Talemål og livsverd
Ein aldersavgrensa populasjonsstudie blant ungdomar i Aurland i Sogn
Ingunn Stokstad
Masteravhandling ved
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Universitet i Bergen
Hausten 2007
Føreord
Å arbeida med dette prosjektet har vore ein lang og lærerik prosess. Mange har gitt meg råd og støtte under vegs. Nokre av dei vil eg spesielt nemna. Professor Gunnstein Akselberg har gitt meg raus fagleg rettleiing. Leiinga og lærarar ved Aurland barne- og ungdomsskule la til rette for at feltarbeidet kunne gjennomførast i skuletida. Dei nitten informantane deltok i undersøkinga med velvilje og stort alvor. Thor Andresen ved Aurland folkebibliotek har skaffa all faglitteraturen eg har trunge og gitt meg datateknisk hjelp. Lars Moland har lese korrektur. Takk til alle saman.
Det empiriske materialet som avhandlinga byggjer på, er transkribert og samla i eit eige hefte, Grunnlagsmateriale. Av omsyn til informantane sin anonymitet vert ikkje dette materialet gjort allment tilgjengeleg. Avhandlinga kan likevel lesast med fullt utbytte.
Aurland, november 2007 Ingunn Stokstad
”Sjølv den lengste reisa startar med det første steget”
(Kinesisk ordtak)
Kartet ovafor syner kor Aurland kommune ligg på Vestlandet. Kartutsnittet nedafor syner dei busette grendene i kommunen. Den oransje streken markerer Vangen krins der informantane bur.
INNHALD
1 INNLEIING ... 8
1.2 Kort presentasjon av avhandlinga...8
1.2 Motivasjon ...8
1.3 Perspektiv og metode ...9
1.4 Problemstilling ...9
1.5 Strukturering av oppgåva...10
1.6 Om aurlandssamfunnet ...11
1.7 Tidlegare studiar av talemålet i Aurland og Sogn...13
2 TEORETISK BAKGRUNN OG TILNÆRMING ... 15
2.1 Innleiing ...15
2.2 Sosiolingvistisk tradisjon...15
2.3 Språksamfunn ...17
2.4 Felttilnærming...19
2.5 Identitet...22
2.5.1 Personleg og sosial identitet... 22
2.5.2 Språk og identitet ... 23
2.5.3 Stad og identitet ... 24
2.5.4 Språkhaldningar og identitet ... 25
2.5.5 Haldningar i dei kulturelle felta... 27
2.6 Akkommodasjon ...28
2.7 Folkelingvistikk ...29
2.8 Foreldrebakgrunn ...31
2.9 Frå teori til metode...32
3 METODE OG FELTARBEID ... 33
3.1 Metode ...33
3.2 Val av informantar ...34
3.2.1 Utvalskriterium ... 34
3.2.2 Populasjonsstudie... 34
3.2.3 Representativitet, validitet og reliabilitet ... 35
3.3 Framgangsmåte ved den språklege undersøkinga ...35
3.3.1 Autentisk tale ... 35
3.3.2 Opptakssituasjon ... 36
3.3.3 ”The observer’s paradox”... 37
3.3.4 Ekserpering, transkripsjon og presentasjon av det språklege materialet ... 37
3.4 Endeleg utval av språklege variablar ...40
3.4.1 Lokaltilknytte og ikkje-lokaltilknytte språktrekk ... 40
3.4.2 Utvalsprinsipp ... 40
3.4.3 Språklege nivå ... 41
3.4.4 Undersøkte språklege variablar... 41
3.5 Presentasjon av kvar einskilt variabel ...42
3.5.1 Diftongen ao... 42
3.5.2 Differensiasjon av rn til dn og segmentasjon av ll til dl ... 43
3.5.3 Substantiv, fem. og mask., pluralmorfem i ubunden form ... 44
3.5.4 Infinitiv, endingsvokal... 44
3.5.5 Setningsmelodi, høgtone/lågtone ... 44
3.5.6 Personleg pronomen 1. person singularis, eg ... 45
3.5.7 Personleg pronomen 1. person pluralis, vi ... 45
3.5.8 Spørjeord med kv i framlyd... 45
3.5.9 Nektingsadverbet ikkje... 46
3.5.10 Kvantoren noko... 46
3.5.11 Vokalkvaliteten a/e i pronomenet/determinativen det... 46
3.6 Informantskjema og språklege registreringsvedlegg ...47
3.7 Innsamling av kulturelle bakgrunnsdata ...47
3.7.1 Halvstrukturerte livsverdintervju... 47
3.7.2 Intervjusituasjon ... 48
3.7.3 Transkripsjon av intervjua... 49
3.7.4 Felttilnærming og intervjugaid... 49
3.7.5 Kvantitativ handsaming av kulturelle bakgrunnsdata ... 50
3.7.6 Dei einskilte felta og tilleggsregistreringane i intervjugaiden... 51
3.8 Kvalitative informantportrett ...54
3.9 Foreldra sitt talemål ...54
3.10 Frå metode til presentasjon ...54
4 PRESENTASJON AV FUNNA... 55
4.1 Innleiing ...55
4.2 Presentasjon av språklege funn...55
4.2.1 Samla presentasjon ... 55
4.2.2 Samanlikning av realiseringane av dei ulike språklege variablane ... 56
4.3 Kvar einskilt variabel...58
4.3.1 Personleg pronomen 1. person singularis, eg ... 58
4.3.2 Kvantoren noko... 58
4.3.3 Spørjeord med kv i framlyd... 59
4.3.4 Nektingsadverbet ikkje... 59
4.3.5 Substantiv, fem. og mask, pluralmorfem i ubunden form ... 59
4.3.6 Setningsmelodi, høgtone/lågtone ... 60
4.3.7 Vokalkvaliteten a/e i pronomenet/determ. det i framskoten posisjon ... 60
4.3.8 Infinitiv, endingsvokal... 61
4.3.9 Personleg pronomen 1. person pluralis, vi ... 61
4.3.10 Diftongen ao... 62
4.3.11 Differensiasjon av rn til dn og segmentasjon av ll til dl... 62
4.4 Presentasjon av informantane si deltaking i dei kulturelle felta ...63
4.5 Relasjonen mellom språklege og kulturelle data ...65
4.5.1 Relasjonen mellom språklege data og dei samla kulturelle funna ... 65
4.6 Informantane og foreldra deira sitt talemål...67
4.7 Informantportrett ...70
4.7.1 Bjørn ... 71
4.7.2 Rune ... 73
4.7.3 Hans... 74
4.7.4 Øyvind... 76
4.7.5 Vidar... 77
4.7.6 Magne ... 79
4.7.7 Hilde ... 81
4.7.8 Sigurd... 82
4.7.9 Frøydis ... 84
4.7.10 Terje... 85
4.7.11 Lisa ... 87
4.7.12 Morten... 88
4.7.13 Stein... 89
4.7.14 Guro ... 90
4.7.15 Eirik ... 92
4.7.16 Ragnar ... 94
4.7.17 Bjarte... 95
4.7.18 Kari... 96
4.7.19 Silje ... 97
4.8 Samandrag av informantportretta og livsverdintervjua ...99
4.8.1 Den intersubjektive livsverda ... 99
4.8.2 Frå presentasjon til drøfting ... 100
5 ANALYSE OG DRØFTING ... 101
5.1 Innleiing ...101
5.2 Tendensar og mønster i språkundersøkinga...101
5.2.1 Talemålssituasjonen i populasjonen i Aurland ... 101
5.2.3 Variabelanalyse ... 102
5.2.3.1 Personleg pronomen 1. person singularis, eg... 102
5.2.3.2 Kvantoren noko ... 103
5.2.3.3 Spørjeord med kv i framlyd ... 103
5.2.3.4 Nektingsadverbet ikkje ... 104
5.2.3.5 Substantiv, fem. og mask., pluralmorfem i ubunden form... 104
5.2.3.6 Setningsmelodi ... 105
5.2.3.7 Vokalkvaliteten a/e i pronomenet/determinativen det ... 106
5.2.3.8 Infinitiv, endingsvokal ... 106
5.2.3.9 Personleg pronomen 1. person pluralis, vi... 107
5.2.3.10 Diftongen ao ... 107
5.2.3.11 Differensiasjon av rn til dn og segmentasjon av ll til dl ... 108
5.3 Relasjonane mellom talemålet og ekstralingvistiske faktorar ...108
5.3.1 Relasjonen mellom talemålet og deltakinga i kulturelle felt ... 108
5.3.2 Kritisk vurdering av den metodiske tilnærminga i livsverdundersøkinga... 109
5.3.3 Relasjonen mellom ungdomane sitt talemål og foreldra sitt talemål ... 110
5.3.4 Talemålsrealisering og språkleg og geografisk identitet ... 110
5.3.5 Språket som identitetshandling... 112
5.3.6 Haldningar til talemål generelt og aurlandsdialekten spesielt ... 114
6 OPPSUMMERING... 117
6.1 Resultatet i høve til problemstillinga...117
6.1.1 Talemål og livsverd målt gjennom deltaking i kulturelle felt ... 117
6.1.2 Talemål og språkleg foreldrebakgrunn ... 117
6.1.3 Talemål og eksplisitt uttrykt språkleg og geografisk identitet ... 118
6.2 Avslutningsvise refleksjonar om vidare forsking...118
SAMANDRAG... 120
LITTERATURLISTE ... 122
Vedlegg 1–7, språklege realiseringar ... 126
Vedlegg 1: Språklege realiseringar, samla oversyn ...126
Vedlegg 2: Realisering av spørjeord med k i framlyd ...127
Vedlegg 3: Realisering av spørjeord med v i framlyd ...128
Vedlegg 4: Realisering av av fem. og mask. substantiv i plur., ub...129
Vedlegg 5: Realisering av infinitivsformer ...130
Vedlegg 6: Realisering av apokoperte infinitivsformer av å vera ...131
Vedlegg 7: Realisering av dift. ao, og differens. og segm. former ...132
Vedlegg 8–26, informantskjema ... 133
Vedlegg 8: Språkleg informantskjema, Bjarte ...133
Vedlegg 9: Språkleg informantskjema, Bjørn ...134
Vedlegg 10: Språkleg informantskjema, Eirik...135
Vedlegg 11: Språkleg informantskjema, Frøydis...136
Vedlegg 12: Språkleg informantskjema, Guro...137
Vedlegg 13: Språkleg informantskjema, Hans ...138
Vedlegg 14: Språkleg informantskjema, Hilde ...139
Vedlegg 15: Språkleg informantskjema, Kari ...140
Vedlegg 16: Språkleg informantskjema, Lisa ...141
Vedlegg 17: Språkleg informantskjema, Magne...142
Vedlegg 18: Språkleg informantskjema, Morten ...143
Vedlegg 19: Språkleg informantskjema, Ragnar...144
Vedlegg 20: Språkleg informantskjema, Rune ...145
Vedlegg 21: Språkleg informantskjema, Sigurd ...146
Vedlegg 22: Språkleg informantskjema, Silje...147
Vedlegg 23: Språkleg informantskjema, Stein ...148
Vedlegg 24: Språkleg informantskjema, Terje ...149
Vedlegg 25: Språkleg informantskjema, Vidar ...150
Vedlegg 26: Språkleg informantskjema, Øyvind ...151
Andre vedlegg... 152
Vedlegg 27: Intervjugaid ...152
Vedlegg 28: Brev til elevar i 10. klasse på ABU ...154
Vedlegg 29: Løyve frå NSD ...155
Vedlegg 30: Teikneoppgåve ...156
Figurliste Figur 1: Prosentvis fordeling av variantar på variabelnivå...55
Figur 2: Realiseringar av lokaltilknytte og ikkje-lokaltilknytte språktrekk...56
Figur 3: Språklege realiseringar på informantnivå...57
Figur 4: Informantane grupperte i tre ulike talemålskategoriar ...58
Figur 5: Personleg pronomen 1. person singularis, eg...58
Figur 6: Kvantoren noko ...58
Figur 7: Spørjeord med kv i framlyd...59
Figur 8: Nektingsadverbet ikkje ...59
Figur 9: Substantiv, fem. og mask., pluralmorfem i ubunden form ...59
Figur 10: Setningsmelodi...60
Figur 11: Vokalkvaliteten a/e i pronomenet/determ. det i framskoten posisjon...60
Figur 12: Infinitiv, endingsvokal ...61
Figur 13: Personleg pronomen 1. person pluralis, me ...61
Figur 14: Diftongen ao ...62
Figur 15: Differensiasjon av rn til dn og segmentasjon av ll til dl ...62
Figur 16: Deltaking i kulturelle felt og tilleggsregistrering ...63
Figur 17: Lokalforankra/ikkje-lokalforankra handlingar/haldningar ...64
Figur 18: Lokalforankra handlingar/haldningar i kulturelle felt, diagram ...65
Figur 19: Lokaltilknytte språkleg realisering og lokalforankra deltaking i prosent ...66
Figur 20: Lokaltilknytte språklege realiseringar og lokalforankra deltaking, diagram ...67
Figur 21: Talemålet til informantane og foreldra deira...68
Figur 22: Informantane sorterte etter foreldra sine talemål, diagram...69
Figur 23: Realiserte lokaltilknytte variantar hjå 15 informantar, gruppering ...69
Figur 24: Seks informantar som har éin forelder med austlandsdialekt, diagram ...70
Figur 25: Tre informantar som har éin forelder med trøndelagsdialekt, diagram ...70
Figur 26: Språkleg og kulturell identitet hjå seks informantar ...111
Figur 27: Språkleg og kulturell identitet hjå tre informantar ...111
1 INNLEIING
1.2 Kort presentasjon av avhandlinga
Denne masteravhandlinga er ein studie av talemålet til ein ungdomspopulasjon i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Målet med studien er å utforska relasjonen mellom ungdomane sitt talemål og korleis dei konstituerer livsverda si. Eg har teke utgangspunkt i Gunnstein Akselberg sin påstand: ”Eg meiner at menneska sin måte å konstituera livsverda si på òg styrer deira bruk av språket” (Akselberg 1995). Populasjonen som eg har undersøkt, er dei elevane som gjekk i 10. klasse ved Aurland barne- og ungdomsskule vinteren 2005/2006 og som var busette i Vangen krins, sentrumskrinsen i kommunen. Under pkt. 3.2.2 forklarer eg nærare korleis eg definerer omgrepet populasjon. Det empiriske materialet består av to delar;
ein språkleg del der eg undersøkjer ungdomane sitt talemål og ei kulturell bakgrunnsundersøking der eg prøver å få innsyn i korleis ungdomane konstituerer livsverda si. Eg har òg registrert foreldra sitt talemål som ein del av bakgrunnsundersøkinga. Under pkt.
1.4 forklarer eg kort omgrepet livsverd, og under pkt. 2.4 gjer eg greie for noko av det teoretiske rammeverket rundt dette omgrepet.
1.2 Motivasjon
I 25 år har eg som vaksen budd og arbeidd i Aurland. Der har eg delteke både i sosiale og kulturelle samanhengar, ofte i lag med barn og ungdom. I løpet av desse åra har eg merka meg mangfaldet og variasjonen i talemåla som blir brukte i Aurland. Det er ikkje gjort noko vitskapleg gransking av talemålsituasjonen i Aurland dei siste tretti åra, men eg har erfart det sosiale samfunnet i Aurland som heterogent språkleg sett, sjølv om den lokale tradisjonelle dialekten dominerer. Ulike varietetar lever side om side, møtest og fungerer effektivt i kommunikasjonen mellom folk. Barna som veks opp saman, samhandlar sosialt mellom anna ved språkleg interaksjon. Dei vert heile tida eksponerte for ulike talemålsvarietetar, og har tilsynelatande fleire val både på fonologisk, morfologisk, leksikalsk og prosodisk nivå når dei sjølv skal produsera tale.
I utgangspunktet bygde kunnskapen min om talemålet i Aurland på tilfeldig og usystematisk observasjon. Eg har observert talemålet til ungdomane i populasjonen frå dei var småbarn og merka meg at det har endra seg gjennom oppveksten. Dei har ulik språkpraksis i høve til den tradisjonelle lokale varieteten, og det ser ikkje ut til at det er berre foreldra sitt talemål som er avgjerande for korleis dei snakkar. Motivet for masterprosjektet er difor å
granska vitskapleg korleis ei gruppe ungdomar i Aurland snakkar og freista å forstå og forklara kvifor dei snakkar slik dei faktisk gjer.
1.3 Perspektiv og metode
Sosiolingvistikk kan definerast som ”the study of language in relation to society” (Hudson 1996:1). Studieobjektet er altså språket som sosialt fenomen i samfunnet. Grovt skissert kan forskaren ha eitt av to perspektiv. Ho/han kan enten sjå på språket som sosialt fenomen som må studerast med utgangspunkt i språksamfunnet slik som t.d. William Labov og Lesley Milroy har gjort, eller ho/han kan meina som Richard A. Hudson at språket som sosialt fenomen må studerast med utgangspunkt i språkbrukaren (Hernes 2005:145–146). I denne masteravhandlinga har eg gjort som Hudson, eg har teke utgangspunkt i individet som språkbrukar. Eg studerer ikkje talemålssituasjonen i Aurland i eit variasjons- eller endringsperspektiv i høve til aurlandsdialekten. Studieobjektet er talemålet som individa i populasjonen realiserer i interaksjon. Språkbruken deira har eg kartlagt gjennom transkriberte lydopptak av samtalar som ungdomane parvis hadde seg i mellom. Målet er å presentera talemålssituasjonen blant ungdom i Aurland og å utforska relasjonen mellom talemålet til individa i populasjonen og korleis dei opplever og tolkar livsverda eller kvardagsverda si (jf.
pkt. 1.4. Problemstilling). Eg nyttar ikkje sosial klasse eller nettverk som sosial parameter.
Ungdomane si livsverd har eg undersøkt ved å gjennomføra kvalitative livsverdintervju med kvar einskilt av dei. Livsverd er eit komplekst omgrep. Kort forklart er eit menneske si livsverd eit uttrykk for korleis det, medvite eller umedvite, forstår omverda. Individet lever i ei intersubjektiv verd som vert ”konstituert gjennom samspel og gjensidig korrektur mellom dei individa som lever i henne” (Akselberg 1995:68). Livsverda vert såleis skapt ved kommunikasjon. Sjå pkt.3.7.5.
I studien kombinerer eg kvantitativ og kvalitativ metode, og eg har ei hermeneutisk tilnærming til det informantane fortel om livsverda si i intervjua. Eg legg vekt både på mine eigne observasjonar og informantane sine røynsler og oppfatningar av språket og den sosiale røyndomen.
1.4 Problemstilling
Problemstillinga mi er å undersøkja relasjonen mellom ungdomane sitt talemål og korleis dei konstituerer livsverda si. Med relasjon meiner eg samanheng av kvalitativ og kvantitativ art.
Hovudproblemstillinga for avhandlinga er:
• I kva grad er det samanfall mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og å konstituera ei lokalt orientert livsverd hjå ungdomane?
I det språklege datamaterialet har eg undersøkt realiseringane av utvalde språklege variablar.
Eg har gruppert desse variantane i to kategoriar; a) lokaltilknytte språklege variantar og b) ikkje-lokaltilknytte språklege variantar. Gjennom informantintervjua freistar eg å få innblikk i relevante delar av den intersubjektive verda til ungdomane og å få fram i kva grad denne verda er lokalt orientert. Frå denne bakgrunnsundersøkinga har eg analysert handlingar og haldningar som ungdomane rapporterer om og trekt ut nokre representative handlingar/haldningar (jf. pkt. 3.7). Desse har eg delt inn i følgjande to kategoriar; a) lokalforankra handlingar/haldningar og b) ikkje-lokalforankra handlingar/haldningar. Eg undersøkjer først om det er nokon kvantitativ samanheng mellom a) realisering av lokaltilknytte språklege variantar og lokaltilknytte handlingar/haldningar og b) realisering av ikkje-lokaltilknytte variantar og ikkje-lokaltilknytte handlingar/haldningar hjå informantane.
Deretter supplerer eg den kvantitative delen av undersøkinga med kvalitative data både frå språkundersøkinga og livsverdintervjua. Då får eg fram både den intraindividuelle språklege variasjonen og ei djupare framstilling av kvar einskilt si livsverd (jf. pkt. 4.7).
I tillegg vert to andre problemstillingar undersøkte og drøfta:
• Foreldra er vanlegvis den primære sosialseringsinstansen for eit barn. Fleire av ungdomane i undersøkinga har foreldre som ikkje realiserer eit lokaltilknytt talemål. I kva grad realiserer desse ungdomane sjølv lokaltilknytte talemålsvariantar?
• Er det nokon samanheng hjå ungdomane som er nemnde i punktet ovafor, mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og å uttrykkja ein ekstralingvistisk lokalforankra språkleg og geografisk identitet?
1.5 Strukturering av oppgåva
I kap. 2 Teoretisk bakgrunn og tilnærming gjer eg greie for ulike sosiolingvistiske teoriar som er relevante for undersøkinga og problemstillinga. Eg set òg undersøkinga inn ein fagleg samanheng ved å visa til ulike nyare sosiolingvistiske studiar. I pkt. 2.4 Felttilnærming gjer eg elles nærare greie for korleis eg operasjonaliserer livsverdomgrepet. I kap. 3 Metode og
feltarbeid gjer eg greie for innsamlinga av kulturelle og språklege data og utvalet av språktrekka som eg har undersøkt hjå informantane. Der gjer eg òg greie for den metodiske tilnærminga eg har valt. Dei språklege og kulturelle funna og informantane sin språklege foreldrebakgrunn vert presenterte i kap. 4 Presentasjon av funna. Der portretterer eg òg kvar informant (jf. pkt. 4.7 Informantportrett). Eg analyserer, drøftar og tolkar dei kvantitative og kvalitative funna i kap. 5 Analyse og drøfting. I kap. 6 Oppsummering samlar eg trådane, peikar på undersøkinga sin overføringsverdi og reflekterer over vidare forsking.
Transkripsjonar av informantane sine parvise samtalar og intervjua eg gjorde med kvar einskilt, er samla i eit eige hefte, Grunnlagsmateriale. Som vedlegg til sjølve avhandlinga er eit informantskjema for kvar av ungdomane som syner korleis dei realiserer dei ulike variablane (jf. vedlegg 8–26). Sjølv om materialet er anonymisert ved at namna på ungdomane er fiktive, inneheld dei transkriberte tekstane så mange personopplysningar at tekstane i Grunnlagsmateriale ikkje vert gjort tilgjengelege for ålmenta.
1.6 Om aurlandssamfunnet
Aurland er ein liten kommune inst inne i ein fjordarm av Sognefjorden søraust i Sogn og Fjordane. Geografisk sett ligg kommunen relativt isolert til mellom høge fjell med grense både til kommunar i Hordaland og Buskerud. I 1860-åra fekk delar av kommunen vegsamband til Voss då vegen frå Gudvangen opp Stalheimskleivi til Vossestrand blei bygd. I 1940 var Flåmsbana, ei sidebane til Bergensbana, ferdig etter 20 års anleggsarbeid. Likevel har ikkje Aurland vore ei avstengd bygd i eldre tider. Gjennom kommunen går gamle ferdselsvegar mellom Sogn, Hallingdal, Hardanger og Voss, og fjorden har i hundrevis av år vore ferdselsåra mellom kommunen og resten av Sogn og kystdistrikta.
I 1969 begynte ei omfattande vasskraftutbygging i kommunen med ein anleggsperiode på nesten 15 år. Då skjedde det ei radikal endring i kommunikasjonsmønsteret med omverda.
Nye vegar blei bygde, og anleggsarbeidarar og andre fagfolk frå heile landet, med og utan familiar, kom flyttande til kommunen. Nokre av dei etablerte seg og busette seg for godt i kommunen. Folketalet steig med 13% på fire år frå 2053 innb. i 1969 til 2322 innb. i 1973 (http://www.ssb.no/emner/02/01/folketellinger/). Innflyttarar har elles komme til kommunen i mindre målestokk i samband med bygging av Flåmsbana, arbeid i turistnæringa og i offentleg sektor og ved Sogn jord- og hagebruksskule. Dei siste tjue åra har folketalet minka jamt, og i dag bur det vel 1700 menneske i kommunen. Aurland kommune er no den største arbeidsgjevaren. Kommuneøkonomien er god, og ein har godt utbygde fellesgode som helsestell, kulturtilbod, grunnskule og barnehage.
Tidlegare var jordbruk og skoproduksjon hovudnæringsvegen i kommunen. Sommarturisme har òg vore næring i kommunen i over hundre år. Fjell og fiske var dei første attraksjonane.
Jordbruket er i dag ei relativt lita næring, men fjellet er framleis ein viktig ressurs. Den stadig aukande turismen er tufta på lokale jordbruks-, utmarks- og landskapsressursar, og det blir stadig stilt nye spørsmål lokalt om korleis desse ressursane best kan forvaltast. I fjellområda blir det lagt til rette for jakt, fiske, rekreasjon og beiting for husdyr i tillegg til turisme.
Flåmsbana er no den mest besøkte attraksjonen med ein halv million reisande kvart år. Dei bufaste i Aurland budde tidlegare spreidde i grender ved Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden og ikkje minst på høgdegardar i dei mange dalsidene. I dag bur dei fleste i området ved Aurlandsvangen eller i ei av dei mindre grendene i Flåm, Undredal, Vassbygdi eller Gudvangen.
Eg vil trekkja fram fire karakteristiske trekk ved aurlandssamfunnet. Det første er den relativt lange avstanden til andre nabobygder, tettstader og byar. Historisk sett har det vore tidkrevjande å reisa ut av kommunen. Dette har endra seg dei siste femten åra etter kvart som tunnelar har plassert Aurland sentralt langs stamvegen mellom Oslo og Bergen. Næraste tettstad blei Lærdal, ein halv times veg unna, etter at verdas lengste vegtunnel blei opna i 2000. Kommunikasjonen med resten av fylket blei då vesentleg betre. Mot vest blei reisevegen til Voss ferjefri ved vegutløysing for 15 år sidan og ligg no berre vel ein times køyring frå kommunesenteret, Aurlandsvangen. Likevel skjer den daglege yrkesmessige, sosiale og kulturelle deltakinga til folk framleis helst innan eigen kommune, sjølv om kontakten med Lærdal har auka i desse samanhengane etter at tunnelen blei ferdig.
I tillegg til at aurlandssamfunnet geografisk sett er relativt avgrensa frå andre bygder og tettstader, er det for det andre lite. Det er få innbyggjarar i kommunen. Slike samfunn er ofte kjenneteikna ved at nettverka mellom folk er multiplekse og har stor tettleik.
Innbyggjarane har fleire ulike roller i høve til kvarandre når dei samhandlar i det daglege.
Eit tredje karakteristisk trekk ved aurlandssamfunnet er vasskraftutbygginga. Den førte til ei omfattande tilflytting av folk og blei starten på ei modernisering av kommunen for om lag tretti år sidan (Selvik 1977). Omfanget kan ikkje samanliknast med industrialiseringa i t.d.
Høyanger, Odda eller Årdal, men det skjedde likevel ei stor samfunnsmessig endring i Aurland i løpet av utbyggingsperioden. Det er ikkje gjort noko vitskapleg gransking av talemålsutviklinga i Aurland slik som t.d. i Høyanger (Omdal 1977, Trudgill 1986, Solheim 2006), Odda (Sandve 1976) og Årdal (Bjørkum 1974), men ein lyt rekna med at den store tilflyttinga har påverka talemålet også i Aurland.
Det siste trekket eg vil nemna, er det lokale kollektive medvitet om heimstadnaturen som ein rikdom. Store delar av naturen i Aurland ligg under statleg vern, og i 2006 kom landskapet i Nærøyfjorden òg på UNESCO si verdsarvliste. Striden om fossefalla frå 1960-talet har no gått over til å bli ein kamp for å få forvalta landskapsressursane lokalt. Dei siste 20 åra har det vorte diskutert, utgreidd og sett i verk både lokal forvaltning og næringsverksemd tufta på desse ressursane. Mange av barna som veks opp i Aurland i dag har foreldre som er engasjerte i dette enten gjennom arbeid, politisk verksemd eller av interesse. Grunnskulen har òg heile tida vore engasjert i denne debatten, og elevane deltek kvart år i praktisk verksemd i kultur- og fjellandskapet. Det er i samfunnet eg kort har skissert her, at informantane i studien min har vakse opp, og det er i dette fysiske og mentale landskapet dei konstituerer kvardagsverda si. I det same samfunnet konstituerer òg eg mi eiga livsverd som forskar i denne undersøkinga.
1.7 Tidlegare studiar av talemålet i Aurland og Sogn
Det er ikkje gjort noko sosiolingvistisk undersøking av talemålet i Aurland tidlegare som eg kjenner til. Det er derimot gjort fleire dialektologiske granskingar av aurlandsdialekten. I 1926 gav språkgranskaren Amund B. Larsen ut Sognemålene (1926). Hovuddelen av dette verket er ei synoptisk eksempelsamling av lyd- og formverket i talemåla i bygdene i Sogn.
Talemålet i Aurland har sin plass i denne samlinga. Larsen reiste på granskingsferder for å studera målføra i heile landet. Han var effektiv og tok kontakt med rekruttar i militærleirar som han samtalte med og fekk opplysningar av. Larsen nytta difor få informantar frå kvar stad, og han oppsøkte ikkje alle samfunna som han kartla dialektologisk. Sjølv om han gjorde greie for språklege skilnader knytte til sosiale faktorar i skildringane sine av bymåla, studerte han hovudsakleg talemåla i eit diakront perspektiv utan å ta omsyn til den synkrone variasjonen.
George T. Flom (1871–1959) var lingvist og professor i skandinaviske språk og litteratur ved University of Illinois. Han var tredjegenerasjonsinnvandrar frå Aurland i USA.
Besteforeldra emigrerte, som dei første frå Aurland prestegjeld, i 1844 (opplysningar i e-post frå professor Svein Indrelid 27.09.07). Flom gav ut ei lang rekkje bøker og artiklar om språk og emigrasjon, mellom anna fleire publikasjonar om talemålet og stadnamna i Aurland (1915, 1944). Rolf Breisnes si hovudfagsoppgåve frå 1975 er ei omfattande dialektologisk framstilling av talemålet i Aurland med særleg vekt på formverk og ordbruk (1975). Breisnes gjorde oppteikningar ut frå samtalar og lydbandopptak med eldre innfødde aurlendingar i alle grendene i kommunen tidleg på 1970-talet. Han syner lokale språklege ulikskapar mellom
grendene og samanliknar aurlandsmålet med talemåla i grannedistrikta. Breisnes har sjølv vakse opp i Aurland.
Elles i Sogn har Andreas Bjørkum granska årdalsmålet og generasjonsskilnadene i indresognsmålet (1968, 1974). Ragnhild Haugen gjorde ei sosiolingvistisk undersøking av talemålet i Sogndal på 1990-talet (1997), og ho har seinare granska språket og språkhaldningane hjå ungdomar på same staden i ein dr.art.-studie (2004). I Ytre Sogn har Randi Solheim studert sosiolingvistiske utviklingsliner i industrisamfunnet Høyanger (2006).
Dette er òg ein dr.art.-studie. Sjølv om eg har ei anna metodisk tilnærming enn desse studiane, har dei gitt meg verdfull kunnskap både om talemåla generelt og talemål i kontekst spesielt.
2 TEORETISK BAKGRUNN OG TILNÆRMING
2.1 Innleiing
Kjernen i all sosiolingvistisk gransking er at det finst eit korrelasjonstilhøve mellom språklege variablar av ulik art, t.d. fonologiske, morfologiske og syntaktiske storleikar, og sosiale faktorar på ulike nivå, t.d. sosiale makro- og mikrostorleikar (Akselberg 1995:25).
Sosiolingvistar har nærma seg dette korrelasjonstilhøvet frå ulik synsstad og har nytta ulike forskingsmetodar for å granska relasjonen mellom språklege variablar og sosiale faktorar.
Føremålet med dette kapitlet er å greia ut om ulike sosiolingvistiske tilnærmingar og metodar som er relevante for studien eg har gjort.
2.2 Sosiolingvistisk tradisjon
Grunnleggjaren av den vitskaplege sosiolingvistikken, William Labov, granska først og fremst tilhøva mellom språkbruk og statiske sosiale makrostorleikar. Det labovske paradigmet har prega sosiolingvistisk forsking frå 1960-talet fram til i dag. Sosiolingvistikken blei etablert innafor ein positivistisk-empirisk forskingstradisjon, og både det teoretiske grunnlaget og analysepraksisen er blitt henta frå ein anglo-amerikansk sosiologisk fagtradisjon der kvantitative metodar har vore dominerande. Det har vorte lagt stor vekt på observasjons- og analysemetodar som kan dokumentera kvantifiserbare korrespondansar mellom det språklege uttrykket og sosiale einingar som kan definerast objektivt. Desse einingane har ofte vore sosioøkonomiske klassar, yrkeskategoriar, generasjonsgrupperingar eller kjønn (Mæhlum 1992:91–92). Frå 70-talet og framover supplerer Lesley Milroy (1987) den labovske variasjonslingvistikken ved å knyta den til sosiale nettverksteoriar. Desse teoriane tek ikkje utgangspunkt i at samfunnet er sett saman av eit hierarki av sosiale klassar. I staden opererer dei med eit språksamfunnskonsept på mesonivå og studerer korleis individa går inn i dynamiske samspel med andre personar i ulike nettverk. Milroy meiner at ein betre kan forklara språkleg handling og variasjon ved hjelp av ein nettverksmodell enn ved den såkalla taksonomiske klassemodellen (Akselberg 1995:50). Eg kjem tilbake til både Labov og Milroy sitt arbeid under pkt. 2.3 der eg diskuterer omgrepet språksamfunn.
Etter kvart har sosiolingvistisk forsking vorte meir individorientert, og forskarane har i større grad nytta kvalitative metodar, ofte kombinert med kvantifisering og generalisering.
Mæhlum har, til liks med Milroy, stilt spørsmål ved om ’den labovske’ dokumentasjonen av korrelasjonen mellom språkbruk og førehandsetablert sosial klassifisering gir oss noko reell
forståing av kva for prosessar og mekanismar i den menneskelege samhandlinga som kan ha skapt denne samvariasjonen mellom språkbruk og sosial tilhøyrsle (Mæhlum 1992:93–94).
Mæhlum sin studie på slutten av 80-talet av barn og ungdom på Svalbard sine språklege strategiar er eit individorientert, kvalitativt forskingsarbeid. Dette arbeidet er eit døme på interaksjonell sosiolingvistikk, ei forsking som har ein språkbrukar sine talemålshandlingar i høve til andre sine talemålshandlingar som hovudtema (Akselberg 2003b:160). Gjennom ein kvalitativ studie av få utvalde informantar ønskjer Mæhlum å forstå meir enn å forklara dei sosiale og lingvistiske mekanismane som er operative i svalbardsamfunnet (Mæhlum 1992).
Dei siste åra er det gjort fleire studiar av språkendring og nivellering blant ungdom i norske tettstader. To av desse er Unn Røyneland sin dr.art.-studie, Dialektnivellering, ungdom og identitet. Ein komparativ studie av språkleg variasjon og endring i to tilgrensande dialektområde, Røros og Tynset (2005), og Reidunn Hernes sin dr.art.-studie, Talemål i endring? Ein longitudinell studie av talemålsutvikling og språkleg røyndomsoppfatning hjå ungdomar i Os (Hordaland) (2006). Røyneland sitt siktemål er å finna ut kvifor enkeltindivid og grupper av individ orienterer seg som dei gjer i det språklege og sosiale mangfaldet på heimstaden. Hovudperspektivet hennar er dialektnivellering. Ho legg primært vekt på forklaringsmodellar som ser dialektnivellering i høve til språkeksterne faktorar, slik som sosiokulturelle, demografiske og psykologiske tilhøve (Røyneland 2005:5). Mitt perspektiv er ikkje dialektnivellering av aurlandsdialekten. Røyneland sitt arbeid er likevel relevant for studien eg har gjort mellom anna fordi ho har undersøkt realiseringa av nokre av dei same språklege variablane som eg har gjort i Aurland.
Hernes sitt siktemål er både å undersøkja dei individuelle talemålsendringane i informantgruppa i undersøkingsperioden og samstundes studera språkendringsprosessen som fenomen ( 2006:15). Ho har òg eit meir overordna mål:
[…] å koma fram til ei forståing av det sosiale rommet som språkendringsprosessen går føre seg i. Eg vil utvikla ein språksamfunnsmodell som har plass både til dei individuelle aktørane og dei kollektive strukturane, og som har språkendring som sentral dimensjon (Hernes 2006:16).
Eg har, som tidlegare nemnt, ikkje språkendring som problemstilling i studien min, men Hernes sin diskusjon av språksamfunnsomgrepet og språksamfunnsmodellen hennar er likevel relevant i høve til diskusjonen av språksamfunnsomgrepet nedafor (Hernes 2006:71–72).
2.3 Språksamfunn
Den individuelle språkbrukaren uttrykkjer sosial meining gjennom språkleg åtferd, men for å kunna tolka og forstå kva for sosial meining språkleg variasjon og endring hjå språkbrukaren har, må ein forstå individuell åtferd i sosial kontekst (Hernes 2006:71).
Den sosiale konteksten der den språklege individuelle åtferda skjer, vert kalla språksamfunn i sosiolingvistisk litteratur. Det er likevel eit problematisk omgrep å bruka fordi forskarane ikkje er samde om ein bestemt definisjon. Både storleiken på populasjonen som har blitt undersøkt og rammene for informantutvalet som skal representera denne populasjonen, har blitt bestemt av korleis ein har definert omgrepet språksamfunn (Hernes 2006:53). Labov meiner at språksamfunnet er ein objektiv storleik som kan avgrensast fordi medlemane i same språksamfunnet har felles kunnskapar og haldningar til dei språklege variantane som er tilgjengelege, ”the participation in a set of shared norms” (Labov 1972:120):
The speech community is not defined by any marked agreement in the use of language elements, so much as participation in a set of shared norms, these norms may be observed in overt types of evaluative behavior and by the uniformity of abstract patterns of variation which are invariant in respect to particular levels of usage (Labov 1972:120).
Labov tek altså utgangspunkt i kollektivet når han definerer språksamfunnsomgrepet. Han meiner at individa syner kor dei er plasserte i den sosiale strukturen i språksamfunnet gjennom dei språklege realiseringane sine (Labov 1972:120f). Han opererer med ein strukturalistisk klassemodell og klassifiserer informantane han undersøkjer til sosiale grupper etter ein sosioøkonomisk indeks (Akselberg 1995:64). Richard Hudson er kritisk til denne tilnærminga, og tek i staden utgangspunkt i individet som subjekt som ”uttrykkjer sosial meining gjennom subjektivt funderte språklege val” (Hernes 2005:165):
If we take the position that speech communities should have some kind of psychological reality for their members […], then it follows that we must identify different speech communities in the same population according to the person whose viewpoint we are taking (Hudson 2004:27).
Hudson meiner det er avgjerande at språksamfunnet må eksistera som ein psykologisk realitet for medlemane. Han stiller vidare spørsmål ved om omgrepet språksamfunn i det heile er ein tenleg kategori:
More seriously still, it is doubtful wether the notion ’speech community’ is helpful at all. The term may in fact mislead us by implying the existence of ’real’ communities ’out there’ wich we could discover if only we knew how (Hudson 2004:28).
Hudson grunngir det slik (Mine frie omsetjingar står i parentes.):
1. ”Mismatch between subjective and objective reality.” (”Det er misforhold mellom subjektiv og objektiv røynd.”)
2. ”Evidence against community grammars.” (”Medlemane i språksamfunnet har ikkje lik språkpraksis og er ulike m.o.t. kva dei veit og tenkjer om språket.”)
3. ”Evidence for nettworks.” (”Sosiale nettverk betyr mykje for eit menneske sin språklege praksis. Nettverk kan ikkje avgrensast.”)
4. ”Small size of the most important communities.” (”Dei viktigaste sosiale fellesskapa er ofte små.”)
For Lesley Milroy er òg språksamfunnsomgrepet sentralt når ho nyttar sosialantropologisk nettverksteori for å forklara relasjonen mellom språk og sosial kontekst. Jamfør studiane hennar i Belfast på 1970-talet (Milroy 1987) der ho legg vekt på individa sine sosiale nettverk og studerer kva følgjer nettverkseigenskapane har for individet sitt talemål. Milroy studerer først og fremst relasjonane mellom nettverksstrukturane og nettverksfunksjonane på den eine sida og språket på den andre. Ho siterer Dell Hymes når ho definerer termen community:
I […] acknowledge the difficulty of the notion of community itself. Social scientists are far from agreed as to its use. For our purpose it appears most useful to reserve the notion of community for local unit, characterised for its members by common locality and primary interaction (Hymes 1974:51).
Milroy har eit grupperelatert individfokus når ho karakteriserer språksamfunnet ved ”common locality” og ”primary interaction”. Ho syner i studien sin at tette og multiplekse nettverk fungerer som kontroll- og korrigeringsinstansar i høve til talemålet. Milroy har ei strukturalistisk forståing av språksamfunnsomgrepet, men medan Labov opererer med opposisjonelle makrostorleikar, opererer ho med ein nettverksmodell på mesonivå.
Eg meiner at korkje Labov eller Milroy sine språksamfunnsmodellar fullgodt avdekkjer det vesentlege i relasjonen mellom språket og dei sosiale tilhøva blant språkbrukarane. Likevel nyttar eg omgrepet språksamfunn sjølv om eg avgrensar det annleis enn både Labov og Milroy. Eg brukar omgrepet synonymt med kommunikasjonsfellesskap.
Eg legg vekt på ”common locality” og ”primary interaction” når eg definerer barna som veks opp i Vangen krins i Aurland som medlemar av eit og same kommunikasjonsfellesskap eller språksamfunn på Aurland barne- og ungdomsskule gjennom heile grunnskuletida. Der kommuniserer dei i leik og læring, og i dette kommunikasjonsfellesskapet konstituerer dei
livsverda si til kvardags gjennom ti år. Dei som har lengst røynsle som deltakarar i dette språksamfunnet eller kommunikasjonsfellesskapet, er den eldste bufaste aldersgruppa, nemleg elevane i 10. klasse. Dette språksamfunnet kan likevel ikkje isolerast eller definerast som det einaste kommunikasjonsfellesskapet der ungdomane har konstituert kvardagsverda si i desse ti åra. Det er heller ikkje statisk. Nokre barn kjem til, og andre flyttar og går ut av fellesskapet i løpet av ein oppvekstperiode. Utafor skulen deltek dei same barna i ulike sosiale aktivitetar på fritida. Dei møter barn frå andre skulekrinsar, har familie, slekt og venner, også utafor Aurland. Då er dei deltakar i andre sosiale, kommunikative fellesskap som òg påverkar korleis dei konstituerer livsverda si. Ungdomane i populasjonen eg har undersøkt er såleis deltakarar i ulike språksamfunn, men det språklege materialet som denne studien byggjer på er realisert i eitt av dei, nemleg språksamfunnet ved Aurland barne- og ungdomsskule.
Hernes meiner at det ikkje er særleg fruktbart å leita etter ein fast definisjon av omgrepet språksamfunn fordi ein slik definisjon alltid lyt tilpassast dei problemstillingane han skal brukast til å kasta lys over (Hernes 2005:164–165). Eg ser det òg slik.
2.4 Felttilnærming
Den fenomenologiske tilnærminga mi byggjer på fenomenologisk vitskap og metode.
Fenomenologien blei grunnlagt av Edmund Husserl på byrjinga av 1900-talet. Filosofen Hans Skjervheim forklarer fenomenologien mellom anna slik:
Fenomenologien handlar ikkje om gjenstandar i den verkelege verda, men om korleis desse gjenstandane, korleis den verkelege verda konstituerar seg for medvitet. Slike gjenstandar er mellom anna den anorganiske naturen, men òg like mykje dei reelle psykiske forløpa (Skjervheim 1976:176).
Husserl er oppteken av intensjonalitet. Han meiner at all menneskeleg sjeleverksemd er karakterisert ved at ho er retta mot noko, at ho intenderer noko (Akselberg 1995:67). Det same skriv Berger og Luckmann: ”Conciousness is always intentional; it always intends or is directed towards objects” (Berger og Luckmann 1967:34). Denne intensjonaliteten meiner eg òg gjeld for språklege ytringar. I intervjua med ungdomane stiller eg spørsmål og freistar å følgja opp utsegnene deira nettopp for å få fram intensjonaliteten bak språkbruken deira.
Språket skil seg frå andre sosiale fenomen ved at det spelar ei fundamental rolle i all menneskeleg samhandling, og vi bruker det til å strukturera handlingane og røynslene våre.
Det kan difor diskuterast om det er meiningsfullt å sidestilla språket med andre sosiale fenomen slik eg gjer (jf. pkt. 2.5). Hernes meiner det kan vera tenleg å studera språket frå eit
aspekta ved språket vi er interesserte i å kasta lys over. Ho refererer mellom anna til Bourdieu som meiner at teoriane sine òg kunne kasta lys over eit språkleg materiale (Hernes 2005:156).
Berger og Luckmann studerer samfunnet både som subjektiv og objektiv realitet, og dei argumenterer for at individet og samfunnet påverkar kvarandre gjensidig. Kunnskap vert objektivert gjennom institusjonalisering og legetimering, og den blir subjektiv gjennom internalisering og etablering av identitet (Akselberg 1995:67). Forholdet mellom mennesket som produsent og den sosiale verda som produkt er altså dialektisk:
[…] the relationship between knowledge and its social base is a dialectical one, that is, knowledge is a social product and knowledge is a factor in social change (Berger og Luckmann 1967:104).
Dersom vi ser på språket som ein del av denne kunnskapen hjå eit menneske, vert det språklege uttrykket til eit individ eit resultat av ein dialektisk prosess mellom individet og samfunnet. Berger og Luckmann er vidare opptekne av kvardagsverda og kvardagskunnskapen. Kvardagsverda kan delast opp i nære og fjerne soner der dei nære sonene oftast har størst verdi for individet. Kvardagsverda er ei intersubjektiv verd som individet deler med andre. Dei nære sonene har størst verdi i denne kvardagsverda, som eg kartlegg for å kunna studera relasjonen mellom ungdomane si kvardagsverd og dei språklege realiseringane deira.
I doktorgradsarbeidet sitt, Fenomenologisk dekonstruksjon av det labov-milroyske paradigmet i sosiolingvistikken. Ein analyse av sosiolingvistiske tilhøve i Voss kommune, løyser Akselberg opp den makro- og mikroforståinga av ekstralingvistiske faktorar som Labov og Milroy opererer med (Akselberg 1995):
Eg meiner at både Labov og Milroy likevel manglar ein reiskap til å avgrensa betre dei determinantane som styrer både språkbruken generelt og språkleg endring og variasjon spesielt, sjølv om altså Milroy når lenger i sine studiar på dette området enn Labov. Skal vi koma lenger på dette feltet, meiner eg vi må få betre kunnskap om korleis einskildindividet og grupper av einskildindivid tolkar og forstår, medvite og umedvite, sin posisjon i den sosiale røyndomen, altså korleis dei konstituerer livsverda si (Akselberg 1995:67).
I tillegg til å problematisera det labov-milroyske paradigmet, supplerer han det med ei fenomenologisk tilnærming. Han legg, som Berger og Luckmann, vekt på individet si kvardagsverd eller livsverd og operasjonaliserer denne som ein sosial variabel. Akselberg sitt doktorgradsarbeid er òg inspirert av og byggjer på sentrale delar av Bourdieu sin kultursosiologi (Akselberg 1995:156–157). Bourdieu sin kultursosiologi byggjer på prinsippet om at det finst sosiale relasjonar mellom aktørar i samfunnet, og han vil avdekkja og
karakterisera desse relasjonane. Då brukar han tre viktige nøkkelomgrep: kapital, habitus og felt. I det følgjande presenterer eg feltomgrepet som er sentralt i Bourdieu sine teoriar slik Akselberg forklarer det (1995). Det gjer eg fordi dette også er det teoretiske utgangspunktet for den metodiske tilnærminga mi. ”Fältbegreppet är en uppsättning verktyg som får mening genom att användas i undersökningar”, skriv Donald Broady (1989:40). Akselberg forklarer det slik: ”Ein sosial samanheng der ei avgrensa gruppe av menneske eller institusjonar strir om noko som for dei er felles, kallar Bourdieu eit sosialt felt” (1995:160). Akselberg kallar det eit sosialt aktivitetsområde eller eit sosialt aktivitetsfelt og definerer det som ”ein arena der heile bygdefolket kan ta del utan noko formelt krav om utdanningskapital eller krav om nokon større økonomisk kapital som inngangsbillett” (1995:165). Han modifiserer Bourdieu sine feltkrav slik:
1. Alle felta skal i utgangspunktet vera opne for alle heimelsmennene i den forstand at det formelt sett ikkje skal krevjast noka form for utdanningskapital, og heller ikkje nokon større økonomisk kapital for å kunna delta i aktivitetsområdet.
2. Dei agentane som verkar innafor eitt og same felt, skal stri om noko som er felles, men denne striden er mindre synleg og verre å avgrensa enn dei i felta Bourdieu opererer med.
3. Dei agentane som verkar innafor eitt og same feltet, skal ha eit felles verdisystem, men verdisystemet er mindre kodifisert enn i felta til Bourdieu.
4. Feltet er eit system av relasjonar mellom posisjonar som er meir personorientert og mindre hierarkisk enn hjå Bourdieu (Akselberg 1995:164).
I staden for å kalla felta for sosiale felt, har eg kalla dei for kulturelle felt i undersøkinga mi for å syna at aktivitetsområda representerer ulike kulturelle aktivitetar. Feltkrava som Akselberg stiller har eg tilpassa og modifisert slik:
• Alle felta skal i utgangspunktet vera opne for alle ungdomane utan at det vert kravd nokon større økonomisk kapital for å kunna delta i aktivitetsområdet.
• Dei ungdomane som verkar innafor eitt og same felt, skal delta i ein felles aktivitet.
• Dei ungdomane som verkar innafor eitt og same felt, skal ha eit felles verdisystem som dei syner ved å visa ei felles interesse.
• Feltet kan vera eit system av relasjonar mellom personar, men det treng ikkje å vera det.
For Akselberg er det sentralt å undersøkja korleis skilnader i dei sosiale og kulturelle
han ved å registrera informantane si deltaking i ulike sosiale felt. Det same har eg gjort i den kvantitative delen av undersøkinga mi. Den fenomenologiske tilnærminga mi og operasjonaliseringa mi av kulturelle felt presenterer eg i pkt. 3.7.4–3.7.6.
2.5 Identitet
2.5.1 Personleg og sosial identitet
Det er ein samanheng mellom individet si intersubjektive livsverd og individet sin identitet.
Identitet vert gjerne rekna som ei individuell sjølvforståing og det biletet som individet har av seg sjølv (Fossåskaret 2000). Den veks fram i eit menneske gjennom samhandling med andre (Mead 1934). Kva identitet er, vert mykje diskutert både innan ulike fagfelt, i det offentlege rommet og i daglegtalen. Ulike fagområde har både ulik tilnærming til og ulik forståing av omgrepet. Tradisjonelt har skilnadene gått mellom ei essensialistisk og ei konstruktivistisk oppfatning av identiteten. I følgje ei essensialistisk identitetsoppfatning er identiteten konstituert som eit sett medfødde eigenskapar med ein genuin, permanent og homogen kjerne.
Konstruktivistisk identitetsteori kan førast tilbake til G. H. Mead sine teoriar om sjølvet i Mind, Self and Society (1934). Sosiologane Peter Berger og Thomas Luckmann som eg har nemnt tidlegare seier:
The period during which the human organism develops towards its completion in interrelationship with its environment is also the period during which the human self is formed. The formation of the self, then, must also be understood in relation to both the ongoing organismic development and the social process in which the natural and the human environment are mediated through the significant others (Peter Berger og Thomas Luckmann 1967:67–68).
Sjølvet er altså eit sosialt produkt som vert forma gjennom ein dialektisk prosess mellom individet og samfunnet, og det kan berre forståast i høve til omgjevnadene, altså den sosiale konteksten det vert forma innafor. Vidare meiner Berger og Luckmann at røynda er ein sosial konstruksjon som stadig vert rekonstruert og reforhandla. Denne konstruksjonen oppfattar menneska sjølv som ein meiningsfylt gitt storleik, ein ordna realitet utafor dei sjølve. Dei er ikkje medvitne om at det er ein konstruksjon. For å få ei adekvat forståing av denne realiteten er det difor naudsynt å utforska korleis røynda er konstruert (Høyland 2005:28). Dette konstruktivistiske synet på individet legg eg til grunn i studien min. Solheim tek til orde for at ein kan sameina det konstruktivistiske og det essensialistiske identitetsomgrepet. Individet har då visse predisposisjonar som vert aktiverte i sosiale samanhenger i staden for einast ein statisk kjerne. Då tek ein omsyn både til det variable og at individet let seg påverka av
omgjevnadene, samstundes held ein fast på at noko er stabilt og meir konstant (Solheim 2005:111–113).
2.5.2 Språk og identitet
I det dialektiske samspelet mellom individet og samfunnet står språket i ei særstilling. I tillegg til at vi brukar språket til å kategorisera og forstå verda, knyter vi oss til andre menneske gjennom språket. Språket er på same tid både eit identitetsuttrykk og ein identitetsskapar (Pedersen 2001). Gjennom det språkleg uttrykket kan vi fortelja kven vi ønskjer å vera.
Talemålet representerer ein sosial praksis der eit individ syner kven ho/han ønskjer å identifisera seg med. Le Page og Tabouret-Keller meiner at all språkleg åtferd er individuelt motiverte identitetshandlingar der mennesket ved hjelp av språket syner tilhøyrsleforholda sine og korleis det søkjer etter sosiale roller. Dei seier det slik:
[…] the individual creates for himself the patterns of his linguistic behaviour so as to resemble those of the group or groups with wich from time to time he wishes to be identified, or so as to be unlike those from whom he wishes to be distinguished (Le Page og Tabouret-Keller 1985:181).
Le Page og Tabouret-Keller meiner at dei lingvistiske vala språkbrukaren gjer er styrte av kva slags identitet ho/han ønskjer å ha i ulike situasjonar. For barn som veks opp, er språket nært knytt til ein heimstad ved at barnet i stor grad erfarer heimstaden sin gjennom eit lokalt talemål. Den heimstadidentifiseringa som individet sjølv uttrykkjer gjennom talemålsvarieteten sin blir oppfatta av andre som responderer, og kan i neste omgang verka tilbake på sjølvoppfatninga hjå den einskilte (Solheim 2006:113). I masteravhandlinga si, Ungdomar på Stord si oppfatning av seg sjølv og stordamålet i relasjon til haugesundarar og haugesundsmålet, viser Randi Høyland til sosialantropologen Edvard Barth (1969). Høyland skriv:
Barth meiner at A definerer seg sjølv i høve til B, altså utifrå kva eller kven ein ikkje er i staden for kven ein kjenner seg lik. Å markera kven ein er, vert ikkje særleg interessant utan ein motsetnad som ein opplever å stå i kontrast til. Ulikskapar er ikkje objektive storleikar, men dei forskjellane som aktørane sjølve ser på som signifikante (Høyland 2005:31).
Føresetnaden for å utvikla eit medvit om kva som er vårt eige særpreg og kva som er andre sitt, er sosial kontakt og ikkje distanse, hevdar Barth. Til liks med Høyland meiner eg dette òg gjeld språket. Føresetnaden for å utvikla eit medvit om sin eigen varietet er å kjenna til varietetar som ein har opplevd å stå i kontrast til. I siste delen av informantintervjua blei informantane spurde om dei kunne fortelja om situasjonar der dei hadde fått reaksjonar på sitt
eige talemål eller sjølv hadde reagert på andre sin varietet. Eg vil undersøkja om ungdomane har eit medvit både om sin eigen språklege varietet, eksistensen av ein lokal varietet og tilhøva mellom dei to varietetane (Sjå utsegnene deira under pkt. 4.7 Informantportrett, og drøftinga i pkt. 5.3.2.). I den språklege delen av granskinga undersøkjer eg i kva grad ungdomane lingvistisk realiserer ein lokal/ikkje-lokal identitet. I dei kvalitative intervjua stiller eg spørsmål for å få fram i kva grad dei uttrykkjer ein ekstralingvistisk lokalforankra eller ikkje-lokalforankra identitet. Eg undersøkjer altså i kva grad det er samsvar mellom det språklege lokale/ikkje-lokale identitetsuttrykket og det ekstralingvistiske lokale/ikkje-lokale identitetsuttrykket. Dei kvantitative funna vert presenterte under pkt. 4.5 og dei kvalitative funna under pkt. 4.7. Relasjonen mellom dei språklege og kulturelle funna vert drøfta i pkt.
5.3.
2.5.3 Stad og identitet
I språkundersøkinga vert informantane sine språklege realiseringar kategoriserte enten som lokaltilknytte variantar eller som ikkje-lokaltilknytte variantar (jf. pkt. 3.4.1). Tilsvarande i den kulturelle bakgrunnsundersøkinga vert handlingane/haldningane deira kategoriserte enten som lokalforankra handlingar/haldningar eller ikkje-lokalforankra handlingar/haldningar (jf.
pkt. 3.7.4). I dei nemnde samansetjingane refererer lokal heile tida til det same, nemleg heimstaden til informantane. Det gjeld òg for utrykka lokalforankra identitet og ikkje- lokalforankra identitet. I det følgjande viser eg til litteratur om omgrepa stad og heimstad og relaterer det til identitetsomgrepet.
Mennesket lever og uttrykkjer identiteten sin i eit fysisk rom. Sjølvforståinga skjer på ein stad og kan ha ulik orientering mot stader. For dei tidlegare dialektologane var ikkje stad og heimstad problematiske omgrep. Det dreidde seg i hovudsak om å avgrensa rommet geografisk ved hjelp av lingvistiske skiljeliner. I sosiolingvistisk tradisjon har ein ei meir konstruktivistisk og fenomenologisk basert forståing av kva ein stad er, og omgrepet er meir komplekst. Innan sosiolingvistikken er ein stad primært ein meiningsfull kontekst for menneskeleg samhandling, og den må forståast som ein situasjonell og relasjonell storleik.
Individet er med på å skapa staden både for seg sjølv og andre gjennom si oppleving av staden (Røyneland 2005:127–128, jf. Entrikin 1991). Då vert staden, og også heimstaden, etter mi meining ein individuell og subjektiv storleik som er sann og vesentleg for individet, og den rommar både kulturelle, sosiale og psykologiske komponentar i tilegg til dei fysiske og geografiske. Det er den individuelt opplevde heimstaden som er heimstaden. Heimstaden er ein av dimensjonane ved identifikasjon. Den har ei identitetsbyggjande kraft og gir
individet ei kjensle av tilhøyrsle. Ein felles lokal identitet kan individa mellom anna markera ved å realisera dei same språklege variantane som dei andre som bur på staden. Dei kan òg eksplisitt kategorisera seg sjølve som t.d. aurlendingar, stordabuar eller rørosingar. Erik Fossåskaret diskuterer korleis og kvifor bygdesamfunna har ei svakare felles identitetsbyggjande kraft no enn tidlegare:
Det portrettet av norske bygder vi kan teikne med materiale frå 30 år attende, er ikkje tilstrekkeleg gyldig i dag. […] Det skjer ei endring som er slik at folk har mindre å gjere med somme i grannelaget, og meir samhandling med enkelte utvalde i andre grannelag. Bygdene er i ferd med å bli mindre tette (Fossåskaret 200:37).
Erik Fossåskaret meiner samhandlinga om det lokale er vorte svekka i etterkrigstida i desse samfunna og at lokale møtestader og arenaer for samhandling forsvinn. Sambygdingar som tidlegare retta seg innover mot eit lokalt fellesskap er no vortne innbyggjarar som orienterer seg mot det globale (Fossåskaret 2000:44). Fossåskaret definerer ikkje omgrepet global.
Global betyr verdsfemnande (Nynorskordboka 2006). I denne samanhengen oppfattar eg å vera globalt orientert som å vera meir mentalt orientert mot verda utafor det nære og lokalspesifikke (jf. pkt. 5.3.1). Ein kan ikkje utan vidare overføra Fossåskaret sitt syn til å gjelda barna i same grad som vaksne. Barn har mindre aksjonsradius enn vaksne, og dei sansar verda på eit anna vis. Anders Salomonsson uttrykkjer dette i sin definisjon av lokal identitet:
Med en lokal identitet menar jag då en knytning till det egna kvarteret, den egna byn eller trakten, det vil säga områden som är betydeligt mindre än en region. For många tror jag dessutom att den lokala identiteten är synonym med begreppen hembygdskärlek eller hembygdskänsla. […] den lokala identiteten är framfor allt grundad i känslan av tillhörighet, där minnen av händelser, lukter, smaker och ljud spelar stor roll. […] [D]ess styrka (och oåtkomlighet) bygger i hög grad på att den saknar verbalitet och i gängse mening kan vara både ologisk och irrationell (Salomonsson 1996:17).
Jf. Salomonsson vantar den lokale identiteten verbalitet, og den er først og fremst bygd på emosjonar og sanseopplevingar. Det peikar mot at lokal identitet og tilhøyrsle er noko som vi etablerer og internaliserer som barn. I informantportretta under pkt. 4.7 har eg transkribert og referert meiningar og kjensler som informantane uttrykkjer i høve til heimstaden.
2.5.4 Språkhaldningar og identitet
Haldningsomgrepet er eit komplekst omgrep å nytta som fagterm, og ”bak ueinsarta synsmåtar står til dels ulike teoretiske retningar” (Lunde 2005:7). Nedafor gjer eg greie for nokre sider ved det vitskaplege haldningsomgrepet som er relevante i høve til studien min. Eg
føreset då at språkhaldningar kan handsamast som andre typar haldingar (Cooper og Fishman 1974:7).
Haldningsforskinga tok til på slutten av 1800-talet, og omgrepet har vorte definert av mange både innafor behavioristisk psykologi og sosialpsykologien. Behaviorismen var ei positivistisk retning innom psykologien som knytte åtferd direkte til haldningsomgrepet. Ei haldning kunne einast observerast og kvantifiserast gjennom ei handling eller ein reaksjon på eit stimuli (Terry og Hogg 2000). Innafor sosialpsykologien skil ein mellom haldning og handling. Deprez og Yves (1987:125) definerer haldning som ”a predisposition to respond in a consistently favourable or unfavourable manner with respect to a given object”. Denne definisjonen impliserer at haldning er ein psykologisk, ikkje direkte målbar storleik som vert realisert av bestemte stimuli (Seim 2005:47). Definisjonen tek ikkje omsyn til at haldningane kan vera samansette av fleire komponentar og at dei kan ovra seg på ulike måtar. Ein annan sosialpsykologisk tradisjon ser på haldningar som samansette av tre komponentar. Denne trekomponentsmodellen blei utarbeidd og lagt fram av Milton J. Rosenberg og Carl Hovland (Rosenberg og Hovland 1960:3). Den kognitive komponenten vedrører røynsler med, kunnskapar om og tankar rundt haldninga sitt objekt, den affektive har med kjensler andsynes objektet å gjera og den konative har å gjera med handling og åtferd, eller intensjonen om eller anlegget for det (Lunde 2005:11).
Frå 1970-talet har haldningsstudiar vore ein etablert del av sosiolingvistisk forsking, men metodane som har vore nytta har vore prega av at det er sosialpsykologar som har forska mest på dette området (Seim 2005:45). Trekomponentsmodellen er ein metodisk modell som ikkje utan vidare kan operasjonaliserast i sosiolingvistisk forsking utan tilpassingar og modifikasjonar. I praksis kan det lett bli glidande overgangar mellom komponentane, og det kan reint empirisk vera vanskeleg å halda dei frå kvarandre. Haugen nyttar modellen i prosjektet sitt Språk og språkhaldningar i bygdebyen Sogndal (2004). Ho grunngir det med at
”det er meir ein styrke enn ein veikskap at ein også empirisk prøver å studera haldningar til fenomen ut frå ulike metodiske innfallsvinklar” ( Haugen 2002:45).
Seim meiner det er problematisk at haldningar ofte blir definerte som konstante og at dei i haldningsundersøkingar vert dregne ut av sin naturlege kontekst og gjort til meir stabile enn dei eigenleg er (Seim 2005:47). Ei nyare retning, sosialkonstruktivismen, har utvikla ein annan framgangsmåte for å undersøkja haldningar. Dette er ei form for diskursanalyse som vert kalla diskurspsykologi. Sosialkonstruktivistar ser på haldningar som eit sosialt fenomen som vert danna ved sosial samhandling (Lunde 2005:13–14). Marit Merete Lunde klargjer skilnadene mellom sosialpsykologisk og sosialkonstruktivistisk synsmåtar slik:
[…] sosialpsykologane meiner haldningar finst, og at haldningar for dei kan eksistere på både grunt og djupare nivå i individa. Eg er uviss på om dei meiner at haldningar òg kan vere mellomindividuelle. Sosialkonstruktivistar, slik eg tolkar dei, ser derimot på den eine sida ut til å meine at haldningar finst, men berre som kulturskapte og situasjonsavhengige fenomen, og dermed berre som noko sosialt og altså mellommenneskeleg. På den andre sida tykkjest konsekvensane av noko av haldningsomtala deira (t.d. hjå Dahl) verte at haldningar i det heile ikkje finst. Konstruktivistane gjev dermed tvitydige – eller iallfall utydelege – signal her.
Haldningar er for sosialkonstruktivistane i alle høve ikkje djupareliggjande sinnsfenomen (Lunde 2005:41).
Lunde analyserer i same artikkelen eit døme frå ei haldningsundersøking ved begge dei to tilnærmingsmåtane, og ho konkluderer med at dei utfyller kvarandre fordi dei gir ulike innsikter. Ho finn at haldningar har både individbaserte og sosiale sider. Dei kan vera djupare og/eller grunnare, individuelle og til dels mellomindividuelle fenomen. Ein kan korkje sjå vekk frå det psykologiske ved haldningar eller sosiale mekanismar eller prosessar i samband med dei, konkluderer Lunde (2005:42).
Lunde nemner ikkje Berger og Luckmann, men den sosialkonstruktivistiske tilnærminga hennar er den same som vi finn hjå Berger og Luckmann (jf. pkt. 2.5.1).
Haldningar er ein del av identiteten eller sjølvet, og til liks med andre sosiale fenomen er dei historisk produserte og vert internaliserte gjennom menneskeleg aktivitet. Berger og Luckmann understrekar at særleg den første sosialiseringa eit menneske gjennomgår, primærsosialiseringa, inneber noko meir enn rein kognitiv læring:
It takes place under circumstances that are highly charged emotionally. Indeed, there is good reason to believe that without such emotional attachment to the significant others the learning process would be difficult if not impossible. […] The child takes on the significant others’
roles and attitudes, that is, internalizes them and makes them his own (Berger og Luckmann 1967:151).
Barnet overtek altså roller og haldningar frå ’dei signifikante andre’ og gjer dei til sine eigne.
Sosialpsykologane Hogg og Abrams meiner at haldningar som vert innlærte tidleg i barndomen, er kjenneteikna ved at dei er vanskelege å endra fordi dei er internaliserte umedvite så tidleg i ein sosialiseringsprosess (1995:67).
2.5.5 Haldningar i dei kulturelle felta
Eg operasjonaliserer omgrepa haldning og handling i den kulturelle bakgrunnsundersøkinga.
Eg har ei konstruktivistisk forståing både av ungdomane sine haldningar og av rapporteringa deira om handlingane sine, og eg erkjenner at ungdomane sine haldningsuttrykk i intervjusituasjonen er responsar som er resultat av ein bestemt kommunikasjonssituasjon. Dei er korkje konsistente, konstante eller isolerte i individa. I den kvantitative delen av
undersøkinga har eg sidestilt handling og haldning i éin og same kategori som uttrykkjer informantane sin aktivitet i dei ulike kulturelle felta. Eg meiner at ungdomane sine handlingar/haldningar syner den utøvande praksisen deira eller praksismåten deira i dei kulturelle felta. Bourdieu brukar livsstil som ein hovudterm som har med mennesket sin utøvande praksis eller praksismåte å gjera. For han er livsstil eit system av ulike sosiale praksismåtar (Akselberg 1995:160). Aurlandsungdomane sine utsegner om handlingar og haldningar i dei kulturelle felta uttrykkjer såleis livsstilen deira. Samstundes fortel desse utsegnene noko om korleis dei konstituerer livsverda si.
2.6 Akkommodasjon
Når ein samlar inn genuin tale ved hjelp av lydopptak, frys ein fast faktisk språk hjå eit individ. Dette språket kan gjerast til objekt for ei vitskapleg analyse, men funna ein gjer og konklusjonane ein dreg, lyt heile tida sjåast i høve til fenomenet ideolektisk variasjon. Den kommunikative kompetansen hjå ein språkbrukar femner om både den lingvistiske kompetansen og kunnskapen om kva slags språk som passar ’kor og når’, den sosiolingvistiske kompetansen. Alle har fleire språklege register å spela på, og talespråkleg variasjon som er avhengig av den sosiale situasjonen, vert kalla registervariasjon. Eit register er ein varietet som er avhengig av brukssituasjonen (Røyneland 2003:27). Fleire faktorar styrer korleis vi varierer talespråket i ein samtalesituasjon. Den sosiale situasjonen, samtaleemnet og samtalepartnaren påverkar dei fonologiske, leksikalske, syntaktiske og prosodiske vala talaren gjer i løpet av taletida. Howard Giles og Philip Smith seier det slik:
Indeed, the nature of the setting, the topic of the discourse, and the type of person with whom we are talking all interact to determine the way we speak in a particular situation (Giles og Smith 1979:45).
Graden av formalitet i kommunikasjonssituasjonen kan til dømes påverka språkbrukaren sitt val av register (jf. pkt. 3.3.3).
Ein kan sjå på samtalen som ei forhandling der deltakaren under vegs skiftar mellom å vera avsendar og mottakar. Avsendaren lyt heile tida bestemma seg for ’form’, og mottakaren tolkar innhaldet i denne forma. I denne forhandlingssituasjonen nyttar vi, med eller utan medvit, ulike språklege strategiar. Ein av dei er å variera og tilpassa språket hensiktsmessig i høve til samtalepartnaren slik at det gagnar framdrifta i samtalen. Denne tilpassinga vert kalla akkommodasjon. Å akkommodera er å tilpassa språket sitt til ein annan talespråkleg varietet (Akselberg 2003b:160). Språkbrukaren kan konvergera, altså tilpassa talemålet sitt slik at avstanden til samtalepartnaren sin varietet vert mindre. Det motsette, å