FYLKESMANNEN I HORDALAND
RAPPORT
OPPLÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA
2006
Fylkesmannen i Hordaland
Kopiering er ikkje tillate utan etter avtale med den som har opphavsretten ISSN:1501-7056
Føreord
Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga utarbeider kvart år ein samlande nasjonal rapport om opplæringa innanfor kriminalomsorga. Rapporten for 2006 ligg no føre og
inneheld oppsummeringar av tilbakemeldingar gitt frå skolane på ulike sider ved opplæringa.
I 2006 har fleire fengsel fått auka soningskapasitet og det har blitt etablert opplæring i fire nye fengsel. Dette inneber at talet på elevplassar har auka ein heil del.
Det har vore ei positiv utvikling i talet på avslutta fagprøvar, men det er framleis eit stort utviklingspotensiale i samarbeidet mellom skole og arbeidsdrift. Dette gjeld mellom anna det å utnytta verkstadane som er godkjende som lærebedrifter betre.
Det er generelt forbetringspotensiale med tanke på utvikling av forvaltnings-samarbeidet.
Særleg gjeld dette samarbeidet omkring programverksemda og planarbeidet.
Rapporteringa frå skolane viser og mange skolar har dårlege undervisningslokale noko som gjer det vanskeleg å nytta ressursane til opplæring på ein god måte.
Skolane har og gitt tilbakemelding på korleis prioriterte område frå Stortingsmelding nr. 27 blir fylgd opp, og vi ser mellom anna at utviklinga mot auka vekt på opplæring i yrkesfag er i tråd med meldinga.
Når det gjeld IKT, peikar rapporten på at opplæringstilbodet i fengsla ligg langt tilbake for det som er styresmaktene si uttrykte målsetting for digital kompetanse på alle nivå i det norske skoleverket slik det er uttrykt i ”Program for digital kompetanse 2004 – 2005”. Det vil vera svært viktig å arbeida vidare med tilrettelegging på dette området dersom ikkje
opplæringverksemda i fengsla skal verta ei ”annanrangs” utdanning.
Rapporten byggjer på eit rapporteringsskjema som er utfylt av skolane og sendt til opplæringsavdelinga ved fylkeskommunen. Rapporteringa er ein lekk i ei systematisk resultatoppfølging av dette området innanfor utdanningssektoren.
Fylkesmannen i Hordaland vonar rapporten vil verka som eit innspel i drøftingane omkring opplæring innanfor kriminalomsorga. Arbeidet med rapporten er gjort av seniorrådgjevar Torfinn Langelid og rådgjevar Sissel Mehammer, Fylkesmannen i Hordaland. Adjunt Olav Gjelsvik, Åsane vgs, har stått for datahandsaminga av materialet.
Bergen, juni 2007
Kjellbjørg Lunde Utdanningsdirektør
INNHALD SIDE
1. Innleiing 6
2. Tilrettelegging og gjennomføring av rapporteringa 6
2.1 Rapportering 6
2.2 Gjennomføring. 6
3. Rapporteringa 7
3.1 Resultatmål for 2006 7
3.2 Generell vurdering av verksemda – samandrag 9
3.2.1 Innsette, elevar og opplæringstilbod
3.2.2 Forvaltningssamarbeid, elevdemokrati og prosjektarbeid 10
3.2.3 Oppfølging av stortingsmeldinga 12
3.2.4 IKT/Internet i opplæringa 13
3.2.6 Undervisningslokala 13
3.2.6 Kartleggingsarbeid 14
4. Rapport om arbeidet ved Fylkesmannen i Hordaland, 16 Utdanningsavdelinga
4.1 Innleiing 16
4.2 Tilsyn og kontroll 16
4.3 Fagleg/pedagogisk oppfølging. Forsøks- og utviklingsarbeid 16
4.4 Internasjonalt arbeid 17
OVERSYN OVER TABELLAR; FIGURAR OG VEDLEGG
Tabellar:
Tabell 1: Oversyn over opplæringa 19
Tabell 2: Elevplassar samla 1996 – 2006 21
Tabell 3: Kapasitetsutnytting 1996 – 2006 21
Tabell 4: Elevane i anstalt fordelte på alder 21
Tabell 5: Elevane i oppfølgingsklassene fordele på alder 21 Tabell 6: Elevane i anstalt fordelte på dom og varetekt 21 Tabell 7: Det totale talet på elevar som fekk opplæring 1999 – 2006
fordelte på skoleslag 22
Tabell 8: Innsette og elevar fordelte på kjønn 22
Tabell 9: Innsette –frigang til skole og arbeid i tidsrommet 1999 – 2006 22 Tabell 10: Oversyn over elevplassar i opne og lukka anstaltar – fordelte på
skoleslag 22
Tabell 11: Elevar i oppfølgingsklassene fordelte på ulike kategoriar 23 Tabell 12: Elevane i oppfølgingsklassene rekrutterte frå ulike instansar 23 Tabell 13: Fordeling av elevar på studieretningar i vidaregåande skole med 23
tilsvarande fordeling i fengsel og oppfølgingsklassene (i prosent) Tabell 14: Oversyn over inngåtte lærekontrakter/fagbrev og
teoriunderv. §3-5 24
Tabell 15: Tal elevar som har tatt eksamen/delkompetanse/
ikkje-kompetanse-gjevande kurs 24
Tabell 16: Tal på beståtte eksamenar – grunnskole/vidaregåande skole 24
Tabell 17: Avbrot der undervisninga stoppa opp 25
Figurar:
Figur 1: Elevplassar totalt 1996-2006 26
Figur 2: Elevplassar i anstalt 1996 – 2005 26
Figur 3: Elevplassar, oppfølgingsklassene 1996 – 2006 27 Figur 4: Fordeling av elevplassar totalt 2006 27
Figur 5: Fordeling av elevplassar i anstalt 2006 28 Figur 6: Fordeling av elevplassar i oppfølgingsklassene 2006 28 Figur 7: Kapasitetsutnytting i skolane, samla 1996 – 2006 29 Figur 8: Kapasitetsutnytting blant skolane i fengsla, 1996 – 2006 29 Figur 9: Kapasitetsutnytting i oppfølgingsklassene 1996 – 2006 30 Figur 10: Fordeling av elevplassar innanfor vidaregåande opplæring 30
Figur 11: Elevplassar i vidaregåande skole – i anstalt, 31
fordelte på studieretningar 2006
Figur 12: Elevplassar i vidaregåande skole – i oppfølgingsklasser,
fordelte på studieretningar 2006 31
Vedlegg:
Vedlegg 1: Oversyn over elevplassane 32
Vedlegg 2: Oversyn over faktisk elevtal – kapasitetsutnytting 34 Vedlegg 3: Utanlandske innsette/elevar; snitt av februar/oktober 36
Vedlegg 4: Aldersfordeling – innsette/elevar 37 Vedlegg 5: Registrerte elevar – gjennomtrekk 40 Vedlegg 6: Fordeling av innsette/elevar – dom/varetekt 41 Vedlegg 7: Registrerte elevar i 2005 – fordelte på anstaltar/
oppfølgingsklasser 43
Vedlegg 8: Kjønn – innsette/elevar 45
Vedlegg 9: Frigang til skole og arbeid 46
Vedlegg 10: Elevane i oppfølgingsklassene fordelte på kategoriar 48 Vedlegg 11: Grunnskolen – elevplassar/tildelte lærarårstimar 50 Vedlegg 12: Elevar i oppfølgingsklassene rekrutterte frå ulike instansar 52 Vedlegg 13: Vidaregåande skole – elevplassar/tildelte lærarårstimar 53 Vedlegg 14: Andre kurs – elevplassar/tildelte lærarårstimar 56 Vedlegg 15: Opplæring i bedrift – lærlingar 59 Vedlegg 16: Eksamen, delkompetanse, ikkje-kompetansegjevande
kurs, høgskole, brevkurs 61
Vedlegg 17: Avbrot der undervisninga stoppar opp 63 Vedlegg 18: Avbrot der undervisninga held fram 65 Vedlegg 19: Lærarar i heil- og deltidsstilling 67 Vedlegg 20: Ressursar til administrasjon og kontorpersonale 69 Vedlegg 21: Aldersfordeling i oppfølgingsklassene 70 Vedlegg 22: Faktisk elevtal og kapasitetsutnytting i 2001/2003/2005 71 Vedlegg 23: Revidert plan for oppfølging av St.meld.nr.27
(2004-2005) 72
Vedlegg 24: Undervisningslokale nytta til opplæring i fengsla 84
1. INNLEIING
Målsetjinga med rapporten er at han skal vera eit faktabasert utgangspunkt for drøfting av verksemda med sikte på vidareutvikling av området. Sentrale aktørar i denne drøftinga er fylkeskommunen og skolane i lag med kriminalomsorga. Fylkesmannen kan nytte rapporten som utgangspunkt for gjennomføring av tilsyns-og kontrollbesøk og skolebesøk med
fylkeskommunen.
2. TILRETTELEGGING OG GJENNOMFØRING AV RAPPORTERINGA.
2.1 Rapportering
Rapporteringsskjemaet blei sendt ut i januar 2006. Det har fem hovudområde:
Om anstalten og fangebefolkninga (Desse opplysningane får skolane gjennom KOMPIS - kriminalomsorgen sitt eige dataregister)
Om skolen
Om dei innsette/frigjevne
Om elevane
Skoleoppsummering for året
Til rapporteringsskjemaet er det laga ei rettleiing som skolane kan nytte når skjemaet skal fyllast ut. Vi vil oppmode skolane om å nytte rettleiinga i størst mogeleg grad slik at vi kan få så korrekte opplysningar som råd er.
Rapporteringsskjemaet har på nokre spørsmål to teljedatoar og på eitt spørsmål (spm.
21) fire teljedatoar. Det er for å sikre seg at ikkje berre ein dato skal bli utslagsgjevande. Ulike fengselsfaglege disposisjonar og andre forhold, kan på ein teljedato føre til svært lågt
registrert elevtal og dermed gi inntrykk av dårleg kapasitetsutnytting. Når det faktiske elevtalet (spm. 21) blir tald fire gonger, er vi sikra eit betre bilete av kapasitetsutnyttinga. I rapporten opererer vi med eit gjennomsnittstal. Frå og med 2001 har rapporteringsskjemaet blitt utvida med kvalitative spørsmål som gjeld ulike sider i samband med samarbeidet med fengslet, standard på undervisningslokale, bruk av IKT og andre forhold ved skoleverksemda som det er ønskjeleg å ta opp. Frå og med 2005 er det også lagt inn spørsmål om oppfølging av St.meld.nr.27 (2004-2005).
2.2 Gjennomføring.
Skolane skal levere rapporteringsskjemaet ved utgangen av kvart år til fylkeskommunen v/utdanningsetaten. Fylkeskommunen sender rapporteringsskjema samla til Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga m/kopi til utdanningsavdelinga hos fylkesmannen i kvart fylke. Fylkesmannen i Hordaland utarbeider på grunnlag av rapporteringsskjema kvart år ein samlande nasjonal rapport om fengselsundervisninga. Som vedlegg følgjer eit samla oversyn over tabellar, figurar og vedlegg for dei som ønskjer å gå grundigare inn i materialet.
3. RAPPORTERINGA
3.1 Resultatmål for 2006
I stortingsproposisjon nr 1 for 2005 - 2006 formulerte Utdannings- og forskingsdepartementet målsetjinga for og omtale av Opplæring innanfor kriminalomsorga slik:
Kap 225 Post 68 Tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga:
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring på grunnskolenivå til innsette eller frisette som ikkje har fullført grunnskolen, og vidaregåande opplæring til innsette eller frisette som har rett til og ønskjer det. Fordi mange har kort soningstid, eller sit i varetekt, er ofte formalkompetansegivande kurs i høve til læreplanar ikkje eit reelt tilbod. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for at slike
fangegrupper skal ha eit reelt opplæringstilbod, er det også ei målsetjing at det blir gitt kurs som ikkje er formelt kompetansegivande.
Fylkeskommunen kan i samarbeid med kriminalomsorga, nytte tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga, i tråd med avtale mellom staten og kvar einskild fylkeskommune av 15. juni 1988. Tilskottet kan nyttast til driftsutgifter og etter søknad også til førstegongs innkjøp av undervisningsutstyr (investeringsutgifter).
Rapport for 2004-05
Det er etablert fleire elevplassar i dei siste åra, frå 810 i 1996 til 944 i 2004. 4208 personar (derav 3784 i anstalt og 424 i oppfølgingsklassar) tok del i ei eller anna form for opplæring i løpet av året. Det blir gitt opplæring i 34 av 47 anstaltar i Noreg, og det er etablert
oppfølgingsklassar ti stader i landet. Hovudtyngda av elevane (72 pst.) er i alderen 23 – 40 år. Talet på elevar som tek ei eller anna form for eksamen, var i 2002 på totalt 535 elevar (464 elevar i anstalt og 71 elevar i oppfølgingsklassar), i 2003 var talet 598 (545 elevar i anstalt og 53 elevar i oppfølgingsklassar), og i 2004 var talet 543 elevar (475 elevar i anstalt og 68 elevar i oppfølgingsklassar) I tillegg har 1190 elevar gjennomført ikkje-
kompetansegivande kurs.
I februar 2004 vart det gjennomført ei undersøking om ”Innsette i norske fengsel:
Utdanning og utdanningsønske”. Det er ei kartlegging av skolebakgrunn og utdanningsbehov som omfattar innsette over 18 år i norske fengsel. Det er første gong ei slik omfattande kartlegging av utdanningsbakgrunnen til innsette er gjennomført.
Rapporten seier m.a. noko om utdanningsbakgrunn, lærevanskar og utdanningsbehov, som det er viktig for skolar og kriminalomsorg å ta med seg vidare i drøfting omkring
tilrettelegging av opplæringstilboda. Undersøkinga viser òg at 49 pst. av dei innsette ikkje har fullført noko nivå av vidaregåande opplæring. Nesten to av tre i den yngste aldersgruppa (18 til 24 år) har ikkje vidaregåande opplæring. Den nordiske rapporten Å lære bak murene som Fylkesmannen i Hordaland leverte til Nordisk Ministerråd hausten 2003, vart i 2005 omsett til engelsk og sendt til alle utdanningsdepartementa og justisdepartementa i Europa.
Rapporten gir eit kort, overordna og oppdatert samanliknande oversyn over
fengselsundervisninga i Danmark, Finland, Noreg og Sverige. Den nordiske rapporten har mange forslag til forbetringar av fengselsundervisninga.
Budsjettforslag for 2006
Som eit ledd i satsinga mot fattigdom foreslår Regjeringa ( Bondevik II) å auka løyvinga på
fengsel. Opplæringa skal ta utgangspunkt i den einskildes realkompetanse. Satsinga er ei oppfølging av Innst. S. nr. (2004-2005) og St. meld nr. 27 (2004-2005). Om opplæringa innenfor kriminalomsorgen. For dei innsette er det eit stort behov for tilpassa opplæring basert på realkompetanse. Det foreslås derfor å setje i gang fleire konkrete pilotprosjekt som skal gi den einskilde innsatte realkompetansevurdering og ein plan for ein helhetleg
kompetansegjevande opplæring med naudsynt tilpassa opplæring. I tillegg foreslås ei løyvingsauke på posten som følgje av fengselsutvidingar.
I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005 – 2006) seier Regjeringa (Stoltenberg) følgjande:
Regjeringen vil styrke fengselsopplæringen. Antallet fengselsplasser er de siste årene økt utan at bevilgningene til opplæring i kriminalomsorgen er styrket tilsvarende. Regjeringa foresår på denne bakgrunn å auke bevilgningene til opplæring i kriminalomsorgen med totalt 21,3 mill. kroner, hvorav 1,3 mill. kroner er knyttet til Regjeringens forslag om nye
fengselsplasser.
Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringen
I samband med drøftinga av tilskottsordninga sa komiteen under OPPLÆRING UNDER SONING (POST 68)
Komiteen viser til at 49pst. av de innsatte i norske fengsler mangler videregående opplæring, samt at det i aldersgruppen 18-24 år er hele 65 pst. uten videregående opplæring. Komiteen mener at det er viktig at det følger midler med til opplæring innen kriminalomsorgen når det blir opprettet nye soningsplasser, og ber Regjeringen sikre at dette skjer.
Komiteens flertall, medlemmene frå Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og
Senterpartiet, viser til at Regjeringen ønsker å styrke fengselsopplæringen med en økning i bevilgningen til opplæring i kriminalomsorgen med 21,3 mill. kroner. Flertallet slutter seg til denne økningen og mener dette er nødvendig bevilgning. I perioden 2002-2005 har det blitt opprettet 390 nye soningsplasser uten at det har blitt bevilget tilsvarende midler til
opplæring. Flertallet mener at det er viktig å styrke fengselsopplæringen for å oppnå tilfredsstillende opplæring innenfor kriminalomsorgen.
Komiteens medlemmer frå Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til sine generelle merknader under punkt 2.2 og påpeker at disse partier i sitt forslag til rammeområde 17 i Budsjetinnst. S. I (2005-2006) gikk inn for å auke bevilgningen til opplæring innenfor kriminalomsorgen med 20 mill. kroner utover forslaget frå Samarbeidsregjeringen.
Komiteens medlemmer frå Fremskrittspartiet vil understreke at skolen er viktig for det enkelte individs muligheter i livet. En dårlig skolegang er en dårlig start som for en del får
konsekvenser resten av livet. PÅ denne bakgrunn har disse medlemmer foreslått at det skal være en egen bevilgning som går til elever med særskilte behov, spesielt knyttet til elever med atferdsproblemer, jf. Kap. 225 post 76. Disse medlemmer mener at en betre grunnutdanning for denne gruppen elever vil virke forebyggende og spare rettssystemet og fengselsvesenet for utgifter på sikt. Disse medlemmene foreslår å redusere post 68 og vil understreke at de ressursene som er bevilget på denne posten, i første rekke bør gå til å gi unge lovbrytere et tilbod og til satsing på formelt kompetansegivende kurs og opplæringstilbud.
3.2 Generell vurdering av verksemda – samandrag
3.2.1 Innsette, elevar og opplæringstilbod
Det var undervisning i 36 av landet sine 52 anstaltar og det var oppfølgingsklasser 10 stader i landet. Talet på elevplassar har auka med 104 til 1068 i 2006 (sjå tabell 2 og vedlegg 1). Dette har ein klar samanheng med at fleire fengsel har fått auka soningskapasiteten og at det er starta skole i to nye fengsel (Indre Østfold fengsel og Kongsvinger nye fengsel). I tillegg blei det på revidert nasjonalbudsjett for 2006 gitt midlar til opplæring ved dei to nye fengsla Bjørgvin og Bruvoll. Hausten 2006 blei nytta til planlegging av opplæringstilboda ved dei to fengsla. På grunn av redusert kapasitet ved Stavanger fengsel (NOKAS-rettssaka), var det berre opplæring for kvinnelege innsette. Skoleverksemda ved Ravneberget fengsel kom ikkje skikkeleg i gang før i november. Skolelokala ved Gjøvik fengsel hadde ein gjennomgåande renovering i perioden februar-oktober, og skoletilboda var i denne perioden redusert. Skolen ved Kongsvinger nye fengsel kom i gang i august 2006.
Varetektsinnsette utgjer framleis ein stor del av fangebefolkninga og elevgruppa. I 2006 var litt over ein femdel (21,8%) av dei innsette i varetekt ( sjå tabell 6 og vedlegg 6).
Dette er litt mindre enn føregåande år. Talet på varetektsinnsette i skolen utgjer om lag ein femdel (19,6%), ein liten auke i høve til 2005. Bruk av frigang til skole og arbeid ved dei fengsla som har opplæring, blir nytta i for liten grad (sjå tabell 9 og vedlegg 9).
Det høge talet på elevar – 4356 – som var innom skolane, seier noko om ein ustabil undervisningssituasjon ved mange skolar. Tal elevplassar var 1068. Samla var det 1491 avbrot i undervisningssituasjonen i 2006 (sjå tabell 17), om lag det same som året før. Det er ein positiv tendens at det blir færre avbrot i opplæringa på grunn av overføringar frå eit fengsel til eit anna. Nesten halvparten av avbrota i opplæringa er på grunn av frigjeving (sjå tabell 17). Difor blir samarbeid med eksterne instansar som til dømes friomsorg,
fylkeskommunen og NAV-arbeid svært viktig.
Når det gjeld opplæringstilboda, er det om lag same fordeling som tidlegare år med ein liten nedgang i talet på elevplassar i grunnskuleopplæring og ein liten auke i talet på
elevplassar innan ”andre kurs”. Talet på elevplassar innanfor grunnskoleopplæringa ligg på 7 prosent, ein liten nedgang i høve til 2005. Over halvparten av elevplassane ( nær 59 prosent) finn vi innanfor vidaregåande opplæring, og dei resterande elevplassane er i samlenemninga
”andre kurs”. Elevplassane innanfor vidaregåande opplæring viser ein auke på seks prosent innanfor yrkesfaglege studieretningar samanlikna med 2005 (sjå figur 10). Dette er i tråd med St.meld.nr.27 (2004-2005) som legg vekt på at opplæringa innanfor kriminalomsorga må tilby meir yrkesretta opplæring. I gruppa ”Andre kurs” har det blitt fleire korte kurs og større variasjon i tilboda. Døme på slike kurs er formingskurs, NOA (Norsk som andrespråk), korte datakurs, musikk- og dramakurs, sveisekurs, måling, teikning og keramikk.
Talet på innsette som har tatt fagprøve har stige, i fengsla er auken på om lag 30 prosent. Det er også fleire som har inngått lærekontraktar, samanlikna med tidlegare år. 2006 er og det beste året når det gjeld innsette som tar teoriundervisning etter § 3 – 5 i
Opplæringsloven (praksiskandidatar, sjå tabell 14).
Ved oppfølgingsklassene har det i 2006 skjedd forandringar. Også her er talet på elevplassar i grunnskolen redusert, medan talet på elevplassar innanfor vidaregåande opplæring og andre kurs har auka. Innanfor vidaregåande opplæring er det ein auke på ni prosent innanfor yrkesretta opplæring (sjå figur 5 og figur 11).
Elevane er i hovudsak godt vaksne med hovudtyngda i alderen 23 – 40 år (sjå tabell 4 og 5 og vedlegg 4). Her finn vi nesten 70 prosent av elevane. Vi vil difor igjen peike på at det er behov for kompetanse i vaksenpedagogikk. For å leggje til rette for eit strukturert og tilpassa opplæringstilbod, er viktig å ta i bruk realkompetansevurdering i større grad enn
ved innsetjing i fengsel. På denne måten kan ein i større grad fange opp både
utdanningsbakgrunn og behov. Behovet for bruk av realkompetansevurdering blir og sterkt understreka i stortingsmeldinga.
Talet på kvinnelege innsette i denne registreringa er som i fjor vel 7 prosent. Som i føregåande år, fekk om lag halvparten av dei kvinnelege innsette opplæring (sjå tabell 8 og vedlegg 8).
Ved dei fengsla som er med i denne registreringa, utgjorde utanlandske innsette 19,5 prosent av fangebefolkninga, ein liten nedgang til 2005. Men om lag fire av ti utanlandske innsette går på skole. Godt over halvparten av desse elevane (58,2 prosent) finn vi Bergen fengsel, Oslo fengsel, Ringerike fengsel, Skien fengsel og Ullersmo fengsel (sjå vedlegg 3).
I stortingsmeldinga går departementet inn for at retten til opplæring for utanlandske fangar må sikrast, om nødvendig gjennom lov- og forskriftsverk for utdanningssektoren. Slik opplæring skal ha som mål å kvalifisere dei utanlandske fangane for arbeid eller vidare utdanning i sitt eige heimland. Opplæring skal derfor, seier meldinga, ikkje ”…baseres på norske læreplaner, men tilby fag og emner som den innsatte kan ha nytte av, for eksempel opplæring i fremmedspråk, i praktiske fag mv. Dette gir særlige utfordringer om tilpasset opplæring”(St.meld.nr.27, 2004-2005, s.34).
Det blei tatt fleire eksamenar i vidaregåande opplæring enn føregåande år. I tillegg var det ein stor auke i tal elevar som tok ikkje-kompetansegjevande kurs (sjå tabell 15). Innanfor høgskole og universitet blei tatt i alt 94 eksamenar (sjå vedlegg 16). Det er ein auke på 23 i høve til 2005.
Kostnadene pr heildagselev er om lag 173 000 kr. Samla blir det nytta 214 årsverk fordelt på 343 lærarar. Det var 116 lærarar på heiltid og 227 på deltid (sjå tabell 18 og vedlegg 19).
3.2.2 Forvaltningssamarbeid, elevdemokrati og prosjektarbeid
For å få eit klarare bilete av korleis samarbeidet mellom skolane og aktuelle samarbeidspartar fungerer, har vi i rapporteringsskjemaet stilt fleire spørsmål om dette.
a) Samarbeid mellom skole og arbeidsdrift
Det er 31 skolar som melder om godt eller middels godt samarbeid med arbeidsdrifta. Ein skole nemner spesielt at samarbeidet har resultert i eitt nytt fagtilbod. Tre skolar gir klart uttrykk for at samarbeidet er dårleg.
b) Samarbeid omkring framtidsplan, IOP (individuell opplæringsplan) og attføringsplan Når det gjeld samarbeidet omkring planarbeidet, er ikkje biletet så eintydig positivt. Tolv skolar gir tilbakemelding om dei har IOP og sju av skolane seier at dei samarbeider med fengsla om planane. Sju av skolane rapporterer at dei samarbeider om framtidsplanen, medan like mange gir uttrykk for at dei ikkje har noko samarbeid.
c) Samarbeid omkring programverksemda
Fjorten skolar melder at dei samarbeider omkring programverksemda. Ti skolar har ikkje samarbeid i det heile tatt. Dette talet kan vera høgare fordi det er mange skolar som ikkje rapporterer tilbake på dette området.
Samarbeidet er som vi har registrert, av varierande karakter på dei ulike områda. Best ser samarbeidet ut til å fungere med arbeidsdrifta. Dårlegast er samarbeidet omkring
programverksemda. Samarbeidet rundt framtidsplanen må bli betre og meir strukturert. Vi får og tilbakemelding frå skolane at dei opplever å konkurrere om dei innsette. Det gjeld både i
forvaltningssamarbeid. Det er den straffedømte/eleven som blir den tapande part i dette, når han/ho må ta stilling til planar frå ulike aktørar. Det er eit stort betringspotensiale på dette området, og kriminalomsorga har eit overordna ansvar for å samordne denne innsatsen, jfr § 4 i Straffegjennomføringsloven om Forvaltningssamarbeid ” Kriminalomsorgen skal gjennom samarbeid med andre offentlige etater legge til rette for at domfelte og innsatte i varetekt får de tjenester som lovgivningen gir dem krav på. Samarbeidet skal bidra til en samordnet innsats for å dekke domfelte og innsattes behov og fremme deres tilpasning til samfunnet.”
I juni 2005 ga Justisdepartementet og Utdannings-og forskingsdepartementet ut eit felles rundskriv om …Forvaltningssamarbeid mellom opplæringssektoren og
kriminalomsorgen (Rundskriv G-5/2005 dagsett 06.06.2005). Føremålet med rundskrivet er at kriminalomsorga og opplæringssektoren skal leggje til rette for eit forpliktande og kvalitativt godt forvaltningssamarbeid ved å klargjera ansvars- og oppgåvefordelinga for etatane på sentralt, regionalt og lokalt nivå.
I stortingsmeldinga blir forvaltningssamarbeidet understreka på nytt og det blir mellom anna vist til det ovannemnde rundskrivet. Departementet legg vekt på at dersom straffegjennomføringa skal ha ein best mogeleg rehabiliterande effekt, er det viktig at …at den innsatte ved løslatelse i rimelig grad har dekket de behov som er nødvendige for å fungere i samfunnet. Slike behov er blant annet bolig, arbeid, utdanning, helsetilbud, tilbud fra rusomsorgen og et godt sosialt nettverk (St.meld.nr.27, 2004-2005, s.28).
d) Utviklingsprosjekt
Tolv skolar rapporterer at dei er med i utviklingsprosjekt utan støtte frå staten. Dei fleste av desse prosjekta er deltaking i EU-program. Fylkesmannen i Hordaland vil peike på det positive ved at så mange skolar engasjerer seg i internasjonalt samarbeid både gjennom Grundtvig 1, Grundtvig 2 og Grundtvig 3 – prosjekt. Nytt i 2006 er at også ein del fengsel blir med i dette internasjonale samarbeidet. På denne måten får skolane og fengsla dele erfaringar og kunnskap med skolar og fengsel i andre land og samstundes få perspektiv på eiga
verksemd. For meir informasjon om utdanningsprogram i EU sjå www.siu.no e) Elevdemokratiet
I følgje Opplæringsloven (§11-6) skal det ved kvar vidaregåande skole vera eit elevråd med minst eit medlem for kvar tjuande elev. Elevrådet skal mellom anna arbeide for
læringsmiljøet, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane. Det blir og sagt i loven at dersom elevrådet eller ein femdel av elevane ønskjer det, skal det haldast allmøte for elevane på skolen.
På spørsmål om korleis skolane legg til rette for utvikling av elevdemokratiet, får vi ulike svar. Det er ingen skolar som har etablert eigne elevråd eller som er representert i hovudskolen sitt elevråd. Grunnen, i følgje skolane, er at det er manglande stabilitet i elevflokken, stor gjennomstrøyming, men også små grupper og tett kontakt slik at mange skolar meiner at det er ikkje nødvendig å formalisere slike formelle organ. Skolane melder tilbake at elevpåverknaden blir ivaretatt gjennom allmøte, klassemøte, direkte elevsamtaler og tre skolar rapporterer at elevane vel sine tillitsmenn.
Sjølv om det er vanskeleg for elevane i fengsla å delta i det ordinære elevrådet ved hovudskolen, bed Fylkesmannen i Hordaland skolane leggje til rette for elevdemokrati som er i samsvar med Opplæringsloven. Det er viktig for denne elevgruppa å få trening i å delta i demokratiske prosessar og dermed få kjennskap til grunnleggjande spelereglar i samfunnet.
f) Evaluering av eiga verksemd
Opplæringslova ((§2-1) seier at skolen og lærebedrifta jamleg skal vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei mål som er fastsette i den generelle delen av læreplanen og i dei enkelte læreplanane for dei ulike
del i nasjonale undersøkingar som gjeld motivasjon, mobbing, elevmedverknad,
elevdemokrati og det fysiske miljøet. Skolen skal syte for at kartleggingar blir følgde opp internt i samarbeid med elevrådet.
På dette området er det også varierande tilbakemeldingar om korleis evalueringa av eiga verksemd blir gjennomført. Dei fleste skolane svarar at dei evaluerer eiga verksemd gjennom eigne møte både med lærarar og fengselsleiing. Andre igjen nyttar tilbakemelding frå elevevaluering og eksamen. Det er viktig at skolane gjennomfører evaluering av eiga verksemd som er i tråd med styringsdokumenta.
3.2.3 Oppfølging av stortingsmeldinga
Vi har bede skolane skolane rapportere tilbake på eit utval av dei prioriterte områda i stortingsmeldinga.
a) Yrkesfagleg opplæring
23 skolar melder tilbake at dei har lagt om til meir yrkesfagleg opplæring i tråd med kva som er uttrykt i stortingsmeldinga. Om lag ein tredel seier at dei ikkje har endra opplæringstilboda.
b) Unge innsette
Alle skolane seier dei legg vekt på å prioritere unge innsette i utdanningssamanheng. Mange gir uttrykk for at dei prøver å motivere dei unge til å ta utdanning.
c) Spesialpedagogisk kompetanse
Dei fleste skolane seier dei har spesialpedagogisk kompetanse eller nyttar seg av slik kompetanse ved hovudskolen.
d) Informasjon
Når det gjeld informasjon om opplæringstilboda i inntaksfasen, er det eit stort rom for forbetring. Ni skolar gir skriftleg informasjon. Det er noko overraskande at fleire skolar melder tilbake at informasjonen blir gitt via fengslet. Det er skolen som har kompetanse og kunnskap om opplæring og difor bør skolen prioritere informasjonsarbeidet høgare.
e) Høgare utdanning og samarbeid med NAV-arbeid
Atten skolar melder at dei har eit fast samarbeid med NAV-arbeid, enten ved at NAV-arbeid har faste dagar i fengslet eller ved anna møteverksemd. Dei fleste skolane legg på ulike måtar til rette for at innsette skal kunne ta høgare utdanning dersom dei ønskjer det. Skolane melder at det er eit stort problem i høve til høgare utdanning at dei ikkje har tilgang til Internet.
f) Kompetanseheving
Dei fleste skolane har fått tilbod om same kompetansehevande tiltak som hovudskolen og at det har vore knytt opp mot kompetanseløftet. Men det er likevel åtte skolar som enten ikkje har svara på spørsmålet eller svarar at dei ikkje har delteke. Av dei som har satsa på kompetansehevande tiltak særleg retta mot opplæring i fengsel, har tre skolar lagt vekt på utdanning av rådgjevarar, to skolar på IKT, fire skolar på spesialpedagogikk og ein skole har auka kompetansen på kulturforståing.
g) Opplæring uavhengig av skoleåret
Seksten skolar tilbyr opplæring utover normalt skoleår, medan åtte skolar rapporterer at dei ikkje gjer det. Dei som ikkje tilbyr opplæring utover skoleåret, argumenterer med at det er mange andre aktivitetar om sommaren.
3.2.4 IKT/Internet i opplæringa
Kunnskapsdepartementet legg stor vekt på at IKT skal takast i bruk på alle nivå i opplæringa.
Departementet har lagt fram eit ”Program for digital kompetanse 2004-2008”. Målsetjinga er at dette programmet skal gjera digital kompetanse til ein eigedom for alle. Programmet har følgjande fire hovudmål: 1) 2008 skal norske utdanningsinstitusjonar ha tilgang til
infrastruktur og tenester av høg kvalitet. 2) 2008 skal digital kompetanse stå sentralt i opplæringa på alle nivå. 3) 2008 skal det norske utdanningssystemet vera blant dei fremste i verda når det gjeld utvikling og pedagogisk utnytting av IKT i undervisning og læring og 4) 2008 skal IKT vera eit integrert verkemiddel for innovasjon og kvalitetsutvikling i norsk utdanning, basert på organisasjons- og arbeidsformer som fremmer læring og nyskaping.
Stadig meir av lærestoffet vil vera å finne på Internett og gjennomføring av eksamen vil også krevje større grad av tilgang til Internett. Det er viktig å understreke at dei
straffedømte har dei same rettar og plikter i høve til fem grunnleggjande basisdugleikane.
Nasjonalt forum for IKT/Internett – opplæring i kriminalomsorga har med
representantar både for kriminalomsorga og utdanningsstyresmaktene. Dette forumet arbeider for å få til ei nasjonal løysing som skal imøtekoma dei pedagogiske behova og utfordringar knytt opp mot tryggingstiltak og kommunikasjon. Målsetjinga var at den nasjonale løysinga skulle takast i bruk hausten 2006. Det har ikkje skjedd og det er framleis uklart når den nasjonale brannmuren vil vera på plass.
Kriminalomsorgens sentrale forvaltning, Fylkesmannen i Hordaland i samarbeid med Nasjonalt forum for IKT planla eit pilotprosjekt som skulle prøva ut den nasjonale løysinga ved fire skolar og fire fengsel. Pilotprosjektet skulle vera avslutta hausten 2006. På grunn av stadige vanskar med dei tekniske løysingane, er pilotprosjektet framleis ikkje avslutta. Det er Kriminalomsorgens sentrale forvaltning som har tatt på seg både det administrative og økonomiske ansvaret for oppkopling og drift av den nasjonale brannmuren. I denne samanhengen er det viktig å referere til kva Stortinget sa om dette i handsaminga av stortingsmeldinga: Flertallet vil understreke viktigheten av at også elever i
fengselsundervisningen får god tilgang til IKT-kompetanse slik at undervisningen ikke utvikler seg til å bli en ”annenrangs” utdanning. (Inns. S. nr. 196, 2004-2005, s. 4)
3.2.5 Undervisningslokala
Undervisningslokala som vert nytta i dei ulike fengsla er av svært varierande kvalitet og standard. I somme fengsel stiller kriminalomsorga tilfredstillande undervisningslokale til disposisjon. I mange fengsel er likevel tilhøva slik at skolen har behov for større
undervisningslokale eller at lokala har behov for opprusting. For ein del skular er tilhøva slik at ein ikkje greier å nytta ressursane på ein tilfredstillande måte slik at de innsette som har rett til opplæring, ikkje får innfridd rettane sine. Dette er svært dårleg utnytting av ressursar. Det er difor viktig viktig at at det følgjer pengar med til skolelokale når nye fengsel vert etablerte eller det skal etablerast opplæring i alt eksisterande fengsel. (Sjå vedlegg 24). Det er viktig å understreke at det er kriminalomsorga sitt ansvar å syte for tilfredsstillande lokale, jf
rundskriv G-5/2005 om Forvaltningssamarbeid mellom opplæringssektoren og
kriminalomsorgen og Avtale mellom staten ved Kyrkje-og undervisningsdepartementet og fylkeskommunen om statstilskudd til fengselsundervisning frå 1988.
3.2.6 Kartleggingsarbeid
Stortingsmeldinga og innstillinga er opptatt av å identifisere kor mange innsette som har rett til opplæring. Universitetet i Bergen blei engasjert for å gjennomføre denne kartlegginga.
samfunnspsykologi. Det er utarbeidd tre rapportar om tar for seg ulike sider av innsette sin utdanningsbakgrunn, utdanningsbehov og ønske om utdanning:
Innsette i norske fengsel: Utdanning, utdanningsønske og rett til opplæring
Rapporten omfattar innsette over 18 år i alle norske fengsel. Det går fram av undersøkinga at over ein firdel (25,8 prosent) ikkje tar vidaregåande opplæring i fengsel, men har ein rett til slik opplæring. Det er sju prosent som oppgir at dei har inga utdanning. Desse har då ein rett til grunnskoleopplæring og seinare ein rett til vidaregåande opplæring. Ser vi på dei fengsla som i dag (2006) ikkje har skole, viser kartlegginga at 29,4 prosent har ein rett til opplæring.
Dei innsette ønskjer utdanning i fengsel. Nesten seksti prosent av innsette i fengsel med skole og over førti prosent av innsette i fengsel utan skole har minst eitt
utdanningsønske. Yrkesfagleg opplæring står øvst på ønskelista. Det er berre ein firdel som seier dei vil ha allmenne, økonomiske og administrative fag.
Eitt av funna i undersøkinga er at dei yngste innsette har dårlegast skolebakgrunn.
Heile 83,9 prosent av innsette under 25 år har ikkje fullført treårig vidaregåande opplæring.
Men samstundes ønskjer dei utdanning.
Undersøkinga viser og at meir enn ein av ti har god utdanning. 13,9 prosent av dei innsette har fag eller grad på universitets- eller høgskole som høgaste fullførde
utdanningsnivå.
Undersøkinga er gjennomført av fagsjef Ole-Johan Eikeland, Eikeland forsking og undervising og professor Terje Manger og førsteamanuensis Åge Diseth, Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen.
Innsette i norske fengsel: Motiv for utdanning
Det går fram av rapporten at endring og meistring av framtida er den viktigaste
motivasjonskategorien for å ta utdanning i fengsel. Dei tre motivasjonskategoriane kan kallast 1) ’endring og meistring av framtida’, 2) ’sosiale og situasjonsprega grunnar’ og 3) ’tileigning av kunnskapar og dugleik’. Den første kategorien er dobbelt så viktig som den andre
kategorien og viktigare enn kategori to og tre til saman.
Når det gjeld barrierar mot å gå på skole i fengsel, var det tre einskildgrunnar som vog om lag likt. Det var fordi at fengslet ikkje hadde opplæringstilbod, dei fekk ikkje informasjon om utdanning i fengslet og fengslet hadde ikkje utdanningstilbod som høvde for dei.
Undersøkinga er gjennomført av professor Terje Manger, Institutt for
samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen, fagsjef Ole-Johan Eikeland, Eikeland forsking og undervising, førsteamanuensis Åge Diseth og førsteamanuensis Hilde Hetland, Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen.
Innsatte i norske fengsel: Utdanningskvalitet, læringsstrategier og motivasjon
Det går fram av rapporten at nesten halvparten (42,5 prosent) av dei innsette under utdanning opplever at manglande tilgang på datautstyr skaper vanskar for opplæringa dei er i gang med.
Vidare meiner ein av tre innsette at tryggleiksrutinene i fengsla skaper vanskar for opplæringa. Dei som tar ungdomsskole og grunnkurs i vidaregåande skole oppgir større lærevanskar og dårlegare dugleikar enn dei som tar universitets/høgskolefag.
Det viser seg at dei innsette under utdanning i snitt er nøgde med
utdanningskvaliteteten. Dei synes heller ikkje at krava i utdanninga er for høge eller at
vanskegraden er for stor. Det er også interessant å lesa at deltakarane i undersøkinga oppgav i
Undersøkinga er gjennomført av førsteamanuensis Åge Diseth, Institutt for
samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen, fagsjef Ole-Johan Eikeland, Eikeland forsking og undervising, og professor Terje Manger, Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen.
4. RAPPORT OM ARBEIDET VED FYLKESMANNEN I HORDALAND, UTDANNINGSAVDELINGA
4.1 Innleiing
Fylkesmannen i Hordaland har med verknad frå 01.10.93 ansvaret for dei nasjonale samordnings- og utviklingsoppgåvene for opplæring innanfor kriminalomsorga. Desse oppgåvene kan grupperast i desse hovudområde:
Fordeling av tilskott
Tilsyn/fagleg kontroll
Fagleg/pedagogisk oppfølging, forsøks- og utviklingsarbeid
Internasjonalt arbeid
4.2 Tilsyn og kontroll
Tildelinga for 2006 er samla på 142 349 000 kr og er nytta i samsvar med føresetnadene. Av denne summen blei 3,15 mill kr løyvd på revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2006. Summen i RNB gjekk til opplæringstilbod ved to nye fengsel som blei oppretta for å avvikle
soningskøen. Det galdt Bjørgvin og Bruvoll fengsel. Av den totale løyvinga blei 1 961 700 kr, etter søknad frå fylkeskommunane, nytta til fornying og/eller kjøp av EDB-utstyr og utstyr til yrkesopplæringa.
4.3 Fagleg/pedagogisk oppfølging. Forsøks- og utviklingsarbeid
a) Koordineringsgruppa for opplæring innanfor kriminalomsorga
Fylkesmannen i Hordaland møter fast i denne gruppa som har møte 3 – 4 gonger i året.
b) Stortingsmelding nr. 27 (2004-2005) Om opplæringen innenfor kriminalomsorgen ”Enda en vår”.
I samarbeid med Utdanningsdirektoratet sette Fylkesmannen i Hordaland ned ei
arbeidsgruppe hausten 2005 for å følgje opp arbeidet med St. meld. nr 27 (2004-2005) Om opplæringen innenfor kriminalomsorgen ”Enda en vår”. Arbeidsgruppa blir leia av Fylkesmannen i Hordaland og arbeidet blei ferdig i mai 2006. Utdanningsdirektoratet og Fylkesmannen i Hordaland fekk så i oppgåve å revidere planen av mai 2006. Mandatet var å rydde i oppgåvefordelinga, prioritere forslag til tiltak og synleggjera aktuelle samarbeidspartar og fagmiljø. Ein revidert plan utarbeidd av Fylkesmannen i Hordaland og
Utdanningsdirektoratet, blei lagt fram i oktober 2006 (sjå vedlegg 23).
I samband med oppfølging av stortingsmeldinga arrangerte Fylkesmannen i Hordaland ein spreiingskonferanse for dei ulike samarbeidspartane i mai 2006.
c) Arbeidsgruppe – IKT/nettstøtta opplæring
Fylkesmannen i Hordaland leia ei arbeidsgruppe med representantar frå Kriminalomsorgens IT-teneste (KITT) og NKI. Mandatet til arbeidsgruppa var å lage ei skisse til eit prosjekt som gjeld bruk av fjernundervisning/nettstøtta opplæring i kriminalomsorga. Rapporten blei ferdigstilt i juni 2006.
c) Nasjonalt forum – IKT/Internet i skole og kriminalomsorg
Fylkesmannen i Hordaland er representert i den nasjonale arbeidsgruppa, oppnemnd av Kriminalomsorgens sentrale forvaltning (KSF). I tillegg er Utdanningsdirektoratet representert i denne gruppa som skal følgje med i utviklinga og vurdere pedagogiske og
d) Nasjonal arbeidsgruppe – samordning av planar
Fylkesmannen i Hordaland er representert i ei arbeidsgruppe nedsett av Kriminalomsorgens sentrale forvaltning som har som mandat å få til betre samordning i planarbeidet.
e) Styringsgruppe i prosjektet ”Snu unge lovbrytere”
Fylkesmannen i Hordaland møter i styringsgruppa for Utdannings-og forskingsdepartementet.
f) Styringsgruppe for prosjektet ”Musikk i fengsel og frihet”
Fylkesmannen i Hordaland er representert i den nasjonale styringsgruppa for prosjektet
”Musikk i fengsel og frihet”
g) Leiarforum Ny Start
Fylkesmannen i Hordaland er representert i Leiarforum for Ny Start i Hordaland.
h) Kriminalomsorga region nordøst – forum for opplæring i kriminalomsorga Fylkesmannen i Hordaland er representert i dette forum som mellom anna drøfter
opplæringslæringstilboda i denne regionen.
4.4 Internasjonalt arbeid
a) Nordisk nettverk for fengselsundervisning
I januar 2006 blei eit nytt nordisk nettverk for fengselsundervisninga oppretta. Nettverket får støtte frå NVL (Nordisk Nätverk för Vuxnas Lärande) til å gjennomføre møte for å utvikle det nordiske samarbeidet innanfor dette området. Fylkesmannen i Hordaland er oppnemnd som kontaktperson for det nordiske nettverket. For meir informasjon sjå
www.fengselsundervisning.net
b) Nordisk nettverk – nordisk konferanse
Fylkesmannen i Hordaland v/seniorrådgjevar Torfinn Langelid var med i planlegginga av den 12. nordiske konferansen om fengselsundervisning ”Fengslende kultur” som blei avvikla på Island i mai 2006. Det var første gong Island arrangerte denne konferansen som samla i alt 116 deltakarar. For meir informasjon sjå www.fengselundervisning.net
c) Nordisk heimeside for fengselsundervisning
I samband med etablering av Nordisk nettverk for fengselsundervisning blei ei nordisk heimeside for fengselsundervisning opna i november 2006. Heimeside er
www.fengselundervisning.net
d) Kartlegging av utdanning hos innsette i nordiske fengsel
NordPlus Voksen (Nordisk Ministerråd) har løyvd om lag 500 000 DKK til kartlegging av utdanningsbakgrunn, rett til opplæring, lærevanskar og motivasjon for utdanning hos innsette i nordiske fengsel. Fylkesmannen i Hordaland administrerer og leiar prosjektet, med Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen v/professor Terje Manger som fagleg
ansvarleg.
e) 6th European Conference of Directors and Co-ordinators of Prison Education
Fylkesmannen i Hordaland var med i planlegging og gjennomføring av den “6th European Conference of Directors and Co-ordinators of Prison Education” som blei avvikla i Praha i september 2006. Torfinn Langelid presenterte stortingsmeldinga om ”Opplæringen innenfor kriminalomsorgen ”Enda en vår” på konferansen.
f) Grundtvig 1 prosjektet – Partnerships in Prison Education: Learning in Networked Environments (PIPELINE)
Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga tok initiativet til eit omfattande Grundtvig 1 der målsetjinga er å utprøve ulike sider av IKT i europeisk fengselsundervisning. Prosjektet blei godkjent av EU – Brussels hausten 2005 og prosjektet går frå 1.12.05 til 31.12.07.
I tillegg til Noreg, som koordinerer prosjektet, er desse landa med: Danmark, England, Hellas, Romania, Slovenia, Sverige, Tsjekkia og Tyskland, i alt 9 land. Fylkesmannen i Hordaland har engasjert dr.art Andreas Lund ved Universitetet i Oslo som
prosjektkoordinator.
Prosjektet vil mellom anna arbeide med:
Finne fram til tekniske løysingar som både tek vare på tryggleiken og dei pedagogiske sidene ved opplæring i fengsel
Læringsaktivitetar, mellom anna fjernundervisning og nettundervisning
Metodiske rettleiingar
Utvikle magasin der målsetjinga er auka elevaktivitet
Rapport for første halvdel av prosjektperioden fekk svært god tilbakemelding frå EU-
kommisjonen i Brussel: ”The project is achieving its aims and is well managed; the pooling of expertise is patent. The original work plan is being developed accordingly to the timing and it is always clear the contribution of the partners to the activities. There are already products which are both interesting and of quality. The webs are outstanding. The
dissemination of the project has started from the beginning and it is being soundly managed.
We expect that the evaluation process will start as scheduled.” For meir informasjon sjå www.pipeline-project.org
Tabell 1: Oversyn over opplæringa.
Fylkeskommune Fengsel Skole Oppfølgingsklasse
Oslo Bredtvedt fengsel, GVO-Bredtvedt f
forvarings- og sikringsa.
Oslo fengsel GVO-Oslo f Oppfølgingsklasse
Akershus Ila fengsel Rud vgs forvarings-og sikringsa.
Ullersmo fengsel Jessheim vgs Østfold Moss fengsel Malakoff vgs
Sarpsborg fengsel Borg vgs Fredrikstad fengsel Glemmen vgs Ravneberget fengsel Glemmen vgs Indre Østfold fengsel Mysen vgs Hedmark
Kongsvinger fengsel Øvrebyen vgs
Hamar fengsel Storhamar vgs Oppfølgingsklasse Hamar f. open avd. Storhamar vgs
Bruvoll fengsel Skarnes vgs Oppland
Gjøvik fengsel Gjøvik vgs Buskerud
Hassel fengsel Rosthaug vgs Ringerike fengsel Hønefoss vgs
Drammen fengsel Strømsø vgs Oppfølgingsklasse Vestfold
Horten fengsel Borre vgs Horten krf Larvik fengsel Thor Heyerdahls vgs
Berg fengsel Færder vgs Berg Oppfølgingsklasse Bastøy fengsel Borre vgs Bastøy
Sem fengsel Færder vgs Sem
Telemark
Skien fengsel Klosterskogen vgs Oppfølgingsklasse Aust-Agder
Arendal fengsel Blakstad vgs
Fylkeskommune Fengsel Skole Oppfølgingsklasse
Vest-Agder Kristiansand fengsel Kvadraturen vgs Oppfølgingsklasse Rogaland
Stavanger fengsel Time vgs Haugesund fengsel Time vgs
Åna fengsel Time vgs
Hordaland
Bergen fengsel, Osterøy Åsane vgs Bergen fengsel Åsane vgs Bjørgvin fengsel Åsane vgs
Årstad vgs Oppfølgingsklasse
Møre og Romsdal
Ålesund fengsel Fagerlia vgs Hustad fengsel Romsdal vgs Sør-Trøndelag
Trondheim fengsel Brundalen vgs Oppfølgingsklasse Trondheim f. avd. Leira Brundalen vgs
Nord-Trøndelag
Steinkjer vgs Oppfølgingsklasse Nordland
Bodø fengsel Bodø vgs Oppfølgingsklasse
Troms
Tromsø fengsel Breivika vgs Finnmark
Vadsø fengsel Vadsø vgs
Tabell 2.Elevplassar samla 1996 - 2006
1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 Tal elevplassar 810 807 798 811 810 879 928 943 944 964 1068
Tabell 3: Kapasitetsutnytting 1996 -2006
1996 1998 2000 2002 2004 2005 2006
Tal elevplassar
810 795 810 928 944 964 1068
Faktisk elevtal
637,5 (78,7%)
578,5 (72,77%)
622,5 (76,85%)
713,25 (76,86%)
756 (80,08%)
751,25 (77,93%)
801 (75,00%)
Tabell 4: Elevane i anstalt fordelte på alder:
Alder Tal I prosent
2001 2002 2003 2004 2005 2006 2001 2002 2003 2004 2005 2006
15-17 år 2 4,5 2 3 4,5 4,5 0,3 0,6 0,3 0,5 0,6 0,5
18-20 år 55 44 40,5 43,5 44 37 8,6 6,3 5,9 6,5 5,8 4,5
21-22 år 58,5 60,5 64 55 59,5 58 9,1 8,7 9,4 8,3 7,8 7,0
23-25 år 102,5 109 99 106,5 111,5 121,5 16,0 15,6 14,5 16,0 14,6 14,6 26-30 år 139,5 170 178 168,5 168 191 21,8 24,4 26,1 25,4 22,0 23,0 31-40 år 204,5 230 220,5 202 240,5 254,5 31,9 33,0 32,3 30,4 31,5 30,6
41-50 år 53,5 59 60,5 64 108 128 8,4 8,5 8,9 9,6 14,1 15,4
51-60 år 23 18,5 15,5 18 24,5 30,5 3,6 2,7 2,3 2,7 3,2 3,7
Over 60 år 2 2,5 3 4 3 6 0,3 0,4 0,4 0,6 0,4 0,7
Sum 640,5 698 683 664,5 763,5 831 100,0 100 100,0 100,0 100,0 100,0
Tabell 5: Elevane i oppfølgingsklassene - fordelte på alder:
Alder Tal I prosent
2001 2002 2003 2004 2005 2006 2001 2002 2003 2004 2005 2006
15-17 år 0 0,5 1,5 3,5 3 4,5 0,0 0,4 1,2 2,8 2,6 4,1
18-20 år 10,5 14,5 10 8 6,5 10 8,7 11,7 7,9 6,5 5,6 9,1
21-22 år 12,5 16 18,5 14 10,5 13,5 10,4 12,9 14,6 11,3 9,1 12,3 23-25 år 22,5 20,5 17 21,5 25,5 17 18,7 16,5 13,4 17,3 22,0 15,5 26-30 år 24 24 30,5 28,5 23,5 24,5 19,9 19,4 24,1 23,0 20,3 22,3 31-40 år 35,5 34 36 37 31 28,5 29,5 27,4 28,5 29,8 26,7 25,9 41-50 år 15,5 13 12,5 10,5 15 10,5 12,9 10,5 9,9 8,5 12,9 9,5
51-60 år 0 1,5 0,5 0,5 1 1,5 0,0 1,2 0,4 0,4 0,9 1,4
Over 60 år 0 0 0 0,5 0 0 0,0 0,0 0,0 0,4 0,0 0,0
Sum 120,5 124 126,5 124 116 110 100,0 100,0 100,0 100,0 100,0 100,0
Tabell 6: Elevane i anstalt fordelte på dom og varetekt:
Dom Varetekt
2002 2003 2004 2005 2006 2002 2003 2004 2005 2006 Innsette: 1521 1611 1717 1781 1988 649 646,5 576,5 573 555 Elevar: 548,5 536,5 530 599,5 649 145 122 134 139,5 158
Totalt Varetekt i prosent
2002 2003 2004 2005 2006 2002 2003 2004 2005 2006 Innsette: 2170 2232,5 2266 2345 2543 29,9 29,0 25,4 24,4 21,8 Elevar: 693,5 655 649,5 737,5 807 20,9 18,6 20,6 18,9 19,6
Tabell 7: Det totale talet elevar som fekk opplæring i 1999 – 2006, fordelte på skoleslag:
I anstalt I oppfølgingsklasser
Skoleslag 1999 2001 2003 2004 2005 2006 1999 2001 2003 2004 2005 2006
Grunnskole 431 214 235 193 188 89 97 61 42 45 31 10
Vidaregåande opplæring 1444 1727 1572 1390 1448 1667 237 225 184 209 215 234
Andre kurs 1287 1392 1970 1813 1922 2600 132 117 124 162 184 201
Totalt 3162 3333 3777 3396 3558 4356 466 403 350 416 430 445
Sum
Skoleslag 1999 2001 2003 2004 2005 2006
Grunnskole 528 275 277 238 219 99
Vidaregåande opplæring 1681 1952 1756 1599 1663 1901
Andre kurs 1419 1509 2094 1975 2106 2801
Totalt 3628 3736 4127 3812 3988 4801
Tabell 8: Innsette og elevar fordelte på kjønn:
Anstalt
2004 2005 2006
Tal I prosent Tal I prosent Tal I prosent
Kvinner 129 5,4 125 5,1 122 4,6
Menn 2266 94,6 2345 94,9 2535 95,4 Totalt 2395 100,0 2470 100,0 2657 100,0
Skole Elevar i prosent av
fangebefolkninga
2004 2005 2006 2004 2005 2006
Tal I prosent Tal I prosent Tal I prosent
Kvinner 61,5 8,6 63 7,9 59,5 7,1 47,7 50,4 48,8
Menn 649,5 91,4 737,5 92,1 778,5 92,9 28,7 31,4 30,7 Totalt 711 100,0 800,5 100,0 838 100,0
Tabell 9: Innsette - frigang til skole og arbeid i tidsrommet 1999 - 2006:
Frigang til skole Frigang til arbeid
1999 2001 2003 2004 2005 2006 1999 2001 2003 2004 2005 2006 Tal på innsette 28 35,5 28,5 27 40,5 38 30,5 29,5 33 25 49,5 56,5 I prosent av
fangebefolkninga
1,4 1,6 1,2 1,2 1,7 1,5 1,5 1,3 1,4 1,1 2,1 2,2
Tabell 10: Oversyn over elevplassar i opne og lukka anstaltar – fordelte på skoleslag:
Skoleslag Lukka anstaltar Opne anstaltar Sum
2000 2002 2004 2005 2006 2000 2002 2004 2005 2006 2000 2002 2004 2005 2006
Grunnskole 79 65 57 58 54 44 30 30 24 14 123 95 87 82 68
Vidaregåande oppl. 320 405 404 429 495 86 91 85 84 89 406 496 489 513 584
Andre kurs 241 268 310 323 354 40 40 23 16 22 281 308 333 339 376
Totalt 640 738 771 810 903 170 161 138 124 125 810 899 909 934 1028
I prosent 79 82 84,8 86,7 87,8 21 18 15,2 13,3 12,2 100 100 100 100 100