• No results found

Hjelp til søknadsskjema om utsleppsløyve for industriverksemder

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Hjelp til søknadsskjema om utsleppsløyve for industriverksemder"

Copied!
36
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Hjelp til søknadsskjema om utsleppsløyve for

industriverksemder

…. som vert handsama av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ved miljøvernavdelinga

Versjon 5 august 2012

(2)

Innleiing

Verksemder som har eit utsleppspotensiale eller handterer avfall må før dei startar opp eller aukar aktiviteten, avklare krav etter ureiningsregelverket med

ureiningsstyresmaktene. Denne rettleiinga gjeld for dei verksemdene Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har ureiningsmyndigheit over. For verksemder som vil handtere avfall, er det utarbeidd eit noko forenkla skjema som vert tilrådd brukt.

Standard søknadsskjema (versjon 5 frå 2012) bør nyttast ved alle nye og endra søknader om løyve etter ureiningslova (utsleppskonsesjon) som må sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Søknadsskjemaet gjeld m.a. for følgjande næringar som Fylkesmannen har avgjerdsrett for:

Større fiskeforedlingsanlegg og

fabrikkskip (innafor territorialgrensa) Næringsmiddelindustri (meieri, slakteri, potetbearbeidane m.v.) Avfallsdeponi (for ordinært, inert og

farleg avfall som kan deponerast på deponi for ordinært avfall)

Setjefiskanlegg for kommersielle føremål (for matfiskanlegg gjeld samordna søknadsskjema frå Fiskeridirektoratet)

Større avløpsanlegg Varmgalvanisering o.l.

overflatebehandling Nedbrenning av hus i brannøvingsføremål

(dersom kommunen ikkje har lokal forskrift)

Biologisk og anna behandling av organisk avfall (t.d. kompostering eller biogassanlegg)

Forbrenningsanlegg for avfall Lufthamner

Mudring og/eller dumping i sjø Større bryggeri og mineralvatn- produksjon

Graving i sjøbotn frå land i ureina massar Pukkverk og annan steinindustri med bryting av fast fjell

Fôrproduksjon Større vaskeri og reinseri

Trandamperi Produksjon av såpe og vaskemiddel

Treimpregnering Bryting og utvinning av ikkje-metalliske

mineral Produksjon av varar av papir og papp

Miljøsanering av kasserte køyretøy

Ureiningsstyresmakta kan i særskilde høve gjere unntak frå løyveplikta, men generelle krav i lov og forskrift gjeld likevel fullt ut.

---

I tillegg til verksemder som til vanleg skal vurderast for utsleppskonsesjon, kan vi dele verksemder/næring med utfordringar innan utslepp (ureining) eller avfall i to grupper.

Mange verksemder har no fått dei viktigaste krava etter ureiningsregelverket direkte regulert i forskrifter. Dette gjeld:

(3)

Følgande verksemdtypar skal i hovudsak vere forskriftsregulert.

* Mindre fiskeforedlingsanlegg og

fabrikkskip (innafor territorialgrensa) * Pukkverk, grusuttak o.l. utan bryting av fast fjell

* Asfaltverk * Kjemisk- elektrolytisk overflatebe-

handling (ikkje varmgalvanisering)

* Forbrenning av reine brensel (olje, kol,

gass, fast biobrensel) * Vedlikehald av metallkonstruksjonar (inkludert skipsverft)

Tankanlegg Detaljhandel av EE-produkt

* Notvaskeri og –impregnering (som tek

mot nøter frå andre) ** Mottaksanlegg for avfall og lasterestar frå skip

Fotokjemikalverksemd med utslepp av

sølv Tannlegeverksemd som handterer

amalgam Krematoriar

* Verksemdene som er merkte med stjerne (*) må melde frå på særskild fastsett meldeskjema tillaga for den enkelte verksemdtype ved nyetableringar eller endringar i produksjonstilhøva Meldeskjema kan ein laste ned frå skjemabiblioteket på våre nettsider.

** Mottaksanlegga må sende inn avfallsplan til Fylkesmannen

Fylkesmannen kan i særskilde høve avgjere å utarbeide utsleppskonsesjon (løyve) til heile eller delar av verksemder som i utgangspunktet er forskriftsregulert.

---

Ein stor del verksemder er mindre aktuelle å regulere særskild med utsleppskonsesjon eller etter særleg forskrift etter ureiningslova. Dette gjeld dei langt fleste mindre verksemder, og som vesentleg har miljøutfordringar med kjemikaliehandtering, støy og/eller avfall. For desse verksemdtypane gjeld dei generelle reglane etter ureinings- og produktkontrollregelverket. Dei viktigaste reglane vil ein finne ved oppslag på www.regehjelp.no. For verksemder som handterer kjemikal, vil ein finne mykje hjelp på www.subsport.eu/. Nedanfor føl ei oversikt over nokre aktuelle næringar som må kjenne til ureiningsregelverket:

Verksemdtypar utan særskilt krav til utsleppsløyve, men som særleg må rekne med kontroll av om ein føl ureinings- og produktkontrollreglane er:

Dei forskriftsregulerte verksemdtypane Gardsbruk Sjukehus og andre helseinstitusjonar Veterinærklinikk

Bilverkstader o.l. Laboratoriar (både i privat næring og offentlege som på t.d. skular) Område med påvist eller mistanke om

ureina grunn Kortvarig mellombels

anleggsverksemd

Mindre vaskeri og reinseri Notvaskeri (for eige utstyr)

Produksjon av plastbåtar o.l. Mindre verksemder som produserer metallkonstruksjonar

Mindre bryggeri og Mindre næringsmiddelproduksjon

(4)

mineralvatnproduksjon med t.d. tydeleg lukt Grafisk industri og trykkeri Emballasjeproduksjon Entreprenør, snikkar, røyrleggjar og andre

som produserer farleg avfall Verksemder som slepp ut urimeleg støy og som ikkje kan handterast av miljøretta helsevern i

kommunen Verksemder som kan ha PCB-haldige

transformatorar Verksemder som har PCB-haldige

(o.l.) vindu i bruk

Anna trebearbeiding enn impregnering Produksjon av betong eller ferdigvare av betong

(5)

Om skjemaet, generelt

Forvaltningslova sine krav til opplysningar, rettleiing, offentlegheit, prosess og eventuell klage gjeld for all handtering etter ureiningsregelverket. På mange fagområde innan ureiningsforvaltninga er desse reglane presisert. Paragraf 12 i ureiningslova gir både dei generelle føringane for at søkjar må "gi de opplysningene som er nødvendig for å vurdere om tillatelse bør gis og hvilke vilkår som skal settes" og heimel for å kunne presisere kva for opplysningar dette er. Det viktigaste vidare haldepunktet er gitt i kap. 36 i ureiningsforskrifta. Også andre stader i

ureiningslovverket finn ein særskilde krav om kva søknad må innehalde, t.d. kap. 4, 9 og 11 i avfallsforskrifta.

Ikkje alle spørsmåla i skjemaet passar like godt for alle verksemder. De treng sjølvsagt ikkje fylle ut skjema med opplysningar som ikkje er relevante for dykkar aktivitet. Vi vil likevel oppmode om å fylle ut skjemaet mest mogeleg fullstendig, og legge ved alle relevante vedlegg med ein gong. Fylkesmannen må returnere søknadar som ikkje er godt nok utfylt.

Saksbehandlingstid. Når fullstendig søknad er sendt inn, søknaden har vore på høyring i samsvar med kap. 36 i ureiningsforskrifta - sjå nærare i vedlegg 1 og søkjar har

kommentert ev. uttaler som har kome inn etter høyringa, så vil søkjaren normalt få vår avgjerd innan 3 månader.

Spørsmål til skjemaet eller den forklarande teksten, kan ein rette til Gøsta Hagenlund (tlf. 57 64 31 21, fmsfgh@fylkesmannen.no), eller til sakshandsamar i faggruppa for ureining og avfallsforvaltning.

Fleire eksemplar av søknadsskjema og dette hjelpenotatet kan ein få ved å laste ned dokumenta frå vår internettside. Fylkesmannen kan på førespurnad sende skjema og rettleiing i papirformat.

(6)

§§

I. Lovreglar i høve søknad om utsleppsløyve

1. Plikt til å søkje om utsleppsløyve

I høve ureiningslova, er ”ureining” definert som:

1) tilførsel av fast stoff, væske eller gass til luft, vatn eller grunnen, 2) støy og ristingar,

3) lys og annan stråling i den utstrekning ureiningsstyresmakta avgjer, 4) påverking av temperaturen

som er eller kan vere til skade eller ulempe for miljøet.

Som ureining reknar ein også noko som kan føre til at tidlegare ureining blir til auka skade eller ulempe, eller som saman med miljøpåverknad som nemnd i nummer 1) til 4), er eller kan verte til skade eller ulempe for miljøet.

Den generelle plikta til å søkje om utsleppsløyve følgjer av § 7 i ureiningslova. Generelt kan det seiast at ein må søkje om utsleppsløyve når

• det skal etablerast ny verksemd som kan medføre fare for ureining

• eksisterande verksemd skal utvidast eller endrast slik at det kan oppstå auka ureining og/eller endring i

samansetjing av ureining som omtala under 1) ovanfor.

2. Handsaming av søknader

Når det gjeld sakshandsamingsrutinar for søknader om utsleppsløyve vert det vist til vedlegg 1 om handsaming av søknad om løyve til utslepp til luft og vann, avfallshandtering og støy frå industriverksemd.

(7)

II. Utarbeiding av utsleppssøknad

Vi ønskjer at alle søknadar vert gjort via Fylkesmannen sitt søknadsskjema.

Søknadsskjemaet er bygt opp slik at dei aller fleste av dei vanlegaste og venta dokumentasjonspliktene verksemda har etter ureiningslova, kap. 36 i

ureiningsforskrifta og forvaltningslova er omtalt eller spurd om. Skjemaet og denne rettleiinga er eit tilbod for å få raskare oversikt over dei opplysningane ein må skaffe fram. I nokre høve må ein òg vere budd på å måtte svare på

tilleggsspørsmål eller legge fram andre granskingar av tilhøva. I tillegg til opp- lysningane som kan gjevast i sjølve skjemaet, vil det i de fleste høve vere

nødvendig å gi nærmare skildring og/eller supplerande opplysningar i vedlegg til skjemaet. Verksemda sin storleik og utsleppspotensial vil vere avgjerande for kva for opplysningar som må gjevast i vedlegg, og kor omfattande desse opplys- ningane skal vere. Vedlegg må ein òg nytte ved plassmangel i tabellar. Det går elles fram av skjema/rettleiing når opplysningar bør gjevast i vedlegg. Vedlegga bør nummererast i samsvar med punkta i skjemaet/rettleiinga. Søknadsskjema med vedlegg må ein sende til miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen (dersom ikkje anna er avtalt). NB! Berre dei delane av skjemaet som ein meiner er relevant for eigen verksend og eigne utslepp og mogeleg påverknad av naboar eller ytre miljø, må svarast på.

Dersom relevante opplysningar ikkje er med, vil søknaden verte returnert for oppdatering før vi kan slutthandsame den. Ny eller utvida produksjon kan ikkje ta til før løyve er gitt. NB! Det er straffbart å setje i verk aktivitet som kan medføre fare for ureining utan at det er tillate i medhald av ureiningslova. Det er òg straffbart å auke tidlegare produksjon utan nødvendig løyve/avklaring med ureiningsstyresmakta.

Søknaden er som hovudregel eit offentleg tilgjengeleg dokument. Søkjaren må i eigne vedlegg som merkast "unntatt offentlegheit" eller "fortruleg", gje

opplysningar som ein meiner må unntakast frå offentlegheita eller partar i saka av konkurransemessige, personlege eller andre omsyn. Desse vedlegga vil då ikkje verte offentleg tilgjengeleg utan nærare avtale.

(8)

III. Innhald i søknaden

I det følgjande er det gitt utfyllande opplysningar til ein del av punkta i søknads- skjemaet.

1. Opplysningar om søkjarverksemda

1.1 Namn, adresse m.v

Namn på kontaktperson må vere vedkomande som miljøvernavdelinga til vanleg bør kontakte når det gjeld spørsmål, ev. tilleggsopplysningar m.v. om søknaden.

Dersom vedkomande ikkje vil vere det vanlege kontaktpunktet i verksemda når det gjeld oppfølginga av eit evt. utsleppsløyve, ber vi om at det vert oppgitt.

Vedkomande må kunne opptre på vegner av leiinga.

Oppgi også om det ev. er ulike kontaktpersonar for ulike delar av søknaden. E- post adresse vil vere nyttig for uformell kontakt og oversendingar. Vi ønskjer at all dokument er lesbare i i pdf, Windows eller OpenDocument – format, og at mest mogeleg dokument vert sendt elektronisk.

1.3 Bransjenummer

Det vert her referert her til Statistisk sentralbyrå sin standard for nærings- gruppering. Standarden NACE, rev.1 skal nyttast1.

1.4 Føretaksnummer og bedriftsnummer

Merk at verksemda kan ha fleire bedriftsnummer (som gjeld for det enkelte anlegget). Det er bedriftsnummeret vi nyttar i den interne forvaltingsdatabasen, og som de må søke opp ved registrering av ev. årsrapportering via Altinn.

1.9 Driftstid

Ein må gi opplysningar om driftstid ved verksemda. Dersom søknaden gjeld endringar av eksisterande verksemd, skal driftstid før og etter den omsøkte endringa gjevast opp.

1.10 Relativ produksjonsmengd gjennom året

Dette punktet er aktuelt for dei verksemder som har store sesongmessige

variasjonar i produksjonen. Det er normale svingingar vi er ute etter. Vesentlege avvik det enkelte år, må det meldast/søkjast særskild om jamvel om total-

produksjon ikkje vert overskride.

1 Standarden kan kjøpast frå SSB (tlf. 22 86 49 64, fax. 22 86 49 76), eller bransjeorganisasjonen evt. miljøvernavdelinga kan hjelpe til med oppslag.

(9)

2. Lokalisering

2.2 Oversikt over naboar m.m.

Vi treng oversikt for å kunne behandle søknaden. Kap. 36 i ureiningsforskrifta, gir fleire haldepunkt om kven som bør vere varsla direkte om søknaden. Ved

utarbeiding av forslag til naboliste m.m., bør søkjar både ta med direkte berørte naboeigedomar, men også eigedomar lenger unna, oppsitjarar, naboar med godt innsyn, spesielt utsett for støy eller lukt og andre som kan tenkast å verte direkte utsett.

2. 3 UTM- skildring/-koordinatar

Sonebeltet i Sogn og Fjordane er 32V. Produksjonsanlegget si plassering (midtpunkt) og evt.

utsleppspunkt skal gjevast opp med koordinatar frå Statens kartverks

topografiske kart i målestokk 1:50 000 (kartserien M711).

Ny serie (EUREF89 med blått rutenett bør nyttast).

Kartreferansane kjem m.a.

fram ved å nytte

fylkesmannens sitt kartverkty www.fylkesatlas.no.

Koordinatane skal gjevast opp som fulle talkoordinatar, med minst 100 meters nøyaktigheit i stadfestinga. Dette inneber 6 tal for vest-aust koordinaten og 7 tal for sør-nord koordinaten, og.

Stadfesting ved rutetilvising med bokstavar (100-km rute og reduserte koordinatar) skal ikkje nyttast.

2.4 Kart

Produksjonsanlegget si plassering, utsleppsstader, eventuell sikringssone (sjå punkt 2.8), eventuell omsøkt deponeringsplass/mellomlagerplass for avfall, nærmaste busetnad, friareal m.v. skal merkast på kart som er maskinlesbare i målestokkane 1:50 000 og 1:5000 (eller meir detaljert). Punkt for eventuelle støymålingar skal like eins vere avmerkte på kart. Ved utslepp av avløpsvatn til sjøområde skal utsleppsstad også merkast på sjøkart. Dersom kartet ikkje finnast i målestokk 1:5000, kan andre kart, flyfoto eller detaljerte skisser nyttast.

Vanlege fotografi kan med fordel nyttast i tillegg til kart. Utskrift frå nettbaserte kart kan nyttast. Teknisk sektor i kommunen kan også skaffe fram kart, fotografi og opplysningar om offentlege planer.

2.5 Terrengskildring

Opplysningar om verksemda si plassering/omgjevnader som ikkje klart går fram av vedlagt kartmateriale, og som kan ha noko å seie ved vurdering av mogelege

E i k e f j o r d 1 1 1 8 I I ( E U R E F 8 9 )

M i l j v e r n

E i k e f j o r d 1 1 1 8 I I ( E D 5 0 )

(10)

effektar av utslepp frå verksemda (t.d. spesielt sårbar vegetasjon), skal gjevast i vedlegg.

2.7 Opplysningar om verksemda si plassering/omgjevnader som ikkje klart går fram

God avstand til nabolag er ofte avgjerande for å kunne få ei god plassering og høve til utvikling av verksemda. Dersom ureining frå aktivitet ved verksemda vil påføre lokalmiljøet ulemper, bør alternativ for lokalisering verte vurdert.

Alternativ lokalisering bør like eins verte vurdert ved utslepp til resipient som frå før av er ureiningsmessig belasta. Dersom lokaliseringsalternativ er vurdert, skal ein gjere greie for desse i vedlegg.

2.8 Sikringssone

Sikringssone kan vere fastsett av anna forvaltningsstyresmakt i høve til type omsøkt aktivitet.

2.9 Transportmidlar

Verksemda må gje opplysningar om transportmidlar for råstoff/ferdigprodukt til og frå verksemda. Dersom søknaden fører med seg endringar i

transportmønsteret til og frå verksemda, skal ein gjere greie for miljømessige konsekvensar av dette i vedlegg.

2.11 Omsyn til andre interesser

Med "andre interesser" meiner vi både andre næringsinteresser, offentlege føremål eller almenne interesser. Verksemda må t.d. gje opplysningar om omsøkt aktivitet vil kunne ha negativ verknad for anna nærliggande verksemd, eller om aktiviteten vil kunne vere negativ for naturmangfald eller friluftsliv.

3. Produksjonstilhøve

3.1 Produkt

Verksemda må opplyse om kva for produkt som vert framstilt, og produsert varemengd pr. år. Ved sesongmessig aktivitet må de òg oppgi maksimal døgn- produksjon av kvart einskild produkt.

3.2 Produksjonsskildring

Produksjonsanlegg med eventuelle hjelpeanlegg og reinseanlegg skal skildrast i vedlegg. Flytskjema med skildring av dei einskilde prosesseiningane skal inngå i omtalen. Alle utsleppspunkt skal gjevast opp på flytskjema. Prosessflyt og/eller materialstraumar skal skildrast med omsyn til volum, masse, samansetning og energiforhold. Dersom søknaden omfattar endringar i prosess og/eller reinse- anlegg, skal endringane framgå klart av skildringa. I slike høve skal omtalen innehalde kostnader og tidsplan for gjennomføring.

(11)

3.3 Råstoff m.m.

Oversikt over råstoff (råvarer, kjemikaliar, hjelpestoff m.v.) som skal nyttast, og mengder (per år) av dei einskilde stoff må ein gi i vedlegg. Hovudbestanddelar skal gjevast opp dersom dette ikkje kommer klart fram av namnet på innsats- stoffet.

Legg også ved produktdatablad for alle kjemikal som skal ha det.

For kjemikal med betenkelege miljømessige eigenskapar, må verksemda kunne leggje fram ei vurdering av kvifor ein ønskjer å nytte slik kjemikal, jf. plikt til substitusjon. Hjelp til vurdering av substitusjon kan ein m.a. finne på www.subsport.eu.

3.4 Emballasjebruk

Emballasjebruken må omtalast. Ta med type, mengd og material, og korleis emballasjen er planlagt ombrukt, attvunne eller endeleg disponert.

3.5 Teknisk miljøanalyse

Evt. teknisk miljøanalyse må leggjast ved som vedlegg. Miljøvernavdelinga kan krevje at det vert utført teknisk miljøanalyse før søknaden vert slutthandsama.

Sjå elles utfyllande orientering i vedlegg 2.

3.6 og 3.7 Miljømessige vurderingar av produksjonen, og tilhøvet til IPPC-direktivet og det komande IED-direktivet Spørsmålet må svarast særskild grundig og utfyllande av verksemder som vert omtalt i vedlegg 1 i kap. 36 i ureiningsforskrifta. Dette er verksemder som vert omfatta av krava i EU-direktivet om integrert førebygging og bekjemping av ureining, kalla ”IPPC-direktivet” (Integrated Pollution Prevention and Control).

Reglane vil verte erstatta med IED-direktivet (Industrial Emissions Directive), men gjeldande prinsipp reknar ein vil førast vidare. Merk også at alle verksemder må vurdere verknadane av sine utslepp, jf. føre - var prinsippet i § 2 i ureiningslova.

Døme på tilførsle som kan ha effekt kan vere endring av næringsstoffinnhald i vatn, organisk stoff eller oksygenforbruk i vatn, miljøgift til luft eller vatn, m.m. I vedlegg 4 til vedlegg 6 er omtalt fleire av komponentane som kan gje miljø- effektar i vass- eller luftmiljø.

Dersom det finst alternativ teknologi som kan gi mindre utslepp, mindre avfall eller miljømessig betre produkt, må dette omtalast for dei verksemdene som vert omfatta av vedlegg 1 i kapittelet som nemnd over, men bør vere omtalt i vedlegg i alle søknader. Av omtalen bør det gå fram kva for vurderingar som er gjort av mogeleg overgang til alternativ (reinare) teknologi med omsyn til kostnader og miljømessige fordelar og ulemper. Vurderinga bør omfatte helse- og miljørisiko ved innsatsstoff og utslepp til luft og vann, samt høve til avfalls- reduksjon, resirkulering og gjenvinning. Korleis det er mogeleg å gjere produkta meir miljøvennlege som produkt og seinare som avfall ved å endre innsatsstoff bør vurderast.

(12)

Miljøvernavdelinga kan krevje at det ligg føre ei slik utgreiing før søknaden vert slutthandsama.

Miljøvernavdelinga kan i særlege tilfelle i tillegg krevje livsløpsanalyse av de aktuelle produkt - frå val av innsatsstoff via produksjonsprosessar til avfall.

3.8 – 3.10 Energi

Søkjar må gje opp noverande og planlagt(e) energikjelde(r) og energiforbruk i MJ (megajoule) pr. år, samt tal for nominell termisk tilført effekt i MW. Det er aktuelt å setje krav til energiutnytting og energieffektivisering. Verksemder som er nemnd i vedlegg 1 i kap. 36 i ureiningsforskrifta, må vidare rekne med å få særskilde krav til eit energistyringssystem. Vedlegg 3 har utfyllande orientering om kva element eit energistyringssystem kan innehalde.

4. Utslepp til vatn og grunn

4.1 Prosessavløpsvatn

Prosessavløpsvatn er alt vatn som kan innehalde stoff frå produksjon eller aktivitetar i tilknyting til produksjon. Vi reknar likevel ikkje sanitært avløpsvatn som del av prosessavløpsvatnet. Også unormal endring av temperatur, retning eller mengde av ein reintvasstraum må omtalast. Ein skal spesifisere kjelde(r) til utslepp av prosessavløpsvatn. Her må ein referere til utsleppspunkta vist i flytskjema, jf.. punkt 3.2. Ved fleire enn ei utsleppskjelde må tilsvarande tabellar som i punkt 4.1 i søknadsskjemaet fyllast ut og leggjast ved for kvar kjelde.

Der utsleppsmengdene varierer over tid, skal både maksimale og

gjennomsnittlege utsleppsmengder pr. tidseining gjevast opp. Oppgi kva for tidsperiode (midlingstid) gjennomsnittsmengde pr. tidseining og gjennom-

snittskonsentrasjon er rekna ut for. Denne kan t.d. vere 1 time, 1 skift (8 timar) 1 døgn, 1 veke eller anna, avhengig av aktuell driftssyklus og aktuelle

utsleppsparametrar. (Eksempelvis vil det for næringssalt vere naturleg å nytte 12 månaders flytande middel, mens det for akuttverkande stoff er rimeleg å nytte korte midlingstider.

Oppgi òg kva for tidsperiode (midlingstid) maksimalutsleppet er rekna ut for.

Denne kan vere augneblikksverdi, pr. 15 minuttar, 1 time eller 1 døgn, avhengig både av driftssyklus og målemetode.

Risikoanalyse eller liknande som ligg til grunn for ekstremverdiane for pH- intervall, bør følgje med som vedlegg.

4.2 Kjølevatn

Alle kjølevassystem skal gjevast opp, og utsleppsstad for kjølevatn skal merkast på kart ved direkte utslepp til resipient. Opplysningar om varmstraum (m3 pr.

(13)

time), temperatur i utsleppsvatnet, utsleppsdjup og tilsettingskjemikaliar, t.d.

groehindrande midlar (tilsett mengde pr. tids- eller volumeining), skal ein gi i tabellen i søknadsskjemaet. Nærmare omtale av eventuelle tilsettingskjemikaliar, om mogeleg med data frå testing av økotoksisitet, skal ein gi i vedlegg.

4.3 Sanitært avløpsvatn

Til vanleg vil slikt avløp verte omfatta av kommunalt regelverk. Vi ønskjer spørsmåla svart på som hjelp for kommunal oversikt.

4.4 Sigevatn frå mellomlager eller deponi

Dersom verksemda har/planlegg mellomlager for råstoff, produkt eller deponi for nokre produksjonselement, skal ein i vedlegg gjere greie for korleis sigevatn frå området vert/planleggjast behandla, og kva for komponentar det inneheld.

(Når det gjeld omtale av deponi, vert det vist til avsnitt 6 om avfall.) 4.5 og 4.6 Resipient for utslepp til vann og omtale av miljøtilstand i vassførekomsten

Ved utslepp til vassdrag (del A av spørsmålet) skal lokalt vassdrag og hovud- vassdrag gjevast opp, samt vassføring o.l. i det lokale vassdraget (opplysningar kan hentast frå NVE, som m.a. har regionkontor i Førde).

Ved utslepp til fjord (del B av spørsmålet) skal lokalt fjordområde og hovudfjord gjevast opp, samt terskeldjup og største djup i det lokale fjordområdet (data kan òg skaffast frå Kystverket, Fiskeridirektoratet, Kartverket eller lokalt

hamnevesen). Dette bør også visast att på kartvedlegga.

Krava i vassforskrifta om økologisk og kjemisk tilstand i vassførekomsten, og krava til miljøkvalitetsstandardar, vil vere viktige vurderingskriteriar – i tillegg til føre var – omsyn, for vår vurdering av tillatne utslepp. Verksemda må gje korleis verksemda sitt utslepp kan påverke tilhøva i resipienten eller om det er fare for slik påverking som følgje av verksemda si planlagde framtidige aktivitet (jf. òg pkt. 3.6).

Dersom utslepp frå verksemda er venta å kunne endre økologisk status i vassførekomsten til dårlegare enn "god", set vassforskrifta rammer for utvida dokumentasjon og grunngjeving. Merk at det skal mykje til før vassførekomst kan aksepterast i dårlegare enn "god" tilstand når det gjeld utslepp av stoff.

Dersom resipienten er påverka av utslepp, eller tilhøva elles i resipienten er spesielle, skal ein gi nærmare omtale i vedlegg. Ein skal vise til resipient- granskingar dersom slike er gjennomført.

Ein kan rekne med at utgreiing gjort av ekstern fagekspertise om konsekvensar av dei omsøkte utsleppa, kan verte kravd før søknaden kan handsamast, og at jamleg oppfølging av resipienten vil verte eit normalkrav.

(14)

Styresmaktene vil leggje stadig større vekt på såkalla "funksjonskrav". For søkjar vil det seie auka merksemd om effekt av utslepp, og ikkje så mykje om kva slags type reinsing som vert vald. Utfordringa for verksemda vert dermed å kunne dokumentere tilstand i resipientane, og at desse ikkje vert endra på ein unødvendig eller uakseptabel måte etter etablering eller auka av utslepp. I søknadsskjema er det difor berre avsett plass til nokre nøkkeltal, medan omtalen av resipient og framlegg til eige måleprogram for å kunne dokumentere utslepp, reinsing og utvikling av tilstand i resipient må gjevast i vedlegg.

4.7 og 4.8 Utsleppskomponentar og måleprogram

Ein må gi ei skildring av utsleppa med omsyn på utsleppsmengder/konsentra- sjonar av dei enkelte aktuelle komponentane. Dersom søknaden gjeld for anlegg som allereie er i drift, skal verksemda oppgi både noverande og venta framtidige utsleppsmengder. Dei vanlegaste utsleppskomponentane til vatn er oppgitt i vedlegg 4. Dei aktuelle parametrane vil inngå i seinare eigenkontrollrapportering.

Forslag til program for overvaking av utsleppa (og vedvarande dokumentasjon på tilstand i resipient/ane) må leggast ved. Programmet skal oppgi kva for

utsleppsparametrar ein vil måle, kva for prøvetakingsfrekvens de meiner vil gi representative prøver, prøvetakingsmetodar og analysemetodar. Ein må også vurdere usikkerheit ved dei ulike trinna i målingane (t.d. volumstraumsmåling, sjølve prøvetakinga, oppbevaring og sending til analyse, analyse og utrekning av verdi). Framlegg til deteksjonsgrense må gjevast opp.

Ved nyetableringar kan det vere tilstrekkeleg å leggje fram eit førebels utkast til måleprogram, m.a. for å avklare i kva for grad ein planlegg bruk av kontinuerleg måleutstyr. Detaljer i måleprogrammet må eventuelt sendast inn etter nærmare krav frå miljøvernavdelinga.

For eksisterande bedrifter føreset vi at forslag til fullstendig måleprogram følgjer søknaden.

4.9 Reinseanlegg

Nærmare skildring av (eventuelle) reinseanlegg skal ein gi i vedlegg.

4.10 Støtutslepp

Eventuelle utslepp som skjer over korte tidsrom, t.d. som følgje av satsvis

produksjon, reingjering, oppstarting/nedkøyring eller vedlikehald av reinseutstyr eller anna utstyr, skal ein gjere greie for i vedlegg. Ein skal omtale kva for tiltak som er/vil bli iverksett for å redusere denne typen utslepp. Dersom utsleppa frå reingjeringa avvik vesentleg frå vanleg prosessavløpsvatn, må ein gje opp saman- setjinga.

4.11 Økotoksisitetstesting/kjemisk karakterisering

For samansette og betydelege utslepp må ein leggje fram dokumentasjon på gjennomført økotoksisitetstesting og kjemisk karakterisering av avløpsvatnet, jf..

(15)

vedlegg 5. For tilsetjingsstoff som biocid og skumdempingsmiddel bør ein leggje fram tilsvarande dokumentasjon. Dokumentasjonen må ein gi i vedlegg.

4.12 og 4.13 Ureina grunnvatn/grunn

Det skal opplysast om det førekjem ureina grunnvatn/grunn ved verksemda. I så fall skal nærmare omtale leggast ved. Resultat av eventuell gjennomført

gransking/kartlegging av grunntilhøva/grunnvatnet skal leggast ved.

4.14 Ytterlegare utsleppsreduserande tiltak

Obligatorisk for verksemder som vert omtalt i punkt 3.6 og 3.7 (m.a. IPPC- verksemder), men vil òg vere aktuelt for andre. Dersom avløpsvatnet eller ein eller fleire delstraumar av dette kan karakteriserast som miljøskadeleg(e) eller kan føre til ulemper ved de utsleppsnivå det er søkt om, skal søknaden innehalde vurdering av tiltak for å redusere utsleppet sin storleik/verknad.

I vurderinga bør også kostnader ved tiltaka framgå.

5. Utslepp til luft

5.1 Prosessavgassar (ikkje avgassar frå anlegg berre for energiproduksjon)

Kjelde(r) til utslepp til luft skal spesifiserast. (Ein må her referere til utsleppspunkta oppgjeve i flytskjema, jf. punkt 3.2.) Ved fleire enn ei

utsleppskjelde skal tilsvarande tabellar som i punkt 5.1 i søknadsskjemaet fylles ut og leggast ved for kvar kjelde.

Utsleppshøgde/skorsteinshøgde skal gjevast opp i meter over bakken og over tak.

Avgasstraum skal gjevast opp i Nm3 (kubikkmeter ved 0° C og 1 atm) tørr gass pr.

time. Avgasstemperatur i utsleppspunktet skal gjevast i °C.

Nærmare skildring av reinseanlegg skal gjevast i vedlegg.

Utsleppa skal omtalast med omsyn til utsleppsmengder pr. tidseining (kg pr.

time) og -konsentrasjonar (mg pr. Nm3) av dei einskilde aktuelle komponentane.

(Andre einingar kan berre brukast dersom det gir betre meining.)

Dersom søknaden gjeld for anlegg som allereie er i drift, skal både noverande og framtidige utsleppsmengder gjevast opp. Dei vanlegaste utsleppsparametrar vi krev opplysningar om er vist i vedlegg 6.

Ein må rekne med at utsleppsparametrane seinare kan inngå i eigenkontroll- rapportering til fylkesmannen.

(16)

Der utsleppsmengdene varierer over tid, skal ein gje opp både utsleppsmengder pr. tidseining og gjennomsnittskonsentrasjon.

Ein må opplyse om kva for tidsperiode (midlingstid) gjennomsnittsmengde pr.

tidseining og gjennomsnittskonsentrasjon er rekna ut over. Denne kan t.d. vere 1 time, 1 skift (8 timar), 1 døgn, 1 veke eller anna, avhengig av aktuell driftssyklus og aktuelle utsleppsparametrar.

Oppgi òg for kvar tidsperiode (midlingstid) maksimalutsleppet er rekna ut over.

Denne kan vere augneblikksverdi, pr. 15 minuttar, 1 time eller opp til maksimalt 1 døgn, avhengig både av driftssyklus, utsleppsparametrar og målemetodar.

Lukt er framleis vanskeleg å måle, og krav vert difor til vanleg fastsett på grunnlag av standardiserte utrekningar. For nokre typar industri er det sett spesifikke funksjonskrav til luktutslepp. Lukt er særskild plagsomt for nære nabolag, og ein må kunne dokumentere faktiske utslepp ved målingar dersom tvil om uakseptable utslepp.

Lukt er definert slik:

ouE/m3: luktstoffeining i luft. Forklart som den mengd av eit luktande stoff eller stoffblanding som fordelt på 1 m3 luft som framkallar ei lukt tilsvarande luktterskelverdien (1 ouE/m3). 10 ouE/m3 vil seie at ein prøve må fortynnast 10 gonger før den er fortynna til lukterskelverdien (den luktstoffkonsentrasjonen kor 50 % av eit luktpanel kan kjenne lukt i ein prøve).

NB! Lukt kan ikkje definerast eksakt. Grensa for luktoppdaging er sett som eit uttrykk for ein konsentrasjon der halvparten av eit trena prøvepanel av personar lukter eit særskilt kjemisk stoff. Med variable utslepp av lukt, vil målingane også akseptere at immisjon av lukt kan opplevast høgare enn konsentrasjonsgrensa i 7 timar per månad.

5.2 Utsleppskomponentar og måleprogram Vi viser til omtale under punkt 4.4.

5.3 Støtutslepp

Ein skal gjere greie for utslepp til luft som skjer over korte tidsrom (støtutslepp), t.d. som følgje av satsvis produksjon, reingjering, oppstarting/nedkjøring eller vedlikehald av reinseutstyr. Utsleppsmengder og -hyppigheit, samt tiltak for å avgrense støtutslepp, skal skildrast. Bruk eige vedlegg.

5.4 Kjemisk karakterisering

For samansette og betydelege utslepp kan miljøvernavdelinga krevje at

fullstendig kjemisk karakterisering er føretatt før søknaden kan handsamast, jf..

vedlegg 6.

Der det er vanskeleg å vurdere utsleppet sine miljømessige effektar på grunnlag av oppgitte enkeltkomponentar, kan miljøvernavdelinga krevje at det vert

(17)

gjennomført testar av giftigheit, bioakkumulerbarheit og nedbrytbarheit eller andre biologiske testar.

5.7 Ytterlegare utsleppsreduserande tiltak

Obligatorisk for verksemder som vert omtalt i punkt 3.6 og 3.7, men vil òg vere aktuelt for andre. Dersom ein eller fleire av avgasstraumane kan karakteriserast som helse- eller miljøskadeleg(e), eller kan føre til ulemper ved dei utsleppsnivåa det er søkt om, skal søknaden innehalde vurdering av ytterlegare tiltak for å redusere utsleppet sin storleik/verknad.

I vurderinga bør også kostnader ved tiltaka framgå.

5.8 Avgassar frå anlegg for energiproduksjon (fyringsolje m.m.) I tabellen skal ein gi opplysningar om brenselforbruk eller anlegget sin kapasitet (brenselmengde pr. time). Vidare skal ein gi opplysningar om brenseltype.

Dersom aktuelt brensel er fyringsolje, skal oljetype (fyringsolje nr. 1, tungdestillat, tungolje) og svovelinnhald (% S, jf. forskrifter) gjevast opp.

5.9 Andre komponentar frå forbrenningsanlegg

Dersom søknaden gjeld energiproduksjon frå avfallsforbrenning, må heile kap. 5 fyllast ut. Det må gjerast nærmare greie for brenselet si samansetjing i vedlegg.

Ved bruk av spesielle brenselstypar, som t.d. avfall, vil det vere nødvendig med vedlegg med nærmare utgreiingar for forbrenningstekniske data, som

forbrenningseffektivitet, brennkammertemperatur, opphaldstid m.m.

Opplysningane må stette dei særskilde krav i kap. 10 i Avfallsforskrifta, jf.

dokumentasjonsbehovet for dei særskilde krava til innhald i løyve i vedlegg VIII.

I tabellen i punkt 5.8 skal ein òg gi opplysningar om utsleppskomponentar så langt det er plass og elles i vedlegg. Dersom søknaden gjeld for anlegg som allereie er i drift, skal verksemda oppgi både noverande og framtidige utsleppsmengder.

Aktuelle mengder pr. tidseining og konsentrasjonar av ulike

utsleppskomponentar i avgassen (SOx (som SO2), CO, CO2, NOx (som NO2) og NMVOC) skal gjevast opp. Måleresultat eller annan dokumentasjon bør leggast ved.

Utsleppshøgde skal gjevast opp i meter over bakken og over tak.

5.10 Reinsing av avgassar frå anlegg berre for energiproduksjon

Eventuell reinseinstallasjon som reduserer utslepp frå fyringsanlegg må ein skildre i vedlegg.

Utslepp frå slike anlegg er no regulert av kap. 27 i ureiningsforskrifta.

(18)

5.11 Diffuse utslepp

Eventuelle diffuse utslepp frå prosess, produksjonslokalar, deponi o.l. skal skildrast med omsyn til samansetning og mengde så langt dette er mogeleg.

Aktuelle kjelder til utslepp kan vere utett prosessutstyr (gass, støv), ventilasjons- opningar (gass, støv), intern handtering av støvande materialar (støv), interne deponi (gass, støv, lukt), transport (støv frå interne transportvegar), tankfarm (gass) m.m.

Ved luktulempe frå diffuse kjelder skal verksemda i vedlegg gi ei karakterisering av dei komponentar som kan gi opphav til lukt.

5.12 Spreiingstilhøve m.v.

Ved betydelege utslepp til luft skal lokale forhold som har noko å seie for spreiing av ureining til luft skildrast (så som terrengforhold, framherskande vindretning m.v.).

Det skal opplysast om området er belasta med luftureining frå annan type verksemd. Dersom det er føretatt luftkvalitetsmålingar i området, må resultatet frå målingane leggast ved.

5.13 Om beste tilgjengelege teknikkar

Gjeld spesielt IPPC/IED-verksemder, jf. omtale tidlegare i rettleiaren, men kan vert kravd av andre med ikkje ubetydelege utslepp.

6. Avfall

Deponi må særskild leggje vekt på krav stilt i kap. 9 (deponi) og kap. 11 (farleg avfall) i avfallsforskrifta.

6.1 og 6.2 Avfallstypar og -mengder

Typar og mengder næringsavfall og farleg avfall som oppstår ved verksemda, samt aktuell disponeringsmåte for dei ulike avfallstypane, skal gjevast opp.

Avfallet si samansetjing skal spesifiserast så langt som mogeleg, jf. vedlegg 7.

For venta mengd ordinært avfall må ein oppgje EAL-kode, eller omtale dersom de meiner det ikkje er mogeleg.

For venta mengd farleg avfall, må ein bruke det 4-sifra avfallsstoffnummeret som m.a. er oppgitt på deklarasjonsskjemaet (eller få full liste frå m.a. NORSAS as).

6.3 Tiltak for å avgrense avfallsmengdene

Mogelege avfallsminimerande tiltak skal omtalast. Omgrepet avfallsminimering inkluderer reduksjon av avfallsmengdene og gjenvinning/resirkulering. Redusert avfallsproduksjon kan t.d. verte nådd gjennom endringar i produksjonsprosessar, betre utnytting av råvarer og energi, endringar av produkt og emballasje, osv.

Gjenvinning kan vere ombruk, materialgjenvinning og/eller energiutnytting.

(19)

Miljøvernavdelinga vil i nokre høve be om vurderingar av korleis dei ferdige produkta vert disponert som avfall, før søknaden kan handsamast ferdig. (Jf.

punkt 3.5.)

6.4 Bruk av avfall/biprodukt

Ein må omtale om det er mogeleg å bruke avfallsbiprodukt frå andre i eigen produksjon, og kva for avfallstypar dette i så fall gjeld. Vidare må ein gjere greie for eventuelle planer (og eventuelle avgrensingar) for slik utnytting.

6.5 Handtering (mellomlagring/deponering o.l.) av avfall Ved eigen handtering av avfall skal ein skildre eventuell fare for

ureiningar/ulemper i omgjevnadene, døme kan vere ureining av grunn og/eller vassførekomstar. Dersom luftureining og/eller sjenerande støy kan førekome, skal avstand til nærmaste bustad gjevast opp. Eventuelle gjennomførte og planlagde tiltak for å redusere ureining/ulemper skal også omtalast.

7. Støy

Følgande bygningstypar/område er det spesielt viktig å halde industristøy på eit lågast mogeleg nivå ved:

• bustad og fritidsbustad

• sjukehus, pleieinstitusjon o.l.

• utdanningsinstitusjonar

• barnehage

• rekreasjonsområde

Dersom det vert vurdert å setje støygrenser, er det særleg desse

bygningstypane/område som vil verte spesielt nemnd. Det vil ikkje seie at det ikkje vil vere støykrav retta mot t.d. kontor eller anna industri, men krava kan verte annleis.

Merk også at støykrav vil verte retta mot eksisterande bygning/område. Bygning som vert etablert etter at verksemda har starta opp, kan ikkje rekne med at like strenge krav vil verte sett til verksemda. For ev. slike etableringar kan særskilte utformingar av bygning eller særskilte tiltak innadørs vere nødvendig.

Støy målast i decibel. For industriføremål er det mest vanleg med a-vegd måling eller måling/utrekning over ei viss tid (som då gir ekvivalent støynivå).

Retningsliner for industristøy seier at krav til ekvivalent støynivå skal utreknast for kvar av periodane dag (07 til 19 eller 06 til 18), kveld (19 – 23 eller 18 – 22) og natt. I tillegg skal det setjast krav til maksimalt støynivå.

Dersom det er spesielt viktig å samordne krav med planreglar, kan vi regulere støygrenser med nemninga "DEN", elles er det vanleg å nytte "EQ, T".

(20)

7.1 Støykjelder og dokumentasjon

Opplysningar som skal oppgjevast i tabellen, er følgjande:

- støykjelde (prosesseining e.l.) som er årsak til ekstern støy - når på døgnet og kor lenge varar støyen

- støykjelda sin karakter (støytvis, kontinuerleg, reintone eller anna).

7.3 Støynivå ved nærmaste bustad

Ein må gje opp støynivå ved nærmaste busetnad (eller dersom det ikkje er busetnad i nærleiken; ved verksemda si eigedomsgrense), basert på utrekningar eller målingar. Punkt som målingar/utrekningar refererer til, må merkast av på kart, jf.. punkt 2.3. Oppgi om støynivå er utrekna eller målt. Rapport vedrørande målingar/ utrekningar må leggast ved.

Eventuelle støymålingar skal utførast etter nyaste rettleiingar eller etter

særskilde krav. Dersom det aktuelt å regulere nivå for maksimale støyutslepp, vil Fylkesmannen sette krav etter ekvivalent utrekna støybelastning per

produksjonsdøgn, delt i dag – kveld – natt.

Omtal i eige vedlegg eventuelle topografiske forhold som kan ha noko særleg å seie for støytilhøva.

7.4 Naboklagar

Ein skal opplyse om verksemda har ført til klager frå naboar på sjenerande støy.

Omtal eventuelle klager i eige vedlegg. NB! Munnlege klagar skal òg omtalast.

7.5 Støyreduserande tiltak

Omtal mogelege tiltak for støyreduksjon og oppgi verknad og kostnader for kvart enkelt tiltak, samt tidsplan for eventuell gjennomføring.

7.6 Kartlegging

Dersom det er grunn til å tru av omsøkt aktivitet vil medføre utslepp av støy til nabolag, må verksemda måle og utrekne støybelastning.

Til vanleg vil det då verte sett krav til maksimal støybelastning. Nivåa vil

Fylkesmannen vurdere med grunnlag i T 1442 og retningsliner for industristøy, men vi er ikkje bunde av tilrådde nivå i denne rettleiaren.

Merk også at Fylkesmannen ikkje vil verne like sterkt ev. ny etablering av støysette bygningar som vert etablert etter at verksemda har fått etablere seg.

8. Internkontroll ytre miljø

Forskrift om systematisk helse-, miljø og sikkerhetsarbeid (internkontroll- forskrifta) er eit felles regelverk for tilsynsetatane som er kjent som HMS- etatane. Regelverket og korleis ein generelt må arbeide for å stette krava, er nærare omtalt på www.regelhjelp.no. Krava om tiltak for ”ytre miljø” (tiltak for

(21)

vern mot ureining og ei betre handtering av avfall) gjeld alle verksemder som har minst ein tilsett. Plikta til internkontroll som gjeld det ytre miljøet er difor

presisert i vilkåra. Forskrifta omtalar kva for oppfølging av krav som må dokumenterast skriftleg, og korleis ein bør organisere arbeidet.

Fylkesmannen er tilsynsstyresmakt for det ytre miljøet, det som gjeld ureining og avfallshandsaming. Det er denne delen av internkontrollen som vert gjenstand for kontroll frå fylkesmannen si side.

Den skriftlege dokumentasjonen må tilpassast type og omfang av ulike aktivitetar. Arbeid som ikkje er grunna på gjennomført, skriftleg og oppdatert risikovurdering med oppfølgande handlingsplan, vil ikkje stette minimumskrava i forskrifta. Verksemda må også sikre skriftlege rutinar for førebyggande

vedlikehald av alt utstyr og produksjonsprosessar som kan føre til utilsikta utslepp. Driftsinstruksar og driftsjournalar må førast for alle prosessar og

aktivitetar som vil ha noko å seie for det ytre miljøet. Det må t.d. også etablerast, vedlikehaldast og konkretiserast eigne mål for internkontrollarbeidet, dei tilsette må medverke og det må lagast og vedlikehaldast plan for kompetanseutvikling når det gjeld ytre miljø.

Merk at det framleis er ei vanleg mistyding å berre omtale krav etter

internkontrollforskrifta som gjeld ”indre miljø” (dvs. arbeidsmiljøet) som HMS- krav (helse – miljø – sikkerheit), medan tilsvarande HMS-krav etter

internkontrollforskrifta som gjeld ytre miljø (ureining og avfallshandtering) vert omtala på annan måte. Vi vil såleis generelt presisere at HMS-krav etter

internkontrollforskrifta gjeld fullt ut for det ytre miljøet.

8.2 Risikovurdering

Sentralt i forståinga av internkontroll er å starte med ei risikovurdering, og lage, følge opp og oppdatere handlingsplanar og mål som følgje av denne.

I vedlegg må ein gi ei vurdering av risiko for ekstraordinære utslepp som kan medføre ureining. Her må ein gje opp kjelde/årsak, omfang og konsekvens for miljøet.

Dersom det er fare for akutte utslepp med betydelege konsekvensar for liv, helse eller miljø, skal ein kartleggje risiko i samsvar med §§ 7 og 8 i ”Forskrift om tiltak for å avverge storulykker i virksomheter som håndterer farlige stoffer” av 17.

desember 1993.

8.3 og 8.4 Mål og organisasjon

Her ønskjer vi eit kort samandrag av nøkkeldata frå den skriftlege delen av internkontrollen (jf. dokumentasjonskrava i § 5. 2.ledd i forskrifta).

8.5 Ekstern informasjon

I tillegg til opplysningsplikt til Fylkesmannen om alle tilhøve innan

ureiningsregelverket sine virkeområder, har verksemda også opplysningsplikt til

(22)

ålmenta i høve til miljøinformasjonslova. Informasjonsplikta bygger på ei grunnlovsendring, der Grunnlova § 110 B lyder:

"Enhver har Ret til et Milieu som sikrer Sundhed og til en Natur hvis Produktionsævne og Mangfold bevares. Naturens Ressourcer skulle

disponeres ud fra en langsigtig og alsidig Betragtning, der ivaretager denne Ret ogsaa for Efterslægten.

For at ivaretage deres Ret i Henhold til foregaaende Led, ere Borgerne berettigede til Kundskab om Naturmilieuets Tilstand og om Virkningerne af planlagte og iværksatte Indgreb i Naturen.

Statens Myndigheder give nærmere Bestemmelser til at gjennemføre disse Grundsætninger."

Dersom verksemda får krav om rapportering av utslepp via det sentrale AltInn- systemet, vil nøkkeltal om verksemda sine utslepp verte tilgjengelege for ålmenta på nettstaden www.norskeutslipp.no.

9. Førebyggande tiltak og beredskap ved ekstraordinære utslepp

9.1 Førebyggande tiltak

I tabellen må ein gje opp kva for førebyggande tiltak som er etablert for å hindre mogelege ekstraordinære utslepp, så som lekkasjar frå lagringstankar (inkludert nedgravne tankar), lekkasjar til grunnen frå avløpsnett, lekkasjar til kjølevass- nettet, overfylling/overløp, gasslekkasjar, forhøga utslepp ved utfall av reinse- anlegg, m.v. Nærmare skildringar kan ein gi i eige vedlegg.

9.2 Beredskapsplan

Ein må opplyse om det er utarbeidd beredskapsplan for handtering av ekstra- ordinære utslepp, og om eventuell plan tidlegare er oversendt til miljøvern- avdelinga. Dersom plan ligg føre, men ikkje tidlegare er oversendt miljøvern- avdelinga, skal planen leggast ved.

10. Samfunnsøkonomiske verknadar

Her kan søkjar greie ut om andre samfunnsøkonomiske forhold enn

ureiningsmessige som vert / kan verte omfatta av eller ein følge av omsøkt aktivitet.

Merk at ein etter ureiningslova kan setje krav om andre samfunnsmessige tiltak eller kompensasjonar som vilkår i eit løyve.

(23)

11. Underskrift

Underskrift her skal vere vedkomande som er ansvarleg for

ureining/ureiningsfare for verksemda. Etter ureiningslova er dette verksemda si leiing slik det går fram av verksemda si organisasjon eller selskapsstruktur.

Underskrifta kan vere ein annan enn vedkomande som er ført opp som kontakt- person/ar i pkt. 1.1.

12. Oversikt over vedlegg

For ordens skyld bør ein utarbeide ei liste over alle vedlegga til søknaden.

NB! Vedlegg kan òg sendast inn elektronisk til fmsfpost@fylkesmannen.no.

(24)

Vedlegg 1

Handsaming av søknad om løyve til utslepp til luft og vann, avfallshandtering og støy frå

industriverksemd

1. Avgjerdsstyresmakt

Avgjerd av søknad om utsleppsløyve til industriverksemd etter ureiningslova er delt mellom Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) og fylkesmannen. Generelt er all avgjerdsrett lagt til Klif. Dei seinare åra har likevel ei rad verksemdtypar vorte delegert til Fylkesmannen. Generelt gjeld difor no at Klif har ansvar for dei fleste av dei større verksemdene i risikoklasse 1 og 2, medan Fylkesmannen generelt har ansvar for alle andre i risikoklassane 2 til 4.

Når det ligg føre forskrifter for enkelte bransjar/utsleppskjelder, inneheld desse reglar om kva for organ som har avgjerdsrett/kven ein skal melde til.

Etter ureiningslova skal ureiningsspørsmål om mogeleg søkjast løyst for større område under eitt og i medhald av oversiktsplanar og reguleringsplanar. Dersom verksemda vil vere i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova, kan fylkesmannen berre gi løyve etter ureiningslova etter samtykke frå

planstyresmakta.

2. Saksbehandling

For nye verksemder eller for verksemder som ønskjer å auke eksisterande, ureiningsutslepp, må løyve vere gitt før (auka) utslepp finn stad.

Reglar for handsaming av søknader om utsleppsløyve er fastsett i kap. 36 i ureiningsforskrifta. (Nokre verksemdtypar kan ha supplerande krav i

ureiningsregelverket) Nokre hovudpunkt i vår saksbehandling er gitt nedanfor.

Når fullstendig søknad er send inn, søknaden har vore på høyring i samsvar med sakshandsamingsforskrifta, så vil søkjaren normalt få vår avgjerd innan 3

månader.

2.1 Hovudpunkt i den alminnelege saksbehandlinga

a. Søknaden må ein sende til Fylkesmannen, der den vert handsama i miljøvern- avdelinga. I spesielle saker kan det vere behov for fleire eksemplar.

b. Mest mogeleg av søknadsdokumenta bør sendast inn elektronisk til

fmsfpost@fylkesmannen.no. Vi treng berre forpliktande underskrift på sjølve søknadsdokumentet.

c. Ved første gongs innsending, vert innhaldet i søknaden gått gjennom, men vi tar ikkje stilling til saka. Søkjar vil få attendemelding med krav om ev.

(25)

supplement av dokumentasjon, og orientering om korleis søknaden skal leggast ut til offentleg ettersyn m.m.

d. Dersom søkjaren sjølv ikkje ønskjer å gjennomføre orienteringa til partar, offentlege etatar og ålmenta, vil Fylkesmannen gjere dette for søkjaren si rekning. Høyringsfristen skal til vanleg ikkje vere kortare enn 30 dagar, men ofte 8 veker eller meir dersom han må handsamast politisk i vertskommunen.

e. Ev. merknader til søknaden skal sendast til miljøvernavdelinga hos

Fylkesmannen. Bruk gjerne sending via epost, eller skriv utalen direkte på skjemaet som følgde med nettoppslaget til Fylkesmannen.

f. Når merknadsfristen er ute, vil innkomne merknader verte send til verksemda for eventuell kommentar.

g. I spesielle hastesaker kan det vere aktuelt med kortare fristar innafor

forvaltningslova sine rammer. I omfattande og kompliserte ureiningssaker kan det vere behov for lengre fristar. I tilfelle der fristane avvikar frå det som er nemnt ovanfor, vil dette gå fram av oversendingsbrev. I mindre saker opnar forskrifta for ei forenkla sakshandsaming.

h. Partane i saka vert orienterte om avgjerda av søknaden. I saker med mange partar, t.d. når mange naboar har hatt merknader, kan underretning til naboar m.v. gjerast ved annonsering, jf. punkt c.

i. I vedtak om nytt løyve vil framgå plassering av risikoklasse og nivå på gebyr for saksbehandling (jf. kap. 39 i ureiningsforskrifta), dersom dette ikkje er vedteke tidlegare.

2.2 Spesielle saksbehandlingsregler når avløpsvatn (prosessavløpsvatn) frå industriell verksemd vert leia til kommunalt nett

Når avløpsvatnet skal leiast via kommunalt leidningsnett og eventuelt reinse- anlegg, skal verksemda innhente utsleppsløyve frå Fylkesmannen, sjå punkt 2.1.

Verksemda må avklare eventuelt påslepp til offentleg nett med kommunen. Det kan vere aktuelt for kommunen å stille krav til avløpsvatnet sin kvalitet og kvantitet for vern av leidningsnett og reinseanlegg.

3. Klage

Klima- og forureiningsdirektoratet er klageinstans for utsleppsløyve gitt av Fylkesmannen med heimel i ureiningslova. Partane og andre med ”rettsleg klageinteresse” (dette er nærare omtale i forvaltningslova) kan klage over heile eller delar av løyvet eller vilkår til løyvet. Klager over vedtak skal sendast til Fylkesmannen, men skal stilast til klageinstansen (Klif). Klage bør alltid vere godt grunngjeve. Dersom klagaren ikkje får medhald i klagen av Fylkesmannen, vert den sendt til Klif for endeleg avgjerd. Vi viser elles til kapittel VI i

forvaltningslova.

Tilbake til side 5 Tilbake til side 6

(26)

Vedlegg 2

Teknisk miljøanalyse, miljøleiing og EMAS

1. Definisjon

Teknisk miljøanalyse er eit verktøy for lønsam reduksjon av avfall og utslepp.

Analysen inneber ein systematisk og dokumentert gjennomgang av verksemda for å kartleggje miljøtilstanden, herunder ureiningssituasjonen. Ved teknisk miljøanalyse vil verksemda på ein systematisk måte kunne identifisere og evaluere kor mykje det er mogeleg å redusere utslepp.

Prinsippet som ligg til grunn for metoden er å førebyggje framfor å reparere.

Gjennom arbeidet med teknisk miljøanalyse søkjer ein å redusere avfalls- og utsleppsproblema ved kjelda eller å redusere problema ved internt eller eksternt gjenbruk, for på denne måten minimalisere behovet for deponering eller for- brenning. I staden for å reinse avløp og utslepp og deponere avfall, endrar ein rutinar og prosessar slik at avfall ikkje oppstår eller at det vert gjenbrukt i eigen eller andre sin produksjon.

2. Resultat ein kan oppnå gjennom teknisk miljøanalyse Erfaringar viser at ei verksemd gjennom teknisk mikroanalyse kan:

• spare kostnader ved redusert handtering og deponering av avfall, redusere råvarekostnader og andre driftskostnader

• tilfredsstille eksisterande og framtidige nasjonale og internasjonale miljøkrav på ein lønsam måte

• integrere helse, miljø og tryggleik i drifta (NB! her tenkjer vi på det ytre miljøet)

• gi eit positivt miljøinntrykk og ved det oppnå konkurransefordel

• betre motivasjonen og auke kompetansen hos dei tilsette på alle nivåa i verksemda.

3. Gjennomføring av teknisk miljøanalyse

Det er vanleg å ta med tilsette på alle nivå i styrings- og arbeidsgrupper.

Følgjande aktivitetar inngår vanlegvis i opplegget for ein teknisk miljøanalyse:

Foranalyse - omfattar vanlegvis planlegging og organisering, informasjon, utarbeiding av prosessflyteskjema, innhenting av data (heile verksemda), kartlegging av forbetringsmogelegheitene og prioritering av delprosessar for hovudanalyse.

Hovudanalyse - består i stor grad av systematisk innsamling av data frå

prioriterte område, samanstilling/vurdering av data og utarbeiding av forslag til tiltak. Samanstilte mengdedata om avfall, utslepp, energi og vann relaterast til kostnad. Forslag til tiltak utarbeidast for å oppnå ein miljømessig og/eller økonomisk vinst.

Konsekvensanalyse. Forslag til tiltak vurderast teknisk, miljømessig og økonomisk før handlingsplan med val av tiltak vert utarbeidd.

(27)

Gjennomføring. Handlingsplan vert utarbeidd og ein set i verk tiltak.

Oppfølging og kontroll. Teknisk miljøanalyse er ein kontinuerleg prosess.

Oppfølgingsanalyse bør gjennomførast ein gang pr. år. Denne bør innehalde ein gjennomgang av utførte tiltak siste året og resultata av desse, samt dei tiltaka som skal gjennomførast komande år (kostnad, venta resultat).

4. Førebyggande miljøstrategi

Miljøstrategien bygger på følgjande prinsipp for avfalls/-utsleppsminimering:

1) Avfallsminimering ved kjelda - Hindre at avfall og utslepp frå

avfallshandtering oppstår og redusere mengda skadelege stoff i avfallet, t.d. ved endringar i prosessteknologi, arbeidsoperasjonar, råvarer og hjelpestoff. Dette inneber "god hushaldning", dvs. miljøvissheit og aktiv eigenkontroll hos produksjonsleiing og operatørar.

2) Ombruk/materialgjenvinning/energiutnytting - Avfall vert ført tilbake som råstoff i eigen eller andres produksjon, bearbeidd for gjenvinning av materialar internt/eksternt, eller utnytta til energiformål internt/eksternt.

3) Miljømessig forsvarleg sluttbehandling av restavfall - Avfall og utslepp frå avfallshandtering vert minimalisert, nøytralisert, avgifta eller gjort inert (immobilt) slik at det vert problemfritt for miljøet. Restavfall vert deponert på kontrollert fyllplass kor deponeringa er sikra mot lekkasjar, og det vert ført kontroll med avrenning og utslepp til luft i nærmiljøet.

5. Miljøleiing og EMAS

Teknisk miljøanalyse kan vere eit første steg mot ei meir heilskapleg miljøleiing.

EMAS (Eco-management and Audit Scheme (miljøstyring og miljørevisjon)).

EMAS er eit frivilleg, felles europeisk system, men for å vere EMAS registrert må ein stette krava i kap. 38 i ureiningsforskrifta (som kort seier at EMAS

forordninga (09/1221 gjeld).

EMAS-systemet føreset tilfredsstilling av 8 kravpunkt:

Miljøpolitikk – skal sikre vedvarande og rimeleg betring av miljøinnsatsen

Innleiande miljøanalyse – der teknisk miljøanalyse er sentral for produksjonsverksemd

Miljøprogram – vert utarbeidd på bakgrunn av dei to førre punkta

Miljøstyringssystem - tilsvarande internkontrollprinsippa, men med noko meir detaljerte krav og meir fokus på stadig betra prestasjonar

Intern miljørevisjon – jamfør internkontrollkrava

Miljøutgreiing – Tilfredsstillar og meir omfattande enn krava i Grunnlova og Rekneskapslova

Godkjenning av akkreditert miljøkontrollør – jamleg vurdering av ekstern part

Sende godkjenning for registrering – Godkjente verksemder vert registrert i eit Brønnøysundregister, og gir rett til å nytte EMAS-logo

(28)

EMAS og ISO 1400 kan nytte same styringssystema. Systema er høvesvis like. Båe har spesifiserte krav til ytre miljø. ISO-systema er meir prosedyre-orientert, medan EMAS legg meir vekt på kva for område som må vurderast og forbetring på desse områda.

Tilbake til del III, kap. 3.5

(29)

Vedlegg 3

Energistyringssystem

Verksemder som er lista i vedlegg 1 til kap. 36 i ureiningsforskrifta (det vil seie verksemder som er omfatta av det felles IPPC-regelverket (som vil verte endra når IED-direktivet vert innført)2, skal til vanleg ha eit ha eit omfattande

energisstyringssystem. Skriftleg system vert kravd, og systemet må følgje Norsk Standard der det finst.

Ein må gjere greie for aktuelle framtidige energisparetiltak som kan føre til reduserte utslepp eller reduserte avfallsmengder, t.d. energigjenvinning. Har verksemda ein konkret plan for energiøkonomisering, skal rapport og

kostnadsoverslag leggjast ved. Dersom energikjelde er fossilt brensel, skal ein leggje ved vurdering om det er mogeleg å ha ein overgang til alternative energikjelder som elkraft, biobrensel (bark, flis) o.l. Miljøvernavdelinga kan krevje at det ligg føre ei slik utgreiing før søknaden vert slutthandsama.

Rettleiande haldepunkt for kva systemet bør innehalde:

• Energibalansar for enkeltanlegg og enkeltprosessar

• Plan for jamlege energirevisjonar eller energigjennomgangar

• System for overvaking av energiforbruket på overordna nivå og utstyrsnivå, oppfølging av nøkkelvariablar som temperatur, trykk, luftoverskot m.v.

• Oversikt over parameter som kan ha innverknad på energiforbruket

• Rutinar for intern rapportering til leiing og årsrapportering til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

• Mål for energieffektivitet (totalt energiforbruk og spesifikt energiforbruk)

• Plan for korleis energiforbruk kan reduserast

• Samanlikning med seg sjølv over tid, grunna på utvalde rapporteringsdata for kvart år

• Deltaking i benchmarking

• Vurdering av alternative energiberarar

Fylkesmannen vil til vanleg ikkje stille kvantitative krav til energiforbruk totalt eller spesifikt energiforbruk. Spesifikt energiforbruk kan vere eit godt mål på energieffektivitet, og kan verte sett som rapporteringskrav i visse høve.

Tilbake til del III, kap. 3.8

2 IPPC; Integrated Pollution Control and Prevention IE; Industrial Emission Directive

(30)

Vedlegg 4

Komponentar i utslepp til vatn

1. Næringssalt og oksygen- forbrukande komponentar Organiske fosforsambindingar Nitrogen, angitt som N

Suspenderte faste stoff

Stoff som bidreg til eutrofiering (særleg nitrat (N) og fosfat (P)) Stoff som har negativ verknad for

oksygenbalansen (og som kan målast med parameter for organisk stoff som BOF, KOF osv.)

2. Klorerte sambindingar Adsorberbart organisk klor (AOX) 1,2-Dikloretan

Dioksin (TCDD-ekvivalentar, nordisk utrekningsmodell)

Heksaklorbenzen Heksaklorbutadien

Karbontetraklorid (tetraklormetan) Kloroform (triklormetan)

Pentaklorfenol Polyklorerte bifenylar

Tetrakloreten (perkloretylen) Triklorbenzen

1,1,1-Trikloretan Trikloreten

3. Metall og

metallsambindingar Arsen

Bly Kadmium Koppar Kobolt

Krom, seksverdig Krom, toverdig Krom, total Kvikksølv Molybden Nikkel Sink

4. Andre

Organiske halogensambindingar og stoff som kan danne slike

sambindingar i akvatisk miljø Persistente hydrokarbon og

persistente, bioakkumulerbare og giftige organiske stoff, m.a.

polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH) Olje

Organiske tinnsambindingar (tri- butyltinn og trifenyltinn) Bromerte flammehemmarar

Andre stoff og preparat med påviste kreftframkallande, mutagene eller evt. reproduksjonsskadelege eigenskapar i eller gjennom vatn Cyanidar

Biocid og plantevernmidlar

Tilbake til del III, kap. 4.7

(31)

Vedlegg 5

Økotoksikologiske testar og kjemisk karakteristikk

Økotoksikologiske testar

Med økotoksikologiske testar meiner vi i denne samanheng testar av giftigheit på vasslevende organismar (algar, vasslopper, fisk), test av potensiale for bio-

akkumulering og test av biologisk nedbrytbarheit.

Kjemisk karakterisering

Med kjemisk karakterisering av avløpsvatn og resipient meiner vi i denne samanheng gjennomføring av eit passande utval av kjemiske analysar som er nødvendig for å kunne karakterisere eige avløp eller verknadar av avløpet i ein resipient eller vassførekomst.

Prøvetakingsprogram (parameter, omfang, frekvens, m.m.) må avgjerast i det enkelte tilfelle. Vilkår i løyve kan setje minimumskrav til omfang, men kan også kravje at verksemda saman med fritt vald uavhengig og kompetent organ, skal setje opp framlegg til program som må godkjennast av Fylkesmannen.

Analysane skal alltid takast av akkreditert analyselaboratorium. Laboratoriet eller uavhengig rådgjevar skal ha ansvar for heile prosessen frå utval av prøvestad, uttak, metode, mellomlagring, sending, analyse og presentasjon av resultat. Der prosessen er akkreditert, skal dette følgast.

Når prøvetaking er vel innarbeidd, og etter godkjenning frå uavhengig rådgjevar, kan verksemda sine eigne tilsette, eller andre innleigde, gjere det lokale

prøvetakingsarbeidet.

Tilbake til del III, kap. 4.11

(32)

Vedlegg 6

Komponentar i utslepp til luft

1. Hovudkomponentar Ammoniakk

Flyktige organiske sambindingar, unntatt metan (NMVOC) Karbondioksid

Karbonmonoksid

Klor og saltsyre (sum), utrekna som klor (Cl)

Lystgass (N2O) Metan

Nitrogenoksidar (sum NO og NO2, ut- rekna som NO2) og andre

nitrogensambindingar Polysykliske aromatiske hydro-

karbon (PAH) Støv

Svoveldioksid og andre svovelsambindingar Cyanidar

2. Metall og

metallsambindingar Arsen

Bly Kadmium Kobbar Kobolt

Krom, seksverdig Krom, treverdig Krom, total Kvikksølv Nikkel Sink

3. Klorerte sambindingar Generelt alle klorsambindingar 1,2-Dikloretan

Dioksin (TCDD-ekvivalentar, nordisk utrekningsmodell)

Heksaklorbenzen Heksaklorbutadien

Karbontetraklorid (tetraklormetan) Kloroform (triklormetan)

Pentaklorfenol Polyklorerte bifenylar

Tetrakloreten (perkloretylen ) Triklorbenzen

1,1,1-Trikloretan Trikloreten

4. KFK/halon Halon 1211 Halon 1301

HKFK 22 (hydratiserte klorfluor- karbon)

KFK 113 50 % KFK 115 KFK 12

5. Andre

Fluor (sum partikulært og gass- formig) og fluorsambindingar Karbondisulfid

Karbonheksafluorid Karbontetrafluorid Svovelheksafluorid

Asbest (svevestøv og fiber)

Andre stoff og preparat med påviste kreftframkallande, mutagene eller evt. reproduksjonsskadelege eigenskapar som kan overførast gjennom luft

Tilbake til del III, kap. 5.1 Tilbake til del III, kap. 5.4

(33)
(34)

Vedlegg 7

Inndeling av avfall

Den europeiske avfallslista (EAL)

Den europeiske avfallslista (EAL) er ein oversikt over ulike avfallstypar. Katalogen delar inn avfall i 20 hovudkategoriar med ein 2-sifra kode frå 01 til 20. Desse hovudkategoriane er delt inn i underkategoriar og som igjen er delt inn i avfallstypar som kvar har fått ein 6-sifra kode.

Det er viktig å vere klar over at etter denne inndelinga kan same verksemd ha avfall frå fleire hovudkategoriar. Er ein usikker på kategorisering, må ein følge rettleiinga til Vedlegg 1 i kap. 11 i avfallsforskrifta, rettleiing frå avfallsfirma som kan ta imot avfallet, eller søkje råd hos bransjeorganisasjon, NORSAS, NFFA eller hos ureiningsstyresmaktene.

01 Avfall fra leting, utvinning ved gruvedrift og i steinbrudd, og fysisk og kjemisk behandling av mineraler

02 Avfall fra jordbruk, hagebruk, akvakultur, skogbruk, jakt og fiske samt produksjon og bearbeiding av næringsmidler

03 Avfall fra treindustri og produksjon av plater og møbler, papirmasse, papir og papp/kartong

04 Avfall fra lærvare-, pelsverk- og tekstilindustrien

05 Avfall fra oljeraffinering, rensing av naturgass og pyrolytisk behandling av kull

06 Avfall fra uorganiske kjemiske prosesser 07 Avfall fra organiske kjemiske prosesser

08 Avfall fra produksjon, bearbeiding, distribusjon og bruk (PBDB) av beleggingsprodukter (malinger, lakker og glassemaljer), klebemidler, tetningsmasser og trykkfarger

09 Avfall fra fotografisk industri

10 Avfall fra varmebehandlingsprosesser

11 Avfall fra kjemisk overflatebehandling og belegging av metaller og andre materialer, og fra hydrometallurgi med ikke-jernholdige metaller

12 Avfall fra forming og fysisk og mekanisk overflatebehandling av metaller og plaststoffer

13 Avfall av oljer og flytende brensel (unntatt matoljer, 05 og 12)

14 Avfall av organiske løsemidler, kjølemidler og drivmidler (unntatt 07 og 08)

15 Avfall av emballasje, absorbenter, tørkekluter, filtreringsmaterialer og vernetøy som ikke er spesifisert andre steder

16 Avfall som ikke er spesifisert andre steder i listen

(35)

17 Avfall fra bygge- og rivingsarbeid (herunder overskuddsmasse fra forurensede byggeplasser)

18 Avfall fra medisinsk behandling eller veterinærbehandling og//eller tilhørende forskning (unntatt kjøkken- og restaurantavfall som ikke har direkte tilknytning til medisinsk behandling)

19 Avfall fra avfallsbehandlingsanlegg og eksterne avløpsrenseanlegg og fra fremstilling av drikkevann og vann til industriell bruk

20 Kommunalt avfall (husholdningsavfall og lignende avfall fra handel, industri og institusjoner) herunder separat innsamlede fraksjoner.

Farleg avfall

Merk! Det er berre avfallstypar som er merka med * som er farleg avfall i høve til forskrifta.

Eksplosivar, infeksjonsfremmande eller radioaktive stoff skal ikkje leverast til farleg avfallssystemet utan etter løyve/samtykke frå relevant styresmakt.

Ureiningsstyresmaktene har ikkje avgjerdsrett her, men vil vise til høvesvis Direktoratet for brann og elsikkerhet (evt. politiet eller lokalt brannvesen), helsestyresmaktene og Statens strålevern.

Alle mengder skal gjevast opp i kg eller tonn.

For farleg avfall skal også den firesifra tallkoden frå SSB (som startar med talet 7 for farleg avfall) gjevast opp. Dei vanlegaste typane er nemnd på

deklarasjonsskjemaet for farleg avfall.

Næringsavfall Inndeling i avfallstypar

Kategoriseringa av næringsavfall følgjer den standarden som er utarbeidd i samband med avfallsstatistikk utgjeve av Statistisk sentralbyrå (SSB). Alle mengder skal gjevast opp i kg eller tonn.

Nemninga på næringsverksemdene er identisk med dei som ein finn i Standard for næringsgruppering, og som vert nytta i ein rad andre statistikkar. Ein meir detaljert oversikt over næringane finn ein i NOS-publikasjonen "Standard for næringsgruppering" som vert gitt ut av SSB.

Inndeling av avfallsmaterial

For våre kontrollføremål og andre offentlege føremål, må verksemda gje opp korleis avfallet vert sortert ut for vidare handsaming. (Gjenvinningsverksemder må også dele inn avfall dei handterer på vegner av andre på same måten.) Inn- delinga bør så langt råd er vere den same for SSB sin innhenting av

avfallsstatistikk, NORSAS sin oppgåveinnhenting i høve registerforskrifta og

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

For alle pasienter som hadde hatt kontakt med Fosen legevaktsenter i perioden ble føl- gende data registrert: kontakttype (konsulta- sjon/sykebesøk/telefonrådgivning), diagno-

Hovedtyper av minirenseanlegg er kjemisk/biologiske anlegg for fjerning av fosfor og organisk stoff, biologiske anlegg for fjerning av organisk stoff og kjemiske anlegg

Slamavskillere er utformet slik at vannet har lang strømningsvei og oppholdstid slik at mest mulig flyteslam og sedimenterbart slam holdes tilbake i kummen.. Vannet

I henhold til VA/Miljø-Blad 49, kan biofiltre der vannet finfordeles over filterflata med dyse belastes med 200 liter slamavskilt avløpsvann per m 2 og døgn når anlegget

Akkurat som for det faktorbesparende tekniske effektivitetsmålet for til- fellet med en produksjonsfaktor, vil også dette propor- sjonale faktorbesparende målet på teknisk

Begrunnelse – dette er rådet basert på Sammendrag Personer med seksuell interesse for barn kan noen ganger ha holdninger eller atferd som opprettholder og forsterker deres

Så lenge det ikkje finst globale system med avgifter eller utsleppsløyve kan ein gjennom mellomstatlege investeringar oppnå ein høgare global kostnadseffektivitet enn dersom alle

For hele området samlet er konsekvensgraden vurdert til middels store negative konsekvenser, selv om denne må leses som noe mindre negativ enn for alternativ 1.. 3 har ingen