4. Fond, stipend og vederlag
4.1. Nokre resultat
Figur 4.2. Avsetnader til ulike kulturformål etter hovudområde i 2015. Millionar kroner og prosent
Kjelde: Norsk kulturråd.
Det har vore prioritert å auke tilskotet til musikkensemble i 2015. Det vart sett av 44 prosent meir i 2015 i høve til året før til tilskotsordninga for musikkensemble, slik at avsetninga auka frå 28,8 millionar til 41,5 millionar kroner i 2015.
Tabell 4.5 viser avsetninga til musikkføremål i Norsk kulturfond og korleis denne vart fordelt i perioden 2011 til 2015. Vi ser at det har vore ein auke i avsetninga til musikkføremål med 45 prosent det siste året. Forutan auka midlar til musikk- ensemble, kjem auken i stor grad av overføring av driftsstøttemidlar til Kulturfondet i 2015 som omtalt ovanfor.
Avsetninga til visuell kunst vart i 2015 auka med 8 millionar kroner til arrangørar i det visuelle kunstfeltet. Kulturrådet oppretta ei ny arrangørordning for kunstnar- drivne visningsstadar og kunstfestivalar med mål om å styrke arrangørar utanfor dei etablerte institusjonane kor avsetninga var 15 millionar kroner, sjå tabell 4.3.
Arrangørordninga bygger vidare på den treårige prøveordninga for kunstnarstyrte visningsstadar og den tidlegare avsetninga til kunstfestivalar.
Tabell 4.3 viser korleis støtteordningane til visuell kunst i Norsk kulturfond fordelar seg. Feltet har vorte meir enn dobbelt så stort i 2015 samanlikna med året før, og utgjorde 98 millionar kroner i 2015. Òg på visuell kunst kjem den store auken av at post 74 er lagd ned og tilskot og virkemiddel på denne posten er overført til Kulturfondet.
Den store auken i avsetninga til kulturvern kjem av overføring av driftsstøttemidlar til Kulturfondet i 2015. Kulturvern har hatt som mål å stimulere til prosjektbasert arbeid med innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av materiale som utgjer grunnlaget for auka kunnskap om historie, kunst, kultur og samfunnsliv i Noreg i fortida og samtida. Det var eit særskilt mål i 2015 å stimulere til vern og vidareføring av immateriell kulturarv.
I 2015 vart det gjeve støtte til i alt 105 kulturvernprosjekt i heile landet. Hovud- tyngda av tildelingane gjekk til innsamling, dokumentasjon og formidling. Døme på prosjekt som fekk støtte er intervju av tidsvitne og dokumentasjon av handbåren kunnskap. Støtta til formidling har til dømes gått til utstillingar, dokumentarfilm og faglitteratur.
Målet med Kulturrådet sine støtteordningar til litteratur er å sikre nyskaping, breidde og spreiing av norsk sakprosa og skjønnlitteratur (Norsk kulturråd 2016).
Musikk 34%
Litteratur 23%
Scenekunst 17%
Visuell kunst 13%
Allmenne kulturformål
9%
Kulturvern 4%
765,7 mill. kr
44 prosent meir til musikkensemble
Arrangørstøtta innanfor visuell kunst auka
Kulturvern
Nedgang i talet på innkjøpte titlar
Løyvingane til innkjøpsordningane for litteratur utgjer nesten tre fjerdedelar av den samla løyvinga på litteraturområdet. Tabell 4.2 viser at talet på innkjøpte titlar under innkjøpsordningane for litteratur gjekk ned frå 625 innkjøpte titlar i 2014 til 573 titlar i 2015, noko som svarar til ein nedgang på 8 prosent. Talet på titlar for ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge under innkjøpsordningane gjekk mest ned.
Her vart det kjøpt inn 15 færre titlar i 2015 enn i 2014.
Tabellane 4.1 og 4.4 viser at den totale avsetnaden til scenekunstformål i 2015 var på 131,2 millionar kroner, noko som var 0,9 prosent meir enn i 2014. Vi ser at driftsstøtta, tidlegare post 74, jf. omtale ovanfor, var på 4,3 millionar kroner.
Trekker vi i frå dette beløpet, var avsetnaden til scenekunst 126,9 millionar kroner, noko som er ein nedgang frå 2014, då avsetnaden var på 130,0 millionar kroner.
Den største nedgangen under scenekunst er fleirårige tiltak, sjå tabell 4.4. Beløpet er halvert frå 2014 til 2015. I 2014 var avsetninga 12,6 millionar kroner medan i 2015 var den gått ned til 6,1 millionar kroner.
Sjølv om det var nedgang for området som heilskap, var det avsetnader med oppgang. Den største avsetnaden under scenekunstformål i Norsk kulturfond er basisfinansiering av frie scenekunstgrupper. Her har avsetnaden vakse i fleire år.
Dette heldt fram i 2015 med ein ytterlegare 8 prosent auke jamført med året før. I 2015 var avsetnaden på 40,5 millionar kroner. Denne ordninga vart innført i 2007 og inneheld kunstnarskap av svært ulik karakter. Under denne ordninga kan gruppene få midlar for fleire år av gangen.
Andre store postar er fri scenekunst for teater og fri scenekunst for dans. Her var avsetnaden noko mindre i 2015 enn i 2014 med ein nedgang på 5 prosent for førstnemnde og 2 prosent for sistnemnde.
I 2015 var det totalt 1 814 stipend og garantiinntekter i ordningane under Statens kunstnarstipend, totalt 12 fleire enn i 2014, sjå tabell 4.8. Garantiinntektsordninga vert fasa ut, og det var ein nedgang i talet på 167. Ordninga vert gradvis erstatta av stipend for etablerte kunstnarar og seniorkunstnarar, og difor svarar nedgangen i garantiinntektsordninga til auken i talet på stipend for etablerte kunstnarar og seniorkunstnarar. I 2015 auka denne til 220 stipend.
Stipend for eldre fortente kunstnarar er òg ei stipendordning som vert fasa ut, så her var det følgjeleg òg ein reduksjon i talet. Dette stipendet vart tildelt eldre kunstnarar som, slik det står i årsmeldinga til Kulturrådet: «… en påskjønnelse for mangeårig og verdifull kunstnerisk innsats.» (Kulturrådet 2016). Stipendet varar livet ut viss det ikkje vert sagt opp av stipendiaten. Ordninga vert fasa ut og det vert ikkje tildelt fleire slike stipend.
Arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar skal gje yngre kunstnarar i etableringsfasen høve til å utvikle seg kunstnarisk og betre moglegheita til å leve som kunstnar. Stipenda vert gjevne for ein periode frå eitt til tre år. Òg i 2015 var talet på stipend 167 og har vore det sidan 2006.
Stipend- og garantiinntektsordninga skal leggje til rette for at enkeltkunstnarar, gjennom direkte tilskot frå staten, skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. Ved tildeling skal det berre leggjast vekt på kunstnarisk kvalitet og aktivitet. I alt 24 ulike stipendkomitear innstiller til Statens kunstnar- stipend. Utvalet tildeler etter stipendkomiteane si innstilling. I 2015 tildelte utvalet 895 stipend. Regelverket som ligg til grunn for stipendkomiteane sine innstillingar og tildelingane frå utvalet er forskrift om statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar, fastsett av Kulturdepartementet i 1998.
Nedgang for
scenekunstområdet totalt
Auke for basisfinansiering av frie scenekunstgrupper
Statens kunstnarstipend–
talet på stipend ikkje mykje endra
Figur 4.3. Talet på stipend1 og garantiinntekter. 2015. Prosent
1 Tala inkluderer stipend tildelte i 2015 og stipend tildelte tidlegare år som framleis var aktive i 2015. Det vart ikkje tildelt nye garantiinntekter eller nye stipend for eldre fortente kunstnarar i 2015.
Kjelde: Statens kunstnarstipend.
Fond for lyd og bilete har som formål å fremje produksjon og formidling av innspelingar av lyd- og filmopptak. Tilskota vert fordelte til beste for rettshavarar innanfor musikk, scene, film og biletkunst. Samtidig er fondet ei kollektiv
kompensasjonsordning til rettshavarar for den lovlege kopieringa av verka deira til privat bruk.
Fond for lyd og bilde fordelte 37,5 millionar kroner i 2015, noko som er ein auke på 10 prosent samanlikna med året før (sjå tabell 4.6). Talet på tildelingar auka frå 469 i 2014 til 550 i 2015.
Utbetalte vederlag i tabell 4.9 er både til norske og utanlandske rettshavarar. I 2015 vart det utbetalt om lag 1,2 milliardar kroner, medan det i 2014 vart utbetalt 850 millionar kroner, ein auke på heile 36 prosent på eit år.
Òg storleiken på innkravde vederlag har auka. I 2014 vart det kravd inn 1,1 milliardar kroner og 1,3 milliardar kroner i 2015, ein auke på vel 15 prosent.
Auken i innkravde vederlag betyr større summar til utbetaling til norske retts- havarar. Auka inntekter kan vere eit resultat av meir bruk, til dømes kan vekst i verksemdene som nyttar vederlaga, gje større vekst, fleire utdanningsinstitusjonar som kopierer, eller fleire kringkastarar som spelar musikk. Samstundes kan prisen ha vakse, det vil også gi høgare inntekter. Auken kan òg vere ein konsekvens av meir rapportering av bruk. Den spesifikke veksten må vurderast for kvar enkelt type vederlag.
Vederlag vert utbetalt først etter at pengane er kravde inn av organisasjonen. Det kan i nokre tilfelle vere år mellom bruk av åndsverket og fullført innkrevjing, og difor avstand i tid mellom bruk av åndsverk og utbetaling av vederlag. Men tendensen verkar uansett å vere jamn auke i utbetalingane over tid. Kor mykje det betyr for dei norske rettshavarane, varierer avhengig av type åndsverk. TONO krev vederlag ved framføring av musikkverk og i 2015 utbetalte TONO 392 millionar i vederlag.
Dei totalt 42 kunstarenaene i Noreg i 2015 fordeler seg utover i landet unntatt i Hedmark, Aust-Agder, Sogn og Fjordane og Finnmark, sjå tabell 4.10. Når vi snakkar om kunstarenaer i museumsstatistikken, meiner vi visuell kunst, kunstindustri og design.
Arbeidsstipend 18%
Arbeidsstipend for yngre/nyetablerte
kunstnarar 9%
Diversestipend Diversestipend for 22%
nyutdanna kunstnarar
11%
Stipend for eldre fortente kunstnarar
13%
Stipend for etablerte kunstnarar og seniorkunstnarar
12%
Garantiinntekt 14%
Totalt 1 814
Auke i tildelingar frå Fond for lyd og bilde
Utbetalte vederlag auka 36 prosent i 2015
Oslo hadde 58 prosent av alle besøk i kunstarenaer i 2015
I Oslo finst det ti kunstarenaer og i 2015 var det totalt 936 000 besøkande, noko som utgjorde 58 prosent av dei 1,6 millionane som besøkte landets kunstarenaer i 2015. Det er også veldig ulikt om fylka har gratistilbod eller ikkje.
Frå statleg side vert overskotet frå speleverksemda til Norsk Tipping AS mellom anna nytta til kulturføremål. Av desse midlane på 637 millionar kroner, gjekk 210 millionar kroner til Den kulturelle skolesekken (DKS) i 2015, noko som utgjer om lag 33 prosent. Desse midlane vert utbetalte til fylka som igjen fordeler beløpa etter ein fordelingsnøkkel. I tillegg til tippemidlar legg dei ulike fylka og kommunane til eigne midlar, slik at totalkostnaden er høgare enn tippemidlane.
Både kommunar og fylke organiserer arrangement i regi av DKS for grunnskolar, medan berre fylka arrangerer for vidaregåande opplæring. Av det kommunale tilbodet i grunnskolen var det flest deltakarar på litteraturarrangement. I 2015 var det ein kraftig auke i litteraturarrangement samanlikna med i 2014, og 150 000 elevar var på slike arrangement medan talet var knapt 93 000 i 2014. Talet på produksjonar innanfor litteratur hadde vakse kraftig i 2015 til 941 produksjonar frå 366 i 2014, sjå tabell 4.11.
For kulturarvarrangement er situasjonen motsett. Her gjekk talet på produksjonar kraftig ned. Dette førte til at òg talet på elevar på arrangement innanfor kulturarv gjekk kraftig ned, frå 177 000 elevar i 2014 til i underkant av 91 000 i 2015. Fleire tal er å finne i tabell 4.11.
Når det gjeld fylkeskommunale tilbod for grunnskolen i 2015 var det størst deltakartal på arrangement innanfor visuell kunst, i alt 1,1 millionar elevar, sjå tabell 4.12. DKS i vidaregåande opplæring er arrangert av fylka. Flest deltakarar har områda scenekunst og visuell kunst, høvesvis 75 000 og 74 000 elevar, sjå tabell 4.13.
Ei geografisk fordeling av alle typar kunstmøte per elev i grunnskolen viser at elvane i Sogn og Fjordane har 6,37 møte, medan elevane i Hordaland har 3,14. I grunnskolen ligg landsgjennomsnittet på 4,44 møte for elevane i grunnskolen, sjå tabell 4.14.