• No results found

24.11.2016Nr. 65/163EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "24.11.2016Nr. 65/163EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende"

Copied!
7
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/163

KOMMISJONSAVGJERD av 6. juni 2011

om fastsetjing av miljøkriteria for tildeling av EU-miljømerket til lyskjelder [meld under nummeret K(2011) 3749]

(2011/331/EU) (*)

EUROPAKOMMISJONEN HAR —

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket(

1

), særleg artikkel 8 nr. 2,

etter samråd med Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen og

ut frå desse synsmåtane:

1) I medhald av forordning (EF) nr. 66/2010 kan EU- miljømerket tildelast dei produkta som har ein redusert miljøverknad gjennom heile livssyklusen sin.

2) I forordning (EF) nr. 66/2010 er det fastsett at det skal innførast særlege kriterium for tildeling av EU- miljømerke for kvar produktgruppe.

3) Ved kommisjonsvedtak 2002/747/EF(

2

) vart det innført miljøkriterium og tilhøyrande krav til vurdering og kontroll av lyspærer. Desse kriteria gjeld fram til 31. august 2011.

4) Desse kriteria er vortne reviderte i lys av den teknologiske utviklinga. På bakgrunn av denne revisjonen bør definisjonen av produktet og namnet på produktgruppa endrast. Dei nye kriteria og dei tilhøyrande krava til vurdering og kontroll bør gjelde i eit tidsrom på to år frå datoen då denne avgjerda vert teken.

5) Av omsyn til klarleiken bør vedtak 2002/747/EF bytast ut.

6) Det bør innførast ein overgangsperiode for produsentar som har fått tildelt miljømerket for lyspærer på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i vedtak 2002/747/EF, slik at dei får nok tid til å kunne tilpasse produkta sine slik at dei vert i samsvar med dei reviderte kriteria og krava.

Produsentar bør òg kunne sende inn søknader på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i vedtak 2002/747/EF, eller på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i denne avgjerda, fram til det nemnde vedtaket sluttar å gjelde.

7) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er oppnemnt ved artikkel 16 i forordning (EF) nr. 66/2010 —

(*) Denne unionsrettsakten, kunngjort i EUT L 148 av 7.6.2011, s. 13, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 201/2012 av 26. oktober 2012 om endring av EØS-avtalens vedlegg XX (Miljø), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 6 av 24.1.2013, s. 19.

(1) TEU L 27 av 30.1.2010, s. 1.

(2) TEF L 242 av 10.9.2002, s. 44.

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

1. Produktgruppa «lyskjelder» skal omfatte alle lyskjelder med ein lysfluks som er ≥ 60 og ≤ 12 000 lumen for allmenn lysgjeving med direkte eller indirekte tilkopling til det offentlege lysnettet, som er utstyrte med ein lampesokkel som er oppført i standarden EN 60061, og som er framstilte for å gje synleg stråling.

2. Følgjande lyskjeldetypar er ikkje omfatta av produkt- gruppa: retningsbestemte lampar, høgintensive utladingslampar, farga lampar, prosjektørlampar, fotolampar, lysstoffrøyr til solarium, batteridrivne system og andre lyskjelder som ikkje er meinte for allmenn lysgjeving. Dei følgjande lyskjeldetypane er ikkje omfatta av produktgruppa dersom dei ikkje er direkte tilkopla straumnettet: innebygde kompaktlysrøyr, glødetrådslampar og LED-lampar.

Artikkel 2

For å kunne få tildelt EU-miljømerket i medhald av forordning (EF) nr. 66/2010 må ei lyskjelde høyre inn under produktgruppa

«lyskjelder» slik det er definert i artikkel 1 i denne avgjerda, og oppfylle dei kriteria og tilhøyrande krav til vurdering og kontroll som er fastsette i vedlegget til denne avgjerda.

Artikkel 3

Kriteria for produktgruppa «lyskjelder» og dei tilhøyrande krava til vurdering og kontroll skal gjelde i to år frå datoen då denne avgjerda vert teken.

Artikkel 4

For administrative føremål vert produktgruppa «lyskjelder»

tildelt kodenummeret «008».

Artikkel 5 Vedtak 2002/747/EF vert oppheva.

Artikkel 6

1. Som unntak frå artikkel 5 skal søknader om tildeling av EU-miljømerket til produkt som er omfatta av produktgruppa

«lyspærer» og er sende inn før datoen då denne avgjerda vart teken, vurderast i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i vedtak 2002/747/EF.

2016/EØS/65/30

(2)

2. Søknader om tildeling av EU-miljømerket til produkt som er omfatta av produktgruppa «lyskjelder» og er sende inn etter datoen då denne avgjerda vart teken, men seinast 31. august 2011, kan vurderast anten på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i vedtak 2002/747/EF, eller dei kriteria som er fastsette i denne avgjerda.

3. Desse søknadene skal vurderast på grunnlag av dei kriteria som dei byggjer på.

4. Dersom EU-miljømerket er tildelt på grunnlag av ein søknad som er vurdert ut frå dei kriteria som er fastsette i vedtak 2002/747/EF, kan det nyttast i tolv månader frå datoen då denne avgjerda vert teken.

Artikkel 7 Denne avgjerda er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 6. juni 2011.

For Kommisjonen

Janez POTOČNIK

Medlem av Kommisjonen

______

(3)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/165

VEDLEGG

MÅLSETJING Føremålet med kriteria

Desse kriteria skal særleg føre til mindre skade på eller fare for miljøet som følgje av energibruk (global oppvarming, forsuring, utarming av ressursar som ikkje kan fornyast) ved at energiforbruket vert lågare, som følgje av ressursbruk, både i framstillinga og handsaminga/disponeringa av lyskjelder ved at den gjennomsnittlege levetida deira vert lengre, og som følgje av bruk av kvikksølv ved at dei samla utsleppa av kvikksølv vert lågare under levetida til lyskjelda.

Kriteria skal òg fremje best mogleg bruk (mest mogleg miljøvenleg) og gjere forbrukarane meir medvitne om vern av miljøet. Kriteria er fastsette på ein slik måte at dei fremjar merking av lyskjelder som er framstilte med låg miljøverknad.

KRITERIUM Kriteria er fastsette for kvart einskilt punkt nedanfor:

1) Energieffektivitet, levetid, lysstyrke og kvikksølvinnhald.

2) Tenning/sløkking.

3) Fargeattgjevingsindeks.

4) Fargekonstans.

5) Farlege stoff og stoffblandingar.

6) Stoff som er oppførte i samsvar med artikkel 59 nr. 1 i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1907/2006(1).

7) Plastdelar.

8) Emballasje.

9) Bruksrettleiing.

10) Sosialt ansvar.

11) Opplysningar på EU-miljømerket.

Krav til vurdering og kontroll

Dei særlege krava til vurdering og kontroll er oppførte under kvart kriterium.

Når søkjaren skal leggje fram fråsegner, dokumentasjon, analysar, prøvingsrapportar eller andre prov som stadfestar at produktet oppfyller kriteria, kan dette kome frå søkjaren sjølv og/eller frå leverandøren eller leverandørane til søkjaren og/eller frå underleverandøren eller underleverandørane, alt etter korleis det høver.

Dersom det er mogleg, bør prøvingane utførast av laboratorium som oppfyller dei allmenne krava i standarden EN ISO 17025 eller ein tilsvarande standard.

Det kan eventuelt nyttast andre prøvingsmetodar enn dei som er oppførte under kvart kriterium, dersom det rette organet som vurderer søknaden, meiner at dei er jamgode.

Om naudsynt kan dei rette organa krevje utfyllande dokumentasjon og utføre uavhengige kontrollar.

KRITERIUM FOR EU-MILJØMERKET Kriterium 1 — Energieffektivitet, levetid, lysstyrke og kvikksølvinnhald Lyskjelder skal oppfylle dei følgjande krava:

Lyskjelder med éin sokkel Lyskjelder med to soklar Energieffektivitet 10 % betre enn lumen/watt-verdien

etter kriteria i klasse A 10 % betre enn lumen/watt-verdien etter kriteria i klasse A

Levetid (i timar) 15 000 20 000

(1) TEU L 396 av 30.12.2006, s. 1.

(4)

Lyskjelder med éin sokkel Lyskjelder med to soklar

Lysstyrke 80 % etter 9 000 timar 90 % etter 16 000 timar

Kvikksølv (mg) < 1,5 < 3,0

Merknad:

Energieffektivitet slik det er definert i vedlegg IV til kommisjonsdirektiv 98/11/EF(1).

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal leggje fram ein prøvingsrapport som viser at energieffektiviteten, levetida og lysstyrken til andre lyskjelder enn LED-lampar er fastsette i samsvar med dei framgangsmåtane for prøving som er nemnde i standarden EN 50285.

Når det gjeld effektiviteten, levetida og lysstyrken til LED-lampar, og når det gjeld kvikksølvinnhaldet i lysrøyr, skal søkjaren leggje fram prøvingsrapportar som byggjer på pålitelege, nøyaktige og reproduserbare målemetodar som tek omsyn til dei nyaste allment sannkjende metodane, medrekna metodar som er fastsette i dokument der referansenumra er offentleggjorde for dette føremålet i Tidend for Den europeiske unionen. Rapporten skal opplyse om energieffektiviteten, levetida, lysstyrken og kvikksølvinnhaldet til lyskjelda. Dersom levetidsprøvinga ikkje er avslutta, skal den driftslevetida som det er opplyst om på emballasjen, godtakast inntil prøvingsresultatet ligg føre.

Prøvingsresultatet må likevel leggjast fram innan tolv månader etter at det er søkt om tildeling av EU-miljømerket. Når det gjeld levetidsprøvinga, skal 75 % av prøvematerialet oppfylle kravet.

Kriterium 2 — Tenning/sløkking

Når det gjeld kompaktlysrøyr og LED-lampar, skal talet på tenne-/sløkkjesyklusar som lyskjelda kan utsetjast for før det oppstår tidleg funksjonssvikt, vere større enn levetida til lyskjelda, uttrykt i timar.

Når det gjeld lyskjelder som skal kunne tole hyppig tenning/sløkking, skal talet vere høgare enn 60 000 tenne-/

sløkkjesyklusar.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal leggje fram ein prøvingsrapport som viser at talet på tenne-/sløkkjesyklusar for eit kompaktlysrøyr er fastsett ved bruk av ein snøgg prøvingssyklus (1 minutt på, 3 minuttar av) og dei framgangsmåtane for levetidsprøving som er nemnde i standarden EN 50285.

Søkjaren skal leggje fram ein prøvingsrapport for LED-lampar som viser at det er nytta pålitelege, nøyaktige og reproduserbare målemetodar som byggjer på dei nyaste allment sannkjende metodane, medrekna metodar som er fastsette i dokument der referansenumra er offentleggjorde for dette føremålet i Tidend for Den europeiske unionen.

Rapporten skal opplyse om kor mange tenne-/sløkkjesyklusar som vert gjennomførte når 50 % av dei kompaktlysrøyra eller LED-lampane som er prøvde, oppfyller dei krava til levetid som er nemnde i dei aktuelle standardane.

Kriterium 3 — Fargeattgjevingsindeks

Fargeattgjevingsindeksen (Ra) til lyskjelda skal vere større enn 85.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal leggje fram ein prøvingsrapport som viser at fargeattgjevingsindeksen til lyskjelda er fastsett ved bruk av den framgangsmåten for prøving som er nemnd i CIE-dokument 13.3. Rapporten skal gje opplysningar om fargeattgjevingsindeksen til lyskjelda.

Kriterium 4 — Fargekonstans

Spreiinga i den korrelerte fargetemperaturen til lyskjelda skal minst liggje innanfor ein tretrinns MacAdam-ellipse.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal leggje fram ein prøvingsrapport som viser at spreiinga i den korrelerte fargetemperaturen minst ligg innanfor ein tretrinns MacAdam-ellipse, og byggjer på pålitelege, nøyaktige og reproduserbare målemetodar som tek omsyn til dei nyaste allment sannkjende metodane, medrekna metodar som er fastsette i dokument der referansenumra er offentleggjorde for dette føremålet i Tidend for Den europeiske unionen.

Kriterium 5 — Farlege stoff og stoffblandingar

I samsvar med artikkel 6 nr. 6 i forordning (EF) nr. 66/2010 skal produktet eller delar av produktet ikkje innehalde stoff som er nemnde i artikkel 57 i forordning (EF) nr. 1907/2006, eller stoff eller stoffblandingar som kan vere eller har vore tildelte dei følgjande fare- eller risikosetningane.

(1) TEF L 71 av 10.3.1998, s. 1.

(5)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/167

Liste over fare- og risikosetningar:

Faresetning(1) Risikosetning(2)

H300 Dødeleg ved svelging R28

H301 Giftig ved svelging R25

H304 Kan vere dødeleg ved svelging dersom det kjem ned i luftvegane R65

H310 Dødeleg ved hudkontakt R27

H311 Giftig ved hudkontakt R24

H330 Dødeleg ved innanding R23/26

H331 Giftig ved innanding R23

H340 Kan føre til genetiske skadar R46

H341 Mistenkt for å kunne gje genetiske skadar R68

H350 Kan føre til kreft R45

H350i Kan føre til kreft ved innanding R49

H351 Mistenkt for å kunne føre til kreft R40

H360F Kan skade forplantingsevna R60

H360D Kan gje fosterskadar R61

H360FD Kan skade forplantingsevna. Kan gje fosterskadar. R60/61/60-61 H360Fd Kan skade forplantingsevna. Mistenkt for å kunne gje fosterskadar. R60/63 H360Df Kan gje fosterskadar. Mistenkt for å kunne skade forplantingsevna. R61/62

H361f Mistenkt for å kunne skade forplantingsevna R62

H361d Mistenkt for å kunne gje fosterskadar R63

H361fd Mistenkt for å kunne skade forplantingsevna. Mistenkt for å kunne gje fosterskadar.

R62-63

H362 Kan skade barn som vert amma R64

H370 Fører til organskadar R39/23/24/25/26/27/28

H371 Kan føre til organskadar R68/20/21/22

H372 Fører til organskadar ved langvarig eller fleire gongers eksponering R48/25/24/23 H373 Kan føre til organskadar ved langvarig eller fleire gongers eksponering R48/20/21/22

H400 Svært giftig for liv i vatn R50

H410 Svært giftig, med langtidsverknad, for liv i vatn R50-53

H411 Giftig, med langtidsverknad, for liv i vatn R51-53

H412 Skadeleg, med langtidsverknad, for liv i vatn R52-53

H413 Kan føre til skadelege langtidsverknader for liv i vatn R53

(6)

Faresetning(1) Risikosetning(2)

EUH059 Farleg for ozonlaget R59

EUH029 Ved kontakt med vatn vert det utvikla giftig gass R29 EUH031 Ved kontakt med syre vert det utvikla giftig gass R31 EUH032 Ved kontakt med syre vert det utvikla svært giftig gass R32

EUH070 Giftig ved kontakt med auga R39-41

(1) Slik det er fastsett i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1272/2008 (TEU L 353 av 31.12.2008, s. 1).

(2) Slik det er fastsett i rådsdirektiv 67/548/EØF (TEF 196 av 16.8.1967, s. 1).

Bruken av stoff eller stoffblandingar som endrar eigenskapane sine ved behandling (slik at dei t.d. ikkje lenger er biotilgjengelege, eller slik at dei endrar seg kjemisk) på ein slik måte at den påviste faren ikkje lenger ligg føre, er ikkje omfatta av kravet som er nemnt ovanfor.

Konsentrasjonsgrensene for stoff eller stoffblandingar som oppfyller kriteria for klassifisering i dei fareklassane eller -kategoriane som er nemnde ovanfor, og for stoff som oppfyller kriteria i artikkel 57 bokstav a), b) eller c) i forordning (EF) nr. 1907/2006, skal ikkje overstige dei generiske eller særlege konsentrasjonsgrensene som er fastsette i samsvar med artikkel 10 i forordning (EF) nr. 1272/2008. Dersom det er fastsett særlege konsentrasjonsgrenser, bør desse ha førerang for dei generiske.

Konsentrasjonsgrensene for stoff som oppfyller kriteria i artikkel 57 bokstav d), e) eller f) i forordning (EF) nr. 1907/2006, skal ikkje overstige 0,1 vektprosent.

Følgjande stoff eller bruksområde for stoff har særleg unntak frå dette kravet:

Homogene delar med vekt under 5 g Alle fare- og risikosetningar som er oppførte ovanfor Vurdering og kontroll: For kvar del med vekt over 5 g skal søkjaren leggje fram ei fråsegn om at dette kriteriet er oppfylt, saman med tilhøyrande dokumentasjon, t.d. samsvarsfråsegner som er underteikna av leverandørane av stoffa, og kopiar av relevante tryggleiksdatablad i samsvar med vedlegg II til forordning (EF) nr. 1907/2006 for stoff eller stoffblandingar. Konsentrasjonsgrensene for stoff og stoffblandingar skal vere oppførte i tryggleiksdatablada i samsvar med artikkel 31 i forordning (EF) nr. 1907/2006.

Kriterium 6 — Stoff som er oppførte i samsvar med artikkel 59 nr. 1 i forordning (EF) nr. 1907/2006

Det skal ikkje gjevast unntak frå utelatinga i artikkel 6 nr. 6 for stoff som er identifiserte som stoff som gjev svært stor grad av uro og er oppførte i den lista som er fastsett i artikkel 59 i forordning (EF) nr. 1907/2006, og som finst i stoffblandingar, i ein artikkel eller i ein homogen del av ein samansett artikkel i konsentrasjonar som er høgare enn 0,1 %. Særlege konsentrasjonsgrenser som er fastsette i samsvar med artikkel 10 i forordning (EF) nr. 1272/2008, skal nyttast i tilfelle der konsentrasjonen er lågare enn 0,1 %.

Vurdering og kontroll: Lista over stoff som er identifiserte som stoff som gjev svært stor grad av uro, og som er oppførte i kandidatlista i samsvar med artikkel 59 i forordning (EF) nr. 1907/2006, kan finnast på følgjande nettstad:

http://echa.europa.eu/chem_data/authorisation_process/candidate_list_table_en.asp Tilvisinga til lista skal gjerast på søknadsdatoen.

Søkjaren skal leggje fram ei fråsegn om at dette kriteriet er oppfylt, saman med tilhøyrande dokumentasjon, t.d.

samsvarsfråsegner som er underteikna av leverandørane av stoffa, og kopiar av relevante tryggleiksdatablad i samsvar med vedlegg II til forordning (EF) nr. 1907/2006 for stoff eller stoffblandingar. Konsentrasjonsgrensene for stoff og stoffblandingar skal vere oppførte i tryggleiksdatablada i samsvar med artikkel 31 i forordning (EF) nr. 1907/2006.

Kriterium 7 — Plastdelar

a) Dersom det vert nytta mjuknarar i produksjonsprosessen, skal dei oppfylle krava til farlege stoff som er fastsette i kriterium 5 og 6.

Det er heller ikkje tillate med medviten tilsetjing av DNOP (di-n-oktylftalat), DINP (di-isononylftalat) og DIDP (di-isodecylftalat) i produktet.

b) Plastdelar skal ikkje innehalde meir enn 50 vektprosent klor.

(7)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/169

Vurdering og kontroll: Produsenten skal underteikne eit sertifikat som viser at desse krava er oppfylte, og sende det inn til det rette organet som tildeler miljømerket. Leverandørane av plasten skal òg underteikne og sende over til det rette organet som tildeler miljømerket, ei fråsegn om at kriteria er oppfylte, saman med kopiar av relevante tryggleiksdatablad for materiale og stoff.

Kriterium 8 — Emballasje

Det skal ikkje nyttast laminat og samansette plastmateriale.

Dersom pappøskjer vert nytta, skal dei vere framstilte av materiale der 80 % er resirkulert etter forbrukarleddet.

Dersom plastmateriale vert nytta, skal dei vere framstilte av materiale der minst 50 % er resirkulert etter forbrukarleddet.

Vurdering og kontroll: Eit eksemplar av emballasjen til produktet skal leggjast ved søknaden, saman med ei fråsegn om at dette kriteriet er oppfylt. Berre primæremballasje slik det er definert i europaparlaments- og rådsdirektiv 94/62/EF(1) er omfatta av kriteriet.

Kriterium 9 — Bruksrettleiing

Produktet skal seljast med ei føremålstenleg bruksrettleiing, anten på emballasjen eller i ein eigen brosjyre som følgjer med produktet, som inneheld råd om miljøvenleg bruk. Dette gjeld særleg følgjande:

a) For lampar med soklar av typen E27, E14, B22 eller B15 skal emballasjen innehalde opplysningar om den relative storleiken og forma til lyskjelda, jamført med ein vanleg glødelampe.

b) For lyskjelder med to soklar: opplysningar på emballasjen om at miljøprestasjonen til lyskjelda aukar når ho vert nytta saman med ein høgfrekvent elektronisk tennar.

c) Emballasjen skal innehalde retningslinjer for handtering av øydelagde lysrøyr.

d) Opplysningar om korrekt vedlikehald av lyskjelder, t.d. reingjering, for å halde ved lag lysfluksen.

e) Opplysningar om at ein kan spare energi og pengar ved å slå av lyset.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste at produktet oppfyller desse krava, og leggje fram eit eksemplar av emballasjen eller brosjyren for det rette organet som vurderer søknaden.

Kriterium 10 — Sosialt ansvar

Grunnleggjande prinsipp og rettar som gjeld arbeidstilhøve må oppfyllast under produksjonen av miljømerkte lyskjelder.

Lisensinnehavaren må sikre at produksjonen av lyskjelda følgjer ILO-konvensjonane(2) om barnearbeid, tvangsarbeid, helse og tryggleik, skilnadshandsaming, disiplinære tiltak, arbeidstid, løn, organisasjonsfridom og kollektive forhandlingar.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste at dette kravet er oppfylt, og leggje fram ein spesifikasjon av avtaler som er gjorde med inspeksjonsstyresmakter, og anten åtferdsreglar når det gjeld ILO-konvensjonar eller ei SA8000- sertifisering.

Kriterium 11 — Opplysningar på EU-miljømerket Eit valfritt merke med tekstfelt skal innehalde følgjande tekst:

«– Høg energieffektivitet – sparar pengar – Lang levetid

– Har gjennomgått ytingsprøving».

Dersom lyskjelda ikkje inneheld kvikksølv, kan dette førast opp i det valfrie merket.

Retningslinjene for bruk av det valfrie merket med tekstfelt kan finnast i «Guidelines for use of the Ecolabel logo» på følgjande nettside: http://ec.europa.eu/environment/ecolabel/promo/logos_en.htm

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal leggje fram eit eksemplar av merket, saman med ei fråsegn om at dette kriteriet er oppfylt.

________________________

(1) TEF L 365 av 31.12.1994, s. 10.

(2) http://www.ilo.org/

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

mars 2019 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 6) Det er hensiktsmessig å kreve at

mars 2019 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 8) For å sikre ensartede anvendelsesvilkår bør

desember 2019 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 6) For å lette den praktiske

november 2010 om endring av EØS-avtalens vedlegg I (Veterinære og plantesanitære forhold), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 21/2004 bør derfor endres for

mars 2019 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 600/2014 bør en rekke instrumenter anses å

mars 2019 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. Verdipapirforetaket bør derfor fastsette forsiktige

september 2012 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 1 i direktiv 2009/65/EF

desember 2015 om endring av EØS-avtalens vedlegg IV (Energi), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 6) I varmere klimaer installeres ofte reversible