Avbøtande tiltak i høve til kulturminne og kulturmiljø er nært knytt til både naturlandskap og kulturlandskap. Avbøtande tiltak knytt til landskap vil derfor i mange tilfeller ha verknad også for kulturminne og kulturmiljø innanfor same landskapsrom. I utforminga av kraftanlegget bør det vere eit mål å dempe dei visuelle verknadane på kulturminne og kulturlandskap.
Ei god landskapstilpassing i samband med etablering av vegar og massetipp vil generelt avgrense konflikten i høve til kulturminne og kulturmiljø.
Fleire kulturminne ligg nær tiltak utan å bli direkte råka. Det vil derfor vere viktig å sikre kulturminne i byggefasen for å unngå at disse blir påført skade under byggearbeida.
8.1 Grindsdalen
Det er utarbeidd planar knytt til skjøtsels- og vedlikehaldstiltak i Grindsdalen. Arbeidet med skjøtselplan er i gang, der området er delt i mindre felt. Tiltak for biologisk mangfald og kulturminne heng saman og blir handsama i same plan. Planen blir utforma i tett dialog med grunneigarar. Restaureringsbehova er hovudsakleg knytt til bygningar og tufter i tun, på stølane og i utmark, bakkemurar, steingardar, rydningsrøyser, gamle vegar og stiar (driftevegar, buføringsvegar, ferdslevegar), klopper, bekkelaup, samt slåttemark og lauveng, styvingstrær og hagemark. Det er naudsynt med årleg skjøtsel og vedlikehald av dei same kulturlandskapselementa.
I samband med formidling vil enkelte grunneigarar kunne bruke området som ressurs for næringsutvikling og anna verdiskaping. Leikanger kommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane og grunneigarane har i fleire år jobba med å starte eit prosjekt for å utvikle Grinde som eit nasjonalt referanseområde for lauvbruk. Omgrepet "Lauvbrukssenter" er nytta i omtala av eit konsept der ein fokuserer på å ta vare på og bruke dei menneskelege ressursane, kunnskapstradisjonane, kulturlandskapet i seg sjølv med sine kulturhistoriske og biologiske verdiar, og formidling av den omfattande forskinga som er gjort på Grinde. I den samanheng kan det vere aktuelt å utvikle nokre areal og bygningar med tanke på kursaktivitet, overnatting, servering eller liknande.
Ei utbygging av Leikanger kraftverk vil generelt styrke driftsgrunnlaget for gardsbrukarane som har fallrettar i Grindselvi. Auka inntekter på gardsbruka som er i drift, vil kunne bidra til å oppretthalde gardsdrifta og såleis halde kulturlandskapet i hevd. Ei opprusting av landbruksvegen inn Grindsdalen vil også lette gardsdrifta i området. Vassforsyninga til gardsbruka vert ikkje råka av ei utbygging.
I samband med tiltak knytt til kraftutbygging i Grindsdalen vil det kunne gjerast avbøtande tiltak:
• Avbøtande tiltak knytt til redusert vassføring i elvenære område med kulturlandskap / kulturhistoriske verdiar —etablering av tersklar og / eller auka minstevassføring, vil redusere dei negative konsekvensane redusert vassføring vil gje i høve til
opplevingsverdien av kulturminne og kulturmiljø langs Grindselvi. Det er uklart i kor stor grad Grindselvi eignar seg for slike tiltak. Eit aktuelt område kan vere ved
Leikan er kraftverk - Tille sut reiin kulturminne o kulturmil'ø 37
Seljevollen. Skjøtselstiltak på heimestølane, t.d. restaurering av utIøer langs Grindselvi (strekninga Øyane til oppstraums Myklabru), vil vere avbøtande tiltak i området.
Avbøtande tiltak i område for koplingsanlegg (Seljevollen med kulturhistoriske verdiar frå både førhistorisk tid og nyare tid) —bidra med skjøtsels- og tilretteleggingstiltak, samt justering / utforming av kraftlinja fram til koplingsanlegget. Gode
terrengtilpassingar og utforming som avgrensar inngrepa i terrenget i størst mogleg grad, vil redusere den negative konsekvensen av tiltaket.
Avbøtande tiltak knytt til kraftlinje (hogstgate i kulturlandskap av nasjonal verdi) frå koplingsanlegget og fram til kraftverket på Suppam. Rydding av vegetasjon i hogstgata for kraftlinja vil for delar av strekninga hakonsekvensar for det nasjonalt verdifulle kulturlandskapet. Som eit avbøtande tiltak bør ein vurdera å bidra økonomisk til ulike skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i tilknyting til kraftlinjetraseen.
I samband med etablering av massetipp bør det gjerast tiltak for å dempe negativ innverknad på kulturlandskapet. Det kan gjerast terrengtilpassingar, og tilbakeføring av avgraven masse, i tilknyting til massetippen.
Rydding av skog for å hindre attgroing av kulturmarkene langs elva som følgje av redusert vassføring.
Opprustinga av landsbruksvegen inn dalen bør få ei god terrengtilpassing utan skjemmande skjeringar og fyllingar. Avgrense inngrepa i samband med denne opprustinga i så stor grad som mogleg.
Bidra til formidling / skilting av kulturminner og viktige kulturlandskapsområde i dalføret.
8.2 Henjadalen
I samband med tiltak knytt til kraftutbygging i Henjadalen vil det kunne gjerast avbøtande tiltak:
Avbøtande tiltak knytt til redusert vassføring i elvenære område med kulturlandskap / kulturhistoriske verdiar —etablering av tersklar og / eller auka minstevassføring, vil redusere dei negative konsekvensane redusert vassføring vil gje i høve til
opplevingsverdien av kulturminne og kulturmiljø langs Henjaelvi. Skjøtselstiltak på heimestølane, t.d. restaurering av sel og uteløer, langs Henjaelvi vil vere avbøtande tiltak i området.
Den gamle buføringsvegen går langs vestsida av Henjaelvi frå Flyane og fram til Nyastølen, der den dreiar av mot Heimste Friksdal og fortset fram til øydestølen Svolset i Røsebotnen. Det er stor tidsdjupne i bruken av buføringsvegen. Massetipp og anleggsveg i Henjadalen bør tilpassast slik at buføringsvegen i minst mogleg grad vert råka av utbygginga. Den førhistoriske veglinja bør ikkje brytast opp. Der den blir kryssa av anleggsveg bør det gjerast tiltak slik at anleggsvegen blir tilpassa
buføringsvegen, både med omsyn på terrengtilpassing og tilbakeføring av
vegetasjon. Det bør også etter ei kraftutbygging vere mogleg å følgje den historiske veglinja fram til dei førhistoriske stølsområda på Nyastølen, Heimste Friksdal og Svolset.
Leikan er kraftverk - Tille sut reiin kulturminne o kulturmil'ø 38
Ei eventuell etablering av anleggsveg vil kunne føre til at den gamle buføringsvegen inn dalen blir mindre brukt. Dersom dette fører til attgroing av buføringsvegen bør det gjerast tiltak for å halde vegen farbar.
I samband med etablering av massetipp bør det gjerast tiltak for å dempe negativ innverknad på kulturminne og kulturmiljø. Det kan gjerast terrengtilpassingar, og tilbakeføring av avgraven masse, i tilknyting til massetippen.
Systrond Sogelag i Leikanger har planar om formidling av dei viktige kulturhistoriske lokalitetane i Henjadalen, i første rekkje Svolset, Heimste Friksdal, Nyastølen og Flyane, ved å sette opp informasjonsskilt. Det vil vera eit avbøtande tiltak å bidra i slik formidling.
Leikan er kraftverk - Tille sut reiin kulturminne o kulturmil'ø 39