UNIVERSITETET I BERGEN
DET HUMANISTISKE FAKULTETET
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)
Nordisk: Språkhistorie og talemål for integrert lektorutdanning
NOSP103-L (10 studiepoeng)
4-timars skuleeksamen – vårsemesteret 2016
07.03.2016, kl. 09.00–13.00
Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk.
Du skal svare på begge oppgåvene og alle deloppgåvene.
Sett av omtrent 2 ½ time til oppgåve 1 og 1 ½ time til oppgåve 2.
1. Språkhistorie, talemål og vestnordisk a. Kvantitetsomlegginga
I norrønt språk kunne trykktunge stavingar vere både korte, normallange og overlange. Det var altså stor variasjon i stavingskvantiteten. Dette endra seg under kvantitetsomlegginga.
– Bruk dei norrøne infinitivane nedanfor til å forklare det norrøne systemet for stavingslengde.
– Korleis endra dette seg framover mot moderne norsk?
(Hald trykklette stavingar (endestavingar) utanfor i denne oppgåva.)
baka ‘bake’ hoppa ‘hoppe’ nátta ‘bli natt, gå til ro for natta’
bíta ‘bite’ kasta ‘kaste’ rétta ‘rette’
finna ‘finne’ koma ‘komme’ reysta ‘synge, lyde’
hausta ‘bli haust, hauste’ lýsa ‘lyse opp’ svelta ‘svelte’
b. Vokalutviklinga i trykklette stavingar
Jamvekt, jamning, vokalreduksjon og apokope er nøkkelomgrep i den norske språkhistoria og utviklinga av dei moderne talemåla.
– Forklar omgrepa og bruk figuren nedanfor (tilpassa etter Helge Sandøy: Talemål, s. 183) til å gjere greie for hovudtrekk i den geografiske utbreiinga i dei norske talemåla. Bruk gjerne nokre av infinitivane frå førre deloppgåva for å illustrere.
– Korleis plasserer færøysk og islandsk seg i dette bildet?
2. Sosiolingvistikk
Gjer greie for omgrepa dialekt, standard og register, og drøft korleis og i kva grad dei kan brukast til å karakterisere det norske språksamfunnet.