Masteroppgåve i Kulturmøte
Oppgåvetittel:
Fjellturisme på Sunnmøre i mellomkrigsåra Studiepoeng: 60
Forfattar: Marte Vartdal Månad / år: Mai/2019
Samandrag
Dette er eit kvalitativt studie med ei hermeneutisk forankring. Tema er fjellturismen på Sunnmøre i mellomkrigsåra. Både fjellturisme og mellomkrigsåra er forska mykje på
tidlegare, men ikkje samla. Difor blir det lagt vekt på å greie ut om tema, samstundes som ein analyserer funn. Eg søker etter dei sosiale endringane som skjer i området i perioden, ved å nytte komparasjon av både by-kultur, bygde-kultur og frilufts-kultur. Eg nyttar den mest vanlege definisjonen av kultur, som omhandlar menneskeleg- tanke, kommunikasjon og åtferd.
Åra mellom dei store verdskrigane vert sett på som ei krisetid med store sosiale skiftingar, men samstundes som mellomkrigsåra er prega av vanskar, er det også ei tid for vekst.
Samlege friluftsorganisasjonar ser på mellomkrigsåra som sin «gullalder». Eg skal forsøke å finne ut kva dei legg i det omgrepet. Eg skal sjå på korleis friluftskulturen knyt grupper av menneske saman og korleis nye generasjonar vert sosialisert inn i dei. Mykje peikar mot eit sosialt skifte, også i fjellturismen.
Å analysere den kulturelle identiteten til menneska for snart eit hundreår sidan er vanskeleg.
Identitet er subjektiv og dreiar seg om kva kultur ein identifisera seg med. Ved å vektlegge kva som skil dei ulike kulturane og kva dei har til felles ønskjer eg å svare på følgjande forskingspørsmål: Var dei sosiale skilnadane mellom by og bygd på Sunnmøre store,
samanlikna med andre stadar? Vart by og bygd på Sunnmøre nærare, og likare, i løpet av 20- og 30-åra? Vert friluftslivet, fjellsporten og fotturismen på Sunnmøre meir tilgjengelig for fleire frå ulike sosiale lag i denne perioden? Eller er det berre sosiale skilnadane som minkar på eit meir generelt plan, uavhengig av friluftslivet?
English summary
This is a qualitative study anchored in hermeneutics. The study focuses on the social changes in the mid-war years in Norwegian cultural traditions of “fjellturisme”. Literature is rich on both “fjellturisme” and our focused period of the mid-war years, yet not on the topic
combined.
The Norwegian «fjellturisme» is not easily translated, seeing it is something
distinctiveNorwegian. The culture has its roots in the English «sporting life» and their
exclusive clubs but was adopted by the higher classes in Norway with a twist. The Norwegian twist was a more democratic «sporting life», with intentions of making nature available to
“all”. I use the most common definition of the abstract word «culture», which covers social behavior and norms in the human societies. I will look closer on meetings between rural- and urban- culture and the social development of organized «fjellturisme».
Our main focus is on the area of Sunnmøre in western Norway. The mid-war years has been defined as a time of crisis, with great social changes. Despite of this it is also a time for growth. Many of the foundations for organized «fjellturisme» see this period as their «golden age». In this study I will try to find the background for this definition. I will look into how the culture of «fjellturisme» combines different groups of people, and how new generations are being socialized in it. To define human cultural identity almost a centenary back is
impossible, seeing identity is quite subjective. But with comparing the urban- and rural- cultures and discover what unites and what separates them during the period, I will try to answer the following research questions: Was the social differences between urban and rural areas in Sunnmøre big, compared to other areas? Did he urban- and rural-culture come more close, becoming more similar during the 1920`s and the 1930`s? Did «fjellturisme» in Sunnmøre become more available for people from different social groups? Or did the social differences get smaller in general?
Møre og Romsdal fylke 1934
Thi du eier ly for hver stemning, som væver Vort søgende sind i sit fine net;
Og du eier sundhed for alt, hvad der lever, Og hvile for alle, som strider og stæver,
Til hjernen er slappet og haanden træt.
Du spør ei om stilling, om rigdom og rang, Om ung eller gammel, om styg eller vakker, -
Du tar den forkomne og modløse stakker Og dysser ham ind ved din gamle sang.1
1Fjerde strofe i diktet «Til naturen» av Kristofer Randers, lyrikar og fjellmann frå Ålesund. Frå diktsamlinga Norsk Natur.
Stemninger og skildringer af Kristofer Randers
Innhaldsliste
1 Forord ... 1
2 Innleiing ... 2
2.1 Tema og problemstilling ... 2
2.1.1 Bakgrunn ... 2
2.1.2 Tema/problemstilling og forskingspørsmål ... 3
2.1.3 Om oppgåva og avgrensing ... 3
2.1.4 Namn og definisjonar ... 4
2.1.5 Gangen i oppgåva ... 5
2.2 Kjeldemateriale og kjeldesøk ... 6
2.2.1 Kjeldesøk og kjeldebruk ... 6
2.2.2 Aviser ... 8
2.3 Teori og metode ... 10
2.3.1 Kulturomgrepet ... 10
2.3.2 Bourdieu ... 11
2.3.3 Historisk forsking ... 12
2.3.4 Metode ... 13
3 Naturen vert oppdaga ... 15
3.1 Pionerane og inspirasjonen frå utlandet ... 15
3.2 Bakgrunnen til det norske friluftslivet ... 18
3.3 Ei særeigen norsk vandreturisme ... 19
3.4 Turisme på Sunnmøre ... 21
4 Motsetnad mellom bygd og by ... 27
4.1 Vekst og vanskar ... 27
4.2 Regionale forhold på Sunnmøre ... 30
4.3 Sosiale forhold på Sunnmøre ... 33
4.4 Organisering ... 35
4.5 Ferdsel ... 38
5 Aalesund-Sunnmøre Turistforening ... 40
5.1 Økonomi og sosialt miljø i fjellturismen ... 42
5.2 Fellesturar ... 45
5.2.1 Kven deltok? ... 51
6 Kjerneområdet Tafjordfjella ... 54
6.1 Fellesturar i Tafjordfjella ... 54
6.2 Pyttbua, den første hytta ... 57
6.3 Vakkerstøylen blir til ... 60
6.4 Reindalseter. ÅST si storstove ... 67
7 Sunnmørsalpane ... 72
7.1 Aalesunds skiklub ... 74
7.2 Charles Watson Patchell og Patchellhytta ... 76
8 Ligg det i vår natur? ... 82
8.1 Den norske fjellturismen ... 82
8.2 Fjellturisme i vår tid ... 85
9 Fjellturismen og Sunnmøre ... 86
9.1 Sunnmøre, likskap og lagdeling ... 86
9.2 Fjellturismen si sosiale utvikling ... 88
10 Kjelder og litteratur ... 94
1 Forord
Eg forklarar ofte det å drive med historisk forsking som ei skattejakt, ein søken etter noko som kan fortelje noko om samtida du forskar på. Det er ikkje alltid ein veit kva ein leitar etter før ein finn det. Eit fråvær av funn kan også vere svært tydingsbærande og vere eit funn i seg sjølv. Ein kan også, ved å stille nye spørsmål, legge til rette for ei ny tolking, nye funn og nye svar. Dette er for meg essensen i det som gjer historiefaget så spennande.
Men det er ikkje berre spennande, historiefaget er også svært viktig. Det hjelper oss å stille spørsmål, tenke analytisk, kontekstualisere og vere kjeldekritiske. Dette gjev forståing, breiare kunnskap og hjelper oss til å sjå ein større samanheng.
«Historia est Magistra Vitae»
Historie er livetes læremeister - Marcus Tullius Cicero.
Desse teknikkane er like nyttig i møte med andre menneske, som i arbeid med faget, og ikkje minst ein viktig del av allmennkunnskapen. Forfattar og satirikar Knut Nærum skreiv så treffande desse orda om viktigheita av allmennkunnskap:
«..poenget med å kjenne historien har aldri vært å mimre, men å vite hvor vi kommer fra, sånn at vi får et best mulig grunnlag for å bestemme hvor vi skal. Dessuten er det nyttig på quiz»2
Min fagbakgrunn kjem frå ei bachelorgrad i historie, kultur og samfunn. I tillegg til historie er friluftsliv ein av mine største interessefelt og difor ønska eg å skrive ei masteroppgåve i kulturmøte der desse felta kunne samlast. Historie, friluftsliv og Sunnmøre, er dei stikkorda som har vore utgangspunktet for dette arbeidet.
Takk til familie, kjærast og vener.
Takk til professor Arnljot Løseth, for god rettleiing i prosessen.
Takk til Historisk Institutt ved Høgskulen i Volda.
2 (Nærum, 2014)
2 Innleiing
2.1 Tema og problemstilling 2.1.1 Bakgrunn
I dag vert Noreg av mange rekna som eit annleis land når det gjeld friluftsliv, der friluftslivet er forankra som ein del av den norske kulturen. Til no har faktisk så mange som 6 norske regjeringar brukt tid og pengar på å legge til rette for og utvikle friluftslivet.3 Organisasjonar som Den Norske Turistforening har vore faneberar for denne kulturen og slagordet til DNT
”det ligger i vår natur” er med på bygge under at den kulturen er ein del av oss. Friluftsliv og naturen skal altså vere ein del av den norske kulturidentiteten.
Frå 1880 til 1940 kan vi sjå kimen til eit sosial endring i bruken av naturen. Vi får ein overgang frå britisk påverka turisme til norsk fotturisme, der friluftslivet og den norske naturen fekk ei viktig rolle i nasjonsbygginga etter unionsoppløysinga. Dei som starta Den Norske Turistforening henta inspirasjon frå dei sosialt ekskluderande britiske sportsklubbane, men programmet til DNT, anno 1868, vitnar om ei langt meir demokratisk og inkluderande haldning. Det skulle vere «let og billig» for «at rigtig mange kan komme og se».4
Utviklinga til fjellturismen innanfor ulike sosiale lag i Noreg er svært interessant og fortel mykje om nasjonen vår. Dette feltet er ikkje urørt av historikarar og sosiologar, og det er allereie blitt publisert ei rekke verk knytt til temaet. Til no er det 1800-talet og åra etter andre verdskrig , med eit nasjonalt perspektiv, som har fått mest merksemd. Åra mellom dei store krigane har til no fått lite merksemd. Dette på trass av at mange tur- og sports-organisasjonar, som Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Ålesund Skiklub og Norsk Tindeklub, reknar det som sin «gullalder».
I tiåra mellom krigane skjer det store sosiale skiftingar i Noreg. Den utanlandske turisttrafikken, som hadde prega 1800-talet, stogga på grunn av første verdskrig,
verdsøkonomien fekk ein knekk og nordmenn retta merksemda meir nasjonalt enn tidlegare.
Samstundes veks ein ny, og større, generasjon med friluftsfolk fram. Dette kan ikkje reknast som ei folkevandring i nasjonal målestokk, men mykje peikar mot eit sosialt skifte. Kanskje kan vi finne ei forklaring knytt til bruken av omgrepet «gullalder», knytt til denne perioden?
3 (Faarlund, 2015, s. 16)
4 (Slagstad, Da fjellet ble dannet, 2018, s. 119)
2.1.2 Tema/problemstilling og forskingspørsmål
Tema for denne analysen er den sosiale utviklinga til fjellturismen på Sunnmøre i mellomkrigsåra.
Forsking-spørsmåla som har følgt arbeidet med perioden er: Var dei sosiale skilnadane mellom by og bygd på Sunnmøre store, samanlikna med andre stadar? Vart by og bygd på Sunnmøre nærare, og likare, i løpet av 20- og 30-åra? Vert friluftslivet, fjellsporten og fotturismen på Sunnmøre meir tilgjengelig for fleire frå ulike sosiale lag i denne perioden?
Eller er det berre dei sosiale skilnadane som minkar på eit meir generelt plan, uavhengig av friluftslivet?
2.1.3 Om oppgåva og avgrensing
Hovudsøkjelyset i denne analysen er via den sosiale utviklinga i friluftslivet på Sunnmøre, med vekt på Ålesund-Sunnmøre Turistforening sitt arbeid. ÅST har spelt ei stor rolle for tilrettelegginga av fotturismen i regionen og kjem til å vere sentral gjennom heile analysen.
Eg søker etter funn som peikar mot sosiale endringar i løpet av mellomkrigsåra. Med det vil eg forsøke å finne svar på om friluftslivet vart tilgjengeleg for fleire i løpet av perioden. Og kven det vart tilgjengeleg for, samt kva sosial tilhøyring dei hadde.
Årsaken til at analysen er avgrensa til 1920- og 1930 åra er at mange norske
friluftsorganisasjonar, også Ålesund-Sunnmøre Turistforening, reknar mellomkrigsåra som sin «gullalder». Dette gir assosiasjonar til ei glansperiode, eit historisk høgdepunkt eller ei blømingstid. ÅST opplevde mellom anna fem gonga auke i medlemstalet og bygg fire av dei i dag ni hyttene sine i mellomkrigstida. Dette gjev godt belegg for bruken av ordet «gullalder».
Eg vil forsøke å finne ut om denne glansperioden fører til ei sosial endring i friluftskulturen på Sunnmøre.
Det er ikkje berre fjellturismen som opplever endringar, det same gjer fjellsporten. Vi reknar fjellsport som ein del av friluftslivet. Interessa for fjellsport starta ofte i organisert fotturisme, før den eskalerte vidare til eit meir prestasjonsretta friluftsliv. Norsk Tindeklub, skipa i 1908, reknar også disse tiåra som sin gullalder. Dette var ein mykje meir eksklusiv klubb enn DNT, som representerte eit meir bratt friluftsliv, nemleg fjellsport. Vi finn også spor etter sosiale endringar i fjellsporten på Sunnmøre. Der utanlandske namn dominerte 1800-talet vart
klatrebragdar og førstekliv i mellomkrigsåra meir prega av lokale namn.5 Difor skal vi også sjå nærare på den delen av Sunnmøre der fjellsporten har vore mest sentral, Sunnmørsalpane.
2.1.4 Namn og definisjonar
Fotturismen utgjer hovudtema i analysen, og dette er samlenemninga for turar til fots, i utmark og til fjells for rekreasjon- og ferieformål. Dette er ei form for turisme i Noreg som både utlendingar og nordmenn nyttar seg av. Organisering og tilrettelegging av denne type turisme i Noreg var det Den Norske Turistforening (DNT) som starta med i 1868. Dette gav ringverknadar og ei rekke lokale turistforeiningar og turlag vart skipa i kjølvatnet av DNT.
Slike foreiningar bygg hytter for fotturistane, merkar stiar, lagar kart og ruteskildringar.6 Fotturisme og fjellturisme vert i dag nytta om kvarandre og er knytt til det same.
Til trass for ordet turistforeining, ser ikkje medlemmar av slike foreiningar på seg sjølv som turistar. Ein turist er, i følge Store Norske Leksikon, ein person som reiser i eige og/eller andre sitt land for eigen fornøyelse. Altså kan ein turist i Noreg vere så mangt. Det kan vere ein utlending som kjem til Norge for å sjå landet og det kan vere nordmenn som reiser rundt i eige land. Ein turist skapar eit økonomisk grunnlag for ei næring, som for eksempel
hotelldrift, buss, båt, sal av andre tenester osv. Medlemmane i turistforeiningane passar betre til namnet fjellvandrarar eller, som nemnt over, fotturist.7
Fjellsport er ei brattare form for fjellturisme og vert brukt som ei fellesnemning for fjellklatring, isklatring, brevandring og brattare skikøyring. Fjellsport er oftast ein meir individuell og prestasjonprega sport enn fjellturismen, som oftast er meir kollektivt prega og organisert. Utøvarar av fjellsport har ofte starta som fotturistar og utvikla friluftslivet vidare med å flytte sine eigne grenser. Fjellsporten og fotturismen kan begge reknast som ein del av friluftslivet.
Ålesund by sat i førarsetet i Ålesund-Sunnmøre Turistforening, men det faktum at Ålesund- Sunnmøre Turistforening innlemma «Sunnmøre» i namnet allereie under skipinga i 1889 viser ein intensjon for å famne heile regionen i organisasjonen. Sjølve ordet turistforeining
5 (Hovden, 2012, s. 142)
6 (Engstöm, 2018)
7 (Store Norske Leksikon, 2018)
vert skrive på nynorsk, som resten av teksten, om det ikkje refererer til Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Då vert Ålesund-Sunnmøre Turistforening, ÅST eller Turistforeininga nytta.
Ola Brøste vert omtalt i ulike kjelder som både Ola og Ole, men dette er same mann. Mykje av kjeldetilfanget er henta frå aviser og difor kan skrivefeil dukke opp. Sitat og utdrag frå kjeldene er direkte sitat.
2.1.5 Gangen i oppgåva
Etter innleiinga følger hovuddelen den historisk lineære utviklinga. Hovuddelen startar med eit historisk forord, kapittel 3 «Naturen vert oppdaga», som tek perspektivet frå nasjonalt til regionalt og innleiar til hovuddelen. Eg startar med bakgrunnen til fotturismen og kven som vert rekna som pionerane til denne kulturen i Noreg, før eg gjeng inn på det norske
friluftslivet, og det særeigne med det. Vidare ser eg på bakgrunnen til Den Norske Turistforening, før eg avsluttar med utviklinga av turismen på Sunnmøre og Ålesund- Sunnmøre Turistforening.
Hovuddelen består av fire kapittel og er todelt. Dei første to kapitla, 4 og 5, tek føre seg Sunnmøre som region med eit oversyn over regionale og sosiale forhold, samt organisering og utvikling av infrastruktur.
Kapittel 4 gjeng inn på motsetnadar mellom bygd og by på Sunnmøre i mellomkrigsåra. Vi ser på dei regionale og sosiale forholda, og utviklingstrekka som prega perioden, før vi ser på utviklinga av organisering knytt til friluftsliv, fotturisme og sport. Avslutningsvis gjeng vi inn på utvikling av kommunikasjonar og kva rolle det har spelt for samhandlinga mellom bygd og by, og turismen.
Kapittel 5 tek oss til Ålesund-Sunnmøre Turistforening og organisasjonen sitt virke i mellomkrigsåra, korleis det økonomiske og sosiale miljøet i foreininga var og korleis fellesturane rundt i distriktet vart organiserte.
Dei resterande to kapitla, 6 og 7, skildrar og analyserar fotturismen på Sunnmøre og er delt i to geografiske delar.
Kapittel 6 tek oss til kjerneområdet til ÅST, nemleg Tafjordfjella. Her ser vi på korleis fellesturane i desse fjellområda vart organiserte og kven desse turane var mynta på. Vidare har kvar av dei tre hyttene som ÅST bygde i perioden fått sitt eige kapittel, der vi gjeng inn på kven som bidrog og kva relasjonar vi finn spor av i dei prosessane.
Kapittel 7 omfattar området som fekk namnet Sunnmørsalpane. Her ser vi på den meir eksklusive Ålesund Skiklub sitt virke og verknadane ein britisk «pioner» kan ha på ei heil lokalbefolkning. Dette er ein region med lang turisthistorie, men vi skal halde oss til det som er relevant for by-bygd perspektivet.
Vi avsluttar med ei todelt samandrag, kor vi samla funna og konkluderer.
Kapittel 8 er via til kultur, Noreg, natur og mennesket. Vi ser på det påståtte særeigne med den norske fjellturismen og kvifor «det ligger i vår natur» er eit omgrep Den Norske Turistforening nytta. I dette kapitlet dreg vi dei lange linje til i vår eiga tid.
I kapittel 9 «Fjellturismen og Sunnmøre» summerer vi opp funna frå hovuddelen, forskingspørsmåla og konkluderer.
2.2 Kjeldemateriale og kjeldesøk 2.2.1 Kjeldesøk og kjeldebruk
Historisk forsking inneberer at ein bruker restar, eller leivningar, til å rekonstruere fortida.
Leivningar er alt som er overlevert frå fortida, men først når vi tek dei i bruk for å svare på spørsmål og konstruere verkelegheita vert dei kjelder. Overraskande nok er «gullalderen» til Ålesund-Sunnmøre Turistforening ei kjeldemessig skrinn periode. Det fins heller ikkje noko medlemsregister eller liknande frå denne perioden og på grunn av tidsløpet er det ikkje mange attlevande intervjuobjekt. Ingen av hytteprotokollane er teke vare på, ei heller hyttebøker av desse årgangane. Eg har vore i kontakt med mange menneske, men dei fleste har i stor grad referert til allereie trykt informasjon og ikkje bidrege til nye funn.
Ikkje før etter andre verdskrig har det blitt sett på som verdifult å ta vare på trykte og skrivne kjelder. Då starta ÅST å gi ut eit eige medlemsblad med namn «Fjellposten». I «Fjellposten»
har det vore vanleg med tilbakeblikk og notisar frå tida som var før, her har eg gjort nokre funn frå mellomkrigsåra.
ÅST har sjølv hatt tre utgivingar i jubileumsår, 50-års jubileet, 75-års jubileet og 130-års jubileet. Ålesund-Sunnmøre Turistforening gav hausten 2018 ut si tredje jubileumsbok,
«Folket og fjella». Denne er skriven av Eldar Høidal og tek for seg ÅST sitt virke frå skipinga i 1889 til i dag, 130 år. Eg har vore i kontakt med forfattaren og han opplevde også
mellomkrigsstida som ei kjelde messig utfordrande periode. Det Høidal har med frå
mellomkrigstida er lite, men så er desse to ti-åra heller ikkje hovudfokuset til jubileumsboka.
Sjølv om ÅST ikkje har vore utgivar av så mykje kan ein hente mykje informasjon om Ålesund og Sunnmøre ut frå DNT sine årbøker. Den Norske Turistforening vart skipa i 1868 og har konsekvent gitt ut eit utfyllande tidsskrift kvart år. I disse årbøkene finn vi alt frå korte notisar til heile artiklar og reiseskildringar både om Sunnmøre som turregion og av Ålesund- Turistforening. Den Norske Turistforening medverka stort til å setje Sunnmøre på kartet som eit område for fjellturisme. I disse årbøkene finn vi også omtrentlege medlemstal og
årsmeldingar frå ei rekke lokale turistforeiningar. Dei kvantitative funna som har vore mogleg å innhente skal vi gå nærare inn på seinare i analysen.
Kjelder knytt til bygdefolk og bygdeliv har vore meir utfordrande å finne enn kjelder knytt til by og by-samfunn, pga. avisene si rolle i kjeldetilfanget. Vi ser meir på aviser som kjelde i neste kapittel. Den rurale delen av samfunnet er lite representert i dei største avisene, men på lokalnivå, eksempelvis slektsskrift og bygdebøker, finn vi noko. For området Tafjordfjella har slektsskrift for fjellgarden Brøste i Rauma vore sentral, i tillegg til bygdebøker for Norddal. I desse finn vi nokre glimt om menneska som budde i dei områda som Turistforeininga hadde sitt virke.
Tidsskrift for Sunnmøre Historielag, Romsdal Sogelag, Hjørundfjord Sogelag og Minnebok frå Ørsta har også bidrege til viktige funn knytt til dei sosiale tilhøva og friluftslivet si utvikling på Sunnmøre. Jubileumsbøker frå Norsk Tindeklub, The Northern Playground av William Cecil Slingsby og Tindekliv på Sunnmøre av Dagfinn Hovden har også vore nytta.
Vidare har andre kjelder som omtalar samfunnsutviklinga frå og med 1922 i Noreg og korleis kommunikasjonen mellom bygd og by har utvikla seg også vorte nytta, eksempelvis
Fylkeshistorie frå Møre og Romsdal.
Generelt, har kjeldetilfanget knytt til fjellturisme frå åra mellom dei store krigane vore ei stor utfordring. Lite har blitt ført på papiret, samanlikna med perioden før og etter, størsteparten er ikkje teke vare på og mykje er rett og slett øydelagt i brann og krigshandlingar. Andre
verdskrig har overskygga mykje av kjeldebevaring og nedskrivne minner. Det har vore langt mellom verdfulle funn og eg har møtt ei mengd med blindgater og gått ein del bomturar. Det er rett og slett mange spørsmål eg ikkje har greidd å finne svar på. Dette har til tider vore frustrerande, men det er likevel det som har gjort prosjektet så spennande. Mangel på funn er også eit funn i seg sjølv, som ein og kan hente informasjon frå. Kjeldetilfanget har i stor grad vore førande til korleis denne analysen har blitt forma.
2.2.2 Aviser
Aviser har spelt hovudrolla i kjeldetilfanget for denne analysen og krev difor eit eige kapittel.
Nærlesing av aviser har gitt innblikk i tida og aktivitetane vi søker etter. Aviser tek tidas puls og representerer samtida dei var skrive i. Slik kan ei og same kjelde nyttast både som ei forteljing og som ei leivning. Om ein brukar aviser som forteljing legg vi berre vekt på det kjelda fortel, meir som skrifttolking. Om vi nytter kjeldene som leivning er vi meir opptekne av kva den kjelda kan fortelje om tida den kjem frå. Aviser er ei slik type kjelde, dei speglar tida dei er skrivne i.
Kva politisk ståstad den aktuelle avisa har og kven den er retta mot, må takast med når ein nytter aviser som kjelde. Aviser kan også vere med på å skape røyndom, med at eit fenomen til dømes blir til eller endrar karakter ut i frå korleis det vert framstilt i media. Aviser har også hatt ei rolle som påverkar sitt publikum, då dei inneheld reklamer, kunngjeringar osv. Aviser er altså ikkje berre eit vindauge inn i samtida, men bidreg også til å konstruere røyndomen. Ei lokalavis kan til dømes spele ei stor rolle i å skape ei kjensle av fellesskap for regionen den vert utgjeven i.8 Difor er det viktig å vere kjeldekritisk i arbeid med aviser.
I Sunnmørsposten og Aalesunds Avis har eg følgt Ålesund-Sunnmøre Turistforening, frå den andre oppstartinga i 1922 til krigsutbrotet i 1939. I desse avisene finn vi annonser om turar, turskildringar, turreferat, referat frå generalforsamlingar og andre trykte tekstar knytt til organisasjonen, friluftsliv, bygd og by. Sunnmørsposten var og er Nord-Vestlandets største avis og vart skipa i 1882. Den starta som ei venstre-avis heilt til den gjorde seg uavhengig i 1977.9 Aalesunds Avis var ei høgre-avis som vart utgjeven frå 1917-1952.10 Men sjølv om dei i mellomkrigsåra representerte to ulike politiske leira, dekte dei Ålesund-Sunnmøre
Turistforening sitt virke omtrent likt. Stoffet og innhaldet er for det meste likt, men ordlyden kan variere litt. Aalesund Avis førte eit penare og meir konservativt språk i turskildringane og referata enn kva Sunnmørsposten gjorde, noko som seier mykje om kva sosial forankring avisene hadde og kva publikum dei retta seg mot.
Ei ulempe med å nytte dei største regionavisene som primærkjelde i denne oppgåva er at vi lett kan misse eit perspektiv. Det som er skrive om bygd og bygdefolk i avisene er oftast skrive av by-buarar og vert oftast ei leivning om byfolk sitt forhold til bygd og bygdefolk, enn
8 (Tjelmeland, 2004)
9 (Pettersen, 2017)
10 (Kjølås, 2017)
omvendt. Når det er sagt, hadde mange av Ålesund sine by-buarar tette band til distriktet, og mange av dei arbeidde også som journalistar, t.d. Magne Flem i Sunnmørsposten som var fødd i byen men foreldra kom frå Vigra. Eit lesarinnlegg i Aalesunds avis frå «ein frå Bygda»
22. nov. 1930 fortel oss likevel at byen var meir representert i avisa enn kva bygda var. I innlegget fortel han at han har lese kvart blad siste halvåret, men saknar politiske saker som bygdefolket står for og anna bygdenytt. Vidare understrekar han at bladet vert lest av mange på landsbygda.
For å gje oppgåva meir «kjøt på beinet» har eg utvida avissøket. Søket vart utvida til Ørsta Avis, ei avis som var politisk nøytral og redigert på nynorsk og til Sunnmøre Arbeideravis, ei politisk avis retta mot arbeidarklassa. I Ørsta Avis fanst det ingen spor etter Ålesund-
Sunnmøre Turistforening, og svært lite om friluftsliv. Einaste som vart dekt av sport og friluftsliv var knytt til lokale klubbar, skirenn og liknande. I Sunnmøre Arbeideravis, ei avis som var stor i perioden og hadde redaksjon i Ålesund, var det heller ingen spor av Ålesund- Sunnmøre Turistforening. Dette var overraskande for ei periode som skal vere foreininga sin gullalder, men eg må også legge til at i Sunnmøre Arbeidaravis fans det lite spor av idrett, friluftsliv og den slags rekreasjon i det heile. Innhaldet speglar i stor grad det Sunnmøre Arbeidaravis stod for; eit talerøyr for arbeidarklassa. At eit talerør for arbeidarklassa ikkje involverer friluftsliv, natur og fjellsport kan indikere at arbeidarklassa ikkje deltok i den slags aktivitetar i perioden vi har konsentrert oss om.
Ein mogleg årsak til at Ålesund-Sunnmøre Turistforening ikkje nytta alle aviser for å fremje sine saker kan vere organisasjonen sin økonomi. Ein hadde ikkje råd til å annonsere i kvar avis i regionen. Det kan også tyde på at Ålesund-Sunnmøre Turistforening ikkje retta seg mot bygdene og arbeidarklassa, og at annonsane var primært retta mot byfolket og dei borgarlege næringane. Men vi skal ikkje gløyme at Sunnmørsposten på denne tida reklamerte med å vere den største avisa mellom Bergen og Trondheim i perioden; «et av landets fordelagtigste annonceblade». Sjølv om det ikkje er teke vare på opplagstal og spreiingstal for perioden er det difor høgst sannsynleg at Sunnmørsposten må ha nådd ut til distriktet. Sjølvsagt held ikkje kvar husstand avisa, men nokre gjorde det og avisene vart gjerne delt på. Altså, ville ÅST nå ganske mange, både i og utanfor byen, ved å nytte Sunnmørsposten som sitt talerøyr.
Sunnmørsposten var truleg den kanalen som strakk seg ut til flest og dermed gav mest
avkastning for annonsepengane. Utdraget under frå eit av tidsskrifta til Hjørundfjord Sogelag viser at Sunnmørsposten nådde ut til distriktet, endatil på kaia på Øye i Hjørundfjord.
«det var vanleg i alle bygder at visse personar såg seg tid til å gå på kaia når båten kom.
Det var litt både å sjå og høyre, og Sunnmørsposten måtte no hentast likevel»11
I protokollar frå postopneriet i Svendsengarden i Ørstavik mellom 1916 og 1919 kan vi sjå kva aviser, blad og andre publikasjonar som ørstingane tinga på. Dagsavisa
«Søndmørsposten» er ikkje uventa dominerande i desse protokollane. Sunnmørsposten hadde hegemoni fram til 1917, då kom to andre dagsaviser frå Ålesund til, Aalesunds Avis og Møre Tidend. Møre Tidend fekk ei sterk stilling på bygdene, ettersom avisa kalla seg «Bondeblad for Møre». Dei som tinga på desse avisene konsentrerte seg stort sett omkring sentrum og det som på den tida var forretningsdrift og anna næringsverksemd.12 Møre Tidend var den første norske avisa med fråhaldssak som profil, og skulle vere eit framhald av venstre-avisa
Søndmøre Folkeblad og vart utgitt mellom 1917 og 1927.13 Eit kjeldesøk av Møre Tidend året 1921 gav ingen spor om fjellturisme eller friluftsliv. Avisa er truleg for lita og hadde truleg for lite spreiing til at ÅST la annonsebudsjettet her.
2.3 Teori og metode 2.3.1 Kulturomgrepet
Med utgangspunkt i historiefaget skal vi studere korleis fjellturismen, som kultur, hadde innverknad regionalt og nasjonalt i Noreg. Kulturomgrepet kan vere vanskeleg å bruke sidan ingen ord er meir ubestemt og unnvikande. Denne definisjonen er det den tyske filosofen Johan Gottfried Herder (1744-1803) som står bak og mange har støtta seg til det same synet14. Ordet kultur er eit andre ordens omgrep15 og stammar frå det latinske cultura, først knytt til jordbruk og brukt om prosessen «å kultivere». Men frå og med 1700-talet går det over til å skildre resultatet av kultiveringa. Herder reknar alt menneskeskapt som kultur og dette er eit svært vidt kulturomgrep. Eit anna vidt kulturombegrep er å snakke om «norsk kultur», eit samleomgrep på fellestrekk som vi nordmenn deler. Friluftskulturen i Noreg vert til dømes knytt til «norsk kultur». Når vi snakkar om kultur i meir snever forstand omfattar det ofte
11 (Øye J. E., 1986, s. 104)
12 (Breiteig, 2003)
13 (Sande, 2014)
14 (Illmann & Nynäs, 2017, s. 13)
15 Andre ordens omgrep, eller abstrakte omgrep, er omgrep som ikkje har ei direkte kontakt med innhaldet til omgrepet. Dei må bli omsett og kan difor tolkast ulikt.
«kultursektoren», eller også kalla «finkultur». Finkultur er til dømes kunst, musikk og litteratur.
Det fins ei rekke måtar å definere ordet kultur på og det betyr ikkje at det eine er meir rett enn det andre. Det viktigaste er at ein grunngjev korleis ein vel å nytte det sjølv. Skal ein nytte kulturomgrepet må ein avklare kva ein legg i det og korleis ein ønskjer å bruke det opp mot det feltet eller forskinga ein tek føre seg. Det er mest vanleg å nytte ordet kultur når det er snakk om menneskeleg tanke-, kommunikasjons- og åtferdsmønster.
I vårt tilfelle nyttar vi den mest vanlege definisjonen av kultur og gjer ein komparasjon av by- kultur, bygde-kultur og friluftskultur. Vi skal sjå korleis desse kulturane knyt grupper av menneske saman og korleis nye generasjonar vert sosialisert inn i dei. Menneska sin kulturelle identiteten er subjektiv og handlar om kva kultur ein identifiserer seg med. Det å finne spor etter subjektive meiningar til eit menneske i mellomkrigsåra er umogleg, men ved å legge vekt på kva som skil dei ulike kulturane og kva dei har til felles kan vi kanskje finne spor som peikar mot eit sosialt skifte i friluftskulturen.
2.3.2 Bourdieu
Sosiolog og idéhistorikar Rune Slagstad hevdar at om den franske sosiologen, Pierre Bourdieu, hadde kjend til Skiforeningens (og Turistforeningens) årbøker, er det ikkje
usannsynleg at han i sin Distinction om det parisiske åndsliv også ville lagt inn en ekskurs om norsk fjellturisme.16 I Distinksjonen skriv Bourdieu, basert på empiri frå Frankrike på 1960 og 1970-talet, om skilnadane mellom menneska og samfunnsgruppene og på ulike former for kapital. Ei vertikal linje skil dei med lite kapital (til dømes ein reingjerar) frå dei med eit høgt kapitalnivå (til dømes ein advokat), vidare deler han horisontalt mellom høg kulturell kapital (som ein lærar eller skodespelar) og høg økonomisk kapital (til dømes ein direktør). Bourdieu hevdar at det ikkje fins ein uskuldig smak, men at det er ein samanheng mellom
livsstil/forbruksmønster og klasseposisjon.
Ei verksemd kan i utgangspunktet høyre til adelen, men ofte vil dei adelege slutte med den etter kvart som ei aukande del av øvre borgarskap, borgarskapet eller småborgarskapet, eller til og med av arbeidarklassa, starta med den verksemda (eks. boksing i Frankrike, som først var praktisert av aristokratar , men praktiserast av arbeidarklassa i dag). Omvendt kan også ei
16 (Slagstad, Da fjellet ble dannet, 2018, s. 135)
verksemd som i utgangspunktet var folkeleg, bli tatt opp av aristokratiet17. Bourdieu hentar si forsking frå skilnadar mellom ulike sosiale lag i Frankrike, eit land med bakgrunn i større sosiale skilnadar enn det langt meir egalitære Noreg. Likevel kan teoriane hans også nyttast på Noreg og på sporten.
Eit relativt harmlaust norsk eksempel på slike skilnadar som Bourdieu referer til kan for eksempel vere skilnadane mellom det å drikke te eller kaffi. Dei som føretrekk å drikke te, gjer det fordi dei lika det. Samstundes er det ein borgarleg eller middelklassedrikk. Å drikke te er difor ein måte å stadfeste ein klasseposisjon på, eller nærme seg den posisjonen om det er det ein strekk seg mot, anten te-drikkaren er klar over det eller ikkje. Dei britiske turistane tok trenden om fjellturisme til Noreg. Fjellturismen og alt knytt til det (t.d. kle og ustyr) vart først teke opp av borgarskapet i Noreg, før fleire samfunnslag kom til. Medvitslaust eller ikkje, strekk vi menneska oss mot ei utviding og finare nyanser innanfor eit felt med smakar som tilsvara og uttrykk eit kulturelt og sosialt felt.18
Teorien til Bourdieu om skilnaden mellom sosiale lag og konfliktane melom dei ser likevel ikkje ut til å slå gjennom på same måte innanfor turistforeiningane sitt virke. At Noreg er mykje meir egalitært en Frankrike spelar ei rolle, men også den særeigne norske
friluftskulturen. Ja vist var DNT starta av det øvre borgarskap, men målet lata til å vere å gjere fjellturismen, friluftslivet og naturen tilgjengeleg for flest mogleg, jamfør formuleringa i programmet frå 1868 til DNT. Dei hadde ikkje strenge opptakskrav til medlemmane av turistforeininga heller, så lenge dei betalte medlemskontingenten. Fotturismen kjem altså ovanfrå, men på grunn av den nasjonale kulturidentiteten til Noreg vart det noko som mange samfunnslag identifiserte seg med. Kor vidt fotturismen faktisk famnar skal vi sjå nærare på i hovuddelen.
2.3.3 Historisk forsking
For ein historikar er røynda vekk og arbeidet vårt er å skape ein heilskap av dei funna vi har å hjelpe oss med. For å skape ein heilskap nyttar vi ofte spørsmåla: kva, kven, kvar, når, korleis og kvifor. Men det viktigaste av dei er: kvifor. Kvifor oppstår eit fenomen? Vi søker ei årsaksforklaring, og svaret ligg gjerne i ei rekke med hendingar som vi må kartlegge.
17 (Bourdieu, 1995, s. 32)
18 (Bourdieu, 1995, s. 24)
Hermeneutisk måte å tenke på inngår i alle humanistiske vitskapar, også historie.
Hermeneutikk stammar frå eit gresk ord som tyder å tolke/fortolke. Opphaveleg vart hermeneutikken brukt til skrifttolking av Bibelen og vart utvikla vidare til å skildre den
generelle metoden i historisk forsking. No er målet med historisk forsking å forstå det som har meining og ikkje berre skrift, men også historier, bilete og handlingar.19 Den mest kjende hermeneutikaren, Hans-Georg Gadamer, forklarar at å forstå ting hermeneutisk er å sjå delane i lys av heilskapen og heilskapen i lys av delane.20
Vi må sjå dei enkelte funna i lys av kvarandre og dette gjer vi i ein tolkingsprosess som vert kalla den hermeneutiske sirkel. I kvar tolkingsprosess gjeng vi, uunngåeleg, inn med
fordommar og får gjennom tolkingsprosessen nye perspektiv, eller ein ny horisont å sjå funna frå. Gadamer hevdar at vi aldri kan vere heilt objektive og heilt utan fordommar, og vi finn ikkje noko utan at vi leiter etter det. Vi har også til ei viss grad bestemt oss for kva vi leiter etter. Ut i frå desse fordommane kan vi til dømes lage oss ei problemstilling. Å ha fordommar er altså ein nødvendig del av forståing og ei viktig del av forskinga, men ein må ikkje gløyme å vere kritisk til eigne fordommar.
«Mistankens hermeneutikk», stammar frå Paul Ricoeur og viser til ein måte å tolke på der ein ikkje utan vidare tek kjeldene for «god fisk», men leitar etter noko som ligg bak dei
tilsynelatande gode formåla. Ein skal heile tida arbeide med ei falsifisering21 av kjeldene.
Denne måten å tenke på har blitt kritisert med grunngjeving for at den kan gå for langt. Det er viktig å vere kritisk i forskingprosessen, men ein bør også late tvilen kome kjeldene til gode, og ikkje gå ut i frå at dei lyg og manipulerer.22
2.3.4 Metode
Vi skal nytte i ei kvalitativ tilnærming til stoffet med ei hermeneutisk forankring. Med ei slik tilnærming vil vi forsøke å greie ut om noko fanst, kva noko var og kva det betydde. Når ein kombinerer dei kvalitative teknikkane med ei hermeneutisk tilnærming, ønskjer ein å tolke meining.23
19 (Kjeldstadli, Fortida er ikke hva den en gang var. En innføring i historiefaget, 2000, s. 123)
20 (Myhre, Historie. En introduksjon til grunnlagsproblemer, 2014, s. 19)
21 Falsifisering er å påvise at ein teori, påstand eller tese er gal eller uhaldbar.
22 (Myhre, Historie. En introduksjon til grunnlagsproblemer, 2014, s. 28)
23 (Kjeldstadli, Fortida er ikke hva den en gang var. En innføring i historiefaget, 2000, s. 183)
Grunngjevinga for problemstillinga er at tidlegare nedskrive kunnskap om tema viser seg mangelfulle og eg ønskjer å innhente ny kunnskap. Målet er difor å avdekke ny kunnskap til den historiske forskinga av fjellturismen på Sunnmøre. Fjellturismen på Sunnmøre er
tidlegare forska på, men ikkje saman med dei sosiale endringane som skjer i mellomkrigsåra.
På bakgrunn av dette fell valet av problemstilling på ei tema-problemstilling som greier ut om tema og analyserer funna undervegs.
Eg nyttar det ein kan referere til som verktøykassemodellen og nyttar ulike metodar ettersom korleis dei passar inn. Det er vanleg å kombinere kvalitativ og kvantitativ forsking i historiske undersøkingar der ein kan telje og tolke parallelt, eller ein kan skilje det i ulike delar.
Ettersom det kvantitative innhaldet i denne analysen ikkje er av eit veldig stort omfang fell det mest naturleg å la dei kvantitative funna bli inkludert i den kvalitative analysen. Dette vil skape flyt og breidde i teksten. Teksten har i tillegg eit jamt innslag av bilete. Dette er gjort for å heve estetikken og underhalde lesar, men viktigast gjev bileta supplerande opplysningar til anna kjeldemateriale og skaper ei breiare forståing. Den same verknaden vil også dei tre munnlege intervjua gje, då dei utfyller det skriftlege kjeldematerialet og skapar fylde.
Det sentrale spørsmålet i denne forskinga er om fotturismen når ut til fleire samfunnslag under mellomkrigsåra på Sunnmøre. Vi har allereie slått fast at mange organisasjonar som arbeidde med friluftsliv, fjellsport og fotturisme opplevde ein form for «gullalder» i
mellomkrigsåra og det indikerer ei vekst som kan gi ei tyding på at fleire samfunnslag kom til. Det skal vi forsøke å finne spor av. Eit anna påfallande element er at sidan ÅST legg vekt på å inkludere distriktet i arbeidet sitt må tyde på at det faktisk eksisterte skilnadar som dei ønska å fjerne. Eit anna viktig poeng er at arbeidarklassa i byen ser ut til å vere fråverande i denne by-bygd samhandlinga i det meste av kjelder.
For å kunne svare på forskingspørsmåla greier vi ut om tema og avdekka funna for perioden og regionen, men for å kunne finne svar og nyansere må vi også nytte komparative metodar.
Vi samanliknar først og fremst by og bygd og sosiale skilnadar på Sunnmøre, men for at det skal kunne seie oss noko må vi greie ut om motsetnaden by og bygd i andre områder.
Kristiansund og omland vert nytta til komparasjon, sidan det høyrer til same fylke og har mange likskapstrekk. Vi dreg også parallellar til dei meir nasjonale utviklingslinjene i fotturismen. Dette gjer vi for å avdekke om Sunnmøre opplever brot eller kontinuitet i utviklinga, samanlikna med andre stadar i Noreg.
3 Naturen vert oppdaga
3.1 Pionerane og inspirasjonen frå utlandet
Vi kallar dei pionerane. Dei som var først. Kring midten av 1800-talet fanga naturen i Noreg interessa til utanlandske turistar. Britiske laksefiskarar, fjellklatrarar og jegerar søkte til norske fjordar og fjell. Turistane var ikkje dei første menneska som sette sine bein i desse områda, men dei var truleg ein av dei første som gjorde det for moro skuld. Dette førte til ei rivande utvikling i hotellnæringa i Vest-Noreg og etter århundreskiftet vaks også
cruisebåtanløpa på Vestlandet i stor grad. «Anten er han spikande galen, elder so er han engelskmann», lyder eit gammalt uttrykk som seier mykje om kva syn dei lokale hadde på dei dristige turistane, det fortel også kvar dei første turistane kom frå.24
Den norske vandrarkulturen oppstod først hjå eliten, vitskapsmenn og kunstnarar.
Landmålarar, språkforskarar, landskapsmålarar og liknande. Denne vandrarkulturen
representerte noko nytt til det som før hadde vore farande folk, folk utan røter, fattigfolk på leit etter inntekt. Utbygginga av vegnettet, jernbaner og båt-trafikken gjorde reisa raskare, tryggare og enklare. Det å gå var ikkje lenger noko ein gjorde av nødvendigheit, men no bar det meir preg av overskot. Det var denne vandrarkulturen Den Norske Turistforening representerte. Ein kultur som hadde sitt utspring i det borgarlege samfunn, men skulle få ei varigheit ut over det.25
I 1886 vart Den Norske Turistforening skipa for å arbeide særskild med fotturismen i Noreg.
Fjellturismen var først prega av ikkje-nordmenn og borgarskapet frå dei norske byane. At så mykje som ein tredjepart av DNT sine medlemmar var utanlandske i 1897, halvparten av disse var britar, seier oss mykje om kven fjellturistane var i starten.26
For mange er William Cecil Slingsby (1849-1929) det namnet vi knyt til pionertida i Noreg.
Han stod for mange førstekliv og var ein svært røynd fjellmann. Spora han har etterlete seg er så store i norsk fjellsport at han vert omtala som «den norske tindesportens far».27 Han var ein engelsk landadelsmann som besøkte Noreg heile 21 gongar frå 1872 til 1921. Jotunheimen,
24 (Den Norske Turistforening, 2019)
25 (Slagstad, (Sporten) En idèhistorisk studie, 2015, s. 129)
26 (Slagstad, (Sporten) En idèhistorisk studie, 2015, s. 97)
27 (Larsen, 2018)
Jostedalsbreen, Romsdalen og Nord-Noreg, for å nemne nokre stadar. Han var heidersmedlem i Den Norske Turistforening og i Norsk Tindeklub, og fekk kongens gull av Haakon den VII.
Han hadde ei mengde artiklar på trykk i DNT sine årbøker frå og med 1875 og 50 år
framover, og han skreiv også ei bok på 400 sider i 1904, Norway – the northern Playground.
Ein norsk representant for pionertida i Noreg er Emanuel Mohn (1842-1891). Han var adjunkt, fjellvandrar og teiknar, og vaks opp i det øvre borgarskapet i Bergen.28 Han tråla rundt i Noreg i 10 år og bidrog med meir enn 300 sider i Den Norske Turistforening sine årbøker. Han skreiv i DNT si årbok for 1876 ein artikkel på 23 sider En rundtur gjennem Søndmøre. Mohn si skildring om Sunnmøre var med å vekke interessa for regionen og han vert nemnd som initiativtakar for Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Han arbeidde som lærar på Latinskulen i Ålesund ei periode mellom 1876 og 1884, så det er ikkje uventa at han hadde ei påverknad på friluftslivet på Sunnmøre.29
Då Slingsby vart første mann på Store Skagestølstind i Jotunheimen, var det i følge med Mohn og ein bonde ved namn Knut Lykken. Både Mohn og Lykken snudde då dei vurderte risikoen som for stor. Lykken skal mellom anna ha sagt «Han er gal engelskmannen», medan Slingsby sjølv skal ha uttalt at Mohn var lat.30 Her er Mohn og Slingsby gode representantar for skilnadane mellom engelsk «sporting life» og norsk vandring. Mohn ville oppleve og nyte, medan Slingsby var driven av prestasjonar. Emanuel Mohn var ein fjellvandrar som besøkte fjelltoppane og skreiv om det. Motivasjonen hans var driven av å oppleve og å dele erfaringar, ikkje ei trong til å erobre.
Rune Slagstad hevdar at Den Norske Turistforening var tosidig frå starten av. På den eine sida ønskte DNT å fremje den demokratiske fotturismen, men på den andre sida la dei i årbøkene sine også stor vekt på førstekliv, toppar og turskildringane av disse. Dette stamma truleg frå det prestasjonsprega britiske «sporting life», som var sterkt knytt til overklassa og meritter.31 Tosidig var også mange av DNT sine medlem, sida mange i tillegg var medlem i den meir eksklusive klubben, Norsk Tindeklub (skipa i 1908). Denne dualiteten gjorde at DNT også vart med på å utvikle og å gjere tindesport til ein sport, samstundes som dei arbeidde for å opne fjellet for fleire.
28 (Lauritzen, 2014)
29 (Høidal, 2018, s. 19)
30 (Slagstad, (Sporten) En idèhistorisk studie, 2015, s. 161)
31 (Slagstad, (Sporten) En idèhistorisk studie, 2015, s. 173)
Den Bergenskfødde arkitekten Carl Berner var ein av dei som var medlem i både Den Norske Turistforening og Norsk Tindeklub. Han skal ha vist ei viss uro for at den meir formålslause vandringa i fjellheimen skulle verte okkupert av «sportsånda» som Norsk Tindeklub hadde adoptert. Han på si side forsvarte vandringsturismen og det mindre ambisiøse friluftslivet, og ønskte at naturen skulle vere for alle.32
Mange lokalkjende menn var med dei engelske fjellklatrarane som førarar og mange var røynde fjellfolk sjølv. Det står utanlandske namn bak mange klatrebragder, og heller ikkje på Sunnmøre var det unntak. Slingsby står for første klyvet av ikonet Kolåstinden, men han hadde med seg ein lokalkjend som hjelp på vegen.«Etter å ha overtalt ein flittig ung mann til å fylgja meg, la me 0730 i veg mot høgda..».33
Likevel, om ein er den første til å seie høgt at ein var der er det ikkje einstydande med at det ikkje har vore nokon der før. I Norsk Tindeklub si 40-års jubileumsbok skriv Arne Randers Heen om «en Bygdegutt klatrebedrifter», som viser eit eksempel på akkurat dette. Heen fortel om då kom i snakk med Iver Kavli, ein bondegut frå Isfjorden, som fortalde om ein fjelltur sommaren 1880. Det interessante med den turen er at han og ein jamaldring var ute å gjette sauer ved foten av det alpine fjellet Juratind og på ein godvêrsdag fann dei på å gå mot toppen. Dei gjekk som oftast barføtt, men denne dagen hadde dei lêrsko. Etter kvart vart lêrskoa for glatte, så dei gjekk siste bit barføtt. Under toppen kom dei til ein spiss som berre Iver torde å krabbe over, opp og velberga ned att. Så rusla dei attende og held fram med gjetinga. At tinden tidlegare ikkje var klatra tenkte dei ikkje på og såg ikkje på turen som noko anna enn ein vanleg fjelltur. Klatring for sportens skuld var noko som bygdefolk enda stod uforståande ovanfor, då dei verken var på jakt eller ute for å hente ned sau som hadde gått seg fast, så slik «tullfære» skulle helst ikkje nemnast.34 Det kan altså tenkast at det har vore fleire bygdegutar på mange fjelltoppar som før ikkje var klatra på, men dette skulle altså ikkje nemnast. Difor kan vi undrast over kven som eigentleg var «først» og kven som var dei verkelege pionerane?
32 (Slagstad, (Sporten) En idèhistorisk studie, 2015, s. 174)
33 (Hovden, 2012, s. 20) Norway, the northern playground oversett av Dagfinn Hovden
34 (Heen, 1948)
3.2 Bakgrunnen til det norske friluftslivet
Nina Witoszek hevdar det er speiselt for Noreg å gjere natur til kultur. Ho peikar på at naturtradisjonane til nordmenn er særeigen og gjennomsyrer politikken, kunsten, litteraturen og forskinga.35 Om ein er ueinig kan diskuterast, men det ligg noko i det. Satirikaren Are Kalvø, vaksen opp på Stranda, harselerar med nordmenn sitt forhold til naturen på sin måte med boka «Hyttebok frå helvete». Han skriv at dette ekstreme fokuset på friluftsliv og naturen minner om ei religiøs vekking og at han har mist mange vener i byen til naturen.36 Kanskje er denne nærmast sakraliseringa av naturen noko som pregar Noreg og nordmenn i særleg grad ? Kanskje ligg mykje av bakgrunnen for dette i «firehundreårsnatta», då Noreg nærmast var ein koloni for andre styresmakter i fire hundrede år?
Då landet fekk si eiga grunnlov i 1814 starta arbeidet med å skape den norske identiteten. Den norske bonden og naturen var noko som raskt fekk ei rolle i det typiske norske og vart hylla i dei nasjonalromantiske straumingane. Samstundes som dette gjekk føre seg strøymde
utanlandske turistar til Noreg, fiska og gjekk på fjella og påverka nordmenn med sine haldningar og trendar. Dette gav grobotn til kva som identifiserte Noreg og nordmenn.
Etter unionsoppløysinga med Sverige i 1905 auka interessa for sport og friluftsliv ytterlegare i Noreg. Samstundes vart det enda viktigare å finne tilbake til opphavet og ein norsk identitet.
Natur, fjellturisme og sport fekk stor plass som ein del av den norske kulturen og identiteten.
Desse faktorane var medverkande til at idrett, sport og fjellturisme fekk eit aukande tal med utøvarar og deltakarar.37 At desse faktorane vart knytt til den norske identiteten var også med å famne heile landet. I andre europeiske land var natur og friluftsliv mest vanleg hjå øvre sosiale klasser, men i Noreg var det ikkje berre borgarskapet som ønskte å identifisere seg med det som vart sett på som norsk kultur. Kanskje er dette medverkande til at vi utvikla, det som mange ser på som ei særeigen norsk vandreturisme?
I dag viser forsking at så mange som ni av ti nordmenn driv med ein eller anna form for friluftsliv. Grunnleggaren av Norsk Høgfjellsskule i 1967, Nils Faarlund, byrja på 1970-talet å grave i opphavet til den norske friluftslivtradisjonen og kvifor han som nordmann opplevde å verte så godt motteken i Alpane og landa omkring. Det knyt han opp mot den nasjonale
35 (Witoszek, 1991)
36 (Kalvø, 2018)
37 (Thorson, 1952, s. 533)
identiteten vår og biletet omverda har på Noreg som eit malerisk land der fjella kneiste og fjordane blåna, og der befolkninga framleis på 1800-alet var edle ville (betegnelsen som Jean Jacques Rousseau (1712-1778) nytta om innbyggjarane i fjelldalar i Alpane). Med hjelp av dyktige norske biletkunstnarar oppdaga det utanlandske borgarskap og aristokrati Noreg, eit land med ein folkesetnad som passa som hand i hanske til tidsalderen si førestilling om kva som var ei beundringsverdig og nasjonal eigenart.
Noreg var unikt fordi den industrielle revolusjonen berre hadde øydelagt naturen sporadisk.
Faarlund knyt vidare, litt forsiktig, den norske friluftstradisjonen til norsk nasjonsbygging og legg vekt på at Noreg var det einaste landet i Europa som opplevde sjølvstende utan å krige.
Nasjonalisme, eit ofte negativt lada omgrep, jamfør. Faarlund stod det i Noreg fram som eit tankemønster der den frie naturen fekk rolla som kulturen sin heim, jamfør namnet Jotunheim.
Namnet som direkte oversett tyder heimen til kjempane og vart først skrive av språkpionéren og diktaren Aasmund Olavsson Vinje. Den vesle delen av norske byfolk mangla dette «edle preget» til ein ekte nordmann, men dei viste råd. Byfolket drog til fjells og kunne på denne måten vise at dei også høyrde til det nasjonale fellesskapet.38
3.3 Ei særeigen norsk vandreturisme
Den Norske Turistforening vart stifta i 1868, og samstundes vert liknande foreiningar stifta i Austerrike, Sveits og Italia. Dette er land med liknande topografi som Noreg. I Skandinavia vart Svenska Turistföreningen skipa i 1885 og Finlands Turistforbund i 1887. Den aller største turistforeininga var britiske The Alpine Club, som vart stifta i England i 1857. Det var altså ikkje noko særnorsk å organisere friluftslivet, ei heller skandinavisk, men heller ein tendens som famna heile Europa. Trenden kom frå det britiske aristokratiet og vart raskt teke opp av borgarskapet i andre europeiske land, også i Noreg. Dei som gjekk i bresjen for å organisere fjellturismen i Noreg var velsituerte og velutdanna folk.
Namnet “turistforening” kan indikere at målet var å legge mest til rette for dei som kom utanfrå, og då med eit framtids og næringsperspektiv. Noreg hadde trass alt gått frå å vere ein utkant frå og med midten av 1800-talet til å verte eit turistmål
for reisande. Briten Thomas Bennett etablerte reisebyrå i Noreg i 1850 for å leggje til rette for turar og overnattingar til dei som kom for å besøke Noreg. Bennett klaga til den norske
38 (Faarlund, 2015, s. 15)
telegrafdirektøren Thomas Heftye over kor vanskeleg det var å ta seg fram
for ukjende i dei norske dalføra. Dette var medverkande til at Heftye tok initiativet til å etablere Den Norske Turistforening i 1868.39
I programmet til DNT anno 1868 står det at det skulle verte ”let og billig” for ”at rigtig mange kan komme og se”. Det viser ei folkeleg framferd og ein demokratisk intensjon som skil Den Norske Turistforening frå ei meir sosial ekskludering, som dei alpine klatreklubbane andre stadar i Europa stod for. Inspirasjonen kom frå det engelske aristokratiet, men med Thomas Heftey sin visjon vart Den Norske Turistforening demokratisert til å bli ei særeigen norsk vandreturisme.40 I Ferdaminne referera Aasmund Olavsson Vinje til Den Norske
Turistforening som ferdalaget og utdraget under viser til ein demokratisk-nasjonal funksjon.
«Det ville for det meste være uplyste og ikke altfor rike Menn, som slikt fara ikring.» Og
«ferdalaget», som Vinje kalla det, ville gjere mykje for å føre «by- og landsfolk saman paa den rette Maaten og støypa os Alle i hop til eit folk».41 Å «fara i kring» skulle altså ha ein samlande funksjon for landet. Det er når ein reiser rundt ein vert kjend med andre distrikt og folk. Både programmet til DNT og Ferdaminne til Vinje legg vekt på å inkludere og samle folket i heile landet, noko som må bety det eksisterte store skilnadar mellom bygd og by som dei ville bidra til å endre med fjellturismen.
Kven var det så turistforeiningane ville legge til rette for? I starten var det å legge til rette for
«riktig mange» truleg eit tøyeleg omgrep. Til dømes, var 30 av medlemmane til DNT i 1875 frå Romsdal amt. Av dei 30 var der berre ei kvinne og det var ei dame frå handelseliten i Kristiansund, fru Johanne Lossius. Majoriteten av medlemmane frå Romsdal amt var truleg kjøpmenn og akademikarar frå byane. Kvantitative funn fortel oss at 16 var frå Kristiansund, 13 frå Ålesund og 8 frå Molde medlemar i 1887.42 I DNT sine årbøker stod det alltid ei liste over innbydde og livsvarige medlemmar. Eit slik eksempel ser vi i bilete under frå DNT si årbok i 1931. Her finn vi Konge, Kronprinsesse, direktørar, tannlegar og ingeniørar, men vi finn også to gardbrukarar. Disse to var bønder i områder der fjellføring var mykje utbreidd og dei bidrog truleg med tenestar for fjellturistane. Turisme hadde jo faktisk vore vanleg i desse områda i godt og vel 80 år.
39 (Høidal, 2018, s. 21)
40 (Slagstad, Da fjellet ble dannet, 2018, s. 119)
41 (Slagstad, (Sporten) En idèhistorisk studie, 2015, s. 84)
42 (Husby, 1988, s. 9)
Det som bidrog til å skilje medlemmane frå ikkje-medlemmane var evna deira til å betale årskontingent. I mellomkrigstida låg årskontingenten til Den Norske Turistforening på 10 kr i året. Sjølv om det skulle vere «lett og billig» fører denne summen unekteleg til ei
ekskludering av menneske frå visse delar av samfunnet. Til samanlikning hadde Ålesund- Sunnmøre Turistforening ein årskontingent på 2 kr i den same perioden som DNT tok 10 kroner året for medlemskap. Det må også nemnast at årskontingenten for medlemmar i Kristiansund og Nordmøre Turistforening var 4 kroner. Heile to kroner meir enn ÅST. 1 krone var på denne tida timeløna til ein godt betalt fabrikkarbeidar.43 Dette kan indikere at ÅST famna ut til breiare samfunnslag enn kva Den Norske Turistforening og Kristiansund og Nordmøres Turistforening gjorde. Vi skal sjå nærare på Sunnmøre og samfunnet for å sjå om dette stemmer.
3.4 Turisme på Sunnmøre
20 år etter Den Norske Turistforening vart skipa følgde dei regionale turistorganisasjonane på Nord-Vestlandet etter. I Romsdals amt vart dei ulike foreiningane i fogderia stifta samtidig:
Kristiansund og Nordmøre Turistforening (stifta 25. Mars 1888), Ålesund-Sunnmøre Turistforening (26. April 1889) og Molde og Romsdal Turistforening (14. Juni 1889).
Turistforeiningane var tydeleg retta mot næring, til dømes i Kristiansund der foreininga sitt opphav var i Kristiansunds Klubselskab, som var møtestad for dei leiande i byens næringsliv.
Det er interessant å merke seg at den einaste frå Møre og Romsdal som var medlem i Den
43 (Det Statistiske Centralbyrå, 1933, s. 15)
Norske Turistforening frå stiftingsåret i 1868, var Nicolay H. Knudtzon. Knudtzon dreiv i Kristiansund den største klippfiskbedrifta i Noreg og var ein av Noreg sine rikaste menn.44 For Kristiansund og Nordmøres Turistforening kom den næringspolitiske bakgrunnen klårt fram i innbydinga til stiftingsmøtet for turistforeininga. Det vart slege fast at dei mest besøkte bygdene kunne tene ”betydelige summer” på reiselivet. Vidare stod det med reine ord at motivet bak stiftinga var å ”bidrage til distriktets opkomst i økonomisk henseende”.
Samansettinga av styret hadde ein klar bydominans. I dei vedtekne lovene stod det at styret skulle ha sju medlemmar, og to av dei skulle vere frå distriktet.45 Dette næringsfokuset var ikkje unikt for denne turistforeininga då den var skoren over den same lesten som mange andre turistforeiningar på same tid, i bakgrunn og målsetjing, i aktivitet og rekruttering.
Overklassepreget var like typisk for Ålesund-Sunnmøre Turistforening, men her bestod styret av like mange representantar frå bygdesentera som frå byen. Her skil Ålesund og Sunnmøre seg frå andre turistforeiningar. Styret til Ålesund- Sunnmøre Turistforening bestod av åtte medlemmar under skipinga, fire frå byen og
fire frå distrikta. Frå Ålesund: sakførar Anton J. Rønneberg, leiar kjøpmann Søren Haugland, nestleiar sakførar S.K. Gjessing, styremedlem konsul Fredrik
Hanssen. Frå distriktet: kjøpmann P. Th. Søholt frå Ørskog, lensmann Møller frå Valldal, hotelleigar J. Tryggestad frå Synnylven og lensmann
Riise frå Hjørundfjorden. I tillegg til lege Einar Randers (bror til lyrikar Kristofer Randers) og agent A.Scheldrup som stod som kasserar og varamedlem. Nøkkelrollene i styret vart
likevel tildelt ålesundarar og då truleg ikkje fordi dei var meir eigna enn dei frå distriktet, men på bakgrunn av at det var meir praktisk, reint logistisk sett. Samstundes kan vi ikkje hevde at styremedlemmane representerte tverrsnittet av befolkninga på Sunnmøre.46
Dei første turistane som kom til Sunnmøre vart møtt
med dårlege vegar og manglande overnattingsplassar, men dei kunne også møte skepsis frå lokalsamfunnet. Arbeidsmoralen på Sunnmøre var kjend for å vere høg, og med arbeidsoppgåver som var knytt til dei tradisjonelle gjeremåla i landbruk og fiskeri. Det kom velkledde og velfødde menneske med tilsynelatande god tid til å sjå seg rundt
eller klivre på fjell, og dette vart sett på som unyttig og farleg. Då oppsitjarane på Nysætra, i
44 (Williamsen O. , 2000)
45 (Husby, 1988, s. 14)
46 (Høidal, 2018, s. 22)
grenseområdet mellom Sykkylven og Ørskog, i 1891 søkte heradsstyret i Sykkylven om løyver til vegen mellom Ramstaddalen og Velledalen, vart det avslag. At
dei folkevalde var skeptiske for konsekvensane ei auka turisttrafikk ville føre med seg er tydeleg i dette utdraget: “I Søkelven vilde blive saa mange reisende om søndagn, at kirkens hellighet vilde forstyrres. Drikketrafiken ligesom i Hjørundfjor vilde tiltage. Søkelvingene vil de ikke få ungdomene til at arbeide»47
Pioneren Wiliam Cecil Slingsby skriv i Norway – The northern playground om då han og Emanuel Mohn besøkte Sunnmøre i 1876 og då vart møtte med skepsis overalt. Han skriv i sine reiseskildringar at det var ikkje det at lokalsamfunnet ikkje var gjestfrie, men problemet oppstod når dei ikkje greidde å forsvare at dei ikkje hadde anna ærend enn å reise for moro skuld. Den slags aktivitetar såg sunnmøringane på som provoserande og nærmast syndig, då dei meinte at fjella var stygge.48 Desse haldningane endra seg gradvis på slutten av 1800-talet, ettersom folk såg at det var mogleg å tene pengar på turiststraumen.
Vidare skriv Slingsby at det vakraste og mest interessante fjellområda fins på Sunnmøre og at kvart knutepunkt for kommunikasjon i desse områda hadde ein vegstasjon der dei hadde plikt til å føre skyssbok. I desse bøkene skulle dei reisande føre inn namna sine, skyssmiddel og destinasjon. Kvifor dei reisande vart sett på med slik skepsis kan skyssboka på Indre Standal forklare. Her var det registrert fem namn mellom 1853 og 1876. Berre fem reisande på 24 år er svært lite og seier mykje om kor uvanleg turisme var i den perioden på Sunnmøre.
Som vi ser var ikkje friluftslivet det som prega den første fasa i turistforeininga sitt arbeid.
Det var ikkje mykje fokus på å arrangere turar og utflukter for medlemane. Målsetningar var å gi informasjon og fysiske utbetringar som vart støtta gjennom pengebidrag. Dei første åra var foreininga si verksemd prega av å legge til rette for turisme rundt i distriktet på Sunnmøre, ved å utbetre vegnettet, auke rutetilboda for dampskipa, varde opp ruter i terrenget og sikre overnatting for dei reisande.49
Nokon av dei første oppgåvene turistforeiningane tok på seg var å lage kart og reisehandbøker for turistane. Den Norske Turistforening gav ut reisehandbok for Noreg straks etter foreininga var etablert. Ålesund-Sunnmøre Turistforening var ikkje ringare og tok, etter skipinga i 1889, fatt på oppgåva og å få laga ei reisebok for regionen. ÅST gav oppgåva til lyrikaren Kristofer
47 (Høidal, 2018, s. 32) henta frå Sunnmørsposten
48 (Slingsby, 1998, s. 88)
49 (Høidal, 2018, ss. 34-35)
Randers, son av distriktslegen i Ålesund. Han hadde aldri skrive reisehandbøker før, men starta likevel på prosjektet. Allereie 26.juni 1890, ti månadar etter, var «Søndmøre,
reisehaandbog ved Kristofer Randers» ferdig.50 «Randersboka», som den vert kalla, har kome ut i fire nye og moderniserte utgåver, i 1889, 1930, 1962 og 1989. Ålesund-Sunnmøre
Turistforening har heile tida stått som utgjevar og den er framleis i sal, stadig like aktuell.51 Randersboka er ei sjeldan poetisk reisehandbok, noko utdrag som dette vitnar om: «Sunnmøre er et Norland som er flyttet mot syd, og en Jotunheim som svømmer på bølgene».52
Kanskje var det nettopp difor den vart, og framleis er, så populær, at den representerte noko anna? Samstundes var ikkje stilen ukjend, for boka speglar den lyriske måten å omtale
naturen på. Svært typisk for samtida, men kanskje ikkje så typisk for reiseruteskildringar som vanlegvis hadde ein meir systematisk deskriptiv stil. Tredje revidering av Randersboka vart gjort i 1930, og bar tydeleg preg av å famne ein breiare del av samfunnet enn tidlegare. I utdraget under kjem det klårt fram kven boka skal rette seg mot.
Rundt om på kontorene, på lagere, i butikker på gård og sæter fra fylkesgrensen til havgaren i vest finns dem på hvem boken først er myntet. Det er dig- og mig, skolelæreren
og eleven, fjordfolk som fjellfolk, byfolk og øyfolk, alle de som er glad i Sunnmøre….53
Dei første statlege DNT-midlane som Ålesund og Sunnmøre tok i mot vart nytta til anlegg av sti opp og til eit utkikksplatå ved Muldalsfossen i Norddal kommune. Dette var eit tydeleg turistretta bidrag frå DNT, og som gjorde det lettare å kome seg opp for å sjå denne vakre fossen som i Sunnmørsposten nokre tiår seinare omtalte som «Sunnmøres mest storslagne vannfall».54 Noregs fossar var på eit ynda turistmål på denne tida og mange fossar fekk ein utbetra tilkomst. Den Norske Turistforening hadde fleire år med erfaring i å legge til rette for turisme og meinte at den spektakulære Muldalsfossen ville
verte ein av dei store turistmagnetane på Sunnmøre. ÅST fekk 400 kroner for å utbetre vegen og det lokale bygdefolket i Tafjordområdet tok på seg jobben. Bygdefolket teikna
100 arbeidsdagar for arbeidet. Dette er første spor vi finn av samarbeid mellom bygd og by for Turistforeininga sine prosjekt. Arbeidet i Muldalen markerte starten på ÅST sine spor i
50 (Randers, 1962)
51 (Vollan, 1993, s. 70)
52 (Randers, 1962, s. 1)
53 Aalesund avis 17.7.1930
54 Sunnmørsposten, 3.6.1924