• No results found

VEDLEGG F Intervjuguide 1, fokusgruppeintervju lærarar, før undersøkinga

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "VEDLEGG F Intervjuguide 1, fokusgruppeintervju lærarar, før undersøkinga"

Copied!
6
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

VEDLEGG F

Intervjuguide 1, fokusgruppeintervju lærarar, før undersøkinga

Kort innleiing om prosjektet. Presisera retningslinjene for fokusgruppeintervju.

A) Om norsklekser

 Kva meiner de skil norskleksa frå andre lekser?

 Har de tenkt på særskilte utfordringar når det gjeld å gje gode norskfaglege lekser?

B) Om lekser og leseopplæring

 Kva meiner de er dei viktigaste argumenta for å gje elevar lekser i norskfaget?

 Kva tankar har de om kva som skil lesing som aktivitet i timane og lesing som lekseaktivitet?

 I kva grad er leksene ein integrert del av lese- og skriveopplæringa på skulen?

 Har de tankar om korleis leksearbeidet kunne nyttast til å trena refleksjon og metakognisjon hos elevane?

C) Om lekseoppfølging

 Kva rutinar har de for å følgja opp leksearbeidet til elevane?

 Kva styrkar og svakheiter ser de med den lekseoppfølginga elevane får?

D) Om samtalen som lekseoppfølging

 Kva erfaringar har de med å gjennomføra styrte samtalar i klasserommet?

 Kva potensial trur de kan liggja i klasseromssamtalen?

 Kva må til for at ein klasseromssamtale skal fungera godt?

 Kva forventingar har de til dette å skulle jobba med samtalen som lekseoppfølging i ein periode framover?

E) Er det noko meir de meiner me skulle ha snakka om?

(2)

VEDLEGG G

Intervjuguide 2, fokusgruppeintervju lærarar, etter undersøkinga Kort gjennomgang av hovudtema. Takka for at dei har stilt opp.

A) Refleksjonar om lesebestillingane i perioden

 I veke 3, då de las Karens jul, fekk elevane velja lesestrategiar i lekse (teikning, tidslinje eller forteljingspyramide). Korleis trur de elevane opplevde det å få valfridom metode?

 I veke 4, då de las Karen, fekk elevane ein djupnestrategi i lekse (konfliktskjema – som sorterer, utdjuper, viser relasjonar, overvakar forståing). Korleis trur de elevane opplevde å arbeida med ein djupnestrategi?

 I veke 6-7 arbeidde elevane igjen med ein djupnestrategi i lekse,

førebuingsskjemaet/rolleskjemaet, med noko valfridom i kva tekstar dei las. Korleis trur du eleven opplevde denne lesebestillinga?

 Har de nokre tankar om det å gje gode lesebestillingar til skjønnlitterære tekstar kontra faglitterære tekstar i norskfaget?

B) Refleksjonar om samtalane i perioden

 De har (delvis) gjennomført tre fishbowlar. Korleis trur de elevane opplevde desse?

 Dei to fyrste fishbowlane var om noveller, den siste om to aktuelle fagtekstar/songlyrikk. Har de nokre tankar om å bruka fishbowl til å samtala om skjønnlitterære vs faglitterære tekstar?

 I den siste perioden brukte de eit rollespel for å følgja opp lesebestillingane i leksa. Korleis trur de elevane opplevde denne samtalen?

C) Om norsklekser

 Har de tenkt noko nytt om særskilte utfordringar – eller moglegheiter - når det gjeld å gje gode norskfaglege lekser?

D) Om lekser og leseopplæring – same spørsmål som i før-intervjuet, men det ligg i botn eit spørsmål om informantane har gjort seg nye tankar i løpet av perioden

(3)

 Kva meiner de er dei viktigaste argumenta for å gje elevar lekser i norskfaget?

 Kva tankar har de om kva som skil lesing som aktivitet i timane og lesing som lekseaktivitet?

 Korleis kan leksene vera ein integrert del av lese- og skriveopplæringa på skulen?

 Har de tankar om korleis leksearbeidet kunne nyttast til å trena refleksjon og metakognisjon hos elevane?

E) Om lekseoppfølging

 Generelt: Kva tenkjer de om å bruka klasseromssamtale som lekseoppfølging?

F) Om samtalen generelt

 Kva må til for at ein klasseromssamtale skal fungera godt?

 Når me tenkjer tilbake på dei forventingane de hadde til å jobba med samtalen som lekseoppfølging – i kva grad vart forventingane oppfylte?

E) Er det noko meir de meiner me skulle ha snakka om?

F) Korleis opplevde de å vera med i gruppa?

(4)

VEDLEGG H

Intervjuguide 3, fokusgruppeintervju elevar, etter undersøkinga

Kort gjennomgang om prosjektet. Presisera retningslinjene for fokusgruppeintervju.

At det er viktig at alle får seia sitt. Alle bidrag er like viktige

Vil verta transkribert og lagt som vedlegg

Ikkje nemna namn på lærarar eller medelevar – evt seia «læraren min»

Seia namnet sitt før ein seier noko

Må ikkje venta på at eg gjev ordet

Anonymisering – vil laga andre namn. Vil dei laga sjølve?

A) Om leksene i perioden

 Kva kommentarar har de til leksa til Karens jul, der de skulle velja mellom teikning, forteljingspyramide eller tidslinje?

 Kva kommentarar har de til leksa til Karen, der de skulle laga konfliktskjema?

 Kva kommentarar har de til leksa om minoritetsspråk, der de skulle bruka rolleskjema til å førebu rollespel?

o Måtte orientera seg i tekstar sjølve. Korleis var det?

B) Om lekser og leseopplæring

 Kva meiner de er dei viktigaste grunnane for å ha lekser i norskfaget?

 Kva tankar har de om kva som skil lesing som aktivitet i timane og lesing som lekseaktivitet?

 I kva grad tenkjer de at leksearbeidet heng saman med det arbeidet som skjer i klasserommet i norskfaget?

 To påstandar: 1- Det er viktig at elevane les åleine for å læra seg å verta sjølvstendige. 2 – Det er viktig at elevane samarbeider om lesing. Ta stilling til påstandane

C) Om samtalen som lekseoppfølging

 Kva kommentarar har de til å ha fish bowl?

(5)

 Kva kommentarar har de til rollespelet?

 Kva må til for at ein klasseromssamtale skal fungera godt?

D) Om lekseoppfølging

 Kva meiner de kan vera gode og nyttige måtar for lærarane å følgja opp leksearbeidet dykkar på?

E) Eg vil be dykk kommentera nokre utsegner frå spørjeundersøkinga i går:

 «eg syntest det er vanskelig og læra og interisera meg i ting som eg ikkje har interessa for, som for eksempel nordsamisk og kvensk».

o Eg vil tru at eit tema som minoritetsspråk er eit tema som mange ungdomar ikkje har eit forhold til. Kva må til for at eit slikt «tungt» tema kan verta interessant?

 «Syntest det var litt undøvendig å finne informasjon om eit miniorietspråk. Samisk er greit, men kvensk og romanisk/romani er jo små språk ein aldri høyrer om. Og såg ikkje heilt vitsen med å lese novellene Karen og Karens jul».

 «Ei god lekse lærer oss noko me kan bruka i seinare tid»

o Korleis kan lærarane skapa «røyndomsnær undervisning» av tema som mange tenkjer på som unødvendige? (at temaet eller undervisninga vert knytt til den verkelege verda, noko de har erfart eller kan erfara)

 «Teksten "skamløs" lærte eg lite av. Det var fordi med nesten ikkje jobba med den på skulen, og fordi me gjorde masse anna i tillegg».

o Kva tankar har de om det å bruka god tid på ein tekst?

 «[eg lærte lite av…] forberedingen til rollespele, fordi eg skjønte ikkje heilt kva me skulle gjera»

 (Kjenneteikn på ei god norsklekse): «At den ikje er for vansklig og skjønne. Det må vere mulig og forstå kva du skal gjere for vist ikkje er det veldig lett for at mange slurver og gjer opp eller ikkje gjer det skikkleg».

 «[eg lærte lite av…] ja, synst at me ikkje fekk ein god nok introduksjon til leksene slik at arbeidet blei gjort dårleg og sløvt».

o Kor viktig er det å forstå målet med leksene?

o Korleis brukar de måla på målarket?

(6)

 «Ei god norsklekse får deg til å tenkje vidare på temaet, og som får deg til å reflektere over det den handla om».

o Kva legg de i omgrepet refleksjon?

 Om samtalar i klasserommet:

o «Drit»

o «eg syntest ikkje det er kjekt og eg lærer ingenting av det»

o «Det var kjempe moro og svært lærerikt».

o «Positive erfaringar. ein kan lære mykje frå medelevane sine».

 Kvifor trur de elevat har opplevd samtalane så ulikt?

 Trur de det er forskjell på korleis gutar og jenter opplever det å ha samtale i klasserommet?

 Fishbowl: «- God erfaring, eg likar å veta kva me skal gjere i timane».

o Korleis vil de kommentera dette med at det er viktig å vita kva som skal skje i timane?

E) Er det noko meir de meiner me skulle ha snakka om?

F) Korleis opplevde de å vera med på dette intervjuet?

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

kunnskapsløftet og karakteren i norsk munnleg. Lærarane utrykkte også at gjennom dei skriftlege prøvene fekk dei handfast informasjon om elevane sin kunnskapsnivå på enkelte

Dette legg og elevane vekt på, at dei likte at dei på Skolecamp ikkje berre fekk diktert teorien frå ein lærar og verta fortalt kva dei skulle gjera?. For at instruktørane skal klara

Du skrev i mail at du til syvende og sist hadde ansvar for de frivillige, men at dere finner en overordnet leder for de forskjellige

  Hvilke karakteristika ved Widvey synes du er spesielt sentrale ved henne som statsråd?.   Kan du beskrive din opplevelse av Linda Hofstad

b) Går tiltakene dere gjennomfører på bekostning av kunstnerisk virke?.. Hvordan prioriterer dere tiltakene?. - Avhengig av hva de

• I hvilken grad mener du teknologi har vært viktig for vellykkede klyngeprosjekter og for innovasjonsevnen. o Er tillit og patenter

Hvordan gjør dere det når dere får bestemme5. Hva

Når ein ser det i samanheng med Linnanmäki (2006), som seier matematikkfaget er det faget i skulen som har størst innverknad på elevane si sjølvoppfatning, og at der er