• No results found

Strasseria geniculata

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Strasseria geniculata"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vol.7 Nr.101Z - 2003

Strasseria geniculata

Venche Talgø og Arne Stensvand, Planteforsk Plantevernet

[email protected]

Vertplanter

Strasseria geniculata vart funnen på ei buskfuru (Pinus mugo var. mughus) med sterkt nålefall i 2001. Denne furua står inne på området til Norges landbrukshøgskole (NLH).

Vi kjenner ikkje til at Strasseria er påvist tidlegare i Noreg.

Denne soppen er kjent frå mange ulike furuartar (Pinus spp.) i Australia, New Zealand, Austerrike, Canada, Tyskland, Nederland, Romania, England og tidlegare Sovjetunionen. Til dømes er det store skogsområde på New Zealand der Pinus radiata står med gulbrunt bar.

Hovudskadegjeraren ser der ut til å vera Strasseria.

Frå USA er det rapportert at Strasseria geniculata fører til lagerråte på dyrka tranebær (Vaccinium macrocarpon).

Symptom og biologi

Symptoma kjem fyrst til syne som gule eller raude flekkar både på over- og undersida av nåler. Nokre gonger vil det vera tverrgåande, gule striper. Det er flest sporehus (pyknidar) om hausten, men ein kan også finna dei om våren. Sporehusa er mørkebrune til svarte og ligg litt nedi plantevevet. På prøven frå NLH, var det flest sporehus på oversida av nålene, men også nokre få på undersida. Det er rapportert om opp til 50 sporehus per nål.

Infiserte nåler vert nekrotiske (raudbrune), og ein vil ofte sjå nålefall av 2. års nåler om hausten. I fuktig vêr vert nålene på dei nedre greinene infiserte frå dei smitta nålene som ligg på bakken. Sporane vert spreidde med vassprut. Som Fig. 1 syner, er det berre fjorårsnåler att på dei nedre greinene på den infiserte furua på NLH, men generelt såg

denne furua friskare ut då biletet vart teke i mars 2004 enn i 2001. Sporane har eit typisk vedheng (Fig. 2). Strasseria geniculata er ein av fleire soppartar som kan føra til sjukdom på skotspissar på småplanter (1-3 år gamle).

Infiserte skot bøyer seg nedover, tørkar opp og vert brune. Som regel vert toppskotet angrepe før sideskota. Heile plantene kan dauda. Strasseria vert rekna som farlegare enn soppane gråskimmel (Botrytis cinerea) og Sphaeropsis sapinea (jf. nr. 101E og 101Y i denne publikasjonsserien), men er ikkje så utbreidd som dei to sistnemnde. I såbed opptrer Strasseria som regel flekkvis.

Denne soppen er ein av dei mest vanlege blåvedsoppane i fuktig tømmer.

Fig. 2. Nedre greiner på buskfurua (Pinus mugo var.

mughus) der det i 2001 vart funne mykje sporehus og sporar av Strasseria geniculata. Biletet er tatt i mars 2004 og syner at det stort sett berre finst knippe med fjorårsnåler. Eldre nåler har ramla av.

Foto: V. Talgø

Soppsjukdom

Samandrag

Strasseria geniculata vart funnen på ei furu med sterkt nålefall på området til NLH i 2001. Frå utlandet er det kjent at denne soppen kan vera problematisk på småplanter. På tømmerstokker er dette ein av fleire blåvedsoppar.

Summary

Strasseria geniculata was identified in 2001 on a sample taken from a pine tree in south eastern Norway. Strasseria

geniculata is known to cause dieback on pine seedlings from countries around the world. This fungus is also reported to give blue stain in timber.

(2)

Talgø, V. & A. Stensvand. 2003. Strasseria geniculata. Grønn kunnskap e7(101Z):1-2 2

Vol.7 Nr.101Z - 2003

Fig. 3. Sporar av soppen Strasseria geniculata som vart funnen på ei furu på NLH i 2001. Sporane har eit karakteristisk vedheng som er om lag like langt som sjølve spora (sjå innfelt, forstørra bilete oppe til høgre). Foto: E. Fløistad

Tiltak

Det vert ikkje tilrådd spesielle tiltak på større tre i det som er av litteratur om denne soppen. Truleg vil det hjelpa å fjerna mest mogeleg av smitta nålene som fell på bakken.

Oppstamming (fjerning av dei nedre

greinkransane) vil også gjera det luftigare og vanskelegare for soppen å spreia seg oppover i trea, men som regel ynskjer ein ikkje å stamma opp buskfuru.

I planteskular ser det ut til at planter som er stressa på grunn av lite vatn eller næring er mest utsette for angrep. Planter som er såra, til dømes under prikling, vert lettare infiserte enn planter som ikkje er skadde. I veksthus vert det tilrådd bruk av saktegåande vifter for å få til god lufting.

Prosjekttittel: Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen (2001-2003) Finansiering: SND, NGF, eigeninnsats

Styringsgrupppe:

Harald Rømuld (prosjektansvarleg), Norsk Pyntegrønt Terje Pundsnes (leiar for styringsgruppa), Pyntegrøntringen Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund Morten N. Andersen, Det Norske Skogselskap

Tønnes Straum, produsent Arne Stensvand (fagleg ansvarleg) og Venche Talgø, Planteforsk Plantevernet

Kjem som vedlegg til Norsk Pyntegrønt hausten 2004

ISBN 82-479-0450-0

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Dersom materialet er et tilfeldig utvalg, synes den økte innleggelsesrisikoen å være signifikant for gruppe II (p<0,05) og gruppe II (p<0,01) menn.. Det er mulig at denne

Aabel gleder seg like fullt til å komme hjem til Norge igjen for å ha praksis, det ungarske språket har bydd på utfordringer i møte med pasienter: – ungarsk er et veldig

Vi skriver år 2000 og undrer oss over at en del lungeleger fortsa foretrekker å nedtone betydningen av røyking (aktiv som passiv) som hovedårsak til kronisk obstruktiv lungesykdom

I arbeidet med å utforme forskningsoppgaven oppgav hele 86 % av kandidatene at de mente at veileder har spilt en viktig (38 %) eller svært viktig (48 %) rol- le.. Interessen

Skal den frie ordning som eksisterer i dag, bare fortsette å gJelde, eller regner man med å få tílfredsstillende for- skrifter før 1. Som det står Í denne

Faren er, at patienten blot kommer til at føle sig mere alene i sin magtesløshed og angst, hvis han ikke samtidig får vished for, at du accepterer hans vrede og vil hjælpe, fx

undervisning være høyt gjennom hele studiet (fig 1b). Særlig i starten og slu en av studiet var det e er planen en stor andel studentstyrt undervisning.. Figur 1 Prosentvis bruk

Dersom materialet er et tilfeldig utvalg, synes den økte innleggelsesrisikoen å være signifikant for gruppe II (p<0,05) og gruppe II (p<0,01) menn.. Det er mulig at denne