• No results found

Innst. 55 S (2010–2011) Innstilling til Stortinget fra justiskomiteen

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Innst. 55 S (2010–2011) Innstilling til Stortinget fra justiskomiteen"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Innst. 55 S

(2010–2011)

Innstilling til Stortinget fra justiskomiteen

Prop. 129 S (2009–2010)

Innstilling fra justiskomiteen om samtykke til inngåing av avtale mellom EU og Island, Liech- tenstein, Noreg og Sveits om deltakinga til desse statane i arbeidet i komiteane som assisterer Europakommisjonen under Schengen-regelver- ket

Til Stortinget

Sammendrag

Noreg har saman med Island, Sveits og Liechten- stein forhandla fram ein avtale med EU som fastset vilkåra for retten dei tilknytte statane har til deltaking i arbeidet med utfyllande Schengen-regelverk. Med tilknytte statar meiner ein her dei statane som deltek i Schengen-samarbeidet utan å vere medlemer i EU.

Avtalen skapar gjensidige rettar og plikter i forholdet mellom EU og kvar av dei tilknytte statane.

Gjennomføring av avtalen krev løyvingsvedtak.

Det er difor nødvendig at Stortinget samtykkjer til inngåing av avtalen med heimel i Grunnlova § 26, andre ledd.

Av tidsmessige grunnar vert det teke sikte på at avtalen vert underteikna og godkjend etter at Stortin- get har gjeve sitt samtykke.

Hovudinnhaldet i den nye avtalen er at Noreg vert sikra deltaking i noverande og framtidige komi- tologi-komitear under Schengen-samarbeidet. Med- lemsstatane er sikra innverknad på arbeidet i Kommi- sjonen med utfyllande regelverk ved at komitear av nasjonale ekspertar assisterer Kommisjonen når han utøver delegert styringsmakt. Det er dette komitésys- temet som går under namnet komitologi.

Noregs representantar får møte-, tale- og for- slagsrett, men ikkje røysterett. Det er berre EU-

organa som har makt til å gjere vedtak. Kommisjonen skal òg uformelt søkje råd frå norske ekspertar på same måten som for ekspertar frå medlemsstatane.

Når Kommisjonen gjer bindande vedtak, skal han gje melding om dette til Noreg, som på sjølvstendig grunnlag tek stilling til om innhaldet i regelverket skal godtakast. Først når Noreg har gjeve melding til Kommisjonen om slik godtaking, blir innhaldet i regelverket bindande mellom Noreg på den eine sida og EU og medlemsstatane i EU på den andre sida.

Det er lagt opp til at avtalen skal kunne tre i kraft mellom Noreg og EU uavhengig av kva tid dei andre tilknytte statane godkjenner han. Dersom avtalen sei- nare skulle opphøyre med verknad for ein annan til- knytt stat, får det ingen konsekvensar for Noregs avtale med EU.

Kostnaden ved deltaking i arbeidet med komito- logi skal fordelast mellom alle deltakarane etter den fordelingsnøkkelen som er nedfelt i Schengen-avta- len. På det tidspunktet avtalen trer i kraft, inneber dette ein årleg kostnad for Noreg på ca. euro 14 000, som tilsvarar ca. NOK 120 000 ved ein kurs på 8,5.

Referansebeløpet skal justerast årleg basert på pris- stiginga. Dersom seinare endringar i arbeidsmengda gjer det nødvendig, skal dessutan referansebeløpet justerast av partane ved avtale i form av brevveks- ling. Dersom avtalen vert inngått, inneber dette altså ei binding av den årlege løyvingsmakta ved at Noreg forpliktar seg til å innbetale slike årlege bidrag så lenge avtalen står ved lag.

Det er etter departementets vurdering viktig for Noreg å delta i arbeidet med komitologi for å sikre at norske synspunkt og interesser vert varetekne i den kontinuerlege forvaltinga og vidareutviklinga av Schengen-regelverket. Praksisen som har utvikla seg til no, og som avtalen baserer seg på, har ikkje bydd på problem for Noregs deltaking.

(2)

2 Innst. 55 S – 2010–2011

www.stortinget.no A/S O. Fredr. Arnesen

Justis- og politidepartementet tilrår at Noreg inn- går avtale mellom EU og Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits om deltakinga til desse statane i arbeidet i komiteane som assisterer Europakommi- sjonen under Schengen-regelverket. Utanriksdepar- tementet sluttar seg til dette.

Merknader fra utenriks- og forsvars- komiteen

Komiteens utkast til innstilling ble 19. oktober 2010 oversendt utenriks- og forsvarskomiteen til uttalelse. Utenriks- og forsvarskomiteen opplyste i brev av 27. oktober 2010 at komiteen sluttet seg til innstillingen og ikke hadde ytterligere merknader.

Komiteens tilråding

K o m i t e e n , m e d l e m m e n e f r a A r b e i - d e r p a r t i e t , J a n B ø h l e r , S i g v a l d O p p e -

b ø e n H a n s e n , S t i n e R e n a t e H å h e i m , T h o r L i l l e h o v d e o g T o v e - L i s e T o r v e , f r a F r e m s k r i t t s p a r t i e t , H a n s F r o d e K i e l l a n d A s m y h r , M o r t e n Ø r s a l J o h a n - s e n , Å s e M i c h a e l s e n o g l e d e r e n P e r S a n d b e r g , f r a H ø y r e , A n d r é O k t a y D a h l o g A n d e r s B . W e r p , f r a S o s i a l i s t i s k V e n s t r e p a r t i , A k h t a r C h a u d h r y , o g f r a S e n t e r p a r t i e t , J e n n y K l i n g e , har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

v e d t a k :

Stortinget samtykkjer i inngåing av avtale mel- lom EU og Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits om deltakinga til desse statane i arbeidet i komiteane som assisterer Europakommisjonen under Schengen- regelverket.

Oslo, i justiskomiteen, den 9. november 2010

Per Sandberg Åse Michaelsen

leder ordfører

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Statens sivilrettsforvaltning har fullmakt til å avvise saker helt eller delvis, dersom de gjelder for- hold som etter fast praksis ikke gir grunnlag for rett- ferdsvederlag..

Det er først og fremst samfunnets og etatens be- hov sett i forhold til kriminalitetsutviklingen, som skal legges til grunn for utdanning av tjenestemenn og -kvinner til

juni 2010 på spørsmål fra stortings- representant Hans Frode Kielland Asmyhr om stats- råden vil ta initiativ overfor Stortinget ved å forby bruk av symboler som hijab, kors eller

Det vart òg i 2011 gjennomført fempartsforhand- lingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland, og inngått ein avtale for 2012.. Det var òg

Det vart også i 2010 gjennomført fempartsfor- handlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland, og ein fireparts- avtale for kolmule vart

Det er ikkje inngått ein fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regule- ring av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust- Atlanteren for 2003.. Noreg

Derfor er det fremforhandlet en tilknytningsavtale med EU for Norge og de øvrige assosierte stater: avtale mellom Det europeiske fellesskapet, Island, Norge, Sveits, og Liechtenstein

Det positive ved at det er forankret i fylkeskommunen, er at fylkeskommunen ikke bare har ansvaret for videre- gående opplæring og voksenopplæring, men også er en viktig