KOMMISJONSAVGJERD (EU) 2015/886 av 8. juni 2015
om endring av avgjerd 2014/312/EU om fastsetjing av miljøkriteria for tildeling av EU- miljømerket til måling og lakk til innandørs og utandørs bruk
[meld under nummeret K(2015) 3782](*)
EUROPAKOMMISJONEN HAR
med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,
med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket(1), særleg artikkel 8 nr. 2,
etter samråd med Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen og
ut frå desse synsmåtane:
1) I kommisjonsavgjerd 2014/312/EU(2) er det fastsett ein overgangsperiode for produsentar av produkt som har fått tildelt EU-miljømerket til måling og lakk til innandørs og utandørs bruk, slik at dei får nok tid til å kunne tilpasse produkta sine til å verte i samsvar med dei reviderte kriteria og krava. Medlemsstatane har likevel gjeve Kommisjonen melding om at dei ikkje er i stand til å kontrollere dei miljømerkte produkta innan dei tolv månadene som er sette av, på grunn av det høge talet på produkt og dei ytterlegare krava. Tidsrommet bør lengjast for å sikre ein smidig overgang.
2) Teknisk sakkunnige har gjeve Kommisjonen og visse medlemsstatar melding om at den noverande ordlyden i artikkel 2 nr. 14 er uklar. Definisjonen kan føre til feiltolking når det gjeld tilvisinga til «polare system». Uttrykket «polart system», som viser til analysemetodane og ikkje til målingssystema, må gjerast tydelegare. Vidare vart det tilrådd å spesifisere damptrykket som ein ytterlegare teknisk parameter i definisjonen. Av omsyn til konsekvens og klarleik bør alle endringar av ordlyden i artikkel 2 nr. 14 òg speglast att i ordlyden i artikkel 2 nr. 13 om flyktige organiske sambindingar.
3) På grunnlag av drøftingar i november 2014 under møta i Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen og forumet for dei rette organa bør det presiserast at kriterium 3 a) og den tilhøyrande tilvisinga i tabell 2 skal gjelde for halvgjennomsiktig grunning, men ikkje for heftgrunning eller andre gjennomsiktige målingar.
4) Av omsyn til konsekvens i kriterium 3 («Brukseffektivitet») tabell 2 femte kolonne («Tjukk dekorativ måling til innandørs og utandørs bruk (l)») første linje (som viser til kriterium 3 a) om spreieevne), bør måleininga «1 m2/l» bytast ut med «1 m2/kg».
5) Kriterium 5 a) (i) i avgjerd 2014/312/EU inneheld ei liste over stoffgrupper som uttrykkjeleg skal vurderast og kontrollerast etter kriterium 5 a). Det har like fullt vist seg at denne lista over stoff ikkje er fullstendig, og at det må leggjast til endå ei stoffgruppe: «8. Stoff i bindemiddel og polymerdispersjonar, 8a. Bindemiddel og tverrbindings- middel, 8b. Reaksjonsprodukt og reststoff». Av omsyn til klarleiken bør lista over stoffgrupper flyttast til teksta om vurdering og kontroll av kriteriet, ettersom den nemnde lista vert nytta til vurdering og kontroll.
(*) Denne unionsrettsakten, kunngjort i EUT L 144 av 10.6.2015, s. 12, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 283/2015 av 30. oktober 2015 om endring av EØS-avtalens vedlegg XX (Miljø), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 38 av 22.6.2017, s. 75.
(1) TEU L 27 av 30.1.2010, s. 1.
(2) Kommisjonsavgjerd 2014/312/EU av 28. mai 2014 om fastsetjing av miljøkriteria for tildeling av EU-miljømerket til måling og lakk til innandørs og utandørs bruk (TEU L 164 av 13.6.2014, s. 45).
2021/EØS/17/82
6) I tillegget til avgjerd 2014/312/EU nr. 7 a) er det fastsett konsentrasjonsgrenser for førekomst av formaldehyd i sluttproduktet, men konsentrasjonsgrensene er feilplasserte i tabellen. Det bør gå tydeleg fram av tabellen at konsentrasjonsgrensene for alle produkt er 0,0010 %, med mindre det gjeld unntak.
7) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er oppnemnt i medhald av artikkel 16 i forordning (EF) nr. 66/2010.
8) Avgjerd 2014/312/EU bør difor endrast.
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I avgjerd 2014/312/EU vert det gjort følgjande endringar:
1) I artikkel 2 skal nr. 13 lyde:
«13) «flyktige organiske sambindingar» (VOC) alle organiske sambindingar som har eit startkokepunkt som er lågare enn eller lik 250 °C, målt ved eit standardtrykk på 101,3 kPa slik det er definert i direktiv 2004/42/EF, og som i ei kapillærkolonne eluerer opp til og med n-tetradekan (C14H30),».
2) I artikkel 2 skal nr. 14 lyde:
«14) «delvis flyktige organiske sambindingar» (SVOC) alle organiske sambindingar som har eit kokepunkt som er høgare enn 250 °C og lågare enn 370 °C, målt ved eit standardtrykk på 101,3 kPa, og som i ei kapillærkolonne eluerer i retensjonsområdet etter n-tetradekan (C14H30) og opp til og med n-dokosan (C22H46),».
3) I artikkel 7 skal nr. 2 lyde:
«2. Dersom EU-miljømerket er tildelt på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i vedtak 2009/543/EF eller 2009/544/EF, kan det nyttast i 21 månader frå datoen då denne avgjerda vert teken.».
4) Vedlegget vert endra i samsvar med vedlegget til denne avgjerda.
Artikkel 2 Denne avgjerda er retta til medlemsstatane.
Utferda i Brussel 8. juni 2015.
For Kommisjonen Karmenu VELLA Medlem av Kommisjonen _____
VEDLEGG
I vedlegget til avgjerd 2014/312/EU vert det gjort følgjande endringar:
1) I kriterium 3 («Brukseffektivitet») tabell 2 skal ordlyden i kriterium 3 a) lyde: «3 a) Spreieevne (berre for kvit og lys måling, medrekna dei kvite målingsbasane som vert nytta i brekkfargesystem) — ISO 6504/1. Gjeld ikkje for lakk, lasur, gjennomsiktig heftgrunning eller andre gjennomsiktige målingar.»
2) I kriterium 3 («Brukseffektivitet») tabell 2, åttande og niande kolonne om «Grunning (g)» og «Mellomstrøksmåling og grunning (h)», vert teksta «6 m2/l (utan opasitet)» bytt ut med følgjande tekst i begge kolonnane: «6 m2/l (utan opasitet eller med særskilde eigenskapar)».
3) I kriterium 3 a) skal femte leddet lyde:
«Halvgjennomsiktig grunning og mellomstrøksmåling skal ha ei spreieevne på minst 6 m2, og dei med opasitet skal ha ei spreieevne på minst 8 m2. Ugjennomsiktig grunning med særskilde blokkerande/forseglande, gjennomtrengande/bindande eigenskapar og grunning med særlege hefteeigenskapar skal ha ei spreieevne på minst 6 m2 per liter av produktet.»
4) I kriterium 4 vert det gjort følgjande endringar:
a) I fjerde leddet vert setninga «Markørane i tabell 4 skal nyttast som grunnlag for å avgrense gasskromatografiresultata for SVOC.» bytt ut med «Prøvinga skal utførast ved bruk av analysemetodane i brukarhandboka for kriteria.»
b) Tabell 4 går ut.
c) I avsnittet om vurdering og kontroll skal andre setninga i andre leddet lyde:
«Prøvinga skal utførast med tilvising til dei endringane av ISO11890-2 som er oppførte i brukarhandboka for kriteria.»
5) I kriterium 5 a) skal punkt (i) lyde:
«For denne produktgruppa er det gjeve unntak for visse stoffgrupper som kan vere til stades i sluttproduktet. For kvar aktuelle stoffgruppe er det opplyst om kva slags fareklassifisering det er gjeve unntak for, om tilhøyrande vilkår for unntaka og om konsentrasjonsgrensene som skal nyttast. Unntaka er oppførte i tillegget.»
6) I kriterium 5 a) ii) andre leddet skal andre strekpunktet lyde:
«— Delemne i samansetnaden til måling og lakk som kjem inn under følgjande stoffgrupper:
1) Konserveringsmiddel som er tilsette i fargestoff, bindemiddel og sluttproduktet a) Konserveringsmiddel til bruk i emballasje
b) Konserveringsmiddel i fargebrekkingsmaskiner c) Konserveringsmiddel til tørrfilm
d) Stabilisatorar i konserveringsmiddel
2) Tørkemiddel og middel som motverkar hinnedanning a) Tørkemiddel
b) Middel som motverkar hinnedanning 3) Korrosjonshemmarar
a) Korrosjonshemmarar b) Førebyggjande middel mot eir 4) Overflateaktive stoff
a) Overflateaktive stoff til generell bruk b) Alkylfenoletoksylat (APEO) c) Perfluorerte overflateaktive stoff
5) Diverse funksjonelle stoff til generell bruk
a) Silikonharpiksemulsjon i kvit måling, fargestoff og basar i brekkfargesystem b) Metall og sambindingane deira
c) Mineralråstoff medrekna fyllstoff d) Nøytraliseringsmiddel
e) Optiske kvitgjeringsmiddel f) Pigment
6) Diverse funksjonelle stoff til særskild bruk a) Middel til vern mot UV-strålar og stabilisatorar b) Mjuknarar
7) Reststoff som kan vere til stades i sluttproduktet a) Formaldehyd
b) Løysemiddel c) Ureagerte monomerar
d) Flyktige aromatiske sambindingar og halogenerte sambindingar 8) Stoff i bindemiddel og polymerdispersjonar
a) Bindemiddel og tverrbindingsmiddel b) Reaksjonsprodukt og reststoff
og som finst i konsentrasjonar på over 0,010 %.».
7) I tillegget skal posten for formaldehyd lyde:
«7. Reststoff som kan vere til stades i sluttproduktet a) Formaldehyd
Bruk:
Alle produkt.
Fritt formaldehyd skal ikkje medvite tilsetjast sluttproduktet. Sluttproduktet skal prøvast for å fastsetje innhaldet av fritt formaldehyd. Prøvetakingskrava i samband med prøvinga skal spegle att produktserien.
Følgjande grenseverdi for samla innhald skal nyttast:
Det er gjeve unntak frå kravet i første leddet når det gjeld følgjande:
i) Dersom det må nyttast konserveringsmiddel som gjev frå seg formaldehyd, i ein særskild type måling eller lakk som vert lagra i emballasje, og dersom dette konserveringsmiddelet vert nytta i staden for konserveringsmiddel med isotiazolinon.
Kontroll:
Innhaldet av fritt formaldehyd skal fastsetjast for den kvite basen eller den gjennomsiktige basen før brekking som vert rekna for å innehalde den største teoretiske mengda formaldehyd. Innhaldet i den brekkfargen som vert rekna for å innehalde den største teoretiske mengda formaldehyd, skal òg fastsetjast.
Prøvingsmetode:
Grenseverdien 0,0010 %:
Fastsetjing av konsentrasjon i emballasjen etter Merckoquant-metoden. Dersom denne metoden ikkje gjev eit eintydig resultat, skal høgtrykks- væskekromatografi (HPLC) nyttast for å stadfeste konsentrasjonen i emballasjen.
0,0010 % 0,010 %
ii) Dersom polymerdispersjonar (bindemiddel), gjennom restmengder av formaldehyd, gjev frå seg formaldehyd i staden for at konserveringsmidla i emballasjen gjer det.
I både punkt i) og ii) skal det samla innhaldet ikkje overstige følgjande grenseverdi:
Grenseverdien 0,010 %:
1) All måling: Fastsetjing av konsentrasjon av formaldenyd i emballasjen ved analyse med VdL–RL 03-metoden eller høgtrykks- væskekromatografi (HPLC).
2) Måling og lakk til innandørs bruk:
Fastsetjing ved bruk av analyse i samsvar med ISO 16000-3. Utsleppa må ikkje overstige 0,25 ppm etter at første strøk er påført, og dei må vere mindre enn 0,05 ppm 24 timar etter at første strøk er påført.»