INVERSJON I NORSK
0B
når polsk og tysk er morsmål
1B
av
2B
Roy G. Tveit
Mastergradsavhandling
6BInstitutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo
Og heile verdi hadde eitt tungemål og dei same ordi [...]
Då steig Herren ned og vilde sjå byen og tårnet som manneborni bygde.
Og Herren sa: Sjå, dei er eitt folk, og alle hev dei eitt tungemål;
dette er det fyrste dei tek seg fyre, og no vert ikkje noko umogleg for dei, kva dei so finn på å gjera. Lat oss då stiga ned der og vildra tungemålet deira,
so den eine ikkje skynar kva den andre segjer. So spreidde Herren dei derifrå ut yver heile jordi, og dei heldt upp å byggja på byen. Difor kalla dei byen Babel,
for der vildra Herren tungemålet for heile verdi, og derifrå spreidde Herren dei ut yver all jordi. (1. Mos. 11).
3B
FØREORD
Så tidleg som vårsemesteret 2003 begynte eg som deltidsstudent på det som då heitte hovudfag i nordiskdidaktikk og som kort tid etter skifta namn til mastergrad i same emnet.
Heilt sidan eg begynte på mastergradsstudiet i nordiskdidaktikk, har eg vore i heil stilling som lærar i den vidaregåande skulen, i tillegg har eg vore fagkoordinator for språklærarane på skulen vår, eg har drive ei til dels omfattande, privat kursverksemd i norsk for polakkar, og eg har tatt meg tid til å skriva ein skjønnlitterær roman. Alt samstundes med mastergradsstudiet og avhandlingsarbeidet, eit arbeid som derfor har drege litt ut i tid. Somme gonger har eg måtta trøsta meg med riksmålsmannen Nils Kjær sine ord:
Det er omveiene og forsinkelsene og sidesporene som beriker ens liv.
Likevel; i mål har eg heile tida hatt eit sterkt ønskje om å komma med dette prosjektet, og etter kvart fekk eg ei kjensle av at eg måtte prioritera annleis for å nå målet og bli ferdig.
Dei siste to åra har eg derfor styrt unna all privat kursverksemd, takka nei til å vera fag- koordinator for språklærarane på skulen vår, medvite manøvrert unna TV-underhaldning, og i stor grad også halde meg unna kvinner og dans. I staden har arbeidet med denne teksten hatt høg prioritet og tatt det aller meste av fritida.
Ettersom eg no synest at avhandlinga har fått ei form og eit innhald som gjer at eg kan setja sluttstrek, vil eg nytta høve til å takka dei som har vore til hjelp for meg under skriveprosessen, og i tida før. Først vil eg takka Herren for at han vildra tungemålet i urtidas monolingvale samfunn, og slik gjorde det mogleg for etterkommande slekter å skriva avhandlingar med problemstillingar knytte til andrespråkslæring. Dernest vil eg takka rettleiarane mine, Geirr Wiggen og Else Ryen , begge ved Universitetet i Oslo, for dei gode råda eg har fått i samband med skrivinga, og for gode forslag til lesing av relevant faglitteratur. Else og Geirr har alltid vore imøtekommande når eg har vend meg til dei, og dei har alltid funne tid til rettleiingsmøte på kontora sine når eg har vilja dra til Oslo i studiesamanheng.
Til slutt også ein takk til Kari Tenfjord og Hilde Johansen, begge ved Universitetet i Bergen.
Kari tok seg tid til å lesa gjennom og kommentera eit tidleg utkast av avhandlinga mi, og saman med Hilde gav ho meg også opplæring i å bruka Ask andrespråkskorpus, som har vore eit greitt hjelpemiddel i arbeidet med tekstmaterialet til mastergradsavhandlinga.
Roy G. Tveit
4B
INNHALD
Oversikt over tabellar og figurar...6
Oversikt over vedlegg...7
1. 5BINNLEIING 1.1 Bakgrunn...9
1.2 Tema og disposisjon...10
1.3 Faglege vurderingar av inversjon i norsk mellomspråk...11
1.4 Forsking på folkelege oppfatningar av mellomspråk...13
1.5 Fiktiv framstilling av inversjon i mellomspråk...15
1.6 Problemstilling og mål for undersøkinga...19
1.7 Metodisk tilnærming...22
1.8 Materialet...26
2. MELLOM MORSMÅL OG MÅLSPRÅK 2.1 Mellomspråksteorien………...29
2.2 Sekvenshypotesen………..33
2.3 Markeringsteoriane………36
2.4 Synet på morsmålets rolle i nyare tid……….37
3. INVERSJON 3.1 V2-prinsippet………...40
3.2.Forsking på inversjon i mellomspråk...42
3.2.1 Jon Erik Hagen (1992)...42
3.2.2 Anne Brautaset (1996 [1994])...45
3.2.3 Cecilie Carlsen Toledo (1995)...46
3.2.4 Karen Lund (1997)...46
3.2.5 Gisela Håkansson (2001)...48
3.2.6 Katrin Saarik (2004)...49
3.2.7 Aasne Vikøy (2004)...49
3.2.8 Hanna Solberg Andresen (2006)...50
3.2.9 Hilde Johansen (2007)……….50
4. LEDDSTILLING 4.1 Leddstilling i norsk...52
4.1.1 Deklarative setningar……….………..52
4.1.2 Interrogative setningar……….………....54
4.2 Leddstilling i tysk...55
4.2.1 Deklarative setningar……….………..55
4.2.2 Interrogative setningar……….…………....57
4.3 Leddstilling i polsk……….………….58
4.3.1 Deklarative setningar……….………..58
4.3.2 Interrogative setningar……….……....64
5. ANALYSE 5.1 Setningskategoriar...67
5.1.1 Deklarative setningar...68
5.1.1.1 Heilsetningar med endefram ordstilling...69
5.1.1.2 Heilsetningar med invertert ordstilling...69
5.1.1.3 Heilsetningar med underinversjon...69
5.1.1.4 Heilsetningar med feilinversjon...70
5.1.1.5 Leddsetningar med endefram ordstilling...70
5.1.1.6 Leddsetningar med overinversjon...70
5.1.2 Interrogative setningar...70
5.1.2.1 Spørjesetningar med spørjeordspronomen...71
5.1.2..2 Spørjesetningar utan spørjeordspronomen...71
5.2 Gjennomføringa av analysen……….………….72
5.2.1 Eit tilfeldig informantutval…...72
5.2.2 Analyseeiningane...72
5.2.3 Problem knytte til gjennomføringa av analysen...74
5.2.4 Ein heilskapleg analyse...77
6. ANALYSERESULTAT 6.1 Deklarative heilsetningar...79
6.1.1 Endefram versus invertert ordstilling...80
6.1.2 Talet på informantar med inversjonsavvik...84
6.1.3 Inversjonsavvik versus rette inversjonsstrukturar...85
6.1.4 Underinversjon versus feilinversjon...86
6.1.5 Deklarative heilsetningar – ei oppsummering...87
6.2 Interrogative heilsetningar………...…..……...…..88
6.2.1 Spørjesetningar med og utan spørjeordspronomen...88
6.3 Leddsetningar………..……… ….90
6.3.1 Overinverterte setningar i materialet...91
6.4 Den totale inversjonsperformansen……… ..95
6.4.1 Underinversjon, feilinversjon og overinversjon...95
6.4.2 Den totale inversjonsperformansen – eit oversyn...96
6.4.3 Kva type inversjonsavvik førekjem oftast?...99
6.4.4 Er inversjon tileigna?...102
7. DRØFTING 7.1 Underinversjon i heilsetningar………..…104
7.2 Overinversjon i leddsetningar………...108
7.3 Kva påverkar inversjonsdugleiken?...111
7.4 Nokre didaktiske refleksjonar………...114
8. AVSLUTNING 8.1 Konklusjon...116
8.2 Avgrensingar og utsyn…...119
LITTERATURLISTER... ...121
VEDLEGG……...125
OVERSIKT OVER TABELLAR OG FIGURAR
Tabellar
Side
Tabell 1 Førekomsten av heilsetningar totalt, og fordelte etter morsmålsgruppe og nivå. 79 Tabell 2 Fordelinga av produserte heilsetningar med endefram ordstilling og med
invertert ordstilling, etter morsmålsgruppe og nivå. 80 Tabell 3 Fordelinga i prosent av heilsetningar med endefram ordstilling og
heilsetningar med invertert ordstilling, etter morsmål og nivå. 81 Tabell 4 Talet på informantar som er representerte med inversjonsavvik i tekstane sine,
etter morsmål og nivå. 84 Tabell 5 Førekomsten av inversjonsavvik i heilsetningar i forhold til produserte
heilsetningar med inversjonsstruktur totalt (dei moglege tala på avvik),
etter morsmål og nivå. 85 Tabell 6 Førekomsten av underinverterte og feilinverterte heilsetningar i prosent,
etter morsmål og nivå. 86 Tabell 7 Førekomsten av heilsetningar i forhold til type setningsstruktur, og tala på
rett inverterte strukturar i forhold til inversjonsavvik, etter morsmål og nivå. 87 Tabell 8 Førekomsten av spørjesetningar med spørjeordspronomen og spørjesetningar
utan spørjeordspronomen, etter morsmål og nivå. 88 Tabell 9 Talet på informantar som overinverterer og talet på overinverterte leddsetningar, etter morsmål og nivå. 91 Tabell 10 Talet på informantar som er representerte med overinverterte leddsetningar i tekstane sine, etter morsmål og nivå. 92 Tabell 11 Talet på overinverterte leddsetningar i forhold til talet på produserte
leddsetningar. Faktiske tal og i prosent, etter morsmål og nivå. 93 Tabell 12 Overinverterte leddsetningar i prosent av produserte leddsetningar, alle informant- gruppene sett under eitt. 93 Tabell 13 Innleiarord som utløyser overinversjon på mellom- og høgare nivå. 94 Tabell 14 Tyske og polske informantar som er representerte med inversjonsavvik
i tekstane sine, og det samla talet inversjonsavvik i materialet fordelte
etter morsmål. 95 Tabell 15 Det samla talet informantar med inversjonsavvik og det samla talet på
avvik, etter morsmål og nivå. 96 Tabell 16 Det samla talet informantar med inversjonsavvik i prosent, begge nivåa
slått saman. 97 Tabell 17 Det samla talet informantar med inversjonsavvik i prosent, kvart nivå for seg. 98 Tabell 18 Det samla talet inversjonsavvik delt inn etter type avik, og etter
morsmål og nivå. 99 Tabell 19 Oversikt over dei polske og dei tyske informantgruppene, fordelte etter om
dei har overvunne dei ulike inversjonsavvika eller ikkje. 102
Tabell 20 Oversikt over dei polske og dei tyske informantgruppene, fordelte etter om
dei har tileigna seg inversjon i interrogative og deklarative setningar eller ikkje. 102 Tabell 21 Døme på plassering av spørjeordet og det finitte verbet i interrogative setningar
i norsk, tysk og polsk. 108
Figurar Side Figur 2.1 Forholdet mellom endefram ordstilling og invertert struktur hos dei tyske og polske informantane. 80
Figur 3.1 Forholdet mellom endefram ordstilling og invertert struktur hos dei tyske informantane på høgare nivå. 82
Figur 3.2 Forholdet mellom endefram ordstilling og invertert struktur hos dei polske informantane på høgare nivå. 82
Figur 3.3 Forholdet mellom endefram ordstilling og invertert struktur hos dei tyske informantane på mellomnivå. 83
Figur 3.4 Forholdet mellom endefram ordstilling og invertert struktur hos dei polske informantane på mellomnivå. 83
Figur 4.1 Informantar med inversjonsavvik i heilsetningar, etter morsmål og nivå. 84
Figur 6.1 Rett inverterte strukturar i prosent, etter morsmål og nivå. 87
Figur 8.1 Talet på produserte spørjesetningar med spørjeordspronomen, etter morsmål og nivå. 88
Figur 8.2 Talet på produserte spørjesetningar utan spørjeordspronomen, etter morsmål og nivå. 88
Figur 17.1 Kor mange prosent av informantane som har inversjonsavvik i tekstane sine, etter morsmål og nivå. 98
Figur 18.1 Inversjonsavvik totalt, etter morsmål og nivå. 100
Figur 18.2 Underinversjon totalt, etter morsmål og nivå. 100
Figur 18.3 Overlinversjon totalt, etter morsmål og nivå. 101
Figur 18.4 Feilinversjon totalt, etter morsmål og nivå. 101
OVERSIKT OVER VEDLEGG
VedleggSide Vedlegg 1: Krysstabellar med kji-kvadrattestar 125
UInnleiingU: Forklaring til krysstabellane og kji-kvadrattestane. 125 Krysstabell 1: Heilsetningar med endefram ordstilling og setningar med
UKrysstabell 3U: Informantar med inversjonsavvik i heilsetningar og informantar
utan inversjonsavvik i heilsetningar på høgare nivå. 128
UKrysstabell 4U: Informantar med inversjonsavvik i heilsetningar og informantar
utan inversjonsavvik i heilsetningar på mellomnivå. 129
UKrysstabell 5U: Heilsetningar med inversjonsavvik og heilsetningar utan
inversjonsavvik blant dei polske og tyske informantane på høgare nivå. 130
UKrysstabell 6U: Heilsetningar med inversjonsavvik og heilsetningar utan
inversjonsavvik blant dei polske og tyske informantane på mellomnivå. 131
UKrysstabell 7U: Heilsetningar med inversjonsavvik og heilsetningar utan
inversjonsavvik blant dei polske informantane på høgare nivå samanlikna med
dei tyske informantane på mellomnivå. 132
UKrysstabell 8U: Heilsetningar med inversjonsavvik og heilsetningar utan
inversjonsavvik blant dei polske informantane på høgare nivå samanlikna med
dei polske informantane på mellomnivå. 133
UKrysstabell 9U: Spørjesetningar med og spørjesetningar utan spørjeordspronomen
blant dei polske og tyske informantane på høgare nivå. 134
UKrysstabell 10U: Spørjesetningar med og spørjesetningar utan spørjeordspronomen
blant dei polske og tyske informantane på mellomnivå. 135
UKrysstabell 11U: Informantar med overinverterte leddsetningar og informantar utan
overinverterte leddsetningar på høgare nivå. 136
UKrysstabell 12U: Informantar med overinverterte leddsetningar og informantar utan
overinverterte leddsetningar på mellomnivå. 137
UKrysstabell 13U: Overinverterte leddsetningar og leddsetningar med rett struktur
blant dei polske og tyske informantane på høgare nivå. 138
UKrysstabell 14U: Overinverterte leddsetningar og leddsetningar med rett struktur
blant dei polske og tyske informantane på mellomnivå. 139
UKrysstabell 15U: Informantar med inversjonsavvik, begge nivåa sett under eitt. 140
Vedlegg 2: Oversikt over den individuelle inversjonsperformansen 141
UInnleiingU: Forklaring til tabellvedlegga. 141
UTabellvedlegg 1U: Den individuelle inversjonsperformansen til dei tyske informantane
på høgare nivå. 142
UTabellvedlegg 2U: Den individuelle inversjonsperformansen til dei polske informantane
på høgare nivå. 143
UTabellvedlegg 3U: Den individuelle inversjonsperformansen til dei tyske informantane
på mellomnivå. 144
UTabellvedlegg 4U: Den individuelle inversjonsperformansen til dei polske informantane
på mellomnivå. 145
1. INNLEIING
1.1 Bakgrunn
Inversjon blir rekna som eit språktypologisk markert trekk ved norsk språk, og markerte trekk er vanskelege å læra og få automatisert – mange vil hevda uansett morsmål. Men det finst nokre få språk i verda som har ein inversjonsregel identisk med den i skandinaviske språk: Tysk,
nederlandsk, afrikaans, islandsk, færøysk og frisisk. Vil ikkje norsktileignararF1F med eit av desse morsmåla tileigna seg inversjon i norsk tidlegare og bli meir normrette enn tileignarar med morsmål utan eit slikt regelsamsvar med norsk?
I denne avhandlinga ønskjer eg med eit ope sinn å prøva å finna svar på det spørsmålet. Og eg vil bruka informantar med tysk som morsmål fordi tysk har ein norskidentisk inversjonsregel, og fordi eg sjølv rår over tysk, etter mellomfagseksamen i språket og eit års butid i Tyskland. Då eg òg er dugande i polsk etter årelang kontakt med språket, vil eg undersøkja nærare om også polske norsktileignarar blir like normrette, like tidleg som tyske norsktileignarar i høve til inversjon i norsk. Polsk har ikkje nokon norsklik inversjonsregel, men fakultativ inversjon motivert etter andre prinsipp enn V2-prinsippet som gjeld for tysk og norsk. Dersom det då skulle visa seg at dei polske informantane i denne undersøkinga blir like dugelege like tidleg i høve til inversjon i norsk som dei tyske informantane, vil mistanken min om samanhengen mellom morsmålslikskap og målspråksdugleik i høve til det norske V2-prinsippet bli avkrefta.
At eg sjølv har god kjennskap til morsmåla til informantane mine vil venteleg vera ein føremonn under analysen av tekstane deira. Eg vil lettare kunna vurdera bakgrunnen for dei ulike ordvala og strukturvala informantane gjer, og dermed lettare kunna ta stilling til om avvik i mellom- språket deira kan skuldast morsmålspåverknad. Kjennskapen til informantane sine morsmål gjer også at eg kan lesa om morsmåla deira på dei respektive språka. Både polsk og tysk grammatikk er mest utførleg handsama på nettopp polsk og tysk, men eg vil sjølvsagt òg i ei avgrensa
utstrekning finna og gjera meg nytte av litteratur om desse språka på engelsk og norsk.
1.2 Tema og disposisjon
Denne mastergradsavhandlinga er ei undersøking av inversjon i norskstilar skrivne av tileignarar med tysk og polsk som morsmål. Informantane er henta frå to ulike nivå, referert til som
mellomnivåF2F og høgare nivåF3F. Avhandlinga prøver først og fremst å finna svar på om det er nokon samanhang mellom morsmålslikskap og målspråksdugleik når utlendingar skal tileigna seg den norske inversjonsregelen. Kan ein norsklik inversjonsregel i morsmålet ha noko å seia for kor dugande og normrett ein tileignar blir i høve til inversjon i norsk? Og er det nokon forskjell i inversjonsperformansen dersom ein samanliknar ei gruppe informantar på mellomnivå med ei gruppe informantar på høgare nivå? For å setja inversjon og inversjonslæring i
perspektiv, blir også andre syntaktiske læringsutfordringar tematiserte og kommenterte i korte trekk, men det er inversjon, inversjonsavvik og inversjonslæring som er det overordna temaet for avhandlinga.
I innleiinga gjer eg greie for kva inversjon er og for rådande faglege syn på inversjonstileigning.
Eg prøver òg å gi svar på korleis folk flest oppfattar inversjon i norsk mellomspråk. Korleis tilpassar me språket vårt i samtale med andrespråksbrukarar? Korleis framsteller skodespelarar, skjønnlitterære forfattarar og omsetjarar norsk mellomspråkssyntaks? Til slutt i den første delen av avhandlinga, vil eg gjera greie for problemstillingar og metodiske tilnærmingar knytte til objektet som skal undersøkjast.
I hovuddelen vil eg først setja fokus på sentrale teoriar om andrespråkslæring og dernest gjera greie for tidlegare undersøkingar av inversjon i norsk mellomspråk. Eg tar også føre meg kva V2-prinsippet går ut på og kva utfordringar inversjon skaper for andrespråkstileignarar av norsk.
Vidare vil eg presentera og gi ei oversikt over ulike typar av inversjonsavvik i norsk
mellomspråk. I neste omgang jamfører eg reglane for, og bruken av invertert ordstilling i språka norsk, tysk og polsk – heile tida med fokus på det overordna spørsmålet som skal undersøkjast.
Eg vil også trekkja parallellar frå norsk og tysk til andre germanske språk, og frå polsk til andre slaviske språk, for å kaste lys over kva utbreiing og funksjon inversjon har i desse språka.
I siste delen av avhandlinga vil eg først leggja fram og drøfta resultata av undersøkinga. Deretter vil eg trekkja konklusjonen på bakgrunn av dei svara som analysen gir på problemstillingane og det overordna spørsmålet for undersøkinga.
2 Språkprøven i norsk for fremmedspråklige voksne - mellomnivå
3 Test i norsk for fremmedspråklige – høyere nivå
1.3 Faglege vurderingar av inversjon i norsk mellomspråk
(1) Eg hadde yrkespraksis dei tre siste vekene i november.
(2) Dei tre siste vekene i november hadde eg yrkespraksis.
(3) Yrkespraksis hadde eg dei tre siste vekene i november.
Som norsklærar ved ein yrkesfagleg vidaregåande skole er praksisrapporten ein av tekst- typane eg rettleier elevane i å skriva. Ein ganske vanleg måte å opna ein slik rapport på, er med setninga ovanfor og strukturen (1). Då står subjektet på første plass, og dermed føre det finitte verbet, som kjem på andre plass. Setninga har endefram ordstilling. Men iblant vel eleven ein annan informasjonsstruktur ved å setja eit anna ledd først i setninga, til dømes eit adverbial, slik som i (2), eller eit objekt, slik som i (3). At ei heilsetning blir innleia med eit anna setningsledd enn subjektet, blir kalla topikalisering. I eit V2-språkF4F som norsk må då det finitte verbet bli på andreplassen, mens subjektet blir flytta til tredjeplassen, og følgjeleg hamnar det finitte verbet føre subjektet: hadde eg. Setninga har no omsnudd ordstilling. Det er dette ein kallar inversjon (frå lat. inversio = snu om).
Ein del av elevane mine har norsk som andrespråk, og denne elevgruppa har større vanskar med norsk ordstilling enn dei elevane som har norsk som førstespråk. Ideitilfella der andrespråkseleven vel å opna rapporten sin med ei setning etter mønster (1), så går det bra, eleven får rett struktur. Men i dei tilfella eleven vel å opna med (2) eller (3), er det ikkje alltid at det går like bra. Ein ikkje heilt uvanleg feil er då å topikalisera utan å invertera, og eleven får eit avvik i setningsstrukturen sin som fagfolk gjerne kallar underinversjon. Andre nemningar er underinvertering og inverteringsunnlating (Hagen 1992: 32).
(2) Dei tre siste vekene i november eg hadde yrkespraksis.
(3) Yrkespraksis eg hadde dei tre siste vekene i november.
Det har blitt gjort fleire undersøkingar av inversjonsperformansen til andrespråkstileignarar av norsk. Nokre av forskarane har hatt eit målspråksperspektiv på undersøkinga si, mens andre har hatt det ein må kunna kalla eit morsmålsperspektiv. Av dei som har undersøkt inversjon i norsk mellomspråk i nyare tid, vil eg innleiingsvis berre nemna Hagen (1992), Brautaset (1996F5F), Carlsen Toledo (1995), Vikøy (2004), Saarik (2004) og Johansen (2007) som alle konkluderer med at inversjon er ei læringsutfordring og at inversjonsavvik - særleg underinversjon - i større eller mindre grad er eit problem for andrespråkstileignarar av norsk.
Ser ein til Sverige, konkluderer ein også der med at inversjonsavvik er eit problem for andrespråkstileignarar av svensk. Bolander slår fast at inversjonsregelen i svensk "…is a grammatical rule that is hard to acquire when learning Swedish as a second language."
(Bolander, 1990: 287). Philipsson skriv at "Ett särskilt kännetecken för svenska och de övriga germanska språken – engelska undantaget – är att de är vad som ofta i den internationella litteraturen kallas för V2-språk. Denna term syftar på ett syntaktiskt fenomen som många andraspråksinnlärare har svårt att tillägna sig." (2004: 129). Også den danske forskaren Karen Lund (1997) slår fast at inversjon utgjer ei læringsutfordring for tileignarar av dansk som andrespråk. Lund nemner inversjon i deklarative setningar som særleg vanskeleg, og som eit syntaktisk trekk som er verre å få bukt med enn andre markerte, syntaktiske trekk, slik som t.d.
spørsmålsinversjon eller plasseringa av negasjonen i heilsetningar versus i leddsetningar. Fleire tyske undersøkingar stør også vurderinga av inversjon som eit språkdidaktisk problem, den mest siterte av dei tyske, er ZISAF6F-prosjektet (Clahsen, Meisel og Pienemann 1983).
Den faglege vurderingaavinversjonstileigninger altså eintydig enteneinles norsk eller utanlandsk faglitteratur: inversjon er ei læringsutfordring for mange tileignarar av norsk og andre germanske V2-språk.
5 Originalen: Brautaset, Anne 1994: Inversjon i norsk mellomspråk. Hovudoppgåve, Universitetet i Tromsø.
6 Zweitspracherwerb Italienischer und Spanischer Arbeiter
1.4 Forsking på folkelege oppfatningar av mellomspråk
Korleis er så det folkelege synet på inversjon i norsk mellomspråk? Oppfattar den vanlege norske språkbrukar inversjonsavvik som eit trekk ved norsk mellomspråk?
Når me som innfødde talar med utlendingar, hender det at me nyttar enkle språklege ytringar, ytringar som viser strukturelt samsvar med ytringane som blir nytta av andrespråkstileignarane sjølve. Fenomenet kallast gjerne foreigner talk. Bergreen og Tenfjord slår fast at ugrammatisk foreigner talk syner den innfødde si oppfatning av samtalepartnaren si forståing (Berggreen og Tenfjord, 1999: 142). Hammarberg brukar omgrepet anpassat tal og forklarer dette slik:
"Genom olika språkliga förenklingar, expansioner, omformuleringar, artikulatoriska och
prosodiska förtydliganden etc. söker målspråkstalaren annpassa sitt tal så att det utgör begriplig input för inläraren." (Hammarberg, 2004: 62).
Enkelte forskarar har kome med framlegg til analyse av fenomenet foreigner talk og prøvd å visa korleis folk endrar språket sitt ved tale til andrespråksbrukarar. Jörg Roche (2001: 92) skriv at
"Wie wir mit anderen sprechen, die unsere Sprache nicht gut sprechen oder verstehen, oder von denen wir annehmen, daß sie unsere Sprache nicht gut sprechen oder verstehen, unterscheidet sich von unserer normalen Sprache." Rocheset så opp ei liste over morfologiske og syntaktiske trekk som han meiner det er brei semje i fagmiljøet om at karakteriserer tale frå innfødd til innvandrar. Underinversjon er nemnt som eitt av dei syntaktiske trekka. Han skriv at "Allgemein wird angenommen, daß die veränderte Eingabe folgende Merkmale enthält:"
• morphologische und syntaktische Merkmale
kürzere Äußerungen (weniger Wörter pro Äußerung)
größere regelhaftigkeit/stärkere Verwendung der Standardwortstellung koordinierende Strukturen werden subordinierenden vorgezogen
weniger Inversion
Tendenz zur Beibehaltung optionaler Elemente
deutlichere und analytische Markierung grammatischer Beziehungen mehr korrekte Äußerungen/weniger Abbrüche etc.
mehr Fragen, besonders ja/nein-Fragen
mehr Verben im Präsens/weniger in anderen Tempora Auslassung von Endungen
Auslassung von Wörtern
Roche hevdar at dei ugrammatiske draga ved foreigner talkF7F fortel mykje om kva vanlege folk oppfattar som mellomspråk, og han refererer mellom andre ei tysk undersøking, som gjekk ut på å la 6 utanlandske arbeidarar og studentar med nokså ulik kompetanse i målspråket tysk venda seg til ulike kvitevarehandlarar for å skaffa informasjon om forskjellige typar vaskemaskinar. Alle informantane hadde på førehand blitt instruert i kva dei skulle spørja seljarane om. Resultatet blei som venta slik at seljarane tilpassa språket sitt til det dei må ha oppfatta som andrespråks-
brukarane sitt nivå, og litt uventa var tilpassingane nokså omfattande sjølv i samtale med dei av informantane som snakka tysk relativt bra (2001: 99-100).
At me tilpassar språket vårt i samtale med andrespråksbrukarar, slik undersøkingar tyder på at me gjer, sannsynleggjer at me har ei oppfatning av kva mellomspråk er, og av kva trekk som ofte førekjem i mellomspråk.Inorskmellomspråkerkanonisk leddrekkjefølgjeF8F eit slikt trekk. I alle fall er det slik, dersom me baserer oss på kva som er skrive om norsk mellomspråk og om andre mellomspråk der målspråket har inversjon, til dømes om tysk, jf. Roche ovanfor.
Lars Anders Kulbrandstad (2006) undersøkte folkelege haldningar til andrespråksprega norsk gjennom å intervjua ei gruppe ungdomsskuleelevar, både innfødde norske elevar og elevar med innvandrarbakgrunn. Elevane fekk høyra opptak av andrespråksbrukarar og blei deretter spurde kva dei meinte var typisk ved den norsken som blei snakka av utlendingane. Kulbrandstad kommenterer først opptaka sjølv og nemner brot på V2-regelen/manglande inversjon som eit av trekka ved andrespråkbrukarane sin norsk. Deretter refererer han elevane sine inntrykk, og også elevane hadde bite seg merke i ordstillingsavvika. Ein av elevane som sjølv har norsk som sitt andrespråk, Huong, kommenterer feilaktig at språket til den eine personen på opptaket er prega av ordstillingsfeil. "Han skifter på orda" seier Huong og gir eksempel på avvikande ordstilling.
Faktum er at akkurat den andrespråksbrukaren Huong her kommenterer, så godt som ikkje har ordstillingsavvik i det avspelte opptaket. Kulbrandstad meiner derfor at elevkommentaren snarare spring ut frå "et generelt bilde av innvandrerpreget norsk enn av det språket Huong nettopp har lyttet til" (2006: 111).
Inversjonsavvik ser med andre ord ut til å vera eit av dei språklege avvika som står sentralt i folks oppfatning av norsk mellomspråk. Inversjonsavvik, især underinversjon, er dessutan ein strategi som det viser seg at innfødde brukarar av V2-språk nyttar når dei talar til andrespråksbrukarar, sannsynlegvis i den tru at dei då blir betre forstått.
7 Roche: Xenolektale Kommunikation
8 Leddrekkjefølgje utan invertert leddstilling, noko som også inneber underinversjon: SVO og XSVO.
1.5 Fiktiv framstilling av inversjon i mellomspråk
Når ein regissør, ein forfattar eller ein omsetjar konstruerer mellomspråk, fortel det oss for det første kva denne regissøren, forfattaren eller omsetjaren oppfattar som vanlege strukturar i eit bestemt mellomspråk. Vidare blir desse strukturane formidla til tusenvis av sjåarar og lesarar, og er dermed med på å prega folks oppfatning av mellomspråk. Eg har lese mange romanar der innvandrarar inngår i handlinga, og det har vore eit interessant studium. I det som følgjer vil eg ta føre meg nokre av romanane eg har lese og forsøka å visa korleis forfattarar og omsetjarar
framsteller mellomspråk. Eg skal til slutt også kommentera framstellinga av mellomspråk i ein norsk spelefilm.
Både tyskspråkleg og engelskspråkleg litteratur har gode døme på mellomspråk i replikkane til innvandrarar som er med i handlinga. Frå tysk litteratur vil eg nemna dokumentarromanen "Ganz Unten" (1985) av Günther Walraff. Utkledd og sminka som den fattige tyrkaren Ali, reiser Walraff rundt i Vest-Tyskland på jakt etter jobb, og lesaren får grundig kjennskap til tyskarane si generelle haldning til innvandrarar, og til dei problema tyrkiske innvandrarar og jobbsøkjarar støytte på i Vest-Tyskland på 1980-talet. Hovudpersonen Ali, den tyrkiske framandarbeidaren i Walraffs eigen skapnad, blir av forfattaren framstelt med eit truverdig tysk mellomspråk, prega av utelatingar, kasusfeil, feil bøying av verb, feil plassering av adverbial, inversjonsfeil m.fl. Den norske omsetjaren av boka, Ola Johnsrud, har i den norske versjonen "Aller nederst" (1986), vore trufast mot originalen og gjengitt hovudpersonens språklege normbrot til det som norske lesarar vil oppfatta som norsk mellomspråk. Inversjonsfeila er direkte omsette frå tysk til norsk, naturleg nok, ettersom tysk har ein norsklik inversjonsregel, og ein inversjonsfeil i tysk vil sjå lik ut i norsk også. Her er nokre døme på inversjonsfeil frå boka:
Ganz Unten Aller nederst
S. 32: "...und jetzt ich warten." S. 29: "...og nå jeg vente."
S. 62: "Und was ich muß tun, damit ich bei bin? S. 54: "Oghva jegmågjøreforåkomme med?»
Men også på stader der Ali gjer syntaktiske feil som ikkje lar seg overføra til norsk syntaks, f.eks.
der han bommar på kasus, eller unngår åsetjaverbet tilsluttileddsetningar, løyser omsetjaren dette ved at Ali i staden underinverterer på norsk:
Her ser me at det finitte verbet er feil plassert i den tyske leddsetninga, men at omsetjaren finn det naturleg at andrespråksbrukaren plasserer dette verbet korrekt på norsk. I staden lar han Ali underinvertera i heilsetningsdelen. I den tyske versjonen inverterer Ali rett; werde ich. Også fleire andre stader vel omsetjaren å bruka underinversjon som karakteristikk på Alis norske mellomspråk, sjølv om Ali inverterer korrekt i dei tyske mellomspråksreplikkane som omsetjinga byggjer på.
Av engelskspråkleg litteratur eg har lese, vil eg gjerne komma nærare inn på språket i "a Short History of Tractors in Ukrainian" av Marina Lewycka (2005), til norsk ved Eva Storsveen og Kyrre Haugen Bakke (2006). Dette er ein svært morosam roman, tragikomisk er kanskje rettare, om ein 84 år gammal pensjonert ingeniør, som kort tid etter at kona hans døyr av alderdom, hentar seg ny kone frå Ukraina, Valentina heiter ho, og er 36 år. Dei to døtrene til den gamle, begge i byrjinga av 60-åra, er fortvila over det heile, og kjem nokså tidleg i eit fiendeforhold til den unge stemora, som har bein i nasenog klare mål i livet:opphaldsløyve,britisk pass, moderne hus og "prestijeskij auto", som ho kallar dei dyraste bilane. Forfattaren, som sjølv er ukrainsk, men oppvaksen i England, framsteller mellomspråket til Valentina på ein framifrå truverdig måte, med utelating av bestemt artikkel, utelating av kopula, og ei rekkje setningar utan subjekt.
Alle desse feiltypane lar seg føra tilbake til det ukrainske morsmålet. Ukrainsk språk manglar kategorien bestemtheit, det utelet kopulaverb og det har mange subjektlause setningar (Śpiwak, 1996).
Her er eit lite utval av dei replikkane der Valentina underinverterer i den norske versjonen (mi kursivering):
Engelsk originalutgåve (paperbackutgåva) Norsk omsetjing (hardcoverutgåva) s. 98: "Why you want to talk?" s. 81: "Hvorfor du vil snakke?"
s.117: "Now you go crying to daughter!" s. 96: "Nå du kan gråte til datter!"
s.233: "Soon you will be dead, Mr. Clever Engineer." s. 189: "Snart du er død, Mr. Smart Ingeniør"
s. 233: "Already you look like corpse – s. 189: "Du ligner allerede lik – soon you will be." snart du blir det."
Som vist er det særleg utelatingar som pregar det engelske mellomspråket til Valentina, mens underinversjon pregar det norske mellomspråket hennar. På side 233/189 ser me dessutan eit døme på at Valentina uttrykkjer seg rett på engelsk, medan ho underinverterer i den norske omsetjinga.
Av romanar som tematiserer kulturkollisjon og det å leva med fleirkulturell identitet, vil eg nemna Monika Alis roman "Brick Lane" (2003), til norsk ved Kari og Kjell Risvik i 2004, og Zadie Smiths roman "White Teeth" (2000), omsett til norsk av Torleif Sjøgren-Erichsen i 2001.
Også i desse romanane velomsetjaraneåfarga andrespråksbrukarane sitt norske mellomspråk med underinversjon, sjølv om det ikkje alltid føreligg inversjonsfeil i originalreplikkane.
Her er nokre døme på det:
Monica Ali: Brick Lane.
Originalutgåva, side 258: - Where does Tariq go? Razia shrugged.
Norsk utgåve, side 300: - Hvor Tariq går hen? Razia trakk på skuldrene.
Zadie Smith: White Teeth.
Originalutgåva Omsetjinga
S. 43: "Oh bwoy, I heard everyting now…" S. 48: "Nei, nå jeg ha hørt alt…"
S. 95: "What you say, mister? squeaked the boy. S. 94: "Hva du si, mister?" pep gutten.
S.110: " What we have to do with?…" S. 107: "Hva vi gjør med det?…"
Dersom me ser til svensk skjønnlitteratur over det same temaet, vil eg først nemna Marjaneh Bakthiaris roman "Kalla det vad fan du vill" (2005), til norsk ved Andreas E. Østby, (2006). Med unntak av hovudpersonen, Bahar, ei jente som er vaksen opp i Sverige, snakkar innvandrarane som inngår i persongalleriet mellomspråk. Også i denne romanen finn me inversjonsavvik i dialogane.
Den mest gjennomførte andrespråksromanen er likevel "Ett öga rött" (2003) av svensk-
tunisiaren Jonas Hassen Khemiri, til norsk ved Andreas E. Østby "Et øye rødt" (2005). Dette er ein underhaldningsroman som selde i over 150 000 eksemplar i Sverige. Det spesielle med denne teksten er at ikkje berre dialogane, men også forteljarstemma er på mellomspråk. Boka er ført i pennen på svensk mellomspråk, og omsett til eit like treffande norsk mellomspråk.
Romanen tar til på denne måten (eg siterer frå den norske omsetjinga):
I dag det var siste sommerferiedag og derfor jeg hjalp pappa i butikken.
Først vi fylte butikkvinduet og klistret tilbudsprislapper og så vi plukket nye varer.
På lageret det var fulleste kaoset med støvhauger og spindelvev på hjørnene.
Slik er dei tre først setningane av romanen, og slik held teksten fram. Det normbrotet som førekjem oftast hos forteljaren, og i dialogane, erinversjonsfeil,alletypaneav inversjonsfeil
Når det gjeld nyare norsk skjønnlitteratur, ein viktig port inn til det fleirkulturelle Norge for mange lesarar, finn ein også døme på forfattarar som tar mellomspråk på alvor. Av dei bøkene som er innkjøpt av Norsk Kulturråd dei siste åraF9F, vil eg nemna min eigen roman, Call girl-sjefen (2004), som handlar om norskamerikanaren Stanley Sandholmen, ein sosial avvikar som saman med tre utanlandske call girls (Stanley si nemning) startar tidenes første bordell på Karmøy. Den eine av desse høgst oppegåande og profesjonelle callgirlane har studert norsk i heimlandet, og eg prøveråframstellahennetruverdig, ikkjeberremedomsyntil karakteren hennar, men også som andrespråksbrukar, med eit truverdig norsk mellomspråk, der inversjon er eit av problemahostrir med.
Eit anna døme er Yan Friis` roman "Hanumans Maske" (2004), ein kriminalroman om den norske journalisten Carl som drar til Bangkok for å finna ut kva som skjedde med broren som døydde under mystiske omstende der nede. I denne romanen finn ein mellomspråk hos enkelte av
bipersonane. Også hos Friis står inversjonsfeil, i hovudsak underinversjon, sentralt i framstellinga av mellomspråk, f.eks. side 295: "Hvis han sier jeg må bli med ham til England, jeg sier nei." eller side 333: "- Hvorfor du drepe ham!" og på same sida: "Etterpå han gikk ut."
I eit vidare perspektiv er også skodespelarar ei gruppe som gjerne gjenspeglar det folkelege synet på norsk mellomspråk. I den romantiske komedien «United» (2003) spelar Henrik Mestad i birolla som Ivan, den ukrainske trenaren til fotballklubben FK Haugesund. Det er i alt 6 scener der Ivan er med. Det dreier seg om korte dialogar saman med filmen sin hovudperson, Kåre. Ivan
underinverterer i fem av dei seks scenene, t.d. i den 1. scena; Ivan til Kåre: «Korfor du står og kikkar meg på trynet?», «Kim du er agent for?» og «På frispark du har talent.». Derimot har Ivan grep om strukturen i setningar som kunne ha utløyst overinversjon, f.eks. etter interrogative
pronomen i avhengige spørjesetningar, t.d. i 1. scene, Ivan til Kåre: «Eg forstår godt kva du seier».
Elles legg ein merke til at Ivan har ein unorsk intonasjon, han kodevekslarF10F, utelet artiklar og bruker feil preposisjonar.
Dersom me summerer opp dette, ser me at folk flest, både lingvistar og ikkje-lingvistar, filologar og ikkje-filologar, har ei oppfatning av kva mellomspråk er, og ei oppfatning av at norsk
mellomspråk har mykje underinversjon, i tillegg til andre avvik frå målspråket.
9
HU http://www.kulturrad.no/sitefiles/1/Litteratur/innkjoptprosa/Innkjoptprosavoksne2004.pdfU
10 Han overfører ord direkte frå morsmålet til det norske mellomspråket sitt.
1.6 Problemstilling og mål for undersøkinga
I desse tider då grensene mellom land og nasjonar blir viska meir og meir ut, og folk flyttar over landegrenser for å finna jobb i større grad enn tidlegare i vår tid, er det også viktigare enn før at moderne norsk blir studert i kontrast til andre levande språk og at andrespråksperspektivet inngår som ein del av norskfaget. Både for nordmenn som buset seg i utlandet og for utlendingar som ønskjer å bu og jobba i Norge, er det heva over tvil at det er ein føremonn å læra majoritetsspråket.
Det vil elles kunna bli vanskeleg å fungera i det nye landet, særleg fordi utviklinga i vår del av Europa har ført til at ein i mange yrke ikkje berre må kunna kommunisera munnleg i samarbeid med andre på ein arbeidsplass, men også dokumentera skriftleg mykje av det arbeidet ein utfører.
To av dei største gruppene av arbeidsinnvandrarar til Norge dei seinare åra har vore personar med polsk og tysk som morsmål, noko særleg grunnskolane har merka i form av eit auka tal elevar med desse morsmåla, og på bedriftsinterne kurs i norsk for utanlandske arbeidarar er desse morsmåls- gruppene nesten alltid representerte. Dette igjen aktualiserer spørsmål relaterte til tyskarar og polakkar si norsktileigning. Møter tysktalande og polsktalande tileignarar dei same utfordringane i høve til norsk språk? Er t.d. norsk syntaks like komplisert for ein tyskar som for ein polakk? Kan morsmålbakgrunnen ha noko å seia for tempoet i innlæringa og for kor normrett tileignaren til slutt blir?
I denne avhandlinga vil eg sjå nærare på og prøva å gi svar på korleis tileignarar med polsk og tysk som morsmål meistrar norsk syntaks, nærare bestemt den norske inversjonsregelen. Gjennom ein typologisk basertF11F og komparativ analyse av inversjonsfeil i norskstilar skrivne av polske og tyske tileignarar, vil eg prøva å finna ut kva morsmålet kan ha å seia for meistringaavV2-
prinsippetiinformantane sittnorskemellomspråk. Eg vil undersøkja om det er nokon signifikant forskjellmellom dei polske og dei tyske informantanenårdetgjeldretteoggale inversjons- strukturar i norsk skriftleg på mellom- og høgare nivå.
Ettersom inversjon er eit markert trekkF12F i målspråket norsk, kan ein gå ut frå at inversjonsregelen er vanskeleg å tileigna seg og få automatisert: Jf. t.d. Philipsson (2004: 141) : "Att en struktur är typologiskt markerad innebär enligt markeringsteorin i korthet att den har en inneboende
komplexitet, vilket gör den svår att använda eller tillägna sig."
Med dette som utgangspunkt og med fokus på målspråket, der endefram ordstilling, SVO, er den umarkerte, og dermed den vanlegaste ordstillinga, må ein kunna gå ut frå at ein del av
informantane vil komma til å bomma på setningsoppbygginga i dei tilfella der inversjon, og dermed ikkje-endefram ordstilling, (X)VSO, er påkravd. Spørsmålet er om inversjon i norsk er like vanskeleg for tileignarar med morsmål som har eit norsklikt V2-prinsipp, slik som tysk, nederlandsk, afrikaans, islandsk, frisisk og færøysk, eller om morsmålet her er til støtte for performansen av mellomspråket. Det er ikkje uvanleg å leggja vekt på "det kjendes rolle" når ein forskar på andrespråkslæring. Jörg Roche (2001: 39) skriv om "Die Rolle des Bekannten beim Verstehen und Denken":
Wie wir die Welt um uns herum verstehen, ist zum großen Teil von unserem bereits erworbenen Wissen über die Welt abhängig.
Denne utsegna set han så i samband med omgrepa positiv og negativ transfer og hevdar at det som i målspråket er kjent frå tileignarens "Ausgangssprache", lettar språktileigninga, medan det som er ukjent, er til hinder for tileigninga, (2001: 40). Utfrå resonnementet til Roche, vil følgjeleg det norsklike V2-prinsippet i tysk letta tileigninga av inversjon i norsk, dersom morsmålet er tysk, mens det polske språket sitt fråvær av ein norsklik inversjonsregel, vil bli eit hinder for polske norsktileignarar.
Svein Mønnesland skriv om forholdet mellom norsk og det sørslaviske språket serbokroatiskF13Fat
"Hvis et adverb eller spørreord kommer først i setningen i norsk, får vi omvendt ordstilling, med verbet på 2. plass og subjektet like etter verbet. I serbokroatisk kan både adverb og subjekt komme foran predikatet […] Etter mønster av sitt eget språk kan serbokroatisk-talende derfor si:
UI fjor far var i Norge,U UHva Per gjør?,U UHva har sett Per?".U
Mønnesland peiker også på kontrasten mellom spørjepartikkel i serbokroatisk og inversjon i norskF14F, og konkluderer med at "I det hele tatt må serbokroatisk-talende lære at i stedet for spørrepartikler bruker norsk fast omvendt ordstilling for å danne spørsmål" (1980: 21). Det interessante då er om tileignarar med slaviske morsmål gjer inversjonsfeil "Etter mønster av sitt eget språk" som Mønnesland hevdar, eller om det snarare er slik at det er det språktypologisk markerte trekket inversjon i målspråket norsk som er årsaka, og at derfor også til dømes tyskarar gjer inversjonsfeil, og gjer tyskarane det, kan dei umogleg gjeradetettermønsterfrå morsmålet.
13 Serbokroatisk er strukturelt nært i slekt med polsk. Etter oppløysinga av Jugoslavia omtalar ein dette språket, av nasjonale omsyn, oftast som serbisk/bosnisk/kroatisk.
14 Denne kontrasten er identisk med den mellom polsk og norsk.
No er det heller ikkje slik at det er fordelinga av polske og tyske informantar som gjer inversjonsfeil, eller fordelinga av inversjonsfeil mellom informantgruppene aleine som fortel sanninga om kor godt ei informantgruppe rår over den norske inversjonsregelen. Eg må ta høgde for at materialet mitt kan innehalda såvel avvik frå inversjonsregelen som unngåing av han.
Utgangspunktet mitt er at dersom ein grammatisk kategori i målspråket er kjent i morsmålet til tileignaren, har det ein positiv verknad på performansen av mellomspråket. Polsk manglar ein inversjonsregel lik den norske, mens tysk er eit av få språk som har ein norsklik inversjonsregel.
Det overordna spørsmålet vil eg formulera slik:
Fører den norsklike inversjonsregelen i tysk til at tyskarar tileignar seg inversjon i norsk skriftleg tidlegare og blir meir normrette enn polakkar, som manglareitnorskliktV2-prinsippi morsmålet?
Dette reiser følgjande problemstillingar:
1. Produserer dei tyske informantgruppene signifikant fleire deklarative setningar med inversjonsstruktur i norsk skriftleg enn dei polske informantgruppene?
2. Er det blant informantane signifikant færre tyskarar enn polakkar som har inversjonsavvik i norsk skriftleg?
3. Har dei tyske informantgruppene signifikant færre inversjonsavvik i norsk skriftleg enn dei polske informantgruppene?
4. Har ei eller fleire av informantgruppene Utileigna segU inversjon i norsk skriftleg?
5. Produserer ei eller fleire av informantgruppene så få inversjonsstrukturar i norsk skriftleg at det er tale om UunngåingU av setningstypen?
1.7 Metodisk tilnærming
Tverrsnittundersøking versus longitudinell undersøking
Det er vanleg å skilja mellom to hovudtypar av empiriske andrespråksstudiar, nemleg tverrsnitt- undersøkingar og longitudinelle undersøkingar. Ved tverrsnittundersøkingar undersøkjer ein mellomspråket til ei større gruppe informantar på eit bestemt tidspunkt, og ein talar då også om synkrone studiar. I longitudinelle undersøkingar derimot blir utviklinga av mellomspråket
analysert ved å samla inn data på ulike tidspunkt i ei tileigningsløype. Altså ein diakron studie. Då ligg fokuset på utviklinga til informantane, og ein nøyersegoftemedeitmindreutvalav
informantarsomeinstudereroverlengre tid.
Ved longitudinelle undersøkingar må altså forskaren følgja informantane sine i lang tid, ofte over fleire år. Dersom ein har lite tid til disposisjon, kan ein likevel få fram eit longitudinelt perspektiv, f.eks. gjennom å gjera tverrsnittundersøkingar av informantgrupper som står på ulike trinn i eit utdanningsløp. Undersøkinga mi kan få fram eit longitudinelt perspektiv.
Talet på informantar ved måling av signifikans
Ekspertar på forskingsmetode rår gjerne til å nytta frå 30 informantar når ein vil bruka SPSS, MiniTabellerliknandeferdigprogramvare til å måla signifikansen av resultata i tilfeldige utval frå populasjonar der ein ikkje kan rekna med normalfordeling. Eit av dei grunnleggjande resultata av statistisk teori;sentralgrenseteoremet, seier at frekvensfordelinga av gjennomsnitta i gjentatte tilfeldige utval av ein gitt storleik n har ein tendens til å nærma seg normalfordelinga etter kvart som n aukar, same kva form frekvensfordelingaharidenopphavlegepopulasjonenav
enkeltobservasjonar. Tilnærminga til normalfordelinga blir altså større di størreutvaleter,men 30 individ blir rekna som tilstrekkjelegnåreinvilat sentralgrenseteoremet skal gjelda (Wiggen 1992, 1: 100-101).
Undersøkinga mi er ei tverrsnittundersøking av to informantgrupper (30 tyskarar og 30 polakkar) – på to nivå (mellomnivå og høgare nivå). Til saman blir dette 120 informantar, som eg hentar frå Norsk Andrespråkskorpus, AskF15F. Alle inversjonsfeila som kandidatane har gjort skal vera
markerte i tekstane, og ved å søkja på morsmål og feiltype, vil ein få opp tekstane skrivne av kandidatar med dette morsmålet, og feiltypen ein har søkt på skal vera markert i tekstane.
15
HUhttp://decentius.aksis.uib.no/corpus/ask.xmlU
Kvantitativ versus kvalitativ metode
I andrespråksforsking, som i annan utdanningsforsking, skil ein mellom kvantitativ og kvalitativ metode. Sjølv om ein ikkje alltid kan trekkja skarpe skilje mellom desse to tilnærmingsmåtane, kan ein setja opp følgjande kjenneteikn på kvantitativ versus kvalitativ metode:
Kvantitativ Kvalitativ
Analyse Statistisk analyse av numeriske data Deskriptiv tolking
Design Forskingsdesign i førekant av studien Forskingsdesign blir til under Strengt kontrollert setting studien. Naturleg setting.
Siktemål Forklara samanhengar mellom variablar, Forstå sosiale fenomen.
årsaker og effektar
Tilnærming Deduktiv m/hypotesetesting Induktiv m/teorigenerering Utval Stort og tilfeldig Kan bestå av eit mindre tal
informantar (ofte styrt utval i kasusstudium).
Verktøy Standardiserte instrument Interaksjon ansikt til ansikt (Frå Ary m.fl. 2002: 23).
Prinsipielt kan ein seia at hovudmålet med kvantitativ forsking er å setja opp ein hypotese i førekant av ein studie, og deretter gjennomføra studien med det siktemålet at hypotesen skal testast. Ein av dei klassiske modellane som søkjer å forklara logikken innan kvantitativ forskingsmetodikk, ser slik ut:
(Frå Edmondson og House, 2000: 32)
Kvantitativ forsking er basert på data som kan teljast, og ein tilnærmar seg materialet med eit analytisk perspektiv og deduktive føremål. Ved deduktive tilnærmingar avleier ein altså
forskingsspørsmåla frå teoriar og tidlegare forsking. Men forsking i praksis har ofte element frå både induksjon og deduksjon. Ein kan til dømes starta med ein hypotese avleia frå teori
(deduksjon), medan empiriske funn godt kan gi innsikt som leier til formulering av nye hypotesar
Eit viktig krav innan naturvitskapane er at ei kvantitativ basert undersøking skal kunna gjentakast og føra til det same resultatet som første gongen undersøkinga blei gjort. Innan forsking omkring andrespråkslæring og andre vitskapsgreiner der mellommenneskelege forhold blir studert, kan ein ikkje stelle dei same krava til nøyaktig same resultat ved gjentaking som i naturvitskaplege forskingsgreiner. Dette fordi menneske er forskjellige frå kvarandre og det same individet
vanskeleg vil kunna utføra eit eksperiment identisk frå gong til gong. Vidare er det heller ikkje gitt at to nøye utplukka individ med omsyn til læringsforutsetnader presterer eller responderer likt på den same oppgåva. Likevel er det vanleg, også innan andrespråkslæring, å bruka kvantitativ metode, gjerne i kombinasjon med kvalitativ metode.
I kvalitativ forsking byrjar ein ikkje med å stella opp ei problemstilling eller ein hypotese med tanke på å testa denne, i staden blir det gjerne sett opp ei førebels problemstilling, og denne vil kunna omformast undervegs i studien, etter kvart som data blir samla inn. Hypotesen blir slik sett danna undervegs i studien. I staden for å fokusera på variablar og samanhengen mellom desse, slik kvantitativt orienterte forskarar gjer, set kvalitativt orienterte forskarar heilskapen i sentrum:
"Qualitative researchers seek to understand a phenomenon by focusing on the total picture rather then breaking it down into variables" skriv Ary mfl. (2002: 25).
Det typiske for kvalitative metodar eller framgangsmåtar, er at heile forskingsprosessen, eller kvar fase i forskingsprosessen, er prega av kvalitativ tenking, i den forstand at ein formulerer
tenkemåtar og utsegn i ord, og sjeldan numerisk. Ein kvalitativ metode er ein induktiv strategi som er datastyrt, i den forstand at empiriske data ein kjem opp med undervegs i prosessen, kan gi innsikt og leia til formulering av nye spørsmål og tema. Forskaren reflekterer over teoretiske spørsmålsstillingar gjennom heile forskingsprosessen. Vidare er den kvalitativt orienterte forskaren gjerne meir interessert i å gå inn i og drøfta eller tolka ei bestemt hending eller visse typar hendingar, snarare enn å finna ut kor ofte ulike typar hendingar førekjem. Det dreier seg om å oppfatta eit mønster i det mangfaldet av sanseinntrykk forskaren mottar. Utvalet av informantar treng ikkje vera stort.
Dersom ein skal trekkja ei teoretisk samanlikning, kan ein gjerne seia at kvalitativ metode er holistisk og induktiv, athypotesarblirtiletterkvart,altsåein"Bottom-up"-metode,imotsetnadtil kvantitativ metode som er analytisk og deduktiv, ein "Top-down"-metode, der ein trekkjer slutningar frå det allmenne til det spesifikke. Men det betyr ikkje at kvantitativ og kvalitativ metode er dikotome, og dei kan både kombinerast og utfylla kvarandre. Grønmo (1996: 74) skriv følgjande om dei to forskingsmetodane:
I praksis vil mange kvalitative forskningsopplegg også ha innslag av kvantitative elementer.
Omvendt vil kvantitative analyser også berøre kvalitative forhold i større eller mindre grad.
Grønmo(1996: 98) legg til at "Mange av svakhetene ved kvantitative data oppveies i stor grad av de sterkesidenevedkvalitative data,ogomvendt.", oghan brukeromgrepet metodetriangulering om det å kombinera kvalitative data med kvantitative data for å undersøkja same problemstillinga.
Atkinson og Hammersley (1996) foreslår tre måtar forskarar kan kombinera dei to metodane på:
(1) Ein kan bruka den eine til å prøva resultata frå den andre.
(2) Ein kan bruka den eine som eit grunnarbeid for den andre.
(3) Ein kan bruka dei komplementært for å få fram ulike aspekt ved den same problemstillinga.
I undersøkinga mi fell det naturleg å ta utgangspunkt i kvantitativ tilnærmingsmåte når eg vil finna ut om dei tyske informantgruppene produserer signifikant fleire inversjonsstrukturar enn dei polske informantgruppene, og når eg vil finna ut om det er signifikant færre tyskarar enn polakkar som har inversjonsfeil i norsk skriftleg, og vidare når eg vil finna ut om dei tyske
informantgruppene har signifikant færre inversjonsavvik i norsk skriftleg enn dei polske informantgruppene. Men innan andrespråksforsking er det som vist ovanfor ikkje alltid føremålstenleg å trekkja skarpe skilje mellom kvantitativ og kvalitativ tilnærmingsmåte, og i enkelte delar av denne mastergradsavhandlinga, t.d. der eg vurderer om informantgruppene unngår inversjonsstrukturar eller om dei har tileigna seg inversjon i norsk, og i kva grad ein kan relatera eventuelle skilnader mellom informantgruppene til morsmåla tysk og polsk, vil
tilnærminga måtta bli hovudsakleg kvalitativ. Eg vil altså bruka dei to tilnærmingsmåtane
komplementært i den same undersøkinga for å få fram ulike aspekt ved det overordna spørsmålet, jf. (3) hos Atkinson og Hammersley ovanfor.
1.8 Materialet
Materialet er henta frå Norsk Andrespråkskorpus, ASK, som er eit elektronisk korpus der ein finn stilar (svar på langsvaroppgåver) frå Språkprøven i norsk for fremmedspråklige voksne - mellomnivå og stilar (svar på langsvaroppgåver) frå Test i norsk – høyere nivå. Desse
nemningane er i seinare tid blitt endra i tråd med det europeiske rammeverket (sjå nedanfor).
Testane er utarbeidd av Norsk språktest ved universitetet i Bergen. Informantutvalet mitt består av testkandidatar frå åra 2003 og 2004. Nyare oppgåvesvar er ikkje lagt inn i ASK. I ASK er alle originaltekstane blitt transkriberte og lagde inn med personlege variablar. Alle avvikande
strukturar er kategorisert med ein feilkode som i tillegg til å opplyse om type avvik, også har forslag til korreksjon. Alle ord er registrerte med ordklasse og grammatisk funksjon.
Eg vil i det som følgjer referera til dei ovannemnde testane ved å bruka nemningane
mellomnivåtesten og testen på høgare nivå. Testane er offisielle og blir arrangerte tre gonger i året i ei rekkje norske byar, og i utlandet etter behov. Oppgåvene til testane er i all hovudsak basert på autentisk materiale. Den delen av testane som er gjenstand for mi undersøking – fri skriftleg produksjon – skal teste kor gode kandidatane er til å argumentere for eit syn og å grunngi synspunkt i høve til gitte problemstillingar. God praktisk-lingvistisk dugleik og
kjennskap til norske samfunnstilhøve er ein forutsetnad for å oppnå gode resultat på denne delen.
Det er mogleg å karakterisera desse to nivåa ytterlegare ved å plassera dei i ein modell utvikla av Europarådet, Det europeiske rammeverketF16F, nivåinndelinga er henta frå heimesida til
Europarådet.
A B C
Basic User Independent User Proficient User A1 A2 B1 B2 C1 C2
(Breakthrough) (Waystage) (Treshold) (Vantage) (Effective (Mastery) Operational Proficiency)
16
HUhttp://ilsegnalibro.com/corsi/griglia_norvegese.pdfU
Dersom eg skal plassera informantane mine inn i dette rammeverket, vil mellomnivåtesten svara til nivå B1 (Treshold), medan testen på høgare nivå vil svara til nivå B2 (Vantage).F17F På B1- nivået heiter det at tileignaren skal kunna produsera enkle, samanhengande tekstar. På B2-nivået heiter det at tileignaren skal kunna produsera komplekse, detaljerte og klare tekstar, og vera dugande til å argumentera for og imot ei sak. For ei grundigare omtale av alle dei seks nivåa innan dette rammeverket, sjå Næss, 2006: 41 f.
Kandidatane til mellomnivåtesten har varierande bakgrunn, men ein minste tilrådd bakgrunn for å melda seg opp til denne testen er at ein har gjennomført vaksenopplæringa sitt
innføringsprogram for innvandrarar, altså den statleg finansierte grunnopplæringa i norsk, eller at ein har kunnskapar og språkleg dugleik som svarar til dette nivået.F18F Mellomnivåtesten er eit tilrådd grunnlag for fagarbeidarar og andre som skal delta i yrkeslivet, og han er ein terskel for kandidatar som ønskjer å kvalifisera seg for testen på høgare nivå. Det er altså ei nokså
heterogen gruppe som tar testen. Mellomnivåtesten inneheld delane leseforståing, lytteforståing, skriftleg produksjon (langsvaroppgåve) og i tillegg munnleg prøve med bilde og tekst. Det er den skriftlege produksjonen (langsvaroppgåva) som eg skal undersøkja med omsyn til informantane sin inversjonsperformanse. Langsvaroppgåva skal vera på om lag 200 ord. Langsvaroppgåva utgjer den største enkeltdelen av testen.
Kandidatane til testen på høgare nivå har ofte fleire års butid i Norge, og mange av dei har eksamen frå universitet eller høgskole i heimlandet. Eg vil tru at medan dei fleste informantane til testen på mellomnivå har eit relativt enkelt språk med relativt mange avvik frå målspråks- normene, vil dei fleste av informantane frå testen på høgare nivå ha eit skriftspråk som ligg mykje nærare målspråksnormene. Dersom ein les langsvar skrivne til testen på høgare nivå, vil ein finna relativt få grammatiske feil og ei relativt god tekstbinding hos dei fleste som består testen. Deieksplisittetekstbindingsmekanismane, kohesjonsmidla, er som regel godt varierte.
Det er ikkje uvanleg med additive koplingsord som "dessutan" og "vidare", og adversativar som
"derimot", "på den andre sida" og "sett frå ein annan synsvinkel" m.fl. Den viktigaste årsaka til at andrespråket til denne kandidatgruppa er såpass godt utvikla reint tekstgrammatisk, er nok at ein stor del av kandidatane på dette nivået har trening i å uttrykkja seg variertogpresist i både vilkårssamanhengar, motsetnader og andre logiske relasjonar. Det største problemet i høve til tekstgrammatikken kan sjå ut til å vera at ein del av innlærarane stundom gløymer å invertera etter dei ovannemnde uttrykka når dei står som adverbial i framfeltet.
Karakterane kandidatane får, blir gitt i form av poeng. Skalaen går opp til 700 poeng.F19F. Poengskalaen er normert i høve til den vurderinga som blir brukt ved trinn 3-eksamen ved universiteta.
Poengsummen ein kandidat får, er det samla resultatet av testen sine 5 delar: leseforståing, lytteforståing (diktat), praktisk grammatikk, referat frå munnleg intervju og langsvaroppgåve.
Det er berre langsvaroppgåva, altså den frie skriftlege produksjonen, som blir gjenstand for denne undersøkinga. Til langsvaroppgåva blir det kravd eit svar på cirka 350 ord, til dette får kandidatane 120 minutt. Langsvaroppgåva utgjer den største enkeltdelen av testen.
Testen på høgare nivå måler ikkje fagspesifikt språk,mendeterlikeveleinoksåhomogen gruppe som tar testen. Reidun Oanes Andersen skriv at "Hensikten med prøven er altså å vurdere om studentene har et språkferdighetsnivå i norsk som andrespråk som gjør det mulig for dem å funksjonere tilfredsstillende i akademiske kontekster." (2002: 275). Mange av kandidatane til testen på høgare nivå er ferdig utdanna akademikarar med ein avslutta grad eller ei avslutta høgare fagutdanning frå heimlandet, men det er ikkje noko krav til akademisk bakgrunn for å ta testen. Den faglege bakgrunnen til kandidatane utgjer eit breitt spekter, og det vil derfor vera rettast å definera testen som ein ikkje-domenespesifikk test. Likevel er kandidatgruppa nokså kognitivt einsarta, og det vil vera rett å definera ho som ei gruppe der dei aller fleste enten har høgare utdanning, eller er/skal i gong med høgare utdanning. Testen på høgare nivå er godkjent av dei offentlege høgskulane og universiteta, av Helsedirektoratet og av andre statlege
verksemder.
19Kandidatane som er lagde inn i Ask har alle bestått testen på høgare nivå med 450 poeng eller meir.
2. MELLOM MORSMÅL OG MÅLSPRÅK
Eg har valt mellomspråksteorien som den overordna teorien for avhandlinga mi, og eg vil i det som følgjer gjera greie for denne teorien i lys av andre teoriar om andrespråkstileigning. Eg skal òg leggja fram nyare syn på kva rolle morsmålet spelar når ein skal tileigninga seg eit nytt språk.
2.1 Mellomspråksteorien
Det var Larry Selinker som i 1969 introduserte termen "interlanguage", som er direkte omsett til
"mellomspråk". Mellomspråksteorien (Selinker 1972) inneber eit paradigmeskifte innan
andrespråksforskinga, frå ein behavioristisk til ein kognitiv språklæringsteori. Behavioristane la hovudvekta på morsmålet til tileignaren. Dei såg på språklæring somvanedanning,ogmed hjelp av kontrastive analysar av morsmål og målspråk skulle ein kunna predikera kva som kom til å bli lett og kva som kom til å bli vanskeleg å læra for ulike morsmålsgrupper. Like strukturar mellom morsmål og målspråk ville følgjeleg ikkje skapa vanskar, medan ulike strukturar mellom morsmål og målspråk ville føra til feil i form av overføringar av morsmålsstrukturar til det nye språket ein tileigna seg. Denne hypotesen blir gjerne omtala som "kontrastiv analyse-hypotesen". Gjennom kontrastiv analyse skulle ein kunna predikera vanskar, og dermed hjelpa andrespråkslærarar til ei meir effektiv undervisning. No viste det seg etter kvart at hypotesen ikkje heldt mål. Empiriske undersøkingar kunne nemleg slå fast at prediksjonane ikkje alltid slo til som forventa. Ulike strukturar mellom morsmål og målspråk var ikkje alltid eit problem for ei gitt morsmålsgruppe som tileigna seg eit nytt språk, og sjølv om det blei gjort feil som kunne skrivast tilbake til morsmålet, blei det også gjort språkfeil der det var identiske strukturar mellom morsmålet til tileignaren og målspråket.
Medan kontrastiv analyse-hypotesen ser på morsmålet som årsaka til alt som blir gjort rett og gale i andrespråksperformansen, legg mellomspråksteorien fleire forklaringar enn innverknad frå morsmålet til grunn for avvikande språkproduksjon, og dessutan (og i motsetnad til tidlegare teoriar) har mellomspråksteorien eit sterkt fokus på det som andrespråksbrukaren meistrar.
Mellomspråksteorien har eit heilskapeleg fokus der tileignaren si hypotesedanning og
hypotesetesting står sentralt. Dette har som følgje at mellomspråk etter denne teorien kan vera både ustabile over tid og variable på gitte tidspunkt. Selinker (1974: 35) reknar med trekk frå fem prosessar som verkar aktivt under tileigninga av eit nytt språk:
I consider the following to be processes central to second language learning: first: language