• No results found

Referat frå møtet 16.10.19 1.

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Referat frå møtet 16.10.19 1."

Copied!
3
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

NAV ROGALAND // ARBEIDS- OG VELFERDSETATEN Postadresse: Postboks 420 // 4002 STAVANGER

Besøksadresse: St. Svithunsgate 5 // Stavanger Tel: 55 55 33 33 // Faks: 52 04 73 99

www.nav.no // nav.rogaland@nav.no

// Møtedato 16.10.19

// Til stades: Monica Solberg Hansen, Mette Aske, Helge Kvamme, Pål Berger, Gerda Baustad Sirnes, Mildrid Espeland, Jan Bjørn Fiskå, Merethe Prytz Haftorsen og Anne T. Sirevåg

// Forfall: Nina Galta, Anita Gilje, Oddrun Strand Rangnes, Gyongyi Soyer, Birgit M. Hårvik og Vibeke Kårstad.

// Referent: Anne Sirevåg

// Kopi til: Egil Tengs, Anneline Teigen, Janne Sigbjørnsen Eie, John Lende, Birgit Hårvik og Anita Gilje.

Deres ref: Vår ref: 19/528 Vår dato: 25.10.2019

Referat frå møtet 16.10.19

1. Info frå organisasjonane – kva skjer angåande arbeid og inkludering? v/alle.

(Informasjonssak) – 15 min

Fontenehuset: har vore i New York. Dei skal framover ha eit møte i veka for å snakke om arbeid og studiar. Helge skal til Trondheim på seminar om ungdomsutvalg i NAV i regi av arbeids og

velferdsdirektoratet.

Kreftforeningen: har vore bekymra angående sysselsettingsutvalet. Det kan kome endringar i sykefråværsregelverket og uføretrygda. Dei har gitt innspel på høyringsnotatet Kreftforeningen sine innspel vert sende ut saman med referatet. Mykje er bra, men noko kan verta eit problem.

FFO: vararepresentant deltek denne gongen. Jan Bjørn Fiskå ynskjer at det er fleire representantar frå nordfylket. mange høyrslehemma slit med å kome i arbeid. Geir Lippestad skal kome å snakke om kva for rettar die har. Dei har hatt meistringskurs som og kunne vore nyttig for sakshandsamarar i NAV å vera med på.

A-Larm: har fått tilbakemeldingar på tilgjengelegheit. Mange slit med å kome i kontakt med NAV på telefon. Dei kjem til å vera opptekne av aktivitet. Det er viktig å verta inkludert i samfunnet i tillegg til arbeid. Fyll Dagene-messa er gjennomført. Den vert utvida til å og inkludere andre t.d.

funksjonshemma. Det vert arrangert ei liknande messe 6. november. Den er det informasjon om her:

(2)

https://www.facebook.com/events/2455291227893570/ Både kommunal aktivivtetar og andre er med på denne.

NHF: Opptekne av å få unge med funksjonshemmingar ut i arbeid. Mange unge er engasjerte i organisasjonen for tida. Kanskje Fontenehuset og kunne vore med på dette. Håpar at denne

aktivitetsmessa kan verta arrangert årleg. Det er ei utfordring er å spreie informasjonen om dei ulike aktivitetstilboda.

2. Status i NAV Arbeid og Ytelser Karmøy på sykepenger, AAP og uføretrygd, v/Birgit Hårvik (informasjonssak) – 15 min

Denne går ut.

3. Oppdatering på arbeid med inkluderingsdugnaden, v/Merethe Prytz Haftorsen – 15 min Vi er spesielt opptekne av formidling av brukarar med nedsett arbeidsevne og hol i CV-en. Korleis jobbar me med brukarane og arbeidsgjevarane? Det har vore ei god auke på kor mange me formidlar til jobb. Me har og ei god auke på kontakt med arbeidsgjevarar. Me har eit prosjekt der me aukar kompetansen til dei tilsette til å jobbe med dette. Prosjektet Helse i arbeid er eit førebyggjande tiltak der arbeidsgjevar kan få bistand frå NAV og helsetenestene (sjå vedlegg). Det kan og vera individretta mot personar som er i ferd med å detta ut av arbeidslivet. Hjelpemiddelsentralen er òg involvert i dette. Det går rett veg, pilene peikar oppover. Mette etterspør korleis ein veit kven det er som vert formidla. Det er rettleiar som følger opp den enkelte som registrerer vedkommande. Dei vert då ein del av statistikken. NAV Rogaland følger opp kontora på kva type kontakt og kor mykje kontakt ein har med brukarane.

NAV Rogaland har hatt eit møte med Signo. Der snakka dei om korleis kompetansen vår angåande høyrslehemma kan hevjas.

NAV jobbar med å hevje kompetansen på kartlegging av den enkelte brukaren sin kompetanse. A- Larm etterlyser at NAV tek meir kontakt med brukarorganisasjonane for å få til dette. Representantane frå brukarutvalet kan inviterast inn til eit møte for å diskutere dette. NAV har ikkje opplæring om den enkelte diagnose, men ein jobbar med rettleiing slik at den enkelte kan sjå moglegheitene.

4. Informasjon frå NAV Kontroll Vest, v/ Gerda Sirnes – 15 min

NAV Kontroll si oppgåve er å førebyggje, utrede og anmelde trygdesvindel. Presentasjonen vert sendt ut saman med referatet.

5. Eventuelt

Dei foreslegne endringane i regelverket for AAP slår uheldig ut for mange unge brukarar. Det kan ein bl.a. lese om i denne artikkelen. Korleis slår dette ut i Rogaland? NAV Rogaland skal forvalte den til ei kvar tid gjeldande politikken.

A-Larm poengterer at den største gruppa med psykisk sjukdom slit med depresjon. All forsking visar at den beste løysinga for depresjon er å kome i aktivitet. Fontenehuset er eining i at aktivitet er viktig og at dette kan vera eit skritt mot arbeid. Mange får seg jobb gjennom nettverk ein byggjer gjennom aktivitet. Me tek dette punktet opp igjen på neste møte.

Samansetting av brukarutvalet

(3)

Grete Røed et invitert til å presentere seg. Ho har erfaring som tilsett i NAV. Fekk fatigue etter kreftsjukdom. Kom etter kvart ut igjen i jobb hjå SMI Human. Dei siste fire åra har ho slitt med fatigue og er sjukemeldt nå. Ho vil mykje, men kroppen begrensar. Ho kan gjerne bidra i utvalet med dei ulike erfaringane ho har.

Då Haftorsen var leiar for NAV Haugsund hadde dei et brukarutval der halvparten av representantane var tilknytt ein organisasjon, medan den andre halvparten hadde vore brukarar av NAV nyleg. Kanskje det er noko me kan prøve her. Aske poengterer at det kan vera godt å ha ein organisasjon i ryggen som representant.

Fiskå er oppteken av at det er representantar frå heile fylket.

Ei utfordring er å få unge til å stille i eit utval. Kanskje me ikkje treng ein spesiell ungdom, men fleire som kan byte på det.

Merethe ynskjer at me vert einige om at me kan ha representantar som ikkje er tilknytt ein organisasjon. Mette føreslår at me diskuterer dette nærare på neste møte som ein beslutningssak.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Marie Spångberg-prisen fra fond til fremme av kvinnelige legers vitenskape- lige innsats, har som formål å stimulere kvinnelige leger til vitenskapelig innsats gjennom å belønne

overaskende at når informantene ikke hadde fortalt om sine forventninger, skyldes de e en tro på at legen kunne eller burde ha forstå det av seg selv.. Dermed vil forventninger

 Skal betalingene fortsatt avregnes mellom bankene før oppgjøret i sentralbanken, eller er det mer effektivt å gjøre opp betalinger enkeltvis direkte i Norges Bank.. Da

Åndelige og eksistensielle temaer er altså viktige for mange pasienter med alvorlig sykdom, og noen pasienter ønsker at slike temaer tas opp av leger og annet helseperso- nell..

”Sett Inn” -> Topp og bunntekst - Huk av for ønsket tekst. Relevante hjemler i forskriften om

Hvis du får deg en jobb, så kan du få nettverk som følge av det, eeh, men hvis du ikke er blant de som får en sånn jobb som du ønsker å ha etter studie, eller som trappetrinn

Ergoterapeuters kjernekompetanse om person, aktivitet og omgivelser samt samspillet mellom disse

I tider der økonomi blir hovedpremiss når helsevesenet utvikles, skal Legeforeningen være en høylydt faglig stemme og korrektiv.. Vi må også være pådrivere i å tale svake