• No results found

Privatarkiv nr. 11 : John Scott Keltie og Fridtjof Nansen, 1889-1926

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Privatarkiv nr. 11 : John Scott Keltie og Fridtjof Nansen, 1889-1926"

Copied!
3
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Privatarkiv nr. 11 : John Scott Keltie og Fridtjof Nansen, 1889-1926

Om John Scott Keltie (1840–1927)

John Scott Keltie var fødd i Dundee i 1840, og døydde i London i 1927. Han vart i 1865 i

Edinburgh gift med Margaret Scott (d. 1922), dotter av ein sjøkaptein frå Kirkwall på Orknøyane, og i 1871 flytta dei til London. Dei hadde ei dotter saman.

Keltie var geograf, og hadde gode kontaktar i både presse og forlagsverda. I 1883 vart han fellow i Royal Geographical Society, bibliotekar 1885, assisterande sekretær i 1892, og sekretær i ei årrekkje frå 1896 til 1915. Dessutan var han redaktør av selskapets Geographical Journal frå 1893 til 1917. Han var også hovudmannen bak selskapets ekspansjon, og flyttinga frå Savile Row til Kensington Gore i 1913, og gjorde mykje for å gjera selskapets lokaler i London til den naturlege møtestaden for både britiske og utanlandske oppdagingsreisande og eventyrarar.

Kjelde: Biografi av Elizabeth Baigent, i Oxford Dictionary of National Biography 31 (2004): 134-135

Kortfatta informasjon om Privatarkiv nr. 11: J. Scott Keltie og Fridtjof Nansen, 1889-1926

Arkivet inneheld i hovudsak korrespondanse mellom Keltie og Fridtjof Nansen, men òg ein del brev og telegram som Keltie eller Nansen utveksla med andre aktørar. I tillegg kjem trykksaker og anna materiale, fyrst og fremst knytta til Nansen. Alt materialet i dette arkivet skal stamme frå Keltie og skriv seg frå perioden 1889–1926.

(2)

J. Scott Keltie si sentrale rolle i Royal Geographical Society er truleg opphavet til den nokså omfattande korrespondansen han hadde med Fridtjof Nansen. Samlinga hans av «Nanseniana»

vart kjøpt frå J. W. Cappelens Antikvariat i slutten av 1990-åra. Antikvariatet skal på si side ha fått tak i materialet frå Kelties arvingar (kjelde: universitetsbibliotekar Sigmund Nesset). Materialet vart ordna i 2008 av førstebibliotekar Jo Rune Ugulen, som òg utarbeidde utkast til arkivkatalog.

Ifølgje Oxford Dictionary of National Biography er arkivmateriale etter Keltie å finna fleire stader:

Scott Polar Research Institute ved University of Cambridge; British Library; Bodleian Library, Oxford; National Library of Scotland; Royal Geographical Society. Om arkivmateriale etter Kelti finst ved andre nordiske arkivinstitusjonar utanom Universitetsbiblioteket ved UiT Noregs arktiske universitet er ikkje kjent.

- Informasjon utarbeidd av Jo Rune Ugulen i 2008, med nokre tillegg av Per Pippin Aspaas i jan. 2014

Innhold Privatarkiv nr. 11

Privatarkiv nr. 11 fyller ein arkivboks. Merk: Materialet inneheld også to brevkort med frimerke (eitt norsk, eitt engelsk), og ein konvolutt med norske frimerke. Om adressene på alle tre er med Nansen si hand, er ikkje noko Universitetsbiblioteket har avklart enno. Fargekopi av to av desse konvoluttane ligg i dokumentomslaget Arkivinformasjon fyrst i arkivboksen.

Legg 1. Korrespondanse, i hovudsak mellom Nansen og Keltie (1889–1896) Legg 2. Korrespondanse, i hovudsak mellom Nansen og Keltie (1897–1899) Legg 3. Korrespondanse, i hovudsak mellom Nansen og Keltie (1900–1908) Legg 4. Korrespondanse, i hovudsak mellom Nansen og Keltie (1910–1926).

Utkast til kart (udatert)

Legg 5. Telegram til Keltie, i hovudsak frå Nansen (1893–1902)

Legg 6. Korrespondanse med forleggjar C. J. Longman, London (1896, 1899) Legg 7. Korrespondanse med forleggjar W. Heinemann, London (1909–1911) Legg 8. Korrespondanse med fleire ulike forleggjarar (1896–1897)

Legg 9. Diverse korrespondanse (1896–1897)

Legg 10. Korrespondanse med The Daily Chronicle (1896–1898) Legg 11. Korrespondanse med The Times (1892–1893, 1896)

(3)

Legg 12. Korrespondanse med diverse presse (1893–1897, 1910) Legg 13. Diverse trykt materiale

Legg 14. Diverse avisutklipp

Legg 15. Originale omslag til brevmaterialet

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Selvsagt måtte man også generere en del modeller selv dersom de ikke kunne oppdrives, men man var villig til å ta i bruk "black box" modeller, dvs at man bruker modeller

Fiskeristyrelsen med forsknings- fartøyet "Michael Sars", oppkalt etter Nansens svigerfar.. I 1922 fikk Fridtjof Nansen Nobels Fredspris for sitt store humanitære arbeid

Fridtjof Nansen Institute, Department of Political Science at University of Oslo, Laboratory on International Law and Regulation at University of California San Diego (US), The

Fridtjof Nansen" in March 1995 revealed anomalous oceanographic conditions; The upper layer was dominated by warm, brackish water.. Warm events have been

Merknad: Skrivefeil i rapporten, prøvene er tatt fra KNM Thor Heyerdahl, ikke KNM Fridtjof Nansen.. Vedlegg A,

51 Det dette peker på er at selv om midlene for å gjennomføre reservedelsanskaffelser er dels fremlagt, så er det uklart hvilke reservedeler en skal anskaffe, fordi det ikke har

Dette har noe med Wergeland og Bjørnson å gjøre – med historie og tradisjon – og ønsket om å leve opp til den anseelse som Fridtjof Nansen skaffet Norge gjennom sin innsats

For dette formålet ble det med forskningsfartøyene «G. Fridtjof Nansen» samt leiete fartøyer gjennomført 22 tokter der hydrografistke undersøkelser var en del