• No results found

Myr i Noreg

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Myr i Noreg"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

VOL. 2 – NR. 1 – JANUAR 2016

Myr i Noreg

Yngve Rekdal, Michael Angeloff og Anders Bryn

Myr er ein viktig naturtype med eit særeige artsmangfald. Myrene er viktige for

­flomregulering,­og­dei­utgjer­eit­stort­karbonlager.­I­Noreg­er­myrarealet­28­300­km²­

og­utgjer­9­%­av­landarealet.­Dette­viser­tal­frå­prosjektet­«Arealrekneskap­for­ut- mark»­som­no­er­presentert­for­heile­landet.­I­tillegg­til­myr­kjem­9­400­­km²­anna­

forsumpa­areal­i­form­av­sumpskog,­som­er­3­%­av­landarealet.­Samla­forsumpa­areal­

utgjer­da­12­%.­

Metode

Materialet er samla inn i samband med etablering av eit nasjonalt arealrekneskap for utmark. Eit nett av 1 080 utvalsflater som kvar er 0,9 km2, er lagt ut med 18 kilo­

meter mellom kvar flate. Flatene er vegeta­

sjons kartlagt etter instruks for vegeta sjons­

kartlegging på over sikts nivå. Dette gjev data for heile landet, men også på fylkesnivå for dei fleste fylka.

Myr er i denne undersøkinga definert som areal dominert av myrplanter i overflata, og har torv i underliggande substrat. Det er ikkje stilt krav til torvdjup, men som regel er det djupare enn 30 cm. Myrene er igjen delt inn i fire kategoriar etter danningsmåte, næringsgrad og bereevna til myrflata.

Resutat

Samla myrareal er 28 300 km2 som utgjer 9 % av landarealet. Dei nye tala viser at det er mykje meir myr i Noreg enn det som kjem fram frå den topografiske kartserien N50. Det er stor variasjon mellom fylka.

Trøndelagsfylka er myr fylka, 18 % av Sør ­ Trøndelag er myr og 17 % av Nord­Trønde­

lag. Sjølv om nedbøren er høg, så fører topografien til at er lite myr i Vest lands­

fylka. Hordaland har minst med 3 %. Minst myr er det likevel i dei fire Oslofjordfylka der denne naturtypen samla utgjer berre kring 1 % av arealet. I Nord­Noreg utgjer myr 12 % av arealet i Finnmark, og 5 % i både Troms og Nordland

Vegetasjonstype Under skoggrensa Over skoggrensa Totalt

km2 % km2 % km2 %

Rismyr 6 004 3,2 1 643 1,2 7 646 2,4

Bjønnskjeggmyr 1 808 1,0 562 0,4 2 370 0,7

Grasmyr 10 792 5,8 6 692 4,9 17 485 5,4

Blautmyr 695 0,4 123 0,1 818 0,2

Sum 19 99 10,4 9 00 6,6 8 319 8,7

(2)

2

NIBIO POP VOL. 2 NR. 1 Fotografier: Yngve Rekdal Fagredaktør: Hildegunn Norheim Ansvarlig redaktør: Nils Vagstad

nibio.no

ISBN 978-82-17-01574-1

ISSN 2464-1170 NIBIO POP

2(1) MYR I NOREG

Rismyr, også kalla nedbørsmyr, utgjer 27 % av myrarealet. Denne myrtypen har arts­

fattig og nøysam vegetasjon som klarar seg med den næringa som blir tilført med nedbøren. Dei typiske rismyrene finst i flatt eller svakt skrånande terreng. Meir eller mindre tuve danning er vanleg og dei er ofte djupe, men over skoggrensa vil ikkje torv­

laget bli så tjukt. Vege tasjonen er artsfattig og dominert av nøysame artar som røsslyng, krekling, blokke bær, kvitlyng, molte, bjønn­

skjegg, torvull og dvergbjørk. Botnsjiktet består av ei tett matte av torvmosar som gjer miljøet surt for andre artar, og gjev sein nedbryting av plante materialet.

Bjønnskjeggmyr­utgjer 8 % av myrarealet.

Dette er artsfattig og næringsfattig myr oftast totalt dominert av bjønnskjegg, men torvull og sveltstorr kan også vera dominer­

ande artar. I botnen finst torvmosar. Desse myrene har ikkje tuvedanning og er oftast flate med ei meir eller mindre fast myrmatte.

Grasmyr utgjer 62 % av myrarealet. Her har plantene kontakt med jordvatnet og storr­

og grasartar dominerer. Utforminga av vegeta sjonsdekket vil vera påverka av kor høgt vatnet står, kor fort vatnet strøymer og mengd av næringssalt oppløyst i vatnet.

Gras myrene har vidt spenn i næringsgradient og artsutval, og blir dominert av lite til moderat næringskrevande artar. På kalkrik berggrunn kan desse myrene bli veldig artsrike. Botnsjiktet er dominert av torv­

mosar i fattige utformingar og brunmosar i rikmyrer.

Blautmyr utgjer 3 % av myrarealet. Dette er djup myr med dårleg bereevne. Artsutvalet er avgrensa til nokre få halvgras og urter, ofte med ei tett matte av torvmosar. Åpne parti med dy og vasspyttar er vanleg, og dei har oftast stor torvdjupne.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Svært ofte vert likevel problemjord sett i saman- heng med tett myrjord, flat myrjord, svært blaut og djup myr, myr på ujamn botn, myr på svært steinrik undergrunn

Kvelstoff- innholdet var 4-5 ganger så stort (fig. Den tilførte torven var meget kalk- og kvelstoffrik, mens inn- holdet av tilgjengelig fosfor og kali var

Foruten fra Innbydernasjonen, Eli.re eller SØ·r-Irland (Den irske repu- blikk), var det innsendt rapporter fra Nord-Irland, England, Frankrike, Holland,

Etter myrenes utforming (fysiogno- mi) skiller vi mellom fire ulike typer av de ombrogene myrene. 1) Hvelvet, konsentrisk myrkompleks (høymoser). Myra har konveks

På lite molda lettare myr (mosemyr) høver havren vel så bra. han set mindre krav til jorda og kulturstoda. På godt molda myr i god hevd må ein vera sers

Det er derfor særdeles spennende for oss i Det norske jord- og myrselskap og de mange jordbrukere som dyrker myrjord, om myrforskningen får en tilfredsstillende plass i

Av denne grund kan vi opnaa likesaa sterk grundvandssænkning paa et felt med godt planlagte, nogenlunde dype grænsegrøfter og no- get større avstand

H 3: Lite omdannet eller meget svakt dyholdig torv som ved pressing i hånden avgir tydelig grumset vann, men ingen torvsubstans pas- serer mellom fingrene.. Pressingsresten