• No results found

Kvernåe naturområde i tekst og bilete

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Kvernåe naturområde i tekst og bilete"

Copied!
14
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vedlegg 1

Kvernåe naturområde i tekst og bilete

av

Øyvind Nordli

foto: ØN 2. juli 2007

(2)

Kvernåe naturområde innheld ikkje mindre enn to strandliner frå siste isavsmelting og dertil særmerkte daudis-groper. Dermed er dette landskapet ein viktig historieforteljar. Lendet er bratt og ulendt og vernar seg sjølv mot inngrep, men langsetter strandlinene er terrenget svært lettgått.

Sentralt gjennom området fossar Kvernåe. Saman utgjer dette ein heilskap.

Kart over området teikna av Rolf Sønstebø med nokre ekstra namn sette på av Øyvind Nordli (i blå firkantar)

Bottheimsetre

Øvre Floten

Bru

Klopp Djupholo

(3)

For folk som kjem utanfrå til Kvernåe, startar ofte turen på bilvegen sør for Kvernåe (med nord og sør vil eg her meine opp dalen og ned dalen slik innarbeidd seiemåte er i Gudbrandsdalen).

Bilvegen kjem opp til Nedre Floten frå sør som på den sida av åa også blir kalla Milisletten. Dette er ein del av den gamle strandlina til ein isdemd sjø som vart til i nedsmeltings-perioden etter siste istida.

«Bilveg» om det kan kallast så på sørsida av Kvernåe og Fjellvabekken.

(4)

Området ved Kvernåe er som ei lærebok i kvartær-geologi. Her er Fjellvabekken i ferd med å erodere bort delar av strandlina (Nedre Floten), medan den større vassføringa i Kvernåe langt på veg har gjort den jobben.

Erosjonen på grunn av Fjellvabekken er jamvel i ferd med å viske bort eit kulturminne. Denne dyregrava blir truleg borte om ein generasjon eller to, om ikkje før.

(5)

Om vegen frå Blæstergrende kan kallast bilveg er vel ei smakssak, men slik han ligg i dag er han framkomeleg med vanleg personbil. Frå der vegen sluttar er det gangstig fram til Kvernåe. Stigen vart til etter at ei bru vart bygd over åa på dugnad i 2005. Stigen viser at det no er stor ferdsle fram til brua. Bru-konstruksjonen er ei tradisjonell saksebru

(6)

Kvernåe viser seg ved brua på to ulike måtar, som ein lang foss ovafor brua og som ein serie fossefall med hølar eit lite stykke nedafor brua. Det er fisk i hølane, men fisket er no til dags lite brukt. Om vinteren blir det ofte ope vatn i desse hølane.

Fossen ovafor brua på Nedre Floten.

Kvernåe ved brua på Nedre Floten.

Vatnet har passert under brua på veg ned mot neste foss som er starten på ein serie med

karakteristiske fossefall. Dei øvste er lette å observere frå svaberga ved brua. Fotoet er teke frå brua.

(7)

Berre om lag 200 m frå brua ligg Svarttjørne dit ein smal stig fører, og før ein kjem til tjørna må ein krysse Svarttjørnbekken. I turre somrar kan bekken vera heilt utturka.

(8)

Svarttjørne har bålplass og er ein populær kvilestad med utlagt turbok og gradstokk.

Svarttjørne er også eit vanleg referansepunkt i eit nytt tursystem for området

(9)

I det turre klimaet på Lesja er furu dominerande på sandmoane som her etter Nedre Floten. Denne opparbeidde stigen er godt farande med terrengsykkel. Langs strandlina som Nedre Floten er ein del av, er det lett terrengsykling om lag 15 km frå Blæstergrende til Vidfloten på Lesja. Vi legg også merke til dei gode markeringane av stigen med raud/kvit farge.

(10)

Stort sett står skogen tett langsetter stigen på Nedre Floten, men ved hogst kan dalen opne seg for utsyn, eller av og til kan ein slumpe til å få godt utsyn mellom eldre furutre.

(11)

Den største og djupaste daudisgropa er Djupholo, men det er også fleire andre slike groper i

terrenget. I mange veks det ikkje skog i botnen, kanskje fordi det kan stå vatn der av og til då særleg om våren.

Den øvre strandlina, Øvre Floten, er noko smalare enn den nedre og oftare erodert bort enn den nedste. Her er ingen stig opparbeidd og den naturleg trakka stigen ikkje merkt. Denne strandlina ligg om lag 40 høgdemeter over den nedste.

(12)

Den som vil til fjells brukar anten vegane opp til Høgsetre eller Bottheimsetre. Høgsetervegen på sørsida av Kvernåe er ein kjerreveg, medan Bottheimsetervegen er opparbeid med handmakt og solid murarbeid. Vegen er farande med terrengbil eller traktor. Det er populært å gå opp den eine vegen, fylgje merkt stig mellom setrene, og gå ned att den andre.

Stigen mellom setrene kryssar Kvernåe over ei klopp som også er gjort på dugnad. Ved kloppa er det bålplass med utsyn mot ein foss ovafor brua.

(13)

Frå kloppa fører ein merkt stig ned langsetter åa mot Svarttjørne. Lendet er variert med bjørkeskog øvst, svaberg og skrinn jord nedafor og tettare furuskog når ein nærmar seg Svarttjørne.

(14)

Det er gjort ein stor innsats med rydding og merking av turstigar i området ved Kvernåe. Til saman er det sett opp 62 skilt og 150-200 spildrer på tre som viser vegen, kvar veg med sine fargekodar.

Ved Rolstad Camping er turforslag lagde ut ved hyttene. Lesja kommune har gjeve ut ein turbrosjyre der turane er omtala.

Lesja kommune har eit trimopplegg som heiter «Fysak». Olav P. Amundgård har arrangert mange slike møtepunkt med trimkasse, vegvisarar og termometer. Biletet viser arrangementet på Høgsetre.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Nedre greiner på buskfurua (Pinus mugo var. mughus) der det i 2001 vart funne mykje sporehus og sporar av Strasseria geniculata.. Biletet er tatt i mars 2004 og syner at

Vi har både spennende bilder og generell kunnskap om veldig mye, og vet stort sett ganske godt hva folk feiler, sier Cecilie Alfsen og viser til at laborato- riefagene er veldig

Bruk,  

tilstand  

og  

påvirkning: Det er stort sett lite daud ved, så det har truleg vore noko hogst i kløfta, sjølv om ein ikkje ser andre spor som fortel

Eksisterende inngrep er begrenset, og bortsett fra i nedre deler stort sett begrenset til nevnte skogsveg som går opp i lia mellom de to sidegreinene til Moelva, samt

alfabetet er stort sett den samme som i det greske, som igjen har samme rek- kefølge som enda eldre semittiske alfabeter. Hvordan denne rekkefølgen er oppstått, er ukjent, men det

Siden vi også har sett at godt risikoarbeid henger tett sammen med risikoforståelsen i en bedrift, så er det opp til den innleide konsulenten å forklare risiko på en måte hvor

Dalsidene er stort sett vegetasjonsdekte opp til 300 m o.h., men også under denne grensen finnes mye blankt berg og rasmark.. I nedre deler av dalsidene, ved elva og

ligere, kan man ikke si at dette har ledet til nogen revolusjon i hjelpemidler til å undgå den. Stort sett har det vist sig at de eldre på grunnlag av erfaring