• No results found

Er bilkjøring lett?

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Er bilkjøring lett?"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Kronikk

Er bilkjøring lett?

Kjell Torsmyr, seniorrågivar, HiNT

Massebilismen har festa grepet om landet vårt. Det fins meir enn 2 millionar personbilar. 80 prosent av befolkninga over 18 år har førarkort.

Å kjøre bil blir oppfatta som enkelt og uproblematisk fordi det er så vanleg. Men er bilkjøring verkeleg så lett?

Lett skulle det bli for alle å få seg bil, ifølge Henry Ford. I 1909 kunngjorde han at T-forden skulle vere stor nok til ein familie og liten nok til at ein person kunne kjøre og vedlikehalde den. I landet vårt var det 408 motorkjøretøy i 1910. Talet på personbilar auka til 25 000 dei to neste tiåra. Krakket i verdensøkonomien i millomkrigsåra og andre verdenskrig stoppa ein gryande bilisme. Men draumen om eigen bil heldt seg levande. Då Tarjei Vesaas vann den internasjonale Veneziaprisen i litteratur i 1952 og familien vart spurt om kva pengane skulle brukast til, svara diktaren sin son ”Folkevogn”. Ei tidstypisk utsegn om kva folk flest ønskte seg.

Lettare skulle det verte å bli bilførar etter at salget vart frigjort i 1960. I det neste tiåret skaut talet på personbilar i veret frå 225.000 til 850.000.

Kjøreskolane hadde lange ventelister med alle som trong opplæring, og dei bilsakkunnige arbeidde under høgtrykk for å tilby nok førarprøver.

Bilen vart etter kvart allemannseige og statussymbol på same tid. Ein amerikansk professor på gjesting i Noreg hevda at bilkjøring ikkje nødvendigvis var den billegaste, mest komfortable eller mest effektive måten å komme fram på. ”Bilen er kostbar både i pengar og menneskeliv - tru ikkje på dei falske løfte den gir om eit lykkeleg tilvære”, åtvara han. Ord til ettertanke frå ein som hadde vore vitne til massebilismens skuggesider i sitt eige heimland!

Lettast vart det å bli bilførar frå 1970-talet etter kvart som

privatbilismen nådde nye høgder, og kjøreskolane fekk kapasitet til raskare å innfri publikum sine aukande behov for bilføraropplæring.

Drivkreftene var særleg ekspansjonen innafor industrien og næringslivet, utdanningseksplosjonen, kvinnefrigjeringa og velstandsutviklinga. Frå 1970 til 2005 vart talet på personbilar dobla frå over 1 million til over 2 millionar. Førarkort på 18-årsdagen og eigen bil vart eit realistisk mål for dei mange.

(2)

Åtti prosent av all persontransport skjer med personbil, og halvparten av nyttetransporten finn stad på våre vegar. Transport frå dør til dør ”just in time” uttrykker bilen sine fordelar i samfunnet vårt. Slik har vi gjort oss avhengige av bilen som verdiskapar både i samfunnsøkonomien og i hushaldningane. Ein amerikansk sosiolog har sagt at det viktigaste som bilismen symboliserte, var materiell rikdom, høgare levestandard,

individuell fridom og betring i livskvaliteten gjennom ein kombinsjon av bylivet sine gleder og landlivet sine fordelar. Fortrollande ord som ein kan bli lett til sinns av!

Uendeleg lett vert det såvisst ikkje om ein tek med verditapet som følger av massebilismen, trafikkulykkene, forureininga og arealbruken. I tillegg kjem menneskelege tragediar, uerstattelege tap og sakn som ulykkene etterlet seg. Medaljen si bakside viser ein prislapp minst på 25 milliardar kroner, 250 omkomne og 12.000 skadde årleg. Desse

realitetane seier at bilkjøring er ei tung bør for individ og samfunn og eit nasjonalt helseproblem. Ofra på vegane bør uroa alle nok til å innsjå at bilkjøringa må frigjerast frå illusjonen om noko som berre er ein kvardagsleg og uskuldig aktivitet eller ein ufarleg fritidssyssel.

Dei fleste ulykkene skuldast førarfeil, så førarretten må takast på alvor.

I dagens og morgondagens kompliserte trafikk treng ein i tillegg til betre vegar og sikrare bilar også dugelege bilførarar. Dette er naudsynt for at sjølve trafikksystemet skal fungere godt nok. Til det lyt vi ha

profesjonell opplæring og prøve som til ei kvar tid er tufta på ny kunnskap og beste praksis. Høgskolen i Nord-Trøndelag har som ei nasjonal oppgåve å rusta opp trafikklærarutdanning. I tillegg vert kompetansen til førarprøvesensorane styrka.

Forskinga for å heve kvaliteten på bilføraropplæringa og førarprøva kan halde Noreg i fremste rekkje internasjonalt innafor dette

trafikksikkerheitsfeltet. Målet er meir medvetne bilførarar som både syter for god samhandling på vegane og ser bilkjøring i eit

samfunnsperspektiv i staden for berre å tenkje på eigne interesser. Det som mange synest er uendeleg lett kan bli ei kraft som veg tungt i kampen for å spare liv og skåne miljøet. Verditapet i massebilismen sine hjulspor vert dermed mindre. Då kan vi lettare forsvare den overfor framtidas generasjonar.

(Publisert i Trønder-Avisa den 15.10.08)

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

manipulasjonen. Den eksklusive identiteten som oppnås gjennom slike tester, syntes imidlertid å være viktigere for kvinnene enn mennene i denne studien. Dette kan

Ifølge de siste opptellingene, som så langt kun foreligger som preprint (!), ble hele 10 232 covid-19-relaterte manuskripter lastet opp på bioRxiv og medRxiv de første ti månedene

I en travel klinisk hverdag kan det være en hjelp med flytdiagrammer, men en forut- setning for å kunne anvende disse er at den enkelte må ha noe innsikt, kunnskap og erfaring.

Oversikt over totalt antall trafikkuhell og trafikkuhell der bilfører var tildelt skyld, fordelt på diagnose hos personer som hadde uhell både før og e er hjerneskaden.. Antall

behandling for rusmiddelmisbruk, eller behandlingssted i en slik institusjon, behandlingen skal foretas.». «Pasienten kan ikke

• steder der personer er berøvet sin frihet, for å forebygge tortur og annen grusom, umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff..

Ved bruk av injeksjon som eneste alternativ skal det begrunnes hvorfor det under tvangsbehandling ikke vil være mulig å få pasienten til å ta legemiddel gjennom munnen

At jobben bidrar til at jeg føler meg nyttig i samfunnet (91 prosent).. At nærmeste leder ønsker at jeg skal fortsette