• No results found

Jordbruksavtalen og fellesgoda

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Jordbruksavtalen og fellesgoda"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Jordbruksavtalen og fellesgoda

I eit intervju med Bondebladet 28. april i år tok til orde for at jordbrukstingingane bør operasjonalisere dei fellesgoda som næringa skal levere. Jordbruksavtalen er det viktigaste instrumentet for å realisere stortingsviljen slik måla for landbruket er gjengitt t.d. i

Budsjettproposisjonen for 2016 med fire overordna mål: «Matsikkerhet, Landbruk over hele landet, Økt verdiskaping, Bærekraftig landbruk». Om vi går til krav/tilbodsdokumenta frå årets tingingar, finn vi ingen freistnad på å vise korleis avtalen vil verke til å realisere måla.

Samanhengen mellom mål og verkemiddel er vag, dermed blir det ikkje mogleg i neste omgang å måle om den enkelte avtale er funksjonell for å realisere Storingsviljen.

At jordbrukspolitikken over tid ikkje leverer fellesgoda, er eit tema som jamt er framme i media kfr. Riksrevisjonens rapport av 2009. Tingingane er snevert konsentrert om inntektsverknad av prisar og subsidiar. Eg vil her gå nærare inn på korleis ei operasjonalisering av fellesgoda kan skje innan ramma av forhandlingane. Utgangspunktet er den grunnleggande innsikt at avtalen har to samverkande siktemål: inntekter for den enkelte produsent og kollektive gode for heile landet (fellesskapet). Eit sentralt premiss bør vere at andre grupper (forbrukarar) kan forstå forhandlingane og sjå at jordbruksavtalen er viktig for dei. I dette ligg allmenngjering. Dagens system verkar ekskluderande på andre sidan det dreier seg snevert om bondeinntektene. Det samla samfunnsoppdraget til næringa blir tilslørt. Ved å løfte fram fellesgode demonstrerer jordbruksorganisasjonane at dei er opptekne av meir enn medlemmenes inntekt. Slik blir alliansar bygde.

Eg vil nytte mål om matsikkerheit (sjølforsyningsmålet) som eksempel på korleis

operasjonalisering av eit kollektivt gode kan skje. Dette er det målet som er mest omtala av partane i krav- og tilbodsdokumenta. Gangen i tingingane ville sjå slik ut:

1. Partane vil i førebuande fase ved Budsjettnemnda avstemme ein omforeina definisjon av omgrepet

2. Kravdokumentet vil ha eit eige kapittel som gjer greie for a) kva verkemiddel som jordbruket vil nytte for å få betre matsikkerheit og b) konkret utmåling av ressursar for formålet, c) kalkulert estimert effekt.

3. I tilbodsdokumentet vil staten svare på desse punkt.

4. Matsikkerheit blir så forhandla som særskild tema.

5. Etter tingingane vil Stortinget, media, opinionen kunne sjå korleis partane har handtert dette kollektive godet.

6. Påfølgjande år vil Budsjettnemnda ha som oppdrag å måle effekten ved å etablere parameter (det kan vere innretting av produksjonen, bruk av areal, bruk av

importerte innsatsfaktorar). Det kan ta fleire år før ein får målbar effekt, men ved å etablere eit referansepunkt kan nemnda innhente data som indikerer retning.

Slik stoda er i dag, vil ei allmenngjering av forhandlingane gagne næringa. Interessa for mat og matproduksjon er sterk og veksande. Det er grunn til å tru at søkelys på produksjon av fellesgode vil styrke næringa sin forhandlingsposisjon politisk, og gje større rammer over tid.

Eg ser at noen aktørar held fram at det er vågeleg å gå inn for endringar i måten instituttet verkar på, dei meiner at ordninga da står i fare. Eg meiner tvert i mot at instituttet vil bli

(2)

styrkt. Tidene endrar seg, og jordbruksavtaleinstituttet må som andre samfunnsinstitusjonar vere i pakt med si tid.

Gjermund Haga

bonde, Verdal, gen.sekr. NBS 1982-86, 89-91.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Som nyfødtmedisiner stod han ofte overfor medisinske og etiske dilemmaer med hensyn til hvordan informasjon skal gis og hvordan legen skal beklage når ting ikke går som de skal..

Vi har tidligere vist at leger under utdanning i radiologi ved et større sykehus var bekymret over utdanningens kvalitet... Svarprosenten

Dersom materialet er et tilfeldig utvalg, synes den økte innleggelsesrisikoen å være signifikant for gruppe II (p<0,05) og gruppe II (p<0,01) menn.. Det er mulig at denne

Alt i alt kan man ikke bare ha en statistisk, mekanisk analyse for å se hvordan det vil gå framover, men vi må tenke som samfunnsvitere og bruke hodet når vi lager framskrivninger,

Alle intervjuene ble gjennomført som semi-strukturerte intervjuer. Dette innebærer at vi hadde en intervjuguide som utgangspunkt, men at spørsmål, temaer og rekkefølge

Når det gjelder bruk av direkte reguleringer i miljø- politikken, ser det ikke ut til at en tilpasning til eller innmelding i EF vil føre til vesentlige problemer med å videreføre

forståelsene, der kjernen i ledelse ses på som det som skjer i relasjonen mellom lederen og medarbeideren, og lederens atferd i den relasjonelle konteksten, vil jeg presentere

Dersom materialet er et tilfeldig utvalg, synes den økte innleggelsesrisikoen å være signifikant for gruppe II (p<0,05) og gruppe II (p<0,01) menn.. Det er mulig at denne