• No results found

No er det din tur

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "No er det din tur"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

No er det din tur

10 gode grunnar til å vere

konfirmant i kyrkja

1. Du får oppleve kva kristen tru er. Det er meir enn eit skolefag.

2. Konfirmasjonsdagen er berre din, og du har ein dag der du blir bekrefta for den du er.

3. Du får vere med på kjekke aktivitetar og oppleve eit nytt fellesskap med andre på samlingar, leir eller weekend, og bli kjent med fleir.

4. Du får engasjere deg for andre menneske.

5. På konfirmasjonsdagen får dei som er glad i deg feire deg.

6. Du får tid til å reflektere over store spørsmål, og bli kjent med kva du trur på – og kva som er viktig for deg.

7. I konfirmasjonstida pratar vi om sorg og glede, om livets store og små spørsmål.

8. Du får tid til å reflektere, tenke kritisk og sjølvstendig om tru og kva

kristendom er.

9. Du blir del av eit større fellesskap.

Berre sjå på #konfirmantene på TikTok!

10. Du møter folk med ulike meiningar, og saman med dei lærer du noko felles.

Helsing Ålhus og Helgheim kyrkjelyd ved sokneprest Silje Sørebø

tlf47399492

DEN NORSKE KYRKJA

Det aktuelle soknerådet/kyrkjelege fellesrådet

DEN NORSKE KYRKJA

Det aktuelle soknerådet/kyrkjelege fellesrådet

DEN NORSKE KYRKJA

Det aktuelle soknerådet/kyrkjelege fellesrådet

DEN NORSKE KYRKJA

Det aktuelle soknerådet/kyrkjelege fellesrådet

(2)

Ei tid for fellesskap og til å tenke sjølv

Neste år kan du feire din konfirmasjonsdag i kyrkja!

Velkomen som konfirmant i Ålhus og Helgheim kyrkjelyd

I konfirmasjonstida er det rom for å utforske mange viktige sider av livet saman med andre. Som konfirmant får du lære meir om deg sjølv, om tru, om Gud og den verda du er ein del av. Vi kjem til å vere innom tema som f.eks Menneskeverd, vennskap og kjærleik.

Sorg og glede. MIljø og rettferd. Kven er Jesus? Korleis kan eg bety noko for andre? Vi kjem også til å ha tilbod om mange ulike aktivitetar som f eks friluftsliv, leik, idrett, song og musikk.

Vi håper du vil vere konfirmant hos oss!

KVA ER KONFIRMASJON?

Ordet konfirmasjon kan bety både «å bekrefte» og «å gjere sterk».

Eit høgdepunkt i

konfirmasjonsgudstenesta er når det blir bedt ei bøn for deg. I bøna ber vi Gud om å velsigne deg og å styrke deg

på din veg vidare i livet. Det viktigaste med konfirmasjonstida er å være ein del av eit fellesskap og bli betre kjent med den kristne trua. Konfirmasjonen er en påminninga om at Gud i dåpen sa ja til å vere ein del av ditt liv.

KONFIRMASJON ER FOR ALLE Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja– både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig.

Alle menneske er ulike, og treng ulike tilpassingar. Uansett funksjonsevne har du rett til ei god konfirmanttid. Har du behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt med kyrkja.

KONFIRMANTTIDA HOS OSS Foreldremøte: Torsdag 16 juni blir det foreldremøte på Vassenden kyrkjesenter kl 20.00. Viktig at minst ein føresatt frå kvar konfirmant møter.

Konfirmanttida startar med

introkurs/samlingar på dagtid veka før skulen begynner: Onsdag 10. - Laurdag 13. august. Desse dagane må du setje av.I løpet av året blir det bl.a

konfirmantklubb/samlingar ca 1 gong i måneden, gudstenester, deltaking i Kirkens Nødhjelpsfasteaksjon, konfimantfestival for konfirmantane i Sunnfjord ( 29. oktober), leir (10-12.

mars) og påskeplask. Meir info om program og datoar kjem på kyrkja.no/jolster.

Kostnader: Det er eigenbetaling på kr 1500 for konfirmasjonstida. Den dekkar blant anna mat ved samlingar, festival og leir. Det går an å søkje kyrkja om å få

dekkja heile eller deler av eigenbetalinga.

KONFIRMASJON OG DÅP Er du ikkje døypt og lurer på om du likevel kan bli konfirmert i kyrkja? Klart du kan, og du er heller ikkje aleine! Over tusen ungdomar vert kvart år døypt i forkant av konfirmasjonen. Du får god informasjon på førehand og på sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste i ein fin seremoni. Ta kontakt for meir informasjon.

PÅMELDING gå inn på:

https://minkirkeside.no/sunnfjord og fyll ut skjema for innskriving under fana konfirmant. Ynskjer de spesiell tilrettelegging ynskjer vi også informasjon om dette tidleg.

Frist for å melde seg på er torsdag 9.juni.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

• Prosjektgruppa skal saman med prosjektleiar planlegge, gjennomføre og dokumentere aktivitetar i prosjektet, samt sikre at aktuelle medarbeidarar og andre interessentar får

I tillegg får ein oppleve mykje gøy, og blir kjent i den koselege og fine byen Uppsala. Bilde frå

Alle barna skal kunne oppleve progresjon i barnehageinnhaldet, og barnehagen skal leggje til rette for at barna i alle aldersgrupper får variert høve til leik, aktivitetar og

trusopplæring er frivillig, noko relativt nytt og konkurrerer med andre aktivitetar, er det ikkje unaturleg at oppslutninga om trusopplæringstiltak varierer. Vi opplever

Sammen med KRIK og Grefsen menighet lager vi en leir med mange aktiviteter, et opplegg tilpasset våre menigheter og fellesskap med andre konfirmanter?. Leiren er i

Du får bli del av et fellesskap der vi har det veldig gøy; vi leker, skravler, synger, drar på leir og koser oss sammen.. Du får lære mer om kristen tro, og blir utfordret til å tenke

• Barnehagen skal formidle verdier og kultur, gi rom for barns egen kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede og mestring i et sosialt og kulturelt fellesskap.

Barnehagen skal formidle verdier og kultur, gi rom for barns egen kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede og mestring i et sosialt og kulturelt