• No results found

Nectria spp.

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Nectria spp."

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vol.7 Nr.101S - 2003

Nectria spp.

Venche Talgø og Arne Stensvand, Planteforsk Plantevernet

E-post: [email protected]

Vertplanter

I Noreg er raud vortesopp (Nectria cinnabarina) registrert på ei rad ulike grøntanleggsplanter.

I prosjektet ”Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletre- produksjonen” (klyppegrøntprosjektet) er Nectria sp. registrert på koloradoedelgran (Abies concolor), fjelledelgran (Abies lasiocarpa) og kristtorn (Ilex aquifolium).

I nordvestre delar av Nord Amerika og Europa er det kjent at Nectria fuckliana fører til kreftsår og daude parti på koloradoedelgran.

Fig. 1 syner raude Nectria-sporehus som vart funne på daud bark på ein prøve av

koloradoedelgran frå Rogaland.

Symptom og biologi

På lauvtre ser ein som regel mest symptom tidleg på sommaren. Årsskota ser sjuklege ut, og blada vil etter kvart dauda. På bartre kan soppen ringa tynne kvistar og føra til brunt bar. På barken på både bar- og lauvtre kan ein finna lett synlege, raude sporehus. Barken sprekk ofte opp (sjå Fig. 2) og det kan dannast kreftsår.

Nectria har to ulike sporetypar (askosporar og konidiesporar). Askosporane (kjønna/perfekt stadium) vert danna i mørkeraude sporehus (periteciar). Periteciane ligg som regel fleire saman i klumpar (jf. Fig. 1). Konidiesporane (ukjønna stadium) vert danna i bleikraude, vorteliknande puter (sporodochia). Fig. 2 syner ein greinbit frå ein søtmispelhekk (Amelanchier sp.) som er full av Nectria- sporodochia. Nectria kjem ofte inn i sår som vert danna når ein skjer hekkar. På daude greinparti i skorne hekkar er det vanleg å finna begge sporehustypane. Soppen overvintrar som eit nettverk (mycel) av sopptrådar (hyfer) eller som sporehus (begge sporehustypane). Askosporane spreiast med

vind, medan konidiesporane spreiast med vassprut. Sporespreiinga skjer i fuktig vêr gjennom heile vekstsesongen.

Fig. 1. Sporehus av Nectria på koloradoedelgran (Abies concolor) frå Rogaland. Biletet er tatt av tørka herbariummateriale. Foto: E. Fløistad

Fig. 2. Sprukken bark og sporehus (sporodochia) av Nectria sp. på ei daud kvist frå ein søtmispelhekk (Amelanchier sp.). Foto: E. Fløistad

Soppsjukdom

Samandrag

Ulike artar innan soppslekta Nectria er vanleg på mange ulike grøntanleggsplanter her i landet. Både bar- og lauvtre kan verta angrepne, og då særleg etter at plantene er såra ved skjering/klypping. Soppen kan gi sprukken bark og kreftsår.

Summary

Various species of Nectria cause canker and dieback on a number of conifer and broad leaved woody ornamentals in Norway, especially after pruning.

(2)

Talgø, V. & A. Stensvand. 2003. Nectria sp. Grønn kunnskap e7(101S):1-2 2

Vol.7 Nr.101S - 2003 Fig. 3 syner askosporar frå kristtorn. Arten på

kristtorn er truleg Nectria aquifolium.

Fig. 3. Askosporar av Nectria frå kristtorn (Ilex aquifolium) frå Rogaland. Her er sporane forstørra opp så mykje at det vert synleg at dei har eit tverrband (septa) som deler kvar spore i to. Truleg er dette sporar av arten Nectria aquifolium. Foto: E. Fløistad

Tiltak

Angrepne greiner bør fjernast og klyppast godt under angrepspunktet (5-10 cm). Frå

Tyskland vert det tilrådd at dette arbeidet berre vert utført i tørt vêr om sommaren (hindrar sporespreiing). Eventuelt kan ein ta ut greiner med sporehus før veksten tek til om våren.

I planteskular må alt infisert plantemateriale destruerast. Vidare er det viktig at plantene vert haldne i jamn, god vekst. Frå Tyskland er det rapportert at priklingsfasen er kritisk. Den minste uttørking av røter ved prikling aukar faren for angrep.

Prosjekttittel: Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen (2001-2003) Finansiering: SND, NGF, eigeninnsats

Styringsgrupppe:

Harald Rømuld (prosjektansvarleg), Norsk Pyntegrønt Terje Pundsnes (leiar for styringsgruppa), Pyntegrøntringen Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund Morten N. Andersen, Det Norske Skogselskap

Tønnes Straum, produsent Arne Stensvand (fagleg ansvarleg) og Venche Talgø, Planteforsk Plantevernet

Kjem som vedlegg til Norsk Pyntegrønt hausten 2004

ISBN 82-479-0443-8

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Driftsoverskotet frå jordbruket utgjorde 46 prosent av familiens samla inntekter i middel for bruka frå Agder og Rogaland andre bygder, ein auke på 3 prosentpoeng

I perioden 1994-1999 utførte Norsk institutt for skogforskning (Skogforsk) (nå Norsk institutt for skog og landskap) intensiv overvåking på utvalgte steder i bjørkeskog i

Figur 3 Koloradoedelgran (Abies concolor) med oppsprukken, litt innsokken bark og kvaeutfl od etter angrep av Nectria sp.. Under

J•'jærvoll, Karl: Melding frå stat-ens forsøksgård på Holt for 1934.. Uverud, Helge: Melding frå saueals- og beiteutvalet

Utregninger viser også at de nærmeste flater til Kårstøanlegget ikke skiller seg ut med nevneverdig mindre tilvekst i forhold til kronetetthet, i perioden 1998-2007 i

I 2018 vart totalt 130 prøvar av jord frå importerte grøntanleggsplanter analyserte for nematodar og Phytophthora spp.. i OK-programmet «Nematoder

Bitar av kristtornblad (Ilex aquifolium) er her lagt på kunstig vekstmedium (agar) og som biletet syner, er det vekst av Fusarium avenaceum (raude sopptrådar/hyfer) frå

Driftsoverskotet frå jordbruket utgjorde 40 prosent av familiens samla inntekter i middel for alle bruka frå Agder og Rogaland andre bygder, ein nedgang på 5 prosentpoeng