• No results found

Barskog i Vest-Norge

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Barskog i Vest-Norge"

Copied!
114
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Barskog i Vest-Norge

Utkast til verneplan

DN-rapport 1992 - 9

(2)

Forsidebilde. 1. Kvitryggspett (Dendrocopos

feucotos). Foto: Engvar Stenberg.

2. Furuskog med purpurlyng (Erica cinerea), Bømlo. Foto: Bjørn Moe.

3. Kystfuruskog. Bremanger. Foto: Bjørn Moe

4. Furubukk (Monochamussutor). Foto: Oddvar Hanssen.

i 3

2

4

(3)

Barskog i Vest-Norge

Utkast til verneplan

DN-rapport 1992 - 9

(4)

Direktoratet for Naturforvaltning Tungasletta 2, 7005 Trondheim

Telefon: 07 58 05 00 - Telefax: 07 91 54 33

DN- rapport

1992-9

TITTEL DATO

Barskog i Vest-Norge Des -92

Utkast til verneplan

SAKSBEHANDLER/FORFATTER ANTALL SIDER

Ivar Haugen 120

AVDELING ANSV. SIGN.

Landøkologisk avdeling

Berit Lein EKSTRAKT

Formålet med ein verneplan for barskog er å sikre for ettertida eit utval av både det typiske og dei sjeldne/truga ele-

menta i norsk barskognatur.

Regjeringa har vedteke vern av 280 km2 produktiv barskog i Norge, derav 25 km2 i Vest-Norge.

Direktoratet for naturforvaltning sende nå på høyring 39 barskogområde i Vest-Norge som aktuelle i ein verneplan. 3 av desse områda er verna fra før som landskapsvernområde eller administrativt av Statskog SF.

Dei områda som høyres no utgjer eit produktivt barskogareal på 68 km2. 0,5 km2 av dette er kalkfuruskog .

9,5% av

arealet er på offentleg eigd grunn.

3 STIKKORD PÅ NORSK 3 KEYWORDS IN ENGLISH

Barskog Coniferous forest

Naturforvaltning Nature management

Vern Protection

3

(5)

FORORD

Vern av lite påverka barskogområde er høgt prioritert i naturforvaltningsarbeidet i Norge. Grunnlaget for ein ver- neplan er St.meld. nr. 68 (1980-81), Vern av norsk natur

og St.meld. nr. 46 (1988-89), Miljø og utvikling. Miljø-

verndepartementet har utarbeidd retningslinjer for korleis arbeidet med ein verneplan skal gjennomførast. Det er fastsett eit verneomfang for heile landet på 280 km2 pro- duktiv barskog.

Direktoratet for naturforvaltning har utarbeidd utkastet som ligg føre til verneplan for barskog i Vest-Norge.

Registreringane av verneverdige lokalitetar tok til i 1985, og er gjennomførte av Norsk institutt for naturforskning, NINA. Kalkfuruskogane er registrerte av Jørn Erik Bjørn-

dalen og Tor Erik Brandrud i perioden 1983-1987 (DN- rapport nr.10-1989).

Formålet med verneplanen er å sikre for ettertida eit

representativt utval av det typiske og dei sjeldne/truga ele- menta i norsk barskognatur. Verneplanen vil utgjere eit landsomfattande nettverk av mest mogleg urørte barskog-

lokalitetar.

Direktoratet for naturforvaltning har ansvaret for å gjen- nomføre verneplanen etter dei retningslinjene som er ved- tekne. Verneplanen vil vere delt inn i fire ulike delplanar:

Aust-Norge, Vest-Norge, Midt-Norge og Nord-Norge.

Fylkesmannen i kvart enkelt fylke har ansvaret for gjen- nomføringa på fylkesnivå.

I arbeidet med verneplanen er det oppnemnt eigne rådgi- vande utval, regionale barskogutval, som skal vurdere dei næringsmessige interessane opp mot verneverdiane i den enkelte lokaliteten. Utvala skal kome med ei tilråding til direktoratet om kva for område som bør sendast på høy- ring. Det er og oppnemnt eit eige sentralt konfliktløysande utval som er rådgivande i forhold til Miljøvern-departe- mentet.

Fylkesmennene har halde møte og synfaringar der ein har hatt kontakt med grunneigarar, organisasjonar, landbruks- styresmakter, kommunar og fylkeskommunar. Dette har gjeve nyttige opplysningar til arbeidet.

Førstekonsulent Ivar Haugen har stått for utforminga av verneplanutkastet. Lokalitetsomtalane er i stor grad gjor- de hos fylkesmennene i kvart fylke.

Trondheim, desember 1992

(6)

INNHALD

1 FORORD

2 INNLEIING ...8

3. NATURSKOGANE SOM ØKOSYSTEM ...9

3.1 URSKOG/NATURSKOG/KULTURSKOG ... 9

3.2 VERDIEN AV NATURSKOG ... 9

3.3 INTERNASJONALT ANSVAR ...10

4 SKOGBRUKSNÆRINGA ... 11

4.1 SKOGBRUKSNÆRINGA I NORGE ...11

4.2 SKOGBRUKSNÆRINGA I VEST-NORGE ...12

5 INNDELING AV BARSKOGANE ...13

5.1 NATURGEOGRAFISKE REGIONAR ... 13

5.2 BARSKOGTYPAR ... 13

6 VERNEPLANEN FOR BARSKOG, GENERELT ... 15

6.1 DET FORMELLE GRUNNLAGET FOR VERNEPLANEN ... 15

6.2 VERNEFORMÅL OG VERNEMOTIV ...15

6.3 REGISTRERING ... 16

6.4 OMFANGET AV VERN ...17

6.5 ORGANISERING AV VERNEPLANARBEIDET ... 18

7 KVA VERNET INNEBER ...19

7.1 HEIMEL FOR VERN ... 19

7.2 FORSLAG TIL GENERELL VERNEFORSKRIFT ...19

7.3 SKJØTSEL OG FORVALTNING ... 20

7.4 SAISHANDSAMING ...21

7.5 ØKONOMISK ERSTATNING ...22

8 VERNEPLANEN FOR BARSKOG, REGION VEST-NORGE ... 24

8.1 NÆRINGSMESSIGE VURDERINGAR ... 24

8.2 REGISTRERINGAR ... 24

8.3 PRIORITERTE OMRÅDE ... 28

8.4 BARSKOG SOM ALT ER VERNA ...31

9. OMRÅDE TIL HØYRING I REGION VEST-NORGE ...32

9.1 AKTUELLE NYE VERNEOMRÅDE ...32

9.2 OMRÅDE DER EIN FØRESLÅR Å ENDRE VERNESTATUS ...33

9.3 OMTALE AV DEI ENKELTE LOKALITETANE ... 33

Lok. 3 Skogafjellet ... 35

Lok. 4 Sagvatnet ...37

Lok. 7 Kvernavatnet ... 39

Lok. 8 Øvredalen ... 41

Lok. 12 Krakksfjellet ... 43

Lok. 13 V ågsfj ellet ... 45

Lok. 21 Solavågsfjellet ... 47

Lok. 23 Foreknuten ... 49

Lok. 24 Gitlandsåsen ... 51

Lok. 27 Longavatnet ... 53

Lok. 30 Nordstølhei ... 55

Lok. 31 Kj ølvikskorpa ... 57

6

(7)

Lok. 32 Drotninghei ... 59

Lok. 38 Bjørnen ... 61

Lok. 39 Jonås ... 63

Lok. 43 Yddal ... 65

Lok. 44 Steinen ... 67

Lok. 46 Linga ... 69

Lok. 47 Gullbergnotten ... 71

Lok. 52 OtterstadstØlen ... 73

Lok. 58 Kolebakkane ... 75

Lok. 60 Stordalen ... 77

Lok. 63 Liafjellet ... 79

Lok. 66 Lundsfjellet ... 81

Lok. 69 B arsteintj ernet ... 83

Lok. 70 Krokvatnet ... 85

Lok. 71 Hisåsen ... 87

Lok. 72 Aure Skogreservat ... 89

Lok. 73 Romundstad ... 91

Lok. 77 Tjørnabrekkene ... 93

Lok. 80 Djupedalen ... 95

Lok. 83 Kvitingsmorki ... 97

Lok. 89 Vermedalen ... 99

Lok. 90 Svartåmoen ... 101

Lok. 91 Sørdalen ... 103

K 1 Storsøy ... 105

K 2 Bargarden (Kvålsviki) ... 107

K 3 Hellebust ... 109

K 4 GjØrahaugen ... 111

10 FORKLARING AV ORD OG UTTRYKK ... 112

11 LITTERATURLISTE ... 115

(8)

2. INNLE II NG

"Ein skog er så mykje meir enn tre. Skogen er ikkje berre

heim for planter og dyr, det er dei som er skogen" (Åke

Aronsson).

Barskogane våre fungerer som levande samfunn med eit

samspel mellom eit levande (planter, dyr, organismar) og

eit daudt miljø (berggrunn, vatn, luft, lys). Eit slikt økosy-

stem inneheld ein enorm variasjonsrikdom som er under stadig utvikling. Eit einskild treslag som gran eller furu vert

her ein enkeltfaktor som er avhengig av resten av systemet

for å finne levevilkår.

Skog under barskoggrensa dekkjer i Norge ca. 30% (98 000 km2) av det totale arealet i landet. Desse skogane ligg innafor den nordlege barskogsona som strekkjer seg gjen- nom dei skandinaviske landa og dei nordlege delane av Russland og Nord-Amerika. Nord for denne sona ligg bjør- ke- og vierbeltet og den trelause tundraen, og i sør ligg ein

blandingsskog av bar og lauv som går over i rein lauvskog.

I den nordlege barskogsona dominerer ei lang rekkje bar-

treslag. I Norge finn vi 4 artar av bartre som veks vilt og ca.

20 lauvtre. Det er gran, furu, bjørk, gråor og osp som er

hovudtreslaga. På Sørlandet og langs kysten av Vestlandet har vi og innslag av ei rekkje meir varmekjære lauvtreartar

(nemoral region).

Den siste istida tok slutt for 8-10 000 år sidan. Landet vart då gradvis dekt med vegetasjon. Skogsamfunn etablerte seg

etter kvart i takt med klimaforbetringar og -forverringar.

Dei skogane vi har i dag er heilt ulike dei vi hadde her i lan-

det for t.d. 5000 år sidan. Vi kan og slå fast som sikkert at

skogsamfunna vil endre seg i takt med nye klimaendringar i framtida.

I tidsrommet 7000-5500 f. Kr. hadde furuskogane våre sin

store ekspansjon. Desse skogane kom austfra og fortrengde gradvis bjørka. I ein seinare periode vart furuskogane for- trengde av meir varmekjære lauvtre, og vi fekk furu som dekte store område høgt til fjells (Hardangervidda). Det er først for 2500 år sidan at vi får grana inn som eit nytt tre- slag. Innvandringa skjedde austfra og tok til ca. 500 f. Kr.

Grana, som er det treslaget som i dag har mest å seie øko-

nomisk, er såleis eit "nytt" treslag her i landet. I dag finn vi

granskog på Austlandet, Sørlandet, i Trøndelag og Nordland nord til Saltfjellet. Enno i dag ser vi at grana utvi- dar leveområdet sitt, og vest i Trøndelag er treslaget kan- skje berre nokre hundre år.

Grana har etter kvart vunne stadig større areal frå furua.

Trass i at furua har gått attende i utbreiing og dekkjer min- dre landareal enn grana, finst furua over det meste av landet frå sør til nord og fra kysten til fjellet. På Vestlandet er det

furu som er det dominerande bartreslaget.

Skogsamfunnet produserer oksygen og bind karbondiok-

syd. Skogane har mykje å seie for klimaet, dei dempar far-

ten på vinden, regulerer vasshushaldninga, hindrar erosjon

og gjev levevilkår for planter og dyr. Men skogressursane

har og i uminnelege tider gjeve grunnlag for ei omfattande

utnytting for å dekkje menneska sine behov.

Utnyttinga av skogressursane våre har til tider vore svært

stor. Tre vart brukt som brensel til varme, matlaging, tør-

king av korn, saltkoking, materialar, reiskapar, trekolbren-

ning osb. Historisk har og eit omfangsrikt utmarksbeite av

husdyr, svedjebruk og etter kvart trelastproduksjon sett sitt preg på skogane våre. Somme stader i landet vårt vart fak-

tisk skogane våre utnytta så sterkt at dei vart fullstendig uthogde og raserte.

Det som i stor grad kjenneteiknar utnyttinga av skogressur-

sane i tidlegare tider, var ei hausting utan tanke på framtidig

skogproduksjon. Frå 1930-åra fekk vi utviklinga av bestandskogbruket med snauflatehogst og tilplanting der

"normalskogen" var målet. For Vest-Norge og Nord-Norge har ein på 1900 talet lagt stor vekt på skogreising og tre-

slag-skifte fra lauvskog og furuskog til granskog.

Med bestandsskogbruket kom utnyttinga av skogressursane over i ein fase med vektlegging av maksimal produksjon av

tre som grunnlaget for råstoff til ein industri. I takt med ei slik industriell utnytting av skogressursane har ein vorte

stadig meir oppteken av ulike verknader av moderne skogs- drift og treslagskifte på vegetasjon og dyreliv.

Utviklinga har ført til at styresmaktene i dag har funne det naudsynt å presisere at målet for forvaltinga av skogressur-

sane våre skal vere "å sikre langsiktig Økologisk balanse, slik at den næringsmessige ressursutnyttinga i dag tek

vare på vilkåra i framtida og slik at mangfaldet i natu- ren ikkje blir forringa." Dette er og slege fast i formålspa- ragrafen i skoglova.

Areala med naturskog i landet avtek no for kvart år. Store

naturinngrep som vegutbygging, busetnad, oppdyrking og omfattande skogsdrift er viktige årsaker til dette. Ei intensiv

skogsdrift fører med seg ei endring frå naturskog til utprega kulturskog. Ei slik omforming av skogareala verkar sterkt

inn på dyre- og plantelivet.

Det er verdt å understreke at vi i 1992 framleis står oppe i

ein storstilt omformingsprosess der bestandsskogen har vore målet. Omformingsperioden byrja for alvor i 1950-åra, og vil truleg vere avslutta ein gong i siste halvdelen av nes-

te hundreår. Dette perspektivet er det viktig å vere klar over når barskogvern skal drøftast. Vi vernar barskog medan det

finst naturskog, for å ha slike område i eit framtidig norsk

skogbilete.

I dag er det derfor reist krav om at representative areal med mest mogleg urørt barskog må fredast som eit sikringsnett- verk over heile landet. Samtidig er det og reist krav om at eit nett av dei sjeldne kalkfuruskogane våre må sikrast for ettertida.

8

(9)

3. NATURSKOGANE SOMØKOSYSTEM

Eit skogsamfunn er eit svært levande samspel mellom ulike

dyr, organismar og planter. Desse er i sin tur heilt avhengi-

ge av jord, lys, luft og vatn. Påverknad av ein enkelt faktor

vil i dette samspelet få følgjer for resten av systemet.

Kunnskap om korleis skogøkosystemet er samansett og verkar er fundamentalt for vår utnytting av desse ressursane i framtida. Vi får i dag stadig meir innsikt og kunnskap om

dette fundamentale og fascinerande samspelet.

3.1 URSKOG/NATURSKOG/

KULTURSKOG

Eit opphavleg skogsamfunn som er kome fram naturleg ved

forynging frå dei stadeigne trea, blir kalla ein naturskog.

Ein naturskog må vere naturleg forynga med stadeige gen-

materiale. Skogen må og ha hatt ein kontinuitet over fleire tregenerasjonar, eller det er ein førstegenerasjon under

naturleg frammarsj.

massen framleis vere på flata. Det som kjenneteiknar ein

slik urørt eller lite rørt skog, er altså at han vil innehalde tre i alle utviklingsfasar, frå små spirar til fleire hundre år gam-

le kjemper. Innimellom trea vil det liggje og stå døde tre i ulik grad av forrotning.

Ein skog som i stor grad er påverka av menneske, ein "dri-

ven" skog, blir definert som kulturskog. Den urørte skogen

og kulturskogen skil seg frå kvarandre på ei rekkje viktige

punkt. Vi finn ulikskapar både i opphav, forynging, utsjå-

nad, biologisk samansetjing og næringssirkulasjon.

Hovudformålet for skogbruksnæringa er å produsere trevir-

ke. Ein ønskjer å oppnå høg virkesproduksjon og god kvali- tet. Det er og slege fast i skoglova at dei som driv skogbruk, skal sikrast eit tilfredsstillande resultat, og at industrien skal sikrast ein jamn råstofftilgang. Skogbruk i dag byggjer på ei

inndeling av skogen i ulike bestand. Dette er grunnlaget for

ei rasjonell handsaming og forsyning av råstoff til sagbruk

og industri.

Naturskogen er i dag meir eller mindre påverka av mennes-

keleg verksemd. For å kallast naturskog må areala ikkje

vere utsette for systematisk skogkultur, bestandpleie, grøf-

ting eller gjødsling. Kort sagt står naturskogen fram som eit økosystem som er påverka av menneskelege inngrep, men slik at det ikkje har forstyrra utviklinga av systemet.

Ein naturskog vil i ei naturleg utvikling kome inn i ein til-

stand der tilvekst og avgang av biomasse i eit større område er i balanse (klimakstilstand). Dette vil seie at både sjølve

skogen og skogsmarka er urørt av menneskeleg aktivitet.

Det er denne tilstanden som strengt teke er definert som

urskog. I eit urskoglandskap ser ein og naturlegvis både

brannfelt, område med stormfelt skog og område med ung skog.

I samband med ein verneplan for barskog er omgrepet urskog også brukt på dei naturskogane som er lite mennes-

kepåverka. Det er ein føresetnad at påverknaden ikkje har vore avgjerande for genmaterialet, oppbygginga og saman- setjinga av skogen.

Omgrepet urskog blir oftast nytta om den gamle, urørte

skogen, dvs. dei seinaste fasane i skogen si utvikling. Eit slikt skogbilete kan halde seg i fleire hundre år, men før eller seinare skjer det ei forynging. Denne forynginga kan gå føre seg på fleire måtar. Normalt vil einstaka tre eller

små grupper av tre døy og gå ut, og nye tre kjem opp på dei

ledige plassane. Men det er og slik at det med ulike mel-

Flatehogst er det vanlege, og forynginga startar på meir

eller mindre snau mark anten ved planting, såing eller naturleg. Det har vore eit siktemål at barskogen skal få best

moglege veksttilhøve. Det vert lagt vekt på "pleie av sko- gen" slik som skogkultur, tynning m.m. For at det skal vere

mogleg å drive eit slikt skogbruk, er det naudsynt med eit

tett vegnett.

Viktige kjenneteikn i tillegg er einsaldra bestand og lite

død/døyande ved i skogen. Det vert etterkvart og fokusert

på at ei utstrakt planting inneber ei "uniformering" av sko-

gen som har uheldige verknadar. Den utviklinga vi i dag ser

i skogbruket, med ei større fokusering på fleirsidig bruk,

kan bidra positivt til at barskogane får halde på ein større

variasjon enn det vi har sett i bestandskogbruket fram til no.

Men framleis vil det vere slik at skogen er ung i biologisk forstand når han av skogbruket blir rekna som "hogstmo-

den".

3.2 VERDIEN AV NATURSKOG

Barskogane her i landet har vore utnytta i uminnelege tider.

Historisk har bruken endra seg avhengig av den generelle utviklinga i samfunnet elles. Det moderne skogbruket i etterkrigstida har ført til ei gjennomgripande endring av skogareala. Områda med opphavleg naturskog blir no

(10)

- mangfald av økosystem. Dette omfattar variasjonen inn- afor og mellom biotopar og dei økologiske prosessane i

dette systemet.

- mangfald av artar. Talet på artar og forholdet mellom desse.

- genetisk mangfald. Den genetiske variasjonen innafor ulike artar eller populasjonar.

Kulturskogen er vesentleg forskjellig frå naturskogen. Det

moderne skogbruket fører med seg store inngrep i samspe-

let i det naturlege økosystemet. Vi manglar ein god del

kunnskap om effektane av dei ulike tiltaka som vert gjen-

nomførde . Ut frå dei undersøkingane som er gjorde både

her i landet og i andre land, kan ein slå fast at artmangfal- det i ein kulturskog er monaleg lågare enn i ein urskog.

Urskogprega barskogar har stor variasjon i plante- og dyre- liv. Tre i alle stadium av utviklinga med liggjande og ståan- de daude tre i ulik grad av opprotning, skapar mattilgang og leveområde for eit utal dyre- og planteartar. Vi veit i dag at mange av desse artane er heilt avhengige av at det finst urørte barskogmiljø. Særleg gjeld dette insekt, sopp, lav og mosar.

Årsaka til at ein har det store mangfaldet og den spesiali- serte floraen og faunaen knytt til urskogane, ligg oftast i ein eller fleire av dei følgjande faktorane:

- Den store variasjonen i miljø som kjem av treblanding og alderfordeling i busk- og tresjiktet, skapar mange livsmiljø. Dette gjev i sin tur stor artrikdom.

Det urørte miljøet gjev høve til at det kan utvikle seg naturlege næringskjeder og reguleringsmekanismar der byttedyr, rovdyr og parasittar er innblanda.

- At det finst gamle, døyande eller daude tre (ulike stadi- um i nedbrytinga), er naudsynt for at mange dyre- og planteartar skal eksistere.

- Mange artar er avhengig av stabilt klima med lite vind, høgt fuktnivå i lufta og/eller skugge.

- Fleire artar etablerer seg seint og treng skog som har stått relativt upåverka i 200-300 år eller meir.

3.3 INTERNASJONALT ANSVAR

Rapporten frå Verdskommisjonen for miljø og utvikling,

"Vår felles framtid" (1987), er utarbeidd for FN. Rapporten

er eit politisk dokument som inneheld analyser og vurde-

ringer, tilrådinger og konklusjonar. Arbeidet til Verdskommisjonen har i stor grad vore med på å setje mil-

jøvern på den politiske dagsordenen over heile verda.

Eit sentralt omgrep i arbeidet til kommisjonen er "berekraf-

tig utvikling". "Berekraftig utvikling" er ei utvikling som

stettar dagens behov utan å hindre at framtidige generasjo- nar kan få stetta sine behov. I denne samanhengen vert det lagt stor vekt på å sikre artmangfaldet og genressursane i naturen. Vern av ulike økosystem vil vere ein viktig måte å

løyse dette på.

I internasjonal samanheng har Norge hatt ei aktiv rolle i å få

sett i verk forpliktande avtalar for arbeidet med å verne om det biologiske mangfaldet. Ein av dei mest sentrale er

"Bernkonvensjonen" fra 1976. Medlemslanda forpliktar

seg her til å totalfrede ei rekkje truga plante- og dyreartar,

og forvalte resten av floraen og faunaen slik at ingen artar

kjem i fare for å bli utrydda. Det blir her lagt stor vekt på leveområda til artane.

Norge har og vore ein av initiativtakarane til å få slege fast

at prinsippet om "føre-var" skal vere grunnleggjande for ei berekraftig utvikling (Bergenkonferansen mai-1990).

Dette vil seie at "tvilen skal kome naturen til gode".

Dersom vi på bakgrunn av dagens kunnskap kan peike på at

ulike inngrep som er foreslått i naturmiljøet inneber fare for alvorlege skadar, skal mangel på full vitskapleg visse ikkje verte brukt som ein grunn til å utsetje førebyggjande tiltak

for å unngå utarming av miljøet.

Seinast på FN-konferansen om miljø og utvikling i juni

1992, vart det presisert kor naudsynt det er for vår eiga utvikling å sikre det biologiske mangfaldet. Her vart det og

lagt stor vekt på den store rolla skogen spelar for å opprett- halde økologiske prosessar og som lager for biologisk mangfald. Det vart og lagt vekt på kor viktig der er at kvart

enkelt land sørger for vern av "økologisk levedyktige repre-

sentative eller unike forekomster av skog, herunder opprin- nelig urskog, kulturelle, åndelige, historiske, religiøse og andre unike og verdifulle skoger av nasjonal betydning"

(St.meld.nr 13, 1992-93).

Dette viser at vern av naturskogar er og skal prioriterast

høgt over heile verda. Dette gjeld både tropiske regnskogar og nordlege barskogområde som i Norge. I Norden har

Sverige pr. 1991 freda 2,6 %, Finland 2,1 % og Norge 0,3

% av den roduktive barsko en.

10

(11)

4. SKO GBRUK SNÆRI NGA

Av det totale landarealet i Norge er ca. 36% (118 000 km2) definert som skogkledd. Norsk institutt for jord- og skog-

kartlegging (NIJOS) har klassifisert at ca. 98 000 km2 av det

skogkledde arealet ligg under det som vert rekna som bar-

skoggrensa. Skog er med andre ord ein svært dominerande

naturtype i Norge på tross av våre mange fjell. Skogen har

og i mange hundreår vore grunnlag for ei svært viktig næring for landet. Skogbruks-næringa si rolle varierer fra

århundre til århundre, men den variererer og mykje fra

landsdel til landsdel.

4.1 SKOGBRUKSNÆRINGA I NORGE

Norge har eit produktivt skogareal under barskoggrensa på

ca. 68 mill. daa (med produktivt skogareal er meint areal

som har ein skogproduksjon på meir enn 0,1 kubikkmeter pr.daa og år). Dette utgjer ca. 21 % av landarealet.

Barskogane dominerer ca. 77 % av dette produktive arealet.

NIJOS gjev og opp at skogressursane har auka monaleg

sidan først på 1900-talet. I dag har vi ca. 600 mill. m3 trevir- ke, og dette har ein årleg tilvekst på ca. 18 mill. m3.

Vi kan og slå fast at vi i dag totalt har meir lauvskog, og fleire bar- og lauvtre med grove dimensjonar (over 25 cm i 1,3 m høgd over bakken). Hogstmoden skog (hogstklasse V) utgjer i dag ca. 29 % av arealet.

Historisk har skogbruksnæringa vore ei av dei viktigaste næringane i landet. I periodar faktisk den viktigaste. Alt rundt 1200-talet fekk ein noko eksport av tømmer frå kysts- troka til Europa. Svedjebruk, beite, slått, husbygging, tre- kolbrenning og saltproduksjon var likevel det som utgjorde

den største utnyttinga av skogane.

Etter at fossesaga vart teken i bruk på 1500-talet, fekk ein ei stor auke i trelastproduksjonen. Det er og på slutten av

1500-talet at skogbruket vert ei hovudnæring for landet. På

1600 talet og framover har og bergverksdrifta med sin trong

til trevirke prega store skogområde. Utviklinga i hundreåra

etterpå har gått i bølgjer avhengige av ulike faktorar både i

jordbruket, ulike politiske forhold, etterspørsel frå utlandet

osb.

Det er viktig å vere klar over at dagens skogpolitikk er eit resultat av den utviklinga som har vore i skogbruket gjen- nom hundreåra. På slutten av 1800-talet var det store disku- sjonar om skogØydeleggingar og den framtidige forvalt- ninga. Det er resultatet av dette som i stor grad har ført til at ein har lagt så sterk vekt på skogvern og skogproduksjon i

Ein vesentleg del av dei som eig skog, har og jordbruksare-

al. Oftast er det jordbruket som utgjer den dominerande delen av næringsgrunnlaget for desse. Jord- og skogbruk utfyller kvarandre både økonomisk og arbeidsmessig. Svak konjunktur for jordbruket blir t.d. følgd av større aktivitet i skogen.

Utviklinga dei siste åra viser elles at skogeigedommar blir drivne meir og meir etter oppsette planar (skogbrukspla-

nar). Dette er ein konsekvens mellom anna av at sagbruks- og treforedlingsindustrien set større kvalitetskrav til råstof-

fet. Dei etterspør i dag ein jamn råstofftilgang gjennom

året, og kvantum, kvalitet og pris vert meir og meir bunde opp i konkrete avtalar. Ei slik utvikling vil verke sterkt inn

på både planlegginga og sjølve næringsutØvinga. Kravet

om ein jamn råstofftilgang krev mellom anna at skogsdrifta foregår jamnt, uavhengig av årstidene osb.

11990-91 vart det avverka 10-11 mill. m3 til sal og industri-

ell produksjon. Dette gav grunnlag for ei sysselsetjing i skogbruk og skogindustri på opp mot 60-70 000 årsverk.

Skogprodukta skapar ein eksportverdi for landet på ca. 11-

12 milliardar kr. eller 12 % av den totale eksporten i 1990.

Skogen er med andre ord ein viktig næringsressurs for lan-

det og ikkje minst for distrikta. Virkesressursane gjev iso- lert sett høve til å auke aktiviteten i skogbruksnæringa.

Styresmaktene har gjort skogbruksnæringa til eit satsings- område, og dette har kome klart til uttrykk i fleire stortings- meldingar.

- St.meld. 14 (1974-75) om Landbrukspolitikken.

St.meld. 110 (1974-75) Tiltak for økt avvirkning i

skogbruket.

St.meld. 18 (1984-85) om Næringspolitikken i skog- bruket.

Skogbruksnæringa er og handsama i ei eiga utgreiing, NOU

1989:10, Flersidig skogbruk. Her er det presiert at hovud- målet for skogpolitikken framleis skal vere slik det er står formulert i Lov om skogbruk og skogvern av 21. mai 1965.

I formålsparagrafen her står det:

" Denne lov har som formål å fremme skogproduksjon,

skog-reising og skogvern. Det skal tas sikte på at skog-

bruket gjennom rasjonell skjøtsel kan gi et tilfredsstil-

lende resultat for næringens utøvere og sikre effektiv og

jevn råstofftilførsel til industrien. Videre skal det legges

vekt på skogens betydning som rekreasjonskilde for

befolkningen, som viktig del av landskapsbildet, som

(12)

glane der vern av produksjonsevna i skogen er naudsynt for

å kunne halde oppe skog på staden.

Det er også presisert at dei politiske retningslinjene for

omfanget av aktivitetane i skogbruket slik dei er utforma i St.meld. nr. 18 (1984-85), framleis skal gjelde. Dette vil

seie at ein har som mål ei utvikling med jamt stigande avverking i åra framover og seinare tilpassing til balansek- vantumet. Dette inneber ein auke i avverkinga til 16 mill.

m3 i år 2030 og 18 mill. m3 i år 2060. På tross av desse måla

opplever skogbruket i dag at avsetninga av trevirke minkar.

I dei siste åra er det i skogbruket prøvd å leggje vekt på å innarbeide ulike fleirbruksomsyn i den daglege skogsdrifta.

Skogbruksplanane vert i dag utarbeidde slik at dei ulike til-

taka som vert foreslått, skal tilpassast nærare definerte fleir- brukselement. Dette er ei positiv og naudsynt utvikling,

men framleis har vi ein skogpolitikk som i all hovudsak er retta inn mot ei næringsutnytting av skogressursane. Dette inneber at hovudformålet med dei offentlege verkemidla er

å stimulere til denne utnyttinga.

Ved tilskot til planlegging, vegbygging og drift i vanskeleg terreng har område som tidlegare ikkje var drivverdige,

eller der drift ikkje har vore aktuelt på over 50 år, vorte øko- nomisk drivbare. Dette har medverka til at areala med

naturskog har gått raskt attende.

Utfordringane for skogbruksnæringa i åra framover er difor

både store og grunnleggjande. Næringsutviklinga i framtida må tilpassast den kunnskapen som vi til kvar tid sit inne med, og hovudmålet for skogbruket må vere ei forvaltning av skogressursane som er basert på premissane til ei bære- kraftig utvikling.

4.2 SKOGBRUKSNÆRINGA I VEST NORGE

Skogbruket i Vest-Norge skil seg på mange måtar ut fra

resten av landet. Dette har og betydning når ein skal vurde-

re ein verneplan for barskog både når det gjeld verneverdi-

ar og konfliktomfang.

Vest-Norge har ca. 12 % (8 220 km2 ) av det totale produkti-

ve skogarealet i landet (bar- og lauvskog). Hogstmoden

skog (h.kl. V) utgjer 30 % av arealet. Ser ein på aldersfor-

delinga, viser det seg at skog under 40 år utgjer 46 % av arealet, og skog over 120 år utgjer 4,6 %. For landet er des-

se tala 40 % for skog under 40 år og 10 ,6 % for skog over 120 år.

Skogressursane i denne regionen er takserte til ca. 88 mill.

m3. Av dette utgjer barskog 64 mill. m3 (73 %). Dette har ein

årleg tilvekst på ca. 1,9 mill. m3. Vest-Norge har mykje

lauvskog og ca. 43 % av det produktive skogarealet er lauv-

tredominert. For landet er dette talet 23 %. 11991 vart det

avverka ca. 410 000 m3 tømmer i denne regionen. Norsk institutt for jord- og skogkartlegging har vurdert eit kvan- tum på ca. 1,5 mill. m3 som eit såkalla balansekvantum for regionen (bar og lauv).

Skogbruket har historisk vore svært viktig for regionen som

næring, sysselsettings- og busetnadsfaktor. Ein reknar med

i alt ca. 7 650 årsverk i skogbruk og skogindustri.

«Skogindustrien» utgjer her ca. 6 800 årsverk. Mange av

skogeigedommane i regionen er typiske gardsskogar der skogen er ein liten, men ikkje uvesentleg del av det totale

ressursgrunnlaget.

Det er i alt ca. 30 000 skogeigedomar (over 25 daa.) i regio-

nen, med eit gjennomsnittleg skogareal på ca. 270 dekar produktiv skog (bar- og lauvskog). Til samanlikning kan nemnast at gjennomsnittet for eigedommane i Aust-Norge er på ca. 700 dekar. Dette viser at det er mange små eigedo- mar i regionen der skog i dag er ein svært marginal del av inntektsgrunnlaget.

Historisk har skogane i regionen vore svært hardt utnytta.

Den mest kystnære delen av regionen vart faktisk snauhogd og brent allereie for 1500-2000 år siden. Det var behovet

for beitemark som førte til dette. Den utstrakte bruken av lyngheiene til beite avtok gradvis og rundt 1850 ser ein at beite slutter for store område. Det er uklart om regionen har vore heilt snauhogd eller om det fantes lommer av skog, men i dag er det iallefall vanskeleg å finne eldre skog (over 130 år) i regionen. I dag er skogen på naturleg framvekst, og mykje av skogen er ein første tregenerasjon på tidlegare

kulturpåverka mark.

Lenger inn i landet har skogbruket som næring spela ei stor

rolle gjennom fleire hundre år. Frå midten av 1500- talet og fram mot 1700-talet vart store areal utsett for hard hogst.

Trelasteksporten fra regionen var stor og det var lite bar- skog att mot slutten av 1600-talet. Beite og anna kulturpå-

verknad heldt marka åpen, og mykje av bjørkeskogen i dei

bratte vestlandsliane er kan hende eit resultat av attgroing i

seinare tid.

Den intensive bruken av skogane i Vest-Norge har og fort-

sett i hundreåra etterpå, noko som førte til at ein på midten av 1800-talet og hadde store skogareal som var svært hardt

hogd. Ei slik intensiv utnytting av skogressursene har

naturlegvis sett sitt preg på dagens skoger, og den furusko-

gen ein har i dag har mindre dimensjonar enn den grove

"urskogen" som fantes fram til midten av 1500- talet. I dag ser ein rester av denne skogen kun som enkeltre eller små

skogbestand.

Skogbruk i Vest-Norge har på 1900-talet vore kjenneteikna

av ei storstila satsing på å byggje opp trevirkesressursane.

Dette har ført til at ein har erstatta mykje av den naturlege lauvskogen og furuskogen med ulike granarter (norsk gran, sitkagran) som gjev ein større produksjon. I dag er ca. 20

% av det produktive skogarealet i landsdelen dekka av tilplan- ta granskog. Heile 40 % av ungskogen dvs. h.kl. II og III er

granskogdominert. 11992 er skogbruket i ferd med å utar- beide nye planar for skogareala i Vest-Norge som skal vise kor skogbruket har sine interesser. Ein skal mellom anna få fram kor det er vurdert som økonomisk forsvarleg å drive

eit skogbruk, kor det er aktuelt å tilplante i tida framover og

kor det skal satsast på dei naturlege treslaga som bjørk, edellauvtre og furu. Oppgåver så langt kan tyde på at heile 35-40 % av det produktive skogarealet er registert som

aktuelt å vurdere nærara for tilplanting med gran.

12

(13)

5. INNDELING AV BARSKOGANE

Norge har ein svært variert natur frå hav til fjell, nord til sør og aust til vest. Ein stor variasjon i topografi, geologi, jordtype og klima gjev store variasjonar i vegetasjonsfor-

hold. Vi finn barskog i alle delar av landet. Denne barsko- gen er ein del av den boreale barskogsona som strekkjer

seg som eit belte rundt heile den nordlege halvkula.

Skogsamfunna med sitt plante- og dyreliv er tilpassa dei

lokale forholda og varierer difor frå stad til stad. Ein furu-

skog i Aust-Norge er dermed ulik ein furuskog på kysten i Vest-Norge osb.

Det er likevel mogleg å finne ein del fellestrekk i dei ulike

barskogsamfunna basert på variasjonen i mellom anna topografi og geologi. På bakgrunn av dette kan ein dele

barskogane inn i ulike "typar". Ei grov inndeling vil her vere rik kontra fattig, og fjellskog kontra låglandsskog.

Dersom ein derimot ønskjer å fange opp alle detaljar i

variasjonsbreidda, vil dette krevje ei svært omfattande

inndeling.

Norge Vest-Norge

Lavskog : 4,7 % 0,1 %

Lyngskog: 28,3 % 19,9 %

Blåbærskog : 37,8 % 40,0 %

Småbregneskog: 10,5 % 18,5 %

Lågurtskog: 7,4 % 6,0 %

Storbregneskog: 3,0 % 6,6 %

Høgstaudeskog: 3,8 % 4,5 %

Vest-Norge skil seg her klart ut frå gjennomsnittet for lan-

det, da ein her har ein større andel på dei rikare vegeta-

sjonstypane. Heile 25 % av storbregneskogen i landet finn

ein i Vest-Norge, medan ein finn berre 3 % av lavskogen.

Vidare kan ein og dele dei ulike skogtypane inn på ein skala frå næringsrik til næringsfattig og tørr til fuktig

(våt). Desse kan stillast opp skjematisk (fig. 1). Det finst fleire utformingar som her ikkje er tekne med.

5.1 NATURGEOGRAFISKE REGIONAR

I regi av Nordisk Ministerråd vart det i 1983-84 gjennom-

ført ei naturgeografisk regioninndeling i Norden. Kvar region vart i sin tur delt inn i ulike underregionar. Desse utgjer einingar som er framstilte ut frå ein kombinasjon av klima, geologi, jordtype, topografi og vegetasjon. Norge

er her delt inn i alt 72 underregionar; av desse har 66 bar- skog. Somme regionar er svært store og kan strekkje seg over store landområde.

I arbeidet med ein verneplan for barskog har ein kome fram til at ei inndeling etter dei naturgeografiske underre- gionene kan vere hovudgrunnlaget for å fange opp den naturlege variasjonen i barskognaturen. For dei store regi- onane, og spesielt for områda langs kysten i Vest-Norge,

Midt- og Nord-Norge er det store vegetasjonsvariasjonar

innafor ein naturgeografisk underregion (Dahl et. al.

1986). For Midt-Norge, Vest-Norge og Nord-Norge har

ein difor funne det naudsynt å dele inn i soner ut frå ein

kombinasjon av vegetasjonsregionar og naturgeografiske

underregionar.

5.2 BARSKOGTYPAR

Fig. 1 Fordeling av skogtypar på ein skala frå rik til fat- tig/tørr til fuktig

Tørr Lavfuruskog Kalkfuruskog

Bærlyngskog

(furu,gran) Lågurtskog

(gran, bjørk)

Fuktig

Furuskog av Blåbær og Furuskog

småbregneskog

(gran, bjørk) Høgstaudeskog (BjØrk,gran,or) Furu-

fuktskog Fuktskog Rik fuktskog

(bjørk,gran) (gran,vier,gråor)

Fattig Rik

I internasjonal samanheng har Norge nokre barskogtypar

som er heilt unike. Dette gjeld spesielt for dei kystnære og

dei nordlege barskogane. I europeisk samanheng har vi og svært verneverdige område med kalkfuruskog, tronge bekkekløfter i Gudbrandsdalen og lite påverka fjellskogar.

Langs vestkysten av Norge møter skogen si grense mot

havet.

I Vest-Norge er det furuskog som møter havet.

Skogsamfunna i denne regionen har fleire særtrekk i euro-

peisk målestokk. Ein kan grovt dele skogane her inn i ei

(14)

mm ar eg. I dag finn ein her nokre av dei mest særeig-

ne barskogane ein har i Skandinavia. Dette skuldast både

den særprega utforminga på kystfurua og den spesielle vegetasjonen. Furutrea har korte og sterkt forgreina skjeive

stammer og kronene kan vere svært tette men samstundes breie og avflata.

Av spesielle skogtypar kan ein nemne "Øurlyng-furu- skogen" som ein må til Skottland for å finne makan til. Ein

kan og nemne rike kalkfuruskogar med bergflette og krist-

tom eller rike furuskogar med barlind.

Lenger inn i landet kjem ein over i område med høg års-

nedbør frå 2000 til over 5000 mm samstundes som ein her

og har relativt milde vintrar. Særeigne artar av sopp, lav og mosar som krev mykje fukt er karakteristiske i denne

delen av regionen.

Går ein vidare inn langs fjordane kjem ein til meir innland- sprega (kontinentale) furuskogar som etterkvart får meir like trekk med furuskogen på Austlandet. Den typiske kystnære vegetasjonen avtek gradvis, men det er her i dei indre stroka at ein og finn dei mest urskognære furuskoga- ne. Her finn ein og framleis samanhengande furuskog frå havnivå opptil ca. 1000 meters høgde.

I Midt-Norge er det granskogen som går heilt ut til kysten,

noko som er sjeldan i europeisk samanhang. Gran blir

rekna som eit typisk innlandstreslag, og vi må faktisk heilt

til vestkysten av Nord-Amerika for å finne liknande større område. Når det gjeld gran, er det og slik at ho her i landet enno ekspanderer vestover.

Granskogen i Midt-Norge er av mange nemnt "den boreale

regnskogen" grunna det fuktige miljøet og mange svært sjeldne artar. Kunnskapen i dag peiker spesielt på at ein her har sjeldne artar av sopp, lav og mosar. Det er og i dette området ein finn den såkalla "Lobarion granskogen" med sitt spesielle lavsamfunn.

I Nord-Norge har vi nokre av dei nordlegaste barskogane i

verda. Dei nordlegaste skogbestanda av naturleg granskog finn vi i Rana. I Finnmark har vi nokre førekomster av ein austleg underart av gran ("sibirgran"). Sør for Saltfjellet skjer det ein ekspansjon av gran vidare nordover som for- trengjer dagens bjørkeskogar. I Finnmark finn ein nokre av

dei nordlegaste furuskogane i verda (Stabbursdalen).

Av andre spesielle barskogstypar må nemnast kalkfuru-

skog. Kalkfuruskogane er knytte til kalkrike område.

Områda har ein stor variasjon med sprekker, søkk og ryg- gar. Dette gjev stort økologisk mangfald, og planter frå eit vidt økologisk spekter går inn. Områda er knytte til lokal- klimatisk gunstige område der jorda vert varma raskt opp (ryggar, brattkantar, rasmarker). Kalkfuruskogane skil seg ofte ut som "øyer" av gras- og urterike furuskogar i eit elles fattig skoglandskap.

Norge og Sverige (og delar av Estland) utgjer eit isolert kjerneområde for kalkfuruskog i Europa. I europeisk

samanheng er kalkfuruskogane i Norge og Sverige unike og skil seg ut fra furuskogar på kalkrik grunn elles i Europa. I Norge finst slike område spreidd som små fore-

komstar over det meste av landet. I dag blir dei rekna som sjeldne, og er sterkt truga av utbygging, kalksteinsbrot og inngrep frå skogbruket.

Barskog i tronge bekkekløfter er ofte urørt og har eit heilt

spesielt plante- og dyreliv som er avhengig av eit fuktig og

skuggefullt miljø. Gudbrandsdalen står i ei særstilling når

det gjeld bekkekløftfloraen. Her finn ein nemleg to artar (sudetlok og skogranke) som er svært sjeldne og som ikkje

finst andre stader i Skandinavia. I bekkekløftene finn ein generelt ein heilt annan artsrikdom enn i barskogen ikring, og to bekkekløfter vil vere svært ulike. Dette heng saman med berggrunn, jordbotnforhold, drenering, erosjon, fukt og skugge.

Urørte høgproduktive barskogar i låglandet er i dag van-

skeleg å finne. Dette skuldast i stor grad den store aktivite- ten som det her har vore i skogbruket. Slike skogområde er

langt frodigare og meir mangfaldige enn fattigare markty- par.

14

(15)

6. VERNEPLANEN FOR BA RSKOG, GENERELT

I samband med St

.meld. nr.

68 (1980

-81), Vern av norsk

natur vart det gjort ein studie av korleis areal med urørt natur i Norge hadde endra seg i perioda 1900-1980. Det viste seg at det totale arealet urørte naturområde hadde

minska kraftig. Størst var endringa i Sør-Norge, der det fullstendig mangla større urørte naturområde i låglandet.

Difor vart det prioritert i størst mogleg grad å sikre det

som fantest att av store naturområde upåverka av tekniske

inngrep.

styresmaktene. Meir konkret skulle utvalet ta for seg des- se oppgåvene:

- diskutere premissar og retningslinjer for ein verneplan for barskog

- peike på konsekvensar, omfang og arealkostnader for ein verneplan for barskog

- utarbeide forslag til faglege vernekriterium - gje råd ved utarbeiding av informasjonsmateriell

Skogbruket har i denne perioda gått gjennom ei sterk tek-

nologisk og industriell utvikling. Målet har vore å produ- sere så godt trevirke som mogleg til industrien. Ei auka

satsing på skogbruket som næring, har og ført med seg ei

sterk mekanisering. Alt dette til saman har ført til ein rask reduksjon av areala med lite påverka naturskogar.

Eit oversyn frå Norsk institutt for jord- og skogkartleg- ging (NIDOS) viser at skogareala i dag er sterkt prega av bestandsskogbruket. 46% av det produktive skogarealet i dag (minus Finnmark) er barskog under 50 år. Det viser seg og at skog med alder over 160 år utgjer berre 0,6 % av

det produktive skogarealet under barskoggrensa. Det kan her nemnast at avhengig av mange ulike faktorar kan den

biologiske levealderen på gran bli over 300 år og på furu over 700 år.

Statistiske oppgåver viser at minimum 20% av det pro-

duktive skogarealet i dag er tilplanta. Skogkultur (tyn-

ning, rydding, sprøyting) er gjennomført på 30% av area- let. Det er om lag 45 000 km skogsbilvegar (tilsvarar det offentlege bilvegnettet i landet), noko som har ført til at

berre 7% av det produktive skogarealet ligg lenger enn 2 km frå bilveg.

Tidlegare er nokre område med lite påverka barskogar

sikra for ettertida ved at dei er verna som naturreservat eller nasjonalpark. Statskog og nokre få kommunar har også verna ein del område på eige grunn, såkalla adminis- trative fredingar. Til saman er det pr. 1/1-91 verna ca. 150

km2 produktiv barskog. Dette vernearbeidet har skjedd

ganske tilfeldig utan at det har vore sett på som eit ledd i

ein heilskapleg verneplan for barskog.

6.1 DET FORMELLE GRUNNLAGET

I 1987 vart rapporten frå Verdskommisjonen for miljø og utvikling lagt fram. Her vart det understreka at det er avgjerande for ei framtidig utvikling at mangfaldet i

levande natur vert teke vare på. Dette vil seie at planter,

dyr og mikroorganismar må takast vare på i det miljøet

dei er avhengige av for å eksistere. Det vart også peikt på at i dag utgjer areal som er verna i gjennomsnitt ca. 5 % av landarealet. Ekspertar over heile verda var og samde i at det var naudsynt å utvide dagens verneareal til ca. 15 %

av alle naturtypar.

Sikring av lite påverka barskogområde fell heilt klart inn i mønsteret til tilrådingane frå kommisjonen. I St.meld. nr.

46 (1988-89) om Miljø og utvikling sluttar Norge opp om

konklusjonane og tilrådingane i rapporten frå Verdskom- misjonen.

Hausten 1988 la Barskogutvalet fram si innstilling,

"Forslag til retningslinjer for barskogvern" (DN-rapport nr. 3-1988). Denne innstillinga vart send til høyring, og etter handsaming i Direktoratet for naturforvaltning fast- sette Miljøverndepartementet den 13/10-1989 retningslin- jer for utarbeidinga av ein verneplan for barskog. I juli

1990 vart verneomfanget fastsett av regjeringa . Utfyl-

lande retningslinjer for arbeidet er utarbeidd av departe-

mentet i oktober 1991.

6.2 VERNEFORMAL

0

OG VERNE- MOTIV

Formålet med ein verneplan for barskog er å ta vare på det typiske og dei sjeldne/truga elementa i norsk barskogna- tur. Verneplanen må difor innehalde eit landsomfattande nettverk av mest mogleg urørte område som skal prøve å fange opp den naturlege variasjonen i barskognaturen. I

(16)

Barskogutvalet har i innstillinga si gjort greie for motiva for vern av urørte/lite påverka barskogar. Det vart her

peika på at det i dag er lite att av reine urskogar, men det finst framleis område med lite påverka naturskogar.

Barskogutvalet har gjort greie for desse vernemotiva:

- Naturskog er genbankar

Vern av genressursar har vorte eit sentralt motiv i natur-

vernarbeidet, både ut fra naturen sin eigenverdi og ut frå

ein brukssynsvinkel. Mange artar som er knytte til urørte skogsmiljø kan kome til praktisk nytte. Eit viktig område er naturlege fiendar av organismar som gjer skade.

Følsame artar kan få funksjon som "indikatorar" på miljø- endringar som elles er vanskelege å måle. Avlsarbeidet

med skogstre er avhengig av det råmaterialet som ligg i mangfaldet av naturgjevne gentypar. Det å sikre vern av ulike arveanlegg knyter seg til fauna og flora generelt.

Freding i form av reservat er eit viktig verkemiddel i dette arbeidet.

- Naturskog er referanseområde

Økosystema i naturen vert stadig sterkare påverka av

menneskeskapte forureiningar og inngrep. Vår moderne

form for skogbruk er sjølv eitt av desse forholda.

Verknaden av moderne skogbruk på fauna, flora, vasskva- litet osb. kan berre avklarast ved samanlikning med

urørt/lite rørt skog.

Naturovervaking vil verte eit svært viktig arbeidsfelt i tida

framover. For å kunne kartleggje følgjene av klimaen-

dringane og for kontinuerleg miljøovervaking av t.d. sur

nedbør og langtransporterte og lokale luftforureiningar, er urskogprega barskogar svært tenlege. Dette er økosystem som er naturlege og ikkje påverka av kulturtiltak. For å få

full nytte av slike område som referanseområde er det

oftast naudsynt å inkludere heile nedbørsfelt.

- Naturskog er "økologiske laboratorium " for for- sking og undervisning

Mange grunnforskingsoppgåver er knytte til urørt skog, særleg i økologien. Trea når her den maksimale levealde- ren sin, og seine suksesjonsstadium er vanlege. Studiar i samband med veksten og utviklinga til systemet, der ein fokuserer på energistraumane, nærings- og stofftranspor-

ten, er sentrale i samband med overvaking av miljøet.

Dyre- og planteartar, av desse fleire sjeldne, kan studerast under naturgitte tilhøve.

Grunnforsking omkring den naturlege vegetasjons- og suksesjonsdynamikken i skogen, her medrekna naturleg

forynging og vitalitet, saman med økologien til skade- og

nytte-organismane, vil vere av stor praktisk nytte. Nye

forskings-oppgåver som krev urørt skog vil og dukke opp i framtida.

På alle undervisningsnivå er urskogmiljØa gode ekskur- sjons- og demonstrasjonsobjekt. Det er derfor naudsynt med eit nett av høvelege lokalitetar som kan gje informa- sjon om naturlege økosystem.

- Naturskog inneheld sjeldne og truga plante - og dyre-

artar

Urskogane er artsrike på planter og dyr. Mange av artane er sjeldne, fordi dei er knytte til sjølve urskogtilstanden.

Urskogsrestar kan og vere viktige funksjonsområde for artar som streifar over større område, t.d. hekkeplass for rovfugl eller hiområde for rovdyr. Vern av barskog er ein viktig del av det å ta vare på artsrikdom i skog.

- Naturskog gjev verdfull naturoppleving

Urskogsmiljøet gjev ei spesiell naturoppleving, med ele-

ment av tidløyse og villmark. Her når trea sine største

dimensjonar, og vi veit at skogbiletet er kome fram gjen-

nom naturen sine eigne prosessar. Ein får eit innblikk i eit

skogsmiljø som ein gong var vanleg i Norge. Gjennom vern gjev vi og framtidige generasjonar høve til å oppleve og studere urørt skog.

- Naturskog er ein del av naturarven vår

Urørt skog er naturhistoriske dokument, som høyrer til den felles naturarven vår. På lik linje med kulturarven er

naturarven ein viktig del av vår nasjonale identitet.

- Naturskog har ein eigenverdi

Det er i dag aukande forståing for at urørt natur, med til-

høyrande fauna og flora, har ein eigenverdi, og at slik natur bør takast vare på jamvel når det ikkje knyter seg

direkte økonomiske nytteverdiar til han.

I retningslinjene som er utarbeidd av Miljøverndeparte- mentet er det lagt hovudvekt på vernemotiva i høve til genbankar, sjeldne/truga plante- og dyreartar, referanse-

område og "økologiske laboratorium" for forsking og

undervisning.

6.3 REGISTRERING

Norsk institutt for naturforskning, NINA (tidlegare ØKO- FORSK) fekk i 1984 i oppdrag av Miljøverndepartemen- tet å utføre landsomfattande registreringar som grunnlag for ein landsplan for verneverdig barskog. Same året vart

eit forprosjekt starta opp. 11985 byrja registreringsarbei- det for fullt med feltarbeid i Sør- og Nord-Trøndelag, Hordaland og delar av Austlandet. Kvart år sidan har det foregått registreringar i ulike delar av landet. I 1992 vart registreringane avslutta.

I innstillinga frå Barskogutvalet er det gjort ei oppsumme- ring over kva for område som alt er freda, og det er gjort

ei vurdering av om desse er dekkjande for dei ulike regio- nane. NINA har vurdert alle desse områda. I tillegg vart det før registreringane starta, teke kontakt med

fylkeslandbrukskontora, skogbruksetaten, Statens skoger

og miljøvernavdelingane for å få fram forslag om eventu-

elle verneverdige lokalitetar. For å supplere dette vart det og gjort observasjonar frå fly for å finne fram til andre alternativ.

Verneverdig barskog er først og framst minst mogleg

påverka naturskog eller urskog. Ved utveljinga av område

16

(17)

er det spesielt lagt vekt på kor urørte dei er, på storleik, produktivitet og artsmangfald.

Kor urørte områda er, kan vurderast ut frå tre ulike for- hold. Dette er utsjånaden på skogen, registrering av artar knytte til skog med lang kontinuitet (2-300 år) og lokal- kunnskap knytt til historiske arkiv/personar. Kravet til å vere urørt kan modererast noko i høve til kor sjeldan området er.

Eit område bør ikkje vere mindre enn 200 dekar. Er områ- da mindre enn dette, vil påverknaden frå kantane bli så stor at verneverdien kan verte sterkt redusert. Ved område på 10 000 dekar og meir har ein gode sjansar til å få med seg område med heile nedbørsfelt og dermed mykje av den totale variasjonen i barskogmosaikken. Område på høg bonitet er prioriterte.

Det er prøvd å avgrense dei små områda med ei mest mogleg sirkelrund form. Dette gjev minst kantverknad.

Elles er det lagt vekt på ei naturleg avgrensing etter høg- dedrag og vasskilje.

Det har vore synfaring på kvar einskild lokalitet, og ein har på bakgrunn av dette laga eit best mogleg oversyn over vegetasjonssamfunn, flora og skogstruktur. Enkle observasjonar av dyrelivet, dvs. vesentleg fugle-observa- sjonar, er gjennomførde. Ut i frå dette er påverknadsgrad og verneverdi vurdert. Avgrensingane av dei ulike lokali- tetane er på dette stadiet ei grov vurdering basert på kart.

Denne vurderinga er gjort av dei som har registrert (NINA).

Områda har vorte klassifisert etter ein tredelt skala:

Klasse 1 svært verneverdig ***

Klasse 2 mykje verneverdig **

Klasse 3 verneverdig *

I tillegg har NINA brukt klassifiseringa "P" på nokre sen- trale område. Denne er basert på vurderingar om kva for lokalitetar NINA meiner må prioriterast for å få eit fagleg forsvarleg minimum på ein framtidig verneplan. I arbeidet med verneplanen er det område i klasse 1 og 2 (*** og **) som det er aktuelt å verne.

Verneplanen skal byggjast opp med tre ulike områdefunk- sjonar. Dette er typeområde , spesialområde og supple- mentsområde.

Typeområda er store og skal representere den typiske

barskogmosaikken i ein bestemt naturgeografisk region.

Det er viktig at ein her kan få med seg heile nedbørsfelt.

til sjeldne og truga artar av planter og dyr. Eit område som for det meste er urørt (urskog) vil og verte definert som eit spesialområde.

Supplementsområda skal kunne erstatte eller supplere delar av typeområda. Supplementsområda manglar som regel delar av den totale barskogvariasjonen, og er av Miljøverndepartementet gjeve lågaste prioritet i vernepla- nen.

Arbeidet med ein verneplan for kalkfuruskog vart starta opp av Miljøverndepartementet i 1983. Registreringane av verneverdige kalkfuruskoglokalitetar vart for det meste gjennomførde i 1983-84 av Jørn Erik Bjørndalen og Tor Erik Brandrud. I januar 1989 vart eit oversyn over verne- verdige kalkfuruskogar lagt fram (DN-rapport nr.10- 1989). Arbeidet har gått parallelt i Norge og Sverige, og registreringane er gjorde etter dei same retningslinjene slik at ein kan vurdere kor representative dei ulike regio- nane er på nordisk basis.

Omgrepet "kalkfuruskog" dekkjer i denne verneplanen vegetasjonstypane kalkfuruskog, lågurtfuruskog og kalk- bjørkeskog. Desse hovudtypane varierer sterkt og er i registreringsarbeidet delt inn i 8 forskjellige undereining- ar baserte på gradientane tørr-fuktig og rik-fattig.

Registreringane bygger på opplysningar frå botanisk litte- ratur, vegetasjonskart, geologiske kart, feltobservasjonar og opplysningar frå botanikarar. Dei fleste kalkområda er

oppsøkte i tidsrommet 1977-1988.

Viktige vernekriterium har vore storleik, mangfald, repre- sentativitet og kor sjeldne og urørte områda er.

Verneverdien til områda vart klassifisert i tre kategoriar:

Nasjonalt eller nordisk verneverdig ***

Regionalt verneverdig * * Lokalt verneverdig *

I utforminga av den endelege verneplanen er det berre område som er klassifiserte i kategoriane nordisk, nasjo- nalt eller regionalt (*** og **) som er aktuelle.

6.4 OMFANGET AV VERN

Det er gjort ulike overslag av kor stort omfang ein verne- plan bør ha. Barskogutvalet har i si innstilling "Forslag til retningslinjer for barskogvern" vurdert alle sider i ein slik plan. Konklusjonen deira vart teken før dei hadde noko resultat av dei registreringane som no er gjennomførde. I innstillinga si konkluderte dei med at eit alternativ med eit

totalareal på i alt 1300 km2 eller 900 km' produktiv bar-

(18)

skogarealet i landet). Dei peiker på at eit omfang på 385

km2 har klare faglege veikskapar, sidan det ikkje vil fange opp heile variasjonsbreidda i barskognaturen.

Ved utgangen av 1989 var det gjort registreringar på 90 % av det produktive barskogarealet i landet. Direktoratet for naturforvaltning konkluderte ut frå desse resultata at eit fagleg forsvarleg minimum ville vere ca. 400 km2 produk- tiv barskog i tillegg til dei ca. 150 km2 som tidlegare var verna. Dette er også i tråd med det NINA har konkludert med.

I juli 1990 vart omfanget av verneplanen for barskog fast-

sett av regjeringa Syse til 250 km2 produktiv barskog i tillegg til det som er verna frå før. Grunngjevinga var ei avveging av dei faglege vurderingane opp mot konse- kvensane for næringsdrifta. 250 km2 utgjer saman med det som tidlegare er verna ca. 0,8 % av det produktive bar-

skogarealet i landet.

Av desse 250 km2 vart det sagt at Staten sin del skulle vere

så stor som mogleg. Ved fagleg likeverdige område skulle område på statsgrunn prioriterast. Det ser ut til at mellom 30 og 40 % av dette arealet vil vere på statsgrunn.

I februar 1991 gjekk regjeringa Brundtland inn for ei min- dre utviding av omfanget på 250 km2 ved at ei framtidig utviding av Pasvik nasjonalpark med inntil ca. 30 km2 skulle kome i tillegg. Samtidig presiserte regjeringa at områda i Oslomarka som ikkje ville ha vorte prioriterte i barskogsamanheng, på til saman inntil ca. 15 km2 produk- tiv barskog og skulle kome i tillegg til barskogplanen.

Regjeringa har vidare uttala at det kan verte aktuelt å leg- gje fram ei orientering for Stortinget i løpet av 1993-94,

for å orientere om barskogplanen.

6.5 ORGANISERING AV VERNE- PLANARBEIDET

I arbeidet med verneplan barskog er landet delt inn i 4 uli- ke regionar. Desse er Nord-Norge, Midt-Norge, Aust-- Norge og Vest-Norge. Det skal utarbeidast ein verneplan for kvar region, men slik at ein tek omsyn til eventuelle område som kan vere felles på tvers av regioninndelinga- ne.

På bakgrunn av registreringane utarbeider NINA region- rapportar. Ein vil her få 4 rapportar som vil gje eit summa- risk oversyn over dei verneverdige barskogslokalitetane.

Desse rapportane gjev og eit oversyn over kva for område NINA har klassifiserte som eit minimum for å få ein heil- skapleg verneplan. Etter at desse regionrapportane er utar-

beidde, kjem det meir detaljerte rapportar for kvart enkelt fylke.

Direktoratet for naturforvaltning har ansvaret for gjen- nomføringa av verneplanarbeidet. I kvar av dei 4 regiona- ne blir det oppnemnt eigne regionale barskogutval. Her sit det representantar frå skogbruks- og miljøvernstyresmak- tene, Statskog, og nærings- og naturvernorganisasjonane.

Desse utvala er rådgjevande i høve til direktoratet. På bak-

grunn av ei nærmare vurdering av ulike næringsinteresser og verneverdi i områda skal dei kome med eit råd om kva

område som bør vere med på høyring.

Direktoratet utarbeider deretter eit verneplanutkast som vert sendt på lokal høyring. Dette inneheld fleire lokalite- tar enn det som endeleg skal fredast. Etter den lokale høy-

ringa i fylka følgjer og ei sentral høyringsrunde hjå sentra-

le styresmakter og organisasjonar.

I tillegg til dei regionale barskogutvala er det oppnemnt eit "sentralt konfliktløysande og kontaktskapande utval".

Her sit representantar frå Landbruksdepartementet,

Miljøverndepartementet, Statskog, Direktoratet for natur- forvaltning, Fellesforbundet, næringsorganisasjonane og naturvern- og friluftslivsorganisasjonane. Dette utvalet har som hovudoppgåve å verke kontaktskapande og kon- fliktløysande mellom dei ulike interessene og er rådgje- vande i forhold til Miljøverndepartementet.

18

(19)

7. KVA VERNET INNEBER

Vern av område med mest mogleg urørt barskog vil få sto- re konsekvensar for den framtidige utnyttinga av området.

All hogst vil i utgangspunktet verte forboden. Tilsvarande

forbod gjeld generelt for alle inngrep som kan skade ver-

neverdiane i området. Det primære med vern av slike område er å sikre ulike barskogsamfunn som får høve til å

utvikle seg utan direkte menneskeleg påverknad.

7.2 FORSLAG TIL GENERELL VER- NEFORSKRIFT

Det vert utarbeidd vernereglar som skal sikre verneformå- let for områda. For kvart enkelt område kan det verte utar- beidd spesielle reglar der tilhøva til lokale interesser kan vurderast nærare. Nedafor følgjer forslag til standard ver- neforskrift for dei føreslegne naturreservata.

7.1 HEIMEL FOR VERN

Vern av spesielle naturområde eller naturførekomstar

skjer i medhald av "Lov om naturvern" av 19. juni 1970. I lova er det gitt heimel for oppretting av ulike vernekate-

goriar:

- Nasjonalparkar

Store område av tilnærma urørt natur som i det vesent-

lege ligg på Staten sin grunn.

- Landskapsvernområde

Særeigne natur- og kulturlandskap der tradisjonell

verksemd (jord/skogbruk) framleis skal kunne drivast.

- Naturreservat

Tilnærma urørte naturområde eller område av særleg

verdi (ofte av mindre omfang) som vert gjeve etter

måten strenge vernereglar.

Dyre-, fugle- eller plantefredingsområde

Område som er særleg viktige for planter, fuglar eller dyr som vert freda.

- Naturminne

Geologiske, botaniske eller zoologiske førekomstar

som vert freda grunna høg vitskapleg eller historisk

interesse.

- Plante- eller dyrelivsfreding

Artar eller samfunn av planter eller dyr som er sjeldne

eller truga.

Urørte eller lite rørte barskogområde treng eit sterkt vern for at verneverdiane ikkje skal bli øydelagde. Det vil difor

verte brukt vernekategorien naturreservat på desse områda.

Vedtak om opprettting av naturreservat vert gjort av Kongen i statsråd etter § 8 i naturvernlova, som lyder:

FORSKRIFT OM VERN AV ...

NATURRESERVAT I ... KOMMUNE, ... FYLKE.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8,

jf § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit barskogområde i ...

kommune i ...

fylke freda som naturreservat ved kgl. res. av ...

under namnet ... naturreservat.

II

Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr.:

...

i ...kommune.

Reservatet dekkjer eit totalareal på ... dekar.

Grensene for naturreservatet går fram av det vedlagte og kart i målestokk 1:20 000 (1:5 000) datert Miljøvern- departementet ...

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

Kartet og fredingsreglane vert oppbevara i ...

kommune, hjå Fylkesmannen i ... fylke, i Direktoratet for naturforvaltning og i

Miljøverndepartementet.

III

Formålet med fredinga er å sikre (her skal det spesifiserast

for kvart enkelt område kva som gjeld t.d. kan eitt av des- se alternativa vere aktuelle, jfr. dog områdeskildringane) : a. eit barskogområde som er lite påverka av menneskeleg

aktivitet (naturskog)

b. eit barskogområde som er typisk for sin naturtype i regionen.

c. eit særprega kalkfuruskogområde.

IV

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

- Molo vest skal flyttes ca 20m mot vest noe om innebærer graving og flytting av eksisterende molomasser, samt utfylling med større volum og peling for kaidekke/

Tilvekst alle medier i folkebibliotek (total) Tilvekst alle medier i folkebibliotek (Pr. innb.) Totalt utlån fra folkebibliotek (alle medier) Antall besøk

Tilvekst alle medier i folkebibliotek (total) Tilvekst alle medier i folkebibliotek (Pr. innb.) Totalt utlån fra folkebibliotek (alle medier) Antall besøk

Tilvekst alle medier i folkebibliotek (total) Tilvekst alle medier i folkebibliotek (Pr. innb.) Totalt utlån fra folkebibliotek (alle medier) Antall besøk

Dette er noe underestimert, ettersom avrenning fra 80 daa (3,2 % av dyrket areal eller 1,7 % av totalt areal) tilføres direkte til fangdammen mellom inn- og

Sammenligninger mellom observert tilvekst og målt nitro- gen deposisjon viser at økt nitrogen deposisjon trolig har ført til økt tilvekst i Norge (Solberg et al 2004)..

Relativ volumtilvekst 20 år etter første tynning – 20 forsøksfelt fra Finland, Norge og Sverige.. Effekt av bonitet

24 så dog ud til efter overfladeopsamlingen i 1990 at have et dobbelt så stort fundførende areal, som op- rindelig (3000 m 2 ) antaget. Fler- tallet af lokaliteterne blev