HØRING –DEMENSPLAN 2020 STORD KOMMUNE
Administrasjonen i Stord kommune har sett på demensplan 2020, og gjev denne uttalen. Uttalen vil bli lagt fram for politisk behandling i komité for rehabilitering, helse og omsorg 28. september. Merknader frå utvalet vil verte ettersendt.
Demensplan 2020 byggjer vidare på 2015, men regjeringa har vektlagt å skaffe fram synspunkt og erfaringar frå dei som har demensjukdom og deira pårørande, gjennom dialogmøter hausten 2014, i tillegg til å nytte oppdatert kunnskap.
Demensplan 2020 identifiserer 6 område med særleg behov for ytterlegare innsats: førebygging, kunnskap og kompetanse, diagnostisering og oppfølging etter diagnose, fleksible og differensierte aktivitets- avlastningstilbod, tilpassa tenester gjennom heile sjukdomsforløpet, samt deltaking og involvering
Ut frå desse områda, har demensplan 2020 fem strategiske hovudgrep:
1. Førebygging – det som er bra for hjertet, er bra for hjernen 2. Diagnose til rett tid, og oppfølging etter diagnose
3. Aktivitet, mestring og avlastning
4. Pasientforløp med systematisk oppfølging og tilpassa tenestetilbod 5. Involvering og deltaking
Merknad:
Stord kommune ser positivt på Demensplan 2020. Det er gode tiltak i planen, og vi ser at nokre av dei alt er implementert i vår kommune, mens andre tiltak dekker behov vi opplever presserande. Vi har notert oss at ein har hatt
regionsvise høyringar der personar med demenssjukdom og deira pårørande har gjeve innspel til planen. Dette er veldig bra. Vi kommenterer kvar av dei
strategiske hovudgrepa for seg.
Førebygging:
Både individ og samfunn har mykje å hente ved å i verksetje tiltak knytta til kosthald, fysisk aktivitet og levekår. Etablert NCD- strategi 2013-2017 (for
førebygging, diagnostisering, behandling og rehabilitering av fire ikkje-smittsame folkesykdommer; hjerte- og karsykdommer, diabetes, kols og kreft) vil og gje effekt i høve førebygging av demens; det som er godt for hjertet, er godt for hjernen!
Fall blant eldre kan gje betydeleg reduksjon i helse og livskvalitet. Regjeringa legg opp eit mål om 10% reduksjon i antall hoftebrot innan 2018.
Fallførebygging skal inkluderast i arbeidet med kvalitetsindikatorar, heimebesøk, pasienttryggleiksprogram og tverrsektoriellt folkehelsearbeid.
Regjeringa legg opp til at førebyggjande heimebesøk skal vere utbredt i kommunane innan 2020. Det vil verte utarbeidd vegleiingsmateriell og eit rundskriv om førebyggjande heimebesøk.
Merknad:
Den største utfordinga i å få til førebygging, ligg i prioritering av ressursar.
Regjeringa forutset at alle tiltaka i demensplanen (med unntak av
kopmpetanseheving) skal skje ved omprioritering av eksisterande ressursar.
Gevinsten ved førebygging kjem kanskje ikkje i aktuell sektor, og som regel på eit seinare tidspunkt. Så spørsmålet er om ressursar til førebygging burde øremerkast i ein periode?
Diagnose til rett tid og oppfølging etter diagnose
Diagnostisering er avgjerande for å få rett behandling og oppfølging. Mange opplever å få diagnose – men utan at det vert sett i verk noko form for
oppfølgjing. Demensplan 2020 påpeiker at mange personar med demens har eit samansett sjukdomsbilete, og kan ha trong for koordinerte og fleirfaglege
tenester, dvs at dei har rett til å få utarbeidd individuell plan. I følgje planen skal den einskilde vere sikra utreding og diagnostisering med mistanke om demenssjukdom, og det skal vere eit system som ivaretek oppfølging etter diagnostisering.
Merknad:
Å få til ei god oppfølging etter diagnose, vil sannsynlegvis vere god førebygging på sikt. Vi ser positivt på at regjeringa legg opp til å utvikle og prøve ut modellar for korleis systematisk oppfølging etter diagnose kan gjerast. I praksis ser vi at det for kommunen kan vera vanskeleg å få «tak i» dei som er utreda i
spesialisthelsetenesta,. Fastlegen får sjølvsagt epikrise, men kontakt opp mot kommunens helse og omsorgstenester uteblir. Vårt demensteam opplever frå tid til annan at pårørande reknar med at demensteamet skulle ha kontakta dei på eit tidlegare tidspunkt, men demensteamet kjenner ikkje til pasienten.
Stord kommune er med i prosjekt «Tiltakspakke demens» i regi av Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse, der ein prøver ut månadleg
oppfølgingssamtale med brukar og pårørande. Dette gjeld brukarar både med og utan pleie og omsorgstenester. Utfordringa er å finne ressursar til desse
samtalane når det gjeld brukarar utan tenester. Dette er god førebygging, men blir eit prioriteringsspørsmål å få til.
Aktivitet, mestring og avlastning
Det vert lagt opp til at kommunane innan 2020, vil få ei lovfesta plikt til å tilby eit tilrettelagd aktivitetstilbod for personar med demenssjukdom. Det vert og peika på at pårørande sin innsats er avgjerande for eit godt liv. Pårørande har trong for avlastningstilbod, og desse bør i følgje demensplan 2020, vere fleksible og individuellt tilpassa. Frivillig innsats gjennom pårørandeskular og
samtalegrupper blir peikt på viktig for å gje kunnskap og støtte til pårørande.
Merknad:
Stord kommune har hatt tilrettlagd dagaktivitetstilbod for personar med demenssjukdom sidan 1990 talet. Tilbodet er vidareutvikla og differensiert gjennom tiltak i demensplan 2015. Lokal demensforening i samarbeid med kommunen, har hatt pårørandeskular gjennom mange år. Vi slutter oss til at dette er sentrale tiltak som er med på å gjere kvardagen for brukar og
pårørande, og merker oss ordninga med tilskot til dagaktivitetstilbod vil fortsetje inn i den nye planperioden.
Pasientforløp med systematisk oppfølging og tilpassa tenestetilbod
I denne strategien trekker planen fram informasjonsarbeid i heile samfunnet, gjennom ein informasjonskampanje frå helsedirektoratet. Frivillig sektor skal involveres, og det skal utarbeidast opplæringspakkar for ulike deler av
samfunnet. Bedrifter og andre aktører vil inviteres inn.
Planen legg opp til utprøving av ulik organisering/arbeidsform i heimetenester, for å kunne bistå personar med demenssjukdom på ein betre måte. Det vert lagt opp til opplæring av tilsette i helse og omsorgstenestene i kommunane, m.a gjennom vidareføring av Demensomsorgens ABC og Miljøbehandlingens ABC.
Utbygging av botilbod skal fortsetje gjennom dagens tilskotsordning, og ein forutset at nye/rehabiliterte plassar vert universelt utforma og tilpassa mennesker med kognitiv svikt, og tilrettlagt for framtidas velferdsteknologi.
Regjeringa vil gjennomføre eit kompetanseløft for å bidra til fagleg sterke kommunale helse- og omsorgstenester, og vil komme tilbake til dette i statsbudsjettet for 2016.
Merknad:
Stord kommune har sidan 2010 organisert heimebaserte tenester til
heimebuande personar med demenssjukdom i eiga avdeling med fast personale på dag og kveld 7 dagar i veka. Slike alternative modellar gjev betre kontinuitet for brukarane og gjere det lettare å ha spisskompetanse på området. Det er positivt at regjeringa legg opp til kompetanseheving.
Det er viktig at det vert sett av tilstrekkelege midlar i statsbudsjettet til at ein både kan heve den generelle kompetansen om demenssjukdom i tenestene våre, men det må og setjast av midlar til spisskompetanse på området. Tenesta er
personalintensiv, og skal ein nå breitt ut, trengs det vikarmidlar for å få til eit kompetanseløft.
Vi vil og peike på at 2. linjetenesta (generelle avdelingar på sjukehusa) har behov for kompetanseheving i høve demenssjukdom. Sjølv om det er eit mål at pasienten skal få leve og bu i eigen heim eller institusjonsplass mest mulig, så hender det at ein må innom sjukehus.
Involvering og deltaking
Regjeringa ynskjer at personar med demenssjukdom og deira pårørande skal ha innflytelse på tenestetilbod og delta i samfunnet, kunne påverke og gje innspel til samfunnsutviklinga. Ein legg opp til å utvikle verktøy for å involvere og
medverke ved utforming av tenestetilbodet, og få på plass kvalitetsindikatorar som er basert på brukar og pårørandeerfaringar.
Merknad:
Stord kommune ser positivt på at ein legg opp til å utvikle verktøy som t.d brukar og pårørandeundersøkjingar retta mot desse målgruppene. Dette vil kunne gjere det lettare å få til involvering.