• No results found

VURDERING FOR LÆRING MØRE OG ROMSDAL

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "VURDERING FOR LÆRING MØRE OG ROMSDAL"

Copied!
20
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

[Skriv inn tekst]

VURDERING FOR LÆRING MØRE OG ROMSDAL

Oppsummering av sluttrapportar – pulje 4

Bilde frå Larsgården skule, Ålesund

Seniorrådgjevar Annhild Lorentzen

(2)

1

(3)

2

Innhald

Vurdering for læring - Møre og Romsdal (pulje 4) ... 3

Fylkesmannen i Møre og Romsdal si rolle i satsinga Vurdering for læring ... 3

Oppsummering av sluttrapportar VFL Møre og Romsdal ... 6

Mål og måloppnåing ... 6

Organisering, roller og ansvar ... 8

Vurderingspraksis - Vurdering for læring ... 14

Lærande nettverk, kompetansebygging og erfaringsspreiing ... 16

Utfordringar ... 18

Råd frå deltakarane til Fylkesmannen og Utdanningsdirektoratet ... 19

(4)

3

Vurdering for læring - Møre og Romsdal (pulje 4)

Møre og Romsdal har deltatt i pulje 4 av satsinga Vurdering for læring. I alt deltok 21 av dei 36 kommunane i fylket. Av desse er 15 av kommunane organisert i to ulike nettverk. Under paraplyen til Sunnmøre regionråd kommunane Norddal, Stordal, Sykkylven, Stranda, Ørskog, Haram, Skodje, Sula, Giske og Sandøy med til saman 22 skular. På Nordmøre har 18 skular i kommunane Sunndal, Averøy, Tingvoll, Kristiansund og Surnadal danna Vurdering for læring - Nordmøre. Av dei andre kommunane i fylket deltok Molde og Midsund kommunar i ei felles satsing, Ørsta kommune, Ålesund kommune, Fræna kommune og Herøy kommune.

Det er også tre private skular som har deltatt: Molde Friskole, Bjørkedal Nærskule og Åmås Friskule.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal si rolle i satsinga Vurdering for læring

Vi har valt å starte oppsummeringa frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal med å gjere greie for vår rolle i satsinga. Dette gjer vi fordi vi ser organiseringa vi har valt i samband med arbeidet med Vurdering for læring ute i kommunane. Til slutt i oppsummeringa av

sluttrapportane frå deltakarane har vi lagt inn innspel frå oss. Som vi tidlegare har informert om har Fylkesmannen i Møre og Romsdal teke på seg ei koordinerande rolle i samband med at vi valte ei brei satsing på Vurdering for læring i fylket. Dette har vi gjort på to måtar:

gjennom å organisere og koordinere eit fylkesnettverk for ressurspersonar og skuleeigarar og gjennom å knytte til oss ekstern fagkompetanse på vurdering, som støtte til kommunane og ressurspersonane frå lokal UH-sektor .

Ekstern kompetanse frå lokal UH-sektor:

For å gje fagleg støtte/rettleiing til ressurspersonane valte vi å bruke av

Fylkesmannens eigne lønnsmidlar for å knyte til oss ekstern fagkompetanse frå Høgskulen i Volda v/ Dr. Siv Måseidvåg Gamlem. I tillegg til å rettleie, har ho lest planar og kome med presiseringar og råd til justeringar i dei ulike kommunane. I etterkant av undervegsrapporteringa har ho i tillegg gjeve skuleeigararar og

ressurspersonar råd om faglege justeringar. Gamlem har også hatt faglege innlegg på samlingane i fylkesnettverket for Vurdering for læring der ho har knytt praksis til

(5)

4 teori. Ho har også stilt som ekstern foredragshaldar på diverse samlingar ute i regionar og kommunar. Slike innlegg har kommunane sjølv stort sett dekt av eigne midlar.

Fylkesnettverk for alle deltakande kommunar: Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i alt arrangert fem fylkesnettverkssamlingar. Vi såg tidleg at med ei så brei satsing som vi la opp til (21 kommunar – 73 skular) var det viktig at vi la til rette for at informasjonen frå møta i Oslo nådde ut i den einskilde kommunen/ressurspersonen, sidan det var avgrensa kor mange (om lag 10 personar) som fekk møte på Udir sine samlingar for ressurspersonar. Heildagssamlingane på fylkesnivå har vore eit tilbod i etterkant av Udir sine samlingar i Oslo, og har hatt tre hovudformål:

1. Å vere eit lærande nettverk for erfaringsdeling for dei ti «hovudressurspersonane»

som møter på Utdanningsdirektoratet. Vi meiner at ein suksessfaktor for møta har vore at også skuleeigarnivået har blitt invitert. Mange av desse har difor fått god innsikt i satsinga både frå sentralt hald og i eigen og andre kommunar. Tiltaket har fått svært gode tilbakemeldingar frå deltakarane.

2. For ressurspersonar frå kommunar (regionane) som ikkje har deltatt på

Utdanningsdirektoratet sine samlingar. Fylkesamlingane er eit lærande nettverk for spreiing av tema og prinsipp som har vore oppe på møta på Udir. På denne måten får deltakarar på skular/kommunar som deltek i satsinga, men som ikkje har vore på samlingane i Oslo, eit høve til å tematisk «følje gangen i satsinga» og få faglige innspel. Ressurspersonar som har vore på Utdanningsdirektoratet sine samlingar har i tur og orden lagt fram tema frå samlingane, ofte med eit perspektiv frå eigen

skule/kommune. I tillegg har Siv Gamlem (HVO) kome med faglige innlegg relatert til dei fire ulike prinsippa. Tilbakemeldingane frå deltakarane på både

Utdanningsdirektoratet sine samlingar og fylkesnettverka har vore svært gode.

3. Å sjå satsinga på VFL i samband med andre satsingar. På møta har vi hatt eigne parallellar for ressurspersonar og skuleeigarar. På skuleeigar sine parallelløkter har vi i særleg grad hatt fokus på dialog om satsinga på vurdering sett i samanheng med andre satsingar, og i særleg grad ungdomstrinnssatsinga, der kompetanseutviklinga også er skulebasert og basert på lærande nettverk som arbeidsmetode. Tilbakemeldingane har

(6)

5 vore gode og vi har fått signal om at det opplevast nyttig både for skular og

kommunar.

Om lag 30 personar har deltatt på kvart av dei fem samlingane i fylkesnettverket (sjå vedlagte program for samlingane). I tillegg til tema frå VfL frå samlingane i Oslo har Fylkesmannen lagt opp til tema som har tematisk samanheng med Vurdering for læring som t.d. klage på standpunkt, nytt fellesnasjonalt tilsyn med elevane sitt utbytte av opplæringa,

ungdomstrinnssatsinga og tolkingsfellesskap i sluttvurderinga. Vi ser også at Fylkesmannen ved å vere så tett på, både gjennom deltaking på møta på nasjonalt nivå, gjennom deltaking i fylkesnettverket og gjennom samarbeidet med Siv M. Gamlem, har fått ei unik og nyttig innsikt i arbeidet med satsinga og framdrifta i arbeidet med vurdering ute i fylket.

Tilbakemeldingane på samlingane i Fylkesnettverket har vore svært positive og ser ut til å møte behovet for å drøfte problemstillingar, utfordringar og eventuelt identifisere behov for justeringar i arbeidet/tilnærming i eigen skule/kommune/region. Forumet er også vellukka med tanke på nettverksbygging i vidare forstand, og for deling og utveksling av erfaringar som gjeld skulebasert kompetanseutvikling. Ein region for PPT har også hatt ei

heildagssamling om tema VFL, der det vart gitt faglig bidrag om satsinga av Siv Gamlem (HVO) og orientering om satsinga av Annhild Lorentzen (Fylkesmannen).

Embetet har i tillegg til møta i fylkesnettverket hatt informasjonsmøte med PPT i ein region og for lærarar i vaksenopplæringa i Møre og Romsdal. Vi opplever at begge desse gruppene, og i særleg grad PPT, i varierande grad har blitt involvert ute i kommunar/skular. Vi ser at desse gruppene i større grad bør informerast og involverast i satsinga framover.

Nærare om Fylkesmannen i Møre og Romsdal si rolle

Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal si side vil vi peike på at vi ikkje har hatt noko rolle knytt til fagleg rettleiing av deltakarane i Vurdering for læring. Fylkesmannen si rolle har vore knytt til informasjon om roller og ansvar i satsinga, nettressursar, koordinering av møta og informasjon om andre statlege verkemiddel for å utvikle kvalitet i skulen. Vi opplever at vi har fått dra svært mange meiningsfulle linjer, - ikkje berre innan vurderingsfeltet. Vi nemner tema som vi har på nettverksmøta om klagehandsaming på standpunkt og FNT – Tilsyn med skulen sitt arbeid elevane sitt utbytte av opplæringa.

(7)

6 Dette er eksempel på at Fylkesmannen ser dei ulike statlege virkemidla: Klage, tilsyn, støtte og rettleiing, i samanheng. Vi ser det også som eit mål å hjelpe sektoren med å sjå

samanhengen mellom dei ulike statlege virkemidla for å utvikle enno betre kvalitet i skulen.

Vi ser tiltaka våre så strategisk rette at Fylkesnettverket pulje 4 vil bli vidareført og samkøyrt med pulje 5, det same gjeld Fylkesmannen sitt engasjement av Dr. Siv M. Gamlem (HVO).

Oppsummering av sluttrapportar VFL Møre og Romsdal

I den komande oppsummeringa frå Fylkesmannen gjev vi ein kortversjon av det som kjem fram i sluttrapporteringa frå kommunane. Vi viser til vedlagte rapportar for nærare

informasjon om måloppnåing, organisering, roller og ansvar, vurderingsspraksis og vurdering for læring, lærande nettverk og kompetansebygging m.m.

Mål og måloppnåing

Sunnmøre Regionråd – ti kommunar

Det store interkommunale nettverket på Nordre Sunnmøre rapporterer på fire felles mål som i høg grad heng saman med dei overordna måla i Vurdering for læring. I tillegg skriv dei i sluttrapporten at nokre skular har konkretisert dei interkommunale måla i delmål for å ha eit tydelegare fokus. Nordre Sunnmøre melder at mykje har kome på plass i høve dei fire måla som er sett opp, men at tilbakemeldingar tyder på at skulene vil arbeide vidare med

tilbakemeldingskultur, og særleg med elevinvolvering. Denne regionen med ti kommunar som har delt på midlar, vil delta vidare i pulje 5.

Vurdering for læring – Nordmøre- fem kommunar

Sluttrapporten frå dei fem kommunane i det interkommunale samarbeidet Vurdering for læring – Nordmøre, rapporterer i første rekkje på organistatoriske og faglege mål i den overordna regionale planen. Vi ser at måla i høg grad heng saman med dei overordna måla i Vurdering for læring. Sluttrapporten er grundig, og gjer godt greie for måloppnåinga på regionsnivå. På dei elleve ulike måla i den regionale planen meldast det om høg grad av måloppnåing på mange av punkta, medan det går fram lågare måloppnåing på nokre punkt.

(8)

7 Eitt mål går ut/har vorte justert: «Styringsgruppen skal gjennomføre

erfaringsspredningskonferanse». Dette er fordi dei resterande kommunane i regionen som denne erfaringsspreingskonferansen var meint for, deltek no i pulje 5.

Som vedlegg til den regionale sluttrapporten for Nordmøre ligg underlagsrapportering frå skulane som rapporterer på sine lokale fokusområder i satsinga. Vi ser det er variasjon i tilnærming og i graden av spissing av målformuleringar: Nokre har få, men svært konkrete mål, andre har fleire og noko meir abstrakte mål. Ein fellesnemnar i rapporteringa frå skulane er at dei alle har rapportert på sitt/sine mål/ fokusområder etter ein felles mal:

 «Dette har vi lykkes med/Synlige endringer i skolens vurderingspraksis»

 «Hvordan merker elevene denne endringen?»

 «Hvordan merker de foresatte denne endringen?»

 «Andre tegn på endring og utvikling på skolen?»

 «Hva har vært viktig for å oppnå disse endringene?»

 «Hvordan vil skolen arbeide videre med vurdering for læring?».

Måloppnåinga hjå desse skulane ser ut til å vere god. Denne regionen med fem kommunar som har delt på midlar, vil delta vidare i pulje 5 med dei fire siste kommunane i regionen.

Kommunar og private skular

Dei andre kommunane og dei private skulane i Møre og Romsdal som deltok i pulje 4

rapporterer også om god måloppnåing, og vidare, at arbeidet held fram i etterkant av satsinga.

Sjølv om det vert rapportert om godt arbeid med mål knytt til prinsippa for satsinga, - vurderingskultur og vurderingspraksis som har læring som mål, ser Fylkesmannen av

sluttrapporteringa at det skil seg ut ein tendens. Denne viser ei noko ulik grad av måloppnåing knytt til dei ulike prinsippa i satsinga. Det går fram av sluttrapportane at arbeidet med

læringsmål og kriterium har vore det mest konkrete og enklaste å kome eit steg vidare med, og at mål knytt til kommunikasjon i klasserommet, og særleg elevinvolvering er meir utfordrande.

Ein av kommunane har som resultatmål at dei i løpet av perioden 2013- 2019 skal vere over fylkessnittet på nasjonale prøver og eksamensresultat. Dei peiker på at det enno er noko tidleg å sjå etter, eller seie, om ein har nådd dette resultatmålet. Det må systematisk sjåast og tolkast

(9)

8 av skuleeigar og skulane over fleire år, noko som ligg inne i kommunen sitt heilskaplege system for kvalitetsvurdering. Kommunen rapporterer vidare om ein positiv effekt av skulane sitt arbeid med mål innanfor VFL. Kartlegging i starten av satsinga viste at skulane i

kommunen hadde særleg utviklingspotensiale i høve 3. og 4. prinsipp, og dei hadde difor dette som særleg fokusområde. Ei ny kartlegging hausten 2014 viser ei tydeleg betring av praksis, noko som dei også ser igjen i resultat frå elevundersøkinga som omhandlar vurdering for læring. Kommunen viser til svært gode tilbakemeldingar frå elevane i høve vurderingsarbeid samanlikna med nasjonalt nivå, noko dei meiner er med på å gje eit bilete av effekten av satsinga på vurdering.

Ein annen fellesnemnar i sluttrapporteringa under punktet mål, er at det på ulikt vis kjem fram at endring av praksis hos den einskilde lærar er haldningsarbeid som tek tid og at det vidare arbeidet med vurderingspraksis skal bidra til ein god og vedvarande vurderingskultur.

Oppsummering måloppnåing i Møre og Romsdal:

Sluttrapportane viser god måloppnåing og ein god effekt av satsinga både i regionane, kommunane og på dei private skulane. Vi ser at dei to store regionane (Sunnmøre Regionråd og Nordmøre) arbeider svært godt, men er begge store organisasjonar som treng meir tid.

Dette har vi sikra ved å vidareføre deltakinga til regionane inn i pulje 5. Vi ser også stor effekt etter FNT – Tilsyn med skulen sitt arbeid elevane sitt utbytte av opplæringa for dei skulane som vore med i VfL.

Organisering, roller og ansvar

Organisering, roller og ansvar - Nettverk 1: Sunnmøre regionråd

Under paraplyen til Sunnmøre regionråd har kommunane Norddal, Stordal, Sykkylven, Stranda, Ørskog, Haram, Skodje, Sula, Giske og Sandøy deltatt med til saman 25 skular.

Felles for ein del av desse kommunane er at det er små kommunar med få skular. Det er difor stor skilnad på talet skular i kommunane: I nokre av kommunane er alle skulane med, i andre kommunar deltek berre enkeltskular. Alle lærarar har deltatt når ein skule er med. Dei ti kommunane har hatt to ressurspersonar: Ein prosjektorganisator og ein fagleg ressursperson.

Desse har hatt jamlege møter med dei skulefagleg ansvarlege i kommunane, som også er

(10)

9 kommunen sin ressursperson inn mot rektorar og skular. I tillegg har dei to ressurspersonane hatt jamlege møter med dei hovudansvarlege for satsinga på skulane: rektorar og teamleiarar (plangruppene). Deira oppgåve har vore å sette av tid, og å sørgje for at lærarane arbeider med Vurdering for læring. Desse to ressurspersonane har også delteke på Fylkesnettverket som er oppretta for satsinga.

Vi har eit godt inntrykk av arbeidet og aktiviteten som har vore organisert gjennom Sunnmøre regionråd. Det har vore noko ulik deltaking frå den enkelte kommune på fylkesnettverksmøta, men mange av kommunane har møtt på svært mange av samlingane. Ressurspersonen skriv at deira erfaring viser at det er viktig å gjere plangruppene medansvarleg for satsinga på eigen skule i høve planlegging av samlingar og møte i nettverk: altså lokal forankring. I rapporten viser det til at plangruppene er eit av suksesskriteria for eit godt arbeid på skulen i høve VFL.

Ho skriv at å vere uthaldande i utviklingsarbeid er viktig for den indre moralen i skulen for alt utviklingsarbeid.

Fylkesmannen si vurdering er at satsinga VFL i Sunnmøre Regionråd (Nordre Sunnmøre) har hatt god organisering, avklarte roller og god ansvarsfordeling.

Organisering, roller og ansvar - Nettverk 2: Vurdering for læring – Nordmøre

På Nordmøre har fem av ni kommunar danna Vurdering for læring - Nordmøre. Kommunane som har deltatt under denne paraplyen er Sunndal, Averøy, Tingvoll, Kristiansund og

Surnadal. I kommunane Surnadal og Tingvoll har alle skulane vore med, i Sunndal har to skular vore med, i Kristiansund halvparten av skulane og i Averøy ein skule. Totalt har 18 skular deltatt i satsinga med heile personalet, - om lag 365 lærarar.

Arbeidet med Vurdering for læring på Nordmøre har vore organisert i tre nivå: Eit

interkommunalt nivå som arbeider gjennom ei styringsgruppe med eigen prosjektsekretær, kommunalt nivå (ressursperson) og på skulenivå. For å sikre forankring, framdrift og måloppnåing vart det utarbeidd ei detaljert og overordna interkommunal prosjektplan for satsingsperioden 2013– 2017. Vurdering for læring – Nordmøre tilsette ein prosjektsekretær for å sikre eit effektivt og godt interkommunalt samarbeid. Dette har vist seg å vere ein fordelaktig måte å arbeide på. Vidare har kvar kommune sin ressursperson, med avsett tid til prosjektet, og kvar einskild skule utarbeidd sin lokale prosjektplan med bakgrunn i den interkommunale prosjektplanen.

(11)

10 Nettverket på Nordmøre melder om velfungerande nettverksstukturar:

Det interkommunale nettverket har vore eit nødvendig og viktig nettverk med tanke på å få samkøyrt til ein lik praksis i kommunane.

Det lokale skuleleiarnettverket der dei melder at dei heilt klart har sett ein god overføringsverdi mellom skular ved hjelp av dialogkonferansemodellen.

Dei interne skulenettverka der plangruppa saman med rektor og skulen sin

ressurspersonhar har vore sentrale. Aksjonslæringsmetodikk har vore nytta på skulane.

Vurdering for læring – Nordmøre skriv elles i sin sluttrapport at dei ser ein klar samanheng med Vurdering for læring-satsinga og satsinga på ungdomstrinnet. Stikkordsvis nemner dei aksjonslæring, nettverksmodellar og dialogseminar som sentrale utgangspunkt for

skuleutvikling.

Fylkesmannen si vurdering er at satsinga VFL på Nordmøre har hatt god organisering, avklarte roller og ansvarsfordeling.

Organisering, roller og ansvar – Kommunane

Av dei andre kommunane i fylket deltek Molde og Midsund, Ørsta, Ålesund, Fræna og Herøy. Det er skilnad på organiseringa i desse kommunane:

Kommunane Molde /Midsund:

I dette interkommunale samarbeidet har ikkje alle skulane deltatt. Av Molde sine 13 skular har tre skular vore med, og av Midsund sine fire skular har to vore med i satsinga.

Skuleeigar har hatt det overordna ansvaret for planlegging, gjennomføring og oppfølging. For Molde/Misund har det vore ein ressursperson. Denne ressurspersonen har drive

utviklingsarbeidet lokalt både når det gjeld innhald og organisering. Ho har ikkje gjennomført systematiske skulebesøk, men har vore sentral i nettverkssamlingar for alle lærarar. Rektorane ved deltakarskulane har sitte i ei styringsgruppe saman med skuleeigar og ressurspersonen.

Desse har hatt møte om lag ein gong i månaden. Satsingskulane har hatt med alle lærarane.

Skulane har arbeidd systematisk og jamleg med satsinga i fellestid, teamtid og ute i

klasseromma. Satsingsskulane har også valt ein kontaktperson på kvar skule som samen med

(12)

11 rektor har planlagt og drive utviklingsarbeidet på skulen. Saman med teamleiarane på kvar skule har kontaktperson og rektor vore skulen si utviklingsgruppe og deltatt i det kommunale lærande nettverket.

Fylkesmannen si vurdering er at satsinga VFL i kommunane Molde og Midsund har hatt god organisering, avklarte roller og god ansvarsfordeling. Men, kanskje vert det lite med ein ressursperson på eit så stort område.

Ørsta kommune

Ørsta kommune har deltatt med alle lærarar på sine sju skular.

Ressurspersonen for prosjektet er tilsett som rådgjevar ved skulekontoret i kommunen.

Vurdering for læring har vore jamleg tema på rektor- /skuleleiarmøta i kommunen og har også besøkt alle skulane med VFL som tema. Ho hatt møtt på møter med skuleleiinga, og vore tilstades på personal- og på teammøte. Rektorgruppa har vore styringsgruppa for satsinga saman med seksjonsleiar skule. Ressurspersonen har hatt ansvar for å leie møta. Rektor har hatt ansvar for oppfølging av eige personale. Leiar for PPT har deltatt på møte med

rektorgruppa.

Fylkesmannen si vurdering er at satsinga VFL i Ørsta kommune har hatt god organisering, avklarte roller og god ansvarsfordeling

Ålesund kommune

Ålesund kommune har deltatt med alle lærarar på seks av sine 18 skular.

Skuleeigar har saman med ressursperson (prosjektleiar) sitte i ei styringsgruppe som har forankra prosjektet på skuleeigarnivå. Ressurspersonen har koordinert og styrt dei seks skulane faglig i ei felles retning i tråd med Ålesunds mål for vurdering. Ressursperson har utvikla prosjektplan og har rapportert i høve til denne. Rektor ved skulane som har deltatt i prosjektet har ansvaret for gjennomføring av prosjektet ved sin skule. Alle lærarane ved dei seks deltakarskulane har deltatt aktivt i prosjektet.

Fylkesmannen si vurdering er at satsinga VFL i Ålesund kommune har hatt god organisering, avklarte roller og god ansvarsfordeling.

(13)

12 Styringsgruppe

Rektorer/Inspektører Kommunalsjef Ressursperson Hovedtillitsvalgt for Utd.forbundet

Nettverk 1 Sylte skule Malme skule Aureosen skule

Nettverk 2 Hustad b-/u-skole

Bud b-/u-skule Tornes skule Haukås skole

Nettverk 3 Hustad b-/u-skole

Bud b-/u-skule Fræna u-skule Ressursperson

Fræna kommune

Fræna kommune har deltatt med alle lærarar på alle sine åtte skular.

Organisering, roller og ansvar: På kvar av skulane i kommunen har det vore ein eller to ressursgrupper som rektor eller inspektør har leda. Nettverka mellom skulane har vore leda av rektor/inspektør. Skuleeigar /ressursperson har hatt ansvar for å sette av tid til nettverka og til felles samlingar. Sjå oversiktsmodell for Fræna kommune.

Fylkesmannen si vurdering er at satsinga VFL i Fræna kommune har hatt god organisering, avklarte roller og god ansvarsfordeling.

(14)

13

Herøy kommune

Herøy kommune har deltatt med fire av åtte skular. På alle skulane deltek alle lærarane (små unntak). Skuleeigar har vore representert gjennom skulesjefen, som har deltatt på fleire samlingar og lærande nettverk, samt hatt kontakt med ressurspersonen. Skulesjefen har gitt ressurspersonen mandat og mynde til å øve påtrykk der det har vore naudsynt, og har også følgt opp rektorane. Ressurspersonen har vore på besøk på alle skular og informert om satsinga, roller og ansvar. I tillegg har ressurspersonen hatt ansvar for eit nettverk der rektorar/ass.rektorar har møtt. Etter ei før-kartlegging vart resultatet på den einskilde skulen tatt med som grunnlag for utviklingsmål for skulen. Alle skulane leverte grundige

utviklingsplanar etter dette. Dei fleste skulane har nytta eksisterande

ressursgrupper/trinngrupper/plangrupper i arbeidet internt. Skulane har arbeidd etter ein nettverksmodell, der eit og eitt prinsipp var tema ute i skulane. I etterkant av dette har det vore lagt opp til tre stornettverk der alle skulane var samla for å dele erfaringar.

Fylkesmannen si vurdering er at satsinga VFL i Herøy kommune har hatt god organisering, avklarte roller og ansvarsfordeling.

Organisering, roller og ansvar - Private skular

Det er også tre private skular som har deltatt i satsinga Vurdering for læring. Desse er:

Molde Friskole som har deltatt med heile personalet: lærarar, assistentar, barne- og ungdomsarbeidarar og SFO-tilsette. Ny ressursperson etter rektorbytte i august -2013 er ein erfaren lærar som har følgt satsinga frå starten. Fylkesmannen si vurdering er at satsinga VFL på Molde Friskole har hatt god organisering, avklarte roller og god ansvarsfordeling

Åmås Friskule som deltek med heile personalet: seks lærarar, ein assistent og rektor som ressursperson. Fylkesmannen si vurdering er at satsinga VFL på Åmås Friskule har hatt god organisering, avklarte roller og god ansvarsfordeling

Bjørkedal Nærskule som deltek med heile personalet: rektor som ressursperson og tre lærarar. Fylkesmannen si vurdering er at satsinga VFL på Bjørkedal Nærskule har hatt god organisering, avklarte roller og god ansvarsfordeling.

Alle dei tre private skulane rapporterer at dei har god forankring i sitt styre og med dei føresette. Dei tre privatskulane har også vore aktivt med i fylkesnettverket.

(15)

14 Oppsummering organisering, roller og ansvar i Møre og Romsdal

Sluttrapportane viser godt arbeid i høve organisering, roller og ansvar både i regionane, kommunane og på dei private skulane. Dette gjer at ein kan tolke sluttrapportane som at ei viss lokal forankring er sikra for det vidare arbeidet i høve tema VFL.

Vurderingspraksis - Vurdering for læring

Av alle sluttrapportane frå regionane, kommunane og skulane ser ein at det er tydelige og positive endringar i vurderingspraksis og vurderingskultur. Med utgangspunkt i måla, men og som følgjeendringar av desse måla, melder skular og kommunar/regionar om:

Endringar i vurderingskultur

 Auka fokus og forståing av lov og forskrift

 Auka/Ny motivasjon gjennom arbeid i nettverk: mellom private skular, kommunar og skular

Vurdering for læring er fastsett tema på møter mellom skuleeigar og skuleleiing

 Større samhandling mellom alle nivå: Mellom skuleeigar og skule, skuleleiing- personale, erfaringsdeling lærar- kollegiet

Vurdering for læring er fast tema i fellestid (planleggingstid, team- og personalmøter)

 Fornya fokus på lokalt arbeid med læreplanen: Fokus på arbeid med utarbeiding av meir konkrete og målbare læringsmål og utarbeiding av gjennomgåande planar i fag

 Meir tilpassing av opplæringa: Betra oppsett av IOPar: meir konkrete mål – samt betre og meir konkrete årsrapportar -> Redusert omfang av spesialundervisning

 Utarbeiding av felles årshjul for vurdering

 Færre klager på standpunkt – Elevar som har fått god undervegsvurdering, veit kor dei ligg karaktermessig.

 Utvikling og deling av «vurderingspatenter» hos lærere: verkty til bruk for elevane (taksonomipyramider, rutiner for stasjonsarbeid, plakatar i klasserommet med mål og kriterium m.m.)

 Etablering av system for systematisk vurdering innan alle fag

 Strukturerte skulevandringar med fokus på VFL – rektor/leiing

(16)

15

 Strukturert kollegarettleiing med fokus på VFL

 Arbeid og deling på tvers av fag og trinn

 Større forståing for omgrep: t.d. skilnaden mellom Vurdering for læring og vurdering av læring

 Fokus på pedagogisk praksis – Utvikling av ein positiv delingskultur

 Meir positiv endringshaldning på skulen

 Fokus på klasseleiing og relasjonen lærar-elev

Vurderingspraksis

 Auka fokus på elevane si læring i munnlege og skriftlege tilbakemeldingar

 Auka bruk av baklengs planlegging- «start with the end in mind». Planlegginga tek utgangspunkt i måloppnåinga som skal vere resultat av perioden.

 Fokus på «Good questioning»: Opne spørsmål, tenkjetid og utforskande dialogar lærar – elev

 Bruk av suksesskriterium (kjenneteikn på måloppnåing) til elevane. Eks. eksempeltekstar

 Endring i «vurderingsspråket» til elevane som no kjenner til omgrep som kompetansemål, læringsmål, kriterium og måloppnåing.

 Elevmedverknad: deltaking i utarbeiding av vurderingskriterier, eigenvurdering, kameratvurdering og læringspartnarar

 Auka elevinvolvering t.d gjennom «No hands», «Exit out», «Tommel opp»,

«Trafikklys» osv

 Endring i syn og forståing av samanhengen mellom konkrete læringsmål og tilbakemeldingar som vert gitt til eleven

 Mindre fokus på lærebok – større fokus på kompetansemål

 Mindre prøvetrykk, men vurdering gjennom heile læringsprosessen

 Arbeid med utarbeiding av konkrete og forståelege kjenneteikn på måloppnåing

 Tydeligare og klarare struktur på timane

 Utvikling av malar for halvårsvurdering, elevsamtalar osv

 Betre kommunikasjon heim- skule - meir målretta med tilbakemeldingar

(17)

16

Lærande nettverk, kompetansebygging og erfaringsspreiing

Fylkesmannen finn fleire gode eksempel på at allereie etablerte nettverk vert tatt i bruk på regions-, kommune- og skulenivå. Ein finn også gode eksempel på etablering av heilt nye nettverk.

Eksempel:

 To av dei private skulane som deltek i satsinga har bygd vidare på eit allereie etablert samarbeid. Vidare har dei gått inn i eit nytt samarbeid med to andre private skular etter samlingane i Oslo (Åmås Friskule, Bjørkedal Nærskule, Den norske skolen i Rojales og Den norske skolen i London). Dei fire private skulane har oppretta ei felles side på Facebook der dei deler aktuelt stoff med kvarandre, i tillegg har dei fire skulane vore på besøk med kvarandre og hatt felles nettverksmøter.

 Regionssamarbeida på Sunnmøre og Nordmøre byggjer på vel fungerande og etablerte interkommunale strukturar som vart justert for å møte behova i satsinga. Det har vore arrangert store, mellomstore og mindre nettverkssamlingar, den største arrangerte Sunnmøre regionråd i august 2013. Dette var ei felles oppstartssamling med Gordon Stobart der 410 lærarar deltok. Det er elles å nemne at ressurspersonen for Vurdering for læring (pulje 4 og 5) for Sunnmøre regionråd og skal vere utviklingsrettleiar for ungdomstrinnssatsinga i same region. For regionen på Nordmøre har koordinatoren for Vurdering for læring og utviklingsrettleiaren for ungdomstrinnssatsinga innleidd eit samarbeid. Vi har god tru på gode synergieffektar både fagleg og organisatorisk med å sjå samanhengen mellom satsingane i begge regionane.

Vi vil også nemne fylkesnettverket for Vurdering for læring som vart etablert som eit tilbod til deltakarane i satsinga i Møre og Romsdal. I sluttrapportane nemner stort sett alle deltakarane dette som eit nyttig tilbod som dei ønskjer vert vidareført. Mellom anna skriv ein skuleeigar at «Møteplassen som fylkesmannen har tilrettelagt i etterkant av samlingene er sentralt, og har vært svært positivt. (…) Kontakter har blitt knyttet og nettverk bygget. Dette har igjen ført til samarbeid kommuner mellom, noe som har vært svært positivt.»

(18)

17 Sluttrapporteringa viser eintydig at det har vore ei betydeleg kompetanseutvikling på

vurdering ute i kommunane og skulane i Møre og Romsdal. Med ei så brei satsing som vi la opp til i Møre og Romsdal var vi sjølvsagt spente på om vi ville lukkast med å få satsinga ut til lærarane og sist, men ikkje minst, å få til endringar i vurderingspraksisen i klasseromma som kjem elevane til gode. Her meiner vi at arbeidsmetodikken med arbeid i godt

organiserte, strukturerte lærande nettverk på ulike nivå ser ut til å ha vore ein sterk motivasjons- og suksessfaktor.

Alle deltakarane har arrangert oppstarts- og sluttsamlingar, nettverkssamlingar og har ei plan for erfaringsdeling og vidareføring av satsinga. Skuleeigarane rapporterer om at desse har vore gode, ofte med ekstern kompetanse. Det vert også rapportert om faste møter mellom ressursperson og skuleleiarar. Skulane melder om at Vurdering for læring er fast tema på fellessamlingar, om enn i «konkurranse» med andre satsingar. Fylkesmannen ser

gjennomgåande og påtakeleg stor motivasjonen både hos skuleeigar, skuleleiarar og ikkje minst blant lærarar.

Som nemnt har vi i Møre og Romsdal knytt til oss ekstern kompetanse frå Høgskulen i Volda (HVO). Dette har vist seg svært heldig då kompetansen på vurdering ved høgskulen er svært høg: Mellom anna er Dr. Siv M. Gamlem ekstern rådgjevar for Utdanningsdirektoratet i satsinga og har difor inngåande kjennskap til satsinga og dei tidlegare puljene. Regionen på Nordmøre kommenterer i sin rapport fordelen av å kunne dra vekslar på to

solide fagmiljø. Skolenettverket på Nordmøre hadde allereie eit fastsett og pågåande samarbeid med NTNU v/PLU som har hatt fagleg innhald på tre samlingar i Vurdering for læring. I tillegg har Vurdering for læring – Nordmøre også nytta kompetanse frå HVO. Dei har nytta ekstern ressursperson Siv M. Gamlem som rådgjevar mellom anna i høve

planlegging av innhald på dialogkonferansar. I tillegg kan det nemnast at kommunane

rapporter at det har vore henta inn eksterne fagpersonar til seminar, dialogmøter og samlingar.

Eksempel på slike er Siv Måseidvåg Gamlem, Gordon Stobart, Torbjørn Lund og Eirik Irgens.

I rapportane går det fram at arbeidet med Vurdering for læring skal førast vidare etter satsingsperioden. Mange peiker på at 18 månader er for kort tid til at ein greier

å skape eit solid nok fundament til varig endring. Som nemnt er dei to store regionane med vidare i pulje 5. For Nordmøre sin del vil det seie dei fire kommunane som ikkje deltok i pulje

(19)

18 4, og kommunar som ikkje hadde med alle skulane sine. Sunnmøre regionråd sin paraply omfattar heile 10 kommunar og skal i løpet av pulje 5 ha alle skulane i desse kommunane med. Det er elles å nemne at Ålesund kommune som deltok i pulje 4 og ikkje delte midlar med andre kommunar, vil kjøpe seg inn i pulje 5 for å følgje satsinga til Sunnmøre regionråd vidare – motivasjonen for vidare arbeid med Vurdering for læring er høg i fylket!

Utfordringar

Skuleeigarnivå:

 Kort satsingstid – Endring tek tid!

 Satsinga må stadig re-forankrast med tanke på nytt personale

 Mange konkurrerande prosjekt på gong. Ei utfordring å sjå ulike satsingar og prosjekt i samanheng og å skape gode synergieffektar. Samanhengen mellom ulike satsingar må synkleggjerast – heile tida!

 Å skape ein einskapleg vurderingskultur for alle skulane i kommunen

 Krevjande å skape forståing for at satsinga handlar om læring og ikkje måling (VfL vs VaL)

 Skuleeigarar rapporter at det er ei utfordring å få alle skulane til å ta like godt tak i satsinga.

Skulenivå:

 Kort satsingstid – Endring tek tid! Det vil seie at det tek tid å kome skikkeleg i gang – å få forankringa og auke forståing for kva arbeidet handlar om

 Lokalt læreplanarbeid kjem som ein naturleg konsekvens av satsinga. Skuleeigar må støtte skulane i dette arbeidet

 Ei utfordring i å få «hekta på» alle lærarane slik at endringane når alle klasserom. Ein del har vanskar med å sleppe tak i «gamle, trygge rutiner» i undervisnings- og

vurderingsarbeidet

 Satsinga må stadig re-forankrast med tanke på nytt personale

(20)

19

Råd frå deltakarane til Fylkesmannen og Utdanningsdirektoratet

 Til Utdanningsdirektoratet: Hald fram med dei fagleg svært gode, praksisnære og svært motiverande nasjonale samlingane. Frå regionane: Alle ressurspersonar (ein pr.

kommune i regionane) bør få høve til å møte på dei nasjonale samlingane for ressurspersonar.

 Fleire peiker på at samlingane i fylkesnettverket er svært verdfulle og at dei bør vidareførast både for pulje 4 og pulje 5. Det vert også nemnt at dette er ein god modell for andre fylker og andre nasjonale samlingar.

 Ein bør i større grad skape både fagleg og organisatorisk samanheng mellom ulike nasjonale satsingar.

 Fleire utrykkjer ønske om ein nasjonal ressursbank med læringsmål, kriterier og kjenneteikn på måloppnåing. Andre nemner nasjonale kompetansemål for kvart trinn som standard for kva elevane skal kunne etter kvart årstrinn.

 Løft fram skulebasert kompetanseutvikling som grunnlag for læring i nettverk enno tydlegare i grunnlagsdokumenta. Gje nøkkelåpersonar kompetanse til å lede slike prosessar.

 Budsjett til frikjøp av nøkkelpersonar i periodar er botnskarpa i mange kommunar, noko som påverkar trykket i gjennomføringa. Vurdering for læring – Nordmøre melder at mange skular innan eigne rammer har utnemnt ein VfL-ressurslærar for å støtte skuleleiinga i utviklingsarbeidet. Tenkinga i u-trinnssatsinga med frikjøp av ressurslærar kunne med fordel vore overført også til VfL. Dette kunne ført til enno betre måloppnåing.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

I dag, 70 år senere, er studien fremdeles en svært viktig beskrivelse av de psykologiske følgene av sult og undervekt... Keys og kolleger rekru erte 36 unge menn fra den

A) Auka verdiskaping skal baserast på berekraftig og meir bruk av lokale ressursar Verdiskapinga i landbruket skal aukast der Møre og Romsdal har naturlege fortrinn. Veksten

Bergen Kommune (og Samnanger) Pulje 2 Mai 2018:. Os, Askøy

behandling for rusmiddelmisbruk, eller behandlingssted i en slik institusjon, behandlingen skal foretas.». «Pasienten kan ikke

planlegges det å benytte eksisterende 50 kV tras& I referat av fra møte mellom Rom Eiendom, Norconsult, Drammen kommune og EB Nett den 20.08.2008, opplyser EB Nett at planlagt

Ved bruk av injeksjon som eneste alternativ skal det begrunnes hvorfor det under tvangsbehandling ikke vil være mulig å få pasienten til å ta legemiddel gjennom munnen

Ved valg av ressursperson bør skoleeier ta hensyn til at personene har relevant kompetanse og hvordan personene kan fungere som ressurs i arbeidet med læringsmiljø på skoler

• Økt bevissthet rundt egen vurderingspraksis og flere konstruktive diskusjoner om læreplaner og vurdering. Skoleeierrapporter pulje 1 og