• No results found

å i Vi i Noreg. i Vi ei i ei

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "å i Vi i Noreg. i Vi ei i ei"

Copied!
41
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

UTVIKLINGSLINJER I MODERNE NORSKE DIALEKTAR

1. Dekadanse eller Guds usynlege hand?

Mange nordmenn klagar over at dialektane forandrar seg så fort. Det er ingen som snakkar skikkeleg dialekt lenger, blir det ofte sagt. Folk tek etter bokmålet, fjernsynet gjer oss alle like, og dialektane blir forflata.

Men det finst jo andre synsmåtar også på språkendringane, f.cks. i boka om den usynlege handa: On language Change. The invisible hand (Kel- ler 1994). Det er færre som snakkar på den måten blant dei dialekt- interesserte.

Den allmenne førestellinga om språkutviklinga er at alt går i retning av ei sentralisering og ei standardisering, at talemålet tek etter skriftspråket, og at språkdrag frå Oslo spreier seg utover i periferien. Også blant fagfolk står denne tolkinga av språkutviklinga sterkt.

Vi prøvde nok å spele litt på ei utbreidd uro over språkendringane da vi søkte om støtte til det nasjonale samarbeidsprosjektet i Noreg, som vi har kalla Talemålsendring i Noreg. Prosjektet er eit samarbeid mellom dei nordiske institutta ved universiteta i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo, og ved Høgskolen i Agder. Vi oppnådde å få økonomisk støtte frå Noregs forskingsråd frå og med hausten 1998 og i tre år framover. Støtta skal gå til å drive ymse samarbeidstiltak, dvs. at dette er eit paraplyprosjekt som vi ønskjer å fylle med konkrete mindre prosjekt.'

'Opptakta til prosjektet går tilbake til hausten 1994 da vi på Nordisk institutt i Bergen ønskte å drøfte ønsket om å setje i gang eit oppfølgingsprosjekt åt det som blei drive i 1977-1983 under namnet Talemål hos ungdom i Bergen (TUB). Det prosjektet hadde ei form som skulle opne for framtidige oppfølgingsstudie av endringstendensar, og det var i si tid nemnt at ei ny gransking burde komme om 20 år, dvs. i 1997. Vi fekk med oss initiativtakarane til både TUB og til det første store sosiolingvistiske prosjektet i

(2)

Samtidig med at vi utvikla paraplyprosjektet, har vi sett ei blomstrande forskingsinteresse kring talemålsendring blant hovudfagsstudentar og dok- torandar. Dei ønskjer vi å dra med i samarbeidsprosjektet. Interessant var det dg å oppdage at samtidig med at vi begynte å planleggje prosjektsøk- naden, blei det sett i gang eit europeisk samarbeidsprosjekt under The European Science Foundation om Social dialectology: the convergence and divergence of dialects in a changing Europe.

Eg skal i framhaldet prøve å vise fleire innfallsvinklar til studiet av dialektendringane. Først ser vi på tempo og omfang, deretter på mønster i utviklinga, og til slutt drøftar eg forklaringar. Eg håper framstillinga mi kan gi eit bilete av aktuelle forskingsinteresser i Noreg.

2. Tempoet i språkutviklinga

Språkutviklinga er blitt beskriven som ei elv som går i fossar og stryk somme strekningar, og som så stoppar nesten opp i breie hølar ei stund etterpå. Somme kollegaer meiner språket vårt no er i ein foss. Men det meste er relativt, og eg kjenner meg svært usikker på om fossen er rette metaforen for språkendringane. I alle fall som ei generell beskriving av norske dialektar.

Vi kan begynne med ei aktuell endring som ser ut som ein strid foss:

samanfallet mellom dei såkalla sj- og fc/-lydane, slik at "Takk for sjys- sen!" no kan bety to ting: Det kan gjelde ein 'klem' (= kyssen) eller ein 'transport' (= 'skyssen'). Første gongen samanfallet blei registrert og gjort til tema, var i 1977 da ein var kommen i gang med analysen av talemåls-

Noreg: Talemålsundersøkelsen i Oslo (TAUS). Sjølv om det var svært mange inte- ressante longitudinelle delprosjekt som kunne takast inn i eit oppfølgingsprosjekt, blei vi fort einige om at det kanskje ikkje var slike geografisk avgrensa mammutprosjekt som var mest interessante no. Det var ikkje berre endringar i bytalemåla som var interes- sante. Vi kom til at det kunne vere rett å stille nye spørsmål. Dessutan ville eit lokalt storprosjekt i praksis sperre for forskingsrådsmidlar til talemålsprosjekt andre stader i landet. I staden for å konkurrere om midlane, var det strategisk rettare å skape eit prosjekt i fellesskap.

Etter dette kalla vi inn til eit nytt møte i Bergen der alle nordiske institutt ved høgskolar og universitet blei inviterte, og på fem av dei var det interesse for å bli med i å forme ut ein fellessøknad. Søknaden som vi leverte inn i 1997, fekk vi tilslag på.

(3)

materialet frå ungdom i Bergen (TUB) og oppdaga fenomenet der (Andre- sen 1980, Haslev 1982, Slethei 1982, Johannessen 1983, Sandøy 1989 og 1995:1221). I dette materialet var det 2,5 % samanblanding av dei to fonema, altså nokså lite. Novasjonen blei truleg observert nær starten i Bergen, som må ha vore da informantane var barn midt på 60-talet. I dag nærmar informantane våre frå 1977 seg førti-års-alderen, og dei held fast på samanfallsfonemet. I eit ikkje heilt samanlikneleg materiale frå 1991 med informantar fødde på 1950- og 1960-talet var prosenttalet for saman- blanding 8,5 (Nesse 1994:75ff. og 129f.)- Hos dei yngre bergensarane i dag dominerer samfallet meir og meir; ei gransking som Jorunn Hannaas held på med, viser at ungdomar fødde kring 1980 har godt over 50 % samanfall. Dessutan har dette fenomenet breidd seg til fleire byar og tett- stader rundt om i Noreg, i alle fall Oslo (Papazian 1994, Osnes 1992), Stavanger (Hegland 1996), Kristiansand (Christoffersen 1992:20), Trond- heim (Dalbakken 1996) og Førde {Firda 30.8.97), og vi ser også korleis det spreier seg i bygder kring desse sentruma, f .eks. er det belagt på Fedje og Sotra utafor Bergen (Marøy 1998:81ff.ogRevheim 1997:71ff.) Jamfør kartet i vedlegget.

Før samanfallet blir gjennomført i heile ungdomsgenerasjonen i f.eks.

Bergen, kan det ta minst ein generasjon til. Vi er vel midt i den velkjende S-kurva for språkendringa no (jf. Milroy 1992:170). Dermed kan vi tenkje oss at siste bergensungdomane som meistrar den gamle distinksjonen sj - kj, veks opp kring 2020. Dei vil truleg leve til 2110, og først da er slutt- streken sett for språkendringa i Bergen, dvs. nærare 150 år etter starten.

Det er i så fall lynraskt.

Dette er eit typisk ungdomsfenomen. Det spreier seg likeins som slang- uttrykk og kan nå heile landet fort. Men det vil ikkje forundre meg om det framleis kring år 2020 finst bygder som enno er kjemisk frie for sa- manfallet. Om endringa begynner innpå 2000-talet der, vil ho ikkje vere avslutta før kanskje nærare 2200. Da har endringa teke godt over 200 år før ho er gjennomført i heile landet. Dette trur eg er det raskaste vi kan tenkje oss at ei språkendring kan skje i Noreg.

Dette blei mye hypotetisk. Men de ser at når vi går konkret til verks, blir det vanskeleg eller umogleg å passere ein foss i språkutviklinga på mindre enn 200 år. I dette perspektivet kan det ikkje ha gjort anna enn å fosse i norsk språkhistorie. Tenk berre på dei andre opphava til sj-lyden:

For 700 år sia skilde vi også mellompj og tj, men så fall dei to saman i tj, som seinare har falle saman med kj. Vi skilde også stj og skj (stjarna -

(4)

Erøfjoré

(5)

Eksempel frå norrønt

•fiÉ

3. Omfanget i utviklinga

I%akansjdva%,tcdgaacmdacåinUh:&remtTdyspjcbUe*%avcåi f o s s p t n a ^ g a t m a n g e s p ^ ^

mm==ssifs.

1851:1% M m A U # o g # p å S ø m Sunnmøre).

(6)

Pormådt gekk si5an i brott til skemmu ngkkurrar, gekk ^ar inn. V<jru £ar å5r margir menn inni fyrir, sårir mJQk. Var t>ar at kona nokkur ok batt um s<>r manna. Eldr var å golfinu, ok verm5i hon vatn til at fægja s^rin.

På moderne norsk kan denne teksten sjå ut som i (3) om vi endrar minst mogleg:

Tormod gjekk sia bort til ei stove og gjekk inn der. Detvar mange menn der innafor, svært såra. Der heldt ei kone på og batt om såra åt mennene. Det var eld på golvet, og ho vermde vatn til å reinse såra.

Bøker i norsk språkhistorie bruker å rekne med at så mange system- endringar hadde skjedd fram til reformasjonen at vi kan tenkje oss teksten som i (4) kring år 1500 - om vi framleis bruker dei gammalnorske leksema:

Tormu gjekk si:a i brott til ei skjemme, gjekk de:r inn. Vå:re de:r å:r mange menn innefy:re, mjø:£så:re.V a : r d e : r å : t e i

ko :ne å batt um så:ra å:t mennå. Eld va:r på gofva, å vermde hu vatn til å fæ:gje så:ra.

For å få å nå fram til dette språksteget kring 1500 har vi passert 20 hundreår.

(5) Aktuelle systemendringar i norsk 1200-1500:

Fonologiske:

3) -n >-*--> a

4) p->d-\ pronomen og adv. (trykklette ord) J 5) (trykklett) -k>-g ^ / |

(7)

8)of+ot>d 1

9) Progressiv j-omlyd >]

10) Kvantitetsomlegging k . 11) Reduksjon a, i,u>e <^

Morfologiske:

12) -r (norn.) >+ 1 13) -in > -a 2 14) Pret.-<%>-&? \ 15) ngkkurr> ein % 16) a? > åt j

17) Fit. adj. og pron. -ir, -ar > -e 2^

Syntaktiske:

18) Førestelt adjektiv, kvantor etc. % 19) Bortfall av personbøying Q

20) Genitiv > preposisjonsuttrykk i /' v| ^

På dei fem neste hundreåra etter 1500 må vi igjennom dei sju endringane i (6) for å nå fram til ei "gjennomsnittsnorsk" språkform som i (3). (Her ser vi altså bort frå leksikalske endringar.)

(6) Aktuelle systemendringar 1500-2000:

Fonologiske:

l)gj>j,skj>sj Z Morfologiske:

2) Bortfall av talbøying 1 3) dativ + nominativ > éi form 2, Syntaktiske:

4) Kopling av verb + retningsadverb i posisjon og tonemgruppe % 5) Konnektiv inversjon > + %

6) vera at > halde på og i

7) Presenteringskonstruksjonen %, s ( g

Dette blir dermed 1% endringar pr. hundreår, altså fem færre enn før reformasjonen! Nett no kan vi kan vi knapt seie det føregår noka opplagd omlegging i noko språkdrag som er representert i denne teksten. Sett på

(8)

spissen kan vi dermed seie at det no er på tide at noko skjer att!

Omfanget av endringar kan i dag skifte frå stad til stad slik det truleg har gjort før. Eit tilfelle av ei dramatisk dialektendring skjer i Nore og Uvdal øvst i Numedal i Buskerud fylke (Papazian 1997). Eric Papazian konkluderer med at berre vel lA av ungdomane held på det tradisjonelle bygdemålet, nesten halvparten har gått over til eit sentralaustlandsk bymål, og knapt ein tredel har ei blanding. Vi kan altså seie at eit nytt dialektsys- tem held på og sigrar etter 100 år med innflytting. Vi er i alle fall langt oppe i S-kurva for språkendring. At det her er tale om store språklege sprang, kan vi vise med dei 7 variablane Papazian konsentrerer seg om:

(7) Nore og Uvdal:

Pers.pron

i r e

jei

me

Nektings- adverb ikkje

Presens

søv

B.f. eint.

ZL

myre

Ub.f. fit.

Mask.

hessta hesster

F«, visu

Dei tre første variablane gjeld frekvente enkeltord, dei fire siste gjeld heile grammatiske kategoriar.

Papazian forklarer utviklinga som resultat av stor tilflytting sia tidlig på 1900-talet. Han har ingen nøyaktige tal for heile bygdesamfunna, men i foreldregruppa åt ungdomsinformantane er det 31 innfødde, og 21 innflyttarar. Innflyttarane utgjer altså her 40 %. Og dermed har dei fått så sterkt innpass at det tradisjonelle språkmiljøet har mista 'evna til å natura- lisere innflyttarane', for å bruke eit uttrykk Papazian (1997:180) låner frå Steinsholt (1964:27), som beskreiv Hedrum. Dei som snakkar eit prestisjetungt bymål, er blitt så mange at ein har passert ei kritisk grense, og det er blitt bygdeungdomen som må leggje om språket sitt. Den situasjonen er godt beskriven i denne tabellen (s. 179):

(9)

• m i

S3MSS Si

(10)

(9) &*n&zt

Eldre mål (dialektprosent 100):

/Dan gaungen hetere mi pau badnatei:men, o dau skulde mi vera eime. Nou: trainjje in ie$e lainger o tainC^a pau o sie§a framfø radeiouren. Ei da:g si:r maunge stourt sit bere pau da: sou in kadla ti:vei:/

"Hypotetisk yngre" mål (dialektprosent 0):

/Dan gangen hoirde mi pau barnetei:men5 o dau skule mi vera me. Nou: trainee in i£"$e lainger o tainka pau o sita framfø radeiou:en. Ei da:g se:r mange stourt set bere pau da: sou in kala te:ve/.

Her er det ein viss skilnad. Haugen har rekna med dialektprosent, og første teksten ovafor har dialektprosent 100 og siste har ein dialektprosent på 0! Men ingen informant har 0 i dialektprosent. Dei yngste informantane (mellom 16 og 34 år) har ein dialektprosent på 62,2 og dei eldste (over 60 år) 82,5. Dette er ein forskjell mellom dei yngste og eldste på ca. 20 prosentpoeng. Prosent-forskjellen kan kanskje verke stor med det same, men ein må da hugse at alle fenomen som er heilt like, er haldne utafor reknestykket, og dét er også forklaringa på at ikkje eingong dei eldste har høgare prosent enn 82,5.

Retninga i det som skjer, er nok helst den at det kjem ein del utjamningar med grannedialektane, slik at diftongen ao framom ng/nk går i ein del tilfelle til a, jf. (10). Men han held seg heilt fast, altså 100 %, som ao i andre posisjonar. Palataliseringar av g og k etter /ain/ vik litt, og segmentasjonen av // i trykkstaving (jjedl 'fjell') er noko på tilbakegang, i trykksvak meir (gammadl 'gammal'). Det er berre tre variablar som har over 50 % nyare former: /ø/ > [øy]/y/ framom palatal (f.eks. støkkje >

stykkje), Id/nd - l/n i preteritum av hjelpeverba vilde, skulde, kunde, og ei > i i leksemet inn. Det meste av dette kan kallast leksikalske endringar.

Berre endringa [ø] > [øy] må reknast som system-endring med ein viss frekvens i språket.

(10)

ao > a framom ng/nk 35,8 % palat. etter/ain/ 16,3 % ll>l\ trykkstaving 17,0 %

(11)

// > / i trykklett st. 45,3 % ø>øy framom pal.. 74/9 % Wnd > l/n i vilde, skulde, kunde 64 8 % (Haugen 1998:85.)

4, Geografiske mønster

4.1. Sprang mellom sentrum ('urban jumping')

mgaavc^grepetamiemiaiainberB&Tnidgm(1980:192f.) ogpoeng-

^ e r a t eit nytt dr% spreier s e g M sentrum til senmim før det siv ut di bygdene rundt sentrum. Eit drag går også først ut rrå eit stort sentrum til rmndiesenmim. Dermal kan sprang-mo^

som viser em tyr* a v r ^ g n a d r n e ^ len sja ut som 1 figur (11).

(12)

(11) Sentrumshierarki i Noreg:

Kr.sand Bergen Trondheim Bodø Tromsø

Namsos Steinkjer Levanger Kristiansund Molde

Sunndalsøra Sunndalen

Eitt av eksempla Chambers & Trudgill bruker for å illustrere fenomenet, er spreiinga av den bakre r-en i Vest-Europa, frå storbyen Paris til andre storbyar, som f.eks. København, deretter til Bergen og Kristiansand, og seinare til mindre sentrum, f.eks. Florø og Odda, og så utover på bygdene kring (s. 187ff.)- Dette gir oss eit spreiingsmønster som stemmer bra med det vi også veit om nokre norske dialektendringar dei siste 150 åra.

Spreiinga av øy for au i preteritum av sterke verb 2. kl. har følgt sentruma, dvs. at braut blir til brøyt osv., og i dag har alle byane og ei mengd sentrum fått den nye diftongen (med unntak av Bergen og østfold- byane, som hadde monoftong i utgangspunktet). Den nye preteritumsfor- raa har spreidd seg siste hundreåret, så det burde her vere mogleg å sjekke med kronologien i spreiinga kor godt hierarkiet og modellen med 'urban jumping' stemmer.

Samanfallet mellom sj og kj har også hoppa frå by til by, men det er uklårt korleis retninga har vore. Her har kanskje Bergen vore først ute.

Den spreiinga som foregår nett no, blir det forska meir på, og om ikkje lenge kan vi kanskje teste sprangmodellen og ev. raffinere han.

Chambers & Trudgill (1980) har sjølve laga ein litt meir raffinert modell for å beskrive spranga, nemleg ein formel for påverknadskrafta (I) mellom to stader (i og j), som tek omsyn til geografisk avstand (d), innbyggjartal (P) og kor stor den språklege likskapen er i utgangspunktet (indeksverdi S som aukar med større likskap) (s. 197):

(13)

Med denne formelen kumjulerer dei effekten frå sentruma som ligg over og dreg frå effekten frå sentruma som ligg under (s. 200), og kjem dermed fram til ein verdi som kan brukast til å rangere sentruma på ein skala som viser rekkjefølgja i spreiinga av eit drag, f.eks. bortfall av initial h. Dette reknestykket fungerer bra når ein stiller det opp mot data om den språklege spreiinga i East Anglia. Sameleis fungerer formelen bra på Brunlanes i Noreg der retrofleks § har spreidd seg frå Larvik.

o Chambers & Trudgill er klar over at andre faktorar må dragast inn for å modifisere modellen, f.eks. vil ev. fonologiske samanfall skape mot- stand mot endring og gjere at formlane ikkje predikerer rett resultat. Som dei seier (s. 203):

"This sort of work illustrates the advantages of attempting to develop an explanatory model. In those cases where it does not work we are led to ask why it does not work, and to look for further factors which may promote or inhibit the geographical diffusion of linguistic innovations."

Holdninga åt forfattarane er altså at ein skal vere nøktern og eksperimen- tell, og det ligg ein vitskapleg presisjon i arbeidsmåten ved å isolere kvar faktor for dermed å teste han. Det er fruktbart. Men å kalle dette ein forklaringsmodell ('explanatory model') er for drygt. Modellen er berre beskrivande, men ein kan tolke inn forklaringar i han.

4.2. Legeringsmodellen

Siste hundreåret har det vakse fram mange nye industristader som har fått ein svært rask auke i folketalet, og der tilflyttinga har komme frå mange kantar av landet. På desse stadene blir det på kort tid bygd opp heilt nye samfunn, og språkleg sett er dei i etableringstida ei smeltegryte.

Her manglar det konserverande sosiale presset frå eit språkleg førebilete for nye språkbrukarar. Derfor er det svært interessant å sjå kva dialekmorm som blir skapt når nye språkbrukarar skal orientere seg i slike språklege Beste illustrasjonen på kva blandingsforholdet i legeringa betyr, har vi frå Hardanger i Hordaland, der dei to industristadene Odda og Tyssedal

(14)

blei etablerte tidleg på 1900-talet. Tilflyttinga til dei to stadene var nokså ulik. For Odda- og lyssedal-samfunna kring 1920 kan vi stille opp blan- dingsforholdet! (13):

(13) "Blandingsforhold"

Opphavleg frå Odda 13,8 % Frå Hardanger og

vestlandsbygder 62,9 % Frå Bergen 8,6%

Frå Sentralaustlandet 6,0 % Andre stader frå 8,7%

Tyssedal:

Opphavleg frå Tyssedal 3,4 % Frå Hardanger og

vestlandsbygder 29,9 % Frå Bergen 4,8%

Frå Sentralaustlandet 33,8 % Andre stader frå 28,0%

Vi legg her merke til dei svært ulike tala for tilflytting frå Vestlandet og frå Sentralaustlandet (Sandve 1976, og Sandøy 1985:250f.).3

Vi kan illustrere dei to nye dialektane med bøyingsmønstra i (14):

(14) "Språkleg legering"

Odda:

3. kjerring kjerring-a kjerring-ar

bil-ane sol-ene kjerring-ane vis-ene eple-ne

3Her er tala omrekna for å gjere samanlikninga lettare.

(15)

Tyssedal. ^ bil-er bil-ene 2 sol sol-a sol-er sol-ene

' kierrin- kjerring-a kjerring-er kjemng-ene

:r r r er

5 - e pl _e epl-e epl-er epl-a

4.3. Regionale identitetar

«Da* dgekk .KsåStkdacLl # = TY=«W bM an wudlkta Odd,,* «kopp

talemålsdrag derfrå.

(16)

slik utvikling beskreiv også Steinsholt alt i 1972 (s. 24f. og 100.) Vi skal sjå på fleire stader i landsdelen.

Valdres og Hallingdal

Ei lita gransking frå Valdres viser tydeleg at det blant skoleungane er eit aukande innslag av austlandsk bymål, og det er definert til å vere talemål med jei og ikke i ei gransking som avisa Valdres har gjennomført (17.

april 1998 osv.). Granskinga gir dessverre ikkje nærare språklege opplys- ningar, men ho har ein styrke i å gi eit vidt geografisk oversyn. Interes- sant er det at det ikkje er avstanden til ein by som avgjer endringsprosen- ten. Granskinga ser ut til å peike i den leia at språkendringa er avhengig av talet på innflyttarar i bygda og av samfunnstypen, som kan målast i sentrumsfunksjonar og turistnæring. Her ligg ein inspirasjon til merr nøy- aktige språkleg granskingsarbeid. Men som opplysning om mentaliteten i området kan vi ta med oss ei av dei mange utsegnene om at det er blitt meir vanleg å skifte talemål. Ja, som ein sa det:

"Tidlegare prøvde vi vel helst å dekke over, om vi enkelte gonger endra talemålet vårt - til dømes når vi var ein tur i byen. I dag prøver ikkje ung- domen å skjule at dei vekslar på talemålet." (Valdres 30.4.98 s. 10.)

Frå Hemsedal i Hallingdal fortel Kjell Venås (1996:486):

"Det ser ut til å vera eit fast mønster at i heimar med blanda språkleg bak- grunn hjå foreldra tek borna mest etter den av foreldra som har ein dialekt eller eit talemål som liknar mest på noko talemål som har høg status i sam- funnet, anten ein vil kalle det normalmål, bokmål eller bymål av noko

Østerdalen , _ , . , , . Store endringar finn ein også andre stader: Tynset i Nord-Østerdalen blei byad kring jernbanestasjonen, som komi 1877. Tilflyttinga skaut fart med gruvedrifta som begynte i 1906, og på 1970-talet blei staden eit administrativt sentrum i regionen. Frå nesten ingenting har folketalet vakse til 2300 i denne tettstaden. Ein stor del av dei yngre sentrumsbuane har fått ein dialekt sterkt prega av standardaustlandsk slik at formene i (15) går over til formene i (16):

(17)

(15) Tynset -eldre: l

[æi ice gem sit gtritaji jentan]

'eg' 'ikkje' 'kjem' 'sit' 'gutane" jentene' (16) Tynset-yngre:

[jæ(i) ike komer siter gtrtan jentan]

Her held altså substantivmorfologien på gamle drag som gutan og jentan i motsetning til guttene og jentene i standardaustlandsk, men overgangen er likevel markert og retninga klår. I dette vesle bysamfunnet utviklar det seg eit tydeleg kompromiss med standardaustlandsk. Resultata åt Thoeng- en (1994:4) frå Nes i Hallingdal viser noko av same mønsteret i eit dia- lektkompromiss der.

Men flyttar vi oss lenger sør i Østerdalen til Åmot, får vi stadfesta det som Omdal (1994; 121-122) fann på Agder, at dei sterke og vide regionale språkdraga held seg, f.eks. presens kjem, perfektum partisipp kømme, og jamvektsinfinitivar som kåmmå. Derimot vik drag som diftongering i lowo

< laga og palatalisering som i mannj, for desse draga dominerer ikkje i dalen (Busterud 1996:152f.). Her er det ikkje tale om noko språkleg sprang over til standardaustlandsk, men heller ei regional utjamning.

Telemark

Ei gransking frå Vrådal (Øy 1994) viser svært stor overgang til gren- landsk fonologi og morfologi hos dei yngste, dvs. nabodialektane ved Oslofjorden. Dei gamle bøyingsendingane -i, -ir og -ur i substantiva er borte, og ~er kjem i staden, mens -ar held seg, rotvokalen i supinum be- gynner å følgje infinitiv, og palatalisering av velarar fell:

Endringar i Vradal:

suili > su:la su:lir > sniler vi:sur > vi:ser fune > fim buici > bu:ka

Alt dette kan vi seie representerer forenklingar. Retroflekteringa av r~

samband er neppe noka forenkling, men ho kjem inn også her. Ho står

(18)

elles sterkt i området kring Viådal, så ho er nok ein tydeleg markør av ein austlandsk identitet. Overgangane til det grenlandske språket skjer sterkast hos dei med tilflytta mødrer. (Øy 1994:75ff.)

Det vi no har sett, er at utviklingstendensane ikkje er heilt dei same over heile Austlandet. Det kan tyde på at det utviklar seg underregionar, for standardaustlandsken slår ikkje heilt igjennom alle stader. Nord- og Midt- Gudbrandsdalen er eit tydeleg unntak.

Gudbrandsdalen

At det er geografiske forskjellar, kjem truleg tydelegast fram i Gudbrands- dalen, i alle fall Midt- og Norddalen. Dialekten der kan sjå ut til å vere mindre utsett for endringar enn dialektane i hine dalføra på Austlandet.

Mens det frå Os i Østerdalen går fram at dativen kjem til å forsvinne med dagens 15-åringar(Moseng 1996:136), er det frå VågåiNord-Gudbrands- dalen fortalt om overraskande stor bruk av dativ også hos unge (Øygard

1995:194).

Oppsummering

Det kan verke som sprangmodellen kan vere tenleg å bruke på Austlandet.

Men her skjer det så mange og store endringar at vi treng presise kompa- rative studiar for å sjå kva som eigentleg er likt og ulikt i utviklinga i ev.

underregionar. Kjell Venås (1996:487) nemner at

"Både by- og bygdemål på Austlandet har ein sams austnorsk klang bygd på intonasjon og trykktilhøve, musikalsk og dynamisk aksent. Dette [...] er truleg ein viktig føresetnad for at drag i bymål og sentrumsmål på Aust- landet har lett for å breie seg til flatbygdmål og også fjellbygdmål i den same landsdelen."

Den felles austlandske "klangen" er truleg ein vesentleg restriksjon for cirkumferensen åt standardaustlandsken: Han set grensene for kven som lett kan gå over til dette talemålet utan å dra med seg eit anna geografisk substrat.

b. Utafor Austlandet

Poenget her blir å vise at det i hine landsdelane skjer sjølvstendige re-

gionaliseringar som vi ikkje så lett kan seie er styrte av ein Oslo-do-

minans.

(19)

^^^I^^^^^^^^2^2^^O^2^^^^O^^^2^IO^^^^2^

Oppdal

•snu

Krishna KadgWsågforscgpresasjehieraddet i (17):

(17) Prestisjemodellen:

Bokmålsbasert talemål m/austlandsk uttale Bokmålsbasert talemål m/ikkje-austlandsk uttale

Regionaltalemål

"Finare" bymål Arbeidarklassespråk i byane Bygdedialektane rundt byane

Bygdemål

Ho undersøkte korleis oppdalingane tilpassar seg i samtale med sambygdingar, trondheimarar og osloensarar. Ho fann skiftande indivi-

(20)

noko meir da enn i dei tilfella der dei snakkar med trondheimarar, som dei truleg ikkje føler som så fremmende. Dette gjeld også ein informant som kjenner godt til Oslo-målet pga. butid der og at mora kjem derifrå (s.

Geografisk er jo dette merkeleg, for ein tilpassar seg ein dialekt som geografisk ligg lenger unna Oslo enn eins eigen. Men Karlgård tolkar dette slik at når presset eller ønsket om tilpassing blir sterkt, går infor- mantane eitt hakk opp i hierarkiet av prestisjedialektar, og det er gatesprå- ket eller folkemålet i Trondheim (og ikkje "fintrøndersk"). Dei nyttar altså ikkje høvet til å gå enda høgare opp.

Informantane hennar viste alt i alt overraskande stor vilje til å halde på dialekten sin same kven dei snakka med. Og hennar konklusjon er

"at den økte turisttilstrømningen til Oppdal gir bygda høyere prestisje både innenfor og utenfor bygda. Dette vil i fremtiden være med på å styrke opp- dalsdialektens levevilkår". (Karlgård 1997b:12.)

Eg vil satse noko på den tolkinga at oppdalingane ved språkleg kodeskifte går over til noko dei oppfattar som ei felles trøndernorm. Sjølv dei som kjenner godt til austlandsk, går altså til trøndernorma.

Vi må halde fast i minnet at dette var ei undersøking av kodevekslinga i spesielle situasjonar. Det er ikkje dialektendringa ein studerer direkte, og denne distinksjonen kan vere viktig.

Salten

Salten-dialekten i Nordland er den som har sterkast gjennomført apokope i Noreg. Ei gammal herme derifrå er:

(18) Fauske - eldre mål:

"E kjenn_ ei kånn_ i Fausk_ så fødd_ ått_ høn_ å ein han_, frr_ kvig_ å lik_ mang_ sau_ på eit lit stykkj_ jor å da gras_ ho røskt_ på tak_."

Her har det skjedd omleggingar siste hundreåret. Kjetil Jensen (1997) har sett på dialektendringane i tettstaden Fauske og jamført med bygdene ikring. Mønsteret han kan påvise, er det ikkje ukjende at endringane kjem først i sentrum, og der står apokopen svakast hos dei yngste i dag.

Jensen har laga ei grundig oversikt over endringa i dei grammatiske

(21)

kategoriane. Der viser det seg at apokope i infinitiv, presens, preteritum ogsupmumavverbHg^så nar 100% at ein kan sjå på apokopen som iKdksabdidewc^cdWoaq&xiKK^Svdawaaarqxdksenibeaenxfonn adjektiv ([ fi:n] 'fine'), bestemt form inkjekjønn ([grais] 'graset') og m^elgønnsord på - , ([styc] 'stykke'). Homa vår ovafor er no på ve* t#

a lyde som 1 (19) der berre verba har apokope:

(19) Salten ~ yngre

"E kjenn, ei kanne i Fauske så fødd__ åtte høna å ein hane, fire kviga å like mange saua på eit lite stykkje jor å da grase horøskt_påtake."

Det er interessant å sjå at dette mønsteret svarer til det som er mest utbreidd geografisk : Nordland fylke, og herma er ikkje spesiell lenger for lokalsamfunnet, men for regionen.

Da har altså det nye målet i Salten gjort mange kompromiss med dei nordlandsbygdene som aldri godtok apokope i ein del grammatiske kategoriar.

Lengst sørpå Helgeland ser vi også at apokopen vik etter same mønster swmovaiwiSalien og blk ståande att b ^ i

fra før avhengig av setningsposisjon. No blir han meir fast, det som Halfrid Christiansen har kalla statisk (Christiansen 1950), dvs. som i Fauske o*

dabhr bm faktisk meir frekvent i f.eks. presens av verb der (Mohan"

1995:1230 Det er altså igjen same regionaliseringa, ei utjamning der

^ k o p e bade feU bort em s W og spreier seg a n ( k stader slik ai ein @r kompromiss. Det spennande heretter blir å sjå korleis konflikten med Bodø- d i a k ^ b l i r I ø y s t , f o r d e r e r < W i k S ^

verb (Fiva 1990:213).

Troms og Finnmark

I Troms fylke finst det eit område med ein innvandrarbusetnad frå Aust- landet; i om lag 200 år har austlandsdialektane dominert dei to kommunane Bardu og Målselv. Dei har vore ei svært avstikkande dialektøy i det nordnorske dialektområdet. I dag blir samfunna der integrerte i det re- gionale samkvæmet; dalane i Indre Troms blir knytte til kystområda og dei nordnorske særdraga får innpass, f.eks. blir [ice] til [ice] 'ikkje' o*

[ nøinj til [vno;n] 'nokon' (Mæhlum 1997:76ff.). Her også er det altså den nære regionen som er mønsteret, ikkje det språket som har høgast

(22)

prestisje i landet.

Utviklinga i Indre Finnmark kan tyde på det same. Dei områda som har bhtt norskspråklege siste generasjonane, har hatt eit talemål som tydeleg har henta mønster i bokmålet. Slik Martinussen (1996) framstiller det, tek dette talemålet no opp i seg drag frå dei gamle kystdialektane i fylket^

slik dXjæi, båtene, jentene osv. blir til æ, båtan ogjentan (s. 241 ff.).

Oppsummering

Her ser vi ei stadfesting av det Helge Omdal (1994:121f. og 220) ser teikn på, at det utviklar seg ei språknorm på Agder som byggjer på drag som har vid geografisk støtte. Han undersøkte korleis setesdølar tilpassa seg språkleg i kontakt med kristiandsandarar. Det som skjedde, var meir

"ei avsetesdalifisering av setesdalsmålet enn ei kristiandsandifiserins av det" (s. 220).

I prosjektet Talemålsendring i Noreg ønskjer vi å studere spesielt re- gionaliseringa av dialektane. Det er ein tendens vi har sett i lengre tid at dialektforskjellane mellom dei minste lokalitetane forsvinn til fordel for språkdrag som dekkjer større område. Men region-omgrepet er svært tøye- leg, slik at ein kan få det meste til å stemme. Vi står derfor framfor ei stor utfordring med å definere omgrepet uavhengig av det språklege slik at vi unngår å lage sirkelslutningar. Definisjonen må vere slik at det blir mogleg også å avkrefte påstandar om ein samanheng. Det kan bli for lettvint å seie at der vi ikkje ser påverknad, der har vi komme over til ein ny region.

Vi må truleg la omgrepet 'region' bli styrt av faktorar som kommunikasjon, økonomisk samhandel, kulturell samhandling, skolestruktur osv.

Greier vi å lage eit fruktbart regionsomgrep, og det viser samanheng med språkutviklinga, blir det interessant å sjå på retningane for spreiing, påverknad innafor regionen og kva som skaper vilkåra for eit ønske om felles regional identitet. Det finst eksempel på at det ønsket kan skifte:

Bindalen ligg administrativt i Nordland fylke, men språkleg er kommunen delt mellom nordlandsk og trøndersk. I dag skjer det ei viss språkleg utjamning i kommunen, og det kan sjå ut til at påverknaden sørfrå (frå trøndersk på hi sida av fylkesgrensa) er sterkast, dvs. at ungdomane nær- mar seg trøndersk (Mohan 1995:122).

Her kan også eksempelet med Røros og Tynset nemnast, to tettstader ikkje så langt frå kvarandre verken i kilometer eller i dialekt. Dei ser ut til å fjerne seg språkleg frå kvarandre i dag pga. at dei dregst inn i ulike regionar eller påverknadscirkumferensar. Røros nordover til Trøndelag,

(23)

Hfil

4.4. Sentrum - periferi?

Mi

(24)

(20) Ending i bestemt form fleirtal i "Midt-Noreg"

M-(sterk)-ar M-(sterk)-er M-svakl M-svak2 F-fsterk)-er F-(sterk)-ar F-svakl F-svak2 N-svak Klassar i alt Var. i bi. fit.

Bestemt form fleirtal Sunndalen

-aj.

-a 10 klassar 5 variantar

Trondheim I (eldre)

-en

-an 9 klassar 3 variantar

Sunndals-

- a ,

-a 7 klassar 4 variantar

Kristian-

-an

-en

7 klassar 3 variantar

Molde

-

6klassar lvarian

Trondheim II (yngre)

6 klassar 1 variant

Her representerer rekkjefølgja frå venstre til høgre minkande kompleksitet i morfologien, og bygdemålet i Sunndalen er tydeleg mest komplisert.

Men tradisjonelt trondheimsmål kjem rett etter Sunndalen. Dei mindre byane og sentruma har enklare morfologi. Bymålet på Molde har det absolutt enklaste systemet. Det er tvillaust ein morfologisk forenklings- prosess som går føre seg i sentrums- og bymåla; det ser vi 6g i at moderne trondheimsmål no er på full veg til å få same systemet som moldedialekten.

Dette systemet er nytt i Trondheim (Dalen 1978:14), men på Molde veit vi ikkje om anna system i den tida vi kjenner til eit bymål der. Kan vi da tenkje oss ein påverknad frå den perifere småbyen i Romsdal til storbyen Trondheim? Det vil seie at påverknaden går oppover i hierarkiet i staden for nedover? Neppe, det blir og for enkelt.

Dersom Tromsø bymål også går over til eit forenkla system, er det mogleg også i Nord-Noreg å sjå at dei mindre byane i landsdelen hadde enklare system først (jf. Sandøy 1998).

Her trur eg vi heller må prøve å forstå opphavet at kvart by- og sentrumsmål Forenklingar er typiske produkt av språklege smeltegryter, og di meir intens smeltinga er på eit tidspunkt, di enklare blir legeringa.

Det gamle trondheimsmålet voks sakte, men sikkert fram på trøndersk

(25)

5. Bruksmønster

(26)

gen er det blitt mindre forskjellar (Sandøy 1995). På Austlandet er indi- kasjonane meir uklåre. Frå Larvik blir det rettnok meldt at forskjellane minkar i yngre generasjonar (Dybvik 1994), og det same frå Gjøvik (Even- sen & Tveit 1990:120), men frå bygdemiljø hører vi om det motsette, som vi nemnde ovafor frå Valdres.

Det vi er vitne til i ein del bysamfunn utafor Austlandet, er faktisk ein dramatisk dialektdaude, eller om vi heller vil: ein sosiolektdaude. Det er talemålsvarietetar som går ut av bruk. Det er ei stor språkendring, som vi folkemålsentusiastar kanskje ikkje tek så tungt. For eit par år sia kon- takta ein 80-åring meg og bad om at eg som språkforskar no samla inn materiale om Kalfar-dialekten, dvs. sosietets-språket i Bergen, for no er det ikkje så mange igjen som snakkar det. Dette var eit vemodig faktum som denne 80-åringen erkjente, og eg forstår han godt. Det er ein kultur som forsvinn.

6. Samfunnstypar

Vilkåra er i dag endra for kva som kan fungere som ei samfunns- og kultureining. Det kan ha språklege følgjer. Vi skal sjå på ei bygd som er blitt marginalisert, som kort og godt er i oppløysing som bygd. Det gjeld Eikesdalen i Romsdal, som Dagrun Gjelsvik Austigard har undersøkt (Austigard 1995). Der budde det midt i førre hundreåret knapt 250 men- neske, i 1994 84 personar (s. 28). Her er ingen arbeidsplassar utafor jordbruket. Det folket i ei slik bygd er oppteke av, er om bygda overlever, og kor lenge folk held ut å bu der. Det skaper naturleg nok eit visst mismot.

Giftaremne finn ein ikkje i bygda, slik at mønsteret er at gardgutane hen- tar seg koner utafrå. Mødrene er altså ofte tilflyttarar, dels frå andre romsdalsbygder, dels lenger vekk ifrå. På ekteskapsmarknaden kan ein ikkje ta smålege språkomsyn.

Språkleg har Eikesdalen frå gammalt hatt nokre særmerke i forhold til resten av Romsdal. Det som skjer med språket åt ungane no, er for det første at desse lokale bygdesærdraga forsvinn og felles romsdalsdrag vinn, f.eks. fleire visu > fleire visa, og dei siste restane av etterleddstrykk, av jamvektsuttale og kløyvd infinitiv forsvinn. Dessutan har det komme inn ein del nyare språkdrag som f.eks. næraste bygda, Eresfjorden, ikkje har

(27)
(28)

har eitt fonem mindre, er det ikkje fordi det har samanfall av to fonem i bygdemåla:

(22) Fremre urunda vokalar i Romsdal:

Eikesdalen: Molde:

Id [se:r] Id [se:r] 'ser' [lek, met] 'lek, mett' /£/ [leik] <-^=Z^ZZ^^

2 x ^

J [vei:ti lEi:k]

'

veit

'

leik>

fæl [mæt] e ^ ^ ^ Z —*

/a/ [ma:t] /a/ [ma:t] 'mat'

Bygdemålet har monoftongering av ei, og monoftongen fell saman med refleksen av historisk kort e framom velar og palatal. Derfor har bygdemålet f.eks. samanfall av substantivet leik og presensforma lek. A ta etter bymålet og norsk standardmål her med å ta inn diftongen, blir for komplisert, for da må eitt fonem splittast i to, og den opne æ-en falle saman med kortaUofonen av e-fonemet. Monoftongennga ser faktisk ikkje ut til å vike i noko bygdemål i Romsdal, derimot ser vi at eikesdalsmalet legg seg fremst i ei utvikling vi også sporar i andre romsdalsbygder: Det får samanfall av e og æ til æ. Dette aukar ikkje likskapen med bymålet.

Konklusjonen er at i ei slik lita bygd skal det ikkje mange lnnflytta personar til før det tradisjonelle språklege førebiletet blir skipla for den nye slekta, og forholda ligg til rette for større språkendringa enn i andre større og stabile bygder. Bygda Eikesdalen er "rett og slett for lita al at eit eige språksamfunn kan oppretthaldast der i vår tid" (Austigard 1995:

207.) Den nye dialekten er prega av forenkling i strukturen og av konkrete former som dominerer eit større området i distriktet ikring.

Næraste grannebygda åt Eikesdalen er Eresfjorden. Der var folketalet 454 innbyggjarar i 1994, og det kan lettare utgjere ei kulturell eining. Her er det dessutan arbeidsplassar utafor jordbruka, og dat prosentvise innslaget av Wayttaim er 0 ^

stabilt, og dialekten held seg meir konservativ på alle punkt. Ein ser ilte til dei utviklingane vi fann i Eikesdalen. I Eresfjorden held ungane endatil på den svært lokale flektalsbøyinga/kire viso for det vanlege romsdalske

(29)

SISWS:

(30)

7.1. Språkstrukturene årsaker

a. Kompleksitet og lingvistiske restriksjonar

Ovafor har eg nemnt fleire gonger forenklingsfenomen. Vi ser nok dei lettast. I den tidbolken vi har sett mest på, siste hundreåret, er det neppe komme til nokon ny bøyingskategori. Derimot forsvinn kategoriar og klassar. Trudgill har hevda at språk som er utsette for stor mobilitet, ikkje kan halde på ein komplisert morfologi. Det er ein teori som kan stadfes- tast mangstad i Noreg, jf. (20) ovafor. Utfordringa vår er å byggje ut og presisere ein slik forenldingsteori.

Det finst også ekspansive drag i Noreg som neppe kan kategoriserast som forenklingar, slike som spreiinga av retrofleksar. Men det gjeld fonologien.

I norsk dialektforsking finn vi og idear om lingvistiske restriksjonar.

Arne Torp har presentert ein hypotese om at fremre r og retrofleksar skyr kvarandre: "Ingen dialekt som har retrofleksar eller skarre-r frå før, vil få det andre fenomenet seinare, unntatt dersom dialekten også har r-voka- lisering." (Torp 1997:43.) Dette er ein svært interessant hypotese, og den store testen foregår på Noregs-kartet akkurat i vår tid. Dersom hypotesen blir styrkt - og det trur eg han blir - vil det vere interessant å prøve å kople denne fonologisk-geografiske komplementariteten til ein eller an- nan lingvistisk universell parameter.

b. Tilfredsstiller utviklinga lingvistiske parametrar/universalium?

Av nyare, men liknande interesse er dei chomskyanske prinsipp- og para- meterteoriane der ein ser for seg at fleire språkdrag heng saman som bundlar pga. at dei er universalgrammatisk nærskylde, og det vil igjen seie at dei har felles føresetnader i den biologisk-genetisk utvikla språkevna hos menneska. Dei nordiske dialektane er blitt utnytta som materiale til å teste hypotesar om slike språklege bundlar. For eksempel skal det vere ein samanheng mellom fire krav i AGR-parameteren:

(24) AGR-parameteren:

1) obligatorisk subjekt-verbal-kongruens, 2) ikkje-obligatorisksubjektutfylling,

3) ikkje-obligatorisk at subjektet skal stå i nominativ, og 4) obligatorisk plassering av setningsadverbial etter finittet.

(Nordgard & Åfarli 1990:106ff.)

(31)
(32)

er det mogleg å drive det som er kalla 'mikrokomparativisme' (jf. Christen- sen 1996), som nettopp har metodiske fordelar når ein skal teste kva grammatiske fenomen som er knytte til kvar univers algrammatisk parameter. Om eg og mange andre nordmenn er avvikarar i forhold til AGR-teorien, så er vi ikkje noko motbevis enno. Eg trur språkutviklinga går i retning av det som AGR-teorien føreset, dvs. at setningsadverbialet meir og meir fast blir sett framom Snittet i leddsetningar. Da er språkend- ringa nettopp ei stadfesting av teorien. Det er klart at når ein skrur AGR- brytaren frå + til -, kan ikkje språket endre seg på eit blunk. Det er ikkje slik ein skal forstå teorien.

Det er spennande no å sjå om det er slik at det er bestemt at språk- endringa i min dialekt må gå i den retninga at adverbialet skal stå framom fmittet i leddsetningar. Dette viser at språkendringar er grammatisk sett interessante, for dei kan fungere som testar på generelle teoriar. Ei oppfølging av AGR-teorien må gå ut på å studere om det geografiske området for den gamle plasseringa av setningsadverbialet svarer godt til det området som framleis viser kongruens mellom subjekt og verbal. (I Noreg er det Hallingdal som har kongruens med fmittet, og vestlandsk som har kongruens mellom "logisk subjekt" og perfektum partisipp i pre- senteringskonstruksjonar.) Eg har ikkje svaret på dette, men eg ser godt at forskarane bør skunde seg inn i språklaboratoriet - for reaksjonane i reagensrøra er godt i gang. I historisk perspektiv skal svensk ha skifta parameterverdi kring 1700, hevdar Platzack. I norsk er endringsprosessen enno ikkje avslutta, og eg kan nemne at dansk er i ein parallell situasjon, der det er påvist at prosessen starta på 1400-talet, og han er enno ikkje avslutta, etter det Pedersen (1996) skriv.

7.2. Samfunnsmessige årsaker

Når det gjeld dei ikkje-språklege forklaringane til dialektendring, er mange i dag opptekne av at det er identifiseringsfunksjonen åt språket som er viktigast. Faktorar som 'prestige' og 'covert prestige' er berre realisering- ar av identifiseringsfunksjonen. Dette er ein sosialpsykologisk innfalls- vinkel, og ein ser det slik at individet bruker språket som identitetshand- lingar, eller 'acts of identity'. Desse teoriane kjenner vi godt, og eg skal ikkje gå meir inn på dei her.

Med den sosialpsykologiske innfallsvinkelen er vi på mikroplanet ved

(33)

^ ^

ftsHiB •smi

• 5

(34)

innfødde foreldre snakkar stø halling, mens 80 % av ungane åt innflyttarane snakkar mest standardaustlandsk. Her er tydeleg biletet eit anna enn i Sogn (Thoengen 1994:4.).

Ikkje alle flyttar ut. Mange flyttar og heim att. Korleis oppfører dei seg? Steinsholt som gjennomførte dei klassiske granskingane i Hedrum (1964 og 1972), laga omgrepet 'språkmisjonærar' som omfatta m.a. byg- defolk som hadde vore ute or bygda på arbeid og så kom heim att. Dei tok med seg bymålsdraga inn i bygdemålet.

Her og er det truleg geografiske variasjonar, og kanskje har også tida forandra seg. Haugen såg f.eks. på om informantar som hadde opphalde seg utafor Sogn og så komme heim att, oppførte seg annleis språkleg ein dei fullstendige "heimfødingane". Den vesle forskjellen ho fann, var at dei "heimkomne sønene og døtrene" faktisk skåra litt høgare i dialekt- prosent, men utslaget var ikkje signifikant. I alle fall kan dei ikkje her, slik som i Hedrum-granskinga åt Steinsholt, kallast språkmisjonærar. Same resultatet som i Sogndal ser ein også i andre granskingar. Tilsvarande interessant er det at dei høgast utdanna informantane frå Setesdalen var dei som forandra dialekten minst i granskinga åt Helge Omdal (1994:

229). Heimvende bygde- og byungdomar utgjer ein stor del av mobiliteten.

Ein heilt fersk nasj onal statistikk viser at halvparten av dei som flyttar ut frå ein kommune, kjem heim att og buset seg der kanskje for resten av livet. Den språklege åtferda deira kan vere svært viktig for dialektutvik- b. Med dei moderne kommunikasjonsformene kan idear og impulsar spreie seg raskare enn nokon gong før. Folk på dei ytste skjera kan vere Uke raskt oppmerksame på dei kulturelle nyheitene og dei språklege motane som folk på Frogner i Oslo. I dag er landsbygda mentalt urbanisert, er det blitt sagt. Forskjellane mellom det nirale og urbane er blitt viska bort.

Det veit vi eigentleg lite om, men her Ugg kanskje største spenningsmo- mentet når det gjeld framtida. Hittil har det vore ei slags jantelov som har konservert dialektsamfunna, for den sosiale fellesskapen har kravd lojalitet og solidaritet også språkleg. Moderniteten opphevar jantelova, for no kan individet velje og lage sin eigen identitet med å plukke særdrag liksom varer frå hyllene på ein supermarknad. Lokal tilhørsle betyr ingenting, blir det sagt. Dette kan bli spennande for språkutviklinga, for vi kan i så fall få inn nye dimensjonar. Globaliseringa gjer at individa opnar seg mot

(35)

^ c m h p p ^ o v e r d c t n a s j o n a l e n i v å e t i hierarkiet, og det må vel o^så bay at em kan hoppe over det nasjonale standardspråket. Er det tale om a bh tospråkleg med lokal dialekt og engelsk, treng ikkje Dialekt-Noreg bh utsett for nye krefter. Sprang direkte M 'bygda til vada' har mange

utført før. 6

Eit siste poeng er at det ikkje er tvingande nødvendig å bruke språket som idenbtetsmarkør; om ein gjer det og kor sterkt, er tydelegvis kulruravhengig. Spørsmålet blir da: Kan vi oppleve at sprake/bet/lite

^ ^ ^ ^ ' ^ ^ ^ & I g e # n o k o , m e n e g e r o p e n f o r a E o g s å

5. Noko nytt under sola?

Det eg har lagt fram her, byggjer på den føresetnaden at språket betyr noko for menneska og samfunnet, og kjem til å gjere det. Når eg stiller meg litt på avstand og ser på utviklingane i dei norske dialektane i dag tenkjer eg ofte på at dette er jo ein fullstendig parallell til det som må ha skjedd pa f.eks. 1200-talet. Da også opplevde vi regionaliseringar. Den tjukke 1-en gjekk som ei farsott over landet og etablerte enda ein dialekt- forskjell mellom austnorsk og vestnorsk. Men offensiven var så stor at han blei ikkje stoppa før eit stykke inne på vestnorsk område. I dag skjer det tilsvarande med skarre-r-en. Han har snart blitt eit fellesdrag for sørvestlandsk, og før opposisjonen har samla troppane sine, har han oerså erobra ein del av Nordvestlandet. Men han blir nok stoppa - slik at vi får ei ny interessant dialektgrense ved Stadlandet.

Sigrid Undset formulerte si interesse for fortida på denne måten:

'Ti sed og skik forandres meget, alt som tiderne lider og menneskenes tro forandres og de tanker anderledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres a l d d a i n t a i a n e d ^ " ( f o , # ^

av det runde bord, 1915 s. 252.)

Inntil vidare satsar eg på at Undset har rett.

(36)

LITTERATUR

Akselberg, Gunnstein 1995. Fenomenologisk dekonstruksjon av det labov- milroyske paradigmet i sosiolingvistikken. Ein analyse av sosioling vistiske tilhøve i Voss kommune. 1-2. [Dr.art.-avhandling.] Bergen:

Nordisk institutt.

Andresen, Bjørn Stålhane 1980. Palato-alveolareri Bergensmålet. I: Maal og Minnes. 88-101.

Austigard, Liv Dagrun Gjelsvik 1995. Eikesdalen - eit marginalt språk samfunn. [Utrykt hovudfagsavhandling.] Trondheim: Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.

Bakås, Marie 1998. "Egentli så ha'kke vi nå dialækt oppå hær ..." - Talemålsendring i Tynset sentrum. I: Riss 1 s. 65-74.

Beito, Olav T. 1958/1973. Drag av utviklinga i hallingmålet dei siste mannsaldrane. I: Svenska Landsmål och Svenskt Folkliv 8 s. 1-42.

Bustemd, Lise 1996. Variasjonar i åmotdialekten - med særleg vekt på kjønns-, alders-, og geografiske skilnader. [Utrykt hovudfagsavhand- ling.] Oslo.

Bynon, Theodora 1977. Historical Linguistics. (Cambridge textbooks in linguistics.) Cambridge: Cambridge University Press.

Chambers, J.K. & Trudgill, Peter 1980. Dialectology. (Cambridge text- books in linguistics.) Cambridge: Cambridge University Press.

Christensen, Kirsti Koch 1996. Mikrokomparativismeogmålføresyntaks.

I: Nordica Bergensia 9-1996 s. 15-23.

Christiansen, Hallfrid 1950. Geografisk oversyn over den nordnorske apokope. I: Ernst Håkon Jahr/Olav Skare: Nordnorske dialektar 1996, Oslo: Novus. S. 93-99.

Christoffersen, Marit 1992. Kan man kjeske på bløtkake? I: Jostedals- rjupa. Festskrift til Gudlaug Nedrelid. Bergen: [Eige forlag.]

Dalbakken, Liv Osnes 1996. Distinksjonen kje/sje i lydendringsperspek- tiv. En empirisk undersøkelse av barns og unges beherskelse av distinksjonen kje/sjei Trondheim. [Utrykt hovudfagsavhandling.] Oslo.

Dalen, Arnold 1978. Trondheimsmålet. Trondheim: Nidaros Mållag.

Dalen, Arnold 1990. Trondheimsmålet på 1600-talet. I: Det Kgl. Norske Videnskabers Selskabs Forhandlinger 1990 s. 39-46. Trondheim.

Djupedal, Reidar (red.) 1958. Ivar Aasen. Brev og dagbøker. 2. Oslo:

Samlaget.

Dybvik, Mette 1994. Larvik-målet: en dialektologisk og sosiologisk

(37)
(38)

1996:238-248.

Marøy, Beate Husa 1998. Ei sosiolingvistisk gransking av talemålet på vestlandsøya Fedje. [Utrykt hovudfagsavhandling.] Bergen.

Milroy, James 1992. Linguistic Variation & Change. Oxford: Blackwell.

Mohan, Venke Astrid Gangstø 1995. Morfologiske endringer i Bindalsmå- let. [Utrykt hovudfagsavhandling.] Oslo: Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.

Moseng, Bodil 1996. Bruk av dativ blant unge i Os i Østerdalen - en dialektologisk og sosiolingvistisk undersøkelse. [Utrykt hovudfagsav- handling.] Oslo: Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.

Mæhlum, Brit 1997. Dialekter i Målselv og Bardu. Målselv: Målselv Mållag.

Nesse, Agnete 1994. Kollektiv og individuell variasjon i bergensdialekten.

(Talemål i Bergen 5.) Bergen: Målføresamlinga, Nordisk institutt.

Nordgard, Torbjørn & Tor A. Åfarli 1990. Generativ syntaks.

Ei innføring via norsk. Oslo: Novus.

Omdal 1994. Med språket på flyttefor. Språkvariasjon og språkstrategier blant setesdøler i Kristiandsand. (Skrifter utgivna av institutionen for nordiska språk vid Uppsala universitet 35.) Uppsala: Institutionen for nordiska språk.

Osnes, Liv 1992. Er det sjedelig å gå på sjino i Oslo ? [Mellomfagsoppga- ve i nordisk.] Bergen: Nordisk institutt.

Papazian, Eric 1994. Om sje-lyden i norsk» og ombyttinga av den med kje-lyden. I: Norskrift nr. 83.

Papazian, Eric 1997. Dialektdød i Numedal? Om språkutviklinga i Nore og Uvdal. I: Maal og Minne s. 161-190.

Pedersen, Inge Lise 1996. "Der kan jo være nogen der kan itte tåle det".

Om hovedsætningsordstilling i bisætninger. I: Bent Jul Nielsen & Inge Lise Pedersen (red.): Studier i talesprogsvariation og sprogkontakt.

Til Inger Ejskjær på halvfjerdsårsdagen den 20. maj 1996.

København: Reitzel. S. 242-251.

Platzack, C. & A. Holmberg 1989. The Role of AGR and Finiteness. I:

Working Papers in Scandinavian Syntax 43. Lund: Lunds universitet.

Revheim, Irene 1997. Sosiolingvistisk variasjon i Sund kommune på Sotra.

[Uttrykt hovudfagsavhandling.] Bergen: Nordisk institutt.

Sandve, Bjørn Harald. 1976. Om talemålet i industristadene Odda og Tyssedal: Generasjonsskilnad og tilnærming mellom dei to målføra.

[Utrykt hovudfagsavhandling.] Bergen: Nordisk institutt.

(39)

Sandøy, Helge 1985. Norsk dialektkunnskap. Oslo: Novus.

Sandøy, Helge 1989. Holdningar til bydialektar i Noreg. I; Tijdschrift voor Skandinavistiek 10 é. 59-80.

Sandøy, Helge 1995. Sociolinguistic patterns in Bergen. I: International Journal of the Sociology of Language. Sociolinguistics in Norway

115 s. 109-124.

Sandøy, Helge 1998. The Diffusion of a New Morphology in Norwegian Dialects. I: Folia Linguistica. XXXII/1-2 s. 83-100.

Schmidt, Johannes 1872. Die Verwantschaftsverhåltnisse der indoger- manischen Sprachen. Weimar: Bøhlau.

Skolseg, Ellen: "Egentlig så ha'kke vi no'n spessiel dialekt" I: Språklig Samling 2 s.5-7.

Skaar, Kjell Arne 1985. Ei sosiolingvistisk gransking av målet til yngre, midaldra og eldrei nabobygdene Brattvåg og Hildre. [Utrykt hovud- fagsavhandling.] Bergen: Nordisk institutt.

Slethei, Kolbjørn 1981. Mer om palato-al veolarer i bergensmålet. I: Maal og Minne s. 194-204.

Steinsholt, Anders 1964. Målbryting iHedrum. (Skrifter frå Norsk Målfø- rearkiv 19.) Oslo: Oslo-Bergen-Tromsø: Universitetsforlaget.

Steinsholt, Anders 1972. Målbryting i Hedrum 30 år etter. (Skrifter frå Norsk Målførearkiv 26.) Oslo - Bergen -Tromsø: Universitetsforla- Thoengen, Vigdis 1994. Hallingmål eller bokmål? I: Språklig Samling

nr. 2 s. 3-4.

Torp, Arne 1988. "Hu skøyt høl i huet'. Noen tanker om 'udanna øst- norsk.'" I: Språklig Samling nr. 4 s. 6-9.

Torp, Arne 1997. Fonologisk regionalisering - spesielt om skarre-r og retrofleksar. I: Nordica Bergensia 13-1997 s. 29-50.

Tunheim, Arne 1990. Talemålsutvikling på Giske, Godøy og Alnes. Ei språkgeografisk og sosiolingvistisk gransking. [Utrykt hovudfagsav- handling.] Bergen: Nordisk institutt.

Venås, Kjell 1996. Hemsedal. Historisk oversyn over samfunn og språk i ei norsk innlandsbygd. I: Mats Thelander o.a. (red.): Samspel &

variation. Språkliga studier tillågnade Bengt Nordberg på 60-årsda- gen. Uppsala: Institutionen for nordiska språk. S. 479-490.

Øy, Sonja 1994. Kvar går vrådalsmålet? [Utrykt hovudfagsavhandling.]

Oslo: Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.

Øygard, Helen 1995. Dativ i Vågå-målet. Bruken hjå eldre og yngre i

(40)

dag. [Utrykt hovudfagsavhandling.] Oslo: Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.

Aarsether, Finn 1984. E syns alle folk snakka likt el En studie av tale- målsvariasjon i Ålesund bymål. [Utrykt hovudfagsavhandling.] Oslo:

Nordisk institutt.

Aasen, Ivar 1851. Søndmørsk Grammatik eller kortfattet Underretning om Bygdemaalet paa SøndmØr. Eegsæt.

(41)

Folkmålsstudier 39

Meddelanden från Foreningen for nordisk filologi Helsingfors 2000

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

– Kvinnehelse er et fagområde som formidler kjønnsspesifikk, medisinsk kunnskap forankret i klinisk, biologisk og epidemiologisk forskning, forklarer Berit Schei, som i 1998 ble

Kwa kipindi kijacho ni vyema kujizuia kula vyakula na kunywa vyinywaji vyenye sukari mara kwa mara kwa siku Kwa kipindi kijacho sioni umuhimu wa kujizuia kula vyakula na kunywa

De som ikke hadde kunnet vente ute i bilene de minu ene det tok før de slapp til, ville likevel ikke ha overlevd, sier Kristiansen og berører dermed noe av det vanskeligste i

Tore Tønne er mer forbauset over likhetene enn ulikhetene mellom bedrifter i offentlig og privat sektor: – Fellestrekkene er at vi snakker om høy grad av kompleksitet ved alle

– Kvinnehelse er et fagområde som formidler kjønnsspesifikk, medisinsk kunnskap forankret i klinisk, biologisk og epidemiologisk forskning, forklarer Berit Schei, som i 1998 ble

– utvikling av ett europeisk område for høyere utdanning innen 2010... Hvorfor har vi fått mastergrader i

Situasjonen blir da at retten legger til grunn saksøkers versjon av saken og at saksøkte kommer i samme stilling som hvis han/hun ikke hadde innvendinger mot saksøkers krav –

Ling Merete Kituyi kjemper for sivile og politiske re igheter i Kenya, særlig er hun engasjert i arbeidet for torturofre.. Ifølge Amnesty International ble det utført tortur i 132