NTNU Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap Institutt for sosiologi og statsvitenskap
Master oppgåve
Karita Vangestad Moen
Når kommunegrensa vert viska ut frå kartet
Ein kvalitativ studie av innbyggjarar sine opplevingar av identitet og tilhøyrsle knytt til kommunedelinga av Snillfjord kommune
Masteroppgåve i Lektorutdanning i samfunnsfag Veileder: Mariann Villa
Juni 2020
Karita Vangestad Moen
Når kommunegrensa vert viska ut frå kartet
Ein kvalitativ studie av innbyggjarar sine opplevingar av identitet og tilhøyrsle knytt til kommunedelinga av Snillfjord kommune
Masteroppgåve i Lektorutdanning i samfunnsfag Veileder: Mariann Villa
Juni 2020
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap Institutt for sosiologi og statsvitenskap
Samandrag
I juni 2014 gjennomførte Stortinget ei omfattande kommunereform, der målet var å sikre meir robuste kommunar. Tre år etter reforma vart Snillfjord kommune delt i tre, og kvar enkelt del vart slått saman med andre kommunar. Det kom ikkje motførestillingar mot forslaga, og eit samrøysta kommunestyre stilte seg bak forslaget. Med dette som bakgrunn ønsker denne oppgåva å undersøke korleis innbyggjarane si identitet og stadstilhøyrsle vert påverka av endringar i kommunestrukturen.
Denne kvalitative studien er basert på djupneintervju med innbyggjarar som høyrde til gamle Snillfjord kommune. Med utgangspunkt i dette materialet vert det utført ei analyse av korleis innbyggjarane opplevde sjølve delingsprosessen. Det vert også sett nærare på kva tankar som kom då dei fekk vite om delinga, korleis dei ser på dagens situasjon og kva
framtidskonsekvensar dei ser av denne delinga på sikt. Tankar knytt til påverknad av stadens attraktivitet som følge av dei strukturelle endringane vert særleg vektlagd.
Funna i oppgåva tyder på at det er store individuelle skilnader på korleis innbyggjarane har opplevd delinga. Faktorar som informasjonsgiving og grad av medbestemming vert vurdert svært ulikt, og det er ein sterk samanheng mellom korleis ein opplever prosessen og kor nøgd ein er med utfallet av avgjerda. Dei fleste informantane uttrykker ei redsel for framtidige konsekvensar som følge av delinga, der mindre innflytelse, færre funksjonar og tenester, samt mindre attraktivitet er moment som går igjen. Likevel har ikkje tilhøyrsla og identiteten knytt til staden vorte nemneverdig påverka hjå dei fleste.
Abstract
In June 2014, the Parliament of Norway implemented a comprehensive municipal reform, with the aim of securing more robust municipalities. Three years after the reform, the municipality of Snillfjord was divided into three parts, and all parts were then merged with other municipalities. There were no objections against the proposal, and a unanimous municipal council supported the proposal. With this as a background, this task seeks to examine how the identity and place belonging of the inhabitants are influenced by changes in the municipal structure.
This qualitative study is based on in-depth interviews with residents who belonged to the former Snillfjord municipality. Based on this material, an analysis was made of how the inhabitants experienced the process of dividing. It also looks at what initial thoughts that came to mind when they learned about the division, how they assess the current situation and what future consequences they imagine from this division in the long run. Thoughts related to the influence of the place attractiveness as a result of the structural changes are of particular importance.
The findings in this thesis indicate that there are large individual differences in how the inhabitants have experienced the division. Factors such as providing of information and degree of co-determination are considered very different, and there is a strong correlation between how one experiences the process and how satisfied one is with the outcome of the decision. Most informants express a fear of future consequences as a result of the division, where less influence, fewer functions and services, as well as less attractiveness are recurring moments. Nevertheless, neither belonging nor the identity associated with the place was significantly affected by most people.
Forord
Å skrive masteroppgåve i sosiologi har vore ein spennande og engasjerande prosess, men også eit halvår som har vore krevjande, utfordrande og stressande der tida har gått alt for fort.
Heldigvis, med god hjelp på vegen er eg no i mål.
Eg vil først rette ein stor takk til rettleiaren min Mariann Villa for god hjelp gjennom heile prosessen. Takk for konstruktive og ærlige tilbakemeldingar, gode og utfyllande svar og for at det i ny og ne dukka opp gode tips i mailen når eg trengte det som mest.
Ein stor takk også til Ola Andreas Stavne for at han opna dørene for meg inn til dette spennande prosjektet.
Eg vil også nytte meg av anledninga til å takke informantane mine for at dei stilte opp til intervju og delte meiningane og erfaringane sine med meg. Tusen takk også til
kontaktpersonen min i Snillfjord for god hjelp med å finne informantar til prosjektet.
Vidare vil eg også takke Håkon, familie og venner for god hjelp og støtte. Tusen takk til Anette og Håkon for gjennomlesing, nyttige innspel og gode råd!
Fem fantastiske år på lektorutdanninga i samfunnsfag ved NTNU er over noko som både er godt, men også vemodig. Trondheim er ein utmerka studieby, men no går kursen sørover.
Karita Vangestad Moen
Trondheim, Juni 2020
Profesjonsrelevans
Denne oppgåva har sett på innbyggjarane si oppleving av prosessen rundt delinga av gamle Snillfjord kommune. Særleg har det vore av interesse korleis identitet og tilhørsle til staden har utvikla seg med bakgrunn i dette. Studien er prega av mitt eige engasjement og interesse for saker som omhandlar distrikta. Tematikker som identitet og tilhøyrsle, kontinuitet og brot er alle fundamentale bærebjelkar i det ein omtalar som samfunnsfag. Som lektorstudent i samfunnsfag og med sosiologi som hovudprofil er det derfor svært relevant å kunne gjere eit djupdykk i slike overordna tema.
I tillegg til den reint undervisningsmessige biten, er det som lektor også viktig å vite noko om kva mekanismar som gjer seg gjeldande ved slike omfattande deling- og
samanslåingsprosessar. Demokrati og medborgarskap er eitt av dei tre tverrfaglege temaa i Fagfornyinga. Relevansen til denne oppgåva kan dermed sjåast i lys av dette, då samanhengar mellom demokratiets føresetnader, verdiar og spelereglar kjem praktisk til syne i eit slikt arbeid. Ved å få større innsikt i demokratiske prosessar og korleis innbyggjarane har opplevd grad av medbestemming, vil det også kunne overførast kunnskap som kan betre forståinga for samanhengane mellom demokrati og medborgarskap. Dette vil vere viktig for å kunne
stimulere elevar til å bli aktive medborgarar og deltakarar i vidareutviklinga av demokratiet.
Det kan også argumenterast for at endringar i kommunestrukturar også påverkar skular i stor grad. Det kan derfor vera av interesse korleis eg som lærar ser på dette. Sjølv om ikkje skulane blir via stor plass i denne oppgåva, er eg ein representant for denne institusjonen som vil verte prega av slike større politiske endringar. Skulen vert ofte omtala som samlande for befolkninga då den involverer alle på eit tidspunkt i livet. Det er derfor viktig og vera klar over korleis ein opplever slike beslutningar for å kunne jobbe for å skape ein best mogleg skule i kommunar i omstilling.
Innhaldsliste
Samandrag...iii
Abstract...v
Forord...vii
Profesjonsrelevans...viii
Innhaldsliste...ix
Figur- og tabelliste...xi
1. INTRODUKSJON...1
1.1 Innleiing og problemstilling...1
1.2 Oppgåva si oppbygging...2
2. BAKGRUNN...3
2.1 Bakgrunn for kommunereforma...3
2.2 Vedtak om å dele Snillfjord kommune i tre deler...4
3. TEORI OG TIDLEGARE FORSKING...6
3.1 Inndelingslova og forsking på tidlegare kommunereformer...6
3.2 Lokalsamfunn...7
3.3 Stadstilhøyrsle og stadsidentitet...8
3.4 Interaksjon, identifikasjon og institusjonalisering...10
3.5 Stad som «location», «sense of place» og «locale» ...11
3.6 Fellesskap, relasjonar og nettverk...12
3.7 Attraktivitet...14
3.8 Teoretisk oppsummering...16
4. METODE...17
4.1 Val av metode...17
4.2 Utval og rekruttering av informanter...18
4.3 Datainnsamling...20
4.3.1 Intervjuguide og pilotintervju...20
4.3.2 Gjennomføring av intervju...21
4.3.3 Behandling av data...22
4.4 Studiens kvalitet...23
4.5 Etisk vurdering...25
5. ANALYSE...27
5.1 Innbyggjarar sine opplevingar med kommunedelingsprosessen...27
5.1.1 Informasjonsgiving og innbyggjarundersøking: «Fekk vi sagt det vi meinte?...28
5.1.2 Medbestemming: «Vert det vi seier høyrt?» ...30
5.1.3 Opplevinga av tempoet av prosessen: «Fort, men for fort?» ...33
5.2 Opplevingar knytt til før, no og framtid...34
5.2.1 Informantane sine reaksjonar på kommunedelinga: «Fornuft eller kjensler?»...34
5.2.2 Samhald og nettverk: «Saman er vi sterke» ...36
5.2.3 Oppfatning av staden: «Kva er viktig for meg?» ...38
5.2.4 Frykt for framtidige konsekvensar: «Tida vil vise» ...42
5.2.5 Opplevingar av avgjerda: «Kven er nøgd?» ...44
6. AVSLUTNING...46
6.1 Sentrale funn...46
6.2 Vegen vidare...49
LITTERATURLISTE...50
VEDLEGG...53
Vedlegg 1: NSD-godkjenning...53
Vedlegg 2: Informasjonsskriv til informantane...60
Vedlegg 3: Samtykkeerklæring...62
Vedlegg 4: Intervjuguide...63
Figur- og tabelliste
Figurliste
Figur 1: Kart over Snillfjord kommune der dei nye kommunegrensene er
skissert...5
Tabelliste
Tabell 1: Oversikt over namn på informantane nytta i oppgåva og tilhøyrande ny
kommune...19
1.0 INTRODUKSJON
1.1 Innleiing og problemstilling
Eg er sjølv oppvaksen på ein liten tettstad i Sogn og Fjordane. Som dei fleste små kommunar i landet har det også i min heimkommune i lang tid gått føre seg ein diskusjon om samanslåing med nærliggande nabokommunar. Dette har ført til eit sterkt engasjement hos bygdefolket, og det vert ytra sterke meiningar rundt dette. Det har likevel alltid vore ei klar overvekt av dei som ikkje ønsker samanslåing, og det verkar som om det rokkar ved sjølve identitetskjensla til innbyggjarane når saka vert omtala. Etter ei omfattande kommunereform har derimot
samanslåingar vorte realiteten for mange andre kommunar, og mange nye kommunestrukturar har oppstått. Med dette som bakgrunn vaks det fram eit engasjement for å finne ut korleis innbyggjarane i slike kommunar har opplevd desse strukturelle endringane. Gamle Snillfjord kommune har gjennomgått ei endring litt utanom det vanlege. Kommunen vart delt i tre og dei tre delane vart deretter slått saman med eksisterande kommunar. Med denne interessante deling- og samanslåingsprosessen ønska eg derfor å undersøke følgjene av
omstruktureringane. Gjennom denne oppgåva ønsker eg dermed å finne svar på følgjande forskingsspørsmål:
• Kvifor har innbyggjarane så ulik oppfatning om delingsprosessen?
• Korleis opplever innbyggjarane at attraktiviteten til stadene tilknytt den gamle kommunen har blitt påverka av dei strukturelle endringane?
Desse spørsmåla gir dermed grunnlag for ei todeling av analysedelen i oppgåva, då
innbyggjarane si oppleving av korleis sjølve prosessen gjekk føre seg vert undersøkt først, før konsekvensane av delinga blir via meir plass etterpå, hovudsakeleg gjennom synet på stadens attraktivitet. I denne undersøkinga vert det sett nærare på innbyggjarane sine tankar heilt frå dei fekk vite om delinga, korleis dei ser på dagens situasjon og kva framtidskonsekvensar dei ser av dette på sikt. Formålet med oppgåva er også å undersøke korleis identitet og
stadstilhøyrsle vert påverka av kommunedeling, og dette vil ligge som eit bakgrunnsteppe gjennom heile oppgåva. Oppgåva si overordna problemstilling er dermed:
• Korleis vert identitet og stadstilhøyrsle påverka av kommunedeling?
1.2 Oppgåva si oppbyggning
Denne oppgåva er delt inn i 6 kapittel. I dette første kapitlet vert problemstilling og
forskingsspørsmål introdusert, samt bakgrunn for val av tema. I kapittel to vert bakgrunnen for kommunereforma og tilhøyrande deling av gamle Snillfjord kommune presentert, noko som tydeleggjer aktualiteten av problemstillinga. Kapittel tre handlar om relevant
bakgrunnsteori og tidlegare forsking, og fungerer som det teoretiske rammeverket for analysa.
Deretter vil det i kapittel fire visast kva metodisk framgangsmåte som er nytta. Her vises arbeidet med dei kvalitative intervjua gjennom både datainnsamling og etterarbeid med dette, samt etiske vurderingar som ligg til grunn. I kapittel fem blir dei empiriske funna analyserte, der datamaterialet vert diskutert med bakgrunn i teori. I den siste delen, kapittel seks, vert oppgåva runda av med ein konkluderande seksjon som oppsummerer og reflekterer rundt dei viktigsate funna knytt til problemstillinga. Det vert i tillegg lagt fram nokre tankar kring vidare arbeid.
2.0 BAKGRUNN
8.juni 2017 vart det vedteke at Snillfjord kommune skulles delast i tre og at kvar enkelt del skulle slåast saman med andre kommunar. Kommunereforma tredde i kraft 1.januar 2020 og Snillfjord kommune vart dermed historie. «Jeg er litt letta, folket fikk det slik de ville, og vi skal få det til. Nå er det bare å brette opp ermene for å forberede
kommunesammenslåingene.» Dette uttalte ordføraren i Snillfjord, John Lernes, til Adressa etter vedtaket (Opheim, 2016).
2.1 Bakgrunn for kommunereforma
I juni 2014 slutta Stortinget seg til å gjennomføre ei kommunereform. Målet var å skulle gi meir makt og myndigheit til meir robuste kommunar. Kommunereforma er ei reform for å styrka lokaldemokrati, betra tenestetilbod og kunne yta meir rettmessig og effektiv
forvaltning. Ei hensiktsmessig kommuneinndeling er avgjerande for å sikre og vidareutvikle velferdstenester og ei god lokal samfunnsutvikling. Eit sentralt utgangspunkt var å forenkle, fornye og forbetre styringa av og i kommunane (Prop. 95 S Kommunereform, 2015, s. 23).
Kva oppgåver kommunane har ansvar for og kva fridom dei har i oppgåveløysinga, er viktigare for dei lokale sjølvstyra og for demokratiet enn talet på kommunar. Det vert stilt store krav til kommunane både med fleire oppgåver og auka ansvar (Prop. 95 S
Kommunereform, 2015, s. 24).
Regjeringa har følgjande mål for reforma (Prop. 95 S Kommunereform, 2015, s. 29):
- Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane - Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling - Bærekraftige og økonomisk robuste kommunar - Styrka lokaldemokrati
Det kan derfor vera av interesse å sjå på korleis identitet og tilhøyrsle til innbyggjarane blir ivareteke gjennom samanslåingsprosessen. Ei utfordring med reforma kan også vere korleis ein skal balansere mellom det å skape økonomisk robuste kommunar og samtidig ta høgde for innbyggjarane sine ønsker om kommunestruktur. I tillegg er punktet om styrka
lokaldemokrati noko som kan støyta på vanskar dersom innbyggjarar ikkje føler at dei har
moglegheita til å påverke utfallet av dei nye kommunestrukturane. Formåla med kommunereforma vil derfor bli nytta til å belyse oppgåva si problemstilling.
Befolkningsutviklinga er i stor grad prega av ein sentralisering i den forstand at ein stadig større del av befolkninga lever i eller nær større bysenter. Ein konsekvens av ei samanslåing er ofte at dei administrative funksjonane vert sentralisert. Når det gjelder sentralisering av innbyggjarar som følgje av kommunesamanslåingane kan det hevdast at busetnad
sentraliserast gjerne rundt dei nye kommunesentra, men desse funna er presentert med større usikkerheit. Usikre funn kan sjølvsagt vere ein konsekvens av at det har gått kort tid frå vedtaket i 2014 til proposisjonen i 2015. Vidare viser derimot forsking at innbyggjarane i små kommunar er meir nøgde med tilgangen til kommunale tenester enn innbyggjarane i større kommunar (Prop. 95 S Kommunereform, 2015, s. 39). Det vises også at kor tilfredse
innbyggjarane er med tenestetilbodet ikkje nødvendigvis heng saman med kommunestørrelse, men er knytt til andre forhold som innbyggjarars alder og utdanningsnivå, samt kommunen si inntekt, der små kommunar ofte har høgare inntekter enn store (Prop. 95 S Kommunereform, 2015, s. 40).
2.2 Vedtak om å dele Snillfjord kommune i tre deler
Representantar frå Snillfjord kommune var tidleg tydeleg på at ei tredeling av kommunen var den riktige løysinga for kommunen. Snillfjord kommune utreda forslag til nye
kommunegrenser, samt gjennomførte ein brei høyringsrunde. Det kom ikkje motførestillingar mot forslaga, og i april 2017 stilte eit samrøysta kommunestyre seg bak forslaget. Stortinget vedtok 8.juni 2017 at Snillfjord kommune skulle bli delt i tre og kvar enkelt del skulle slåast saman med andre kommunar. Ein del skulle slåast saman med Hemne kommune og Halsa kommune og bli til Heim kommune. Den andre delen skulle slåast saman med og bli ein del av Hitra kommune. Den siste delen skulle slåast saman med Orkdal kommune, Agdenes kommune og Meldal kommune og bli til Orkland kommune. Dei nye kommunegrensene tredde i kraft 1. januar 2020 (Det kongelige kommunal og moderniseringsdepartement, 2018).
Figur 1 viser dei tre delane av gamle Snillfjord kommune, samt forklarer kor områda har hamna etter vedtaket.
Figur 1: Snillfjord kommune vart som den einaste kommunen i landet delt i tre 1.1.2020. Eit område i nordvest går til Hitra kommune, eit område i sørvest til den nye Heim kommune, og det øvrige vert slått saman med nye Orkland kommune (Olsen Haugen, 2020).
3.0 TEORI OG TIDLEGARE FORSKING
I dette kapitlet vert det teoretiske rammeverket presentert. Både tidlegare forsking om kommunesamanslåingar og relevant bakgrunnsteori til oppgåva si tematikk vil dermed vera berebjelkane i denne delen. Enkelte nøkkelomgrep vert også framheva for å kunne diskutere problemstillinga angåande identitet og tilhøyrsle som følger av endringa i kommunestruktur.
Innleiingsvis vil det bli trekt fram nokre erfaringar og moment frå tidlegare forsking som er relevante med tanke på prosessane rundt kommunesamanslåing, i tillegg til at relevante lover knytt til endringar i kommunestruktur blir presentert. Vidare vert det lagt fram ulike syn på omgrepa identitet og tilhørsle, samt ulike forståingar av stadsomgrepet og korleis identitet og tilhøyrsle kan sjåast i samanheng med stad. Avslutningsvis vert det sett på korleis viktige faktorar som fellesskap og relasjonar kan skildrast, før fokuset til slutt blir retta mot attraktivitetsomgrepet. Dette rammeverket er dermed fundamentet for å kunne drøfte og analysere funna i datamaterialet vidare i oppgåva.
3.1 Inndelingslova og forsking på tidlegare kommunereformer
Inndelingslova er ei lov som kan fastsetje og endre kommune- og fylkesgrenser. Formålet med inndelingslova er skildra som følgjande:
«Formålet med denne lova er å leggje til rette for ei kommune- og fylkesinndeling som innafor ramma av det nasjonale fellesskap kan sikre eit funksjonsdyktig lokalt
folkestyre og ei effektiv lokalforvaltning. Endringar i kommune- eller fylkesinndelinga bør medverke til å skape formålstenlege einingar som kan gi innbyggjarane og
næringslivet tilfredsstillande tenester og forvaltning. Verksemda etter denne lova skal byggje på prinsippet om lokal medverknad og initiativrett til grenseendringar»
(Inndelingslova, 2001, § 1)
Vidare om innbyggjarhøyring står det at kommunestyret bør innhente synspunkt som innbyggjarane har på forslag til grenseendring. Innhenting av synspunkt kan skje ved folkerøysting, opinionsundersøking, spørjeundersøking, møte eller på annan måte (Inndelingslova, 2001, § 10).
Det er dermed ikkje lovpålagt for kommunane å halde innbyggjararhøyringar i forbindelse med kommunesamanslåingar. Likevel viser det seg at ved frivillige kommunesamanslåingar har fleirtalet av kommunane valt å nytte seg av folkeavstemmingar for å få fram
innbyggjarane sitt syn på saka. Det er uansett opp til kvar enkelt kommune om dei vel å nytte seg av metodar for å få fram innbyggjarane sine meiningar, og om dei vel å ta meiningane og ynskja til innbyggjarane i betraktning (Brandtzæg, 2014, s. 9).
Nordtug, Sand, Wendelborg og Aasetre (2004) peikar på fleire faktorar som bør bli tatt hensyn til og som kan vere viktige for å ivareta innbyggjarane sine kjensler av tilhøyrsle og identitet i ein kommunesamanslåingsprosess. Faktorar som å oppretthalde lokale
tenestetilbod, nærleik til administrasjon og politikarar og kommunen si rolle i lokalsamfunnet sitt sosiale liv, er forhold som i følgje denne artikkelen vil dempe det befolkninga ser på som truslar for si eiga tilhøyrsle til staden (Nordtug et al, 2004, s. 53).
I følgje tidlegare forsking på området viser det seg at folk flest er opptekne av at staden dei bur skal få auka attraktivitet og ei positiv utvikling. Kommunesamanslåingar møter størst motstand i små distriktskommunar. Der vert det frykta at ei samanslåing kan føre til at det kommunen har av ulike godar kan bli reinska vekk og flytta (Brandtzæg, 2014, s. 17).
Innbyggjarar bekymrar seg blant anna for mindre arbeidsplassar, mindre kommunalt engasjement i lokalmiljøet og lenger avstand til beslutningstakarar og nøkkelpersonar. Ein kan også sjå at det ikkje er nokon direkte kopling mellom innbyggjarane sine stadskjensler, stadsidentitet og kommunestruktur. Det vert framheva at det i mange tilfelle viser seg at folk føler meir tilhøyrsle til staden dei bur på enn kommunane. Likevel vært kommunane sett på som indirekte viktig for innbyggjarane sin identitet og tilhøyrsle gjennom sosiale
interaksjonar (Nordtug et al, 2004, s. 53).
3.2 Lokalsamfunn
Omgrepet lokalsamfunn forbinder ein ofte med små områder som ligg under kommunenivå, slik som tettstader og bygder der eit kjenneteikn er at «alle kjenner alle». (Haugen & Villa, 2016, s. 18). Prosessar på overlokalt nivå, både nasjonalt og internasjonalt, som globalisering, sentralisering og urbanisering påverkar også små lokalsamfunn. I politikken har det vore brei einsemd om å skulle sikre likeverdige levekår i heile landet og oppretthalde
busetnadsmønsteret, der det er ynskjeleg å spreie befolkninga over heile landet.
Kommunereforma er eit døme der politikarane ynskjer å sikre like velferds- og tenestetilbod
ved å danne større og meir robuste kommunar. I svært mange tilfellet møter denne
tankegangen motstand då ein på lokalt nivå fryktar at kommunereforma vil føre til at dei som bur på små stadar mistar politisk innflytelse (Haugen & Villa, 2016, s. 19).
Lokalsamfunnet er ein stad som er viktig for dei aller fleste. Sjølv om fleire og fleire kan skildrast som globale og mobile verdsborgarar, foregår livet til dei aller fleste i lokale miljø.
Livet utspelar seg i dei fleste sitt liv som ei rekkje kvardagar på staden ein bur på (Berg, 2016, s. 34). Sjølv om verda blir meir og meir samanbunden, vil kvardagslivet til folk likevel vere den største delen av livet. Den viktigaste forma for sosial interaksjon er ansikt til ansikt- kontakt med andre i nærområdet. Heimen og lokalsamfunnet er ein stad som har stor betyding i dei fleste menneske sine liv (Berg & Dale, 2009, s. 48). Innbyggjarane i lokalsamfunn har ulike oppfatningar av staden dei bur på. Dei fleste innbyggjarane kan vise til både positive og mindre positive sider av staden (Berg, 2016, s. 38).
For å gjennomføre ein kommunesamanslåing med suksess framhevar Distriktssenteret (2014) at i små lokalsamfunn er inkludering av innbyggjarar i sjølve prosessen ein viktig
suksessfaktor. Innbyggjarmedverknad vert framheva som ein av suksessfaktorane i
kommunesamanslåingsprosessane, saman med lokalt leiarskap. For å skape suksess i ein slik prosess er det i følgje denne rapporten viktig å informere innbyggjarane om kva dei vil miste, kva dei kjem til å behalde, kva som kjem i staden for og kva som vert nytt. I tillegg er det viktig å ha ein open og inkluderande kommunikasjon, der argument for og mot vert drøfta. Å inkludere innbyggjarane er viktig for å skape engasjement, dekkje informasjonsbehov og mogleggjere at veljarane gjer seg opp ein kvalifisert meining (Distriktssenteret, 2014, s. 4).
3.3 Stadstilhøyrsle og stadsidentitet
All identitet er danna på grunnlag av sosiale, kulturelle og/eller fysiske skilje mellom «oss»
og «dei andre». Identitet står på denne måten i sentrum for vår kjensle av tilhøyrsle, og den gir ei kjensle av å eksistera naturleg i eit individ, i ei befolkning eller i eit område (Frisvoll &
Almås, 2004, s. 5). Om ein føler seg tilknytt eller ei til ein stad kan ha mange ulike årsaker.
Ofte handlar det om kven eller kva som høyrer heime ein stad, og kva som ikkje gjer det.
Diskusjonane kring temaet rettar ofte søkelyset mot korleis det vert erfart å ikkje høyre til og kvifor, samt når tilhøyrsla ikkje oppstår eller vert opplevd (Berg, 2016, s. 40). Også materielle forhold er nært knytt til stadstilknyting, som til dømes bustad, jobb, bygdemiljøet, natur og friluftsliv. Stadstilknyting vert ofte kopla til lang butid og røter, men slik treng det ikkje å vere. Andre faktorar som kan bidra til at ein føler seg nært knytt staden kan vere interesse for
familien sin eller staden sin historie, og at ein på den måten ser koplingar mellom fortid og notid. Mange vel også staden dei vil bu på etter kva livsstil dei har, og på den måten vel at dei skal høyre til den valte staden (Berg, 2016, s. 42-43).
Omgrepet identitet er svært sentralt og viktig å nytte seg av når koplinga mellom menneske og stader skal illustrerast. Dette fordi menneske og stader utviklar identitet i samspel med kvarandre (Berg & Dale, 2009, s. 49). Identitetar vert alltid skapt og attskapt i eit komplekst samspel mellom minner frå fortida og element og hendingar frå notida. Minner og kor tilknytt ein er staden vil henge saman (Berg, 2016, s. 44). Relph (1976) fokuserer på menneska sin identitet i samband med stad, og skil mellom «identity of a place» og «identity with a place».
Med «identity of a place» refererer han til stadens eigenart, og det som skil denne staden frå andre stader. Den vedvarande stadsidentiteten vert skildra med tre element: den fysiske konteksten, aktivitetar og hendingar der, samt meiningar og oppfatningar som vert forma gjennom erfaring med staden. «Identity with a place» handlar om kvart enkelt individ og grupper sine kjensler av tilknyting til ein stad (Relph, 1976, s. 45). For Relph (1976) blir «ein stad» først til stad når rommet vert tillagt meining. Rom må derfor erfarast og erkjennast, og først då kan menneske knytte seg sjølv og sine liv til stader. I følgje Giddens (1991) handlar livet om å skape seg sjølv og sin posisjon i samfunnet, der identiteten til mennesket er nært knytt til sjølve livet. Identiteten må skapast og haldast ved like gjennom heile livet. I ei slik verkelegheitsforståing kan ein dermed seie at vi som menneske ikkje er den vi er, men snarare den vi skapar oss til. Tid og rom er sett på som viktige reiskapar i forståinga av
identitetsprosessen. Faktorar som utdanning, arbeid og bustad er dermed døme på kva som er med på å skape identitet (Giddens, 1991).
Fleire tidlegare undersøkingar kring kommunesamanslåing har vist at tilhøyrsla til
lokalsamfunnet er sterkt, medan tilhøyrsla til kommunen er mindre sterk. Dei materialistiske godane i eit lokalsamfunn er nært knytt til identiteten og tilhøyrsla til innbyggjarane, og dermed vil innbyggjarane si tilhøyrsle til staden vere ein indirekte faktor som kan påverke samanslåingsprosessen. Bolkesjø og Brandtzæg (2005) forklarer dette ved at når
innbyggjarane er redde for å miste tenestetilbodet skuldast dette gjerne at dei er redde for at ei kommunal teneste dei nyttar seg av skal bli lagt ned i deira nærområde. Dette kan igjen føre til at dei opplever dårlegare tilgjengelegheit til tenesta. Ein annan faktor kan vera at dei er redd for at dette samtidig svekker det lokale senteret, altså det lokale tilhøyrslepunktet. Det er ved dette lokale senteret dei møter folk dei kjenner, kjenner seg like med, kommuniserer med
og føler nærleik til. Dersom det at kommunesenteret vert lagt ned fører til ei generell svekking av det lokale senteret, vil derfor innbyggjarane oppleva at noko av den lokale tilhøyrsla
forsvinn, sjølv om denne tilhøyrsla også gjerne inneheld andre element som til dømes historiske og kulturelle identitetar (Bolkesjø og Brandtzæg, 2005, s. 38).
3.4 Interaksjon, identifikasjon og institusjonalisering
Frisvoll og Almås (2004) viser til tre omgrep som er viktige å diskutere dersom ein studerer kva betyding identitet og tilhøyrsle har i kommunesamanslåingsprosessar, nemleg identiteten sine tre I-ar- interaksjon, identifikasjon og institusjonalisering.
Frisvoll og Almås (2004) refererer til interaksjon når det er snakk om samhandling mellom menneske som krev at menneske må reise. Kvar menneske bur, kvar dei arbeider og kvar dei handlar ligg innanfor dette omgrepet. Sentralt er vilja menneske har til å flytte på seg for å arbeide og handle. Befolkninga sin mobilitet har auka, og i dagens samfunn reiser vi oftare og lenger enn vi gjorde før. Ei av årsakene er at sentrumsplassane har auka og vokse, og får dermed fleire innbyggjarar frå ulike kantar til å kome dit for å arbeide og handle. Mange av kommunane sine oppgåver føreset samhandling mellom menneske som krev reising, slik som besøk på NAV, helsetenester, aldersheimar og liknande. Nokre typar tenester er meir følsame for sentralisering enn andre, samt at det er ulike behov for nærleik mellom teneste og
brukarar. Befolkninga sin interaksjon kan setje dei administrative grensene under press (Frisvoll & Almås, 2004, s. 6-7).
Identifikasjon er det som ligg til grunn for identitet, og er sjølve kjerna i skiljet mellom «oss»
og «dei andre» og viser til element som ein kjenner seg igjen i og som fører til ei kjensle av tilhøyrsle og samhald på heimstaden, dette kan til dømes vere landskapet i eller bygningar på heimstaden. Ofte vert det snakka om at danninga av tilhøyrsle går svært sakte, og at det kan gå over generasjonar. Elementa som er attkjennbare vert kalla for identifikasjonsfyrtårn og er symbol og anna felles som signaliserer tilhøyrsle og samhald blant innbyggjarane i
kommunen. Slike fyrtårn er med på å oppretthalde skiljet mellom «oss» og «dei andre». Det siste omgrepet, Institusjonalisering, fortel noko om korleis nye kommunar veks fram og vert etablert som ein naturleg eining for befolkninga. Dersom den daglege samhandlinga vert gjenteken over tid, vil dette skape ei kjensle av tilhøyrsle med dei ein samhandlar med og dette vil føre til ei kjensle av å høyre saman til tross for kommunegrensene. Dei tre I-ane heng
tett saman og det vil vere vanskeleg å skilje dei i frå kvarandre i praksis (Frisvoll & Almås, 2004, s. 7-10).
3.5 Stad som «location», «sense of place» og «locale».
For å kunne forstå korleis identiteten og tilhøyrsla til innbyggjarane vert påverka av
kommunedelinga, er det viktig å forstå kva staden symboliserer for dei. Sjølve omgrepet kan ha ulike dimensjonar knytt til seg, og dermed gi grunnlag for ulike tolkingar. Agnew (1987) referert i (Berg & Dale, 2009) poengterer at omgrepet «stad» kan bli forstått ut i frå dei tre hovudforståingane «location», «sense of place» og «locale». Omgrepet «location» vert først og fremst assosiert med det økonomiske aspektet der stader vert vurdert ut i frå kva
geografisk plassering dei har. Staden vert vurdert ut i frå dei ressursane den har, som til dømes råvarer, klima, infrastruktur, arbeidskraft til marknadsforhold, bustadprisar og
barnehagetilbod. Ei slik skildring held seg til stad på ein objektiv «utanfrå-skildring» (Berg &
Dale, 2009, s. 41). Den andre forståinga, «sense of place», legg vekt på den indre, subjektive, opplevelsesmessige dimensjonen ved ein stad og byggjer på korleis aktørane subjektivt sett oppfattar og tolkar stadane (Berg & Dale, 2009, s. 42). Også erfaringar og kjensler som er knytt til ein stad er med på å skape identitet. Tilknyting til stad gir ei grunnleggjande kjensle av tryggleik og sikkerheit, og dannar grunnlag for vår sjølvidentitet (Berg & Dale, 2009, s.
43). Den siste stadsdimensjonen, omgrepet «locale», vert skildra som ein slags møteplass der forskjellige individ sine kvardagsaktivitetar kryssar kvarandre i tid og rom, til dømes eit universitet eller eit kjøpesenter. I denne forklaringa hentar Agnew (1987) sterk inspirasjon frå Giddens sin strukturasjonsteori. Stad forstått som «locale» vert forma gjennom sosial praksis, altså rutineprega aktivitetar som kjenneteiknar kvardagslivet både i heim, skule, arbeidsliv osv. Samstundes som «locale» refererer til interaksjon mellom menneske, anvending og praksis, er det også nært knytt opp mot strukturer. Strukturer for Giddens er noko som er direkte involvert i ei handling, og som både avgrensar og muliggjer handling. Strukturar gir vilkår for menneskeleg handling, samstundes som dei er eit resultat av menneskeleg handling.
Dette vert kalla strukturens dualitet. Stader endrar seg kontinuerlig som følgje av menneske sine aktivitetar, samtidig som staden også påverkar desse aktivitetane. Menneske og stader påverkar kvarandre gjensidig, og menneske som bur på same stad antas å utvikle tilnærma like måtar å oppleve staden på. Ein stad får betyding gjennom dei menneska som lever der og deira aktivitetar, institusjonar og idear. Stadstilknyting vert dermed eit kollektivt fenomen (Berg & Dale, 2009, s. 44).
3.6 Fellesskap, relasjonar og nettverk
I kjerna av kva ein kommune er, står «fellesskap» sentralt. Ein kommune er organisering av fellesskap med geografisk forankring, der grenser, symbol som identifiserer, og den
geografiske inndelinga vert anerkjent både av dei som bur i kommunen og dei som ikkje bur der (Frisvoll, 2016, s. 237-238). Menneske er avhengige av andre, både for å fungere som enkeltindivid og for å fungere innad i mindre grupper og i samfunnet som heilskap. Ein kan oppleve kjensler av fellesskap og tilhøyrsle på fleire nivå. På mikronivået nære relasjonar ei viktig rolle som familie og venner. På mesonivået står aktiviteter i nærområdet sentralt, slik som arbeidslivet, frivillige organisasjonar og aktiviteter i lokalsamfunnet. På makronivået er vi ein del av nasjonen, både juridisk og kulturelt. Sosial interaksjon er viktig for å kunne danne eit fellesskap. Gjenteken sosial interaksjon vil føre til at fellesskapet vert meir varig og stabilt. Stabilitet er viktig for å skape forutsigbarheit og samarbeid i det sosiale liv (Schiefloe, 2011, s. 333). I sosiologisk tradisjon har merksemda ofte blitt retta mot lokale fellesskap som omfattar dei tre eigenskapane: felles bustad, tilhøyrsle og samhald (Schiefloe, 2011, s. 374).
Tönnies omgrepspar Gemeinschaft og Gesellschaft har stått sentralt i denne diskusjonen.
Tönnies (1957) skildra skilnadane mellom det rurale og det urbane samfunnet. Det
tradisjonelle samfunnet blir her omtala som eit fellesskap der sosiale relasjonar var basert på lojalitet og samhald (Gemeinschaft). Dei sosiale interaksjonane var dermed av personleg karakter og bygde på kjenslemessige tilknytingar. Dette vert gjerne omtala som «naturleg vilje», i motsetnad til dei meir «rasjonelle» og upersonlege relasjonane som ein fann i det moderne bysamfunnet (Gesellschaft). Dei personlege relasjonane i Gemeinschaft er gjerne forbunde med det typiske føydale systemet, der berre personar av same rang identifiserte seg med kvarandre, og dermed kunne bygge relasjonar basert på kjensler og nærleik mellom menneske. Denne forma for relasjonar finn ein også att i familien, blant vener eller i små lokalsamfunn. Gemeinschaft er dermed knytt til det naturlege, det som kjennes trygt og stabilt. Relasjonane i Gesellschaft er på den andre sida meir framandarta og kunstige. Desse upersonlege relasjonane har gjerne sitt utsprang frå pengar, og meir forretningsmessige relasjonar er derfor eit typisk døme på Gesellschaft (Tönnies, 1957). Ein forbind
Gemeinschaft gjerne i hovudsak med livet i jordbrukssamfunnet, der folk flest budde i små, stabile og oversiktelege lokalsamfunn. Gesellschaft er knytt til framveksten av det moderne samfunnet med store byar, industri, lønnsarbeid og omfattande endringar i samfunnet sin struktur og organisering, drive fram av den kapitalistiske økonomien (Schiefloe, 2011, s.
374).
Giddens (1991) skildra korleis moderniteten har vore med på å påverke kvardagslivet til menneska. Moderniteten står i kontrast mot dei tradisjonelle og etablerte rutinane og
praksisane som menneska tidlegare hadde. Med moderniteten følgjer globaliseringa som gir konsekvensar og forandringar som alle er nøydde til å ta ein del av. Giddens viser til globale risikoar som atomkrig og naturkatastrofar, men det er mange andre aspekt som ein finn på mindre nivå i samfunnet som kan utgjere store forandringar for kvardagslivet til menneska.
Menneske som lev liva sine utanfor dei kraftigaste og mest utvikla område i verda, vert også påverka av moderniteten og globaliseringa som følgjer. I desse områda påverkar og forandrar moderniteten kvardagslivet frå slik det var før (Giddens, 1991). Denne utviklinga gjeld også i høgste grad i Noreg i dag. Vi ser ei utvikling mot større og meir robuste kommunar. Vi ser ei generell tendens at mykje går frå det rurale til det urbane, dette ser vi både i busetnadsmønster og i funksjonar og tenester. På denne måten vert dei små lokalsamfunna meir avhengige av dei større tettstadane i nærleiken.
Stadstilhøyrsle og samhøyrsla med dei som bur der er sjølve fundamentet for å kunne utvikle gode og trygge lokalsamfunn. Gjennom relasjonar med andre, både i skule, arbeidsliv eller ulike verv, dannar vi menneske grunnleggande verdiar som tillit og samhøyrsle. Dette er faktorar som bidreg til det Bourdieu (1986) omtalar som sosial kapital. Sosial kapital dreier seg gjerne om eigenskapar ved organiseringa av samfunnet, som til dømes nettverk, normer og tillit (Bourdieu, 1986, s. 248-249). Slike eigenskapar er grunnlaget for samarbeid for felles nytte. Slik sosial kapital kan også gjelde for større geografiske områder, som til dømes
kommunar. Regionar der nabokommunar pregast av konfliktar vil dermed ha svak sosial kapital, medan godt naboskap vil tilsvarande vera ein styrkande faktor. I skildringa av ulike kapitalar legg Bourdieu (1986) også fram økonomisk og kulturell kapital. I det tradisjonelle samfunnet var den sosiale kapitalen kanskje den viktigaste faktoren for val av bustad, gjerne på grunn av gamle sosiale relasjonar. Med framveksten av det moderne bysamfunnet vel gjerne menneska i større grad enn tidlegare tilhøyrsle på bakgrunn av den økonomiske og kulturelle kapitalen, slik som livsstilsflytting (Berg, 2016, s. 43). Dermed kan folk velje ein stad å bu fordi staden og dei som bur der passar identiteten og livsstilen ein sjølv har. Denne grunnleggande skilnaden mellom ulike typar av stadstilhøyrsle har dermed gjerne ein
funksjonell eller emosjonell forankring (Vestby & Skogheim, 2014). Den funksjonelle har nærast samanheng med den økonomiske og kulturelle kapitalen, der tilhøyrsla utviklast gjennom at staden dekker spesifikke behov og konkrete funksjonane som skule, arbeid og bustad. Felles for desse er at dei gjerne kan dekkast frå ulike stadar. Dette er i motsetnad til
den emosjonelle stadstilhøyrsla, som er nærare knytt til den sosiale kapitalen. Her spelar dei sosiale relasjonane ei viktig rolle, og det handlar om å føle seg som ein del av ein større samanheng. Særleg er det sterke kollektivet og tilhøyrsle til andre menneske på staden det sentrale for denne forma for stadstilhøyrsle (Vestby & Skogheim, 2014, s. 5-6).
Nettverksrelasjonar og utveksling av godar er ressursar både for individ og samfunn i alle tider. I lokal kultur er sosial kapital ein ressurs gjennom utvikling av felles verdiar og normer.
I eit lokalsamfunn der innbyggjarane er godt kjent, er det lettare å gå saman for å ivareta felles interesser. For å styrke sosiale relasjonar og nettverk er det viktig å synleggjere og heve dei aktivitetane som finnes i lokalsamfunnet, slik som frivillig arbeid, musikkorps, idrett og politiske organisasjonar. Ei oppslutning rundt nærmiljøet sine aktivitetar vil kunne skape sosiale nettverk, som igjen kan stå for rekruttering av nye medlemmar (Schiefloe, 2011, s.
378-379).
Putnam (2000) framhevar også viktigheita av slike nettverksrelasjonar. Desse kjem til uttrykk i samfunnet gjennom ei generalisert gjensidigheit og avhengigheit, samt generell tillit til innbyggjarane i lokalsamfunnet. Denne forventninga om at alle innbyggjarane gjensidig stiller opp for kvarandre bidreg til å vere ein motivasjon til å yte det beste for fellesskapet. I tillegg vil ein høg grad av tillit føre til at det vært lettare å samhandle med kvarandre. Dette gir grunnlag for engasjement i samfunnet og ei kjensle av eit kollektivt ansvar. Eit slikt kollektivt ansvar er ein føresetnad for sosial integrasjon og skapar også ei kjensle av tilhøyrsle. Eit av hovudpoenga i forskinga til Putnam (2000) er at den kollektive sosiale kapitalen er i ferd med å smuldre opp, og at samfunnet er i ferd med å bli meir utrygt og individualisert (Putnam, 2000; Schiefloe, 2011, s. 379).
3.7 Attraktivitet
Attraktivitet er eit sentralt omgrep i lokalsamfunnsforskinga, og omhandlar kva som er viktig og ynskjeleg for aktørane som til dømes fastbuande, innflyttarar og turistar med fleire. Det vert sagt at vi lev i ein tidsalder der mobilitet spelar ei sentral rolle. Dagens samfunn gjennomgår store endringar kjenneteikna av informasjonsteknologi, globalisering og
framvekst av nye måtar å organisere samfunnet på. Dette kan vere med på å påverke korleis lokalsamfunn endrar seg og utviklar seg på sosiale, kulturelle og økonomiske plan. Endringar i mobilitet påverkar også dei som må pendle til arbeidsplassen gjennom at ny og moderne kommunikasjonsteknologi delvis avskaffar behovet for at ein må vere til stades i ein del
arbeidssamanhengar. Dette kan gjere det mogleg å kunne bu i ein kommune og arbeide i ein annan (Lysgård & Cruickshank, 2016, s. 95-97). Sjølv om det finnes faktorar som kan gjere det meir attraktivt å bu i rurale strøk, som til dømes moglegheita til å pendle til større tettstader for å arbeide, er det attraktiviteten og omdømme til sjølve lokalsamfunnet, og dermed stadsidentiteten det ofte er diskusjon om. Stadsidentiteten omhandlar kva og kven som høyrer til på staden, og lokalsamfunnet utgjer først og fremst eit økonomisk, kulturelt og sosialt fundament for innbyggjarane sitt kvardagsliv (Lysgård & Cruickshank, 2016, s. 97). I ein liknande studie vert det kjent at innbyggjarar reagerer sterkt på ei mogleg nedlegging av tenestetilbodet i kommunen, som til dømes nærbutikk eller viktige funksjonar, der frykta for at dei vert buande i ein utkant utan tenester er sterk då dette også kan svekke attraktiviteten (Frisvoll, 2016, s. 249-250).
Ein annan viktig faktor for at ein stad skal opplevast som attraktiv er oppvekstmoglegheitene til barn og unge. Gjennom at barn deltek i barnehage, skule og organiserte fritidsaktivitetar vert foreldre samla saman. Dette fører til at dei vert betre kjente med kvarandre i lokalmiljøet gjennom dei pliktene, forventningane og den dugnadsinnsatsen som følgjer med det å ha barn i eit lite lokalsamfunn (Aarsæther, 2016, s. 143). Det å slå saman eller leggje ned skular påverkar ikkje berre barn si utdanning, men også heile lokalsamfunnet. Aktivitetar knytt til skulen vert flytta frå nærområdet der lokale innbyggjarar møtes, til større tettstadar der det er større skular. Dette kan dra med seg ulemper både for elevane og dei andre innbyggjarane i lokalsamfunnet. For elevane må ein rekne med at reisevegen, og dermed skuledagen, vert lenger. Dette kan føre til at elevane har mindre tid og energi å bruke i nærmiljøet på ettermiddag og kveld. På den positive sida vil truleg elevane få eit større nettverk og fleire klassekameratar. Dersom lokalsamfunnet mistar skulen kan det også føre til at familiar vel å flytte nærare den nye skulen til barna. Meir pendling, færre barn i bygda og mindre lokalt samhald kan vere nokre av grunnane til at familiar vel å flytte. På sikt kan skulenedleggingar føre til at lokalsamfunn er mindre attraktive for tilflytting, og dermed føre til ei negativ
utvikling. Tidlegare forsking på skulenedleggingar viser at skulen er limet som knyter bygda i hop, og dersom dei mistar skulen, ser informantar for seg at det som er igjen etterkvart vil forsvinne som ein dominoeffekt. Skulen er viktig å ha, samt avgjerande for at lokalsamfunnet skal oppretthalde attraktiviteten sin (Villa, 2016, s. 178-187).
3.8 Teoretisk oppsummering
I dette kapitlet har det teoretiske fundamentet for vidare analyse blitt presentert. Tidlegare forsking om kommunesamanslåingar har vore relevant for å belyse sentrale funn frå liknande prosessar. Denne delen har også tatt for seg gjeldande lovverk og reglar, slik at biten som omhandlar sjølve prosessen med kommunedelinga kan bli forstått på eit grundigare plan. Eg har sett på korleis omgrepa identitet og tilhøyrsle kan koplast mot stad, og også korleis sjølve stadsomgrepet kan tolkast på ulike måtar. Dette er relevant for å kunne avdekke kva ulike dimensjonar informantane legg i assosiasjonane til staden dei bur på. På denne måten kan ein lettare kunne fange dei kjenslene som oppstår når det blir gjort strukturelle endringar ved kommunegrensene. Avslutningsvis har det blitt belyst på kva måte attraktivitet spelar inn i synet på lokalsamfunnet. Dette vil kunne bidra til å nyansere korleis innbyggjarane ser på attraktiviteten til staden etter delinga, og for å kunne forstå kva framtidskonsekvensar endringar kan ha på sikt. Med dette rammeverket vil eg dermed kunne sjå nærare på korleis identitet og tilhøyrsle vert påverka av ei endring i kommunestrukturen.
4.0 METODE
I dette kapitlet vert det gjort greie for dei metodiske vala som er gjort gjennom
forskingsprosessen. Vidare vil prosjektet sitt utval bli presentert. Deretter vert momenta knytt til datainnsamlinga forklart, der prosessen med å utforme intervjuguide og korleis intervjua vart gjennomført vert skildra. Vidare blir det vist korleis det resulterande datamaterialet vart behandla, etterfølgt av ein diskusjon kring studiets kvalitet basert på pålitelegheit, gyldigheit og generaliserbarheit. Avslutningsvis vil dei etiske vurderingane gjort i forbindelse med prosjektet bli diskutert.
4.1 Val av metode
Formålet med denne studien er å få innsikt i innbyggjarar sine opplevingar med
kommunedeling og kommunesamanslåing, samt kva rolle dette spelar for identiteten og tilhøyrsla innbyggjarane har til den gamle kommunen sin. Sidan eg ønsker å komme meir i djupna på kva kjensler og opplevingar informantane sit med, vurderer eg at ei kvalitativ tilnærming er det mest hensiktsmessige å bruke i denne samanheng. Ein brukar bestemte vitskaplege metodar for å skaffe seg kunnskap. Metoden er verktøyet som gir oss
framgangsmåten til å knyte saman teori med temaet og empirien ein studerer (Thomassen, 2016, s. 63). Ved å nytte meg av ei kvalitativ tilnærming vil eg kunne gripe tak i informantane sine tankar, meiningar og haldningar, og dermed få ei djupare innsikt kring temaet. I
kvalitativ forsking studerer ein i djupna i staden for i breidda, og det er ynskjeleg å få god kunnskap ut i frå få informantar (Krumsvik, 2015, s. 21). I denne samanhengen har eg valt å nytte meg av djupneintervju som forskingsmetode.
Djupneintervju vert brukt når ein ynskjer å studere meiningar, haldningar og erfaringar, og der forskaren ynskjer å forstå informantane sine opplevingar samt korleis informanten reflekterer kring dette (Tjora, 2012, s. 105). I forbinding med oppgåva sitt tema meiner eg at kvalitative intervju vil vera fruktbart då eg ynskjer å få innsikt i informantane sine tankar og erfaringar. På grunn av temaet sitt omfang, og at det har vore lite forsking på dette området, fann eg det mest hensiktsmessig å nytte meg av halvstrukturerte intervju. Denne typen
intervju er blant dei vanlegaste innanfor kvalitativ forsking, der ein intervjuguide er utarbeida i forkant som eit utgangspunkt for intervjuet, medan spørsmålsstilling, tematisering og
rekkefølge kan varierast. Ved bruk av halvstruktuerte intervju kan eg gå fram og tilbake i intervjuguiden alt ettersom kva informantane snakkar om. På denne måten er eg fleksibel til å
kunne variere kor i intervjuguiden eg er, dersom det dukkar opp nye spennande perspektiv undervegs i intervjuet (Tjora, 2012, s. 135).
4.2 Utval og rekruttering av informantar
Med bakgrunn i forskingsprosjektet “Deling av Snillfjord” har utveljinga av informantar vore strategisk. Hovudkriteriet var at informantane er innbyggjarar i gamle Snillfjord kommune. I tillegg ønska eg meg spreiing i alder og kjønn for at informantane skulle representere
innbyggjarane si meining på ein heilskapleg måte. I rekrutteringsfasen fekk eg god hjelp av ein kontaktperson i Snillfjord kommune som letta arbeidet med sjølve rekrutteringa. Denne kontaktpersonen både arbeider og bur i gamle Snillfjord kommune, og kjenner dei fleste i kommunen. Personen jobbar i administrasjonen på rådhuset, og har hatt rolla som bindeledd mellom prosjektgruppa og informantane. Gjennom kontaktpersonen fekk eg tilgang på namn og telefonnummer til potensielle informantar.
At ein kontaktperson med god kjennskap til kommunen og innbyggjarane har sendt meg ei liste over aktuelle informantar kan i tillegg til å vere veldig nyttig også ha sine bakdelar.
Kontaktpersonen kan ha vore selektiv, og berre valt å sende meg kontaktinformasjonen til informantar hen trur kunne passe til prosjektet. Eventuelt kan kontaktpersonen ha valt innbyggjarar ut i frå sitt eige synspunkt, eller valt å ikkje gi kontaktinformasjonen til andre som har ei anna meining enn seg sjølv. Dermed kan kontaktpersonen ha fungert som eit filter eller portvakt som har unngått å ta med visse innbyggjarar i kontaktinformasjonen, noko som kan ha ført til at fleirtalet av informantane deler same syn. Dette er nyttig å nemne for å sikre transparens i oppgåva (Tjora, 2012, s, 216).
Etter at eg fekk kontaktinformasjon av kontaktpersonen sendte eg ut tekstmeldingar til informantane fortløpande, der eg skreiv kort om prosjektet og kva deltakelsen ville innebera.
Responsen var god og etter nokre få dagar hadde dei fleste informantane svart på meldinga, der fleire hadde eit ynskje om å delta på intervju. Dei som ikkje ønska å delta på intervju grunna det med dårleg tid, at dei jobba mykje og dermed ikkje ville ta seg tid, eller at dei synes at intervjuet verka for omfattande. Etter rekrutteringsrunden enda eg opp med åtte informantar. Når eg var i Snillfjord var det ein ekstra person som hadde eit ynskje om å bli intervjua. Dermed enda eg opp med totalt ni informantar, der fire var menn og fem var kvinner. Felles for dei alle er at dei bur i geografiske området som tilsvara gamle Snillfjord kommune. Fleire av personane har også erfaringar med å ha arbeidsplassen sin innanfor
kommunen, samt å vere med på aktiviteter på fritida som går føre seg i kommunen. Dei fleste er innfødde i kommunen, medan nokre har flytta til Snillfjord etter å ha budd andre stader først. Eg har gitt informantane fiktive namn for å sikre anonymisering. I tabell 1 er ei oversikt over dei fiktive namna bukt på informantane, samt deira tilhøyrande nye kommune etter delingsprosessen. Gjennomsnittsalderen på informantane ligg mellom 50 og 60 år.
Informantar Ny kommune
Henrik Hitra
Nora Orkland
Sofie Hitra
Sara Orkland
Maja Orkland
Hanna Orkland
Jakob Heim
Oskar Orkland
Isak Orkland
Tabell 1: Oversikt over informantnamn nytta i oppgåva og tilhøyrande ny kommune.
Som ein kan sjå frå oversikta, høyrer heile 6 av 9 informantar til det som no er Orkland kommune. Dette kan ha ei naturleg forklaring sidan størstedelen av gamle Snillfjord gjekk over til Orkland. Val av intervjustad kan også ha spelt ei rolle, då begge dei to stadane
intervjua fann stad ligg i det som no er Orkland. Likevel kan ei så stor geografisk overvekt av informantar gi utfordringar ved å fange essensen av kva innbyggjarane frå heile Snillfjord har opplevd kring kommunedelinga. Innbyggjarar frå alle dei tre nye delane er derimot
representerte i datautvalet.
Faktorar som tid og stad viste seg å vere utslagsgivande for talet på informantar i studien.
Nokre av informantane kunne møtast når som helst, men det var berre aktuelt å møtast i bestemte bygder. Dette blei forklart blant anna med lang reiseveg og bomkostnader. Andre informantar hadde berre moglegheit til å møtast etter arbeidstid, men der møtestad ikkje
hadde så mykje å seie. Derimot var det ein dag som passa for alle informantane. Dette førte til at dei ni intervjua vart gjennomført same dag, der første halvdel av dagen gikk til intervju på eit møterom på kommunehuset på Krokstadøra (kommunesenteret i gamle Snillfjord
kommune), der informantane kom til avtalt klokkeslett. Siste halvdel av dagen gikk til intervju på ein kafé på Orkanger som er næraste tettstad og sentrum for mange av innbyggjarane. Ni intervju på ein dag var ikkje ynskjeleg då det kan verta travelt og
utmattande. Ein kan til dømes bli mindre opplagt i løpet av dagen, samt få mindre sjanse til å førebu seg til neste intervju. På tross av dette verka det som at datamaterialet var innhaldsrikt og heldt god kvalitet uavhengig av gjennomføringstidspunkt, slik at det sannsynlegvis ikkje hadde hatt stor innverknad om eg heller hadde gjennomført intervjua over fleire dagar. Eg snakka med informantane og høyrde etter korleis tidspunkt som passa for dei og sette opp ein tidsplan ut i frå det. Det kravde god planlegging, der eg satt av cirka 60 minutt til kvar
informant. Nokre intervju var kortare enn oppsett tid, og alle informantane møtte til avtalt tid.
Med andre ord fungerte tidsplanen godt.
4.3 Datainnsamling
4.3.1 Intervjuguide og pilotintervju
Etter å ha bestemt meg for mastertema innanfor prosjektet byrja eg å utforme ein
intervjuguide (sjå vedlegg). Intervjuguiden vart utgangspunktet for intervjusituasjonen då dette ofte er noko som skapar ein atmosfære av seriøsitet for informantane, sjølv om ein ved bruk av halvstrukturerte intervju ikkje er spikra til intervjuguiden gjennom heile intervjuet.
Likevel bør ein ha i bakhovudet at informantane som stiller opp på eit intervju, forventar å svare på intervjuaren sine førehandsoppsatte spørsmål, snarare enn å snakke om laust og fast i ein times tid. Etter å ha gjennomført nokre intervju er det vanleg at intervjuar får
intervjuguiden “under huda” (Tjora, 2012, s. 135). Dette var merkbart berre etter nokre få intervju, der dei resterande intervjua kjentes meir frie for meg som intervjuar. Dette merkast ved at det vart enklare å stille oppfølgingsspørsmål, samt la informantane snakke meir laust om det som engasjerte dei.
I den første delen av intervjuguiden var det spørsmål kring informantane sin bakgrunn og kjennskap til gamle Snillfjord kommune som råda. Dette var for å få kartlegge informantane i form av kvifor dei bur der og korleis det er å bu der. Hensikta med dette var å få kjennskap til og ei oversikt over informantane. Vidare er intervjuguiden delt inn i ulike tema, der tankar, meiningar og haldningar rundt prosessen med kommunedelinga er eit av temaa, medan
identitet og tilhøyrsle er eit anna tema som tek stor plass seinare i intervjuguiden. Eg forsøkte å formulere spørsmål som kunne opne opp for at informantane kunne dele erfaringar og reflektere rundt temaet. Spørsmål som “kvifor følte du det slik?”, og “kan du gje eit døme på det?” kan verke noko pågåande og kunstig i enkelte samanhengar, men å stille slike
oppfølgingsspørsmål er viktig for å kunne heve kvaliteten på intervjua, og er eit av intervjuaren sine privilegium i ein slik intervjusituasjon (Tjora, 2012, s. 136).
Før eg starta innhenting av datamateriale gjennomførte eg eit pilotintervju med ein kjenning for å teste intervjuguiden. I etterkant av pilotintervjuet fekk eg tilbakemeldingar på korleis både intervjusituasjonen og spørsmåla hadde vore, samt at eg fekk ein peikepinn på kor lang tid intervjuet tok. Saman fann vi ut at nokre av spørsmåla hadde noko krunglete
formuleringar, og at eg burde endre på disse slik at det ikkje vart vanskeleg for informantane å forstå kva eg meinte. Nokre spørsmål likna også på kvarandre, noko som førte til at
informanten omtrent svara det same som på tidlegare spørsmål. Gjennom pilotintervjuet fekk eg også tips til kva oppfølgingsspørsmål eg kunne stille, samt idear til andre spørsmål som kunne vere interessant å spørje om. Pilotintervjuet vart ikkje brukt vidare som datamateriale til analysa, men var likevel til god førebuingshjelp.
4.3.2 Gjennomføring av intervju
Alle intervjua vart gjennomført i nærområdet til informantane, anten i kommunesenteret i gamle Snillfjord kommune, Krokstadøra, eller i næraste sentrum til nokre av informantane, Orkanger. Intervjua som vart gjennomførte på Krokstadøra fann stad i kommunehuset på eit møterom, medan intervjua som vart gjennomførte på Orkanger fann stad i hjørnet på ein kafé.
Intervjua vart gjennomført i tidspunkt som passa informantane best, anten på dagtid eller etter arbeidstid.
Eg starta alle intervjua med å gå raskt igjennom dei viktigaste punkta i informasjonsskrivet som omhandla anonymisering og konfidensialitet, samt at eg ønska å nytte meg av
lydopptakar. Deretter fekk informantane lese informasjonsskrivet før dei skreiv under på samtykkeerklæringa (sjå vedlegg). Eg informerte også informantane mine om at det ikkje var noko rett og galt svar, og at det eg var ute etter var deira meiningar, tankar og haldningar rundt temaet vi skulle snakke om. Dette kan vere viktig å presisere då det kan ha påverka gyldigheita til prosjektet med tanke på korleis studien måler det den faktisk skal måle (Tjora, 2012, s. 206). Det var også sentralt gjennom intervjua å skape ein komfortabel situasjon og
samtaleflyt for informantane. Derfor nytta eg meg av prober som «mhm», «ja» og eg smilte og nikka og viste at eg var interessert på ein naturleg måte. Dette kan føre til at informanten vert meir engasjert og det kan fremje lysten til å fortelje (Thagaard, 2018, s. 96). Lengda på opptaka frå intervjua varierte frå 36 til 59 minutt. Samtalen vi hadde i forkant av intervjuet og etterpå vart ikkje tatt opp med lydopptakar. Den gav heller ikkje noko nyttig
tilleggsinformasjon, men vi fekk runda av samtalen på ein hyggeleg måte.
4.3.3 Behandling av data
I løpet av transkriberinga nytta eg moglegheita til å reflektere over meg sjølv som forskar. Eg la blant anna merke til at eg i dei første intervjua ofte var rask med å svare og bekrefte det informantane sa. Det kan tenkjast at eg har gått raskt vidare utan at informantane fikk snakka seg ferdig først. Dette kan ha ført til at eg har gått glipp av viktig datamateriale. Likevel vart eg bevisst på dette allereie etter få intervju, og deretter er det merkbar endring der eg gir informantane betre tid til å fullføre. Alle intervjua vart transkribert. Eg tok eit bevisst val om å gjere den lokale dialekta deira om til nynorsk i transkripsjonen for å sikre anonymisering av informantane i større grad (Tjora, 2012, s. 144). I denne prosessen utelèt eg alle
personopplysningar som potensielt kunne sporast tilbake til informantane, i tråd med gjeldande personvernreglar.
Etter at eg var ferdig med å transkribere, las eg først gjennom alle intervjua og markerte det eg fann som virka interessant av ord og uttrykk. I denne prosessen fokuserte eg på å ikkje leite for snevert, men heller understreke for mykje, då eg ikkje hadde ei spikra problemstilling.
Etterkvart byrjar eg å skimte tema som vart tatt opp av fleire av informantane, og som kunne vere aktuelle tema for vidare analyse og drøfting. Dermed valte eg å gjere kodane empirinære, då det er det informantane snakkar om som er viktig for analysa. Når eg koda nytta eg meg av ein tabell med to kolonner. I den eine kolonna skreiv eg inn koden, og i den andre kolonna skreiv eg inn dei sitata og utdraga som høyrde til under koden. Etter dette byrja eg å utvikle konsept som ville vere relevante til problemstillinga mi. Arbeidsprosessen knytt til analysa veksla stadig mellom empiri og teori. Dermed liknar arbeidet med analysa på stegvis-deduktiv induktiv metode der bevegelse mellom empiri og teori er sentralt (Tjora, 2012, s. 175).
4.4 Studiens kvalitet
Viktige kriterier for kvalitet er reliabilitet (pålitelegheit), validitet (gyldigheit) og
generaliserbarheit (Tjora, 2012, s. 202). I det følgjande vert desse kriteria forsøkt diskutert i tilknyting til dette prosjektet.
Å gjere greie for pålitelegheita til forskingsarbeidet er eit godt kriterium for å sikre kvaliteten til arbeidet. Særleg kan ein oppnå dette ved å gjere greie for korleis forskaren sin eigen
posisjon kan komme til å prege forskingsarbeidet. Engasjementet forskaren har for tematikken vil kunne betraktast som støy ved at det kan påverke resultata (Tjora, 2012, s. 203). Personleg har eg eit stort engasjement for dette temaet då eg kjem frå distrikts-Noreg sjølv. Likevel har eg ikkje personleg eigeninteresse for nettopp den kommunen og det området eg forskar på i dette prosjektet. Mitt engasjement for distrikts-Noreg generelt kan moglegvis sjåast på som støy, og noko som dermed kan påverka resultata mine. Dette kan komme av at eg moglegvis har føreinntatte haldningar og dermed ikkje stiller spørsmål på ein slik måte at eg avdekker kva informanten faktisk meiner om ei sak. På ei anna side kan mitt kjennskap til temaet vere ein ressurs i prosjektet ved at eg kan stille relevante oppfølgingsspørsmål som følge av at eg kjenner til temaet på eit djupare plan. Ved å ha engasjement for temaet, samt kjennskap til det med å bu på bygda, kan eg kanskje sette meg lettare inn i sakene informantane er opptekne av og stille relevante spørsmål til informantane mine for å få fram gode refleksjonar og fleire sider av problemstillinga.
Gjerne er pålitelegheita knytt til om resultatet av forskinga hadde blitt tilnærma den same om ein annan forskar hadde gjort same jobben. Å gjennomføre kvalitativ forsking fullstendig objektiv er nærast umogleg. Derfor krevjast det å tydeleggjere, samt reflektere kring korleis forskaren kan ha påverka forskinga (Tjora, 2012, s. 203). Tjora (2012) viser til viktigheita av transparens i forskingsarbeidet. Ved å nytte seg av transparens vil det kome tydeleg fram korleis forskinga er gjennomført, kva val som er tekne og kva utfordringar som har stått i vegen undervegs (Tjora, 2012, s. 216). Eg har forsøkt å gjennomføre arbeidet så transparent som mogleg, der eg har vore open om både metodiske val og kva utfordringar eg har støytt på, som til dømes med at informantane kan ha blitt «filtrerte» ved utveljing, og at den geografiske spreiinga kan ha påverka funna. I tillegg har eg nytta meg av mange direkte sitat frå informantane for å tydeleggjere kva som er mine tolkingar og kva som er meiningar informantane har ytra. Eg har også nytta ein del tidlegare forsking på området som bakgrunn
for den analytiske delen. Alt dette er faktorar som vil kunne styrke pålitelegheita ved oppgåva.
Gyldigheitsindikatoren måler om dei svara vi finn i forskinga vår, faktisk er svar på dei spørsmåla vi forsøker å stille (Tjora, 2012, s. 206). Etter nokre intervju fann eg ut at omgrepet
“identitet” var vanskeleg å forstå for fleire av informantane. Sjølv om eg forklarte kva eg meinte med omgrepet, så virka det som at fleire av informantane hang seg opp i at svaret måtte ha ein direkte kopling til omgrepet “identitet”. Hjå fleire informantar førte dette til at dei gav korte svar, og at svara likna på svara dei gav under spørsmål om tilhøyrsle. I dei resterande intervjua tydeleggjorde eg klarare kva eg meinte med omgrepet “identitet” og merka at svara eg fekk vart meir utgreia og klarare. Likevel forklarte eg at det var deira eigne forståingar av omgrepet som var det viktige og at det var det eg var interessert i å høyre om.
På bakgrunn av dette kan det tenkast at det ikkje nødvendigvis fungerer å presentere omgrep som informantane skal fylle med innhald, men at ein heller skal prøve å utleie innhald og omgrep ut frå det informantane seier.
Ein anna viktig faktor i studiens kvalitet er i kor stor grad tolkingane mine representerer dei reelle meiningane, tankane og haldningane til informantane mine i prosjektet. I analysa vil sitat og utdrag bli framheva slik at det vil så langt det rår vere enkelt å sjå kva som er direkte sitat. Dermed vil det bli eit tydleg skilje mellom empiri og mine eigne tolkingar, Dette kan vere med på å styrke gyldigheita til prosjektet. Likevel vil diskusjon og drøfting inngå i analysedelen. Ved å gjere det på denne måten, i staden for å ha det kvar for seg, vil det vere vanskelegare å ha eit klart skilje mellom empiri og tolkingar. Dette kan på mogleg vis svekke gyldigheita til prosjektet ved at det er vanskeleg å fullstendig skilje empiri og tolking når dette er fletta saman. I kvalitativ forsking er intervju den metoden som er desidert mest nytta
(Tjora, 2012, s. 104). Silverman (2005) er blant fleire kritisk til det såkalla
«intervjusamfunnet». Bruk av intervju som metode vert av Silverman (2017) kritisert fordi det er ein stor vekt av forsking som nyttar nettopp intervju til å studere opplevingar og
oppfatningar informantar har hatt med ulike fenomen (Silverman, 2017, s. 145). Noko av kritikken mot intervju som metodeform er også retta mot kva eigenskapar intervju har, og om korleis vi kan vite om informantane snakkar sant. Det er retta særleg kritikk mot eigenskapane som omhandlar overførbarhet, då det vert hevda at det ikkje er implisitt kva ei større gruppe meiner ut i frå nokre einskilde intervju (Hammersley, 2017, s. 173).
Eg som forskar har inga tilknyting til kommunen og tettstadane som inngår i prosjektet. Ved å ikkje ha noko personleg eigeninteresse i saka om kommunedelinga kan det virke som at eg er ein nøytral og objektiv observant. Dette kan vere med på å styrke gyldigheita til forskinga då det kan tenkjast at informantane har mindre filter på kva dei ynskjer å fortelle meg sidan eg er ein «utanforståande». Ein tanke er at informantane har større tiltru til å fortelje ein nøytral person kva dei meiner om lokalsamfunnet sitt og om kommunedelinga. Likevel kjem eg sjølv frå distrikts-Noreg, noko som kan ha ført til at eg kan ha nokre føreinntatte meiningar om korleis det vil opplevast for innbyggjarar å bli delte og slått saman med nye kommunar. Dette kan vere med på å svekke gyldigheita til prosjektet (Tjora, 2012, s. 206). Eg hadde også i førekant av intervjua vore i kontakt med sentrale aktørar i kommunestyret i dei tre nye kommunane, Heim, Hitra og Orkland i forbindelse med prosjektet. Også dette kan ha vore med på å svekka gyldigheita, då eg kan ha tatt med meg deira syn på saka inn i min eigen tankeprosess. Uansett har eg i metodekapitlet streva etter å vore transparent, slik at lesaren kan følgje den nøyaktige prosessen frå start til slutt med eit godt innblikk (Tjora, 2012, s.
216).
Ei eller anna form for generalisering er eit eksplisitt eller implisitt mål innanfor det meste av samfunnsforskinga (Tjora, 2012, s. 207). Dette prosjektet tek føre seg eit utval på berre ni personar, og å snakke om ei generalisering til alle innbyggjarane i kommunen er derfor lite hensiktsmessig. Likevel vil ei slik kvalitativ studie kunne avdekke viktige tematikkar som informantane er opptekne av, og som kan gi eit innblikk i faktorar som kan gjelde også for ein større del av innbyggjarane i kommunen. Sjølv om studien tek for seg korleis innbyggjarar i gamle Snillfjord kommune opplever situasjonen rundt kommunedelinga- og samanslåinga, vil resultata i studien kunne nyttast som samanlikningsgrunnlag for forsking på andre kommunar i tilsvarande situasjon.
4.5 Etisk vurdering
Dette prosjektet er ein del av ein større doktorgradsstudie i regi av Indre Fosen kommune, Forskningsrådet og NTNU. Prosjektet er godkjent av Norsk senter for forskingsdata (NSD).
Datamaterialet som vart innhenta i denne oppgåva skal berre bli nytta av meg, men funna i masteroppgåva vil kunne bli brukt i ein samla rapport frå prosjektet. Kommunane Heim, Hitra og Orkland er ekstern oppdragsgivar for prosjektet. Alle informantane fekk eit
informasjonsskriv og samtykkeskjema der frivillig deltaking og behandling av personvern vart avklara.
Eg har gjennom heile prosessen vore bevisst på mi eiga forskarrolle. Det har vore viktig for meg å presentera innbyggjarane sine reelle meiningar og opplevingar om kommunedelinga så langt det let seg gjere, og ikkje verta farga av at kommunane sjølve er oppdragsgivarar. Sidan kommunane er ekstern oppdragsgivar for prosjektet, hadde vi i prosjektet eit møte med dei tidlegare i semesteret, der vi drøfta rundt kva som var ynskjeleg å forske på. Det at eg har hatt kontakt med representantar for kommunane, der dei har lagt fram sine synspunkt, kan ha gitt meg føreinntatte haldningar eller meiningar om kva innbyggjarane meiner og ynskjer, og dermed mogleggjort at eg lettare finn desse meiningane i datamaterialet.
Datamaterialet er anonymisert, der informantane har fått fiktive namn. Likevel vert det nemnt kva ny kommune informantane høyrer til, da dette er viktig informasjon for å kunne analysere om det er geografiske skilje mellom opplevingar og haldningar til delingsprosessen. Dette kan bidra til at informantane blir noko meir identifiserte. I tillegg kan det vere utfordrande å anonymisere når informantane er tilknytt små lokalsamfunn der alle kjenner alle. I slike tilfelle vil det vere enklare for innbyggjarane å kjenne att informantane enn om det hadde vore i større byar og tettstader. Dette er også grunngivinga for at alder og eventuelle andre
kjenneteikn på informantane er utelatt.