• No results found

Sognekraft AS

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Sognekraft AS"

Copied!
21
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

1,11.1 I 114:

(2)

FØREORD

Utbygging av vasskraftverk med ein årleg produksjon på over 40 GWh skal i samsvar med plan- og bygningslova kap. Vll-a og tilhøyrande forskrift av 01.04.2005 alltid konsekvens- utgreiast. Føremålet med ei slik konsekvensutgreiing er å sørgje for at omsynet til miljø, naturressursar og samfunn blir teke med i vurderinga av tiltaket, og når det blir teke stilling til om, og eventuelt på kva for vilkår, tiltaket kan gjennomførast.

På oppdrag fra Sognekraft AS utarbeidde Multiconsult AS, med underkonsulentane Rådgivende Biologer, Miljøfaglig Utredning og Odel, i 2008 ei konsekvensutgreiing for Leikanger kraftverk. To alternativ vart utgreiia: Hovudalternativet (A) med inntak på kote 600 og eit mindre alternativ (B) med inntak på kote 365. I ettertid har NVE bede Sognekraft AS om å få utgreia eit nytt alternativ (C) med inntak på kote 530. Føremålet med sistnemnde alternativ er å redusere inngrepa i fjellområdet og spesielt i landskapsrommet rundt Nyastølen. Denne tilleggsrapporten omhandlar moglege positive eller negative verknader på miljø, naturressursar og samfunn av å flytte inntaka frå kote 600 og ned til kote 530.

Miljørådgjevar Kjetil Mork har utarbeidt rapporten med bistand frå arkeolog Kjell Arne Valvik, AsplanViak (kulturminne/kulturmiljø) og biolog Geir Helge Johnsen, Rådgivende Biologer (fisk/ferskvassbiologi og vasskvalitet).

Alesund, 25. februar 2012

(3)

Sognekraft AS

Konsekvensutgreiing for Leikanger kraftverk Tilleggsutgreiing nytt alternativ

INNHALD

1 UTBYGGINGSPLANANE 1

2 OMRADESKILDRING OG VERDIVURDERING 3

3 MOGLEGE KONSEKVENSAR 3

3.1 Landskap 3

3.2 Kulturminne og kulturmiljø 5

3.3 Naturmiljø (flora og fauna) 5

3.4 Inngrepsfrie naturområde (INON) 5

3.5 Fisk og ferskvassøkologi 6

3.6 Friluftsliv, jakt og fiske 6

3.7 Landbruk 7

3.8 Samfunnsmessige verknader 7

3.9 Øvrige fagområde/tema 7

VEDLEGG

Vedlegg 1. Notat kulturminne/kulturmiljø Vedlegg 2. Temakart landskap

Vedlegg 3. Temakart kulturminne/kulturmiljø Vedlegg 4. Temakart biologisk mangfald

Side ii

(4)

1 UTBYGGINGSPLANANE

I samband med konsesjonssøknaden for Leikanger kraftverk fekk Sognekraft utgreia to alternativ (A og B), med inntak på høvesvis kote 600 og 365. Etter at konsesjonssøknaden og tilleggsutgreiingar hadde vore ute på høyring, ba NVE i brev datert 11.11.2011 om at eit alternativ med inntak nedanfor samløpet mellom Friksdøla og Traståna 6g vart utgreia.

Etter nærmare vurderingar er inntaka til det nye alternativet (C) lagt til kote 530. Tverrslaga er flytta litt lenger ned i dalen (Iågare i terrenget), men tippområda blir som før (som for alt. A).

Vidare inneber alt. C at det vert bygd veg fram til inntaket til det kommunale vassverket, som er planlagt i Traståna på kote 600 (men det er mogleg at dette kan flyttast ned til kote 530 dersom inntaka til kraftverket vert flytta).

Figur 1 gjev ein oversikt over dei ulike alternativa, med hovudfokus på alternativ C.

Når det gjeld planlagt minstevassføring i vassdraga er det ingen endringer i forhold til det som er omsøkt. Utbyggjar sitt forslag er som følgjer:

Grindselvi:

( 164 l/s i perioden 1.mai —30.september 82 lIs i perioden 1.oktober —30.april Henjaelvi

254 l/s i perioden 1.mai —31.mai og 16.august —30.september 754I/s i perioden 1.juni —15.august

127I/s i perioden 1.oktober —30.april

(5)

sA0

Sognekraft AS

yet Leikangerkraftverk /4„,„AltC.Inntakkote530 %ftpch,», Alereha~,' AlternativA Inntak Tunnel AlternativB Inntak Tunnel AlternativC InntakLeikangerkr.v. Inntakvassforsyning Koplingsanlegg Kraftverk Kraftlinje Anleggsveg s.-Tunnel Tverrslag Massetipp Kartgrunnlag:N50

ati HeS1f101101

Rtlyt Kjerrrifia. fietT,

(usdsIsdr<1 ,tortistoleri Sl'agaset- Rt,q4,84,„,1 Rffin. fJellet

Snau, yarli...,rfjLig4å9S';51..,r•

••••..r,mr _

mes,,,t•'•• Leikangel-re,kange,.sywom ""mansverk

494. f4d.aSt@if.11 5110,1sh, .'"IT4ne 7,1

Utarbeidtav: PlIULI,CONS11.11.1" MULTICONSULTAS

Ekvidistanse:20m 00,5115km Figur1.Oversiktskartsomviserutbyggingsplanane.

(6)

2 OMRÅDESKILDRING OG VERDIVURDERING

Vi viser til fagrapportane frå 2008, samt vedleggskarta bakerst i rapporten, for ei oppsummering av influensområdet sine kvalitetar og verdiar innanfor dei ulike fagområda/

temaene.

3 MOGLEGE KONSEKVENSAR

I dei påfølgjande kapitla er konsekvensane av det nye alternativet (C) vurdert i forhold til konsekvensane for det omsøkte alternativet (A).

3.1 Landskap

Tabellen under oppsummerer den landskapsmessige verknaden av å flytte inntaka frå kote 600 (alt. A) til kote 530 (alt. C). Den planlagde minstevassføringa i elvane, samt lokalisering av massedeponi, anleggsveg og tunnelpåhogg m.m., vil i liten grad bli endra, så skilnaden mellom dei to alternativa er då i all hovudsak knytta opp mot plasseringa av inntaka og lengda på elvestrekningar med redusert vassføring. Sjå også vedlegg 1.

Landskapsrom

Hermannsverk

Henjadalen

Grindsdalen

Vurdering

Ingen vesentlege endringar i forhold til omsøkt alternativ.

Konsekvensar som for alt. A

Inntaka i Skulåna og Reiseteåi blir liggande 70 høgdemeter lågare enn det som var skissert for hovedalternativet, og noko kortare elvestrekningar vert påverka av utbygginga. Skuleåna er veldig lite synleg i dette landskapsrommet, medan nedre del av Reiseteåi er eit meir sentralt landskapselement. Den landskaps- messige verknaden av å flytte inntaka er imidlertid relativt liten, sett frå dei stadane folk normalt ferdast.

Elles er inngrepa i dette landskapsrommet i stor grad som for alt. A.

Inntaket i Skitstøla vert flytta 70 høgdemeter ned, men denne delen av elva er svært lite synleg i landskapet.

Elles ingen vesentlege endringar i forhold til omsøkt alternativ. Konsekvensar som for alt. A

Verknad av å flytte inntaka til

kote 530 Ubetydeleg/ingen

(0)

Ubetydeleg til liten positiv

(0/+)

Nyastølen Flytting av inntaka frå kote 600 til kote 530 (nedanfor samløpet mellom Friksdøla og Traståna) vil redusere utbygginga sin påverknad kulturmiljøet og landskapskvalitetane knytta til Nyastølen. Alternativ C vil oppretthalde den naturlege vassføringa i dei tre elvane, som alle er sentrale landskapselement og viktige for området sine landskapskvalitetar. Med ei god landskapsmessig tilpasning av rnassedeponi og anleggsveg vil Nyastølen bli lite påverka av utbygginga reint visuelt. Ei utbygging iht alternativ C vil då medføre at Nyastølen opprettheld mykje av sine kvalitetar med tanke på landskapsoppleving.

Store Ingen vesentlege endringar i forhold til omsøkt alternativ.

Trastadalsvatnet Konsekvensar som for alt. A

Grinde Ingen vesentlege endringar i forhold til omsøkt alternativ.

Konsekvensar som for alt. A

Middels positiv (++)

Ubetydeleg/ingen (0) Ubetydeleg/ingen

(0)

Ubetydeleg/ingen (0)

(7)

Sognekraft AS

Konsekvensutgreiing for Leikanger kraftverk Tilleggsutgreiing nytt alternativ

Gråurane Talet på inntak i dette området vert redusert frå fire til to, og ca. 1150-1200 m med elvestrekning vert spart i forhold til alt. A. I dette landskapsrommet vil planlagt massedeponi utgjere det største inngrepet, og her er det ingen vesentleg skilnad på alt. A og C.

Kvernhusgilet Ingen vesentlege endringar i forhold til omsøkt alternativ. Ubetydeleg/ingen

Konsekvensar som for alt. A (0)

Liten positiv (+)

Figur 2.Elvane er viktige landskapselement i det opne landskapet rundt Nyastølen. Det øverste bildet er teke omtrent ved planlagt inntak for alt. C.

Side 4

(8)

3.2 Kulturminne og kulturmiljø

Vi viser til Vedlegg 1 (notat utarbeidt av arkeolog Kjell Arne Valvik i AsplanViak) for ei meir detaljert utgreiing. I oppsummeringa si skriv han:

"I Alt. C er nokre av tiltaka (200 meter av anleggsvegen og inntak) knytt til kraftutbygginga flytt lenger ned i Henjadalen. Dette gjer at Nyastølen ikkje vert direkte råka av tiltak i tilknyting til stølsmiljøet der. I tillegg vil ein ikkje få redusert vassføring i stølsområdet. Desse tiltaka gjer at Alt. C får mindre konsekvensar for kulturminne og kulturmiljø enn i hovudalternativet A.

Effekten av å flytte inntaka lenger ned i dalen blir likevel avgrensa i høve til hovudalternativ A, etter som anleggsvegen likevel er planlagt fram til kommunalt vassinntak i Traståna.

Konsekvensane for kulturminneverdiane i øvre del av Henjadalen ville blitt mykje redusert om vassinntaket i Traståna vart lagt oppstraums inntaket i Alt. C, slik at anleggsvegen kunne avsluttast her. Alt. C ville då vore eit endå betre alternativ for kulturminneverdiane og opplevinga av desse i Henjadalen, særleg i høve til kulturmiljøet med automatisk freda kulturminne på Nyastølen. Kulturmiljøet her inngår i ein kulturhistorisk samanheng med dei automatisk freda stølsmiljøa Heimste Friksdal og Svolset i øvre del av Henjadalen."

Verknad av å flytte inntaka frå kote 600 (A) til kote 530 (C): Ubetydeleg til liten positiv konsekvens (01+) dersom vassinntaket framleis blir liggande på kote 600, og middels positiv konsekvens (++) dersom vassintaket ôg vert flytta ned til kote 530 (og vegen sluttar her).

3.3 Naturmiljø (flora og fauna)

Som vist i Vedlegg 2 er det ingen viktige naturtypar mellom kote 530 og 600 i dei aktuelle elvane. Verknaden på det biologiske mangfaldet av å flytte inntaka frå kote 600 til kote 530 er då i første rekkje knytta opp mot tilhøva for vassdragstilknytta artar av fugl. Det er gjort fleire observasjonar av fossekall rundt Nyastølen (sannsynlegvis 2-3 par), og for desse vil ei flytting av inntaka ned til kote 530 medføre at hekkemoglegheitene i elvane rundt Nyastølen vert oppretthaldne. I Grindsdalen vil endringa ha lite å seie for det biologiske mangfaldet.

Verknad av å flytte inntaka frå kote 600 (A) til kote 530 (C): Liten positiv konsekvens (+).

3.4 Inngrepsfrie naturområde (INON)

Når det gjeld inngrepsfrie naturområde (INON) iht DN sin definisjon vil ei justering av planane berre medføre små endringar. Dette skuldast at det i første rekkje er inngrepa ved Store Trastadalsvatnet, dvs. auka utnytting av kapasiteten mellom LRV og HRV, som er utslagsgjevande for tapet av INON, og her er det ingen skilnad på alt. A og alt. C. Flytting av inntaka i Grindselvi, Gildøla, Skulåna og Reiseteåi ned til kote 530 vil imidlertid medføre ein liten reduksjon i tapet av INON. Den positive verknaden på dagens INON ved å flytte inntaka i Grindselvi ned til kote 530 vil imidlertid bli "oppheva" ved bygging av den nye 132 kV linja mellom Grindsdalen og Fjærland.

Verknad av å flytte inntaka frå kote 600 (A) til kote 530 (C): Ubetydeleg til liten positiv konsekvens (01+).

DN sine INON-kart er ikkje alltid like godt eigna til å vise korleis områda framstår for folk som ferdast i terrenget, eller verknaden av eit eventuelt tap av denne typen areal. Sjølv om det talmessige utslaget på INON som følgje av at inntaka vert flytta ned til kote 530 er lite, vil endringa i praksis føre til at området rundt Nyastølen framstår som tilnærma uberørt etter utbygging (spesielt når skråningar og fyllingar langs anleggsvegen opp til inntaket til vassverket er revegeterte). Dei positive konsekvensane av dette er omtala under landskap og friluftsliv, jakt og fiske.

(9)

Sognekraft AS

Konsekvensutgreiing for Leikanger kraftverk Tilleggsutgreiing nytt alternativ

3.5 Fisk og ferskvassøkologi

Tilleggsutgreiinga på ferskvassøkologi (Rådgivende Biologer, 2010) seier følgjande om elvestrekninga frå Nyastølen og ned til Flyane:

På den øverste delen av denne strekningen er elven stri og renner hovedsakelig i stryk. Det er flere permanente vandringshinder for fisk på strekningen, men også parti som er vandringshinder under spesielle vannføringer. Noen steder går elven i flere løp. I området rundt samløp med Reiseteåi er elven roligere og her finnes noen høler. Elven er 6 til 20 m bred i dette området og har substrat av stein og blokk med sand og grusflekker innimellom.

Som for området oppstrøms kan en finne små lommer med gytesubstrat, men her er begrenset med områder som er egnet som leveområde for aure. Fisken i området er delvis reprodusert på strekningen, men er trolig dels fisk som har sluppet seg ned fra innsjøer oppstrøms.

Henjaelvi har i områden ved Fivelhola og Flyane egne bestander av aure, elvestrekningene utenom disse partiene er det sporadiske forekomster av aure, men ikke egne bestander. Redusert vannføring vil gi lengre perioder med redusert vanndekning i elven sammenlignet med naturtilstanden. For store deler av strekningen er fisken i elven lokalisert til områder med høler eller loner som ved Fivelhola og Flyane. Det er derfor ventet at redusert vannføring bare vil gi liten negativ virkning på fisken i elven.

Rådgivende Biologer konkluderer med andre ord med at det i hovudsak er elvestrekninga mellom Fivelhola og Flyane som har ein eigen bestand av fisk, men ôg at det førekjem noko fisk rundt Nyastølen. Fisken i elva oppe ved Nyastølen er sannsynlegvis eit resultat av tidlegare utsetjingar eller at fisk slepp seg ned frå Store Trastadalsvatnet, sidan det er fleire vandringshinder lenger ned i elva (fisken kan ikkje vandre opp frå Flyane). Elvestrekningane rundt Nyastølen (mellom kote 600 og 530) har difor liten verdi når det gjeld fisk. Det er heller ikkje påvist andre viktige ferskvassorganismar (som ål) i dette området. Konsekvensane av ei utbygging for fisk og ferskvassøkologi er i stor grad knytta til Store Trastadalsvatnet og nedre del av Henjaelvi, og det er difor liten skilnad mellom dei to alternativa når det gjeld konsekvensgrad.

Verknad av å flytte inntaka frå kote 600 (A) til kote 530 (C): Ubetydeleg til liten positiv konsekvens (01+).

3.6 Friluftsliv, jakt og fiske

Dei viktigaste verdiane i området rundt Nyastølen er knytta til friluftsliv, kulturmiljø og landskapsoppleving, og dei vurderingane som er gjort under temaene kulturmiljø og landskap er difor svært relevante også for friluftsliv, jakt og fiske. Ei flytting av inntaka frå kote 600 og ned til 530 vil ha lite å seie for jakt og fiske i øvre del av Henjadalen på sikt (i driftsfasen), men vil som tidlegare nemnt vere positivt med tanke på å oppretthalde Nyastølen sine visuelle kvalitetar og verdi som friluftsområde. Det opne landskapsrommet her har kvalitetar som ein i liten grad finn lenger nede i Henjadalen. Ei flytting av inntaka frå kote 600 til kote 530 vil 6g føre til at dei fleste inngrepa skjer i eit skogsområde, der det er lettare å oppnå ei god landskapsmessig tilpassing. Ei god arrondering, tildekking med jord og naturleg revegetering (skog) av planlagt massedeponi vil føre til at deponiet på sikt vert lite synleg og at dei langsiktige verknadene for landskapsopplevelse og friluftsliv i Henjadalen då er knytta til redusert vassføring nedstraums inntaket.

Verknad av å flytte inntaka frå kote 600 (A) til kote 530 (C):Middels positiv konsekvens (++).

Side 6

(10)

3.7 Landbruk

For landbruket i området er konsekvensane av ei utbygging iht alt. A vurdert som positive.

Dette skuldast i første rekkje flaumdeping, bygging av anleggsveg inn til Traståna (ein veg som vil lette tilsynet med beitedyr og legge til rette for uttak av skog), samt auka inntekter til gardsbruk med fallrettar. Alternativ C vil ikkje medføre vesentlege endringar når det gjeld flaumdeping og anleggsvegen, sidan denne må gå opp til inntaket til vassforsyninga, og den positive verknaden av desse to faktorane er meir eller mindre lik for dei to alternativa. Når det gjeld inntektene til gardsbruk med fallrettar, så er dei knytta opp mot overskotet til kraftverket.

Ei redusert utbygging (alt. C) vil redusere overskotet og dermed også inntektene til fallrettshavarane (det er per i dag ikkje gjort nokon berekning som viser kor mykje dette vil utgjere i kroner og øre).

Verknad av å flytte inntaka frå kote 600 (A) til kote 530 (C): Liten negativ konsekvens (-).

3.8 Samfunnsmessige verknader

Den kommunale økonomien kan prinsipielt bli påverka på følgjande måte ved utbygging av vasskraft:

Skatte- og avgiftsinntekter frå kraftverket, samt tildelt konsesjonskraft.

Indirekte skatteinntekter frå prosjektet skapt gjennom ringverknader i lokalsamfunnet.

Eventuelle negative verknader på kommuneøkonomien som følgje av negative konsekvensar for andre næringar som landbruk, reiseliv osv.

Endringar i statlige overføringar som følgje av endra inntektsgrunnlag.

Auka utbytte frå kraftselskapet (dersom kommunen er medeigar).

Sal / utleige av eventuelle eigedoms- eller fallrettar.

Ei redusert utbygging (alt. C), med ein årsproduksjon på 160 GWH (182 GWh for alt. A) og ein utbyggingspris på 3,62 kr/kWh (3,45 kr/kWh for alt. A) vil mellom anna:

Redusere dei direkte og indirekte skatte- og avgiftsinntektene.

Redusere Leikanger kommune sitt utbytte frå Sognekraft.

Redusere lønnsemda til prosjektet (overskotet av drifta), noko som vil redusere inntektene til fallrettshavarane (kommunen og andre grunneigarar).

Det er ikkje gjennomførte berekningar av storleiken på reduksjonen, men fleire av postane er proporsjonale med utbyggingskostnad eller produksjon, og inntektene til kommunen vil sannsynlegvis kunne nedskalerast omtrent tilsvarende som desse (8 12 %). Dei totale inntektene til kommunen var opprinneleg (alt. A) utrekna til ca. 4,2 mill. kr. (frå det 7 driftsåret), medan dei for alt. C sannsynlegvis vil bli redusert til ca. 3,7-3,8 mill. kr.

Verknad av å flytte inntaka frå kote 600 (A) til kote 530 (C): Liten negativ konsekvens (-).

3.9 Øvrige fagområde/tema

For dei øvrige fagområda i konsekvensutgreiinga (sedimentransport og erosjon, lokalklimatiske tilhøve, støy og luftforureining, ferskvassressursar, georessursar, marine resursar m.m.) er det ikkje venta vesentlege endringar som følgje av ei flytting av inntaka frå kote 600 til kote 530.

Verknad av å flytte inntaka frå kote 600 (A) til kote 530 (C): Ubetydeleg/ingen konsekvens (0).

(11)

asplan viak Vedlegg 1

Multiconsult AS / Sognekraft AS Oppl 528612 —Leikanger kraftverk DeT Fagtema kulturminne og kulturmiljø

Dato 2012-01-26

Skrive Kjell Arne Valvik

Kvalitetskorlrul K'ersti Vevatne

LEIKANGER KRAFTVERK - VURDERINGAR AV ALTERNATIV C FOR FAGTEMA KULTURMINNE OG KULTURMILJØ

INNHALD

1 Innleiing 1

2 Utbyggingsplanane 2

3 Omfangs- og konsekvensvurdering alternativ C 3

4 Oppsummering 6

1 INNLEIING

Vurderingane er utført i samsvar med krav i brev av 11.11.2011 frå NVE, knytt til eit nytt Alt.

C. Alternativet er vurdert i høve til kulturminne og kulturmiljø i dei to dalføra; Henjadalen og Grindsdalen, med hovudvekt på Henjadalen og Nyastølsområdet. Notatet inneheld vurderingar av omfang og konsekvensar for kulturminne og kulturmiljø knytt til Alt. C i desse områda. For nærare skildring av metode, verdivurderingar og avbøtande tiltak viser vi til tilleggsrapport for kulturminne og kulturmiljø knytt til Alt. A og B. Avslutningsvis i dette notatet blir Alt. C sett opp mot dei tilleggsutgreia alternativa A og B. Dette notatet om konsekvensar for kulturminne og kulturmiljø utgjer eitt av fleire grunnlagsdokument knytt til fagtemaet, og til den samla konsekvensutgreiinga til konsesjonssøknaden.

Asplan Viak AS —Sogneflordvegen 40, 6863 Leikanger asplanviak.no

(12)

NOTAT

2 UTBYGGINGSPLANANE

I samband med konsesjonssøknaden for Leikanger kraftverk fekk Sognekraft utgreidd to alternativ (A og B), med inntak på høvesvis kote 600 og 365. Etter at konsesjonssøknaden og tilleggsutgreiingar hadde vore ute på høyring, bad NVE i brev datert 11.11.2011 om at eit alternativ med inntak nedanfor samløpet mellom Friksdøla og Traståna Cg vart utgreidd.

Etter nærmare vurderingar er inntaka til det nye alternativet (C) lagt til kote 530. Tverrslaga er flytta litt lenger ned i dalen (Iågare i terrenget), men tippområda blir som før (som for alt.

A). Vidare inneber alt. C at det vert bygd veg fram til inntaket til det kommunale vassverket, som er planlagt i Traståna på kote 600. Alternativ A innebar ein kort vegstubb (ca. 200 m) frå Traståna til inntaket i Myrdalselvi, men denne vegstubben utgår dersom alternativ C vert realisert.

Figur 1 gjev ein oversikt over dei ulike alternativa, med hovudfokus på alternativ C.

Figur 1. Utbyggingsplanane, Alt. A - C.

Sog nekraft AS

Le,kange. kraftverk AFt G IF-ntak p kote 530

Alternativ A

Alternativ B ln,tak _ unn€:

Alternativ C 1r,n3k le kancje, Irr,,k vassfo,ynIng

,raf';:erk

T,-rs;dc '

KartcjwrInlag. N50

EkvId1,-,tan,e, 20

Lr

Utarbeidt av:

III

III

MULT CCI,'"4SJL'! AS

,Arn

For nærmare skildring av utbyggingsplanane A og B viser vi til konsekjonssøknaden.

(13)

* asplan viak NOTAT 3 OMFANGS- OG KONSEKVENSVURDERING ALTERNATIV C

Sognekraft AS

Alternativ C og kulturmiljø Grinde / Engjasete / Grindsdalen nedre del

For Grindsdalen nedre del er det lite skilnader mellom Alt. A og C, med berre ei lita endring knytt til inntaket i Skitstøla. Alternativet er derfor vurdert likt med Alt. A. Omfanget som utbyggingsalternativ C har på kulturmiljø Grinde / Engjasete / Grindsdalen nedre del er vurdert til lite negativt.

Stort Middels Lite Intet Lite Middels Stort negativt negativt negativtpositivt positivt positivt

I I I I I Omfang

Stor kulturhistorisk verdi samanhalde med lite negativt omfang girliten negativ konsekvens

Lerkanger kraftverk Alteroat, C

Askeladden Freda bogningar Ar-keologrske krftuenirere Arkeolorske kulturrnone

SEFRAK

Ru,n eiter flerna oetekt Meto;legspfikt,g Anne SEFRAK-Mg Kultunnibo

Mddeis verdJ 1.1 Stor verd,

"! Å,t

r

4i1" t

i•!•

Figur 2. Temakart kulturminne og kulturmiljø.

kartgrenntag. 550

Ekvdstanse. 20ro

Utarbeidt av:

Leikanger kraftverk —Vurderingar av Alternativ C for Fagtema kulturminne og kulturmiljø 3

(14)

NOTAT

Alternativ C og kulturmiljøGrindsdalenøvre del

I alternativ A er det fire inntak i Grindsdalen øvre del medan det i C er to. Inngrepa er i større grad samla tett på massetippen i alternativ C, til eit område med ingen kjende kulturminneverdiar (steinur og myrområde). Strekninga med redusert vassføring i vassdraget blir kortare. Dette alternativet er derfor noko betre med omsyn på stølsområda i Gildal og på Nyastølen, samt buføringsvegane fram til desse stølane. Omfanget er knytt til visuell innverknad og opplevinga av kulturminne og kulturmiljø.

Stort Middels Lite Intet Lite Middels Stort negativt negativt negativtpositivt positivt positivt

Omfang

Middels kulturhistorisk verdi samanhalde med lite negativt omfang gir ubetydelegtil liten negativ konsekvens(0/-).

Alternativ C og kulturmiljø Henjadalen nedre del

Omfanget som utbyggingsalternativ C har på kulturmiljø Henjadalen nedre del er vurdert til lite til middels negativt. Omfanget er knytt til redusert vassføring og etablering av anleggsveg.

Stort Middels Lite Intet Lite Middels Stort negativt negativt negativtpositivt positivt positivt

I Omfang

Middels kulturhistorisk verdi samanhalde med lite til middels negativt omfang gir liten negativ konsekvens (-).

Alternativ C og kulturmiljø Henjadalen øvre del

Omfanget som utbyggingsalternativ C har på kulturmiljø Henjadalen øvre del er vurdert til lite negativt. I dette alternativet er inntak samla nedanfor samløpet mellom Friksdøla og Traståna. Tverrslaget er flytta litt lenger ned i dalen (Iågare i terrenget), men tippområdet blir som før (som for alt. A). Vidare inneber alt. C at det vert bygd veg fram til inntaket til det kommunale vassverket, som er planlagt i Traståna på kote 600. Alternativ A innebar ein kort vegstubb (ca. 200 m) frå Traståna til inntaket i Myrdalselvi, men denne vegstubben utgår dersom alternativ C vert realisert.

(15)

aspian viak NOTAT

Stort Middels Lite Intet Lite Middels Stort negativt negativt negativtpositivt positivt positivt

I I I I lOmfang

Stor kulturhistorisk verdi samanhalde med lite negativt omfang gir liten til middels negativ konsekvens (4--).

Massetipp og inntak blir liggjande om lag i same området. Tiltaka blir derfor samla, og i mindre omfang (færre inntak). Det er ikkje kjende kulturminneverdiar innafor kulturmiljøet i det aktuelle området for massetipp og inntak. Omfanget av tiltaket er knytt til visuell innverknad, og dermed redusert opplevingsverdi, hovudsakleg langs buføringsvegen fram til stølsområda Nyastølen, Heimste Friksdal og Svolset. Buføringsvegen kan bli direkte råka av massetipp og anleggsveg. Frå stadene med dei viktigaste kulturhistoriske miljøa innafor kulturmiljøet blir massetippen ikkje synleg, som t.d. Heimste Friksdal og Svolset. Frå Nyastølen vil massetippen bli noko synleg. Det ligg ein liten "rygg" mellom massetippen og stølen som gjer at den visuelle innverknaden på vert noko avgrensa. Nyastølen vert ikkje råka av redusert vassføring. Det vil bli bygd veg fram til det kommunale inntaket for vassforsyning. Vegen går ikkje inn på stølsvollen på Nyastølen, men blir liggjande i utkanten.

Vegen og inntaket for vassforsyning vil ha negativ innverknad på det elles urørte stølsmiljøet på Nyastølen.

Konsekvensane for kulturminneverdiane i øvre del av Henjadalen ville blitt mykje redusert om vassinntaket i Traståna vart lagt til området frå tippområdet til oppstraums inntaket i dette alternativet (kote 530), slik at anleggsvegen kunne avsluttast her.

Leikanger kraftverk —Vurderingar av Alternativ C for Fagtema kulturminne og kulturmiljø 5

(16)

4 OPPSUMMERING

Moglege konsekvensar for kulturminne og kulturmiljø som følgje av dei ulike utbyggingsalternativa.

Kulturmiljø Verdi Alt A Alt B Alt C

Grinde / Engjasete / Stor verdi Liten negativ Stor negativ Liten negativ konsekvens (-)

Grindsdalen nedre del konsekvens (-) konsekvens (---)

Grindsdalen øvre del Middels Liten negativ Ubetydeleg Ubetydeleg til liten negativ

verdi konsekvens (-) konsekvens (0) konsekvens (0/-)

Henjadalen nedre del Middels Liten negativ Liten negativ Liten negativ konsekvens (-)

verdi konsekvens (-) konsekvens (-)

Henjadalen øvre del Stor verdi Middels negativ Ubetydeleg Liten til middels negativ konsekvens (--) konsekvens (0) konsekvens (-/--)

Samla vurdering Liten til middels negativ

konsekvens (-/--)

Middels negativ konsekvens (--)

Liten negativ konsekvens (-)

Rangering (1 til 3, der - 2 3 1

1 er best)

Dei største konsekvensane av tiltaket for kulturhistoriske verdiar ved ei utbygging etter alternativ C finn vi innanfor kulturmiljøet Henjadalen øvre del. Her er det planlagt å byggje anleggsveg, massetipp, tverrslag og inntak. Tiltaka i øvre del av Henjadalen kjem ikkje i direkte konflikt med kjende automatisk freda kulturminne ut over buføringsvegen.

Konsekvensane her er avgrensa til visuell innverknad på det elles urørte kulturmiljøet.

Anleggsveg fram til planlagt kommunalt vassinntak får nærføring til stølsområdet på Nyastølen med automatisk freda kulturminne. Dette vil gripe inn i, og redusere opplevinga av det urørte kulturmiljøet. I nedre del av Henjadalen er konsekvensane knytt til etablering av anleggsveg og redusert vassføring i Henjaelvi, der innverknaden er størst i høve til stølsvollen på Flyane.

Innafor kulturmiljøet Grinde / Engjasete / Grindsdalen nedre del er konsekvensane knytt til alternativ A og C i første rekkje knytt til visuell innverknad av redusert vassføring og hogstgate knytt til kraftlinja frå Seljevollen og fram til Suppam. Kraftlinja vil ikkje fysisk råke kulturminne på Seljevollen, men siste strekket frå lia og over til koplingsanlegget går i spenn over stølsvollen med kulturminne frå både førhistorisk tid og nyare tid.

For kulturmiljøet i øvre del av Grindsdalen er konsekvensane knytt til Alt. C mindre enn i Alt.

A, sjølv om det er her dei største tiltaka ligg (massetipp og inntak). Konsekvensen her er hovudsakleg knytt til redusert opplevingsverdi innanfor kulturmiljøet. Det er ikkje kjende kulturminneverdiar i det aktuelle området for massetipp.

Alternativ C vil samla sett vere det beste med omsyn på kulturminne og kulturmiljø.

Konsekvensane av Alt. B vil vere minst med omsyn på kulturminneverdiane i øvre del av Henjadalen og øvre del av Grindsdalen. For Grindsdalen nedre del vil Alt. B vere det

(17)

%plan viak NOTAT

alternativet som gjev størst konsekvensar for kulturminne og kulturmiljø. I den samla vurderinga og rangeringa er kulturminneverdiane innafor det nasjonalt verdifulle kulturlandskapet på Grinde vektlagt. Alternativ B er derfor rangert som det dårlegaste alternativet.

I Alt. C er nokre av tiltaka (200 meter av anleggsvegen og inntak) knytt til kraftutbygginga flytt lenger ned i Henjadalen. Dette gjer at Nyastølen ikkje vert direkte råka av tiltak i tilknyting til stølsmiljøet der. I tillegg vil ein ikkje få redusert vassføring i stølsområdet. Desse tiltaka gjer at Alt. C får mindre konsekvensar for kulturminne og kulturmiljø enn i hovudalternativet A.

Effekten av å flytte inntaka lenger ned i dalen blir likevel avgrensa i høve til hovudalternativ A, etter som anleggsvegen likevel er planlagt fram til kommunalt vassinntak i Traståna.

Konsekvensane for kulturminneverdiane i øvre del av Henjadalen ville blitt mykje redusert om vassinntaket i Traståna vart lagt oppstraums inntaket i Alt. C, slik at anleggsvegen kunne avsluttast her. Alt. C ville då vore eit endå betre alternativ for kulturminneverdiane og opplevinga av desse i Henjadalen, særleg i høve til kulturmiljøet med automatisk freda kulturminne på Nyastølen. Kulturmiljøet her inngår i ein kulturhistorisk samanheng med dei automatisk freda stølsmiljøa Heimste Friksdal og Svolset i øvre del av Henjadalen.

Dei største negative konsekvensane for kulturminne og kulturmiljø er knytt til alternativ B i Grindsdalen nedre del, og til alternativ A i Henjadalen øvre del. Alternativ C står fram som det beste alternativet med omsyn på kulturminne og kulturmiljø når vi ser begge dalføra samla.

Leikanger kraftverk —Vurderingar av Alternativ C for Fagtema kulturminne og kulturmiljø 7

(18)

Vedlegg2 crovotiffp heiletRi.ne1.41'' '"'PP.!m0000 "***wmo• 14, leikingcr;:""'

tatmø,

Kartgrunnlag:N50 Ekvidistanse:20m o0511,52 lillitililliiiill Utarbeidtav: NIULTICONSU MULTICONSULT

Sognekraft

Leikangerkraftverk Alt.C:Inntakkote Teiknforklaring Landskapsrom(verdi) Middelstilstor Middels Litentilmiddels

(19)

Sog nekraft AS

Leikangerkraftverk Alt.C:Inntakkote530 Askeladden Fredabygningar Arkeologiskekulturminne Arkeologiskekulturminne SEFRAK Ruinellerfjernaobjekt Meldingspliktig AnnaSEFRAK-bygg Kulturmiljø Middelsverdi Storverdi NEtt Kartetmneheldkulletntinneregistred tAskeladdenttlleggIIdettefinstdet eirekktefornminnerornradetsom rkkieefregistredidennedatabasen Kartgrunnlag:N50 Ekvidistanse:20m 00,511,5km Utarbeidtav: IMULTICONSULT MULTICONSULTAS

Ellirbotn Riftt seff/..#0. SIL.,„ _ 429603196,05,4 ip;vpa,supiki.. 'sK#.0'pa ••

10590,6

Ovetfak.

(20)

Slafje1/4,t

Vedlegg4 kooopr, '1,(1e4/041,k, 15 ge, Hermanserk

Utarbeidtav: MULTICONSULT MULTICONSULTAS

Sognekraft

Leikangerkraftverk Alt.C:Inntakkote Teiknforklaring Naturtyper 11.Sværtviktig(A)

Viktig(B)

fl

Lokaltviktig(C) Kartgrunnlag:N50 Ekvidistanse:20m 00511,52

(21)

á

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Kverve kraftverk vil nytte eit fall på 130 meter i Vaksvikelva, frå vassinntaket på kote 200 til kraftstasj onen på kote 70. Vassvegen er planlagd som 2540 meter nedgrave røyrgate

Øyrane kraftverk vil utnytte fallet mellom kote 552 med eit inntak på vestre side av utløpet frå Røyrvikstøylsvatnet og til kote 265 (utløp/turbinsenter) der vatnet blir sleppt ut

I Multiconsult si tilleggsutgreiing frå Februar 2012 er det lagt til grunn at inntaket for det kommu- nale vassverket framleis skal vere på kote 600, og at det ikkje skal flyttast

Søknad for bygging av Osane kraftverk, Suldal kommune, vart sendt på høyring frå NVE 22.12.2005.. Prosjektet vil utnytte delar av vassføringa i Steinstølåna frå kote 702 til

Grytavatnet kraftverk vil nytte eit fall på 255 meter i Vaksvikelva, frå vassinntaket på kote 475 til kraftstasjonen på kote 220.. Vassvegen er planlagd som 3490 meter

Kverve kraftverk vil nytte eit fall på 130 meter i Vaksvikelva, frå vassinntaket på kote 200 til kraftstasjonen på kote 70.. Vassvegen er planlagd som 2540 meter nedgrave

Kverve kraftverk vil nytte eit fall på 130 meter i Vaksvikelva, frå vassinntaket på kote 200 til kraftstasjonen på kote 70.. Vassvegen er planlagd som 2540 meter nedgrave

“Etter utbygging og uttak av vatn” er kommunal vassforsyning (A) trekt frå ved kote 600 og etter situasjonen ved kote 90 består såleis av forbitapping til minstevassføring(B)