• No results found

Sirococcus sp.

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Sirococcus sp."

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vol.7 Nr.101X - 2003

Sirococcus sp.

Venche Talgø, Morten N. Andersen og Arne Stensvand, Planteforsk Plantevernet

E-post: [email protected]

Vertplanter

I prosjektet ”Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletre- produksjonen” vart Sirococcus sp. funnen i oktober 2001 på småplanter av blågran (Picea pungens) frå ein skogplanteskule på

Austlandet. Ved Skogforsk på Ås er Sirococcus sp. registrert på både gran- og furuplanter.

Soppen fins i Europa, Nord- Amerika og i nordre delar av Afrika. I Europa er det hovudsakleg vanleg gran (Picea abies) og sitkagran (Picea sitchensis) som er

mottakelege, men også hemlokk (Tsuga heterophylla), furu (Pinus spp.) og

kystdouglas (Pseudotsuga menziesii) vert angrepne. Vrifuru (Pinus contorta) er svært mottakeleg, medan vanleg furu (Pinus sylvestris) er meir resistent.

I Nord-Amerika fører Sirococcus til at skot daudar i naturlege bestand av Pinus resinosa og plantasjar av blågran (Picea pungens), medan det i kystområde er registrert angrep på naturlege bestand av hemlokk og

sitkagran. I planteskular i Nord-Amerika er det funne angrep på vrifuru, ulike artar av gran (Picea spp.) og kystdouglas.

Symptom og biologi

Denne soppen dannar ofte sporehus på konglar, og Sirococcus kan difor vera frøoverført. I planteskular angrip soppen planter i alle aldrar (Fig. 1). Hovudangrepa kjem som regel seint om våren eller tidleg om sommaren. Plantene kan gå heilt ut eller vert så skadde at dei må sorterast bort. Nokre gonger resulterar angrep på toppskot i at sidegreiner går opp som toppar, og ein kan då få planter med fleire toppskot pr. plante.

På eldre tre vert det lite skade ved angrep av Sirococcus, men dei nedre greinene på furutre

kan verta brune dersom det vert årviss nedsmitting frå kongleskjell som fell på bakken.

Soppen gir flekkar med innsokken bark (kreft) på greiner eller på stammen. Flekkane får eit lilla fargeskjær. Nokre gonger er det litt kvaeutflod mot midten av flekkane.

Kreftflekkane utviklar seg ofte på eine sida av hovudskotet og fører dermed til at toppen bøyer seg og vert hengjande. Det er som regel fyrst då ein vert merksam på angrepet. Dei hengjande skota vert etter kvart brune, og til slutt heng det berre duskar med nåler att i tuppane av dei daude skota.

Fig. 1. Sirococcus-angrep på vanleg gran i ein skogplanteskule. Foto: M. N. Andersen

Soppsjukdom

Samandrag

Sirococcus kan vera problematisk på gran i skogplanteskular. Soppen kan vera frøoverført og angrep fører til at nye skot på gran heng og vert brune.

Summary

Sirococcus is occurring as a pathogen on spruce in Norwegian forest nurseries.

(2)

Talgø, V. & A. Stensvand. 2003. Sirococcus sp. Grønn kunnskap e7(101X):1-2 2

Vol.7 Nr.101X - 2003

I kreftsåret og på infiserte nåler veks det fram svarte sporehus (pyknidar). I sporehusa vert det produsert sporar som har to kammer. Dei har ein tydeleg skiljevegg på midten (Fig. 2). I litt kjølig, overskya, fuktig vêr tyt sporane ut frå sporehusa som dråpar eller trådforma krøllar. Sporane spirer ved temperaturar over 10ºC. Mest infeksjonar vil skje ved 16-21ºC.

Over24ºC er det lite angrep.

Soppen overvintrar på daude nåler, skot og/eller konglar. Den fyrste infeksjonen skjer når nye nåler kjem ut. Sporane spreiast over korte avstandar med vassprut i samband med vatning eller regn. I planteskular vil ein ofte sjå at soppen spreiar seg vidare frå infiserte planter, og det vert flekkar (roser) med skadde planter i såsengene/pluggbretta.

Fyrste symptoma er at nålene får eit svakt brunt skjær på midten eller ved basis av årsskotet.

Angrep kan forvekslast med skaden ein ser etter frost, gråskimmelangrep eller sviskadar etter bruk av kjemiske middel.

Fig. 2. Sporar av Sirococcus som vart funne på småplanter av gran frå ein skogplanteskule i 2001.

Foto: E. Fløistad

Tiltak

ƒ Pass på at planter som står i veksthus har godt med lys. Det har vist seg at faren for angrep er større dersom lysintensiteten er låg.

ƒ Reduser luftfukt ved å ventilera godt i hus

ƒ Unngå overvatning, spesielt utover ettermiddagen og kvelden. Planter som står med fuktig bar utover natta gir soppen ideelle tilhøve for spiring.

ƒ Fjern potensielle smittekjelder (eldre vertplanter) i og rundt planteskulen.

ƒ Frå fleire europeiske land vert det sagt at klortalonil (Bravo) er det einaste kjemiske middelet som har effekt mot Sirococcus, men det er ikkje lenger godkjent her i landet.

Prosjekttittel: Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen (2001-2003) Finansiering: SND, NGF, eigeninnsats

Styringsgrupppe:

Harald Rømuld (prosjektansvarleg), Norsk Pyntegrønt Terje Pundsnes (leiar for styringsgruppa), Pyntegrøntringen Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund Morten N. Andersen, Det Norske Skogselskap

Tønnes Straum, produsent Arne Stensvand (fagleg ansvarleg) og Venche Talgø, Planteforsk Plantevernet

Kjem som vedlegg til Norsk Pyntegrønt hausten 2004

ISBN 82-479-0448-9

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Ofte vil berre planter som er skadde eller stressa vera utsette for gråskimmel, men dersom det er gunstige tilhøve for infeksjon av soppen (over 90 % relativ luftråme i meir

2 Tverrsnitt av askekvistane frå Østfold som soppen Chalara fraxinea vart isolert frå i mai 2008. Veden var sterkt skadd, og det var delvis brune

Nål av nordmannsedelgran med kvite utvekstar (aecidier) som vert danna på undersida av nålene ved angrep

Kreftsår, kvaeutflod og døde nåler på vanlig furu (Pinus sylvestris) etter angrep av soppen Diplodia sapinea..

Ute i skogen betyr de som oftest svært lite, sjøl om for eksempel vanlig granrust (Chrysomyxa abietis), ved gjentagne angrep, kan forårsake tilveksttap.. Denne soppen og flere

Det er kjent frå fleire stader i verda at soppen Volutella buxi kan føra til misfarga blad og daude skot på buksbom (Buxus spp.).. Før den nye veksten kjem i gang om våren,

Angrep av sykdommen viser seg ved først brune, senere mere svarte, noe nedsenkede runde flekker på bærene.. Etter hvert som flekkene vokser i størrelse kan de omfatte det

Endeleg skotmengd vert helst regulert våren etter og det bør då vera 5–6 skot per plante, gjerne litt færre i fuktig klima.. Det er svært viktig å tynna for å ha høveleg