Postadresse:Postboks 5672, Sluppen, 7485 Trondheim | Telefon:03400/73 58 05 00 | Faks:73 58 05 01 E-post:post@miljodir.no | Internett: www.miljødirektoratet.no | Organisasjonsnummer:999 601 391 Besøksadresser:Brattørkaia 15, 7010 Trondheim | Strømsveien 96, 0663 Oslo|
1
Tilsegn om midlar til straumundersøking i Sørfjorden
Miljødirektoratet gir Fylkesmannen i Hordaland tilsegn på inntil kr 900 000,- kroner til straumningsundersøking i Sørfjorden. Midlane gis som
belastningsfullmakt over post 1441.39 på Statsbudsjettet. Rapportering av forbruk sendast på fastsatt skjema. Fullmakta kan ikkje overføras til 2015.
Avtalenummer er 5013078 og FADnummer er 14411321.
Miljødirektoratet visar til Fylkesmannens søknad av 2. oktober 2013 og sakens ytterlegare dokumenter og dialog.
Bakgrunn
Sørfjorden er eit av de prioriterte områda i arbeidet med forureina sjøbotn jf. St. meld.
nr. 14, 2006-2007. Vassmassene og sedimenta i store deler av Sørfjorden er forureina av
tungmetaller. Forureiningsnivået og utslepp er dei siste tiåra redusert, men er fortsatt høge. Det visast blant anna til ”Tiltaksplan for forurensede sedimenter i Sørfjorden, Fase 2,”, Niva rapport L.NR. 6003-2010 og ”Kvantifisering av tungmetalltilførsler i indre del av Sørfjorden, Hardanger”, Niva rapport L.NR. 6453-2013. Kunnskap om fjordens straumningsforhold er mangelfullt.
Miljødirektoratet (Tidlegare Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif)) har dei siste åra gitt økonomisk støtte til Fylkesmannen i Hordaland til undersøkingar og oppfølging til arbeid med tiltaksplaner for forureina sjøbotn i Sørfjorden.
Søknadens innhald
Fylkesmannen skal lyse ut ei undersøking for å kartleggje straumtilhøva i fjorden ved å måle mønsteret for hovudstraumane i Sørfjorden frå Eitrheimsneset og ut til munningen av fjorden mot Hardangerfjorden. Undersøkinga vil supplere straumsimuleringa som vart gjennomført for Sørfjorden i 2012. Ei straumningsundersøking kan bidra til at det blir endeleg avklart om det skal
gjennomførast nye tiltak for å redusere forureininga i Sørfjorden, og eventuelt kva tiltak som skal gjennomførast. Fylkesmannen har i dialog med fagmiljø laga ei skisse til mogleg oppsett for
undersøkinga med plassering av ADCP (Accoustic Doppler Current Profiler) med tre tversnitt. Ei full undersøking er tidlegare beregna til å koste 1 450 000,- kroner + mva. Fylkesmannen har fått bidrag frå Odda kommune, Boliden Odda og Tizir Titanium & Iron på til saman 380 000 kroner.
Fylkesmannen vil truleg måtte redusere omfanget av undersøkinga noko i høve til eit ideelt oppsett.
Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310
5020 Bergen Oslo, 25.10.2013
Dykkar ref.:
[Dykkar ref.] Vår ref. (bes oppgitt ved svar):
2013/5141 Sakshandsamar:
Kristoffer Glosli Bergland
2 Fylkesmannen vil utforme utlysning for gjennomføring på bakgrunn av kva som er tilgjengeleg frå
Miljødirektoratet av midlar og bidrag frå industri og kommune. Arbeidet vil krevje tett oppfølging frå Fylkesmannen i Hordaland. Fylkesmannen søkar Miljødirektoratet om 900 000,- kroner til å sette ut på anbod ei straumningsundersøking.
Miljødirektoratets vurdering
Miljødirektoratet meiner det er viktig at arbeidet med tiltaksplansarbeidet i Sørfjorden følgjast opp.
Ei grundig kjennskap til straumforhold i fjorden vil være en del av grunnlagsmaterialet for vurdering av kva tiltak som er nødvendige for å få redusert forureininga i fjorden. Ei straumningsundersøking kan bidra til at det blir endeleg avklart om det skal gjennomførast nye tiltak på sjøbotnen i Sørfjorden. Vi finn derfor grunnlag for å tildele 900 000,- kroner til straumningsundersøking i 2014.
Miljødirektoratet vil presisere at rapporten frå undersøkinga må innehalde ei vurdering av kva betyding straumforholda har å seie for spreiing og transport av miljøgifter i Sørfjorden.
Konklusjon
På bakgrunn av tilgjengelig informasjon og opplysningane i søknaden og gir Miljødirektoratet
Fylkesmannen i Hordaland tilsegn på 900 000,- kroner som skal brukast saman med bidraga frå Odda kommune, Boliden Odda og Tizir Titanium & Iron til ei straumundersøking. Avtalenummeret er 5013078 og FADnummer er 14411321. Fylkesmannen i Hordaland følgjer opp prosjektet undervegs og den endelege rapporten som ein del av tiltaksplansarbeidet i Sørfjorden.
Rapportering og utbetaling
Midlane gis som en belastningsfullmakt til Fylkesmannen med avtalenummer 5013078 og FADnr 14411321, og kan ikkje overførast til 2015. Fylkesmannen skal rapportere forbruk til
Miljødirektoratet per 31.08, 31.10 og 31.12.2014 på eiget skjema som returnerast til
anne.grethe.nielsen@Miljødirektoratet.no. Husk å oppgje avtalenummer på skjema. Midlane gis over post 1441.39 på statsbudsjettet og kan ikkje overførast frå år til år. Skjemaet leggast ut på FM- nett før rapporteringsfristen. Tertialvis skal Fylkesmannen rapportere fagleg framdrift for
gjennomføring av prosjektet til saksbehandlar i Miljødirektoratet. Om undersøkinga skulle vise seg vanskelig å gjennomføre, må dette rapporterast til Miljødirektoratet så snart som mogleg.
Miljødirektoratet eller Riksrevisjonen kan om nødvendig føre kontroll med at midlane nyttas ihht vilkåra jf. Bevilgningsreglementet § 10. Midlane gis over post 1441.39 på
statsbudsjettet og kan ikkje overføras til 2015.
Helsing
Miljødirektoratet
Bjørn Bjørnstad Marit Ruge Bjærke
Avdelingsdirektør seksjonsleder
Kopi til:
Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep 0030 OSLO