KOMMISJONSVEDTAK av 12. desember 2002
om innføring av vaksinasjon for å utfylle vernetiltaka mot svakt sjukdomsframkallande aviær influensa-virus i Italia, og om særlege tiltak for kontroll med flytting(*)
[meldt under nummeret K(2002) 5051]
(2002/975/EF) KOMMISJONEN FOR DEI EUROPEISKE FELLESSKAPA
HAR —
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fel- lesskapet,
med tilvising til rådsdirektiv 90/425/EØF av 26. juni 1990 om veterinærkontroll og avlskontroll ved handel med visse levende dyr og produkter innenfor Fellesskapet med sikte på gjennomføring av det indre marked(1), sist endra ved europa- parlaments- og rådsdirektiv 2002/33/EF(2), særleg artikkel 10 nr. 4,
med tilvising til rådsdirektiv 89/662/EØF av 11. desember 1989 om veterinærkontroll ved handel innenfor Fellesskapet med sikte på gjennomføring av det indre marked(3), sist endra ved direktiv 92/118/EØF(4), særleg artikkel 9 nr. 4,
med tilvising til rådsdirektiv 92/40/EØF av 19. mai 1992 om innføring av fellesskapstiltak for å bekjempe hønsepest(5) og ut frå desse synsmåtane:
1) I 1999 og 2000 har Italia hatt fleire utbrot med sterkt sjukdomsframkallande aviær influensa-virus av under- type H7N1, med enorme økonomiske tap for fjørfeindus- trien. Eit svakt sjukdomsframkallande virus vart oppdaga i området før epidemien braut ut.
2) Under overvakinga av aviær influensa vart det i oktober 2002 funne eit svakt sjukdomsframkallande aviær influ- ensa-virus av undertype H7N3 i regionane Veneto og Lombardia.
3) Motkjempinga av infeksjonar med svakt sjukdomsfram- kallande aviær influensa-virus er for tida ikkje omfatta av regelverket til Fellesskapet.
4) Dei italienske veterinærstyresmaktene har gjennomført kontrolltiltak for å unngå at sjukdommen spreier seg til andre område. Infeksjonen kan likevel ikkje avgrensast i tilstrekkeleg omfang.
5) Det svakt sjukdomsframkallande viruset kan mutere til eit sterkt sjukdomsframkallande virus og framkalle alvor- lege sjukdomsutbrot.
6) Under den førre epidemien av aviær influensa i Italia godkjende Kommisjonen eit vaksinasjonsprogram i sam- band med intensiv overvaking, og dessutan visse føreseg- ner for handelen mellom medlemsstatane med levande fjørfe og fjørfeprodukt.
7) For å følgje opp vaksinasjonskampanjen vart det gjen- nom vedtakinga av kommisjonsvedtak 2002/552/EF(6) halde ved lag ei rekkje restriksjonar på handelen mellom medlemsstatane med levande fjørfe og fjørefeprodukt.
8) Røynslene frå det italienske vaksinasjonsprogrammet viser at det har klart å stoppe spreiinga av svakt sjuk- domsframkallande aviær influensa-virus.
9) Aviær influensa-virus av undertype H7N3 er årsaka til dei noverande infeksjonane, mens den førre epidemien skuldast eit virus av undertype H7N1.
10) Epidemien finst for tida i eit område av Italia som har stor tettleik av fjørfe.
11) I denne samanhengen kan vaksinasjon vere eit effektivt tiltak for å utfylle kontrolltiltaka mot aviær influensa.
12) Dersom det vert vaksinert mot aviær influensa, må det òg innførast restriksjonar på flytting av vaksinert fjørfe.
2005/EØS/49/08
(*) Denne fellesskapsrettsakten, kunngjort i EFT L 337 av 13.12.2002, s. 87, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 100/2003 av 26. september 2003 om endring av EØS-avtalens vedlegg I (Veterinære og plantesanitære forhold), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 64 av 18.12.2003, s. 3.
(1) TEF L 224 av 18.8.1990, s. 29.
(2) TEF L 315 av 19.11.2002, s. 14.
(3) TEF L 395 av 30.12.1989, s. 13.
(4) TEF L 62 av 15.3.1993, s. 49.
(5) TEF L 167 av 22.6.1992, s. 1. (6) TEF L 180 av 10.7.2002, s. 24.
29.9.2005 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 49/31
13) Italia har lagt fram eit vaksinasjonsprogram for å utfylle dei tiltaka som er gjorde for å kontrollere aviær influensa i eit avgrensa område av Italia, medrekna særlege restrik- sjonar på flytting.
14) For å gjennomføre programmet har Italia gjeve løyve til bruk av to inaktiverte vaksinar mot aviær influensa. For den første fasen vert det framstilt ein homolog vaksine av virusstamma CK/Pak/1995/-H7N3, og i den påfølgjande perioden frå byrjinga av 2003, skal det nyttast ein heter- olog vaksine av virusstamma A/CK/Italia/AG-473/1999- H7N1.
15) Ei teknisk arbeidsgruppe har gjennomgått det italienske vaksinasjonsprogrammet.
16) Overvakinga av vaksinerte og uvaksinerte fjørfeflok- kar skal haldast ved lag, medrekna bruken av den serologiske prøva (iIFA-prøva) som vart godkjend ved kommisjonsvedtak 2001/847/EF(1).
17) I Italia vert det innført særlege restriksjonar på flytting i samband med vaksinasjon av fjørfe, og på handelen mel- lom medlemsstatane.
18) Med omsyn til klarleiken bør vedtak 2002/552/EF opp- hevast, då føresegnene der vert bytte ut med føresegnene i dette vedtaket.
19) Dei tiltaka som er fastsette i dette vedtaket, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for næringsmiddelkjeda og dyrehelsa —
GJORT DETTE VEDTAKET:
Artikkel 1
Vaksinasjonsprogrammet mot aviær influensa som Italia har lagt fram, er godkjent og skal gjennomførast i det området som er nemnt i vedlegg I.
Artikkel 2
Restriksjonane på flytting av levande fjørfe, rugeegg, egg meinte for direkte konsum og ferskt fjørfekjøt til, frå og innanfor det området som er nemnt i vedlegg I, skal nyttast slik det er fastsett i vaksinasjonsprogrammet som er nemnt i artikkel 1.
Artikkel 3
1. Levande fjørfe og rugeegg som kjem frå og/eller har opphavet sitt i det området som er nemnt i vedlegg I, skal ikkje sendast frå Italia.
2. Levande fjørfe og rugeegg som kjem frå og/eller har opphavet sitt i den delen av Italia som ligg utanfor det området som er nemnt i vedlegg I, kan sendast frå Italia berre dersom
— det ikkje er slått fast nokon kontakt eller annan epidemio- logisk samanheng i samband med aviær influensa mellom opphavseininga og ei eining eller eit klekkjeri som ligg i det området som er nemnt i vedlegg I, og
— opphavseininga ikkje ligg i nokon av dei områda som dei rette styresmaktene har innført restriksjonar på med omsyn til aviær influensa.
3. Egg meinte for direkte konsum frå fjørfe som er vaksiner- te mot aviær influensa, og som har opphavet sitt i det området som er nemnt i vedlegg I, skal ikkje sendast frå Italia.
Artikkel 4
Helsesertifikat som følgjer med sendingar av levande fuglar og rugeegg frå Italia, skal vere påførde følgjande ordlyd: «Krava til dyrehelse for denne sendinga er i samsvar med vedtak 2002/975/EF».
Artikkel 5
1. Ferskt fjørfekjøt skal merkjast i samsvar med artikkel 5 i rådsdirektiv 91/494/EØF(2), og må ikkje sendast frå Italia dersom dei kjem frå
a) fjørfe som er vaksinert mot aviær influensa,
b) fjørfeflokkar som er seropositive for aviær influensa, og som er meinte for slakting under offentleg kontroll, i sam- svar med vaksinasjonsprogrammet som er nemnt i artik- kel 1,
c) fjørfe som har opphavet sitt i driftseiningar som ligg i område med restriksjonar, som skal ha ein minste radius på tre kilometer rundt kvar driftseining for fjørfe som er infisert med svakt sjukdomsframkallande aviær influensa- virus, i samsvar med føresegnene som er fastsette i det vaksinasjonsprogrammet som er nemnt i artikkel 1.
2. Som eit unntak frå nr. 1 bokstav a) og b) skal ferskt kjøt frå kalkunar som er vaksinerte mot aviær influensa med ein heterolog vaksine av undertypen H7N1, ikkje merkjast i samsvar med artikkel 5 i rådsdirektiv 91/494/EØF, og det kan sendast til andre medlemsstatar dersom det kjem frå slakta kalkunflokkar som:
i) er vortne jamleg kontrollerte og underlagde prøving for påvising av aviær influensa med negativt resultat i samsvar med det godkjente vaksinasjonsprogrammet.
Kontrollfuglane skal granskast med særleg merksemd.
Ved prøving av
– vaksinerte fuglar skal iIFA-prøva nyttast,
– kontrollfuglar skal anten hemagglutinasjonshemmings- prøva, AGID-prøva eller ELISA-prøva nyttast. iIFA- prøva skal likevel nyttast dersom det er naudsynt, ii) er vortne klinisk granska av ein offentleg veterinær høgst
48 timar før innlasting, og med særleg merksemd på kon- trollfuglane,
iii) har gjennomgått ein serologisk kontroll med negativt resul- tat på det nasjonale laboratoriet for aviær influensa, ved bruk av dei framgangsmåtane for prøvetaking og påvising som er nemnde i vedlegg II til dette vedtaket,
iv) vert sende direkte til eit av slakteria som den rette styres- makta har peikt ut, og slakta straks etter at dei er komne fram. Fuglane skal haldast åtskilt frå flokkar som ikkje stettar desse krava.
(1) TEF L 315 av 1.12.2001, s. 61. (2) TEF L 268 av 24.9.1991, s. 35.
3. Ferskt kalkunkjøt som stettar krava i nr. 2, skal leve- rast med det helsesertifikatet som er fastsett i vedlegg VI til direktiv 71/118/EØF(1), som under avsnitt IV bokstav a) i ser- tifikatet skal innehalde følgjande attestering frå den offisielle veterinæren:
«Kalkunkjøtet som er nemnt ovanfor, er i samsvar med vedtak 2002/975/EF».
Artikkel 6
I det området som er nemnt i vedlegg I, skal Italia skal syte for følgjande:
1. Berre eingongsemballasje eller emballasje som effektivt kan reingjerast og desinfiserast med desinfeksjonsmiddel straks før og etter kvar transport, skal nyttast til innsam- ling, lagring og transport av egg meinte for direkte kon- sum.
2. Alle transportmiddel som vert nytta til å frakte fjørfe, ruge- egg, egg meinte for direkte konsum og fjørefefôr, skal rein- gjerast og desinfiserast med desinfeksjonsmiddel straks før og etter kvar transport i samsvar med dei framgangsmåtane som er godkjende av den rette styresmakta.
Artikkel 7
Flytting til andre medlemsstatar av levande fjørfe og rugeegg som kjem frå område i Italia som ligg utanfor det området som er nemnt i vedlegg I, er berre tillate dersom dei sentrale og lokale veterinærstyresmaktene i mottakarstaten har fått mel- ding om dette fem dagar på førehand. Meldinga skal sendast av den rette veterinærstyresmakta.
Artikkel 8
1. Italia skal melde frå til Kommisjonen og til dei andre medlemsstatane minst éin dag på førehand om datoen då vak- sineringa vert sett i gang.
2. Føresegnene i artikkel 2-7 skal nyttast frå den dagen vak- sineringa vert sett i gang.
Artikkel 9
1. Italia skal kvar sjette månad leggje fram ein rapport med opplysningar om kor effektivt vaksinasjonsprogrammet som er nemnt i artikkel 1, er.
2. Det skal gjerast ei ny vurdering av dette vedtaket, og særleg av det tidsrommet som dei restriksjonane på flytting som er nemnde i artikkel 2-7, framleis skal nyttast i etter at vaksinasjonsprogrammet er avslutta.
Artikkel 10
Vedtak 2002/552/EF vert oppheva.
Artikkel 11
Dette vedtaket er retta til medlemsstatane.
Utferda i Brussel, 12. desember 2002.
For Kommisjonen
David BYRNE
Medlem av Kommisjonen
(1) TEF L 55 av 8.3.1971, s. 23.
29.9.2005 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 49/33
VEDLEGG I
VAKSINASJONSOMRÅDE
Regionen Veneto
Provinsen Verona
Vaksinasjonsområdet omfattar territoriet til følgjande kommunar:
Albaredo d’Adige Angiari Arcole Belfiore Bevilacqua Bonavigo Boschi Sant’Anna Bovolone Buttapietra
Calmiero, området sør for motorvegen A4 Casaleone
Castel d’Azzano
Castelnuovo del Garda, området sør for motorvegen A4
Cerea Cologna Veneta
Colognola ai Colli, området sør for motorvegen A4 Concamarise
Erbè
Gazzo Veronese Isola della Scala Isola Rizza
Lavagno, området sør for motorvegen A4 Minerbe
Monteforte d’Alpone, området sør for motorvegen A4 Mozzecane
Nogara Nogarole Rocca Oppeano Palù
Peschiera del Garda, området sør for motorvegen A4 Povegliano Veronese
Pressana Ronco all’Adige Roverchiara Roveredo di Guà
S. Bonifacio, området sør for motorvegen A4 S. Giovanni Lupatoto, området sør for motorvegen A4 S. Martino Buon Albergo, området sør for motorvegen A4
S. Pietro di Morubio Salizzole
Sanguinetto
Soave, området sør for motorvegen A4 Sommacampagna
Sona, området sør for motorvegen A4 Sorgà
Trevenzuolo Valeggio sul Mincio
Verona området sør for motorvegen A4 Veronella
Vigasio
Villafranca di Verona Zevio
Zimella
Provinsen Vicenza
Vaksinasjonsområdet omfattar territoriet til følgjande kommunar:
Agugliaro Albettone Alonte Asigliano Veneto Barbarano Vicentino Campiglia dei Berici Castegnero Lonigo Montegalda Montegaldella Mossano Nanto
Noventa Vicentina Orgiano
Poiana Maggiore S. Germano dei Berici Sossano
Villaga
Provinsen Padova
Vaksinasjonsområdet omfattar territoriet til følgjande kommunar:
Carceri
Casale di Scodosia Este
Lozzo Atestino Megliadino S. Fidenzio Megliadino S. Vitale Montagnana Ospedaletto Euganeo Ponso
S. Margherita d’Adige Saletto
Urbana
Regionen Lombardia Provinsen Mantova
Vaksinasjonsområdet omfattar territoriet til følgjande kommunar:
Acquanegra Sul Chiese Asola
Bigarello Canneto Sull’oglio Casalmoro Casaloldo Casalromano Castel D’ario Castel Goffredo Castelbelforte
Castiglione Delle Stiviere Cavriana
Ceresara
Gazoldo Degli Ippoliti Goito
Guidizzolo Mariana Mantovana Marmirolo Medole Monzambano Piubega Ponti Sul Mincio Porto Mantovano Redondesco Rodigo Roncoferraro Roverbella
San Giorgio Di Mantova Solferino
Villimpenta Volta Mantovana
Provinsen Brescia
Vaksinasjonsområdet omfattar territoriet til følgjande kommunar:
Acquafredda Alfianello Azzano Mella Bagnolo Mella Barbariga Bassano Bresciano Berlingo
Borgo San Giacomo Borgosatollo Brandico
Brescia, området sør for motorvegen A4 Calcinato, området sør for motorvegen A4 Calvisano
Capriano del Colle Carpendolo
Castegnato, området sør for motorvegen A4 Castel Mella
Castelcovati
Castenedolo, området sør for motorvegen A4 Castrezzato
Cazzago San Martino Chiari
Cigole Boccaglio Cologne
Comezzano-Cizzago Corzano
Dello
Desenzano del Garda, området sør for motorvegen A4 Erbusco, området sør for motorvegen A4
Fiesse Flero Gambara Ghedi Gottolengo Isorella Leno Lograto
Lonato, området sør for motorvegen A4 Longhena
Maclodio Mairano Manerbio Milzano Montichiari Montirone Offlaga Orzinuovi Orzivecchi
Ospitaletto, området sør for motorvegen A4 Palazzolo sull’Oglio, området sør for motorvegen A4 Pavone del Mella
Pompiano Poncarale Pontevico Pontoglio
Pozzolengo, området sør for motorvegen A4 Pralboino
Quinzano d’Oglio Remedello
Rezzato, området sør for motorvegen A4 Roccafranca
Roncadelle, området sør for motorvegen A4 Rovato, området sør for motorvegen A4 Rudiano
29.9.2005 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 49/35
San Gervasio Bresciano San Paolo
San Zeno Naviglio Seniga
Torbole Casaglia Travagliato
Trenzano Urago d’Oglio Verolanuova Verolavecchia Villachiara Visano
________
VEDLEGG II
FRAMGANGSMÅTE FOR PRØVETAKING OG PÅVISING
1. Innleiing og allmenn bruk
Den indirekte immunfluorescensprøva (iIFA-prøva) som er utvikla, tek sikte på å kunne skilje mellom kalkunar som er vaksinerte/felteksponerte, og kalkunar som er vaksinerte/ikkje felteksponerte innanfor ramma av vaksinasjonsstrategien «DIVA» (Differentiating Infected from Vaccinated Animals), ved bruk av ein heterolog vak- sine frå undertypen av feltstamma H7N3.
2. Bruk av prøva for sending av ferskt kjøt av kalkun frå vaksinasjonsområdet i Italia til andre medlemsstatar Kjøt frå kalkunflokkar som er vaksinerte mot aviær influensa, kan sendast til andre medlemsstatar på det vilkåret at den offisielle veterinæren tek blodprøvar
– frå kvar gruppe av kalkunar som er meinte for slakting, og som vert haldne i same bygning i driftseininga, – seinast 48 timar før dyra vert sende til slakteriet,
– frå minst ti vaksinerte dyr som er valde ut tilfeldig frå kvar gruppe.
___________________________________