• No results found

Faggrunnlag for dvergålegras

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Faggrunnlag for dvergålegras"

Copied!
42
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Faggrunnlag

for dvergålegras (Zostera noltei)

Oktober 2014

(2)

Forord

Verda opplever eit stadig raskare tap av biologisk mangfald. Det er ei utbreidd oppfatning at det globale tapet av biologisk mangfald i dag er så omfattande at det etter kvart vil undergrave moglegheita for ei berekraftig utvikling. Ein reknar med at totalt 125 artar har døydd ut i Noreg dei siste 200 åra, medan 2398 artar er klassifisert som truga (Norsk raudliste for artar 2010).

Noreg har som mål å stanse tap av naturmangfald for å sikre at økosystema i 2020 er velfungerande og leverer nødvendige økosystemtenester. På oppdrag frå

Miljøverndepartementet utarbeidar Miljødirektoratet faggrunnlag for artar og naturtypar som vurderast som aktuelle kandidatar til å bli fremma som prioriterte artar og utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Arbeidet med å prioritere artar gjerast for å nå målet om å stanse tapet av naturmangfald, og er òg eit virkemiddel for å nå forvaltningsmålet for artar i

naturmangfaldlova § 5, som er at artane og deira genetiske mangfald takast vare på lang sikt og at artane finst i levedyktige bestandar i sine naturlige utbreiingsområde.

Grunnlaget for del 1 og 3 av faggrunnlaget er utarbeidd av professor Anders Lundberg ved Universitetet i Bergen. Han har også tatt alle bileta i dokumentet. Del 2 er uarbeidd av Fylkesmannen i Hordaland i samarbeid med Miljødirektoratet. Fylkesmannen har hatt det praktiske ansvaret for utarbeiding av faggrunnlaget og vil ha det vidare ansvaret for å

koordinere oppfølginga. Miljødirektoratet har oppdatert og ferdigstilt faggrunnlaget i oktober 2014.

Signe Nåmdal Avdelingsdirektør

Industri- og havavdelinga

(3)

Innhold

Forord... 2

Samandrag... 5

1 Del I: Naturfaglig utredning... 7

1.1 Innleiing... 7

1.2 Biologi og økologi... 8

1.2.1 Systematikk... 8

1.2.2 Morfologi og reproduksjon... 8

1.2.3 Habitat og substratkrav... 9

1.2.4 Økologisk funksjon... 11

1.3 Utbreiing og bestandsutvikling... 12

1.3.1 Global utbreiing... 12

1.3.2 Utbreiing i Noreg... 13

1.3.3 Status på Norsk raudliste for artar 2010... 18

1.4 Påverknadar... 18

1.4.1 Øydelegging av habitat (utbygging/utfylling)... 18

1.4.2 Mekanisk slitasje... 18

1.4.3 Beiting frå knoppsvaner... 19

1.4.4 Stranderosjon... 19

1.4.5 Forureining, overgjødsling og nedslamming... 20

1.5 Iverksette tiltak og arbeidet etter handlingsplan... 21

2 Del II: Juridisk, administrativ og økonomisk vurdering... 23

2.1 Prosess og saksgang... 23

2.2 Naturmangfaldlova (eksisterande verkemiddel)... 23

2.2.1 Generelle føresegner om berekraftig bruk... 23

2.2.2 Uttak av plantar... 24

2.3 Plan- og bygningslova... 24

2.4 Vassforskrifta... 26

2.5 Fiskerisektoren sine verkemiddel (Fiskeridirektoratets omtale)... 26

2.6 Forureiningslova... 27

2.7 Naturmangfoldlova (nye verkemiddel)... 28

2.7.1 Utvalde naturtypar... 28

2.7.2 Områdevern... 29

2.7.3 Prioriterte artar... 30

2.8 Konklusjon – juridiske og økonomiske verkemiddel... 31

2.8.1 Samla vurdering av eksisterande og nye verkemiddel... 31

2.8.2 Vurdering av miljøprinsippa i nml. §§ 8-12... 32

2.9 Økonomiske og administrative konsekvensar... 33

2.9.1 Konsekvensar for grunneigarar og rettshavarar... 33

2.9.2 Konsekvensar for forvaltninga... 33

3 Del III: Handlingsplan... 35

3.1 Innleiing... 35

3.2 Målsetting... 35

3.3 Informasjon... 35

3.4 Skjøtsel/restaurering... 36

3.5 Tiltak mot forureining... 36

3.6 Ex situ-bevaring... 36

3.7 Kartlegging... 36

(4)

3.8 Overvaking... 37

3.9 Forsking... 37

3.10 Prioritering av tiltak... 38

3.11 Samordning av tiltak... 38

3.12 Tids- og kostnadsplan... 39

3.13 Datalagring og datatilgang... 39

Referansar... 40

Vedlegg – framlegg til forskrift om dvergålegrasZostera noltei som prioritert art... 42

(5)

Samandrag

Dvergålegras er ein sørleg, varmekjær art og førekomstane i Noreg er dei nordlegaste i verda.

Blomsterplanten dvergålegras står på Norsk rødliste for arter 2010 og er klassifisert som sterkt truga (EN). Arten er også raudlista i Sverige og langs den tyske Austersjøkysten. Artar som veks ved yttergrensa for totalutbreiinga deira er spesielt sensitive for klimaendring og andre endringar i miljøet og dvergålegras er derfor ein viktig miljøindikator.

Dvergålegras er i Noreg utelukkande knytt til fjørevekslingssona på beskytta, langflate leirstrender med salt- eller brakkvatn. Arten krev ikkje salt, men toler låge konsentrasjonar.

Plantene er små og heilt neddykte ved normal flod, men blir blottlagde ved normal fjøre.

Heile arten sin livssyklus er knytt til livet i sjøen - pollinering, frøsetting, frøspreiing, spiring av frøplanter og utvikling til vaksne planter med røter, blad og blomstrar. Dvergålegras har evne til å ta opp, omdanne og uskadeleggjere overskot av næring som blir tilført grunne, marine våtmarksområde. Arten har derfor ein viktig funksjon i det marine økosystemet i dagens samfunn.

Dvergålegras er i Noreg kjent frå tre område: Oslofjorden i vid tyding, Rogaland og

Sunnhordland. I Europa elles er han knytt til strender i Vest-Europa, frå vestkysten av Sverige til Portugal, og han er spesielt talrik i Middelhavet. Han er også kjent frå Svartehavet og Kaspihavet. Dvergålegras er kjent frå totalt 23 lokalitetar i Noreg og av desse er 13 kjente som intakte i dag, seks er forsvunne og fire har enno ukjent status. Arbeidet har brakt kunnskapen om kor arten finst, kor den har forsvunne, kvifor den har forsvunne, om miljøforhold på voksestadene osb., eit godt stykke vidare.

Utbygging og utfylling i strandsona (industri, småbåthamner, veg), mudring, sterk

forureining, nedslamming og andre tekniske inngrep har gjort at dvergålegras har forsvunne mange stader i Europa. Beiting frå knoppsvaner har vært sett på som et mulig problem. Sidan 2009 er det framkome kunnskap som tyder på at det enkelte gonger er nok med ein av desse faktorane mens det andre gonger er fleire skadelege faktorar som bidrar saman.

Handlingsplanen har som mål å sikre levedyktige populasjonar av dvergålegras på alle attverande lokalitetar i Noreg. Virkemidlar for å få dette til er å sikre arten gjennom naturmangfoldlova og anna lovverk.

Miljødirektoratet har vurdert ein rekkje juridiske virkemiddel og kome til at det er trong for nye verkemiddel i tillegg til dagens eksisterande; utpeiking som prioritert art etter

naturmangfaldlova er det mest eigna i så måte. Faggrunnlag del 2 gir en oversikt over juridisk, administrativ og økonomiske konsekvensar ved et eventuelt vedtak om dvergålegras som prioritert art.

Del 3 av faggrunnlaget er ein vidareføring av tiltak i handlingsplan som ble sendt på høring hausten 2009 og gitt ut som DN-rapport 2010-1 Handlingsplan for dvergålegras(Zostera noltei) i Noreg. I faggrunnlaget som vart sendt på høyring hausten 2013 i samband med at arten vart forslått som prioritert art, var tiltaka noko revidert med behov for vidareføring og med nye tiltak. Planen har og ført til meir kunnskap om artens utbreiing og truslar. Dei viktigaste trusselfaktorane er nedbygging og utfylling, nedslamming, erosjon og forureining/eutrofiering.

(6)

Eit tiltak som var planlagt og litt kjent, men som ikkje vart satt i verk i 2013, var flytting av dvergålegras i samband med utviding av fylkesveg 509 ved Sømmevågen i Hafrsfjord ved Sola flyplass i Sola kommune. Det viste seg at vegplanen ikkje omfatta dvergålegraset.

Lokaliteten dei skulle flyttast til, Leirberg, vart etablert som planlagt. Denne er no eigna for dvergålegras utan at ein veit noko om naturleg ny-etablering så langt. Vegvesenet sto for dette tiltaket.

Del 3 i faggrunnlaget, som er handlingsplanen, presenterer ei prioritering av dei tiltaka det er gjort framlegg om, ein tidsplan og eit overslag over kostnader. Planen legg opp til eit

samarbeid mellom den offentlege miljøforvaltninga på alle nivå (stat, fylke, kommune), grunneigarar, forskingsmiljø og frivillige organisasjonar. Fylkesmannen i Hordaland vil ha ansvaret for å samordne arbeidet med å følgje opp tiltaka i planen.

Det blir presentert ein tidsplan for tiltak og overslag over kostnader.

Forslag til forskrift er lagt ved (vedlegg 1).

(7)

1 Del I: Naturfaglig utredning 1.1 Innleiing

Dvergålegras (Zostera noltei)er ikkje eit gras som det norske namnet kan indikere, men inngår i slekta ålegras (Zostera)i ålegras-familien (Zosteraceae). Alle artane i familien er fleirårige, marine planter som veks neddykka i sjøen (saltvatn eller brakkvatn).

Dvergålegraset veks på leir –eller fin sandbotn i grunne beskytta bukter med brakkvatn og kan danne undersjøiske enger som vert frilagde ved fjøre.

Blomsterplanten dvergålegras står på Norsk rødliste for arter 2010 og er klassifisert som sterkt truga (EN). Artsdatabanken har vurdert den som sterkt truga fordi den har hatt sterk

tilbakegang, som kan fortsette, fordi utbreiinga er blitt fragmentert, og fordi dei aktuelle naturtypane er utsette. Arten er strengt knytt til havstrand med finkorna botn, ofte leirhaldige bukter, –brakkvassviker og pollar –og som er beskytta mot grov sjø.

Vegetasjonstypen som dvergålegras inngår i blir rekna som akutt truga i Noreg (Fremstad &

Moen 2001). Gruppa med status sterkt truga er artar som har svært høg risiko for å døy ut.

Tilbakegangen kan direkte eller indirekte ha samanheng med menneskeleg påverknad.

Dersom tilhøva som er årsak til tilbakegangen held fram, vil ein sterkt truga art gå over i gruppa kritisk truga. Førebels gjeld ikkje det dvergålegras, men tendensen er negativ og det krev tiltak. Dvergålegras er difor plukka ut til å verte vurdert som prioritert art etter

naturmangfaldlova.

Artsdatabanken og Universitetsherbaria i Oslo og Bergen er viktige kjelder til kunnskap om førekomst og utbreiing av dvergålegras i Noreg. Dei fylkesvise undersøkingane av havstrand utgjer ei anna viktig kjelde til informasjon om tilstand og utviklingstrekk, jf. rapportar frå Søraustlandet (Lundberg & Rydgren 1994a, b) og Hordaland (Lundberg 1989, 1992). Når det gjeld situasjonen i Rogaland, støttar handlingsplanen seg til delvis upublisert materiale frå havstrand (Lundberg upubl.) og informasjon frå John Inge Johnsen (Miljøvernavdelinga, Fylkesmannen i Rogaland) og frå Svein Imsland i Norsk Botanisk Foreining, avd. Rogaland.

Andre kjelder til kunnskap om arten er miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen i Østfold, Akershus og Vestfold. Oppfølging av tiltak skissert i handlingsplan frå 2010 har gitt auka kunnskap og er tatt med i dette dokumentet (kjelde årsrapport for 2009, 2010, 2011, 2012, midtveisevaluering 2012, årsrapport 2013 (Lundberg 2013 a) og ein artikkel av Lundberg i Tisskriftet Blyttia (Lundberg 2013b).

(8)

Figur 1.Dvergålegras i Bergsevjo i Strandebarm, Kvam herad i 2009, på verdas nordlegaste veksestad. Foto: Anders Lundberg.

1.2 Biologi og økologi

1.2.1 Systematikk

Dvergålegras inngår i slekta ålegras i ålegras-familien. Alle artane i familien er fleirårige, marine planter som veks neddykka i sjøen (saltvatn eller brakkvatn).

I den mest brukte norske floraen (Lid 1944 og seinare utgåver) blir det rekna med to artar ålegras i Noreg, vanleg ålegras (Zostera marina)og dvergålegras. I tillegg har det lenge vore kjent (Blytt 1861; Blytt 1906, Tutin et al. 1980) at det også finst ei form med blad som er smalare enn hos vanleg ålegras og som også skil seg på andre måtar. Denne har i andre land lenge vore kjent som Zostera angustifolia. I siste utgåve av Norsk flora (Lid & Lid 2005) har denne blitt akseptert som eigen art også i Noreg, med norsk namn smalt ålegras. I

Artsdatabanken er arten omtalt som smalålegras.

1.2.2 Morfologi og reproduksjon

Alle artane i ålegrasfamilien har krypande rhizom (jordstenglar) med lange internodier (ledd), med to eller fleire ugreina røter ved kvar node (figur 2). Rhizoma har to funksjonar, ein festefunksjon og ein funksjon for næringsopptak frå substratet. Artane i familien har korte skot med linjeforma, mjuke blad med samanpressa, omsluttande slire. Blomsterskota er laterale (sidestilte) eller terminale (endestilte).

Blomsterstanden er eit torada aks som sit i ei hylse innanfor slira på eit stort støtteblad (figur 2). Hannblomstrane har ein pollenberar og hoblomstrane har ein fruktknute med ein griffel og

(9)

det ei tilpassing til pollinering i vatn. Frukta er ei nøtt, avlang, utan stilk, med nebb. Nøttene blir spreidde med straumar som bidrar til spreiing av arten.

Skiljeteikn mellom dei tre artane av ålegras som finst i Noreg, er at vanleg ålegras oftast har minst 50 cm lange blad som er 3-10 mm breie, med fem nervar og som er avrunda i toppen.

Dvergålegras har langt kortare blad, om lag 10 cm lange, 0,5-1,5 mm breie og med ei nerve og hakk i toppen. Smalt ålegras har blad som er om lag 15 cm lange, 1,5-2 mm breie, med tre nervar. Oppgitt mål for lengde og breidde er basert på norsk materiale. Plantar frå sørlegare delar av Europa av kan ha blad som er lengre og breiare. Habituelt minner smalt ålegras om ei stor utgåve av dvergålegras. Dvergålegras har rund stengel, vanleg ålegras har flat stengel.

Dvergålegras har også eit spesielt skjel, ”retinaculum”, utanfor kvar støvberar. Dette svarar til dei falske blomsterdekkblada som også finst hos tjørnaks, som dei står nær. Bladslirene hos dvergålegras er opne, ikkje lukka som hos vanleg ålegras.

Holmboe (1922) observerte blomstringa av dvergålegras på Stord og Huglo. I slutten av juni var blomstringa enno ikkje komen i gang, men i slutten av juli og 10. august var det rik blomstring og på mange planter var fruktene då langt utvikla. Hootsman, Vermaat & Van Viersen (1987) undersøkte blomstring i Nederland og dei fant at blomstringa starta i slutten av juni og held fram til slutten av september. Dette indikerer at blomstringa startar noko seinare hos oss enn lenger sør i Europa, og dette er som venta for ein sørleg, termofil art. Spreiinga av frø skjer med straumar langs kysten.

Figur 2. Dvergålegras teikna av Miranda Bødtker. A: blomsterstand, b: del av blomsterstan- den med kantskjel, c: moden frukt, d: forstørra bladspiss. Etter Nordhagen (1970). Copyright:

UiB.

1.2.3 Habitat og substratkrav

Dvergålegras er eit sjøgras som inngår i viktige, men sårbare økosystem i grunne, marine våtmarksområde. Naturleg intakte førekomstar av sjøgras dannar høgproduktive økosystem med produksjon av biomasse som kan samanliknast med mange viktige jordbruksvekstar. Den høge produktiviteten kjem også andre delar av det marine økosystemet til gode, ikkje minst

(10)

for sekundærkonsumentane i økosystemet, slike som planteetarar (herbivorar), nedbrytarar (detritivorar) og mikroorganismar (Touchette 2007).

Dvergålegras lever i hydrolittoralsona, dvs. fjørevekslingssona. Plantane er neddykte på normal flod og dei blir blottlagde på normal fjøre. Dei veks alltid på leirbotn eller sand- og leirbotn, aldri på grus, alltid på beskytta til middels eksponerte, langflate strender. Pollinering skjer i sjøen. Mange stader veks dei tre artane av ålegras i same området, men dei dominerer i kvar si sone. Vanleg ålegras opptrer på djupare vatn, i den sublittorale sona, og er alltid neddykka, mens dvergålegras held til i den hydrolittorale sona. Smalt ålegras har sitt optimum i overgangen mellom dei to sonene, på grunt vatn lengst inne i soneringa saman med

dvergålegras, lenger ute og på djupare vatn saman med vanleg ålegras. Alle ålegrasenger, også dei med dvergålegras, er viktige for stabiliteten i grunne, marine område.

I Noreg veks dvergålegras i område der det ikkje er stor forskjell mellom flod og fjøre. Ved Bergen er forskjellen mellom normal flod og normal fjøre om lag 88 cm, ved Stavanger 29 cm. I Sunnhordland skulle det då vere om lag 65 cm forskjell.

Dvergålegras veks som nemnt på leirbotn og det er vanleg at det er eit lag med anoksiske tilhøve (lag utan luft, men med svoveldioksid) 5-10 cm nede i leira. I Storbritannia opptrer dvergålegras saman med marine smådyr som børstemarkane Scoloplos armiger, Pygospio elegansog fjøremark (Arenicola marina),samt vanleg hjarteskjel (Cerastoderma edule)og austersjøskjel (Macoma balthica)(Connor et al. 2004). Dette er artar som også opptrer langs norskekysten. Fjøremark er t.d. talrik i felt med dvergålegras i Sævarhagsvikjo på Stord (figur 3). I Noreg er dvergålegrasenger undersøkte av Lundberg (1989). Dvergålegras er til vanleg einaste karplante, av og til saman med smalt ålegras (Zostera angustifolia). I tillegg inngår ofte grønalgane grønske (Enteromorpha spp.)og grøndusk (Cladophora sp.)og brunalgane grisetang (Ascophyllum nodosum), blæretang (Fucus vesiculosus)og spiraltang (Fucus spiralis). Brunalgar som opptrer meir spreidd saman med dvergålegras i Hordaland er vanleg finsveig (Dictyosiphon foeniculaceus), Fucus ceranoides, sagtang (Fucus serratus)og kanaltang (Pelvetia canaliculata), samt raudalgen vorteflik (Gigartina stellata), jf. Lundberg (1989).

Figur 3. Dvergålegras opptrer saman med ei rekkje andre marine organismar, t.d. menger av fjøremark som her på den klassiske lokaliteten i Sævarhagsvikjo på Stord. Foto: Anders Lundberg.

(11)

1.2.4 Økologisk funksjon

Ålegras, truleg alle tre artane, har viktige funksjonar i det marine økosystemet. Eit stort miljøproblem i mange marine gruntvassområde er overskot av næring, frå kloakkutslepp, overgjødsling frå jordbruket og andre kjelder. Mange marine estuarier er overbelasta og dette skapar problem for mange artar og organismar som er knytte til grunne saltvass- eller

brakkvassbukter. Dette kan t.d. kome til syne som store konsentrasjonar av grønalgar som veks på botnen eller epifyttisk på andre planter og som stenger for lystegangen (Burkholder, Tamasko & Touchette 2007) eller det kan kome til syne som matter av svovelbakteriar (rosa på farge), slik det t.d. viste seg i Hagabukta i Hafrsfjord under feltarbeid i august 2009.

Planter som har evne til å ta opp overskot av næringsstoff i sjøen, som dvergålegras, har derfor ein viktig funksjon i det marine økosystemet og gjer livet leveleg for mange andre artar. Opptak av næringsstoff inneber til vanleg to ulike trinn, sjølve opptaket og

assimilasjonen (omdanning). Opptak i denne samanhengen er evne til å ta opp næringsstoff frå sjøen eller sjøbotnen til plantecellene; assimilasjon er integrasjonen av næringsstoff i plantenes organiske materiale (Romero et al. 2006). Fleire studiar av ålegras og andre sjøgras viser at både blad og røter har evne til betydeleg opptak av næringsstoff, spesielt ammonium og fosfat. Blad har større evne til opptak enn røter. Undersøkingane indikerer at dvergålegras har spesielt stor evne til å ta opp næringsstoff samanlikna med vanleg ålegras (Romero et al.

2006). Dette viser at dvergålegrasengene der dei finst, spelar ei viktig rolle for funksjonen av marine økosystem.

Også Cabaço et al. (2008) undersøkte tilhøvet mellom opphoping av næringsstoff og

dvergålegras, i eit område i Portugal. Dei fant at opphopinga av næringsstoff i sjøen førte til høgare biomasse av dvergålegras, samt lengre internodier og blad. Dette gjaldt likevel ikkje nærast utsleppskjeldene (270 m frå utsleppskjelda). Det høge innhaldet av ammonium i sjøen nær utsleppskjelda (158-663 μM) gjorde at biomassen sank og at bladlengde og lengda på internodia gjekk ned. Dette indikerer at svært høge konsentrasjonar av ammonium (truleg også andre næringsstoff) verkar toksisk på dvergålegras (Cabaço et al. 2008; Burkholder, Tamasko & Touchette 2007). Ved lågare konsentrasjonar av ammonium, vil dvergålegras kunne ta opp overskot og omdanne det til grønt og friskt plantemateriale. Dvergålegras bidrar såleis til å dempe effektane av forureining og til at områda framleis er levelege for andre marine organismar.

Ålegrasenger har i det heile mange økologiske funksjonar som er viktige for at marine gruntvassområde skal fungere på ein helsemessig og miljømessig god måte. Ein av desse er å fungere som habitat for andre marine organismar og å danne grunnlag for

primærproduksjonen som er basis for økologisk og økonomisk viktige bestandar av reker, skjel og fisk, m.a. kysttorsk. Dette kom spesielt tydeleg fram i 1930-åra då ålegras (alle tre artane) på begge sider av Atlanterhavet blei hardt ramma av sjukdom. Om lag 90 % av bestanden av ålegras i Nord-Atlanteren forsvann og dette hadde katastrofale effektar på produktiviteten i marine gruntvassområde. Fiske etter kamskjel forsvann heilt for mange år og det førte med seg ein dramatisk nedgang i bestanden av ringgås i Europa då arten mista si viktigaste matkjelde i vinterkvartera (Milne & Milne 1951; Moore & Short 2006). Jamvel om vanleg ålegras er ein viktig art i denne samanhengen, har dvergålegras mange av dei same funksjonane. Ranwell & Downing (1959) indikerer at dvergålegras kan vere meir viktig i dietten til ringgås enn vanleg ålegras, då det er mest dvergålegras akkurat på den tida ringgjæsene kjem til overvintringsstadene. Tydelegvis står dvergålegras høgt oppe på preferanselista til ringgjæsene for dei begynner med dvergålegras og et alt dei kan finne av denne før dei fortset med beite på grønske (Enteromorpha spp.) og seinare på strandengene og av og til dyrka mark og beite. Chapman (1979) hevdar at det berre er ålegras som kan gi nok

(12)

dagleg energiforsyning til gjæsene. Ringgås blir regelmessig sett på trekk i Noreg, men ikkje i dei mengdene som overvintrar i Storbritannia. Eit nytt og veksande problem for dvergålegras i Noreg er derimot flokkar av knoppsvane.

Store og tette ålegrasenger har også ein viktig funksjon i høve til kystsikring. Dei er

bølgjedemparar og bidrar i vesentleg grad til mindre erosjon langs strendene. Den dramatiske nedgangen i førekomsten av ålegras på 1930-talet fekk store konsekvensar nokre stader langs kysten, som i Sævarhagsvikjo på Stord. Ei 250 m lang landtunge mellom Sævarhagen og det som i dag er eit skjer, Tyseskjeret, forsvann etter at ålegras-engene utanfor blei desimerte frå 1930-talet (Lundberg 1988). Etter sjukdomen i 1930-åra har ålegraset langs kysten tatt seg sakte, men sikkert opp igjen. Truleg blei også dvergålegras ramma av dette og korleis utbreiing og bestandsutviklinga er i dag, er tema for neste avsnitt.

Hootsmans, Vermaat & Van Vierssen (1987) gjorde spiringsforsøk med dvergålegras i laboratoriet. Dei fant maksimal spiring ved 30 °C og 1,0 ‰ salinitet og at spiringa avtok ved høgare salinitet og lågare temperatur. Frøplanter overlevde best ved 10 °C og 1,0 ‰ salinitet.

Tabell 1 summerer miljøtilhøva på veksestadene til dvergålegras.

Tabell 1.Økologiske faktortal for dvergålegras (etter Ellenberg et al. 1992).

Lys 7 Halvlysplante, oftast i fullt lys

Temperatur 6 Varmekjær

Kontinentalitet 2 Oseanisk

Væte 12 Undervassplante

Reaksjonstal 7 Svakt sur – svakt baserik

Næringstal 5 Næringsrik

Salttal 8 Euhalin, dvs. høg salinitet (1,6-2,2 % Cl-) Livsform Hydrofytt Plante som lever i vatn

Vintergrøn Ja Med grøne blad som overvintrar

1.3 Utbreiing og bestandsutvikling

1.3.1 Global utbreiing

Globalt er dvergålegras utbreidd i Europa og Asia (figur 4). Dvergålegras har ei vid utbreiing i Europa. Han er kjent frå vestkysten av Sverige (Bohuslän og Halland) og Danmark og langs den tyske nordkysten i Schleswig-Holstein. Langs den tyske nordkysten blir arten rekna som svært sjeldsynt. Han er ikkje kjent frå lenger inn i Austersjøen, noko som kan henge saman med at vatnet her er for lite salt. Han finst i Storbritannia og langs vestkysten av fastlands- Europa, innover i Middelhavet, i Svartehavet og i Kaspihavet. Den nordlegaste førekomsten i verda er i Strandebarm i Hordaland, på 60° 17’ n.br.

Totalutbreiinga i Europa fortel at dvergålegras er ein sørleg, termofil (varmekjær) art.

(13)

Figur 4.Den globale utbreiinga av dvergålegras (Zostera noltii). Etter Hulten & Fries (1986).

1.3.2 Utbreiing i Noreg

I Noreg er dvergålegras knytt til den sørlege delen av kysten. Arten har 13 sikre lokalitetar i Noreg i dag. Av desse er seks i område som er verna.

Det første funnet av dvergålegras i Noreg vart gjort av Axel Blytt på Brøndøya i Oslofjorden i 1895, ”paa grundt vand og mudderbund i tusindvis, dannende hele enge på bunden”. Lenge var dette einaste kjende veksestaden for dvergålegras i Noreg. Andre funn i landet blei gjort av Jens Holmboe på Stord og Huglo i 1922 (Holmboe 1922). På Stord fant Holmboe arten i Sævarhagsvikjo og Mjelkevikjo og seinare same sommar i Leira på Huglo. Alle tre stader fortel Holmboe at han fant ”den voksende i største mængde, dækkende store

sammenhengende flater”.

Holmboe kommenterte i 1922 at då dvergålegras var funnen i Oslofjorden og i Sunnhordland, var det grunn til å vente at han også skulle vekse i områda mellom. Dette skulle han snart få rett i, då arten alt året etter blei funnen i Holmsvika i Sande i Vestfold (av Hanna Resvoll- Holmsen i 1923). To år etter Holmboe sine funn på Stord og Huglo fant Torkel Lillefosse dvergålegras to stader i Kvinnherad, først ved Onarheim, seinare i Bjellandshamn, begge ved Husnes. I 1933 fant Lillefosse arten i Bergsevjo i Strandebarm. Holmboe var konservator ved Bergen Museum fram til 1925, då han flytta til Oslo og blei professor i botanikk ved

universitet der. Dermed begynte han å botanisere meir i dei delane av landet og i 1926 fant han ein ny førekomst av dvergålegras, i Rambergbukta på Jeløy i Moss kommune (Holmboe 1930). I 1935 blei dvergålegras også funnen i Reierbukta, på den sørlege delen av Jeløya.

(14)

Seinare blei arten funnen fire nye stader i Vestfold: Bliksekilen ved Tønsberg (1956), Langøya i Re (1960), Hummerbakkfjorden i Brunlanes, Larvik (1990) og i Viksfjorden i Tjølling, Larvik (1993).

John Inge Johnsen gjorde det første funnet i Rogaland i 1997, i Hafrsfjord, Sola kommune og i 2001 fant han også dvergålegras i Førlandsvågen i Tysvær. I seinare år har Svein Imsland funne dvergålegras fleire stader både i Hafrsfjord og i Førlandsfjorden.

Summert kan me seie at dvergålegras i Noreg er kjent frå tre område: Oslofjorden, Rogaland og Sunnhordland. Utbreiinga er såleis boreonemoral. Fråveret av arten på Sørlandet (nemoral sone) har truleg samanheng med mangelen på høvelege veksestader, då strandsona i regionen er dominert av bratte strandberg (Lundberg & Rydgren 1994).

Det er kjent at det finst sesongmessig variasjon i førekomsten av dvergålegras. Ei årsak til dette er at dei synlege delane av plantene i noko grad kan forsvinne under kuldeperiodar om vinteren. Underjordiske rhizom vil likevel vere intakte og plantene kan spire med nye skot og nye blad om våren. I Storbritannia er det rapportert at gjæser kan beite sterkt på enger av dvergålegras og i stor grad redusere førekomsten av arten. Gjæsene beitar helst på dei overjordiske delane av dvergålegras og rhizoma bidrar til vidare overleving (Connor et al.

2004). Også Rodwell (2000) rapporterer om omfattande tap av blada på dvergålegras i løpet av haust og vinter grunna naturleg bladfelling, skade av uvær og beiting av vassfugl. Dei nemner at planter som veks på litt djupare vatn kan vare ved å vere vintergrøne. I motsetnad til hos smalt ålegras skjer ekspansjonen om våren i stor grad med vekst frå rhizoma og frøspiring. Det er ting som indikerer at dvergålegras oppnår maksimal biomasse seinare på året enn vanleg ålegras, i Storbritannia i september-oktober.

I 2012 og 2013 såg det ikkje ut som at verken biomasse eller tettleik på lokaliteten Huglo, Leira på Stord (og den mest talrike lokaliteten i landet), var mindre om vinteren enn om sommaren.

Figur 5-6.Dvergålegras blei oppdaga i den langgrunne bukta Leira på Huglo, Stord kommune, i 1922. Førekomsten er framleis intakt og velutvikla (bilete frå 2009). Foto:

Anders Lundberg.

(15)

Figur 7.Den kjente utbreiinga av dvergålegras i Noreg. Fylte prikkar viser intakte førekomstar, ringar viser utgåtte førekomstar eller ukjent status.

Tabell 2.Oversikt over dei norske lokalitetane for dvergålegras.

Akershus:

Kommune Lokalitet UTM 32V (Ø, N)

Areal Første funn Sist rapportert

Tilstand Vernestatus Merknader

Asker Brønnøya 0586612,

6636674

- 1895 1896 Utgått Ingen

Østfold:

Kommune Lokalitet UTM 32V (Ø, N)

Areal Første funn

Sist rapportert

Tilstand Vernestatus Merknader

Råde Kråkstad

fjorden

0601597, 6582657

Ikkje oppmålt

2002 2002 Intakt Kråkstad

fjorden naturreservat Moss Jeløy Ramberg

bukta

0592495, 6593483

- 1926 1962 Truleg

utgått

Naturreservat Moss Jeløy Reier bukta 0591955,

6588419

- 1935 1935 ? Ingen

(16)

Vestfold:

Kommune Lokalitet UTM 32V

(Ø, N)

Areal Første funn

Sist rapportert

Tilstand Vernestatus Merknader

Sande Holmsbukta 0569864,

6604237

- 1923 1923 ? Landskaps-

verneområde

Re Langøya 0577268,

6596513

- 1960 1960 ? Ingen

Tønsberg Bliksekilen 0585289, 6577181

Ikkje oppmålt

1956 2012 Intakt Bliksekilen naturreservat

Larvik Hummer-

bakkfjorden

0552993, 6537998

6-7da 1990 2011 Intakt Naturreservat

Larvik Vikerøya søndre del

0565822, 6544667

nokre få kvm

1993 2012 Intakt Vikerøya

landskaps- verneområde Rogaland:

Kommune Lokalitet UTM 32V (Ø, N)

Areal Første funn

Sist rapportert

Tilstand Vernestatus Merknader

Sola Sømmevågen,

sørlegaste del av Hafrsfjord like nord for Sola flyplass

0306118, 6533326

1.5da 2003 2013 Intakt Ingen Undervassenger med

tre artar ålegras.

Med utviding av Fv 509 vart det planlagt flytting av planter 2013. Vegplanen omfatta likevel ikkje dvergåle-graset.

Flytting ikkje utført.

Men det er etablert ein erstatnings- lokalitet lenger nord, Leirvågen,der ein håper at ålegraset etablerer seg naturleg.

Sola Strandnesvågen Sørvestleg del Hafrsfjord

0305187, 6534666

12da 1997 2013 Intakt Strandnes-

vågen natur- reservat

En samanlikning mellom utbreiinga for 2012 og 2013 var i stor grad

samanfallande.

Sola ved Kuholmen

Sørvestleg del Hafrsfjord

0305465, 6535052

2da 1999 2011 Intakt Ingen

Sola Øyar vågen 0305826,

6536983

12da 1997 2011 Intakt Hagavågen

natur- reservat

Sola Hagavika 0305508,

6537489

17da 1997 2013 Intakt Hagavågen

naturreservat

To andre voksested i nærleiken, ved bru til Hagøyna og

Øyarvågen.

Tysvær Rønvik nord 0299105, 6587741

Ikkje oppmålt

2010 2010 Fåtaleg Ingen Rønvik midtre, og sør – ingen funn

Tysvær Førlandsvågen 0299838, Ikkje 2001 2010 Intakt Ingen Eutrofiering er

(17)

Haukåsvågen, Høyvikbukta – ingen funn

Hordaland:

Kommune Lokalitet UTM

32V (Ø, N)

Areal Første funn

Sist rapportert

Tilstand Vernestatus Merknader

Bømlo Halvardsvika 0296697, 6624408

- 1936 1936 Utgått Ingen Ikkje funne i 2013.

Sannsynlieg årsak er utfylling/utbygging Stord Mjelkevikjo 0305638,

6633561

- 1922 2009 Utgått

2010.

Tilbakegang frå 2004- 2007-2009.

Naturreservat Ikkje funne i 2013.

Neppe knoppsvane som er årsak, som antyda før, men heller erosjon eller

forureining Stord Sævarhagsvikjo 0305647,

6634522

- 1922 2009 Utgått Ingen Årsak er nok

utfylling/utbyggjing Stord Huglo, Leira 0307368,

6640548 Ikkje oppmålt

1922 2013 Talrik,

voksande 2010-2011

Ingen Er den mest talrike førekomst i Noreg.

Omtrent same utbreiing i 2013 og 2012. Biomassen antakeleg like stor på vinteren.

Kvinnherad Bjellandshamn 0314787, 6637801

- 1924 1924 Utgått Ingen

Kvinnherad Onarheim Bogsnesvågen

0314787, 6637801

- 1924 1924 Utgått Ingen

Kvam Strandebarm, Berge

0334965, 6685162

Ikkje oppmålt

1931 2009 Intakt Ingen

(18)

1.3.3 Status på Norsk raudliste for artar 2010

Dvergålegras er klassifisert som sterkt truga (EN) på Norsk raudliste for artar 2010. (Kriteria B 2 a(i) og b(i, ii, iii, iv, v) – sjå forklaring i tekstboks nedanfor.)

Arten er vurdert som truga fordi han har gått sterk attende, noko som kan halde fram fordi utbreiinga har blitt fragmentert, og fordi naturtypane arten er knytt til, er utsette.

Artsdatabanken har vurdert at <1 % av førekomsten finst i Norge og det er anslått at >90% av lokalitetane er å finne i havområdet Skagerrak –Nordsjøen. Det er vidare antatt at dagens bestand svarer til mellom 10-50% av maksimumsbestanden etter 1900.Dei kan danne undersjøiske enger og »Zostera beds» er som naturtype/habitat kartlagt som utforming under ålegrasenger. Desse er omfatta av internasjonale konvensjonar for naturtypar og habitat, jf Oslo-Paris

konvensjonen (OSPAR Recommendations 2012/4 on furthering the protection and conservation on Zosterabeds).

1.4 Påverknadar

1.4.1 Øydelegging av habitat (utbygging/utfylling)

Strendene som dvergålegras veks på er over heile Europa utsette for utbygging og utfylling og andre former for menneskeleg forstyrring eller påverknad. Grunne bukter blir ofte utsette for utfylling, vegbygging, hamneutbygging, mudring og andre tekniske inngrep som har gjort at dvergålegras mange stader har forsvunne. I Halvardsvika (Bømlo, Hordaland) har det skjedd industriutbygging med bygging av kai anlegg i strandsona og dessutan oppdrettsanlegg like utanfor den grunne stranda. Utbygging/utfylling er også sannsynleg årsak til manglande funn i Sævarhagsvikjo.

Eit tiltak som var omtalt tidlegare ble ikkje satt i verk i 2013. Det var flytting av dvergålegras i samband med utviding av fylkesveg 509 I Hafrsfjord i Sola kommune ved Stavanger.

Vegplanen omfatta likevel ikkje dvergålegraset, men lokaliteten dei skulle flyttast til,

Leirberg, vart etablert som planlagt. Denne er no eigna for dvergålegras utan at ein veit noko om ny-etablering så langt. Men da skal altså dvergålegraset etablera seg naturlig. Vegvesenet sto for dette tiltaket, men faglig ble dette utarbeidd gjennom ei referansegruppe.

Forvaltningsstyresmakta må følgje dette vidare.

1.4.2 Mekanisk slitasje DvergålegrasZostera noltei Hovedkriteria

Geografisk utbredelse B2 - Forekomstareal< 500 km² Underkriteria

a - (i) kraftig fragmentering av forekomstareal

b - pågående reduksjon av (i) utbredelsesområde; (ii) forekomstareal, (iii) kvalitet og/eller areal av artens habitat, (iv) antall lokaliteter eller delpopulasjoner, eller (v)antall reproduserende individ.

Kilde: Norsk rødliste for arter(2010) .

(19)

1.4.3 Beiting frå knoppsvaner

Dvergålegras blir beita av knoppsvaner. Fenomenet er observert fleire stader, m.a. på Stord og i Hagavika i Sola. Fram til 2008 var det to veletablerte førekomstar av dvergålegras på Stord, ein i Sævarhagsvikjo og ein i Mjelkevikjo. Dette er dei klassiske lokalitetane av arten i Noreg og dei har vore kjente sidan 1922. Dei er følgde her år om anna av Anders Lundberg sidan 1987. Nedgangen begynte i 2004 og i 2009 var nokre få blad igjen og dvergålegraset har vore borte frå da av.

Årsaka til den dramatiske tilbakegangen på Stord er ikkje kjent, men med bakgrunn i at knopsvaner etablerte seg i området og at det er kjent at disse beiter på dvergålegras er det vurdert at beitepresset utgjer kan hende eit trugsmål mot dvergålegraset. Under feltarbeid i Hafrsfjord i august 2009 blei det også der observert kraftig beiting av knoppsvaner på dvergålegras og småhavgras. I eit forsøk på å stadfeste eller avkrefte mistanken mot

knoppsvaner blei det i oktober 2010 sett opp eit nettinggjerde omkring dvergålegraslokaliteten i Mjelkevikjo. Håpet var at frø som ev. måtte ligge i strandsedimenta ville spire om dei fekk vere i fred for knoppsvanene. Feltet har vore kontrollert fleire gonger i løpet av 2011, 2012 og det er så langt ikkje sett spor av dvergålegras på staden.

Mistanken mot knoppsvanene som årsak til tilbakegangen for dvergålegras er blitt mindre sidan 2009. Knoppsvanene et dvergålegras, men neppe så mykje at det er årsak til at arten har forsvunne her. I dei åra lokalitetane er blitt undersøkte, har det skjedd ein gradvis endring av miljøet i strandsona. Dvergålegraset veks på marin blåleire, men dette sedimentet er i dag dekt av eit lag med gjørme med markert innslag av organisk materiale som gir eit meir laust feste for rotstokkane (Lundberg 2013b).

1.4.4 Stranderosjon

Ei anna årsak til tilbakegangen for dvergålegras i dei to vikene på Stord kan vere

stranderosjon. Det går tydeleg føre seg ein omfattande stranderosjon og denne er spesielt tydeleg i Mjelkevikjo der det i overgangen mellom den opne leirstranda og fastmarka (strandeng i veksling med svartorstrandskog) er ein om lag 30 cm høg erosjonsskrent.

Stranderosjon har føregått i dette området i mange tiår, men det er mogeleg at han har auka i omfang dei siste åra. Årsaka til dette er ikkje kjent. Truleg er stranderosjonen mest aktiv om vinteren, då sjøvatnet då jamt over står høgare. Det er interessant å legge merke til at slik stranderosjon ikkje skapar problem for dvergålegras på naboøya Huglo. Der er førekomsten i 2011 meir talrik enn nokon gong. Det er vel kjent at stranderosjon kan variere mykje over korte avstandar, m.a. avhengig av korleis stranda er vendt i høve til dominerande straumar, vindretning og trafikk frå båtar.

Den ulike utviklinga av dei tre førekomstane med dvergålegras i Stord kommune viser kor viktig det er med tett og kontinuerleg overvaking for å kunne få kunnskap om endringar i førekomstane (tilbakegang og framgang). På sikt er dette avgjerande for å kunne opparbeide kunnskap om årsakene til endringane, slik at dette kan inkluderast i ein fagleg godt forankra forvaltning.

(20)

Figur 8.Siste rest av dvergålegras i Mjelkevikjo, Stord august 2007. Foto: Anders Lundberg.

Figur 9.Dvergålegras blei funnen i Bjellandshamn i Kvinnherad i 1924, av botanikaren Torkel Lillefosse. Førekomsten er i dag forsvunne. Foto: Anders Lundberg.

1.4.5 Forureining, overgjødsling og nedslamming

Forureining og overgjødsling ser ut til å vere eit trugsmål mot førekomsten av dvergålegras i Noreg. Førekomstane i Halvardsvika på Bømlo og Bjellandshamn i Kvinnherad ser ut til å vere forsvunne på grunn av dette.

Opphoping av næringsstoff bidrar til framveksten av epifyttiske algar som kan hemme veksten av dvergålegras. I Göteborg-området har den introduserte algen Graciliaria vermiculophylla, opphavleg frå Asia, raskt etablert seg i grunne bukter, og kan utgjere eit potensielt trugsmål mot dvergålegras. Algen er ennå ikkje funnen i Noreg, men truleg er det berre eit tidsspørsmål før han dukkar opp her i landet.

Eit anna trugsmål mot dvergålegras er nedslamming. Problemet synest å vere spesielt stort omkring Oslofjorden, og skuldast jordpartiklar som kjem ut i grunne viker og sund via bekkar som renn gjennom opne jordbrukslandskap. Aktivitetar som haustpløying, dyrking heilt ned

(21)

vassplanter i Østfold/Oslofjorden, ikkje minst for hjartetjørnaks i Øra naturreservat, men også for dvergålegras (Jan Ingar Iversen Båtvik pers. medd. 29.11.2009).

1.5 Iverksette tiltak og arbeidet etter handlingsplan

Sidan midlar og dei frivillige tiltaka i handlingsplanen tok til å gjelde i 2010, har ei rad tiltak blitt sette i verk, m.a. kartlegging av kjende førekomstar og nykartlegging. Eitt område har blitt inngjerda for å hindre at dvergålegraset vert nedbeita av knoppsvaner (2010). I eitt område (Mjelkevikjo) vart det sett i verk arbeid for å justere vernegrensa for det tilgrensande naturreservatet Hystad, slik at førekomsten av dvergålegras vert omfatta av verneområdet og verneforskrifta. Dette arbeidet førte ikkje fram ettersom verneføremålet for det verna

edellauvskogsreservatet ikkje let seg sameine med omsyn til dvergålegraset, men førekomsten i Mjelkevikjo bør uansett vere godt sikra ettersom Miljødirektoratet er grunneigar i dette området.

Under er det satt opp en status basert på Årsrapporten for 2012 (Lundberg 2012) med ein midtveis evaluering frå 2012 (Lundberg 2012) og noe justert etter Årsrapporten for 2013 (Lundberg 2013a) og en artikkel i Blyttia (Lundberg 2013b)

Dvergålegras er i dag kjend frå 23 lokaliteter i Norge. Av disse er 13 konstatert intakte i løpet av prosjektperioden.

Arbeidet med handlingsplanen og oppfylginga av den har dokumentert at dvergålegras har hatt en betydelig tilbakegang i Noreg, og ein art med så få førekomstar er svært sårbar for ytterligare tilbakegang

Oppfølginga av handlingsplanen har fått fram kunnskap som er viktig for å hindre vidare tilbakegang. Prosjekt har fått fram hva som er de viktigaste truslane mot dvergålegras her i landet:

o utbygging og utfylling(Sævarhagsvikjo, Halvardsvika, Bjellandshamn), o beiting av knoppsvaner(Stord, Sola),

o For å avdekkje om knoppsvanene kunne vere årsak til at dvergålegras forsvann frå Sævarhagsvikjo og Mjelkevikjo, blei det i oktober 2010 sett opp eit nettinggjerde omkring feltet der dvergålegras hadde vokse. Gjerdet skulle halde beitande fuglar vekke, og håpet var at dvergålegraset skulle kome tilbake. Etter sesongane 2011 og 2012 kan me oppsummere at dvergålegras så langt ikkje har kome tilbake. Mistanken mot knoppsvanene som årsak til tilbakegangen for dvergålegras har dessutan blitt mindre.

o overgjødsling og eutrofiering(Hafrsfjord, Vestfold), muligens Førlandsvågen,Tysnes), o annen forureining(Hafrsfjord),

o nedslamming(Østfold) o stranderosjon(Stord)

Prosjektet har vist at noen gonger er éin bestemt faktor utslagsgivande for artens tilbakegang, andre gonger er det sannsynligvis effekten av den samlade miljøbelastning som er utslagsgivande

Prosjektet har fått fram at undervannsenger har ein viktig funksjon i det marine økosystemet og i kystområda, gjennom deira bølgedempande funksjon (dempar kysterosjon), deira funksjon som oppvekstområde for økonomisk viktige marine

organismar (som reker og torskeyngel), og i kraft av deira spesielle artssamansetning med sjeldne og sårbare artar.

På de stadene dvergålegras er intakt, er artens utbreingsareal kartlagt med GPS (sporingsfunksjon). Dette har gitt nøyaktig stadfesting av førekomstane

(22)

På éin av lokalitetane (Strandnesvågen i Sola) vart det i 2012 utført estimat av

metapopulasjonens tetthet og totale antal, målt i antal skot per kvadratmeter og omregna til antal planter i metapopulasjonen. Dette er det første og foreløpig einaste estimatet av denne typen for dvergålegras i Norge

I Strandnesvågen vart det funnet eit estimert gjennomsnitt på 50-60 planter per

kvadratmeter, og et anslag for metapopulasjonen i hele bukta på ca. 132.000 plantar i 2012P

I prosjektperioden er det undersøkt sju potensielle veksestader for dvergålegras kor arten tidligare aldri har vært ettersøkt, men der det er andre førekomstar i nærleiken, i

Kvinnherad (éin lokalitet) og Tysvær (seks lokaliteter). Dvergålegras vart funne på éin av disse stadene (Tysvær, Rønvik nord)

Dvergålegrasets voksestedstype er undersøkt, og det er avdekka at arten er knytt til langflate finsedimentstrender med finsand, silt og leire

Her har arten sitt optimum i den hydrolittorale sonen. Forekomstene i Vestfold og Østfold har også sitt optimum i denne sonen, men i tillegg synes de å gå noe dypare, til øvre del av den sublittorale sonen. Årsaken til at de går noe dypare i denne delen av landet, kan være større grad av isskuring i vinterhalvåret»

(23)

2 Del II: Juridisk, administrativ og økonomisk vurdering 2.1 Prosess og saksgang

Eit utkast til handlingsplan med frivillige tiltak for å sikre levedyktige populasjonar av dvergålegras vart sendt på høyring hausten 2009. Høyringsfråsegnene vart vurderte og innarbeidde i handlingsplanen mot slutten av 2009. Handlingsplanen, som gjeld for 5 år, vart satt i verk i 2010 med planlagt evaluering av iverksette tiltak i 2014. Denne handlingsplanen har lege til grunn for forvaltinga av dvergålegras på landsplan i 2010 - 2013, og det har vore gjort mykje oppdatering og ny kartlegging desse åra (Lundberg 2010, 2011, 2012, 2013a og 2013b.)

Fylkesmannen i Hordaland har hatt ansvar for å følgje opp handlingsplanen for dvergålegras.

I juni 2010 vart det skipa eit seminar om arten, med aktiv instruksjon i felt, kor alle kommunar som har registrerte førekomstar av dvergålegras, fylkesmennene,

fiskeristyresmaktene og Statens Naturoppsyn, vart inviterte. Handlingsplanen vart

midtvegsevaluert i 2012. Gjennom arbeidet med handlingsplanen har det blitt innhenta mykje kunnskap om dvergålegras, m.a. ny kartlegging (Lundberg 2010, Lundberg 2013b) og

kunnskap om dei viktigaste trugsmåla mot arten. Det har og blitt dokumentert at arten har gått betydeleg attende i Noreg.

I møte 31.1.2011 i Rådgjevande utval for trua arter vart dvergålegras fremja som kandidat til å bli prioritert art utan økologisk funksjonsområde. Medlemene fekk tilsendt eit utkast til

forskrift, saman med utkastet til handlingsplan der dei tidlegare innkomne innspela frå høyringsrunden i 2009 hadde blitt innarbeidd.

I fleire møte mellom Fiskeridirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning, no

Miljødirektoratet, der forvaltinga av marine raudlisteartar og naturtypar vart diskutert, har framtidig status til dvergålegras blitt diskutert. Det har vore semje om at det er naturleg å vurdere alle norske artar av ålegras i samanheng, men at den einskilde art og/eller naturtype må ha særskilte handlingsplanar.

Eit ukast til faggrunnlag for arten vart utarbeidd av Fylkesmannen i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning i 2011. Dette vart oppdatert i 2013 og nå i 2014.

2.2 Naturmangfaldlova (eksisterande verkemiddel)

Naturmangfaldlova (nml.) legg til grunn at naturen skal takast vare på gjennom berekraftig bruk og vern , og inneheld ei rad verkemiddel for å stanse tap av biologisk mangfald.

2.2.1 Generelle føresegner om berekraftig bruk

Forvaltningsmålet for artar er at artane og deira genetiske mangfaldet vert sikra på lang sikt, og at artane skal finnast i levedyktige bestandar i deira naturlege utbreiingsområde, jf. nml. § 5. Så langt det er nødvendig for å nå dette målet, skal ein også ta vare på artane sine

økologiske funksjonsområde og dei økologiske tilhøva dei avheng av, takast vare på.

Etter nml. § 6 gjeld det ei alminneleg aktsemdsplikt, som pålegg kvar einskild (private, offentlege verksemder osb.) å gjere det som er rimeleg for å unngå skade på naturmangfaldet som er i strid med forvaltingsmåla for naturtypar og artar. Aktsemdsplikta gjeld for alle tiltak som påverkar naturmangfaldet, men i utgangspunktet ikkje for aktivitetar som har offentleg løyve. I § 6 ligg ei plikt til å gjere seg kjend med kva for naturverdiar som kan bli ramma, og

(24)

det forventast meir av profesjonelle utøvarar enn av einskildpersonar. Dess sjeldnare og meir sårbare naturverdiar det er som kan bli råka av tiltaket, dess meir vil det vere «rimeleg» å gjere for å unngå skade på naturmangfaldet. Kva som er rimeleg må dessutan vurderast opp mot samfunnsnytta av tiltaket og kva handlingsalternativ som finst. Aktsemdsplikta kan bety at tiltakshavar må avstå frå eit tiltak eller gjere det på ein særskilt måte.

Etter nml. § 7 skal prinsippa i §§ 8 til 12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentlig mynde som påverkar natur, og vurderinga og vektlegginga av prinsippa skal gå fram av avgjerda. Desse prinsippa er følgjande: Krav til kunnskapsgrunnlag, føre-var prinsippet, prinsippet om økosystemtilnærming og samla belasting, prinsippet om at kostnadane ved miljøøydelegging skal berast av tiltakshavar, og prinsippet om at ein skal nytte

miljøforsvarlege teknikk, driftsmetodar og lokalisering.

Miljødirektoratet si vurdering

Forvaltningsmåla og dei miljørettslege prinsippa i nml. kap. II vil få innverknad for

dvergålegras i samband med avgjerder etter nml og anna regelverk som får følgjer for arten.

At prinsippa er retningsliner tyder at dei er omsyn som skal takast, ikkje at dei alltid vil få avgjerande vekt i ei sak til fordel for t.d. dvergålegras. Prinsippa i nml. kap. II vil ikkje bli nytta i samband med tiltak som ikkje krev løyve.

Aktsemdplikta i § 6 vil gjelde ved aktivitetar som kan skade arten og som utførast utan løyve frå det offentlege. Plikta inneheld ei avgrensing knytt til kva som kan krevjast av den

einskilde for å unngå skade på naturmangfaldet (ein skal gjere det som er rimeleg) og brot på plikta kan ikkje straffast.

Etter Miljødirektoratet sitt syn vil bruk av miljøprinsippa og aktsemdplikta åleine i liten grad kunne sikre ein sterkt truga art som dvergålegras.

2.2.2 Uttak av plantar

Hausting og anna utnytting av marine viltlevande planteartar regulerast av havressurslova, jf.

§ nml. 21 fjerde ledd, jf. nml. § 15 fjerde ledd. Sjå omtala av fiskerisektoren sine verkemiddel nedanfor.

2.3 Plan- og bygningslova

Plan- og bygningslova (pbl.) er ei sektorovergripande lov som skal bidra til å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver, og gje grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressursar. I sjø gjeld lova ut til ein nautisk mil utanfor grunnlina, jf. pbl. § 1-2.

Lova pålegg kommunane å ha ein samla kommuneplan som skal innehalde ein samfunnsdel og ein arealdel (arealplan). Arealplanen, som skal gjelde for heile kommunen sitt areal, jf. pbl.

§ 11-5, skal vise hovudtrekka i arealdisponeringa, rammer og vilkår for kva nye tiltak som kan setjast i verk, og kva omsyn som må takast ved arealdisponeringa. Arealplanen er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak.

Val av arealføremål gir kommunane høve til å definere kva slags aktivitetar som i hovudsak er ønska og skal bli tillate i eit område. Arealføremåla landbruks-, natur- og friluftsformål og reindrift (LNFR), grønstruktur, og bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhørande strandsone, er arealføremål som kan nyttast for å ta vare på naturverdiar i m.a. sjø, jf. pbl. § 11-7.

(25)

aktivitet i sonen, jf. pbl. § 11-8. I omsynssoner kan det bli gitt retningsliner for kva omsyn det skal leggjast vekt på etter anna lovgiving der kommunen har forvaltingsmynde.

Pbl. § 11-9 gir kommunar høve til å fastsette generelle føresegner til arealplanen som kan vere viktige for naturmangfaldet, både i form av krav om reguleringsplaner og føresegner om miljøkvalitet, estetikk, natur, landskap og grønstruktur.

Etter lovas § 12-1 skal det utarbeidast reguleringsplan for gjennomføring av større bygge- og anleggstiltak og andre tiltak som kan få vesentlege verknader for miljøet. Det skal i slike høve utarbeidast eit planprogram som skal sendast på høyring. Reguleringsplanen skal utarbeidast av fagkyndige, og i planen kan det bli gjeve reglar m.a. for å ta vare på naturmangfald.

Paragraf 12-7 nr. 6 i lova gir kommunar heimel til å fastsette føresegner i reguleringsplan for å sikre truga og verdifulle naturtypar.

Pbl. § 1-8 inneheld eit forbod mot terrenginngrep (m.a. masseuttak) og oppføring av bygg i strandsona (100 meter frå strandlina). Etter pbl. § 20-1 er det krav om løyve for oppføring av bygg (brygger, småbåthamner) og vesentlege terrenginngrep (t.d. mudring/dumping).

I § 4-2 og kap. 14 i lova er det fastsett reglar om konsekvensutgreiing, m.a. for

reguleringsplanar og tiltak etter anna lovgiving som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, som også omfattar naturmangfaldet, jf. forskrift om konsekvensutredninger av 26.

juni 2009.

Planarbeidet i kommunen er underlagt eit omfattande regelverk som skal sikre at alle aktuelle interesser blir høyrde. Regionale og statlege planstyresmakter skal sjå til at høvesvis regionale og nasjonale mål og omsyn blir tekne. Planframlegg kan bli gjenstand for motsegn, jf. §§ 5-4 til 5-6.

Miljødirektoratet si vurdering

Dvergålegras er neddykte på normal flod og dei blir blottlagde på normal fjøre, noko som vil seie at arten finst utanfor områda som er omfatta av byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen, jf. pbl. § 1-8, som definerer grensa for beltet til å vere 100 meter frå strandlina målt i horisontalplanet ved alminneleg høgvatn. Dette vil seie at det er det planføremålet i planen som gjeld for den einskilde lokalitet med dvergålegras, som er førande for om eit tiltak skal tillatast i område med førekomstar av arten, og om det t. d. skal gis løyve til dumping og mudring (vesentleg terrenginngrep) etter pbl. § 20-1. Viss tiltaket ikkje strir mot plan eller anna heimelsgrunnlag, har ein søkjar rettskrav på løyve etter pbl. til t.d. mudring/dumping etter pbl. § 20-1.

Pbl. sikrar for det første brei medverknad i avgjerder om arealbruk, og krava til

reguleringsplan og konsekvensutgreiing ved tiltak som kan få vesentlege miljøverknader vil i stor grad sikre at truga, verdfullt og kjent naturmangfald vert vurdert i planprosessen. For det andre har kommunane eit verkemiddel for å sikre viktige naturmangfaldverdiar, også i område som vert vedtekne disponert til t.d. utbyggings- eller industriføremål som kan kome i konflikt med desse verdiane.

Å sikre naturmangfald krev vanlegvis langsiktig arbeid, noko som kan vere ei utfordring ved planlegging etter pbl. Ein reguleringsplan gjeld berre så lenge det ikkje er vedteke ein ny plan for området, medan kommuneplanar skal reviderast kvart fjerde år. I utgangspunktet har kommunar gode verkemiddel i pbl. til å ta omsyn til naturmangfaldet i arealplanlegginga og -

(26)

disponeringa. Føresetnaden er at kommunen vel å prioritere omsynet til naturmangfaldet og at dei held fram med denne prioriteringa. Etter Miljødirektoratets syn er ikkje pbl eit godt nok verkemiddel for å ta vare på dvergålegras generelt. For denne arten er det trong for ein strengare og meir stabil sikring enn det pbl. gjev høve til.

2.4 Vassforskrifta

Vassforskrifta, som gjennomfører vassdirektivet i Noreg, har til føremål å sikre ein meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn. Forskriftas miljømål er at det skal vere minst god økologisk og kjemisk tilstand i alt vatn. Miljømålet skal nås gjennom utvikling av klassifiseringssystem og utarbeiding av forvaltningsplanar og tiltaksprogram for dei forskjellige vassregionane. Gjennom karakterisering av

vassførekomstane, skal ein vurdere kva for faktorar som påverkar og vil påverke

vassførekomstane og kva for miljøutfordringar som er dominerande. Vassplanter er eit av elementa som vasskvaliteten målast på, og slår den ut for dåregare enn god miljøtilstand i ein vassførekomst, skal det gjennomførast tiltak, t.d. avrenningskjelda. Tiltaksprogrammet vil innehalde tiltak for å betre vasskvaliteten i vassførekomstane.

Miljødirektoratet si vurdering

Gjennomføring av vassforskrifta vil vere eit viktig verkemiddel for å tryggje overlevinga av dvergålegras i lokalitetar kor han er truga av avrenning. Det blir utarbeidd forvaltningsplanar og tiltaksprogram som vil bidra til betra vasskvalitet i dei områda som har dårleg

miljøtilstand. Alle faktorar som påverkar vasskvaliteten vil bli sette i samanheng, og alle sektorstyresmakter vil måtte bidra til å løyse miljøutfordringar som ligg innanfor deira

sektoransvar. Vassforskrifta må jamvel supplerast med andre verkemiddel som er direkte retta mot arten dvergålegras.

2.5 Fiskerisektoren sine verkemiddel (Fiskeridirektoratets omtale)

Innanfor Fiskeridirektoratets ansvarsområde inneheld havressurslova, akvakulturlova og plan- og bygningslova verkemiddel relatert til sikring av dvergålegras.

Havressurslova gir heimel til å regulere fiskeriaktivitet eller andre former for utnytting av marine ressursar som kan påverke dvergålegras, gjennom m.a. å etablere marine beskytta område i medhald av lovas § 19. Trugsmåla som er omtala i faggrunnlaget er alle av en slik karakter at tiltak med heimel i havressursloven ikkje vil kunne bidra særlig til å redusere dei.

Når det gjeld hausting av dvergålegras frå menneske, så har neppe dette særleg omfang i Noreg i dag, og kan vanskeleg ventast å få det heller.

I samsvar med akvakulturlova skal akvakulturverksemd drivast på ein miljømesseg forsvarleg måte. Fylkeskommunen tildeler løyve til å etablere akvakultur. Lova gjev i § 14 heimel til å pålegge flytting eller avvikling av anlegg dersom det er naudsynt for å bevare område av særleg verdi for akvatiske organismar. Område kan også beskyttast spesifikt mot akvakultur med same føremål. Flytting kan også påleggast i medhald av lovas § 16. Trugsmål som er beskrive i faggrunnlaget (overgjødsling, forureining og nedslamming) tas det omsyn til gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova.

Fiskeridirektoratet har i medhald av plan- og bygningslova mynde til å fremje motsegn mot

(27)

fell dermed utanfor den gruppa som kan reduserast gjennom Fiskeridirektoratets bruk av motsegn.

2.6 Forureiningslova

Lov 13. mars 1981 om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova) har mellom anna som føremål å verne det ytre miljøet mot ureining samt å redusere eksisterande forureining (§1). Lova skal sikre forsvarleg miljøkvalitet, slik at forureining og avfall ikkje skadar naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.

I utgangspunktet er det forbode å forureine miljøet, jf forureiningslova § 7, men det kan vere lovleg etter §§ 8 eller 9, eller tillate etter vedtak i medhald av § 11. Vanleg forureining frå jordbruk, skobruk og bustader er i utgangspunktet tillét (§ 8). Det er utarbeidd ei forskrift med heimel i § 9 og jordlova som m.a. regulerer lagring og bruk av husdyrgjødsel (forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav). Forskrifta har m.a. til formål å førebyggje forureining knytt til bruk av husdyrgjødsel, bidra til ein miljøforsvarleg forvaltning av jordsmonnet og ivareta omsynet til biologisk mangfald. Forskrifta stiller krav til lagring og bruk av

husdyrgjødsel. Husdyrgjødsel kan berre spreiast i perioden 15. februar til 1. november, og det er ikkje tillate å spreie på frossen eller snødekt mark, jf. § 23 første ledd. Kommunen kan forby spreiing i perioden 1. september til 1. november i område med alvorleg forureining eller fare for alvorleg forureining. For spreiing utan nedmolding/nedfelling (som er regelen i grasproduksjon), skal spreiing skje i vekstsesongen og ikkje seinare enn 1. september, jf. § 23 andre ledd. Det er også eit krav om at bruk av husdyrgjødsel på landbruksareal skal inngå i ein gjødslingsplan, jf. § 22 og forskrift om gjødslingsplanlegging. Formålet med

gjødslingsplanlegging, som òg gjeld for mineralgjødsel, er m.a. å avgrense avrenninga til vassdrag, jf. § 1. Det skal utarbeidast gjødslingsplan føre kvar vekstsesong, jf. § 3. Gjennom jordbrukssektoren sine tilskotsordningar (SMIL og RMP), kan det søkjast om tilskot til tiltak for å redusere av avrenning av næringsstoff til vassdrag.

Grenseverdiar for eit tillate forureiningsnivå etter forskrifter heimla i lova vil ofte vere sett i høve til andre omsyn enn ein art som dvergålegras. Dvergålegraset er var mot fleire typar forureining, men ingen veit eksakt kor var.

Gjennom regulering av mudring og dumping i kapittel 22 i forureiningsforskrifta, og liknande tiltak i sjø etter forureiningsloven, kan forureiningsregelverket bidra til å sikre førekomstar av dvergålegras. Kapittel 22 i forureiningsforskrifta inneberer i dag mellom anna eit forbod mot all mudring og dumping frå skip utan løyve frå fylkesmannen (og i enkelte tilfelle

Miljødirektoratet). Ved same tiltak frå land er det krav om løyve etter forureiningslova, men berre dersom tiltaket kan medføre nemneverdig skade eller ulempe for miljøet. Det er her i utgangspunktet opp til tiltakshavar å vurdere om han treng å søkje om løyve. Døme på tiltak i sjø som krev løyve etter forureiningslova er utfylling, sprenging i sjø, laging av kunstig sandstrand etc.

Miljødirektoratet si vurdering

Fleire av førekomstane med ålegraseng er truga av overgjødsling og anna forureining, og utfylling (mudring og dumping). Lovverket knytt til dette er difor sentralt med tanke på å sikre arten mot slik påverknad.

Regelverket for spreiing av gjødsel har etter Miljødirektoratets syn veikskapar på dette punktet. For det første er ikkje spreiingav kunstgjødselnærare regulert i forskrift, noko som tyder at dette er tillate i det monn det er snakk om vanleg forureining frå jordbruk, jf.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Ved metastatisk sykdom har andelen pa- sienter hvor behandlingen har hatt kurativt siktemål vært stabil rundt 40 %, mens ande- len pasienter som har fått stråleterapi og/el-

Det vil si at vi beregner spennet ut fra hvor volatil valutakursen har vært de siste ti årene og antar at kursen vil svinge like mye rundt den estimerte valutastrengen de neste

operasjonalisere. Det finnes foreløpig ikke et fullverdig forslag til hvordan et slikt rammeverk skal utformes og implementeres i organisasjoner og systemer. Forsøkene danner ikke et

I figur 2.6 vises en slik beregning for transmittansen med atmosfæren Subarctic Winter, en horisontal bane på 100 km i 9000 m høyde.. Som en sammenligning er det vist en beregning

Gjennomsnittlig skuddtetthet (venstre figur) og skuddlengde (høyre figur) av ålegras på lokaliteter eksponert for olje fra Full City, og på kontrollokaliteter upåvirket av olje,

Thorstein Treholt, Brandbu, gårdbru- ker Jan E. Mellbye, Nes i Hedmark, formann i Norsk torv- og jordprodusen- ters bransjeforbund Arne Grønning, Steinkjer,

hØi temperatur, slik at juni stod i varmesum omtrent likt med juli måned'. Den sparsomme nedbør og den hØie temperatur gjorde at plantene til dels fikk for men

Arter av Halophytophthora (H.) og Phytophthora (P.) isolert fra blad og røtter av ålegras på Øst­ og Vestlandet i 2018 og 2020.. Art