Naturtypar i Modalen
Kartlegging og verdisetting av
Modalen kommune og Fylkesmannen i Hordaland
2004
Kartlegging og verdisetting av
Naturtypar i Modalen
Modalen kommune og Fylkesmannen i Hordaland
2004
MVA-rapport 4/2004
Foto på framsida, ovanfrå (foto Bjørn Moe):
1) Mofjorden, 2) Granskog ved Otterstadstølen, 3) Barlind ved Flotaneset, 4) Styva alm ved Steinslandsvatnet, 5) Storfrytle
Ansvarlege institusjonar og finansiering
Modalen kommune og Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga Rapport nr:
MVA-rapport 4/2004 Tittel:
Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Modalen ISBN: 82-8060-029-9 ISSN: 0804-6387 Forfattar:
Bjørn Moe Tal sider:
52 Kommunalt prosjektansvarleg:
Kristin Nåmdal
Dato:
15.03.2004 Samandrag:
Eit utval av naturtypar i Modalen kommune er kartlagt og verdisett i samsvar med DN-handbok 13
”Kartlegging av naturtyper. Verdisetting av biologisk mangfold”, utgitt av Direktoratet for naturforvalt- ning i 1999. Denne rapporten presenterer resultata frå dette arbeidet.
I Modalen kommune er det registrert 9 naturtypar av dei 56 som er skildra i DN-handboka. I tillegg er det registrert ein spontan granførekomst, ein naturtype som ikkje er omtala i handboka. Naturtypane er fordelte på 4 av dei 7 hovudtypane. Totalt 23 lokalitetar er kartlagte med totalt 25 naturtypeeiningar (to lokalitetar inneheld meir enn ein naturtype). Skog er den hovunaturtypen med flest registrerte lokalite- tar i Modalen.
I samsvar med DN-handboka er lokalitetane verdisette etter ein tredelt skala: A - svært viktige område (1 lokalitet), B - viktige område (8 lokalitetar) og C - område med lokal verdi (14 lokalitetar). Korleis lokalitetane fordeler seg på dei ulike naturtypane er presentert i tabellform. Rapporten inneheld òg ei liste over lokalitetane, og den geografiske fordelinga er vist på kart. Kvar enkelt lokalitet er gitt ein eigen omtale bak i rapporten.
Det er utarbeidd ei oversikt over alle registrerte karplantar i Modalen (429 taxa), med dei ulike artane sin frekvens på dei ulike hovudnaturtypane. Oversikta er presentert i tabellform bak i rapporten.
Rapporten er i hovudsak basert på eige feltarbeid i 2002 og 2003.
Referanse:
Moe, B. 2004. Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Modalen. – Modalen kommune og Fylkes- mannen i Hordaland, MVA-rapport 4/2004: 1-52.
Emneord:
Biologi, botanikk, flora, naturtypar, raudlisteartar, vegetasjon Modalen kommune
5729 Modalen
Tlf: 56 59 90 00, Fax: 56 59 90 01
www.modalen.kommune.no
Botanisk utredning v/Bjørn Moe Kringlebotn 437
5225 Nesttun Tlf: 55 10 48 44
Fylkesmannen i Hordaland Miljøvernavdelinga
Postboks 7310 5020 Bergen
Tlf: 55 57 22 00 Fax:55 57 22 01
www.fylkesmannen.no/hordaland www.miljostatus.no/hordaland
1. FORORD
I Stortingsmelding 58 (1996-97) ”Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling” vart det sett som mål at alle kommunane i Noreg skulle ha gjennomført kartlegging og verdisetting av det biologiske mangfaldet i kommunen innan 2003. I samband med dette gav Direktoratet for naturforvaltining i 1999 ut ei hand- bok med ei oversikt over viktige naturtypar og ei rettleiing for korleis naturtypane skal kartleggast (DN- handbok 13 - 1999). Eit utval av naturtypar i Modalen kommune er no kartlagt og verdisett i samsvar DN-handboka.
Arbeidet byggjer på feltundersøkingar i 2002 og 2003. Dei viktigaste naturområda er så langt som råd forsøkt dekka, men delar av kommunen er tungt tilgjengeleg, og det har difor vore naudsynt å gjere nokre prioriteringar. Det har først og fremst blitt gjort undersøkingar i dei litt rikare områda, som utgjer ein kontrast til den magre berggrunnen som dekker store delar av kommunen. Det er brukt ein dag til synfaring med båt, langs strekninga frå Mo og ut til grensa mot Lindås og Vaksdal. På denne turen vart det gjort fleire strandhogg.
Floraen i Modalen er svært godt kjent, takka vere granskingane til Idar Langedal. Dette materialet er godt utnytta, både under feltarbeidet og til etterarbeidet. Langedal nemner enkelte planteregistreringar (funne av Johannes Lid), som ligg så langt som 90 år tilbake i tid. Fleire av desse er kulturmarksplantar som ikkje lenger veks i Modalen.
Den innleiande delen av rapporten omtalar bakgrunnen for prosjektet og er i hovudsak skreven av Olav Overvoll ved fylkesmannen i Hordaland. Han har også gitt hjelp til å lage karta og til redigering av rap- porten.
Modalen, Vaksdal og Osterøy kommunar har samarbeidd om kartlegginga, og underteikna har utført arbeidet i alle dei tre kommunane.
Mars 2004 Bjørn Moe
2. INNHALD
1. FORORD ... 5
2. INNHALD... 7
3. INNLEIING... 9
KVA ER BIOLOGISK MANGFALD? ...9
BAKGRUNNEN FOR KARTLEGGING AV BIOLOGISK MANGFALD...9
KVIFOR TA VARE PÅ BIOLOGISK MANGFALD? ...9
4. FRAMSTILLING OG BRUK AV KART OVER BIOLOGISK MANGFALD ... 11
KVA SKAL KARTLEGGAST? ...11
KARTFRAMSTILLING...11
BRUKARAR...11
OPPDATERING OG REVISJON...11
5. NATURGRUNNLAGET I MODALEN... 12
GEOLOGI OG LANDFORMER...12
KLIMA OG VEGETASJONSSEKSJON...12
6. NATURTYPAR ... 14
GENERELT...14
NATURTYPAR I MODALEN...14
Myr (A) ...15
Rasmark, berg og kantkratt (B)...15
Fjell (C) ...16
Kulturlandskap (D) ...17
Ferskvatn/våtmark (E)...17
Skog (F) ...18
Havstrand/kyst (G) ...20
Andre viktige naturtypar ...20
7. RAUDLISTEARTAR... 21
GENERELT...21
RAUDLISTA PLANTEARTAR I MODALEN...21
8. KVA BØR KARTLEGGAST BETRE? ... 22
9. LITTERATUR ... 23
10. KART OG FAKTAARK ... 25
11. FLORALISTE (karplantar) ... 45
3. INNLEIING
KVA ER BIOLOGISK MANGFALD?
Biologisk mangfald er variasjonen av livsformer, livsformene sitt arvestoff og det samspelet desse organismane er ein del av. Ein snakkar altså om variasjon på tre nivå: Økosystem, artar og genar.
Dei ulike artane er avhengige av bestemte øko- system for å kunne eksistere. Eit økosystem kan definerast som ei samling plantar og dyr som lever i eit samspel med kvarandre under gitte fysiske og kjemiske forhold. Naturtypane i denne rapporten er døme på ulike økosystem. Det å sikre eit størst mogleg mangfald av økosystem er den beste måten å sikre artsmangfaldet på, fordi ein på denne måten tek vare på ulike artar sine leveområde. Å ta vare på tilstrekkeleg mange einingar av kvar naturtype er viktig med tanke på genetisk variasjon. Genetisk variasjon er varia- sjonen i arveeigenskapar innan ein art. Genetisk variasjon sikrar dei ulike organismane si tilpas- singsevne til endra miljøforhold og er viktig for artane si evne til å overleve på lang sikt.
BAKGRUNNEN FOR KARTLEGGING AV BIOLOGISK
MANGFALD
I 1993 underteikna Noreg Riokonvensjonen.
Dette er ein internasjonal avtale som forpliktar alle land å kjenne til og ivareta det biologiske mangfaldet innan landet sine grenser. Bakgrun- nen for ein slik internasjonal avtale er at areala av ulike naturtypar, som ei følgje av ulike former for menneskeleg aktivitet, blir redusert i raskt tempo. På grunn av reduserte leveområde har bestandane av fleire plante- og dyreartar gått kraftig tilbake, og mange artar er truga av utryd- ding dersom dei negative faktorane held fram.
Ved sidan av introduksjon av framande artar, blir øydelegging av leveområde rekna som det størs- te trugsmålet mot det biologiske mangfaldet glo- balt i dag.
Sjølv om vi i Noreg har mykje natur, blir også våre naturområde i aukande grad utsette for inngrep av ulike slag. Dette gjeld i særleg grad produktive område under skoggrensa, og det er her ein finn den største variasjonen når det gjeld biologisk mangfald. Utbygging av bustadhus, fritidshus, næringsverksemd og infrastruktur utgjer eit stadig større press på desse areala.
I tråd med avtalar gjennom Riokonvensjonen vart det i Stortingsmelding 58 (1996-97) ”Miljøvernpo- litikk for en bærekraftig utvikling” uttrykt ei politisk målsetting om at alle landets kommunar skal ha gjennomført kartlegging og verdiklassifisering av det biologiske mangfaldet på kommunen sitt areal innan år 2003. Som ei oppfølging av dette gav Direktoratet for naturforvaltning i 1999 ut ei
handbok i kartlegging av naturtypar og verdiset- ting av biologisk mangfald (DN-håndbok 13- 1999), for å sikre at kartleggingsarbeidet i størst mogleg grad blir samanliknbart over kommune- grensene.
Lokalt er det kommunane som må innarbeide omsyn til biologisk mangfald i kommuneplanen.
Men kunnskapsgrunnlaget om lokalt biologisk mangfald er ofte svært mangelfullt. For å kunne ta dei naudsynte omsyn til biologisk mangfald lokalt, må lokale naturverdiar kartfestast. Deret- ter må dei på forsvarleg vis bli integrerte i det lokale planarbeidet. Ved ei god oversikt over dei mest verdfulle naturområda i kommunen, lang- siktig planlegging og aktiv bruk av verkemidla i Plan- og bygningslova, kan kommunen redusere konfliktane mellom bruk og vern av areal og styre utviklinga i større grad enn i dag. Karta over vik- tige naturområde vil vere eit viktig bidrag til å kunne utføre ei meir presis og prediktabel areal- forvalting i kommunen.
Data frå kartlegginga vil òg inngå i regional og nasjonal miljøstatistikk og danne grunnlag for handlingsplanar og tiltak på regionalt- og nasjo- nalt nivå.
Ikkje minst er det eit ønskje at kartlegginga skal medverke til å auke interesse og kunnskap om naturen blant kommunen sine innbyggjarar. Det er difor ønskjeleg at rapport og kart blir gjort til- gjengeleg for skular, frivillige organisasjonar og andre naturinteresserte.
KVIFOR TA VARE PÅ BIOLOGISK MANGFALD?
Noreg har ratifisert (underteikna og gitt si tilslut- ning til) fleire internasjonale avtalar som er sette i verk for å sikre det biologiske mangfaldet. Inter- nasjonale avtalar forpliktar også på lokalt plan, fordi det er her mykje av den praktiske forvalt- inga finn stad. Riokonvensjonen (også kalla Bio- diversitetskonvensjonen) frå 1993 er den avtalen som i størst grad har konsekvensar på lokalt plan, fordi den understrekar verdien av lokalt biologisk mangfald. Denne konvensjonen er ei viktig årsak til at den nasjonale forvaltinga øn- skjer å satse på ei landsdekkande, kommunevis kartlegging av biologisk mangfald.
Grunnen til at vern av biologisk mangfald har blitt gjenstand for både internasjonale og nasjonale lovverk og avtalar er mange, men dei fleste er bygde på erkjenninga at vi sjølve er ein del av naturen og er heilt avhengige av naturprodukt for å overleve. Grovt sett kan argumenta delast inn i tre hovudgrupper:
Økonomiske-/materielle argument: Mennesket er ein del av naturen, og det å ta vare på flest mog- lege naturmiljø sikrar vår eigen eksistens og velstand. Mat, medisinar, brensel, byggemateria- le osv. er i utgangspunktet naturprodukt. Sjølv om ikkje alle organismar ser ut til å vere like nyt- tige, representerer dei ein potensiell verdi som kan tenkjast å bli viktig i framtida. Vi har framleis manglande kunnskap om mange sider ved sam- spelet organismane i mellom, noko som gjer det fornuftig å ha ei føre var haldning. Genetisk vari- asjon er viktig fordi det sikrar dei ulike organis- mane si tilpassingsevne til endra miljøforhold.
Menneska har direkte nytte av genetisk variasjon t.d. når det gjeld planteforedling, husdyravl og motarbeiding av sjukdommar.
Kulturelle-/estetiske argument: Aktivitetar som jakt/fangst og sanking har lange tradisjonar, og sjølv om vi ikkje lever like nært naturen i dag, er slike aktivitetar ein viktig trivselsfaktor for mange menneske. Er eit stort mangfald av dyr og plan- tar kan vere ei kjelde til rike naturopplevingar også for dei som nyttar naturen til andre frilufts- aktivitetar.
Etiske argument: Nokon meiner at alle levande organismar har den same retten til liv, uavhengig av om dei synes til nytte eller skade for mennes- ket. Mennesket er den einaste arten som med fullt medvit kan utrydde andre artar, dette gir oss eit særskilt ansvar. Vi har òg eit ansvar i forhold til framtidige generasjonar sine behov for natur- bruk og naturopplevingar.
Figur 1. Sør i Modalen sett utover Romarheimsfjorden. I framgrunnen ligg Mostraumshaugen, med Djupedalen bak. På andre sida av fjorden, til høgre i bildet, ligg Raudhellaren sett sørover mot Lindås. Lengst til høgre ser ein så vidt vegen mot Lindås.
4. FRAMSTILLING OG BRUK AV KART OVER BIOLOGISK MANGFALD
KVA SKAL KARTLEGGAST?
Metoden for kartlegging og verdisetting av biolo- gisk mangfald er nærmare skildra i ulike hand- bøker utgjevne av Direktoratet for naturforvalt- ning. I korte trekk går kartlegginga ut på å plukke ut og kartfeste område som er særleg viktig for det biologiske mangfaldet. Det er eit mål å få god oversikt over følgjande område:
• Viktige naturtypar (DN-handbok 13-1999)
• Viktige område for viltet (DN-handbok 11-1996, revidert internettutgåve 2001)
• Viktige ferskvasslokalitetar (DN-handbok 15-2001, berre internettutgåve)
• Viktige marine område (DN-handbok 19-2001)
• Førekomst av raudlisteartar (DN-rapport 1999-3)
Denne rapporten omhandlar naturtypar og raud- lista planteartar. Modalen kommune har tidlegare gjennomført ei kartlegging av viktige viltområde (Overvoll & Wiers 2004).
KARTFRAMSTILLING
Alle temakart blir digitaliserte med grunnlag i manuskart utarbeidd gjennom kartlegginga. Digi- taliseringa gjer at datasetta lett kan tilpassast digitale kartsystem, og kommunen kan etter øn- skje og behov, relativt enkelt utarbeide eigne kart for dei ulike tema.
Til bruk i arealplanlegginga er det ønskjeleg at kommunen får utarbeidd samlekart over område med høg verdi for biologisk mangfald. Dette går i korte trekk ut på å synleggjere område med stor biologisk verdi ved å slå saman alle opplysningar om biologisk mangfald i kommunen (naturtypar, viltområde, ferskvatn, marine område og raudlis- teartar). Direktoratet for naturforvaltning har gitt
ut ein rettleiar for framstilling av slike kart (DN 2000).
BRUKARAR
Karta over biologisk mangfald er først og fremst meint å vere ein reidskap til bruk i arealplanleg- ginga. Kommunen er difor viktigaste brukar, men også anna offentleg og privat forvalting vil kunne bruke desse datasetta i ulike samanhengar. Det er eit ønskje at den enkelte grunneigar skal ta omsyn til biologisk mangfald på sin grunn. Aktu- elle grunneigarar skal difor informerast og få tilgang til relevante opplysningar. Skular bør få tilgang til rapport og kart til bruk i lokalundervis- ninga. Relevante lag, organisasjonar eller en- keltpersonar vil, gjennom kjennskap til kart og rapport kunne kome med konstruktive innspel til endringar og nye lokalitetar.
OPPDATERING OG REVISJON
Denne kartlegginga av naturtypar er ikkje full- stendig, og ei kartlegging av det biologiske mangfaldet kan heller aldri bli endeleg. Naturen er i stadig endring, både naturleg, ved klimaend- ringar og suksesjon, og ved menneskeleg på- verknad ved endra arealbruk og tekniske inn- grep. Dessutan aukar kunnskapsgrunnlaget om biologisk mangfald stadig. For å fange opp end- ringar og tilføre ny kunnskap, er det viktig at kar- ta blir oppdaterte med jamne mellomrom. Ein hovudrevisjon kvart fjerde år, i samband med revisjon av kommuneplanen, kan vere ei fornuftig framdrift i forhold til oppdatering. Det vil likevel vere ønskjeleg at endringar og nye opplysningar blir oppdaterte fortløpande.
Figur 2. Den vestlegaste, naturlege granskogen i Noreg er freda og ligg ved Otterstadstølen (her sett frå Sørdalen).
5. NATURGRUNNLAGET I MODALEN
GEOLOGI OG LANDFORMER
I Stølsheimen nord i Modalen ligg den nordlegas- te delen av Hordaland. Denne fjellheimen er representativ for storparten av areala i kommu- nen. Utanom hovuddalføret og nokre mindre sidedalar har Modalen mest berre fjellvidder. Så mykje som 70% av arealet ligg over 600 m o.h.
Dei store fjellområda er hovudgrunnen til at 90%
av arealet i Modalen er lite produktiv utmark. Om lag 7% av kommunen er produktiv skog og mind- re enn 1% er dyrka mark.
Desse tala vitnar om eit heller magert natur- grunnlag for både vegetasjonen, skogen og jord- bruket. Hovudårsaka til dette ligg i berggrunns- geologien. Det er det gamle og næringsfattige grunnfjellet som dekker storparten av arealet i kommunen. Dei dominerande bergartane er gneisar og granittar. Dei er harde og inneheld mineral som kvarts, feltspat og mørk glimmer (biotitt). Stadvis finst ein lys og svært hard ber- gart som er nesten heilt dominert av kvarts (Askvik 1990). Dei kvartsrike bergartane er sure og svært fattige på plantenæringsstoff, og difor er det mange stader sparsamt med vegetasjon, særleg i høgfjellet.
Erosjon frå is og vatn har avsett store mengder lausmassar som på mange måtar betyr mykje for naturgrunnlaget i Modalen. På slutten av siste istid bygde breen og smeltevasselvar opp dei store terrassane med sand og grus (gjennom dei store sanduttaka har dette landskapet blitt endra mange stader i nyare tid). Kraftig breerosjon under istida har danna dei bratte dalsidene i Modalen. Dermed var grunnlaget lagt for dei store fjellskreda som har råka dalføret. Det best kjende skredet frå nyare tid er det store raset på Helland i 1953 (Nesje 1990) (Figur 10).
Figur 3. Frå Nottveit sett mot Mostraumen og det mektige Fuglaberget.
Figur 4. Deltaet ved innløpet til Steinslandsvatnet er oppdyr- ka, men det finst òg mindre parti med flaumskog.
Store og mindre skred frå fjellsidene gjennom tusenvis av år har bygd opp dei enorme meng- dene med rasmateriale som ligg i dalsidene i heile Modalen. I desse skredmassane med blok- ker, stein og grus har skogen etablert seg så sant det ikkje er for mye rørsle i massane. Det lokale klimaet og storleiken på massane er av- gjerande for kva treslag som dominerar: Edel- lauvskog med alm, lind, hassel og eik, eller meir nøysame treslag som bjørk, gråor og furu.
KLIMA OG VEGETASJONSSEKSJON
Når det gjeld avstand frå kysten, ligg Modalen i midtre strok av Hordaland. Fordi dalen er såpass trong, har han relativt liten kontakt med dei større vindsystema på Vestlandet, til dømes vestaveret.
Difor kan nattefrosten kome nokså tidleg om hausten. Det er òg temmeleg frostlendt om vå- ren, med ganske mykje snø i dalsidene når ein kjem litt inn i dalen. Dei høge fjella gir stor av- skjerming frå sola, noko som òg fører til sein snøsmelting.
Nedbøren i Modalen er svært høg, og klimaet er oseanisk (kystprega), trass i det relativt kalde vinterklimaet. Middeltal for nedbøren i dei fem vekstmånadene mai-september er 841 mm, og det er eit ganske høgt tal. I same periode ligg temperaturen på 12 °C i gjennomsnitt, medan den varmaste månaden, juli, har 14,7 °C. Dette er ganske låge tal, og vitnar om at vilkåra for ein varmekjær flora ikkje er særleg gode. Men det bratte terrenget kan kompensere for dette, slik at det kan bli ganske varmt i dei tørre urene.
Kongslys og storvaksen lindeskog er gode indi- katorar på eit varmt lokalklima. Likevel, ein direk- te varmekjær flora med søraustlege artar mang- lar så godt som heilt i Modalen (jfr. Fægri & Da- nielsen 1996).
Modalen kommune har ein ganske klar gradient i både klima og vegetasjon frå sørvest mot nord- aust. Hovudtrekka i denne gradienten er at vekstsesongen blir lengre og det blir mindre frost (om våren og hausten) dess lengre ut i fjorden ein kjem. På skogen ser vi at eik er vanleg ved fjorden og inn i dalen omlag til Helland.
Askeskog finst berre i ura ved Nottveit (Figur 3), men asketre skal vere planta og forvilla fleire stader innover i Modalen (Langedal 1985). Vi kan gå ut frå at det er dei kalde vintrane som gjer at det er så lite askeskog i Modalen. Barlind er eit anna tre som berre veks i områda med minst frost. Godt verna under dei bratte, sørvendte berga langs Mofjorden veks det ganske mykje barlind, så mykje at det har blitt oppretta to natur- reservat (Flotaneset og Hestabotnen). Det er ikkje kjent barlind i så store mengder andre sta- der i Nordhordland. Dette varmekrevjande tre- slaget veks òg spreidd utanom reservata, ofte saman med hassel i furuskog.
Andre frostvare artar er knytte til skogen og i urer på nordsida av Mofjorden, slik som orkidéane vårmarihand og breiflangre, samt grasartane skogsvingel og lundgrønaks. Ramslauk skal også vere kjent herfrå (Langedal 1985), men er sjeldan og ikkje funnen under feltarbeidet i 2002- 03. Talet på frostvare kystplantar (jfr. Fægri 1960) er klart størst sørvest i kommunen.
Innover Modalen blir det gradvis færre frostvare artar. Samla sett tilhøyrer Modalen ein klart ose- anisk vegetasjonsseksjon (Moen 1998). Talet på sterkt kystbundne artar er lågare her enn i den sterkt oseaniske seksjonen, samtidig som det finst svakt austlege trekk. Sennegras og krattfiol er døme på austlege artar i Modalen, men samla sett må dei austlege trekka karakteriserast som svake. Floraen er elles dominert av artar med vide tolegrenser i forhold til klimaet, og artar som set små krav til næring i berggrunn og jords- monn.
Om ikkje floraen i Modalen er særleg rik, er den til gjengjeld godt undersøkt. Idar Langedal (1905- 92) utarbeidde plantelister som er dekkande for heile kommunen. Ein god del av desse artane veks ikkje i Modalen i dag. Det gjeld i første rek- kje artar som er knytte til det gamle, tradisjonelle jordbrukslandskapet. Mange eittårige artar som har kome til Modalen med korn eller ballast er blitt borte fordi habitata ikkje lenger eksisterar. Ei planteliste er teken med i denne rapporten (ved- legg 1), men dei mange kulturplantane som ein kan rekne med ikkje lenger finst i Modalen, er fjerna frå lista. Nokre artar frå Langedal si liste er merka med stjerne fordi dei ikkje vart funne i 2002-03. Mange av dei veks nok framleis i dalen, medan andre kan være utgått.
Det vart funne følgjande fem artar som ikkje er nemnde av Langedal: Mjølbær, lundgrønaks, skogsvingel, kvitmaure og springfrø (Figur 5).
Figur 5. Springfrø veks i djup, fuktig jord i edellauvskog.
Planten er ikkje registrert i Modalen tidlegare.
6. NATURTYPAR
GENERELT
Direktoratet for naturforvaltning har plukka ut 56 naturtypar på landsbasis som blir rekna som spesielt viktige for biologisk mangfald og som difor skal kartleggast (DN-handbok 13, 1999). 50 av desse naturtypane finst også i Hordaland.
Naturtypane som er valt ut har element av både vegetasjon, zoologi, geologi, kulturpåverknad og landskap og er eit slags felles multiplum for å fange opp alle viktige variasjonar på økosystem- nivå. Kriterie som er brukte ved utveljinga av kva naturtypar som skal kartleggast er:
Førekomst av raudlisteartar, dvs. artar som på ein eller anna måte er trua, ofte ved at habita- tet/leveområdet blir øydelagt.
Kontinuitetsområde, dvs. område som har hatt stabile økologiske forhold over lang tid, t.d. ur- skog/gammalskog og kulturlandskap med gamle, ugjødsla beite- og slåttemarker.
Særlig artsrike område, område som har eit stort artsmangfald på eit avgrensa areal. Omgrepet
”artsrik” er relativt og må sjåast i samband med det potensialet som finst i regionen. Rikmyr og fukteng er døme på naturtypar som ofte er artsri- ke.
Sjeldne naturtypar. Dette gjeld naturtypar som er sjeldne på landsbasis. På kommunenivå er det likevel òg viktig å få registrert naturtypar som er sjeldne lokalt, sjølv om dei kan vere vanlege andre stader. I andre tilfelle kan ein naturtype som er relativt sjeldan på landsbasis vere nokså utbreidd og vanleg lokalt. I slike tilfelle bør ein skilje ut dei viktigaste områda.
Viktig biologisk funksjon. Dette gjeld ofte område som isolert sett kan virke nokså ordinære, men på grunn av plassering i landskapet har ein nøk- kelfunksjon for ein eller fleire artar. Døme på dette er bekkar og kantskog gjennom større, einsarta åkerlandskap som fungerer som refugier og spreiingskorridorar.
Spesielle artar og samfunn. Ein del naturtypar er sterkt prega av spesielle økologiske forhold. Ikkje nødvendigvis artsrike lokalitetar, men området kan innehalde artar som er sterkt spesialiserte.
Døme på slike naturtypar er fossesprøytsoner, brannfelt og kjelder.
Høg biologisk produksjon. Naturtypar med høg biologisk produksjon som følgje av høg tilførsel og omsetjing av organisk materiale. Sjølv om slike område ikkje treng vere spesielt artsrike, har dei ofte høg tettleik av individ. Flaummark- skogar og sumpskog langs vassdrag, som kan ha svært høge tettleikar av sporvefugl, er eit typisk døme på dette.
Sterk tilbakegang. Endra teknologi og arealbruk har ført til at enkelte naturtypar har blitt sjeldnare.
Døme: Beite- og slåttemarker, skogsbeite, elve- delta og gammalskog/urskog.
Alle lokalitetar med ein bestemt naturtype er ikkje alltid like viktige. Verdisettinga kan variere frå lokalitet til lokalitet, sjølv om vi har med den same naturtypen å gjere. Her bruker ein eit sett kriterie som støtte under verdivurderinga.
Kriterie for verdisetting:
• Storleik
• Grad av tekniske inngrep
• Førekomst av raudlisteartar
• Kontinuitetspreg
• Sjeldne utformingar Skala for verdisetting:
A: Svært viktig B: Viktig C: Lokal verdi
NATURTYPAR I MODALEN
I Modalen kommune er det registrert 9 naturtypar av dei 56 som er skildra i DN-handbok 13. I til- legg kjem ein type som ikkje er omtala i handbo- ka (naturleg granførekomst). Naturtypane er fordelte på 4 av dei 7 hovudtypane. Totalt 23 lokalitetar er kartlagte, med totalt 25 naturtype- einingar. Korleis desse fordeler seg på dei ulike naturtypane går fram av Tabell 1. Den geografis- ke fordelinga er vist på Kart 2 og ei liste over lokalitetane er gitt i Tabell 2. Kvar enkelt lokalitet er til slutt gitt ein eigen omtale (s. 33-44).
Tabell 1. Kartlagte naturtypar i Modalen fordelt på naturtype og verdi.
Verdi
Hovudtype (tal lokalitetar) Undertype Kode A B C Total*
Rasmark, berg og kantkratt (1) Sørvendt berg og rasmark B01 1 1
Fjell (1) Kalkrike område i fjellet C01 1 1
Ferskvatn/våtmark (2) Mudderbankar E02 2 2
Skog (21) Rik edellauvskog F01 1 4 5
Gammal edellauvskog F02 1 1 2
Gråor-heggeskog F05 2 1 3
Gammal lauvskog F07 3 4 7
Bekkekløfter F09 1 1 2
Kystfuruskog F12 1 1
Spontan granførekomst H00 1 1
Totalt 1 10 14 25
* Det er kartlagt 23 lokalitetar i Modalen (sjå Tabell 2 og Kart 2 bak i rapporten). To av dei inneheld meir enn ein naturtype, og dette er grunnen til at talet på naturtypeførekomstar er høgare enn talet på lokalitetar.
I det følgjande blir det gitt ein kort omtale av dei ulike hovudnaturtypane og førekomsten av des- se i Modalen. For ei generell og meir detaljert skildring av hovudnaturtypane viser ein til Fremstad (1997) og DN (1999).
Myr (A)
Myr er eit økosystem med høg grunnvasstand som blir danna der klimaet er relativt kjølig og nedbøren høgare enn fordampinga. I store delar av Hordaland er dei klimatiske føresetnadene for å få danna myr gode. Der jorda er metta med vatn blir det mangel på oksygen, og nedbrytinga av dødt organisk materiale stoppar heilt eller delvis opp. Difor skjer det ei opphoping av plan- terestane, og det blir danna ei organisk jord, eller torv. Det finst fleire måtar å klassifisere myr på, m.a. etter korleis dei har blitt danna, hydrologi, utforming og vegetasjonstypar (Fremstad 1997, Moen 1998, DN 1999).
Myrane har både direkte og indirekte verknad på biologisk mangfald. Mange artar er direkte knytt til myr som veksestad eller leveområde, og my- rane har dessutan ein viktig funksjon som vass- magasin og naturlege reinseanlegg.
Den høge nedbøren gir godt grunnlag for å få danna myr i Modalen. Men fordi topografien er såpass oppreven, med bratte fjellsider i dalane og langs fjorden, er myrareala i låglandet svært små. Dei fleste myrane ligg i furuskogområde, i dei relativt flate partia som ligg spreidd i nivået 200-500 m o.h. Myrkråkefot er ein relativt sjeldan myrplante som finst fleire stader frå Fitjabotn og inn til Nygard (Langedal 1985). Stadvis finst det òg parti i skrånande terreng (bakkemyrer) som har innslag av rikmyr, men dei er små og frag- mentariske.
Fordi dei fleste myrane i Modalen er mindre om- råde dominert av fattig vegetasjon på sur torv, er det ikkje funne grunnlag for å ta dei med i natur- typeregistreringane. Myrane i fjellet er ikkje un- dersøkte, men ut frå berggrunnen kan ein rekne med at dei er sure og artsfattige. På lokalitetar med mykje snø og kort veksesesong blir produk- sjonen av plantemateriale liten og dermed vilkåra for myrdanning sterkt redusert.
Rasmark, berg og kantkratt (B)
Denne naturtypen omfattar vegetasjon på grunn- lendt eller ustabil, tørr mark og finst i overgangen mellom skog og opne habitat, på bergknausar, tørre, steinete bakkar og skrentar. Den dekkjer generelt nokså små areal, men kan likevel vere veksestad for interessante og sjeldne artar som er bundne til tørre, opne stader. I Modalen er det registrert rasmark, men det ikkje er funne grunn- lag for å kartlegge berg og kantkratt. Rasmateria- le har blitt danna i heile Modalen ved foten av dei bratte fjellsidene. Dei fleste stadane er massane med stein og blokker dekka av skog, mest lauv- skog. I naturtypen rasmark, derimot, veks det ikkje skog pga. for store rørsler i materiale, anten ved steinsprang eller snøskred. Også Langedal (1985) kommenterer at det er lite av skogsnau skredmark i Modalen.
Rasmarka er bygd opp av materiale som har rast ned frå fjellveggar. Materialet blir som regel sprengt laust ved frostforvitring og består av kanta blokker, steinar og grus som varierer my- kje i knusingsgrad. Det grovaste materialet, dvs.
dei største og tyngste blokkene, får størst fart og blir liggande nedst i rasmarka. Øvst i rasmarka ligg det finaste og lettaste materialet. Denne delen står også i kontakt med den steile berg- veggen ovafor. Det er ofte her vi finn artar som er litt kravstore, slik som småengkall og fleire andre. Dei største rasmarkene i Modalen ligg i
Stølsdalen, der lia, under dei over tusen meter høge fjella, inneheld enorme mengder med stein og blokker.
I rasmarka er det godt med lys og lite konkurran- se mellom artane fordi vegetasjonen er relativt lite samanhengande og utan skog. Rasmarka kan representere naturlege/opphavlege vekse- stader for artar som seinare har etablert seg i menneskeskapte habitat som vegkantar og jord- brukslandskap. Ikkje sjeldan veks det fjellplantar og låglandsplantar side om side i rasmarka, t.d.
fjellmarikåpe, fjellsyre, markjordbær, småengkall og firkantperikum.
Mange rasmarker i Modalen inneheld mest berre grovt materiale. Nedst i raskjegla ved Vaulura, nord for Farestveit, ligg det gigantiske blokker heilt ned til elva, og det er eit svært vanskeleg terreng å gå i. At blokkene er så store kan skul- dast den harde gneisen som blir lite knust på veg ned. Finare lausmassar manglar, og dermed blir det lite grobotn for vegetasjon i rasmarka.
I mange område er vegetasjonen dominert av nøysame bregner som ormetelg, skogburkne og hestespreng. Den nordvendte fjellsida i indre del av Stølsdalen er ei slik fattig rasmark, men det finst fleire tilsvarande andre stader, særleg opp mot fjellet der snøen ligg lenge. Fattige bregne- rasmarker av denne typen er ikkje kartlagte.
Fjell (C)
Naturtypen fjell er definert som område over den klimatiske skoggrensa. Som økosystem er fjellet sårbart, fordi ein her nærmar seg yttergrensa for kor det er mogleg å leve. Sjølv om mange fjell- område tilsynelatande er urørte av inngrep, er
store område likevel påverka når vi reknar med beiting frå husdyr. Regulering av vatn, kraftlinjer og vegar er andre typar av påverknad som er godt synlege i fjella i Modalen.
Langvarig snødekke og kort veksesesong med låge temperaturar, gjer at fjellet kan vere sårbart sjølv for små endringar i klimaet. Dei klimatiske faktorane er svært viktige i fjellet, men ein annan viktig faktor er plantane sin tilgang på næring.
Mange fjellplantar er mineraljordsplantar som krev skifrige bergartar som forvitrar lett. Dette fordi jordsmonnet i fjellet ofte er dårleg utvikla, og fjellplantane må vekse i bergsprekker, rett på steingrunnen. Bergartar som glimmerskifer, fyllitt eller gabbro er difor heilt avgjerande for å få danna ein rik fjellvegetasjon. I biologisk mangfald samanheng er det baserik grunn eller dei kalkri- ke områda som skil seg ut som spesielt interes- sante. Denne eininga er ein samlenaturtype for all kalkrik vegetasjon i fjellet.
Modalen er ein fjellkommune som inneheld store areal med snaufjell, for det meste sure gneisar som det ikkje er aktuelt å kartlegge. Det einaste fjellområde med fyllitt og glimmerskifer ligg mel- lom Skjerjavatnet og Holskardvatnet, heilt aust i kommunen, på grensa mot Vaksdal. I denne sona veks det kravstore artar som raudsildre, snøsildre, flekkmure og fjellsmelle (Figur 6).
Langedal (1990) nemner at det er funne 71 fjell- plantar i Modalen, om lag halvparten av alle fjel lartane som er registrerte i Hordaland. Dei aller fleste er artane i Modalen er vanlege i fjella på Vestlandet og høyrer difor til den trivielle fjellflo- raen. Dei sjeldnaste fjellartane er austlege i Hor- daland og manglar på kystfjella. Også i Modalen veks dei berre i dei austlege fjellområda nord for
Skjerjevatnet. Døme på slike artar er fjellskrinne- blom, snøbakkestjerne, dvergsoleie og kastanje- siv.
Enkelte stader veks det fjellplantar nede i dalane og langs elvar (Langedal 1985). Årsaka er at frø eller plantedelar blir spreidde med vind, flaum eller ras og finn veksetilhøve lenger nede. På ei lita myr i Tverrådalen, nedst i Krossdalen, er det funne enkelte kalkplantar som dvergjamne, gul- sildre og svarttopp i ei bakkemyr ca. 600 m o.h.
Dette viser at det finst soner i den sure gneisen som inneheld basiske mineral, noko som gjer at torva blir meir næringsrik enn det som er vanleg elles i Modalen. Desse små områda har ikkje blitt kartfesta. Som kalkrike område i fjellet er det ikkje funne grunnlag for å kartleggje andre områ- de enn sørvestsida av Askjellfjellet.
Kulturlandskap (D)
Kulturlandskap er landskap påverka av mennes- ket. Dette gjeld eigentleg svært mykje av naturen rundt oss, men i denne samanhengen brukar ein omgrepet kulturlandskap på naturtypar der men- neska har hatt, og har ei avgjerande rolle for utforminga av vegetasjonstypen (seminaturleg vegetasjon) og dermed utvalet av artar. Dette gjeld først og fremst i tilknyting til jordbruksland- skapet, og ikkje t.d. beitemark i fjellet.
Gjennom ulik bruk, både når det gjeld driftsfor- mer og kontinuitet, har det blitt utforma mange ulike leveområde for plantar og dyr i kulturland- skapet. For mange av artane er det truleg dei gode lysforholda som er spesielt viktige. Artane er også tilpassa eit heller magert jordsmonn utan mykje bruk av gjødsling. På slike lokalitetar føre- kjem jordforbetring normalt ikkje utover det som blir naturleg tilført av gjødsel frå husdyr på beite, og marka er heller ikkje pløgd.
Områda som skal kartleggjast er dei med spesi- ell verdi for biologisk mangfald, både ved høg artsrikdom og med spesielt godt tilpassa artar.
Det er generelt funne lite kulturavhengig vegeta- sjon i Modalen. Jordbruket har ikkje særleg stor utbreiing, og gardane ligg helst spreidd. I Moda- len har det, som elles på Vestlandet, blitt gjort ei omlegging av driftsformene i landbruket som har ført til store endringar i kulturlandskapet. Område med utmarksbeite har blitt til skog og kratt fordi dei ikkje lenger er i bruk. Ein omfattande bruk av kunstgjødsel har redusert mangfaldet av plantar i kulturlandskapet, og i Modalen finst det god do- kumentasjon på denne endringa. Artar knytte til det gamle, tradisjonelle jordbruket har blitt svært sjeldne eller heilt borte. Prestekrage er ein god karakterplante på det gamle tradisjonelle kultur- landskapet på Vestlandet. I Modalen har den tidlegare blitt omtala som heller vanleg i eldre eng og natureng (Langedal 1985), og vaks på
alle gardar utanom Nottveit, Almeli, Farestveit og Steinsland. Arten vart ikkje funnen i Modalen i 2002-03, noko som tyder på ei endring i vegeta- sjonen i kulturlandskapet dei siste tiåra.
Det er kjent ei lang rekkje artar i kulturlandskapet som har kome til Modalen med ballast, korn- blandingar osv., og dei vaks i eng i kanten av åkrar. Eit døme er åkermarikåpe som vart funnen for første gong i Noreg på Helland i Modalen.
Arten har ikkje blitt funnen att i nyare tid. Åker- marikåpe vaks på eit engstykke der det var brukt mølleavfall til gjødsling. Lid fann 23 framande artar, dei fleste eittårige, såkalla mølleplantar som for lengst er utgått.
Ein kan konkludere med at kulturlandskapet har fått eit mindre biologisk mangfald i dag enn før.
Innmarka er for intensivt driven og gamle natur- beitemarker i utmarka i låglandet er for mykje attgrodd med skog og kratt. Difor er det ikkje blitt kartlagt område med kulturlandskap i Modalen.
Ferskvatn/våtmark (E)
Naturtypen omfattar område med ope ferskvatn som elvar, bekkar, større og mindre innsjøar og innsjøområde. Mange artar er direkte knytte til vatn og vassdrag. Både i skogsområde og i in- tensivt drivne jordbruksområde kan ferskvasslo- kalitetar vere artsrike habitat og viktige sprei- ingskorridorar. Spesielt bekkar mellom vatna er effektive i så måte. Generelt sett har mange ferskvasslokalitetar i stor grad blitt utsette for ulike inngrep. Viktige trugsmål er m.a. regulering, drenering, attfylling, bekkelukking, bekkeutretting og forureining.
Modalsvassdraget er regulert og har eit forholds- vis bratt fall utan særleg gode tilhøve for vegeta- sjon langs elvar og vatn. Generelt er vatn med sterk straum eit vanskeleg habitat for karplantar.
Utanom Steinslandsvatnet er det ingen vatn i hovuddalen som ikkje er påverka av vassføringa og straumen til Moelva. Den litt austlege planten sennegras er funnen ved inste enden av Steinslandsvatnet og i Stølsdalen (Langedal 1985).
Det er kartlagt to område med mudderbankar i bakevjer i Moelva mellom Farestveit og Øvre- Helland. Her er straumen og erosjonen liten, og det blir akkumulert fint materiale som sand og silt. Kortskotsplantar som sylblad, evjesoleie og brasmegras er karakteristiske. Vassforma av krypsiv er kanskje den mest vanlege, og denne planten er spesielt godt tilpassa svingingar i vassnivået (Figur 7). Vassfloraen i Modalen er svært fattig (Langedal 1990), noko som ikkje berre skuldast sterk straum i elva. Ein må også rekne med at temperaturen i vatnet er låg som følgje av kort avstand til høgfjellet med mykje
smeltevatn. Dei kalde vatna som ligg på høgare nivå er generelt oligotrofe og svært fattige på vassplantar, og er difor ikkje undersøkte.
Figur 7. Krypsiv er spesialisert til å tole store svingingar i vasstanden. Planten veks i store mengder i to bakevjer i Modalselva mellom Farestveit og Øvre-Helland.
Skog (F)
Skog omfattar område der tre er dominerande, men blant naturtypane finst det også tresette område som vert rekna som kulturlandskap (t. d.
hagemark og parklandskap). Nest etter fjell er skog den mest utbreidde naturtypen i Noreg. Om lag 37% av landarealet er skogdekt. Av det totale skogarealet på landsbasis er ca. 55% barskog og 45% lauvskog (berre 1% er edellauvskog).
Det skogdekte arealet stig etterkvart som utmar- ka gror att. Skog finst i svært mange utformingar alt etter klima, jordsmonn og topografi, og dannar dermed mange ulike leveområde. Over halvpar- ten av alle landlevande dyr som er registrerte her i landet, er knytt til skogen. Også mange raudlis- teartar høyrer til dette økosystemet, dei fleste innan artsrike grupper som insekt og sopp.
Modalen har meir eller mindre samanhengande skogdekning i dalen heilt inn til Norddalen og Stølsdalen, der skoggrensa ligg opp mot 700 m o.h. I ytre del av kommunen fell skoggrensa til 500-600 m o.h. Mange stader er skogen broten opp av snautt fjell og bratte stup, men i enkelte parti veks det spreidde tre med furu sjølv på slike stader. Svært mye av skogen i Modalen veks på rasmateriale, og oppover i høgda, der lausmas- sane sluttar mot berg i fjellsida, sluttar også sko- gen (Figur 8).
Utanfor Mo fordeler skogen seg gjerne i to nivå etter terrengformene. Frå Mofjorden og opp til 200-300 m o.h. er terrenget bratt og edellauv- skogen klorar seg fast i sørvendte lier der det ligg rasmateriale. Over desse bratthenga er ter- renget noko slakare, enkelte stader relativt flatt (t.d. over Fuglaberget, Figur 3). I dette høgdeni- vået dominerer furuskogen. Ved Otterstadstølen
turreservat (Figur 2). Sør for dette området ligg det to naturreservat for barlind. Barlind veks ofte saman med hassel og eik i furuskogen, og indi- kerer ein noko rikare furuskog i eit berglendt terreng. Bratte bergveggar i bakkant verkar som varmemagasin og gjer at lokalklimaet blir relativt varmt.
Eik er ganske vanleg i dei sørvendte, bratte liene innover fjorden, men helst i blanding med furu, osp og andre treslag. Reine eikedominerte om- råde er helst små, men ganske vanlege. Eika er mest utbreidd i den sørvestlege delen av kom- munen inn til Helland, noko som klart heng sa- man med at veksesesongen er lengre og vintra- ne mindre kalde enn i indre del av Modalen. Eika trivst bra i Modalen fordi den ikkje er så avhengig av djup og næringsrik jord som t.d. alm og ask.
Den einaste edellauvskogen der ask er ein viktig del av tresjiktet i Modalen, ligg ved Nottveit, like utanfor Mostraumen (Figur 3). I denne bratte ura er sommarklimaet relativt varmt, men den avgje- rande faktoren er truleg at vinterklimaet er mind- re kaldt enn inne i Modalen. Vintertemperaturen skal vere tydeleg høgare utanfor Mostraumen enn ved målestasjonen på Farestveit (Langedal 1985). Andre frostvare artar som ikkje har blitt funne innanfor Mo er vårmarihand, ramslauk, jordnøtt, kystgrisøyre, skogsvingel og lundgrøn- aks.
Alm har ei vid utbreiing i Modalen og veks i heile dalen inn til Stølsdsdalen. Treslaget veks i sol- varme lier og urer, og er ein god indikator på eit djupt og næringsrikt jordsmonn. Mange stader veks det grove almestyvar med ein stammedia- meter på over 1 m. Dei vitnar om ei tid då det vart hausta lauv frå utmarka i dei bratte liene.
Vegetasjonen i edellauvskogen i Modalen har karakterartar som ofte er knytt til lokalitetar med alm, slik som myske, storklokke, trollbær og jun- kerbregne. Artar som skogvikke og strutseveng veks både i almeskog og gråorskog (Figur 9).
Figur 8. Frå Sæterelva mot nordaustsida av Steinslandsvat- net. Her i indre del av Modalen er bjørk, gråor og selje dei vanlegaste treslaga. Alm og hassel veks på stader med gunstig lokalklima.
Figur 9. Strutseveng (øvst) og skogvikke er karakteristiske artar på eit relativt næringsrikt og djupt jordsmonn, oftast der det er alm og gråor i tresjiktet.
Men sjølv om alm er vanleg, er han ikkje domine- rande. Almen veks helst i mindre bestand, eller som enkeltståande tre i fattigare skog med gråor og bjørk, eller i rikare skog dominert av lind.
Den varmekrevjande linden veks betre enn al- men på stader med steinete ur og høgt innslag av grov blokkmark. På slike stader kan det blir svært tørt og varmt i periodar om sommaren. Ein
optimal lokalitet er den sørvendte Hellandsura der lind dominerer store delar av edellauvsko- gen. Dei enorme avsetningane med stein og blokker har blitt danna ved skred frå den mektige bergveggen ovanfor (Figur 10). Lindeskogen i Hellandsura er den største i Modalen, og har høg verdi som naturtype. Men her som i dei andre lindeskogane i dalen, er vegetasjonen lite utvikla fordi skogbotnen er dominert av stein og grus.
Gråorskog er svært vanleg i Modalen, og finst både i dalsidene og i dalbotnen langs elva. I liene veks det ofte gråorskog saman med spreidd alm, hassel og lind, men fordi gråor er langt mindre kravstor på klimaet, samanlikna med t.d. alm og lind, klarar han seg også godt i dei nordvendte dalsidene saman med bjørk. I sørvendte lier kan gråora dominere til fordel for t.d. alm fordi jordsmonnet på rasmaterialet ikkje er rikt nok på næring. Som pionér er gråora godt tilpassa å kunne kolonisere parti der det har gått mindre skred i skogen. Det er også grunn til å rekne med at gråorskog har spreidd seg på bei- temark der det før gjekk dyr i utmarka.
Svartor vart ikkje registrert i Modalen i 2002-03, men treslaget skal være funne m.a. i Fitjabotn og på Otterstad (Langedal 1985).
Figur 10. Under Storfjellet ligg den mektige Hellandsura. På dei enorme skredmassane veks den største lindeskogen i Modalen. Steinblokka som losna i 1953 førte til eit gigant- skred som råka garden på Helland.
Figur 11. Gammal bjørkeskog i Krossdalen med både lig- gande og ståande død ved (læger og gadd). Smørtelg er ein svært vanleg bregne i bjørkeskogen i Modalen.
Havstrand/kyst (G)
Havstrand/kyst omfattar naturtypar som er knytte til saltvatn eller saltvasspåverka miljø, og i tillegg nokre habitat under vatn i svært grunne område (grunne straumar, undervasseng, brakkvasspol- lar og brakkvassdelta). Områda mellom land og hav byd på spesielle livsvilkår og inneheld fleire naturtypar og artar som er sjeldne. Eit generelt stort press på strandområda mange stader gjer det viktig å få kartlagt dei viktigaste områda slik at ein i størst mogleg grad kan unngå inngrep her.
Fjellsidene langs Mofjorden har bratte skråningar mot sjøen mange stader, og det ligg svært lite lausmassar i strandsona. Det einaste området som har litt strandvegetasjon ligg i bukta mellom Mostraumen og Mostraumsvika. Vegetasjonen er høgst triviell og ikkje aktuell å kartleggje som naturtype. Pusleblom er ein raudlisteart som har vore funnen av Johannes Lid ved stranda i Mostraumen, men er ikkje blitt funnen att i nyare tid (Langedal 1990). Planten er ørliten og svært sårbar for attgroing.
Det er ikkje grunnlag for å kartleggje strandlokali- tetar i Modalen. Heller ikkje Lundberg (1992) har med havstrandlokalitetar frå kommunen.
Mostraumen er ein grunn straum eller sterk tide- vasstraum, men botnflora og -fauna i straumen er ikkje nærmare undersøkt. Området blir jamn- leg brukt som næringsøksområde av kvinand og siland vinterstid, men i små mengder.
Andre viktige naturtypar
Sør for Nottveit, i Fitjadalen, ligg det ein føre- komst av naturleg, viltveksande gran. Trea er for store og for gamle til at dei kan vere planta eller ha sitt opphav frå ein planta skog. Variasjon i storleik og alder tyder på at det i alle fall er to generasjonar av gran på staden. Denne granfø- rekomsten ligg ikkje langt unna skogen ved Ot- terstadstølen, og det er naturleg at den kan ha sitt opphav frå dette området.
7. RAUDLISTEARTAR
GENERELT
Raudlisteartar har ein sentral plass i kartlegginga av biologisk mangfald. Både som kriterium for verdisetjing av naturtypeområde og som kart- leggingsobjekt.
Ei raudliste er ei oversikt over artar som er sjeld- ne, truga eller i tilbakegang. Mange av desse artane er sterkt spesialiserte artar med avgrensa utbreiing og små leveområde. Andre er areal- krevjande artar som er i tilbakegang grunna fragmentering av leveområda. Mange artar på raudlista er naturleg sjeldne og krev av den grunn spesielle omsyn. Ein del av artane ”nedst”
på lista (DC og DM) er plasserte der mest av
”føre var” grunnar fordi vi har liten kunnskap om dei. Ei raudliste kan òg innehalde artar som er i framgang, men som i nær fortid har hatt sterkt reduserte bestandar.
IUCN (International Union for the Conservation of Nature) gir ut slike lister på verdsbasis, og mange land har no gitt ut nasjonale raudlister.
Den offisielle norske raudlista blir utgitt av Direk- toratet for Naturforvaltning. Dei siste åra har også enkelte Fylkesmenn utgitt fylkesvise (regio- nale) raudlister. Meininga med regionale raudlis- ter er å rette auka fokus på artar som er trua regionalt og lokalt og som kanskje ikkje blir fanga opp i nasjonal samanheng. Nokre artar på den nasjonale raudlista kan vere relativt vanlege regionalt og lokalt. I slike tilfelle har det aktuelle fylket eller den aktuelle kommunen eit særskilt forvaltingsansvar.
Raudlistene må reviderast relativt ofte etterkvart som kunnskapen om artane aukar (situasjonen for enkelte artar kan òg endre seg relativt raskt).
Mange av artane i dei to siste kategoriane i raud- lista, DC og DM, særleg innan gruppene sopp, lav og mosar, er plasserte der fordi vi veit for lite om dei. Nokre av desse vil kanskje bli tekne ut av raudlista når kunnskapen om dei har blitt bet- re. På den andre side kan nye artar kome til som følgje av ny kunnskap.
Denne rapporten byggjer på Nasjonal rødliste for truede arter i Norge 1998 (DN 1999).
RAUDLISTA PLANTEARTAR I MODALEN
Karplantefloraen i Modalen er som nemnt svært godt kjent. Det har likevel ikkje blitt funne meir enn to raudlisteartar; pusleblom og kvitkurle (Langedal 1985, 1990). Status for desse artane i Modalen i dag er svært usikre. Pusleblom er berre funnen av Lid for lang tid tilbake (1914?).
Lokaliteten er stranda ved Mostraumen, men her vart planten ikkje funnen att av Langedal i 1980- 82. Den eittårige pusleblomen er svært utsett for konkurranse, og forsvinn når vegetasjonen blir for tett, t.d. ikkje blir beita. Orkidéen kvitkurle har blitt funnen på Eikhaugen, ein km sørvest for Helland i 1979, men berre eit eksemplar (Lange- dal 1985). Planten vart ikkje funnen her i 2003, og det er svært lite truleg at han veks der i dag.
Kvitkurle veks i gamle, tradisjonelle kulturland- skap, men på Eikehaugen er det for mykje skog i dag. Det er velkjent at kvitkurle har gått sterkt tilbake frå kulturlandskapet (difor står planten på raudlista). Dette betyr at det pr. 2003 ikkje er kjent raudlista karplantar i Modalen.
Heller ikkje blant kryptogamane (sopp, lav og mosar) er det kjent raudlisteartar frå Modalen (jfr.
Norsk lavdatabase, Norsk soppdatabase, Frisvoll
& Blom 1997, Tønsberg m. fl. 1996), men desse artsgruppene er på langt nær så godt undersøkte som karplantane.
KATEGORIAR I DEN NORSKE RAUDLISTA 1998
Utrydda - Ex (Extinct)
Artar som har forsvunne som reproduserande i landet.
Omfattar vanlegvis artar som ikkje har vore påvist dei sis- te 50 åra. ”Ex?” angir artar som har forsvunne for mindre enn 50 år sidan.
Direkte trua - E (Endangered)
Artar som står i fare for forsvinne i nær framtid dersom dei negative faktorane held fram.
Sårbar - V (Vulnerable)
Artar med sterk tilbakegang, som kan gå over i gruppa direkte trua dersom dei negative faktorane held fram.
Sjeldan - R (Rare)
Artar som ikkje er direkte trua eller sårbare, men som like- vel er i ein utsett situasjon, fordi dei er knytt til eit avgren- sa geografisk område eller ein liten bestand med spreidd og sparsam utbreiing.
Omsynskrevjande - DC (Declining, care demanding) Artar som ikkje tilhøyrer føregåande kategoriar, men som grunna tilbakegang krev spesielle omsyn og tiltak.
Bør overvakast - DM (Declining, monitor species) Artar som har gått tilbake, men som ikkje blir rekna som trua. For desse er det grunn til å halde eit auge med bes- tandssituasjonen. Mange av artane i denne kategorien er plasserte her av ”føre var” årsaker, fordi vi veit for lite om førekomst og utbreiing.
Ansvarsart
Denne kategorien er ikkje noko uttrykk for om ein art er truga eller ikkje, men er eit supplement til raudlista. Dette gjeld artar som det aktuelle landet har eit spesielt forvalt- ingsansvar for, fordi ein har store delar av totalbestanden innan sine landegrenser.
8. KVA BØR KARTLEGGAST BETRE?
I denne kartlegginga har det ikkje vore mogleg å rekke over heile kommunen. Ein har difor, natur- leg nok, konsentrert seg om å dekke dei områda av kommunen i låglandet der det er størst sjanse for å finne dei naturtypane som skal kartleggast.
Eit av dei mest interessante skogsområda i kommunen ligg langs vestsida av Mofjorden frå Otterstadstølen og sørover til Flotaneset, ovafor Mostraumen. Her ligg det ein stor, naturleg gran- skog og det veks mykje barlind i furuskogen.
Naturverdiane i desse områda er grunnlaget for dei tre naturreservata som er oppretta her. Fordi delar av området allereie er verna, er denne delen av kommunen ikkje undersøkt i 2002-03.
Furuskogen i dei veglause områda på austsida av fjorden er heller ikkje undersøkte. Det er ikkje utenkeleg at det kan finnast furuskog med preg av gammalskog her, helst på vanskeleg tilgjengelege stader.
Figur 12. Mofjorden mot Mo og hovuddalføret.
9. LITTERATUR
Askvik, H. 1990. Fjellgrunnen i Modalen. S. 1-8 i Farestveit, O. Bygdebok for Modalen Band II. Allmenn bygdesoge. Modalen kommune.
Dahl, E., Elven, R., Moen, A. & Skogen, A. 1986. Vegetasjonsregionkart over Norge 1:1 500 000. – Nasjonalatlas for Norge, kartblad 4.1.1. Statens kartverk, Hønefoss.
Direktoratet for Naturforvaltning 1999a. Nasjonal rødliste for truete arter i Norge 1998. – DN-rapport 1999-3. 162 s.
Direktoratet for Naturforvaltning 1999b. Kartlegging av naturtyper. Verdisetting av biologisk mangfold. – DN-håndbok 13.
Direktoratet for Naturforvaltning 2000. Veileder for kartproduksjon – tema biologisk mangfold. – DN- notat 2000-5.
Fremstad, E. 1997. Vegetasjonstyper i Norge. – NINA Temahefte 12. 279 s.
Fremstad, E. & Moen, A. 2001. Truete vegetasjonstyper i Norge. – Norges teknisk-naturvitenskap. Univ.
Vit.skapsmus. Rapp. bot. serie 2001-4. 231 s.
Frisvoll, A.A. og Blom, H. 1997. Trua mosar i Noreg med Svalbard. Førebels faktaark. – Botanisk notat 1997-3, NTNU. 170 s.
Fægri, K. 1960. Maps of distribution of Norwegian plants. I. The coast plants. Univ. i Bergen. Skr. 26.
Fægri, K. & Danielsen, A. 1996. Maps of distribution of Norwegian vascular plants. Vol III. The south- eastern element. Fagbokforlaget, Bergen.
Langedal, I. 1985. Karplantefloraen i Modalen. – Univ. i Bergen, Botanisk inst. Rapp. 39: s 1-77.
Langedal, I. 1990. Plantelivet i Modalen. S. 22-64 i Farestveit, O. Bygdebok for Modalen Band II. All- menn bygdesoge. Modalen kommune.
Lundberg, A. 1992. Havstrand i Hordaland. Regionale trekk og verneverdiar. – DN-rapp. 1992-2.
Moe, B. 2001. Inventering av verneverdig barskog i Hordaland. – Fylkesmannen i Hordaland, MVA rapp. 2/2001: 1-68.
Moen, A. 1998. Nasjonalatlas for Norge. Vegetasjon. Statens kartverk, Hønefoss. 199 s.
Nesje, A. 1990. Landformene i Modalen. S. 9-16 i Farestveit, O. Bygdebok for Modalen Band II. All- menn bygdesoge. Modalen kommune.
Overvoll, O. & Wiers, T. 2004. Viltet i Modalen. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane.
– Fylkesmannen i Hordaland og Modalen kommune, MVA-rapport 5/2004.
Ragnhildstveit, J. & Helliksen, D. 1997. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Bergen M 1: 250 000. Noregs geologiske undersøkelse.
Sigmond, E.M.O. 1998. Geologisk kart over Norge, Berggrunnsgeologisk kart ODDA, M 1:250 000.
Noregs geologiske undersøkelse.
Tønsberg, T., Gauslaa, Y., Haugan, R., Holien, H. & Timdal, E. 1996. The threatened macrolichens of Norway - 1995. – Sommerfeltia 23: 1-258.
Aarrestad, P.A. 1987. Konsesjonsgjevande botaniske granskingar i samband med planlagde tilleggs- reguleringar i Modalsvassdraget og av Skjerjevatn. – Univ. i Bergen, Botanisk inst. Rapp.
(upubl.).
SENTRALE DOKUMENT I MILJØVERNPOLITIKKEN
Fleire dokument utgjevne av styresmaktene er sentrale i forhold til biologisk mangfald. Gjennom stor- tingsmeldingane gir styresmaktene uttrykk for korleis ein ønskjer å forme politikken på spesielle område i åra framover. Her uttrykkjer ein gjerne politiske målsetjingar og kva verkemiddel ein vil setje i verk får å nå desse.
• St. meld. nr. 13 (1992-93) om FN konferansen om miljø og utvikling i Rio de Janeiro
• St. prp. 56 (1992-93) Om samtykke til ratifisering av konvensjonen om biologisk mangfald
• St. meld. nr. 31 (1992-93) Den regionale planleggingen og arealpolitikken
• Miljøverndep. sitt rundskriv til kommunane (T-937) ”Tenke globalt - handle lokalt”
• St. meld. nr. 58 (1996-97) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling. Dugnad for framtida.
• St. meld. nr. 8 (1999-2000) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand
• St. meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfald. Sektoransvar og samordning
AKTUELLE INTERNETTADRESSER
Modalen kommune www.modalen.kommune.no
Miljøverndepartementet www.odin.dep.no/md Direktoratet for naturforvaltning www.naturforvaltning.no
Fylkesmannen www.fylkesmannen.no Miljøstatus i Noreg og dei enkelte fylka www.miljostatus.no
Naturbasen www.dirnat.no/nbinnsyn Norsk Lavdatabase www.toyen.uio.no/botanisk/lav
Norsk Soppdatabase www.toyen.uio.no/botanisk/bot-mus/sopp/soppdb.htm Norges Sommerfugler www.toyen.uio.no/norlep
Norsk Hekkefuglatlas www.fugleatlas.no
Norsk Ornitologisk forening www.folk.uio.no/csteel/nof
Norsk Ornitologisk Forening, Hordaland www.cyberbirding.uib.no/nof/start.php3 Norsk Soppforening www.nhm.uio.no/botanisk/nsf/
Norsk Zoologisk forening www.zoologi.no
Norsk Botanisk Forening Vestlandsavd. www.uib.no/bot/nbfv
Norsk Botanisk Forening www.alun.uio.no/botanisk/nbf/index.htm Norsk Entomologisk Forening www.entomologi.no
Siste Sjanse www.sistesjanse.no
Kart og faktaark
Tabell 2. Kartlagte naturtypelokalitetar i Modalen.
Namn Naturtype Verdi
1 Djupedalen Bekkekløft (F09) 67,0 B
2 Store Bjørnstøa Rik edellauvskog (F01) 27,5 C
3 Raudhellerlia Gammal lauvskog (F07) 61,9 B
4 Raudhelleråsen Kystfuruskog (F12) 214,0 C
5 Fitjane Spontan granførekomst (H00) 52,8 C
6 Nøttveit Rik edellauvskog (F01) 36,2 B
7 Berget Gammal lauvskog (F07) 23,3 C
8 Svanura Rik edellauvskog (F01) 32,8 C
9 Skjeggevika Rik edellauvskog (F01) 62,0 C
10 Otterstad Gammal edellauvskog (F02) 128,7 B
11 Eikhaugane Rik edellauvskog (F01) 52,3 C
12 Hellandsura Gammal edellauvskog (F02) 234,6 A
13 Vaulura Gammal lauvskog (F07) 153,7 C
14 Vika Mudderbank (E02) 12,2 C
15 Tjørnane Mudderbank (E02) 26,6 C
16 Hovdenberget Gammal lauvskog (F07) 53,8 C
17 Magnejorda Gammal lauvskog (F07), gråor-heggeskog (F05) 243,6 B
18 Sæterelva Bekkekløft (F09) 12,3 C
19 Steinsland Gråor-heggeskog (F05) 64,3 C
20 Landelid Gråor-heggeskog (F05), gammal lauvskog (F07) 330,7 B
21 Stølsdalen Rasmark (B01) 317,6 B
22 Hytteberget Gammal lauvskog (F07) 331,5 C
23 Askjellfjellet Kalkrike område i fjellet (C01) 916,4 B
Areal (da) Lokalitet
Lokalitet 1 Djupedalen
Hovedtype Skog Areal 67 da
Undertype Bekkekløft (F09) Verdi C - lokal verdi
Områdeskildring og grunngjeveng for verdivurdering
Kommunegrensa mellom Modalen og Vaksdal følgjer bekken gjennom Djupedalen. Dalen vender rett nordover og ligg nedskåre som ei djup kløft på sørsida av Romarheimsfjorden. Frå dei steile fjellsidene har det rasa ut stein og blokker som ligg spreidd i kløfta. Fleire av blokkene har store dimensjonar. Det avgrensa nedbørfeltet gjer at vassføringa i bekken er sterkt avhengig av nedbøren. Luftfukta er høg som ei følgje av den nordlege eksponeringa, og i delar av kløfta er det aldri direkte solinnstråling.
Det er eit høgt mangfald av mosar i kløfta, spesielt i bergskårane og på store blokker. Ein karakterart i dette habitatet er prakttvebladmose som veks i store mengder saman med andre oseaniske mosar. Den er spesielt typisk i område med svært høg nedbør.
Vegetasjonen i kløfta er elles rik på bregner, spesielt smørtelg, bjønnkam og strutseveng.
Karakteristiske artar
Prakttvebladmose Scapania ornithopodioides, kysttvebladmose S. gracilis, stripefaldmose Diplophyllum albicans, raudmuslingmose Mylia taylorii, heimose Anastrepta orcadensis, kysttornemose Mnium hornum, Chandonanthus setiformis, grannkrekmose Lepidozia pearsonii, storstylte Bazzania trilobata, pelssåtemose Campylopus atrovirens, gullhårmose Breutelia chrysocoma, heigråmose Racomitrium lanuginosum, kystjamnemose Plagiothecium undulatum, fleinljåmose Dicranodontium denudatum, kystkransmose Rhytidiadelphus loreus,
smørtelg Oreopteris limbosperma, strutseveng Matteuccia struthiopteris, ormetelg Dryopteris filix-mas, bjønnkam Blechnum spicant, skogburkne Athyrium filix-femina, storfrytle Luzula sylvatica, myskegras Milium effusum
Registrert av Bjørn Moe Dato 14.08.2003
Lokalitet 2 Store Bjørnstøa
Hovedtype Skog Areal 27,5 da
Undertype Rik edellauvskog (F01) Verdi C - lokal verdi
Områdeskildring og grunngjeveng for verdivurdering
Store Bjørnstøa ligg nedst i Bjørnstødalen, på vestsida av Romarheimsfjorden, på grensa mellom Modalen og Lindås. På nordsida av dalen er det ein steil bergvegg øvst, som går ut mot fjorden i søraustleg retning. Under denne sør- og søraustvendte bergveggen er det eit gunstig lokalklima og dermed vekstforhold for edellauvtre. Men fordi det er lite lausmassar og mykje grunnlendt jord, er det eika som klarar seg best. Eika veks på hyller i ein topografi med trappetrinnsform. I tillegg inngår spreidd furu, bjørk og hassel. Dimensjonane til eika er små, sjeldan over 30 cm i stammediameter.
Det finst små parti med lågurteikeskog, men ein fattigare type med blåbær og einer er også vanleg.
Karakteristiske artar
Eik Quercus robur, hassel Corylus avellana, furu Pinus sylvestris, einer Juniperus communis, krossved Viburnum opulus, trollhegg Frangula alnus, vivendel Lonicera periclymenum, smyle Deschampsia flexuosa, blåtopp Molinia caerulea, markjordbær Fragaria vesca, blåknapp Succisa pratensis, legeveronika Veronica officinalis, skogfiol Viola riviniana, fagerperikum Hypericum pulchrum, teiebær Rubus saxatilis, einstape Pteridium aquilinum, blåmose Leucobryum glaucum
Registrert av Bjørn Moe Dato 01.10.2002