Behov for supplerande undersøkingar / vurderingar i samband med utbyggingsplanane for Leikanger kraftverk.
NOTAT
Vi viser til brev frå NVE datert 14. juli 2009, der det vert bede om at Sognekraft gjer ei vurdering av krava til oppfølgjande undersøkingar som er framsette i høyringsfråsegnene.
Under er dei ulike punkta kort kommentert, og Sognekraft sitt syn i saka er gjort til kjenne.
1. Krav om tilleggsutgreiing av alternative løysingar for å oppretthalde vassforsyninga i kommunen i både anleggs- og driftsperioden.
I Henjaelvi vert vasskvaliteten i dag sterkt redusert under flaum, både på grunn av erosjon og på grunn av at ureining, særleg fekal ureining frå dyr, då vert tilført elva. Det er
vasskvaliteten i flaumperiodar som er "dimensjonerande" for dagens vassbehandling. Dette gjer også at vassverket no har krav om, og har innebygd to barrierar (membranfiltrering og UV-desinfeksjon) i vassbehandlinga. Ein kan pårekna at vasskvaliteten under flaum vert litt forbetra sidan kraftverket vil dempa flaumtoppane. Med membranfiltrering som
vassbehandling vil det ikkje medføre redusert drikkevasskvalitet (kvalitet på det ferdig behandla vatnet) om råvasskvaliteten skulle bli noko redusert med omsyn til fargetal, eventuelt også bakteriologisk. Det vil her uansett vera snakk om marginale endringar i råvasskvalitet. Sognekraft kan heller ikkje sjå at dette skulle ha noko praktisk betydning for drifta av anlegget, der spyling/vasking av membranane skjer automatisk ved hjelp av tidsstyring (normalt 1 gong pr. døgn) med overstyring ut frå differansetrykk.
Etter drøftingar med Leikanger kommune når det gjeld mogeleg høgare temperatur på råvatnet i varme sommarperiodar har ein kome fram til fylgjande punkt i utbyggingsavtalen:
" Sognekraft AS plikter å sikre en ti/fredsstillende drikkevannsforsyning. Dette skal gjøres enten ved grunnvannforsyning, inntak av vannforsyning ved inntaksdam (kote 600 ved alt. A) eller andre tilsvarende løsninger. Nødvendig infrastruktur for å forsyne råvann fram til eksisterende anlegg er Sognekraft sitt ansvar. Vassforsyningen forutsetter at vassverket har en standard på sitt spredenett som tilsvarer dagens nivå eller bedre. Det kan ikke startes utbygging av kraftverk før en dokumentert
tilfredstillende løsning vert lagt frem for Leikanger kommune og mattilsynet og eventuelle andre relevante offentlege godkjenningsinstanser for faglig godkjenning.
Dersom Sognekraft AS tapper magasinet i Store Trastadalsvatnet ved mindre tilsig, skal dette aldri medføre fare for vannforsyningen. Det er et krav til at kraftuttak til Leikanger Kraftverk er underordnet drikkevannsforsyningen. Sognekraft AS og Leikanger kommune vil avtale nærmere vilkår for tapping av magasinet i Store Trastadalsvatnet.
Dersom utbygging av Leikanger Kraftverk ellers påvirker vannkvaliteten og en sikker og tilfredsstillende drikkevannsforsyning, plikter Sognekraft AS å gjennomføre avbøtende tiltak."
Sognekraft meiner grunnvassalternativet har klare føremoner framom alternativ som går på å flytta vassinntaket oppstraums kraftverksinntaka (jamfør også uttale frå Mattilsynet).
Sognekraft vil difor gjennomføra naudsynte grunnvassundersøkingar slik at ein får tilstrekkeleg grunnlag til å konkludera med omsyn til om det er mogeleg å få etablert ei alternativ vassforsyning for Leikanger vassverk basert på grunnvatn. Det skal gjennomførast fullskala prøvepumping av ein eller fleire lokalitetar (truleg 2-4 brønnar i kvar lokalitet) i minst
12 mnd. Undersøkingane må gje svar på om grunnvassforsyning kan gje nok kapasitet, tilfredstillande vasskvalitet, eventuelt kva vassbehandling som vert naudsynt og omfang av bandleggingstiltak. Vidare må ein få svar på kva tiltak som eventuelt må utførast for å oppretthalda tilstrekkeleg vasstand i grunnvassmagasinet etter at vassføringa i elva vert redusert.
Viss undersøkingane skulle visa at det vert uråd å etablera tilfredstillande grunnvass- forsyning for Leikanger vassverk vil Sognekraft vurdere alternative inntaksløysingar opp- straums inntaka til kraftverket. Det er teke høgde for dette i avtalen som er inngått med Leikanger kommune.
Før Sognekraft startar utbygginga vil ein, saman med relevante offentlege instansar, identifisere ei god og sikker løysing for vassverket. Sognekraft ser ikkje at det er behov for ytterlegare utgreiingar utover dei som er avtala med Leikanger kommune, herunder kartlegging av grunnvassalternativet.
2. Ny utgreiing av hydrologiske verknader der ein tek omsyn til at det vert teke ut vatn til ulike føremål.
I utgreiingsprogrammet er det ikkje stilt krav til at hydrologiske verknader skal utgreiast der ein tek omsyn til uttak av vatn til ulike føremål på ulike stader. Når det gjeld uttak av vatn til landbruksvatning er dette delvis omtala i rapporten om Naturressurssar.
Det er vanskeleg å fastslå eksakt kor mykje vatn som vert teke ut frå Grindselvi. Det klart største anlegget (Huke og Fosse vassverk) har ein kapasitet på 27,5 l/s, og tek ut vatn i perioden mai - september (med størst uttak i august). Dei andre uttaka har vesentleg mindre kapasitet. Det er lite truleg at den samle kapasiteten ligg noko særleg over 50 Ils.
Restvassføringa ved Seljevollen i eit tørt år er 390 l/s i snitt. Dette er vurdert til å vere meir enn nok for å oppretthalde landbruksvatninga og vatn til beitedyr.
Viss det er ynskjeleg kan Sognekraft vurdere restvassføringar i Henjaelvi på nytt med dei ulike forslag til uttak av vatn til drikkevatn, settefiskanlegg og landbruksvatning. Nye vurderingar vil kunne ta omsyn til at det no er gjort logging av vassføringa ved Flotande i Henjaelvi i ytterlegare eitt år.
3. Nærmare undersøkingar av fisk/ferskvassbiologi i Store Trastadalsvatnet.
I utgreiingsprogrammet frå NVE står det:
For Store Trastadalsvatnet er det tilstrekkelig å basere vurderingene på eksisterende infbrmasjon oni forholdene i vatnet.
Dette kravet er oppfylt i utgreiingsprogrammet.
Fylkesmannen skriv i sine merknadar:
1 Store Trastadalsvatnet skal det vere fin .fisk, og Leikanger JFL har hytte ved Vetla Trastadalsvatnet. Ved ei ev. regulering er det planlagt ei reguleringssone på inntil 4.5 m i Store Trastadalsvatnet, og efkkten av reguleringa er ikkje vurdert i konsekvens- utgreiinga. Det er viktig at kvaliteten på fiskebestanden ikkje dårlegare enn i dag, og at det ikkje vert vanskelegare å .fiske i vatnet etter ei eventuell regulering. Naturleg
rekruttering kan verte påverka dersom fisk ikkje kjem seg cpp i gvteelvar, og vatnet kan verte delt i to ved låg vasstand då det ligg eit sund i sørenden som er relativt grunt. Dette kan føre til vanskar ved gvting, då det ser ut til at dei meste aktuelle gvteplassane finst i sorenden av vatnet. Det bør ikkje tillatast effektkøvring i Store
Trastadalsvatnet. Dette kan gå ut over gyteforholda.
Alle gytebekkane til nordre basseng i Store Trastadalsvatnet er bratte, og vil berre ha små område aktuelle for oppvandring og gyting.
Bekken frå sør er liten, men renn flatare inn mot vatnet. I eit slikt vatn så høgt til fjells (HRV=1012 moh), er det vanlegvis stor klimabasert variasjon i rekrutteringa av aure frå år til år, og det er vanleg at fiskeungane forlet gyteelvane allereie etter første sommaren. Det er mogleg at auren kan gyte i elveosane der dei bratte innløps- elvane renn inn i vatnet. Ei noko større utnytting av gjeldande regulering på 4,5 m vil medføre større variasjon i vasstanden enn i dag, men dette vil sannsynlegvis ikkje redusere gytetilhøva for auren i vatnet. Det kan derimot føre til at noko meir gyteareal blir tilgjengeleg på elvestrekningar mellom LRV og HRV når magasinnivået er lågt, samanlikna med dagens situasjon.
Sognekraft kan difor ikkje sjå at det er naudsynt med nye undersøkingar i Store Trastadals- vatnet.
Fylkesmannen skriv i sine merknadar:
4. Betre kartlegging av gyte- og oppvekstvilkåra for anadrom fisk i Henjalelvi, samt nærare undersøkingar av viktige strekningar for stasjonær aure (Flyane og Flotane).
Det er ikkje gjort undersokingar for å finne gyte- og åppvekstområda i elva. Slike undersøkingar er viktige for å kunne vurdere gvtesitua4onen ved sterkt redusert vassforing/-vassdekt areal i elva. Det er viktig at noverande gyteområde vil halde fram med å vere under vatn etter ei eventuell utbygging. Det er då nødvendig at
minstevassforinga er såpass stor at grtetilhøva ikkje vert oydelagde.
Ein reknar ikkje med at vassdekt areal vert sterkt redusert sidan restvassføringa bidreg med heile 30% av middelvassføringa ved utløpet til fjorden. Vassdraget er i lakseregisteret ført opp med "ikke selvreproduserende bestand" av laks, og sjøaure kan gyte på mykje av den lakseførande strekninga.
I rapporten er det under avbøtande tiltak skrevet: "De nedre deler av Henjaelvi har en relativ flat og vid elveseng, og ved betydelig reduksjon i vannføring pa denne lakseførende strekningen, vil en kombinasjon av terskelbygging og uttrauing av høler, kunne gi bade oppvekstvilker for ungfisk og oppvandrings- og oppholdsplasser for gytefisk". Vi reknar då at dette vil vere tilstrekkeleg for å sikre sjøauren på denne strekninga, og kan ikkje sjå at det er behov for ytterlegare undersøkingar av forholda for anadrom fisk.
Vidare skriv Fylkesmannen om området ved Flotande/Flyane:
Ved ei eventuell vasskraftutbygging er det viktig å crpretthalde ein stor nok vasspegel her, og grte- og crpvekstområda i elva må ikkje verte øydelagde. RB har ikkje vurdert konsekvensane for ,fisken ved Flotande og Flyane tilstrekkeleg. Det er ikkje vurdert kva effekten av redusert vassføring vil føre med seg. Vi ser at alt. B vil skåne fiskeområdet på Flyane.
Elva har på desse to stadane naturlege og store loner og kulpar som er godt eigna for oppvekst og som opphaldsstader for fisken. I tillegg har Sognekraft føreslege bygging av tersklar i dette området som også vil bidra positivt til gyteforholda. Forslaget til slepping av minstevassføring vil også sikre gyteplassar på strekningane med større vassfart og meir fall.
Basert på dette vurderer Sognekraft gyte- og oppvekstforholda som tilfredsstillande også etter ei eventuell utbygging.
5. Ei detaljert kartlegging av karplantar, beitemarksopp o.l. rundt planlagde riggområde/tunnelpåhogg ved Suppam.
Som fagrapporten på flora og fauna viser er planlagt tunnelpåhogg og riggområde ved Suppam lokalisert innanfor ein svært viktig naturtype (artsrik slåtteeng). Sognekraft er innstilt på at det vert gjennomført ei tilleggskartlegging hausten 2009, slik at ein får kartlagt området sine botaniske kvalitetar og får eit betre grunnlag for å vurdere om det er naudsynt med mindre justeringar av dei tekniske planane (lokalisering av tunnelpåhogg og riggområde).
Arbeidet vil bli gjennomført av kompetente fagfolk innan utgongen av september (eit godt tidspunkt med tanke på kartlegging av beitemarksopp).
6. Vurdering av om det er tilstrekkeleg med masseuttak i Henjadalen og ved Suppam, slik at ein unngår massedeponi ved Seljevollen (alt.B).
Eit alternativ B med berre to anleggspunkt vil føra til ei dyrare anleggsdrift for drfftstunnelen.
Lengste stufflengde aukar frå 2,6 til 4,5 km. Dette fører til ein auke i tunnelkostnaden på om lag 5 %. På den andre sida vert kostnaden redusert ved at tverrslaget ved Seljevollen vert sløyfa. Ein sparar kostnader med etablering av ein ekstra anleggstad inklusiv bygging av 300 m veg. Anleggstida for tunneldriving vert forlenga med om lag 30 veker med berre to anleggstader. Eit overslag syner at kostnadsauken inkludert finansieringskostnader ved å sløyfe massetipp ved Seljevollen vert om lag 24 mill.kr. I tillegg kjem inntektstapet ved lengre byggetid. Dersom ein fordeler produksjonen på 124,9 GWh jamt over året, gir 30 veker lengre byggetid eit produksjonstap på 72 GWh, tilsvarande eit inntektstap på 25 mill.
kr. I verste fall kan heile produksjonen i perioden 01.04 - 31.10 gå tapt. Dette tilsvarar 114 GWh i produksjonstap til ein verdi av 40 mill. kr.
Inngrepa vert redusert ved Seljevollen, men det vert ein auke i masseuttak både i Henjadalen og ved Suppam på 65 000 m3, høvesvis 65 % og 50 %. I Henjadalen vert arealbehovet for plassering av tunnelmassane auka og inngrepa vert såleis større her.
Tiltaket vil difor ha avgrensa miljømessig effekt.
Summen av ekstra kostnader og produksjonstap vil bli mellom 49 og 64 mill.kr. Sognekraft vurderer ikkje dei miljømessige effektane store nok til å forsvare dette økonomiske tapet. På grunnlag av dette ønskjer ikkje Sognekraft å sløyfe anleggstaden med masseuttak ved Seljevollen for alternativ B.
7. Undersøking/vurdering av verknader for biologiske tilhøve i fjorden som følgje av redusert vassføring i Henjaelvi/Grindselvi og nytt ferskvassutslepp ved Suppam, samt verknader av planlagt massetipp i fjorden.
Fylkesmannen sine merknadar:
I følgje konsekvensutgreiingane vil utbygginga ha små konsekvensar for det marine mijøet i Sognefjorden, men dette er lite konkretisert. Det er grunn til å rekne med at fjerning av store delar av ferskvasstilførsla vil ha lokal verknad ved utlepa både av Grindselvi og Henjaelvi, og tilsvarande at eit nytt ferskvassutsleTp ved Swani vil påverke livsmijoet kring utsle[psstaden. I og med at Sognefjorden, som ein av dei lengste fjordane i verda, er ein av dei høgast prioriterte kandidatane til den komande verneplanen for marine område, bør det undersøkjast og omtalast konkret kva artssamfunn som lever i slike influensområde, og i kva grad dei vert påverka. Det same gjeld området for massetirp i Jorden.
Det er ikkje sett som nødvendig at det vert gjort nye granskingar i fjorden for å vurdere verknadane av endra vassføring i elvane eller ved det planlagde utsleppet. Sognefjorden er stor og djup, med ei lang rekkje titførsleelvar og bekkar som renn med svært varierande vassføring også over tid. Det omsøkte tiltaket vil i liten grad endre dei fysiske tilhøva i fjorden, og difor heller ikkje vilkåra for dei biologiske tilhøva i fjorden.
Einaste kan vere at redusert vassføring i Henjaelvi kan diskuterast i høve til oppvandring av gytefisk om hausten. Sjøaure og laks i naturleg små vassdrag på Vestlandet ventar i sjøen og går opp i vassdraget på høveleg vassføring i samband med mykje nedbør. I periodar med mykje nedbør vil restfeltet bidra med stor vassføring og det vil renne vatn forbi inntaka så lenge tilsiget er større enn slukeevna til kraftverket. Omsøkt utbygging vert difor ikkje vurdert som noko problem for oppvandringa av fisk til Henjaelvi.
I samband med bygging av Fatlatunnelen har Statens Vegvesen tippa ca. 80.000 m3 masse i fjorden aust for Hermansverk. Dette er gjort med godkjenning frå Leikanger kommune og Fylkesmannen. Om ynskjeleg kan Sognekraft freiste å innhente opplysningar om dei miljømessige konsekvensane av tippen til Statens Vegvesen.
Utsleppsområda og områda for planlagt massetipp i fjorden vil berøre naturområde som det finst tilsvarande av i dei ikkje berørte naboområda. Det er ikkje å venta at desse tippområda skal innehalde sjeldne artar som ikkje samstundes finst i naboområda. Vanleg omsyn for ikkje å spreie steinstøv og eller miljøgifter vil sjølvsagt også bli tatt ved utfyllingane i sjø i denne samanhangen.
8. Tilleggsutgreiingar av verknadene av ei utbygging på kulturmiljøet i området Grinde - Engjasete.
Som bilda og kartet på dei neste sidene viser er verken Grindselvi eller det planlagde massedeponiet ved Gildalsbrekka synleg frå Grinde/Engjasete. Det karakteristiske kulturlandskapet på desse gardane vil difor ikkje bli visuelt påverka verken av redusert vassføring i elva eller etablering av massedeponi. Den nye kraftlinja ned til Seljevollen vil nok såvidt kunne skimtast frå Engjasete, men avstanden er på heile 3,5 km og eksisterande og planlagde kraftlinjer (mellom anna 420 kV Fardal-Ørskog) som kryssar dalføret vil ha vesentleg større innverknad i dette området. Vi kan difor ikkje sjå at kulturmiljøet/-Iandskapet på Grinde/Engjasete vert påverka av den planlagde utbygginga, og er difor av den klåre oppfatning at vidare utgreiingar i dette området ikkje er naudsynt. Sognekraft går difor mot å bruke ytterlegare tid og ressursar på slike utgreiingar.
Figur 1. Bilde fra Grinde og ned mot fjorden. Elva gar i eit gjel og er omkransa av tett vegetasjon.
Figur 2. Bilde fra Grinde og innover dalen. Den reduserte vassføringa etter utbygging ikkje paverke kulturlandskapet i dette omradet reint visuelt.
-- Stav --- — 1456
kjer- otne n
Tvangen
pava - eUet
?Ag.'
1265 Midteggi
1360 Hestfjellet 1360
940
•t• Fjellbeiro 1394
eset
• ' 2'4.2'
Fagereivatnet 954
934
. 79$,**
' .*••
stelifane
Verken
16 1253
Kal
. 1134
Sjona
haug'ane
- e.<` Bd9c1.. e n
•2›
, Orrasete
•
Ga 4% Notedalen Reppebotn
Sauaholten
Storebotnen
1
Hu 5 - øya
rby ne
• 1
Hen Kjeringi . Nonhaug-,.,GiIdal
•
597
••
•••
La nghaligerr'. Steinsete ..812
s2£*:---- •• HovdenPalis";
. 8 9 •
• *
•••
Q •
"
'
Skorane :
•••
1.Parsete ,c5-4Y5' . 732
Hov#Ia-,
uW-
503'.- en n99,-
5 Foss 3 .
aså
..--5tavsete .1C 775 ,o
• 2.
131e[eh.~ - 1112
Eitrebotn
. 1314 1306
4.•
- gyastolen
• ...
.... ...
1267 1042 fjell
Kjeringa- ... ...
Svartavatn Pytten
en
•
•
822 Smørklett- ho
- Svadbarorane _
. stygga!i-
Storurdi 484 . 51 55
Volavatne- _ .bsete "p1)8 Holene / —
434_,/' 546 baug1;13.Z.!s.t411!pane
'Hamrestsilen '.12rKaland— • "
,Lici3erghamar
• . 174aug- 563 Rust
Svinadalseggi
1166'899
amre
Rjupesicard 935
934
• 1320 Kaldekletten
KjerIngl
1004 Fagreggi
Kalibakk ... ' . //'-
Kag
Svol et altett / VI
LeikanW0nd Leikanger
Figur 2. Synlegheitskart for den planlagde massetippen i Grindsdalen. Kartet tek ikkje omsyn til vegetasjon, og viser derfor den teoretiske synlegheita. 1 praksis vil tippen være lite synleg frå dei fleste skogsområda. Kartet viser med all tydelegheit at tippen ikkje vil påverke kulturmijøell-landskapet i området Grinde/Engjasete.