SFE Nett AS
132 kV kraftleidning Gjengedal –Storebru /Agledal
Søknad om konsesjon, ekspropriasjonsløyve og førehandstiltreding
Utarbeida2014av
JØSOK PROSJEKT AS
SFE Nett AS Asia Konses'onssøknad: N 132 leidnin G'en edal—Storebru/A iedal
FØREORD I SAMANDRAG
SFE Nett legg i dette dokumentet fram søknad om konsesjon, ekspropriasjonsløyve og førehandstiltreding for ein ny 132 kV ieidning frå det konsesjonssøkte Gjengedal kraftverk fram til eksisterande 132 kV nett ved Storebru eller Agledal.
SF E Nett søkjer og om konsesjon, ekspropriasjonsiøyve og førehandstiltreding for om bygging av ! nye transformator og kopiingsaniegg tiiknytt den omsøkte ieidningen:
- Ved Gjengedal kraftverk (Ny transformering 10/70 MVA) - Ved Skogheim kraftverk ELLER ved Asane (Ny transformering 45 MVA)
' Sagefossen kraftstasjon (Ombygging til 132 kV, fjerne transformering til 22 kV) ' Ved Storebru eiler i Vassbotn (Nytt koplingsanlegg)
SFE Nett og SFE Produksjon er einige om at av dei nemde anlegga over, er konsesjon for følgjande anlegg søkt om på vegne av SFE Produksjon:
. Krafttransformeringsaniegg, kopiingsfelt samt høgspennings kabel- og apparatanlegg i fielli
Gjengedal kraftverk (mellom anna av praktiske omsyn til drift og vedlikehald). Dette utgjer ei endring i høve SFE P sin konsesjonssøknad for Gjengedal kraftverk.
. Krafttransformering med tilhøyrande 132 kV koplingsfelt ved Sagefossen (SFE Produksjon er einaste kunde).
Dei omsøkte anlegga ligg i Gloppen og Flora kommunar i Sogn og Fjordane fylke.
SFE Nett søkjer om konsesjon for dei nye overføringsanlegga for å skaffe nettkapasitet for det
konsesjonssøkte Gjengedal kraftverk (51 MW) og konsesjonssøkte småkraftverk i området Hyen — Storebru (til saman om lag 35 MW).
Tiltaket medfører bygging av 28 km ny 132 kV luftleidning og 0,9 -1,2 km ny 132 kV jordkabel.
Tiltaket vil (39 føre til riving av 9 km 66 kV ieidning, og netto auke i kraftieidningar på spenningsnivå 66-132 kV blir om lag 19 km.
Gjennomføring av tiltaket er i hovudsak avhengig av at Gjengedal kraftverk blir bygd ut. Tidsplan for ferdigstilling av anlegga vil dermed henge saman med tidsplan for utbygging av Gjengedal kraftverk.
Florø, 17. januar 2014.
$5
Asgeir Aase Atie Isaksen
Direktør Avdelingsleiar Nettforvaltning
SFE Nett AS SFE Nett AS
SFE Produksjon AS stiller seg bak systemløysing for nettilknyting av Gjengedal- og Sagefossen kraftverk, samt fordeiing av eigarskap i transformeringsanlegga for dei same kraftverka.
Sandane, 17. januar 2014
Ola Lingås Direktør
SFE Produksjon AS
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
III
INNHALDSLISTE:
1 GENERELLE OPPLYSINGAR ... 1
1.1OPPLYSINGAR OM SØKAREN ... 1
1.2KONTAKTINFORMASJON ... 1
1.3KVA SFENETT AS SØKER OM ... 2
1.4KORT SKILDRING AV TILTAKET ... 3
1.5KONSESJONAR SOM PÅVERKAST AV TILTAKET ... 4
1.6EIGAR OG DRIFTSFORHOLD ... 5
1.7FRAMDRIFTSPLAN ... 6
1.8ANDRE LØYVE... 6
1.8.1 Plan og bygningslova ... 6
1.8.2 Lov om kulturminne ... 6
1.8.3 Vedtak etter lov om motorferdsel i utmark og vassdrag ... 6
1.8.4 Løyve og tiltak i forbindelse med kryssing av veg, andre leidningar ol. ... 7
1.8.5 Forholdet til forureiningslova ... 7
1.8.6 Forholdet til offentlige planer ... 7
1.9UTFØRT FORARBEID ... 7
2 GRUNNGJEVING FOR TILTAKET ... 8
2.1DAGENS SYSTEM. ... 8
2.20-ALTERNATIVET ... 8
2.3GRUNNGJEVING FOR VAL AV SYSTEMLØYSING ... 8
2.3.1 Val av tilknytingspunkt til overliggande nett ... 9
2.3.2 Stasjonsløysingar og forholdet til 22 kV nett ... 9
2.3.3 Val av linedimensjon og transformatoryting ... 10
2.4TRYGGLEIK OG BEREDSKAP ... 10
2.4.1 Risiko for utfall av leidning pga. ytre hendingar ... 10
2.4.2 Stasjoner - klasser etter beredskapsforskrifta §5-9 og tilkomst. ... 11
3 SKILDRING OG SPESIFIKASJON OMSØKTE ANLEGG ... 12
3.1SKILDRING AV TRASÉALTERNATIV ... 12
3.1.1 Skildring av traséalternativ Seksjon A ... 13
3.1.2 Skildring av traséalternativ Seksjon B ... 14
3.1.3 Skildring av traséalternativ Seksjon C ... 15
3.1.4 Skildring av traséalternativ Seksjon D ... 16
3.2SPESIFIKASJON AV LEIDNINGSANLEGG ... 17
3.2.1 Luftleidning ... 17
3.2.2 Kabelanlegg ... 19
3.2.3 Auke i lade- og jordslutningsyting som følgjer av nye anlegg ... 19
3.3SKILDRING OG SPESIFIKASJON AV STASJONSANLEGG ... 20
3.3.1 Transformeringsanlegg Gjengedal ... 20
3.3.2 Transformatorstasjon Skogheim (B-1) eller Åsane (B-2) ... 21
3.3.3 Transformeringsanlegg ved Sagefossen kraftstasjon ... 22
3.3.4 Koplingsstasjon ved Storebru (D-1-2) eller Vassbotn (D-2-2)... 23
3.4VISUALISERINGAR ... 23
4. UTGREIDE LØYSINGAR SOM IKKJE ER KONSESJONSSØKT ... 25
4.1ALTERNATIV TRASÉ SEKSJON A ... 25
4.2ALTERNATIV STASJON SAGEFOSSEN ... 26
4.3ALTERNATIVE LØYSINGAR SEKSJON D ... 27
4.3.1 Løysing D-1-1 ... 27
4.3.2 Løysing D-2-1 ... 28
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
IV
5 KOSTNADER OG ØKONOMI ... 29
5.1OVERSLAG INVESTERINGSKOSTNADER ... 29
5.2SAMFUNNSØKONOMISK EVALUERING AV NETTLØYSINGANE ... 31
5.2.1 Samfunnsøkonomiske kostnader ... 31
5.2.2 Kost / Nytte - vurdering ... 32
5.3NETTARIFFAR ... 33
6 INNVERKNAD PÅ MILJØ, NATURRESSURSER OG SAMFUNN ... 34
6.1AREALBRUK ... 34
6.1.1 Skildring av rettsbeltet og bandlagt areal ... 34
6.1.2 Omfang bandlagt areal ... 34
6.1.3 Konsekvensar for inngrepsfri natur ... 35
6.1.4 Konsekvensar for verna områder ... 36
6.2NÆRFØRING MED HUS OG ELEKTROMAGNETISKE FELT ... 37
6.2.1 Nærføring med hus ... 37
6.2.2 Magnetfelt frå kraftleidning og helse ... 38
6.2.3 Utrekning av magnetfeltstyrke ... 38
6.3NATURMANGFALD ... 39
6.4KULTURMINNE OG KULTURMILJØ ... 41
6.5LANDSKAP ... 42
6.6NÆRINGS- OG SAMFUNNSINTERESSER ... 43
6.7FRILUFTSLIV ... 43
6.8FORUREINING ... 44
6.8.1 Kreosot og drikkevatn ... 44
6.8.2 Transformatorolje og lekkasje ... 44
6.8.3 Støyforureining frå kraftleidningar og transformatorstasjonar ... 44
6.9LUFTFART OG KOMMUNIKASJONSSYSTEM ... 45
6.10KOMMENTAR:TRASÉAVVIK FRÅ UTGREIDDE TRASEAR ... 45
7 TOTALVURDERING OG SØKER SIN PRIORITERING AV ALTERNATIVE LØYSINGAR ... 46
7.1KONSEKVENSMATRISE ... 46
7.2SØKER SIN PRIORITERING AV ULIKE LØYSINGAR ... 47
8 TRANSPORT, BYGGETEKNIKK, OPPRYDDING ... 48
8.1TRANSPORT ... 48
8.2MILJØPLAN OG AVBØTANDE TILTAK ... 48
9 AVBØTANDE TILTAK ... 49
9.1TILTAK OG OMSYN I PLANLEGGINGSARBEIDET ... 49
9.2PROSJEKTSPESIFIKKE TILTAK FORESLÅTT AV EKSTERNE KONSEKVENSUTGREIARAR ... 49
9.3AKTUELLE / GENERELLE AVBØTANDE TILTAK ... 50
10 KABEL SOM ALTERNATIV TIL LUFTLEIDNING... 51
11 ERVERV AV GRUNN OG RETTAR ... 52
11.1RETTAR... 52
11.2ERSTATTINGSPRINSIPP. ... 53
REFERANSER ... 53
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
V Sjølvstendige fagrapportar vedlagd:
”Konsekvensutgreiing for tema kulturminne og kulturmiljø, landskap, friluftsliv og nærings- og samfunnsinteresser.” Aurland Naturverkstad AS, 25.10.2013.
”Konsekvensutgreiing for naturmangfald og drikkevatn”, Rådgivende Biologer AS, 20.12.2013
Vedlegg:
1. Oversiktskart 1:50 000 Trasékart 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal, 1:50 000.
2. Trasékart 1:10 000, 9 blad.
Kartblad 1, B-18242 Kartblad 2, B-18243 Kartblad 3, B-18244 Kartblad 4, B-18245 Kartblad 5, B-18246 Kartblad 6, B-18247 Kartblad 7, B-18248 Kartblad 8, B-18249 Kartblad 9, B-18317
3. Planskisse over nye/ombygde stasjonar Gjengedal, B-18828 Skogheim (B-1) B-18829
Åsane (B-2) B-18830
Sagefossen B-18831
Storebru (D-1-2) B-18811 Vassbotn (D-2-2) B-18832 4. Omsøkte mastetypar og skisser 5. Visualiseringar, 7 blad.
6. Liste over grunneigarar
7. Notat: ”Systemløysing Hyen - nettanalyse” Unntatt offentlegheit
8. Einlinjeskjema 132 kV system Gjengedal – Storebru/Agledal. Unntatt offentlegheit 9. Eigartilhøve og einlinjeskjema Gjengedal stasjon. Unntatt offentlegheit
10. Fasadeteikning stasjonsbygning Skogheim/Åsane.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
1
1 GENERELLE OPPLYSINGAR 1.1 Opplysingar om søkaren
Tiltakshavar for denne søknaden er SFE Nett AS.
SFE Nett er eit heileigd dotterselskap av konsernet Sogn og Fjordane Energi AS.
Eigarsamansettingen i konsernet SFE er som følgjer:
Sogn og Fjordane Fylkeskommune 48,15 %
BKK 38,54 %
Flora kommune 4,51 %
Gloppen kommune / Gloppen Energi AS 3,36 %
Bremanger kommune 2,40 %
Askvoll kommune 1,44 %
Selje kommune 1,39 %
Eid Kommune 0,14 %
Naustdal kommune 0,07 %
SFE Nett sitt regional- og sentralnett strekker seg frå Sognefjorden i sør til Ørsta i nord og binder saman store delar av Sunnfjord og Nordfjord.
I tillegg eig og driv SFE Nett distribusjonsnettet i kommunane Gloppen, Eid,
Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll og delar av Naustdal. Distribusjonsnettet forsyner ca. 23 000 kundar.
1.2 Kontaktinformasjon
SFE Nett AS
Besøksadresse: Hamregata 1, 6900 Florø
Postadresse: SFE Nett AS, Bukta, 6823 Sandane Telefon: 57 88 47 00,
Telefaks: 57 88 47 01 Organisasjonsnr.: 984 882 114
Spørsmål om konsesjonssøknaden kan rettast til følgjande kontaktpersonar:
SFE Nett AS Jøsok Prosjekt AS
Kontaktperson Atle Isaksen Kristen Skrivarvik Åsmund Kleiva Nilsen E-post: [email protected] [email protected] [email protected]
Tlf 57 74 61 38 57 74 61 66 55 11 60 55
Eventuelle høyringsutsegn til konsesjonssøknaden kan sendast til:
Norges Vassdrags- og energidirektorat.
NVE, PB 5091 Majorstua, 0301 OSLO.
Tlf +47 22 95 95 95
Spørsmål om rettar, grunnavståing, bruk av grunn, eigedomstilhøve og liknande, kan takast opp med SFE Nett AS eller Jøsok Prosjekt AS.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
2
1.3 Kva SFE Nett AS søker om
SFE Nett AS søker her om følgjande rettar for dei anlegg som er spesifisert i kapittel 3 av konsesjonssøknaden:
A) Anleggskonsesjon:
I medhald av lov av 29.06.90 nr. 50 «Energiloven» §3-1, søkast det om anleggskonsesjon for bygging og drift av de anlegg som er spesifisert i kap 3 i konsesjonssøknaden.
B) Oreigningsløyve:
SFE Nett AS tek sikte på å inngå minnelege avtalar med de grunneigarar. I tilfelle forhandlingar ikkje fører frem, søkast det, i medhald av lov av 23.10.1959 nr.3 ”Oreigningslova” §2, om oreigningsløyve for alle dei rettar som trengs for bygging og drift av de spesifiserte anlegga i kap. 3.
C) Førehandstiltreding:
I medhald av ”Oreigningslova”, §25, søkast det om løyve til å ta rettane i bruk slik at anlegga kan byggast før rettskraftig skjønn er halde. Bakgrunnen for å søke om dette er at samfunnsøkonomiske verdiar går tapt dersom dei elektriske overføringsanlegga ikkje vert blir ferdige i tide.
Vidare søkast det om løyve til riving og sanering av eks. 66 kV luftleidning Sagefossen – Storebru, samt 66 kV koplingsanlegg ved Sagefossen.
SFE Produksjon AS skal eige og drive nokon av anlegga det er søkt om i denne søknaden, sjå kap. 1.6. SFE Nett søker om at konsesjonar og nødvendige løyver for dei aktuelle anlegga kan overførast til SFE Produksjon ved rettskraftig vedtak.
Liste over grunneigarar og rettshavarar som anlegga vedkjem, er lagt ved søknaden (vedlegg 5). Det takast atterhald om eventuelle feil og manglar i lista. Eventuelle feil i lista meldast til SFE Nett AS eller Jøsok Prosjekt AS.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
3
1.4 Kort skildring av tiltaket
Dei omsøkte anlegga vil ligge i Gloppen og Flora kommunar, i Sogn og Fjordane Fylke, sjå Figur 1.
Figur 1 – Oversikt omsøkte trasear 132 kV leidning (rød strek)
Med bakgrunn i gjennomførte konsekvensutgreiingar og vurdering av samfunnsøkonomiske og kraftsystemet, søker SFE Nett om konsesjon for følgjande nettanlegg:
Overføringsleidningar:
1. Ein ny 132 kV kabel i tilkomsttunnel Gjengedal kraftverk, 0,9 - 1,3 km, tverrsnitt 3x400mm² Al 2. Ein ny 22 kV kabel i tilkomsttunnel Gjengedal kraftverk, 0,9 - 1,3 km, tverrsnitt 3x630mm² Al 3. Ein ny 132 kV luftleidning frå Gjengedal til Storebru/Agledal, ca. 28 km.
Tverrsnitt:
FeAl 150 mellom Gjengedal og trafostasjon Skogheim/Åsane, ca. 10 km
FeAl 240 mellom trafostasjon Skogheim/Åsane og Storebru/Agledal, ca. 18 km
SFE Nett søker om alternative trasear på fire seksjonar av kraftleidning.
Transformatorstasjonar og koplingsanlegg:
1. Transformatorar i Gjengedal kraftverk og Gjengedal transformatorstasjon (Saman med SFE Prod.)
132/13,8 kV transformator, 70 MVA, OFWF (SFE Prod.)
22/13,8 kV transformator, 10 MVA, ONAN (SFE Nett.)
Nødvendige koplingsanlegg på 132, 22 og 13,8 kV 2. Utandørs transformatorstasjon ved Skogheim eller ved Åsane.
132/22 kV transformator, 45 MVA, ONAN
Nødvendige 132 og 22 kV koplingsanlegg
Det blir søkt om to alternative plasseringar: Skogheim og Åsane
3. Oppgradering av transformering ved Sagefossen kraftverk til 132 kV (SFE Produksjon AS)
132/22 kV transformator, 12 MVA, ONAN (SFE Prod.)
Nødvendige 132 kV og 5 kV kabel- og apparatanlegg
4. Nytt 132 kV koplingsanlegg ved tilknytingspunkt til eksistere 132 kV leidning Moskog – Grov.
D-1-2
Ny 132 kV luftleidning
132/22 kV trafostasjon
132 kV kraftstasjon
132 kV koplingsstasjon D-2-2
C-2
Sagefossen
Vassbotn Storebru
Pikåsen
B-2
B-1 Skogheim
Gjengedal A-2
A-1
Agledal
D-2 D-1
B-1-1 B-1-2
Endestadnipa
C-1
Åsane
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
4
Nødvendige 132 koplingsanlegg
Det blir søkt om to alternative plasseringar (Storebru og Vassbotn)
MERK: Den omsøkte transformatorløysinga ved Gjengedal kraftverk erstattar transformatoren som er omsøkt i konsesjonssøknad for Gjengedal kraftverk [1].
For deler av anlegga i Gjengedal og Sagefossen søker SFE Nett søker konsesjon på vegne av SFE Produksjon (sjå kap. 1.6). Det er derfor søkt om konsesjon for anlegg på 22 kV og
maskinspenningsnivå i Gjengedal og Sagefossen (hhv. 13,8 og 5 kV), då desse ikkje kjem inn under områdekonsesjonen til SFE Nett.
1.5 Konsesjonar som påverkast av tiltaket
Tiltaket vil gjere følgjande konsesjonsgitte anlegg overflødige:
SFE Nett AS:
Ref: NVE 200103584-5
o En ca. 9 km lang kraftledning frå Sagefossen til Storebru i Flora og Gloppen kommune, med nominell spenning 66 kV og tverrsnitt 3*FeAl nr.120
Ref: NVE 200806023-2
Sagefossen sekundærstasjon, Gloppen kommune med o En transformator med ytelse 25 MVA og omsetning 66/22 kV o To stk. 66 kV brytarfelt
o Nødvendige høyspennings apparatanlegg
SFE Produksjon: Transformator 66/22 kV i Sagefossen, og tilhøyrande 66 kV koplingsanlegg.
Ref: NVE 200401816-6
o En generator med ytelse 12 MVA og spenning 5 kV
o En transformator med ytelse 12 MVA og omsetning 5/66 kV o Nødvendige høyspennings kabel- og apparatanlegg
SFE Nett og SFE Produksjon søker derfor om å få rive dei ovannemnde anlegga med unntak av generatorar og nødvendige 5 kV anlegg i Sagefossen kraftverk.
For å dra full nytte av 132 kV anlegga som ein søker om her, er det nødvendig med nokre omleggingar og forsterkingar i 22 kV nettet i Hyen, særleg inn mot stasjonar i Gjengedal og Skogheim/Åsane.
Slike tiltak i 22 kV nettet vil skje under SFE Netts områdekonsesjon. Omfang av nødvendige utbetringar i 22 kV nettet var like fullt med i systemvurderinga ved val av prioritert løysing for nye 132 kV anlegg.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
5
1.6 Eigar og driftsforhold
SFE Nett AS er ansvarleg for regionalnettet i området og skal eige og drive følgjande anlegg:
132 kV luftleidning Gjengedal – Storebru
132/22 kV transformatorstasjon ved Skogheim/Åsane
132 kV koplingsstasjon ved Storebru / Agledal
SFE Produksjon AS er den største eigaren av eksisterande og planlagd kraftproduksjon i område.
Kraftselskapet skal bidra til finansiering av dei omsøkte nettanlegga, og skal også eige og drive nokon av transformeringsanlegga i denne søknaden. For desse anlegga søker SFE Nett om konsesjon på vegne av SFE Produksjon.
Løysingane for anlegg som skal eigast av SFE Produksjon, eller har grenseflate mot SFE Produksjon sine anlegg, er i møter klarert mellom SFE Nett og SFE Produksjon.
Transformatorstasjon Sagefossen:
Etter omlegging vil Sagefossen berre fungere som opptransformering for Sagefossen kraftverk (SFE Produksjon AS som einaste kunde).
SFE Produksjon skal derfor eige og drive følgjande:
132/5 kV transformator
132 kV koplingsfelt mot transformatoren SFE Nett skal eige og drive følgjande:
Skiljebrytar på linje nordover mot Skogheim
Transformatoranlegg ved Gjengedal kraftverk/transformatorstasjon:
Sjå vedlegg 9, for skisse over anlegg, eigarskap og driftsansvar ved Gjengedal kraftverk.
For transformeringsanlegg ved kraftstasjon i Gjengedal har SFE Nett og SFE Produksjon einast om ei deling der alle anlegg i dagen skal eigast og drivast av SFE Nett under Gjengedal transformatorstasjon, medan alle anlegg i fjellet skal eigast og drivast av SFE Produksjon, under Gjengedal kraftverk.
Følgjande anlegg vert liggande under Gjengedal kraftverk (tilhøyrer SFE Produksjon)
132/13,8 kV transformator i fjell
13,8 kV koplingsanleggi fjell.
132 kV kabel i tilkomsttunnel Gjengedal
22 kV kabel i tilkomsttunnel Gjengedal
Følgjande anlegg vert liggande under Gjengedal transformatorstasjon (tilhøyrer SFE Nett)
22/13,8 kV transformator ved portalbygg
132 kV koplingsanlegg ved portalbygg
Transformatorstasjonen ved Gjengedal vil fungere som innmatingspunkt av småkraft og forsyning til uttakskunder i Austredalen.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
6
1.7 Framdriftsplan
I samsvar med krav i energiloven vil NVE sende konsesjonssøknaden på høyring til lokale og regionale myndigheiter / organisasjonar. I forbindelse med høyringa vil det bli arrangert opne informasjonsmøte i Flora og/eller Gloppen kommunar.
Ettersom ny 132 kV leidning er avhengig av at Gjengedal kraftverk skal byggast, vil detaljprosjektering og bygging av lina først gjerast når kraftverket har fått konsesjon, og det er teke avgjersle om investering i kraftutbygginga.
Det vil truleg være vanskeleg å etablere transformatorstasjon Gjengedal før seint i byggefasen for Gjengedal kraftverk. Kraftverket er planlagt ferdigstilt november 2020 [1]. Samstundes har SFE Nett og
småkraftutbyggarane i området interesse av at systemet frå Storebru / Agledal blir sett i drift tidlegare enn 2020.
SFE Nett AS har dermed ein utbyggingsplan der ein tek sikte på å sette i drift ny 132 kV stasjon ved Skogheim/Åsane i andre halvdel av 2018, medan anlegget vidare til Gjengedal blir sett i drift til Gjengedal kraftverk står ferdig. Framdriftsplanen er synt i Tabell 1.
Tabell 1 – Foreløpig utbyggingsplan ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal
Prosess 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020
Høyring av søknad
Konsesjonshandsaming Planlegging og prosjektering Bygging:
Storebru – Skogheim/Åsane Bygging:
Skogheim/Åsane - Gjengedal
Kommentar: Eventuell påklaging til OED, eller forlenga handsamingstid for søknad om kraftverk eller
kraftleidning, kan utsetje ferdigstilling av anlegget tilsvarande forlenginga av handsamingstid.
1.8 Andre løyve
1.8.1 Plan og bygningslova
Kraftleidningar får anleggskonsesjon i medhald av energilova. Anlegg som byggast eller etablerast i medhald av energilova er unntatt frå Plan og bygningslova. Unntaket medfører mellom anna at:
Konsesjon kan gjevast uavhengig av planstatus
For kraftleidningar skal det ikkje vedtakast reguleringsplan eller gis unntak frå gjeldande planer.
Det skal ikkje vedtakast planvedtak for slike anlegg som ein del av reguleringsplan for andre tema.
1.8.2 Lov om kulturminne
Nye leidningsanlegg kjem inn under undersøkingsplikta i kulturminnelova.
Når tiltaket nærmar seg realisering vil det bli utarbeida detaljplanar. I samband med dette arbeidet vil det òg bli gjennomført registrering av automatisk freda kulturminne, etter §9 i lov om kulturminne. Der det er muleg, er det vanlig å gjere små tilpassingar i trasé og leidningsanlegg (masteplassering) for å unngå direkte konflikt med fornminne.
1.8.3 Vedtak etter lov om motorferdsel i utmark og vassdrag
SFE Nett AS treng ikkje særskilt løyve til motorferdsel i samband med bygging og drift av elektriske leidningsanlegg. Jf. Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag §4.
Der det er nødvendig med anleggstransport over privat eigedom, vil SFE Nett AS søke å inngå minnelege avtalar med involverte grunneigarar.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
7 1.8.4 Løyve og tiltak i forbindelse med kryssing av veg, andre leidningar ol.
I samband med bygging vil SFE Nett ta kontakt med eigarar av leidningar, vegar og liknande for å inngå avtalar om kryssing eller nærføring med disse, jf. Forskrift for elektriske forsyningsanlegg [2].
Det er nødvendig med følgjande tillatingar / avklaringar:
Kryssing av veg:
o Fv691 ved Gjengedal.
o Fv615 ved Skogheim/Røyrvik o Fv615 ved Sagefossen o Rv5 ved Storebru
o Private vegar Mjelleim/Rognkleiv, Solheim, Agledal
Kryssing av 420 kV leidning Moskog – Ålfoten ved Storebru eller Agledal
Plassering av alternativ stasjon ved Storebru - Mellom 420 kV leidning (Statnett) og 66 kV leidning (Sunnfjord Energi)
1.8.5 Forholdet til forureiningslova
Det krevjast vanlegvis ikkje egen søknad etter forureiningslova for bygging av elektriske leidningsanlegg.
I samband med riving og sanering av eksisterande anlegg, vil master og leidningar bli tatt ned på en skånsam måte. Trestolpar med kreosot vil bli levert til godkjent mottak og handtert som miljøfarleg avfall. Sjå kap. 6.8 om forureining.
1.8.6 Forholdet til offentlige planer
SFE Nett AS kjenner ikkje til konfliktar med vedtekne offentlege planar og reguleringar, ut frå ein kontroll opp mot arealdelen i kommuneplanane. Kommunane kom heller ikkje med utsegn om konfliktar under høyringa av tiltaket.
For eit traséalternativ mellom Sagefossen og Storebru kjem ny 132 kV leidning inntil skytebane ved Storebru.
Men leidningen kjem ikkje innanfor tryggleiksgrensene for dei skytebanene som er godkjent for bruk. Dei skal heller ikkje sperre for ein eventuell. tilbakeføring av 300 m- og feltskytingsbane som tidlegare har vore i bruk.
1.9 Utført forarbeid
I samsvar med utgreiingsprogrammet [3] er det utarbeida fagrapporter tek for seg konsekvensane tiltaket vil få for miljø og samfunnsinteresser, representert ved følgjande fagområde:
1. Landskap
2. Kulturminne og kulturmiljø 3. Naturmangfald og biologi 4. Friluftsliv
5. Nærings og samfunnsinteresser
Desse fagrapportane er utarbeide av uavhengige fagkyndige, Aurland Naturverkstad (1-4) og Rådgivende biologer (5).
Det er halde grunneigarmøte med dei grunneigarar som dei konsesjonssøkte overføringsanlegga vedkjem.
Søker har og vært kontakt med grunneigarar til aktuelle stasjonstomter.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
8
2 GRUNNGJEVING FOR TILTAKET
SFE Nett AS søker om konsesjon for ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal for å skaffe nettkapasitet for det konsesjonssøkte Gjengedal kraftverk (51 MW) og konsesjonssøkte småkraftverk i området Hyen – Storebru (i sum om lag 35 MW).
Forsyningstryggleiken til uttakskundar i Hyenområdet er vurdert som alminneleg god, og dei omsøkte tiltaka kan ikkje grunngjevast ut frå omsyn til forsyningstryggleik.
2.1 Dagens system.
Det er i dag 66/22 kV transformeringa ved Sagefossen som sørgjer for innmating og utmating av kraft i området Hyen og Storebru. 66/22 kV transformeringa er lokalisert ved Sagefossen kraftverk kapasiteten er 25 MVA.
Totalt er det installert 15,8 MW i 22 kV nettet under Sagefossen, medan uttaket er om lag 2,5 MW i tunglast.
Distribusjonsnettet under Sagefossen har derfor eit årleg energioverskot på om lag 55 GWh jf. gjeldande kraftsystemutgreiing [4].
I tillegg matar kraftverket Sagefossen (10,5 MW) inn ca. 45 GWh årleg i 66 kV nettet ved Sagefossen stasjon.
Reserveforsyninga til området kjem frå Sandane (reserve for Hyen) og Grov (reserve for Storebru), samt frå magasinkraftverket Skogheim kraftverk. Kapasiteten på reserven er tilstrekkelig for alt uttak, men ikkje for produksjon.
Distribusjonsnettet mellom Hyen og Sagefossen er relativt kraftig, men er likevel i dag nær fullt utnytta med omsyn til ny produksjon. Ledig kapasitet er om lag 1 MW. Ledig kapasitet for ny produksjon i regionalnettet er berekna til 9 MW. Både transformering i Sagefossen og overliggande 66 kV nett vil danne flaskehals.
Sentralnettet i området har i dag ikkje plass til ny produksjon. Men 420 kV Ørskog – Sogndal er under bygging og vil avhjelpe denne flaskehalsen.
2.2 0-alternativet
Dersom ein held fast på dagens 66 og 132 kV nett utan forsterkningar vil det vere muleg å bygge ut noko meir småkraft i området Hyen – Storebru (utbygging må likevel vente på at nye sentralnettstasjonar i Ålfoten og Moskog står ferdig). Dagens regionalnett vil avgrense dette til 9 MW.
I 0-alternativet vil om lag 75 MW ny vasskraft stå utan nettilknyting, dersom ein legg til grunn effekt i konsesjonssøkte prosjekt.
Det vil, ut frå eit nettmessig perspektiv, vere mest gunstig å bygge ut småkraft som ligg nært Sagefossen eller i området mot Storebru, då tilknyting av kraftverk lengre vekke (Hyen/Gjengedal) vil innebere medføre større tiltak i 22 kV nettet og høgare tapskostnader.
Utbygging av Gjengedal kraftverk er uaktuelt i 0-alternativet for nettutbygging.
I 0-alternativet føreset 66 kV avgreininga og 66 kV stasjonen ved Sagefossen fortsett drift av 66 kV systemet i regionen. Etablering av den nye 420 kV leidningen Moskog – Ålfoten opnar for å endre nettstrukturen i området og nettselskapa i området har som målsetjing å fase ut det aldrande 66 kV systemet. For å nå denne
målsetjinga i 0-alternativet, må ein oppgradere systemet Storebru – Sagefossen til 132 kV. Det er i denne søknaden lagt til grunn at utfasing av 66 kV systemet ligg 20 år fram i tid.
2.3 Grunngjeving for val av systemløysing
Den systemløysinga SFE Nett AS søker om er i samsvar med KSU Sogn og Fjordane 2012 som i dette
området i stor grad baserer seg på det utgreiingsarbeidet som vart utført i samband med konsekvensutgreiinga av nytt 420kV sentralnett i området.
Det er og gjort eigne analysar med særleg fokus på tilpassing til underliggande distribusjonsnettet og
konsesjonssøkte småkraftverk (vedlegg 7). På bakgrunn av dette, samt andre argument som er presentert i dei følgjande underkapitla, er dei omsøkte nettanlegga vurdert til å vere den hensiktsmessige løysinga for å skaffe nettilknyting for Gjengedal kraftverk og andre planlagde vasskraftverk mellom Hyen og Storebru
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
9 2.3.1 Val av tilknytingspunkt til overliggande nett
I samband med melding av tiltaket [5] vart det gjort ei vurdering av følgjande alternative tilknytingspunkt for 132 kV avgreining til Gjengedal:
Alt. 1: Tilknyting til eksisterande 132 kV leidning ved Storebru.
Alt. 2: Tilknyting til Moskog sentralnettstasjon.
Alt. 3: Tilknyting til eksisterande 132 kV leidning ved Storebru, trasé via Eimhjellen.
Alt. 4: Tilknyting til eksisterande 132 kV leidning ved Naustdal.
Alt. 5: Tilknyting til planlagt 132 kV system ved Hesteneset (132 kV leidning Sandane – Øksenelvane – Ålfoten).
Vurderinga konkluderte med at alternativ 1 ville vere det beste alternativet på følgjande grunnlag:
Berre Alt. 1 løyser ut 66 kV stasjonen ved Sagefossen og eks. 66 kV leidning Sagefossen – Storebru, og vil dermed gi minst total mengde 66 og 132 kV kraftleidningar.
Alt. 1 bandlegg minst INON område (saman med alt. 5)
Alt. 1 krev bygging minst muleg ny leidning (saman med alt. 4 og 5).
Alt. 1 vil gi fleksibilitet til å mate ny kraft frå Gjengedal og Hyen mot Moskog eller mot Svelgen/Ålfoten (saman med alt. 4)
Dei alternative tilknytingane sørover, Alt. 2 og 4, er vurdert som ikkje tenelege på følgjande grunnlag,
Løysingane har ikkje vesentlege systemmessige føremoner samanlikna med Alt. 1, og inneber ikkje sanering av 66 kV system mellom Sagefossen og Storebru.
Løysingane er vurdert til å ha høgare konfliktnivå med verneinteresser/urøyvd natur.
Den alternative tilknytingane til Storebru, Alt. 3, er vurdert som ikkje teneleg på følgjande grunnlag:
Løysinga vil ikkje legge til rette for eit nytt transformeringspunkt for innmating av småkraft, og har ikkje elles ikkje systemmessige føremoner samanlikna med Alt. 1.
Løysinga vil gi større mengde nye kraftleidningar, og er vurdert til å ha høgare konfliktnivå med verneinteresser/urøyvd natur.
Tilknyting nordover, Alt. 5, er eit vesentleg systemmessig alternativ til den omsøkte løysinga. Alt. 5 er vurdert som ikkje teneleg på følgjande grunnlag:
Svært vanskeleg terreng å bygge og drifte ein 132 kV kraftleidning i, med høgare kostnader for bygging og drift enn den omsøkte løysinga. Terrenget er òg svært utsett for ras/trefall.
Tilknyting nordover vil i stor grad binde innmatinga av krafta i Gjengedal og Hyen mot Ålfoten
sentralnettstasjon, og vil gi ein svært høg last på 132 kV leidningane mellom Hyefjorden og Ålfoten. Ei slik løysing vil redusere fleksibiliteten i 132 kV systemet i Nordfjord i periodar med høg produksjon.
Ein føresetnad for Alt. 5 er at det blir bygd ny 132 kV leidning mellom Sandane og Øksenelvane til erstatning for dagens 66 kV leidning. Dette tiltaket inngår i den regionale kraftsystemutgreiinga, men er enno ikkje konsesjonssøkt og vanskeleg etablerast i tide.
MERK: I ein tidlegare konsesjonssøknad for Gjengedal kraftverk frå 1990 [6], blei det søkt om ein 132 kV leidning Gjengedal - Grov. Med dagens overføringssystem i Sogn og Fjordane vil ein slik løysing ikkje gi systemmessige eller økonomiske føremoner, men medføre lenger 132 kV leidning og større inngrep (tap av INON) jamført tilknyting mot Storebru/Agledal. Løysinga legg heller ikkje til rette for sanering av 66 kV Sagefossen Storebru.
2.3.2 Stasjonsløysingar og forholdet til 22 kV nett
Alternative stasjonsløysingar for det nye 132 kV systemet Storebru – Gjengedal er vurdert i vedlegg 7. I dette notatet er det gjort ein heilskapleg vurdering av dei nødvendige investeringar i 132/22 kV stasjonsanlegg og 22 kV nettet som må til for å skaffe nettilknyting for alle konsesjonssøkte kraftverk i området.
Frå notatet kan ein konkludere med følgjande:
Området ved Skogheim / Åsane peikar seg klart ut som ein gunstig lokalisering for ny 132/22kV transformatorstasjon ut frå forsterking- og tapstilhøve i underliggande 22kV nett.
Sagefossen kraftverk vil miste sin nettilknyting ved sanering av 66kV leidning Sagefossen – Storebru.
Ny 132/5kV transformering for kraftverket til erstatning for dagens 66/5kV transformering peikar seg ut
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
10 både økonomisk og systemmessig framfor tilknyting til 22kV nettet. Dagens 66/22kV transformering i Sagefossen kan sanerast då denne vert erstatta av ny 132/22kV transformering ved Skogheim / Åsane.
På grunnlag av vurderingane om notatet søker SFE Nett AS om følgjande stasjonsløysingar i 132 kV systemet Storebru – Gjengedal:
1. Nye transformeringsanlegg ved kraftstasjon i Gjengedal. 132/13,8 kV (70 MVA) og 22/13,8 kV (10 MVA) . Erstattar 132/13 kV transformator, 60 MVA, som er inkludert i konsesjonssøknad for Gjengedal kraftverk.
132/13,8 kV transformering for å mate produksjon frå Gjengedal kraftverk inn på 132 kV leidning.
22/13,8 kV transformering for å mate til småkraft i Austredalen mot 132 kV via maskinspenning i Gjengedal kraftverk.
Transformatoryting på 70 MVA på hovudtransformator for kapasitet innmating av planlagd småkraft i Austredalen. (Framfor 60 MVA som omsøkt i konsesjonssøknad for Gjengedal kraftverk)
2. Ny transformatorstasjon ved Skogheim/Åsane. 132/22 kV (45 MVA)
Transformering opprettes for å ta i mot eksisterande og planlagt småkraft i Vestredalen, området rundt Storfjorden, ned mot Storebru.
Stasjonen tek over funksjonen Sagefossen stasjon har for forsyning av området i dag.
3. Ombygging av Sagefossen stasjon til 132 kV
Sagefossen fjernes som regionalnettstasjon (funksjon overtas av stasjon ved Skogheim/Åsane)
Ny 132/5 kV (12 MVA) transformering etablerast som eit reint produksjonsanlegg tilhøyrande SFE Produksjon AS.
4. Ny 132 kV koplingsstasjon ved Storebru eller Agledal/Vassbotn.
Tilknyting til overliggande nett.
2.3.3 Val av linedimensjon og transformatoryting
Val av transformatoryting ved dei ulike stasjonane er basert på kjennskap til eksisterande produksjon, konsesjonssøkte og planlagde kraftverk, samt analyser av hensiktsmessige delingspunkt i 22 kV nettet.
Transformatorytinga som SFE Nett søker om tek høgd for all eksisterande produksjon, konsesjonssøkte kraftverk og nokre planlagde kraftverk som vert vurdert som realistiske.
Med det same grunnlag for effektbehov og energitransport er det valt å søke om ein linedimensjon som vert vurdert som kostnadsoptimal ved ei total vurdering av byggekostnader og tapskostnader.
2. 4 Tryggleik og beredskap
2.4.1 Risiko for utfall av leidning pga. ytre hendingar
For ei vurdering av forsyningstryggleik og beredskap for den nye leidningen, er det gjort ein kontroll opp mot NVE sine aktsemdskart for snøskred og steinsprang, og aktsemdskart for snø- og steinskred av NGI der det finst.
Det er avdekt at den nye leidning mange stader vil gå gjennom aktsemdsområde, både etter for snøskred og steinsprang. Ved bygging av ny den nye leidning skal er truleg muleg å plassere master utanfor snøskredfare.
Men på strekning ved Blåkinna (Røyrvikvatnet), opp mot fjellet ved Skogheim og ved Hjorteset-fjellet er truleg leidningen noko utsett for steinsprang.
Ein strekning som er vurdert som særleg skredutsett er Gjengedalsgjølet ved val av Alt. A-2.
Den omsøkte kraftleidningen vil på skogstrekningar vere utsett for trefall, då i samband med uver.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
11 Driftserfaringar med eksisterande 66 kV leidning syner at traseen over Endestadnipa er særleg utsett for lyn.
Det er derfor søkt om bruk av toppliner på ny 132 kV leidningen for heile strekninga mellom Sagefossen og Storebru/Agledal.
Konsekvensen ved utfall av ny 132 kV leidning i samband med uver, er auka sjanse for bortfall av kraftforsyning til Hyen, då reserveforsyning er avhengig av at 22 kV leidningar er oppe (frå Sandane eller Grov). Særleg er det ved større stormar lett å tenkje seg at dersom 132 kV koplar ut pga. trefall, vil 22 kV linjene allereie vere utkopla fleire stader pga. trefall. Dei andre mulege systemløysingane for tilknyting av kraft i området, løyser ikkje dette problemet.
SFE Nett vurderer dei omsøkte traséalternativa til å ha ein akseptabel risiko for naturgitt skade med tanke på geografien i området. Ingen av dei andre systemløysingane ein vurderte i samband med melding av tiltaket blei vurdert å ha ein lågare risiko for naturgitt skade. Generelt vil det vere vanskeleg, innanfor ei forsvarleg
kostnadsramme, å bygge heilt utan risiko for utkopling ved uver.
2.4.2 Stasjoner - klasser etter beredskapsforskrifta §5-9 og tilkomst.
SFE Nett søker om følgjande sikring etter beredskapsforskrifta for dei aktuelle transformatorstasjonane i prosjektet:
Stasjon Klasse: Kommentar
Gjengedal kraftverk og
Gjengedal transformatorstasjon
SFE Prod. søker sjølv om klassifisering av kraftverket 1
Skogheim(B-1) / Åsane (B-2) 1
Sagefossen 1 Krev T-tilknyting til 132 kV anlegg
Storebru (D-1-2)/Vassbotn (D-2-2) 2 Det vert søkt om enkle samleskinner
SFE syner til innsendte meldingar om sikring av konsesjonspliktige anlegg [REF].
SFE Nett har følgjande grunnlag for å søke om plassering i klasse 1 for stasjonane Gjengedal, Skogheim/Åsane, og aksept for T-tilknyting av Sagefossen:
Dei omsøkte nettanlegga vil i framtida driftast som eit radielt anlegg, der produksjon utgjer 97-98 % av effekten i nettet. Samstundes er svært lite av denne effekten regulert.
Nettanlegga kan definerast som produksjonsrelaterte.
Auke i kostnader for koplingsanlegg med dobbel samleskinne kan ikkje forsvarast med reduserte produksjonstap i samband med feilretting og revisjon.
Fordi kraftproduksjonen i all hovudsak er uregulert, vil han ikkje gi eit påliteleg bidrag til forsyningstryggleik (effekt) i området.
Alle uttakskunder som skal forsynast via det nye 132 kV anlegget i framtida, har reserve på 22 kV.
SFE Nett AS søker ein om enkel samleskinne ved koplingsstasjon Storebru / Vassbotn. Enkel samleskinne er eit avvik frå standard spesifikasjon for ein klasse 2- stasjon, jf. beredskapsforskrifta § 5-5 og krev eit
enkeltvedtak for denne stasjonen. Søknad om avviket er grunngjeve med følgjande:
Det er redundans i kraftsystemet slik at feil i koplingsanlegget ikkje vil råke sluttbrukarar i normal drift.
SFE Nett vil ha etablert reparasjonsberedskap med plan, kompetanse og reservedelar for reparasjon av komponentar i utandørsanlegget og forbikopling i anlegget.
For spesifikasjonar av og kostnadsoverslag er det vidare i denne konsesjonssøknaden lagt til grunn at stasjonane blir klassifisert som det er søkt om.
Elles er det er ein skilnad i tilkomst til dei to stasjonsalternativa for nytt 132 kV koplingsanlegg for tilknyting til overliggande nett (først og fremst om vinter/vår):
Alt. D-2-2 har god tilkomst, om lag 300 m flat, ubrøytt tilkomstveg frå Rv. 5.
Alt. D-1-2 har akseptabel tilkomst, om lag 1 km, til dels bratt tilkomstveg frå Rv. 5, (veg normalt brøytt ca. 300 m).
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kVleidningGjengedal –Storebru/Agledal_________________
_
12
3 SKILDRING OG SPESIFIKASJON OMSØKTE ANLEGG 3.1 Skildring avtraséalternativ
Den nye 132 kV leidningen Gjengedal –Storebru/Agledal startar ved portalbygget til det konsesjonssøkte Gjengedal kraftverk. Frå Gjengedal byggast ny leidning vestover mot Skogheim/Åsane, her må ny 132 kV leidning gå innom ein ny transformatorstasjon for å ta i mot produksjonen frå eksisterande og planlagde småkraftverk. Frå transformatorstasjonen ved Skogheim/Åsane byggast ny leidning sørover, via Sagefossen kraftstasjon og fram til tilknytingspunktet til den eksisterande 132 kV leidningen mellom Moskog og Grov.
For den nye kraftleidningen er det vurdert, og søkt om, alternative trasear på fire seksjonar.
Ny 132 kV leidning vil bli mellom 27 og 28 km lang, avhengig av kva alternativ som får konsesjon på dei ulike seksjonane.
Frå portalbygg til 132/13,8 kV transformator i Gjengedal kraftverk er det nødvendig å etablere ein 132 kV kabelforbindelse. Dette kabelanlegget vil ha ei lengd på ca. 850 m eller 1250 m, avhengig av kva tilkomsttunnel til kraftverket som får konsesjon. Tverrsnittet vil bli 3x400mm².
Seksjonsinndelinga er som følgjer:
Seksjon A:Frå portalbygg Gjengedal kraftverk og til austre enden av Røyrvikvatnet.
Seksjon B:Frå Røyrvikvatnet til fjellområde ved Hjorteset Seksjon C:Frå fjellområde Hjorteset til Sagefossen kraftstasjon.
Seksjon D:Frå Sagefossen til tilknytingspunkt ved Storebru eller i Agledal.
Sjå også Figur 2 under.
Merk at på seksjon B og seksjon D heng traséalternativa saman med ein bestemt stasjonsplassering.
Vurdering av konsekvensarog økonomiske forhold må derfor gjerast samla for trasé og stasjon.
Figur 2–Seksjonsinndeling 132 kV leidningGjengedal –Storebru/Agledal Seksjon C
Seksjon A
Seksjon D
Seksjon B
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kVleidning Gjengedal –Storebru/Agledal_________________
_
13 3.1.1 Skildring av traséalternativSeksjon A
For detaljkart over traseane på seksjon A, sjå vedlegg 2, Detaljkart, blad 1-3.
Alternativa er òg synte i Figur 3
På Seksjon A søker SFE om to alternative luftleidningstrasear:
Trasé A-1: Frå portalbygg Gjengedalen kraftverk kryssar leidningen over Gjengedalsgjølet, leidningen går i bakkant av dyrka mark på Mjellem og på sørsida av dalen motLangevatnet og fram til
Røyrvikvatnet. Mellom Rognkleivstøylen og Røyrvikvatnet går ny 132 kV leidning langs den eksisterande 22 kV leidning.
Lengda på traséseksjon A-1 er 6,4 km.
Trasé A-2: Frå portalbygg Gjengedalen kraftverk går ny leidning langs Gjengedalsgjølet ned til Austredalen.
Frå mastepunkt ved brua over elven spenner leidningen opp på Skarholten og opp i åsen nord for Rognkleiv. Ein vil i dette langspennet legge vekt på låg føring på leidningen for liten synlegheitfrå Rognkleiv/Mjelleim. Det vil likevel ikkje vere muleg å unngå to mastepunkt som står i silhuettfrå enkelte punkt i øvre Austredalen. Vestover følgjer leidningen vassfaret mot Øyravatnet og Røyrvikvatnet.
Lengda på traséseksjon A-2 er 6,0 km.
Figur 3–Trasear seksjon A
Lengda på luftleidningstraseane på seksjon A vil varierer noko med kva tilkomsttunnel til Gjengedal kraftverk som blir gitt konsesjon. Lengdene som er nemnde føreset tunnelalternativ a. Tunnelalternativb vil gjere traséalt. A-1 ca. 0,2 km lengre, medan A-2 blir ca. 0,6 km kortare.
SEKSJON A
Ny 132 kVluftleidning Ny 132 kV kabel (i tunnel)
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
14 3.1.2 Skildring av traséalternativ Seksjon B
For detaljkart over traseane på seksjon B, sjå vedlegg 2, Detaljkart, blad 3-5.
Alternativa er òg synte i Figur 4.
På Seksjon B søker SFE om tre alternative luftleidningstrasear:
Trasé B-1-1: Traseen er ein variant av B-1. Frå austre enden av Røyrvikvatnet kryssar leidningen Trolleskaret og går på sørsida av Nonstuene og Heimsetåsen. Leidningen spennast ned til Skogheim og går på austsida av busetjing ved Skogheim inn til ein ny transformatorstasjon ved Skogheim
kraftstasjon. Frå Heimsetåsen til Skogheim går ny 132 kV leidning om lag der som eksisterande 22 kV leidning går i dag (Denne 22 kV leidningen blir lagt i kabel). Frå transformatorstasjonen Skogheim går leidningen vest og opp på Hjortesetfjellet, vidare går leidningen sørover Hjortesetfjellet.
Lengda på traséseksjon B-1-1 er 7,3 km.
Trasé B-1-2: Traseen er ein variant av B-1. Skilnaden frå B-1-1 er at ny leidning går lenger vest før ein spenner ned til Skogheim frå Heimsetåsane, og at leidningen derfor går på vestsida av busetjing på Skogheim inn mot den nye transformatorstasjon.
Lengda på traséseksjon B-1-2 er 7,5 km.
Trasé B-2: Frå austre enden av Røyrvikvatnet går den nye leidningen på sørsida av vatnet og fram til ein ny transformatorstasjon ved Åsane, på nordsida av Rasmusskarholten. Frå transformatorstasjonen går leidningen vest over Slåttestøylvatnet og opp på fjellet ved Storeskaret. Leidningen går sørover Hjortesetfjellet, i ei høgd på 500- 550 moh.
Lengda på traséseksjon B-2 er 8,0 km.
Figur 4 – Trasear seksjon B
SEKSJON B
Ny 132 kV luftleidning Ny 132/22 kV transformatorstasjon
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
15 3.1.3 Skildring av traséalternativ Seksjon C
For detaljkart over traseane på seksjon C, sjå vedlegg 2, Detaljkart, blad 5-6.
Traseane er òg synte i Figur 5.
På Seksjon C søker SFE Nett AS om to alternative luftleidningstrasear:
Trasé C-1: Frå Hjortesetfjellet går leidningen i skogsida mellom Solheimsstøylen og Solheim. Leidningane går meir eller mindre rett søraust mot stasjon Sagefossen.
Lengda på traséseksjon C-1 er 4,7 km.
Trasé C-2: Frå Hjortesetfjellet går leidningen lengre inn på fjellet enn trasé C-1, og passerer dermed på vestsida av Solheimsstøylen. Leidningen går over Solheimshaugen og Alliåsen på veg ned til Sagefossen stasjon.
Lengda på traséseksjon C-2 er 5,0 km.
Figur 5 – Trasear seksjon C
SEKSJON C
Ny 132 kV luftleidning Ny 132/22 kV transformatorstasjon
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
16 3.1.4 Skildring av traséalternativ Seksjon D
For detaljkart over traseane på seksjon D, sjå vedlegg 2, Detaljkart, blad 6-9.
Traseane er òg synte i Figur 6.
På Seksjon D søker SFE Nett AS om to alternative luftleidningstrasear:
Trasé D-1-2: Frå den ombygde stasjonen ved Sagefossen går ny leidning parallelt med den eksisterande 66 kV leidningen mellom Sagefossen. Ny leidning går parallelt ca. 20 m på sørsida av dagens 66 kV leidning. Før ein kjem til Storebru, ved Skora, viker ny 132 kV leidning av frå parallellføringa og går sør mot ein ny koplingsstasjon ved Storebru (Pikåsen).
Lengde på traséseksjon D-1-2 er 8,9 km.
Trasé D-2-2: Ny leidning parallellførast med dagens 66 kV leidning berre eit kort stykke ut frå Sagefossen. Ny leidning går vidare i ny trasé lengre aust over Blåfjellet, og kjem ned i dalføret på vestsida av Svarthumla. Ved sørenden av Svarthumlevatnet/Vassbotn etablerast ein ny koplingsstasjon, for å knyte seg til overliggande nett må ein bygge ny tokursleidning mellom koplingsstasjon
Svarthumlevatnet og eksisterande 132 kV leding, denne vil bli bygd med stålmaster.
Stålmastene vil skilje seg vesentleg frå mastene som blir brukt elles i prosjektet. Lengde på strekning dobbelkursmaster er om lag 1, 9 km.
Total lengde traséseksjon D-2-2 er 8,5 km
Figur 6 – Trasear seksjon D
SEKSJON D
Ny 132 kV luftleidning Ny 132/22 kV koplingsstasjon Eksisterande 66 kV RIVAST Ny 420 kV leidning (STATNETT)
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
17
3.2 Spesifikasjon av leidningsanlegg
3.2.1 LuftleidningDet nye 132 kV overføringsanlegget skal i all hovudsak byggast som 132 kV luftleidning. Lengde på ny luftleidning vil vere 27 – 28 km, avhengig av kva traséalternativ som veljast. Luftleidningen er spesifisert i Tabell 2. For meir detaljerte mastebilete langs leidningen, sjå vedlegg 4.
Tabell 2
SPESIFIKASJON LUFTLEIDNING
a) b) c)
Mastetype aktuell for: a) Hovudløysing på strekninga Gjengedal – Sagefossen.
b) Hovudløysing Sagefossen – Storebru/Agledal, samt i innføring til stasjonar c) Master med stor mekanisk last/master i vinkelpunkt med liten vinkel
Mastekonstruksjon
Alt. 1:
Portalmastar/H-mastar, med to kreosotimpregnerte trestolper for kvar mast.
Forsterka med stålrieglar eller kryssavstivning i enkelte mastepunkt.
Alt. 2:
Portalmastar komposittstolper med bardunering i vinkelpunkt.
Mastehøgd: Typisk 12 – 18 m høgde på travers.
Travers Ståltravers
Systemspenning 132 kV
Isolasjonsnivå 145 kV
Straumførande liner FeAl 150 (Mellom Gjengedal og Skogheim/Åsane) FeAl 240 (Mellom Skogheim/Åsane og Storebru/Agledal) Termisk overføringsemne 727 A – 166 MVA (Mellom Gjengedal og Skogheim/Åsane)
992 A – 227 MVA (Mellom Skogheim/Åsane og Storebru/Agledal)
Toppliner 2 toppliner ved innføring til stasjoner (siste fire master) og på heile seksjon D:
Sagefossen – Storebru/Agledal.
Isolatormateriale Glas
Avstand ytterfase - ytterfase Normalt 9 meter. Kan bli større i spesialspenn/lange spenn Rettsbelte / byggeforbod Normalt 29 meter. Kan bli større i spesialspenn/lange spenn.
Mastebilete Sjå vedlegg 4.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
18 SFE Nett AS søker om å bygge ny 132 kV kraftleidning Gjengedal – Storebru/Agledal enten med
kreosotimpregnerte trestolper eller med komposittstolper. Med dagens byggemetodar og kostnadsbilete vil bruk av trestolpe være rimelegare enn komposittstolper. Dette har mellom anna samanheng med at traseen i stor grad går i terreng med svært lite dekke over fjell. På fjellgrunn er reising av trestolper vesentleg enklare enn tilstrekkeleg fundamentering av komposittmaster.
Forventa utvikling i marknad, teknikk og lovverk (då særleg eit forbod mot kreosot), kan gjere komposittstolpar til den føretrekte løysinga i framtida. Sjå Figur 7 for mastebilete av komposittmast.
Alternativ mastekonstruksjon er nødvendig ved val av stasjonsalternativ D-2-2 Vassbotn. Med denne stasjonen er det nødvendig med tokursmast mellom den nye stasjonen i Vassbotn (svarthumlevatn) og eksisterande 132 kV leidning i Agledal. På grunn av terreng og omsyn til arealbruk er det naturleg å nytte stålmaster med doble vertikaloppheng på denne strekninga. Sjå Figur 7 for mastebilete.
Ved val av traséalternativ A-2, får ein eit særleg bratt spenn frå Austredalen og opp i åsen bak Rognkleiv, lengde ca. 460 m, og høgdeskilnad ca. 220 m. Det er her gjort ei gjort ei enkel forstudie som syner at forankringsmaster i tre (A-mast med fire stolper) skal vere tilstrekkeleg. Det er lagt vekt på at leidningen skal følgje terrenget, og leidningen vil ikkje på noko punkt i dette spennet ha større høgd over bakken en 55 m.
18-24 m
12-20 m 2,8 m
Figur 7 – Mastebilete alternative mastetypar: Tokurs stålmast (til venstre), Portalmast kompositt (til høgre)
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
19 Figur 8 – Foto av forsterka 132 kV portalmast tre. Figur 9 – Foto 132 kV tokursmast av stål
3.2.2 Kabelanlegg
Ved 132 kV transformatorstasjon i Gjengedal vil det bli
installert eit 132 kV kabelanlegg mellom transformator i fjell og 132 kV utandørs koplingsanlegg ved portalbygg. Kabelen vil bli lagt på kabelhylle eller klamra til vegg i tilkomsttunnel.
Kabelen skal vere PEX - isolert, med leiartverrsnitt 400 mm² Al og sjølvslukkande og halogenfri kappe.
Vidare vil ein legge in 24 kV kabel som ein forbindelse mellom 22/13,8 kV transformator ved portalbygget og 132/13,8 kV transformering inne i fjellet. Kabelen være av same type som 132 kV kabelen, og eit tverrsnitt på 630mm².
Lengda på kabelanlegga vil bli om lag 850 m val av
tilkomsttunnel A for til kraftverket, og om lag 1250 m ved val av tilkomsttunnel B.
Figur 10 – PEX-kabel med Al-leiar (Teikning:NEXANS)
Desse kabelanlegga kan vurderast som del av Gjengedal kraftverk, og skal eigast og drivast av SFE Produksjon, sjå kap. 3.3.1.
3.2.3 Auke i lade- og jordslutningsyting som følgjer av nye anlegg
Ved etablering av dei nye anlegga, vil ein få auke i jordslutningsstraum og ladestraum i 132 kV systemet i området:
Jordfeilstraum ca: + 23 A Ladestraum ca: + 10 A
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
20
3.3 Skildring og spesifikasjon av stasjonsanlegg
For dei aktuelle stasjonsanlegga er det utarbeida teknisk mulege løysingar som grunnlag for kostnadsoverslag og vidare arbeid. For fleire av stasjonane er det vurdert fleire ulike plasseringar
For den tekniske utrustinga ved fleire av stasjonane (omfang koplingsanlegg) er det lagt til grunn klassifisering ved enkeltvedtak etter beredskapsforskrifta, jf. kap. 2.4.2.
Planskisser som syner dei ulike stasjonsløysingane SFE Nett søker om er synt i vedlegg 3.
3.3.1 Transformeringsanlegg Gjengedal
Detaljert skjema som visar eigarskap og driftsansvar ved Gjengedal er synt i vedlegg 9.
Av praktiske årsaker blir transformeringa ved Gjengedal organisjonsmessig delt inn i to anlegg hhv. Gjengedal kraftverk (eigast og drivast av SFE Prod.) og Gjengedal transformatorstasjon (eigast og drivast av SFE Prod.) Anlegga skal ha funksjon som eitt transformeringsanlegg.
Stasjonane skal ha følgjande utrustning:
Gjengedal kraftverk (SFE Prod.):
Ein 132/13,8 kV krafttransformator 70 MVA i fjell, kjøling: OFWF
13,8 kV koplingsanlegg, luftisolert, i fjell. 5 koplingsfelt
132 og 13,8 kV kabelanlegg skildra i avsnitt 3.2.2.
Nødvendige, tilhøyrande høgspennings apparatanlegg Gjengedal transformatorstasjon (SFE Nett):
132 kV utandørs koplingsanlegg, luftisolert. Eitt koplingsfelt.
Ein 22/13,8 kV krafttransformator 10 MVA, kjøling ONAN
Stasjonsbygg for kontroll og 22 kV koplingsanlegg, ca.80 m².
Nødvendige, tilhøyrande høgspennings apparatanlegg
132/13,8 kV krafttransformator skal plasserast i fjellet ved maskinene i Gjengedal kraftverk og skal vere vasskjølt (OFWF), her inne vil det også koplingsanlegget for 13,8 kV systemet ligge. Tilknyting med stasjonsanlegga ute gjerast med dei 132 kg 13,8 kV kabelanlegga som er skildra i avsnitt 3.2.2.
Eit 132 kV koplingsanlegg vil bli etablert ved portalbygget til Gjengedal kraftverk. Anlegget vil bestå av eitt luftisolert brytarfelt, og det innegjerda området vil dekke ca. 300 m². 22/13,8 kV transformering plasserast ved portalbygg til kraftverket. Etablering av denne transformeringa avhenger av kor mykje ny småkraft som blir bygd ut i Austredalen. Dersom det ikkje er nødvendig med transformering til 22 kV nettet, vil stasjonsbygget reduserast til ein kontrollkiosk for 132 kV koplingsanlegg.
Det er ikkje nødvendig å bygge nye veganlegg til transformatorstasjonen, utover dei vegar som uansett blir bygde for Gjengedal vasskraftverk.
Utforming av stasjonsbygget ved Gjengedal transformatorstasjon ikkje avklart, men SFE vil foreslå en
utforming i stil med bygg ved stasjon Skogheim / Åsane (sjå vedlegg 10). Stasjonsbygget vil få ei grunnflate på om lag 80 m², og skal plasserast ved portalbygget på areal som vert opparbeida i samband med utbygginga av Gjengedal kraftverk.
Merk: Krafttransformator 132/13,8 kV 60 MVA er inkludert i konsesjonssøknad for Gjengedal kraftverk.
Transformatoren SFE Nett AS søker om (70 MVA) erstattar 60 MVA trafo som i konsesjonssøknad for kraftverket. SFE Nett søker om 10 MVA høgare transformatoryting for å kunne knytte planlagde
småkraftverk i Austredalen mot Gjengedal, framfor å måtte gjere omfattande forsterkingar i 22 kV nettet.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
21 3.3.2 Transformatorstasjon Skogheim (B-1) eller Åsane (B-2)
I området Skogheim/Åsane etablerast ein ny 132/22 kV transformatorstasjon. Plassering av stasjonen heng saman med val av traséalternativ på seksjon B for ny leidning.
Trasé B-1 gir ny stasjon Skogheim Trasé B-2 gir ny stasjon Åsane.
Stasjonen skal ha følgjande utrustning:
132/22 kV krafttransformator 45 MVA, kjøling: ONAN
132 kV utandørs koplingsanlegg, luftisolert. Tre koplingsfelt. Enkel samleskinne.
Nødvendige, tilhøyrande høgspennings apparatanlegg
Stasjonsbygg for kontroll og 22 kV anlegg, om lag 100 m².
Ein ny stasjon i Åsane (B-2) vil krevje etablering av ny veg:
Ny tilkomstveg, asfaltert, lengd ca. 50 m, bredd ca. 5 m.
Stasjon ved Skogheim (B-1) kan etablerast innanfor tomta ved Skogheim kraftverk. Tomta er eigd av SFE Produksjon, er om lag plan og vil krevje lite grunnarbeid ved bygging av ny transformatorstasjon.
For ny stasjon Åsane (B-2) må det ervervast ny tomt. Tomta i forslaget har ein del helling, og grunnarbeidet på denne tomta er venta å bli mykje meir omfattande enn ved Skogheim.
Det er teikna opp skisser over stasjonsutforminga på dei to aktuelle tomtene, sjå Figur 11.
Figur 11 - a) Stasjon Skogheim (B-1) b) Stasjon Åsane (B-2)
Arealet på det innegjerda stasjonsområdet blir om lag 1,6 mål. Ved Åsane (B-2) blir tomta som SFE må kjøpe ca. 3 mål. Plassering av stasjon ved Åsane krev etablering av ny avkjørsel frå F. 615, samt tilkomstveg på ca.
75 m.
Ved den nye transformatorstasjonen ved Skogheim / Åsane må det settast opp eit stasjonsbygg. Bygget får ei grunnflate på om grunnflate på om lag 100m². For fasadeteikning, sjå vedlegg 10.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
22 3.3.3 Transformeringsanlegg ved Sagefossen kraftstasjon
Ved Sagefossen er det naudsynt å bygge om kraftstasjonen til 132 kV anlegg. Den ombygde stasjonen skal ha følgjande utrusting:
Éin 132/5 kV krafttransformator 12 MVA, kjøling: ONAN
132 kV utandørs koplingsanlegg, luftisolert. Eitt koplingsfelt + skiljebrytar på linjefelt nordover. (T- tilknyting)
Nødvendige, tilhøyrande høgspennings apparatanlegg
Vidare skal ein rive dagens to transformatorar (66/22 kV og 66/5 kV) ved Sagefossen.
Ein skisse over løysing er synt i Figur 12.
Figur 12 – Ny 132 kV transformering og 132 kV koplingsanlegg ved Sagefossen.
SFE Nett AS søkjer om eit nytt anlegg som kan førast opp innanfor tomta som høyrer til Sagefossen kraftstasjon (SFE Produksjon). Eit område på ca. 0,6 mål må planerast for nytt koplingsanlegg og trafocelle.
Det er ikkje nødvendig å bygge nye vegar eller utbetre eksisterande veganlegg i samband med oppgraderinga av nettanlegga Sagefossen kraftstasjon.
Det er lagt til grunn at nødvendige kontrollanlegg kan plasserast inne i eksisterande bygningsmasse, og at det ikkje er nødvendig å føre opp eit nytt bygg for kontrollanlegg ved ombygging av stasjonen til 132 kV.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
23 3.3.4 Koplingsstasjon ved Storebru (D-1-2) eller Vassbotn (D-2-2)
Ved tilknytingspunktet til eksisterande 132 kV leidning, må ein etablere ein 132 kV koplingsstasjon. Kvar denne stasjonen plasserast, heng saman med trasé på seksjon D:
Trasé D-1-2 gir ny stasjon ved Storebru (Pikåsen) Trasé D-2-2 gir ny stasjon i Vassbotn (Svarthumlevatn) Stasjonen skal ha følgjande utrustning:
132 kV utandørs koplingsanlegg, luftisolert. Tre koplingsfelt. Enkel samleskinne.
Nødvendige, tilhøyrande høgspennings apparatanlegg.
Kontrollkiosk for 132 kV anlegg, grunnflate om lag 20 m², høgd om lag 3,5 m.
Den nye koplingsstasjonen vil krevje følgjande, nye veganlegg:
Alt. D-1-2: Tilkomstveg, grusdekke, lengd ca. 730 m, breidde ca. 4 m
Alt. D-2-2: Tilkomst til stasjon, grusdekke, lengd ca. 30 m, breidde ca. 4 m (innanfor stasjonstomt).
Alle dei omsøkte alternativa medfører at SFE Nett må erverve ny tomt til koplingsstasjonen. Tomtearealet som må kjøpast vil vere i storleik 2,5 mål, medan det innegjerda og planerte stasjonsområdet vil bli ca. 1,5 mål.
Det er teikna opp skisser over stasjonsutforminga for dei tre omsøkte løysingane, sjå Figur 13.
Figur 13 - a) Stasjon ved Storebru (Pikåsen D-1-2) b) Stasjon Vassbotn (D-2-2) Koplingsstasjon ved alt. D-1-2 er forskjellig frå dei andre løysingane då den skal byggast i traseen til eksisterande 132 kV leidning og delvis under 420 kV leidningen som er under bygging.
For tilknytingspunkt Agledalen (D-2) har ein ikkje funne nødvendig areal og/eller klaring under 420 og 132 kV leidningane. Alt. D-2-2 inneber dermed at ein etablerer ny stasjon om lag 2 km frå trasé til eksisterande 132 kV leidning Moskog – Grov, og so sløyfer den eksisterande 132 kV leidning inn til ny stasjon på dobbelkursmaster.
Denne løysinga gir eit anna mastebilete for strekninga mellom stasjon og tilknytingspunkt Agledal enn langs resten av den nye 132 kV leidningen. Sjå kap. 3.2, spesifikasjon luftleidningar.
Ved den nye koplingsstasjonen må det førast opp eit nytt bygg som skal romme kontrollanlegg,
stasjonsforsyning og sanitærrom. Bygget vil bli utforma som ein kiosk med mørk trekledning og skråtak av shingel. Grunnflata vil måle om lag. 4x8 m, og mønehøgd vil bli om lag 3,5 m.
3.4 Visualiseringar
Det er laga til visualiseringar/fotmontasjar av dei omsøkte stasjonane ved Skogheim (B-1), Sagefossen og Storebru (D-1).
I tillegg er det laga illustrasjonar/fotomontasjer av ny 132 kV leidning langs Røyrvikvatnet, opp på
Endestadfjellet frå Sagefossen, nedføring frå Endestadvatnet til Storebru (D-1-2) og kryssing av ved Storebru (D-1-2). Under er det lagt ved bilete av stasjonane, for bilete med betre oppløysing, sjå vedlegg 5.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
24 Figur 14 – Ny stasjon ved Skogheim (B-1)
Figur 15 – Nye 132 kV anlegg ved Sagefossen (Alle alternativ)
Figur 16 – Ny 132 kV koplingsstasjon ved Storebru (Pikåsen D-1-2)
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
25
4. UTGREIDE LØYSINGAR SOM IKKJE ER KONSESJONSSØKT
I konsesjonsarbeidet har ein arbeidd med fleire løysingar enn dei SFE Nett har valt å søke om:
D-1-1: Alternativ trasé og stasjon seksjon D
D-2-1: Alternativ trasé og stasjon seksjon D
Alternativ stasjon Sagefossen
Dei ovannemnde alternative løysingane er utgreidde i samsvar med programmet frå NVE, på same nivå som dei omsøkte løysingane. Av ulike årsaker har ein valt å ikkje søke om desse alternativ løysingane.
I tillegg har ein tidlegare vurdert ein alternativ trasé på seksjon A, denne er forkasta openberre negative verknader landskap og busetjing Mjelleim /Rognkleiv, negative tilbakemeldingar frå høyringsrunden og at det er funne betre, alternative løysingar på seksjonen.
4.1 Alternativ trasé seksjon A
I melding av tiltaket, vart det skissert ein trasé mellom busetjing på Mjelleim og Rognkleiv. Sjå Figur 17.
Det er funne gode alternativ til denne traseen. Basert på innkomne høyringsutsegn til meldinga og openberre negative verknader for landskap og busetjing i Rognkleiv/Mjelleim er denne traseen forkasta.
Alternativet er ikkje utgreidd i samsvar med utgreiingsprogram.
Figur 17 – Forkasta traséalternativ ved Mjelleim / Rognkleiv (blå strek) 132 kV leidning
Forkasta alternativ Omsøkt traséalternativ.
SFE Nett AS
Konsesjonssøknad: Ny 132 kV leidning Gjengedal – Storebru/Agledal_________________
_
26
4.2 Alternativ stasjon Sagefossen
Det er sett på ei alternativ løysing for oppgradering av stasjon ved Sagefossen, dette anlegget skal vil ha same utrusting som det omsøkte alternativet, men er plassert på ei anna tomt og baserer seg på ombygging av dei eksisterande trafocellene framfor å bygge ny. For skisse, sjå
Figur 18 – Alternativ plassering av ny 132 kV stasjon Sagefossen
Samanlikna med det omsøkte alternativet, vil val av denne løysinga for stasjon Sagefossen vil innebere at ein må erverve ny tomt til koplingsanlegget, og at ein bygger ny veg frå kraftstasjonen til koplingsanlegget (ca. 300 m.)
Det er estimert at denne alternativ løysinga vil ha ca. 1,5-2,0 MNOK høgare byggekostnader enn den omsøkte løysinga, mellom anna fordi alternativet krev ny veg. I tillegg vil den alternative løysinga medføre inntil 50 dagar utkoplingstid i samband med ombygging av trafocelle, noko som truleg vil bety vasstap og økonomisk
konsekvens ved Sagefossen kraftverk.
Den alternative løysinga er utarbeida fordi den vil gi ei annleis leidningsføring ved Sagefossen stasjon. Etter søker sitt syn, vil den alternative løysinga gi liner som går noko betre inn i terrenget, mellom anna kryssar dei ikkje vatnet). På den andre sida kan etablering av nye anlegg utanfor den opphavlege tomta til kraftverket oppfattast negativt.
Totalt sett er det vurdert slik at føremonene med den alternativ løysinga ikkje veger opp for meirkostnader og negative sider, og det søkjast derfor ikkje om den alternative løysinga.