KOMMISJONSVEDTAK av 8. februar 2000
om gjennomføring av rådsdirektiv 89/106/EØF med omsyn til klassifisering av byggjevarer når det gjeld ytinga deira ved brannpåverknad(*)
[meldt under nummeret K(2000) 133]
(2000/147/EF)
2007/EØS/26/38
KOMMISJONEN FOR DEI EUROPEISKE FELLESSKAPA HAR —
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet,
med tilvising til rådsdirektiv 89/106/EØF av 21. desember 1988 om tilnærming av medlemsstatenes lover og forskrifter om byggevarer(1), endra ved direktiv 93/68/EØF(2), særleg artikkel 3, 6 og 20, og
ut frå desse synsmåtane:
1) I artikkel 3 nr. 2 og 3 i direktiv 89/106/EØF er det fastsett at det for å ta omsyn til moglege skilnader i vernenivå på nasjonalt, regionalt eller lokalt plan kan gjevast høve til å dele kvart grunnleggjande krav inn i ytingsklassar i basisdokumenta. Desse dokumenta er offentleggjorde i
«kommisjonsmelding om basisdokumentene til rådsdi- rektiv 89/106/EØF»(3).
2) I medhald av punkt 4.2.1 i basisdokument nr. 2 kan det fastsetjast ulike nivå for det grunnleggjande kravet ut frå typen, bruken og plasseringa av byggverket, planløysinga til byggverket og tilgjenget til naudinstallasjonane.
3) Punkt 2.2 i basisdokument nr. 2 inneheld ei rekkje inn- byrdes samanhengande tiltak med sikte på å stette det grunnleggjande kravet «brannsikring»; desse tiltaka til saman gjer det mogleg å fastleggje ein brannsikrings- strategi som kan setjast i verk på ulike måtar i medlems- statane.
4) I punkt 4.2.3.3 i basisdokument nr. 2 går det fram at eit av dei tiltaka som vert mykje nytta i medlemsstatane, er å avgrense brann- og røykutviklinga og brann- og røykspreiinga i det rommet der ein brann tek til (eller innanfor eit visst område), ved at det vert sett grenser for kor mykje byggjevarene kan medverke til at ein brann utviklar seg fullt ut.
5) Inndelinga av det grunnleggjande kravet i klassar er del- vis avhengig av graden av slik avgrensing.
6) Avgrensingsgraden kan uttrykkjast berre ved hjelp av ulike nivå for den ytinga som varer har ved brannpåverk- nad under dei faktiske bruksvilkåra.
7) I punkt 4.3.1.1 i basisdokument nr. 2 er det fastsett at det skal utarbeidast ei harmonisert løysing som gjer det mogleg å vurdere kva yting varene har ved brannpåverk- nad. Løysinga kan innebere bruk av forsøk som skjer i full skala eller i laboratorium, og som svarar til aktuelle scenario frå verkelege brannar.
8) Den harmoniserte løysinga kjem inn under eit klassifise- ringssystem som ikkje er fastlagt i basisdokumentet.
9) Det nemnde klassifiseringssystemet byggjer på ei rekkje prøvingsmetodar som dei europeiske standardiseringsor- gana alt kjenner til.
10) Kommisjonsvedtak 94/611/EF av 9. september 1994 om gjennomføring av artikkel 20 i direktiv 89/106/EØF om byggevarer(4), som gjer greie for dette klassifiseringssystemet, inneheld ingen opplysningar om terskelverdiane for klasse B, C og D fordi prøving etter SBI-metoden (Single Burning Item - «Enkelt brennende gjenstand») enno ikkje var tilstrekkeleg utvikla.
(*) Denne fellesskapsrettsakten, kunngjort i EFT L 50 av 23.2.2000, s. 14, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 127/2004 av 24. september 2004 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 12 av 10.3.2005, s. 39.
(1) TEF L 40 av 11.2.1989, s. 12.
(2) TEF L 220 av 30.8.1993, s. 1.
(3) TEF C 62 av 28.2.1994, s. 1. (4) TEF L 241 av 16.9.1994, s. 25.
11) Desse opplysningane er no tilgjengelege, og vedtak 94/611/EF bør difor bytast ut med eit nytt vedtak som inneheld terskelverdiane for dei ulike klassane og visse tilpassingar til den tekniske utviklinga. Det bør gjerast utførleg greie for alternative prøvingsmetodar i ein europeisk standard eller eit kommisjonsvedtak på grunnlag av ei avtale mellom Kommisjonen og medlemsstatane i samråd med CEN/CENELEC og EOTA.
12) Dei tiltaka som er fastsette i dette vedtaket, er i samsvar med fråsegna frå Det faste byggjeutvalet —
GJORT DETTE VEDTAKET:
Artikkel 1
1. Når sluttbruken av ei byggjevare er slik at denne vara medverkar til utvikling og spreiing av brann og røyk i eller utanfor det rommet (eller området) der ein brann tek til, skal vara klassifiserast i samsvar med den ytinga ho har ved brannpåverknad, i samsvar med det klassifiseringssystemet som er oppført i tabell 1 og 2 i vedlegget.
2. Byggjevarene skal granskast i samsvar med den sluttbruken dei har.
Dersom klassifiseringa på grunnlag av dei standardiserte prøvingane og kriteria som er oppførde i tabell 1 og 2 i vedlegget, ikkje er føremålstenleg, er det mogleg å nytte eitt eller fleire referansescenario (represententative prøvingar som er typiske for førehandsdefinerte farescenario) innan ramma av ein framgangsmåte som omfattar alternative prøvingar.
Artikkel 2 Vedtak 94/611/EF vert oppheva.
Tilvisingar til det oppheva vedtaket skal forståast som tilvisingar til dette vedtaket.
Artikkel 3 Dette vedtaket er retta til medlemsstatane.
Utferda i Brussel, 8. februar 2000.
For Kommisjonen Erkki LIIKANEN Medlem av Kommisjonen
VEDLEGG
Symbol(1)
∆T Temperaturstiging
∆m Tap av masse
tf Flammeavgjevingstid
PCS Brutto varmeverdi
FIGRA Brannutviklingsfart
THR600s Samla varmeavgjeving
LFS Sidevegs flammespreiing
SMOGRA Røykutviklingsfart
TSP600s Samla røykmengd
Fs Flammespreiing
Definisjonar
«Materiale»: Eit einskilt basisstoff eller ei einsarta blanding av stoff som metall, stein, tre, betong, mineralull med einsarta spreiing av bindemiddel, polymerar.
«Einsarta vare»: Ei vare som er samansett av eit einskilt materiale, og som har einsarta tettleik og samansetnad gjennom heile vara.
«Ueinsarta vare»: Ei vare som ikkje stettar krava til ei einsarta vare. Ei ueinsarta vare er samansett av éin eller fleire vesentlege og/eller uvesentlege komponentar.
«Vesentleg komponent»: Eit materiale som utgjer ein monaleg del av av ei ueinsarta vare. Eit lag som har ein masse per flateeining ≥ 1,0 kg/km2 eller ein tjukkleik ≥1,0 mm, vert rekna som ein vesentleg komponent.
«Uvesentleg komponent»: Eit materiale som ikkje utgjer ein monaleg del av av ei ueinsarta vare. Eit lag som har ein masse per flateeining < 1,0 kg/km2 eller ein tjukkleik < 1,0 mm, vert rekna som ein uvesentleg komponent.
To eller fleire uvesentlege lag som grensar opp til kvarandre (utan at det ligg ein vesentleg komponent mellom dei), vert rekna som ein einskild uvesentleg komponent, og må stette dei krava som gjeld for eit lag som utgjer ein uvesentleg komponent.
For dei uvesentlege komponentane er det fastsett eit skilje mellom indre og ytre uvesentlege komponentar etter følgjande definisjonar:
«Indre uvesentleg komponent»: Ein uvesentleg komponent som på begge sider er dekt av minst éin vesentleg komponent.
«Ytre uvesentleg komponent»: Ein uvesentleg komponent som på éi side ikkje er dekt av ein vesentleg komponent.
Tabell 1
KLASSIFISERING AV BYGGJEVARER, BORTSETT FRÅ GOLVDEKKE (*), MED OMSYN TIL YTING VED BRANNPÅVERKNAD
Klasse Prøvingsmetodar Klassifiseringskriterium Tilleggsklassifisering
A1 EN ISO 1182 (1), og
∆T ≤ 30 °C, og
∆m ≤ 50 %, og
tf = 0 (dvs. inga vedvarande flammeavgjeving)
—
EN ISO 1716 PCS ≤ 2,0 MJ.kg-1 (1), og PCS ≤ 2,0 MJ.kg-1 (2)(2a), og PCS ≤ 1,4 MJ.m-2 (3), og PCS ≤ 2,0 MJ.kg-1(4)
—
(1) Eigenskapane er definerte i høve til den relevante prøvingsmetoden.
Klasse Prøvingsmetodar Klassifiseringskriterium Tilleggsklassifisering
A2 EN ISO 1182 (1), eller
∆T ≤ 50 °C, og
∆m ≤ 50 %, og tf ≤ 20s
—
EN ISO 1716, og
PCS ≤ 3,0 MJ.kg-1 (1), og PCS ≤ 4,0 MJ.m-2 (2) PCS ≤ 4,0 MJ.m-2 (3) PCS ≤ 3,0 MJ.kg-1(4)
—
EN 13823 (SBI) FIGRA ≤ 120 W.s-1 og
LFS < kanten på prøvelekamen, og
THR600s ≤ 7,5 MJ
Røykutvikling (5), og brennande dropar/partiklar (6)
B EN 13823 (SBI), og
FIGRA ≤ 120 W.s-1, og
LFS < kanten på prøvelekamen, og
THR600s ≤ 7,5 MJ
Røykutvikling (5), og brennande dropar/partiklar (6)
EN ISO 11925-2 (8):
Eksponering = 30 s
Fs ≤ 150 mm på 60 s
C EN 13823 (SBI), og
FIGRA ≤ 250 W.s-1, og
LFS < kanten på prøvelekamen, og
THR600s ≤ 15 MJ
Røykutvikling (5), og brennande dropar/partiklar (6)
EN ISO 11925-2 (8):
Eksponering = 30 s
Fs ≤ 150 mm på 60 s
D EN 13823 (SBI), og
FIGRA ≤ 750 W.s-1 Røykutvikling (5), og brennande dropar/partiklar (6)
EN ISO 11925-2 (8):
Eksponering = 30 s
Fs ≤ 150 mm på 60 s
E EN ISO 11925-2 (8):
Eksponering = 15 s
Fs ≤ 150 mm på 20 s Brennande dropar/partiklar (7)
F Inga fastlagd yting
(*) Handsaminga av visse varegrupper, t.d. lange varer (røyr, kanalar, leidningar osv.), vert framleis granska, noko som kan føre til endring av dette vedtaket.
(1) For einsarta varer og vesentlege komponentar i ueinsarta varer.
(2) For alle ytre uvesentlege komponentar i ueinsarta varer.
(2a) Eventuelt alle ytre uvesentlege komponentar der PCS ≤ 2,0 MJ.m-2, på det vilkåret at vara stettar dei følgjande kriteria i EN 13823 (SBI): FIGRA ≤ 20 W.s-1; og LFS < kanten på prøvelekamen, og THR600S ≤ 4,0 MJ og s1 og d0.
(3) For alle indre uvesentlege komponentar i ueinsarta varer.
(4) For vara som heilskap.
(5) s1 = SMOGRA ≤ 30 m2.s-2 og STP 600s ≤ 50 m2, s2 = SMOGRA ≤ 180 m2.s-2, og TSP 600s ≤ 200 m2, s3 = verken s1 eller s2.
(6) d0 = Ingen brennande dropar/partiklar i EN 13823 (SBI) innan 600s d1 = ingen brennande dropar/partiklar i meir enn 10 s i EN 13823 (SBI) innan 600s, d2= verken d0 eller d1: tenning av papiret i EN ISO 11925-2 fører til ei klassifisering i d2.
(7) Godkjend = inga tenning av papiret (inga klassifisering), ikkje godkjend = tenning av papiret (klassifisering i d2).°
(8) Ved flammeåtak på overflata, og dersom det er relevant med omsyn til sluttbruken av vara, ved flammeåtak på kanten.
Tabell 2
KLASSIFISERING AV GOLVDEKKE MED OMSYN TIL YTING VED BRANNPÅVERKNAD
Klasse Prøvingsmetodar Klassifiseringskriterium Tilleggsklassifisering
A1FL EN ISO 1182(1), og
∆T ≤ 30 °C, og
∆m ≤ 50 %, og
tf = 0 (dvs. inga vedvarande flammeavgjeving)
—
EN ISO 1716 PCS ≤ 2,0 MJ.kg-1 (1), og PCS ≤ 2,0 MJ.kg-1 (2), og PCS ≤ 1,4 MJ.m-2 (3), og PCS ≤ 2,0 MJ.kg-1 (4)
—
A2FL EN ISO 1182 (1), eller
∆T ≤ 50 °C, og
∆m ≤ 50 %, og tf = 20 s
—
EN ISO 1716, og
PCS ≤ 3,0 MJ.kg-1 (1), og PCS ≤ 4,0 MJ.m-2 (2), og PCS ≤ 4,0 MJ.m-2 (3), og PCS ≤ 3,0 MJ.kg-1 (4)
—
EN ISO 9239-1 (5) Kritisk straum (6) ≥ 8,0 kW.m-2 Røykutvikling (7) BFL EN ISO 9239-1 (5),
og
Kritisk straum (6) ≥ 8,0 kW.m-2 Røykutvikling (7)
EN ISO 11925-2 (8):
Eksponering = 15 s
Fs ≤ 150 mm på 20 s
CFL EN ISO 9239-1 (5), og
Kritisk straum (6) ≥ 4,5 kW.m-2 Røykutvikling (7)
EN ISO 11925-2 (8):
Eksponering = 15 s
Fs ≤ 150 mm på 20 s
DFL EN ISO 9239-1 (5), og
Kritisk straum (6) ≥ 3,0 kW.m-2 Røykutvikling (7)
EN ISO 11925-2 (8):
Eksponering = 15 s
Fs ≤ 150 mm på 20 s
EFL EN ISO 11925-2 (8)<.
Eksponering = 15 s
Fs ≤ 150 mm på 20 s
FFL Inga fastlagd yting
(1) For einsarta varer og vesentlege komponentar i ueinsarta varer.
(2) For alle ytre uvesentlege komponentar i ueinsarta varer.
(3) For alle indre uvesentlege komponentar i ueinsarta varer.
(4) For vara som heilskap.
(5) Prøvingstid = 30 minuttar.
(6) Kritisk straum er definert som den lågaste av dei følgjande to verdiane: den strålingsstraumen som flammen sloknar ved, eller strålingsstraumen etter ei prøvingstid på 30 minuttar (dvs. den straumen som svarar til den største flammespreiinga).
(7) s1 = røyk ≤ 750 %.min, s2 = ikkje s1.
(8) Ved flammeåtak på overflata, og dersom det er relevant med omsyn til sluttbruken av vara, ved flammeåtak på kanten.