• No results found

Teknisk miljøanalyse, miljøleiing og EMAS

1. Definisjon

Teknisk miljøanalyse er eit verktøy for lønsam reduksjon av avfall og utslepp.

Analysen inneber ein systematisk og dokumentert gjennomgang av verksemda for å kartleggje miljøtilstanden, herunder ureiningssituasjonen. Ved teknisk miljøanalyse vil verksemda på ein systematisk måte kunne identifisere og evaluere kor mykje det er mogeleg å redusere utslepp.

Prinsippet som ligg til grunn for metoden er å førebyggje framfor å reparere.

Gjennom arbeidet med teknisk miljøanalyse søkjer ein å redusere avfalls- og utsleppsproblema ved kjelda eller å redusere problema ved internt eller eksternt gjenbruk, for på denne måten minimalisere behovet for deponering eller for-brenning. I staden for å reinse avløp og utslepp og deponere avfall, endrar ein rutinar og prosessar slik at avfall ikkje oppstår eller at det vert gjenbrukt i eigen eller andre sin produksjon.

2. Resultat ein kan oppnå gjennom teknisk miljøanalyse Erfaringar viser at ei verksemd gjennom teknisk mikroanalyse kan:

• spare kostnader ved redusert handtering og deponering av avfall, redusere råvarekostnader og andre driftskostnader

• tilfredsstille eksisterande og framtidige nasjonale og internasjonale miljøkrav på ein lønsam måte

• integrere helse, miljø og tryggleik i drifta (NB! her tenkjer vi på det ytre miljøet)

• gi eit positivt miljøinntrykk og ved det oppnå konkurransefordel

• betre motivasjonen og auke kompetansen hos dei tilsette på alle nivåa i verksemda.

3. Gjennomføring av teknisk miljøanalyse

Det er vanleg å ta med tilsette på alle nivå i styrings- og arbeidsgrupper.

Følgjande aktivitetar inngår vanlegvis i opplegget for ein teknisk miljøanalyse:

Foranalyse - omfattar vanlegvis planlegging og organisering, informasjon, utarbeiding av prosessflyteskjema, innhenting av data (heile verksemda), kartlegging av forbetringsmogelegheitene og prioritering av delprosessar for hovudanalyse.

Hovudanalyse - består i stor grad av systematisk innsamling av data frå

prioriterte område, samanstilling/vurdering av data og utarbeiding av forslag til tiltak. Samanstilte mengdedata om avfall, utslepp, energi og vann relaterast til kostnad. Forslag til tiltak utarbeidast for å oppnå ein miljømessig og/eller økonomisk vinst.

Konsekvensanalyse. Forslag til tiltak vurderast teknisk, miljømessig og økonomisk før handlingsplan med val av tiltak vert utarbeidd.

Gjennomføring. Handlingsplan vert utarbeidd og ein set i verk tiltak.

Oppfølging og kontroll. Teknisk miljøanalyse er ein kontinuerleg prosess.

Oppfølgingsanalyse bør gjennomførast ein gang pr. år. Denne bør innehalde ein gjennomgang av utførte tiltak siste året og resultata av desse, samt dei tiltaka som skal gjennomførast komande år (kostnad, venta resultat).

4. Førebyggande miljøstrategi

Miljøstrategien bygger på følgjande prinsipp for avfalls/-utsleppsminimering:

1) Avfallsminimering ved kjelda - Hindre at avfall og utslepp frå

avfallshandtering oppstår og redusere mengda skadelege stoff i avfallet, t.d. ved endringar i prosessteknologi, arbeidsoperasjonar, råvarer og hjelpestoff. Dette inneber "god hushaldning", dvs. miljøvissheit og aktiv eigenkontroll hos produksjonsleiing og operatørar.

2) Ombruk/materialgjenvinning/energiutnytting - Avfall vert ført tilbake som råstoff i eigen eller andres produksjon, bearbeidd for gjenvinning av materialar internt/eksternt, eller utnytta til energiformål internt/eksternt.

3) Miljømessig forsvarleg sluttbehandling av restavfall - Avfall og utslepp frå avfallshandtering vert minimalisert, nøytralisert, avgifta eller gjort inert (immobilt) slik at det vert problemfritt for miljøet. Restavfall vert deponert på kontrollert fyllplass kor deponeringa er sikra mot lekkasjar, og det vert ført kontroll med avrenning og utslepp til luft i nærmiljøet.

5. Miljøleiing og EMAS

Teknisk miljøanalyse kan vere eit første steg mot ei meir heilskapleg miljøleiing.

EMAS (Eco-management and Audit Scheme (miljøstyring og miljørevisjon)).

EMAS er eit frivilleg, felles europeisk system, men for å vere EMAS registrert må ein stette krava i kap. 38 i ureiningsforskrifta (som kort seier at EMAS

forordninga (09/1221 gjeld).

EMAS-systemet føreset tilfredsstilling av 8 kravpunkt:

Miljøpolitikk – skal sikre vedvarande og rimeleg betring av miljøinnsatsen

Innleiande miljøanalyse – der teknisk miljøanalyse er sentral for produksjonsverksemd

Miljøprogram – vert utarbeidd på bakgrunn av dei to førre punkta

Miljøstyringssystem - tilsvarande internkontrollprinsippa, men med noko meir detaljerte krav og meir fokus på stadig betra prestasjonar

Intern miljørevisjon – jamfør internkontrollkrava

Miljøutgreiing – Tilfredsstillar og meir omfattande enn krava i Grunnlova og Rekneskapslova

Godkjenning av akkreditert miljøkontrollør – jamleg vurdering av ekstern part

Sende godkjenning for registrering – Godkjente verksemder vert registrert i eit Brønnøysundregister, og gir rett til å nytte EMAS-logo

EMAS og ISO 1400 kan nytte same styringssystema. Systema er høvesvis like. Båe har spesifiserte krav til ytre miljø. ISO-systema er meir prosedyre-orientert, medan EMAS legg meir vekt på kva for område som må vurderast og forbetring på desse områda.

Tilbake til del III, kap. 3.5

Vedlegg 3

Energistyringssystem

Verksemder som er lista i vedlegg 1 til kap. 36 i ureiningsforskrifta (det vil seie verksemder som er omfatta av det felles IPPC-regelverket (som vil verte endra når IED-direktivet vert innført)2, skal til vanleg ha eit ha eit omfattande

energisstyringssystem. Skriftleg system vert kravd, og systemet må følgje Norsk Standard der det finst.

Ein må gjere greie for aktuelle framtidige energisparetiltak som kan føre til reduserte utslepp eller reduserte avfallsmengder, t.d. energigjenvinning. Har verksemda ein konkret plan for energiøkonomisering, skal rapport og

kostnadsoverslag leggjast ved. Dersom energikjelde er fossilt brensel, skal ein leggje ved vurdering om det er mogeleg å ha ein overgang til alternative energikjelder som elkraft, biobrensel (bark, flis) o.l. Miljøvernavdelinga kan krevje at det ligg føre ei slik utgreiing før søknaden vert slutthandsama.

Rettleiande haldepunkt for kva systemet bør innehalde:

• Energibalansar for enkeltanlegg og enkeltprosessar

• Plan for jamlege energirevisjonar eller energigjennomgangar

• System for overvaking av energiforbruket på overordna nivå og utstyrsnivå, oppfølging av nøkkelvariablar som temperatur, trykk, luftoverskot m.v.

• Oversikt over parameter som kan ha innverknad på energiforbruket

• Rutinar for intern rapportering til leiing og årsrapportering til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

• Mål for energieffektivitet (totalt energiforbruk og spesifikt energiforbruk)

• Plan for korleis energiforbruk kan reduserast

• Samanlikning med seg sjølv over tid, grunna på utvalde rapporteringsdata for kvart år

• Deltaking i benchmarking

• Vurdering av alternative energiberarar

Fylkesmannen vil til vanleg ikkje stille kvantitative krav til energiforbruk totalt eller spesifikt energiforbruk. Spesifikt energiforbruk kan vere eit godt mål på energieffektivitet, og kan verte sett som rapporteringskrav i visse høve.

Tilbake til del III, kap. 3.8

2 IPPC; Integrated Pollution Control and Prevention IE; Industrial Emission Directive

Vedlegg 4