore brukt politisk som døme på at det vert ein ekstra auke i sysselsettinga i Odda om kraftutbygginga blir ein realitet. Det planlagde smoltanlegget skal bruka avlaupsvatn frå

kraftstasjonen, og dermed reiser spørsmålet seg om kor anlegget skal få vatn frå i dei periodane av året kraftstasjonen ikkje er i drift. Det vil sei i dei tidsroma den naturlege vassføringa frå Sandvinvatn vert mindre enn minstevassføringa, og kraftverket må stoppa si køyring.

Konklusjon

Utbygging av Opo som til no har vore freda mot vasskraftutbygging, vil gje store kostnadar for

fiskebestandane i eOpo, ein tapt storlaksbestand, og sterkt redusert landskapsverdi i ein sentral del av Odda. I tillegg kan det bli negative fylgjer for fiskebestandane i Sandvinvatn ved deponering av tunnelmassar i nordenden av vatnet, og dessutan risiko for helseskadelege effektar for dei som utnyttar sjøfisk med høge kvikksølvkonsentrasjonar som fylgje av frigjeving av lagra kvikksølv i havnebassenget.

Ei godkjenning av kraftutbygging i Opo etter SKL sitt forslag vil vera i strid med Europaparlamentet og - rådets direktiv om vasspolitikken i EU (EU sitt vassdirektiv 2000/60/EC) som har som hovudmål å sikra vern og bærekraftig bruk av vassmiljøet, der det vert presisert at det om naudsynt skal setjast inn

førebyggjande eller forbetra tiltak for å sikre miljøtilstanden i ferskvatn, grunnvatn og kystvatn. Det er vanskeleg å sjå at måla i direktivet kan oppfyllast for Opovassdraget og for Sørfjorden om NVE og departement gir grønt lys for utbygging, både med omsyn til fisk og akvatisk miljø i vassdraget og med omsyn til forureiningstilstanden i Sørfjorden. Utbygginga vil òg vera i strid med Lov om naturmangfald, og i strid med lakseforvaltinga NASCO står for, ein organisasjon Noreg er medlem av og forplikta til å følgja råd frå.

For å redusera skadane i Opo om det likevel skulle bli ei utbygging, bør vassføringane fastsetjast etter mønster frå vassføringsregimet i Suldalslågen. Det vil i så fall bety ei mangedobling av

(19)

19 sommarvassføringane samanlikna med SKL sitt framlegg, til ei minstevassføring som sikra storlaksen, dvs.

på minst 40 m3/sek. Ei evt. forureining i fjorden vil på den andre sida ikkje bli mindre om vassføringa i ei regulert Opo vert auka, fordi kraftverket i periodar vil køyra med full produksjon, og tidvis vil store flaumvassføringar bli leda til tunnel med utlaup i Kleivavika.

Referansar

Barlaup, B. T. (red.) 2018. Redningsaksjonen for Vossolaksen – framdriftsrapport per 2017. LFI, Bergen.

Rapport nr 300. Uni Research Miljø LFI, Bergen. ISSN-1892-889 LFI-rapport nr: 300.

Boliden AS 2017. Uttalelse fra Boliden Odda AS: SAK: Opo og Sandvinsvatnet – flomsikring og kraftverk. Saksnummer 201606897. NVE Høyringsarkiv Opo.

Borgstrøm, R. 2016. Kraftutbygging i Opo – miljøeffektar og alternative løysingar. INA Fagrapport 34.

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Ås. ISSN: 1891-2281.

Borgstrøm, R. 2017a. Melding om kraftutbygging i Opo, Høyringsvar til NVE. Fakultet for miljøvitskap og naturforvalting, NMBU, Ås. Sendt NVE i februar 2017.

Borgstrøm, R. 2017b. Fisk og fiske i Sandvinvatnet. Odda i Manns Minne 26: 101-108. Odda Mållag, Odda.

Borgstrøm, R. og Skaala, Ø. 1993. Size-dependent catchability of brown trout and Atlantic salmon parr by electrofishing in a low conductivity stream. Nordic Journal of Freshwater Research 68: 14-21.

Borgstrøm, R. og Skaala, Ø. 1999. Betydning av lange tidsseriar i forvaltingsrelatert havbruksforskning:

Sjøaure i Hardangerfjorden – Årlege svingingar i antal og vekst hos parr og vekst hos postsmolt.

Fisken og Havet nr. 11 (1999).

Fleming, I. A. og Einum, S. 2011. Reproduction ecology: A tale of two sexes. S. 33-65 i: Aas, Ø., Einum, S., Klemetsen, A. og Skurdal, J. (red.), Atlantic salmon ecology. Wiley-Blackwell, UK.

Fleming, I. A., Hindar, K., Mjølnerød, I. B., Jonsson, B., Balstad, T. og Lamberg, A. 2000. Lifetime success and interactions of farm salmon invading a native population. Proceeding of the Royal Society B 267:1517-1523.

Hansen, L.P. 1987. Laks. S. 50 - 66 i: Borgstrøm, R. og Hansen, L.P. (red.), Fisk i ferskvann Økologi og ressursforvaltning. Landbruksforlaget, Oslo.

Haugen, T. O., Kristensen, T., Nilsen, T. O. og Urke, H. A. 2017. Vandringsmønsteret til laksesmolt i Vossovassdraget med vekt på detaljert kartlegging av åtferd i innsjøsystema og effektar av miljøtilhøve. MINA fagrapport 41.

Haugen, T. O., Ulvund, J.B., Lunde, R., Kristensen, T., Barlaup, B.T. & Urke, H. A. 2016.

Vandringsmønster og overleving hjå laksesmolt frå Bolstadelva og Vosso. - INA fagrapport 32.

Kålås, S. og Sægrov, H. 1996. Laks og sjøaure i Opovassdraget, Odda kommune. Rapport nr. 214.

Rådgivende Biologer AS.

Lillehammer, A. 1973a. An investigation of the food of one to four month old salmon fry (Salmo salar L.) in the River Suldalslågen. Norwegian Journal of Zoology 21: 17 – 24.

Lillehammer, A. 1973b. Notes on the feeding relationships of trout (Salmo trutta L.) and salmon (Salmo salar L.) in the River Suldalslågen, West Norway. Norwegian Journal of Zoology 21: 25 – 28.

(20)

20 Lillehammer, A. og Saltveit, S. J. 1979. Stream regulation in Norway. Side 201-213 i: Ward, J. V. og

Stanford, J. A. (red.). The ecology of regulated streams. Plenum Press, New York.

McGinnity, P., Stone, C., Taggart, J.B., Cooke, D., Cotter, D., Hynes, R., McCamley, C., Cross, T., og Ferguson, A. 1997. Genetic impact of escaped farmed Atlantic salmon (Salmo salar L.) on native populations: use of DNA profiling to assess freshwater performance of wild, farmed, and hybrid progeny in a natural river environment. ICES J. Mar. Sci. 54(6): 998–1008.

Ohm, O. 1971. Opo før og nå. S. 15-26 i: Risvold, R. (red.). Vårt ansvar i naturen. Odda Jakt- og Fiskelag, Odda.

Ohm, O. (red.) 1985. Et resymé over foreningsarbeid i 60 år. Odda Jakt- og Fiskelag, Odda.

Otterå, H., Skilbrei, O., Skaala, Ø., Boxaspen, K., Aure, J., Taranger, G. L., Ervik, A. og Borgstrøm, R.

2004. Hardangerfjorden - produksjon av laksefisk og effekter på de ville bestandene av laksefisk.

Fisken og Havet nr. 3 (2004). ISSN 0071 – 5638.

Rosseland, B. O. og Lydersen, E. 1997. Vurdering av årsak til fiskedød i Opo, Odda kommune, januar 1996. Norsk Institutt for vannforskning Rapport 3704-97. ISBN 82-577-3270-2.

Ruus, A., Schaanning, M. T., Iversen, E. R., Øknevad, S. og Røyset, O. K. 2013. Kvantifisering av tungmetalltilførsler i indre del av Sørfjorden, Hardanger. NIVA Rapport L.Nr 6453-2013.

Saltveit, S. J. og Heggenes, J. 2000. Fisk i rennende vann – Miljø og produksjonsforhold. S. 21-37 i:

Borgstrøm, R. og Hansen, L. P. (red.), Fisk i ferskvann Et samspill mellom bestander, miljø og forvaltning. Landbruksforlaget, Oslo.

Skaala, Ø., Glover, K. A:, Barlaup, B. T., Svåsand, T., Besnier, F., Hansen, M. M. og Borgstrøm, R. 2012.

Performance of farmed, hybrid, and wild Atlantic salmon (Salmo salar) families in a natural river environment. . Can. J. Fish. Aquat. Sci. 69: 1994–2006.

Skoglund, H., Rugeldal Sandven, O., Barlaup, B.T., Wiers, T., Lehmann, G.B. og Gabrielsen, S.E. 2009.

Gytefisktellinger i elver i Nordhordland, Hardanger og Ryfylke 2004-2008 - bestandsstatus for villfisk og innslag av rømt oppdrettslaks. LFI – Unifob Rapport nr. 163.

Stanford, J. A. og Ward, J. V. 1988. The hyporeic habitat of river ecosystems. Nature 335: 64-66.

Stanford, J. A: Ward, J. V. og Ellis, B. K. 1994. Ecology of the alluvial aquifers of the Flathead River, Montana (USA). S. 367-390 i: Givert, J., Danielo, D. L. og Stanford, J. A: (red.), Groundwater Ecology. Academic Press, San Diego, USA.

Thorstad, E.B. & Finstad, B. 2018. Impacts of salmon lice emanating from salmon farms on wild Atlantic salmon and sea trout. NINA Report 1449: 1-22.

(21)

21

Vedlegg – Fotodokumentasjon av store laksar frå Opo. Det er ingen tvil om at Opo var (og er) ei storlakselv

Øvst til venstre: Forsida av jubileumsheftet ‘Vårt ansvar i naturen’ utgjeve av Odda jakt og Fiskelag i 1971, pryda med foto av Magnus Solheim med eit prakteksemplar teke i Opo Øvst til høgre: Olav Haugland med laks på 26 kg teke i Opo i 1925

Nedst: Ola H. Espeland og Per Oppedal frå Odda jakt- og fiskelag med stor hanlaks frå Opo (Foto: Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum)

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Legeforeningen har i løpet av høsten 2018 og utover nyåret 2019 arbeidet med innspill til helse- og sykehusplanen og har blant annet engasjert Helseøkonomisk Analyse for å

tillatelseskapasiteten i alle produksjonsområdene. Departementet beslutter om og eventuelt hvordan eventuell usolgt kapasitet etter auksjonen skal tildeles. Det kan ikke vinnes

Det kan være hensiktsmessig å fastsette forskriften før dette og uten tall på hvor mye kapasitet som skal auksjoneres bort, og heller offentliggjøre hvor mye produksjonskapasitet

Det kan imidlertid spørres om det ikke også vil være behov regler som klargjør hvilke reaksjoner som kan være aktuelle dersom regelbrudd oppdages først etter at auksjonen

LO er opptatt av at oppdrettsnæringen, som fremdeles er en relativt "ny" næring i Norge og som fremdeles står overfor store utfordringer, som det krever god økonomi å løse,

Etter det vi kan se inneholder ikke forskriftsutkastet bestemmelser om utstedelse av eller eventuelt vedtak om tilsagn etter at auksjon er gjennomført og volumet er avklart

Dette gjelder i særlig grad systemet EVA Admin hvor nesten 75 prosent av både kommunene og fylkeskommunene oppgir at de er mer tilfreds med tilstanden i 2017 enn de var i 2015..

Legeforeningen har i løpet av høsten 2018 og utover nyåret 2019 arbeidet med innspill til helse- og sykehusplanen og har blant annet engasjert Helseøkonomisk Analyse for å