• No results found

Josef Stalin døydde 5. mars 1953, etter over 30 år i sovjetisk toppleiing, størstedelen av tida som suveren eineherskar. Han let etter seg eit stort tomrom i Kreml, og dei to første åra etter Stalin må nærmast kallast eit interregnum. Ingen klar arvefølgjar stod fram. Truleg var det statsminister Malenkov og ikkje minst utan-riksminister Molotov som i desse åra hadde mest å seia over u tanrikspoli tikken.

Del første kommentarane til norsk forsvars- og basepolitikk i tida etter Stalin bar ikkje bod om grunnleggjande nye sovjetiske synspunkt. Likevel vart det lagt merke til at dei sovjetiske artik-lane hadde ein noko mildare tone enn før. Dette var tydeleg i ein Isvestija-artikkel l. juli 1953, der ladde uttrykk som «dei ameri-kanske imperialistane og deira lakeiar» og «den aggressive Atlan-terhavspakta» etc. var erstatta med meir nøytrale formuleringar.

Dette var ikkje noko særtrekk ved kommentarane som galdt Norge. Språkbruken overfor Vesten var på denne tid relativt moderat, og russarane streka ofte under at tida no var inne til å minska den internasjonale spenninga. I tillegg til dette var det to endringar som fall i augo. For det første vart NATOs militærut-bygging ikkje lenger fordømt primært som ledd i åtaksplanar mot Sovjetunionen, men fordi den stod i motstrid til arbeidet for fred og internasjonal avspenning. For det andre var det, i sterk motset-nad til dei føregåande artiklane, praktisk talt ingen kritikk av norske og danske politikarar.

Ansvaret for NATO-aktiviteten i Skandinavia vart lagt på

<<NATOs militære klikk», som brukte press og skremslar for å få sin politikk gjennom.

Artikkelen i Isvestija vart retningsgjevande for sovjetiske pres-sekommentarar i tida som følgde. 2> Det er neppe rett å tala om nokon ny sovjetisk analyse av den politiske situasjonen i Norge og forholdet mellom Norge og USA. Men ein kan registrera ei vektforskyving i retning av at russarane konsentrerte seg meir om amerikansk press på Skandinavia, dempa kritikken av regjerin-gane og framheva oftare ikkje-kommunistisk motstand mot NATO-politikken.

Kva så med omtalen av militære tiltak i Norge? Her kan ein for det første slå fast at russarane i prinsippet ikkje gav opp den gamle påstanden om at det var basar for amerikanarane i Norge. I ein sovjetisk note til vestmaktene 5. november 1953 er Norge nemnt blant dei land der det er oppretta militære basar <<i område som grensar opp mot Sovjetunionen».3> Den forandringa ein kan finna, er at kritikken av norsk basepolitikk fekk ei meir presis og nyansert form enn før, då bygginga av flyplassar i Norge, til dømes, gjerne automatisk vart sidestilt med etablering av ameri-kanske basar. Når Krasnaja Svesda hevda at flyplassane Sola og Gardermoen var sette i stand i samsvar med Pentagons planar,4) var dette ein påstand som trefte nær blinken. I oktober 1952 hadde nemleg Norge og USA inngått avtale om å utstyra nettopp desse to flyplassane med tanke på å yta støtte til Strategic Air Com-mand i tilfelle krig.5> Same avis tala 20. april1954 om ei ny «form»

for etablering av amerikanske basar i Skandinavia: «Den «nye form» består i at basene som tidligere skal betraktes som danske eller norske, men de skal kompletteres med amerikanske spesialis-ter og amerikansk utstyr slik at de når som helst skal kunne ta imot amerikanske luftstridskrefter. I tillegg skal «allierte>> eller rettere amerikanske flygere komme på lengre «visitter>> til disse flyplassene for å gjøre seg kjent med dem>>.

Denne framstillinga av basepolitikken skilde seg eigentleg ikkje så my kje ut frå forsvarsminister Hauges basepresisering i 1951, og kunne sjåast som eit teikn på at norske og sovjetiske styresmakter i større grad enn før snakka same språk i basespørsmålet, om standpunkta framleis var ulike. Noka eksplisitt sovjetisk anerkjen-ning av den norske basepolitikken kan ein knapt tala om. Nærast i så måte kom kommentatoren Rysakov vinteren 1955, då han

trass i sterke reservasjonar likevel karakteriserte norske og danske basefråsegner som <<eit positivt teikn».6l

Når det galdt nordisk samarbeid, som russarane ved fleire høve tidlegare hadde fordømt, var det ikkje teikn til nye tonar frå Moskva. Den mest representative kommentaren frå sovjetisk side til spørsmålet var ein lang artikkel i partitidsskriftet Kommunist i byrjinga av 1954.7> Artikkelforfattar var I. Andrejev, som også hadde skrive om nordisk samarbeid to år før. Andrejev tok opp att karakteristikken av Nordisk Råd som ein freistnad på å leggja til rette for ei militærpolitisk samling av Skandinavia og svensk tilknytning til NATO - noko som stod i strid med avspenninga.

Andrejev fann det rimeleg at den finske regjeringa ikkje hadde gått med i Nordisk Råd. Sovjetiske diplomatar i Finland stadfeste at Kommunist-artikkelen var i samsvar med det offisielle synet. 8>

Standpunkta vart følgde opp i ein ny større Rysakov-artikkel i Isvestija 27. juni 1954, og same skribent fordømde Nordisk Råd så seint som i mars 1955.9>

Kommunist-artikkelen er også interessant fordi han er den første breie sovjetiske kommentaren til rørsla for <<det tredje standpunkt» i Norge og andre skandinaviske land, som i Norge fekk eit samlingspunkt i avisa Orientering i 19~3.

Sovjetiske aviser hadde i 1953-54 referert fleire krav frå ikkje-kommunistisk hald om brot med NATO-politikken. I februar 1953 hadde Novoje Vremja meldt Karl Evangs NATO-kritiske bok Mere frimodighet.10l Evang vart omtala som <<a voice of common sense», men mildt kritisert for ikkje å leggja fram eit samanhen-gande <<positivt alternativ>> til den farlege regjeringspolitikken- eit slik alternativ var det underforstått berre kommunistane som hadde.

Kommunist-artikkelen i 19 54 greip fatt i at ein del av <<sosial-demokratane og dei borgerlege liberale>> i Orienterings-krinsen fremja ein skandinavisk allianse som eit slikt <<positivt alternativ».

Dette vitna om at den politiske tenkinga deira ennå ikkje hadde fridd seg frå dei farlege og falske sjablongane som amerikansk propaganda hadde skapt, skreiv Andrejev:

<<Til desse sjablongane høyrer framfor alt den gjengs påstanden om at omgrepet <<nasjonal suverenitet>> er forelda. ( ... ) Medan dei protesterer mot freistnadene frå NATO-strategane på å trø

den nasjonale suvereniteten i skiten, tilrår einskilde av dei skandinaviske nøytralitetstilhengjarene samstundes landsmen-nene sine ( ... ) å gå inn i ei ny <<blokk» eller <<union».

Andrejev gav deretter ei lang historisk framstilling av arbeidet for nordisk militært samarbeid, og konkluderte med at dette alltid var blitt utnytta av aggressive krinsar i strid med freden. Når fordøminga av alle former for nordisk samarbeid heldt seg så sterk, kan det ha samanheng med mistankar om at ymse praktiske nordiske samarbeidstiltak kunne ha militær relevans. I sovjetisk presse kom det fram slike mistankar i samband med dansk-svenske byggearbeid på Bornholm, bru- og tunnelprosjekt for å letta samferdsla mellom Danmark og Sør-Sverige, og ikkje minst det som i sovjetiske media vart kalla <<Trondheims-prosjektet».11> Ut-bygginga av jernbane- og vegsambandet mellom Trondheim og Østersund, bygginga av ein oljerøyrleidning frå Trondheim til Jamtland og ymse utvidingsarbeid på hamna i Trondheim vart av russarane tolka som at ein var i ferd med å byggja opp eit stort militært transportknutepunkt.

Konklusjonen må bli at sovjetisk politikk overfor Norge og Norden i dei første to åra etter Stalin heldt fram i dei same gamle spor, men kom til uttrykk i ei meir moderat form. Det skulle verta opp til Khrustsjov å prøva nye vegar i forholdet til dei nordiske landa.