• No results found

Volutella buxi

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Volutella buxi"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vol.7 Nr.101Ø - 2003

Volutella buxi

Venche Talgø og Arne Stensvand, Planteforsk Plantevernet

E-post: [email protected]

Vertplante

Buksbom (Buxus spp.) Symptom og biologi

Det er kjent frå fleire stader i verda at soppen Volutella buxi kan føra til misfarga blad og daude skot på buksbom (Buxus spp.). Før den nye veksten kjem i gang om våren, vil blad i toppen av greiner verta gule til bronsefarga.

Infiserte greiner vil som regel visna litt frå tuppen og innover. Når ein kuttar i barken vil ein finna brun til svart misfarge. Ofte ser ein Volutella-infeksjon i samband med frostskade.

Dersom det berre er frostskade, vil nye, friske blad etter kvart dekka over dei bronsefarga blada. Dersom Volutella er til stades, vil ein med ei gode lupe kunna sjå puter

(sporodochium) med sporemasse på det misfarga plantevevet (etter inkubering, varmt og fuktig). Sporane vert spreidde med

vassprut. Fig. 1 er eit bilete av buksbom som er tatt i eit klyppegrøntfelt i Rogaland. I dette feltet vart det påvist V. buxi hausten 2001.

Plantene var lyse i toppane, sjølv om dei var gjødsla rikeleg. Under ein del misfarga blad vart det funne eit oransje til beige lag med sporar. Fig. 2 syner soppen sine sporar i lysmikroskop.

Tiltak

Infiserte plantedelar må klyppast bort. Pass på å klyppa nokre cm inn på friskt vev for å vera sikker på at det ikkje er sopptrådar (hyfer) igjen på skotet. Klyppinga må skje i tørt vêr for å hindra sporespreiing. Det beste er å gjera dette på ei tid på året som det er for kaldt til sporeproduksjon. Etterjulsvinteren er difor truleg den beste tida. Fjern alt infisert plantemateriale frå feltet.

Fig. 1. Buksbom frå eit klyppegrøntfelt i Rogaland der soppen Volutella buxi vart funnen i 2001.

Foto: V. Talgø

Soppsjukdom

Samandrag

Soppen Volutella buxi er registrert som skadegjerar på buksbom i Rogaland. Toppskota på plantene vert lyse, sjølv om ein har gjødsla rikeleg. Seinare vert blada gule til bronsefarga. Skot kan dauda.

Summary

Volutella buxi was identified on Buxus in Rogaland, Norway in 2001. Infected leaves change colour to yellow or bronze and dieback on top shoots have been observed.

(2)

Talgø, V. & A. Stensvand. 2003. Volutella buxi. Grønn kunnskap e7(101Ø):1-2 2

Vol.7 Nr.101Ø - 2003

I hagar, parkar og anlegg vert buksbom ofte forma. Såra etter slik klypping kan vera inngangsport for Volutella.

Soppen trivest i fuktige, tette bestand. Sørg difor for å planta med god avstand.

I litteraturen vert det sagt alt frå at det ikkje fins effektive kjemisk middel mot denne sjukdomen til å tilråda sprøyting med kopar- eller mankozeb-preparat. Det er berre kopar- preparat som er tillatt i klyppegrøntkulturar i Noreg.

Fig. 2. Sporar av soppen Volutella buxi som vart funne under misfarga blad av buksbom frå eit felt i Rogaland i 2001. Foto: E. Fløistad

Prosjekttittel: Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen (2001-2003) Finansiering: SND, NGF, eigeninnsats

Styringsgrupppe:

Harald Rømuld (prosjektansvarleg), Norsk Pyntegrønt Terje Pundsnes (leiar for styringsgruppa), Pyntegrøntringen Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund Morten N. Andersen, Det Norske Skogselskap

Tønnes Straum, produsent Arne Stensvand (fagleg ansvarleg) og Venche Talgø, Planteforsk Plantevernet

Kjem som vedlegg til Norsk Pyntegrønt hausten 2004

ISBN 82-479-0452-7

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

For vi ønsker at Døves Blad skal gjenspeile det som skjer i døve- kirkene i Norge, og også vise de visjoner vi har for arbeidet i fremtiden.. Visjonene skal opp på

Noen døve kom sammen med døveprest Roar fra Oslo, men de fl este kom fra Drammensområdet.. Soknepresten i Strømsgodset, Dag Arne Roum, og døveprest Roar Bredvei

* Og vi som var til stede i Oslo Dø- vekirke disse dagene i august fikk se en ung kirketjenervikar som raskt måtte gå fra den ene oppgaven til den andre: Søndagen var det å lese

Når vi skal velge menighetsråd handler det også om dette: at vi tar ansvar sammen.. Vi har et felles ønske om at vi får menighetsråd til beste

Men vi kan tenke oss retreat for døve hvor vi ikke snakker sammen, Vi har spurt tre døve døveprester i England, som selv har hatt befatning med retreat om hva de tenker om

I år er det ikke noen ungdomsleir i regi av Døvekirken, men i stedet inviterer vi alle over 11 år – også de som ikke er speidere til å være med. Dersom ditt distrikt i

Ofte vil det også være vanskelig å vite akkurat hvor mye av underveisinvesteringene som er erstatning av utslitt utstyr og ikke gir grunnlag for effektforbedring

operasjonalisere. Det finnes foreløpig ikke et fullverdig forslag til hvordan et slikt rammeverk skal utformes og implementeres i organisasjoner og systemer. Forsøkene danner ikke et