• No results found

“Audit” på eigen sjukmeldingspraksis

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "“Audit” på eigen sjukmeldingspraksis"

Copied!
14
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

“Audit” på eigen sjukmeldingspraksis

Aurland 20.06.12 Lars Moland

(2)

Bakgrunn

Ny intensjonsavtale om eit meir inkluderande arbeidsliv 01.03.10 – 31.12.13 vart framforhandla mellom regjeringa og partane i arbeidslivet vinteren 2010

Eit mål i avtala er at sjukefråveret i landet under eit ikkje skal overstiga 5,6% (20% under 2001-nivå)

Ein ønskjer kortare varigheit på sjukmeldingsperiodane og meir bruk av gradert sjukmelding

Som eit av fleire tiltak for å oppnå målsettingane i avtala har ein utvikla eit system for regelbunde attendemelding til sjukmeldarar (legar o.a.) på eigen sjukmeldingspraksis.

Systemet vart lansert i nov. 2011

Meir om avtala finn du her:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/ad.html?id=165

(3)

Attendemelding på eigen sjukmeldingspraksis

Systemet er elektronisk og ein koplar seg på ved hjelp av buypass (nivå 4 autentisering). Det er lenker frå

alle EPJ

Utvalde NAV-tilsette har tilgang, men statistikken skal ikkje nyttast til kontroll av sjukmeldingspraksis

Ein finn i statistikken opplysningar om:

pasientlista

varigheit og gradering av sjukmeldingar og sjukefråverstilfelle

alt brote ned på kjønn, alder, næring og diagnose

Ein kan samanlikna med andre i same sjukmeldargruppe

(4)

Definisjon

Intern ”audit” i allmennpraksis:

Ein studie av delar av strukturar, prosessar eller resultat av medisinsk arbeid i allmennpraksis som vert utført av dei som er personleg

engasjerte i den aktuelle verksemda, og som har som mål å finna ut om fastsette mål er oppnådde, og gjennom det vurdera kvaliteten av

helsetenestene som vert ytt.

(Sheldon 1982)

(5)

Audit

Definisjon av problem

Kva er ”best practice” ?

Innhenting av eigne data

Refleksjon og kritisk vurdering Endringsforslag

Implementering Resultatvurderi

ng

Ny innhenting av data

(6)

Definisjon av problemet

Ein stiller spørsmål ved eigen sjukmeldingspraksis, til dømes:

Sjukmelder eg for ofte eller for sjeldan?

Er sjukmeldingane eg skriv for langvarige?

Er eg nøgd med korleis eg nyttar gradert sjukmelding?

Nyttar eg ofte nok feltet for melding til arbeidsgjevar på sjukmeldingsblanketten?

Korleis er sjukmeldingspraksisen min for pasientar med psykiske lidingar? Med muskelskjelettplager?

Skil praksisen min seg vesentleg frå andre som det er naturleg å samanlikna seg med?

(7)

Kva er ”best practice”?

Det finst ikkje kunnskapsbasert lærdom om kva som er ”rett” sjukmeldingspraksis.

Men ved å sjå på eigne data og samanlikna med andre legar i kommunen/fylket, kan ein få eit inntrykk av kva som er rimelege

målsettingar.

(8)

Innhenting av eigne data

Statistikk over eigne sjukmeldingsdata samanlikna med andre i same

sjukmeldargruppe finn ein på NAV;

https://tjenester.nav.no/statistikkforsykmelder

(9)

Eigne data

Ein bør fyrst gjera seg opp ei meining om særdrag ved eigen pasientpopulasjon og eigen praksis. Det er særleg viktig med tanke på at ein skal samanlikna seg med andre sjukmeldarar. Korleis er til dømes

listelengda

andel pasientar i arbeidsfør alder

alderssamansetnad generelt

høvetal mellom kvinner og menn

særdrag ved populasjonen si yrkestilknyting

tal år ein har jobba i praksisen

deltaking i vakt og sjukmeldingspraksis på vakt

(10)

Refleksjon og kritisk vurdering

Reflekter over og sjå på eigen sjukmeldingspraksis med eit kritisk blikk, i lys av korleis

pasientpopulasjonen og praksisen er. Lag målsettingar for kva du vil oppnå på bakgrunn av

problemstillingane du ha skissert.

Læringseffekten og potensialet for endring er truleg størst dersom du gjer dette i ei kollegagruppe der alle legg fram eigne data.

(11)

Endringar og implementering

Definer konkret moglege endringar i praksis, sett i samanheng med målsettingane du har sett opp .

Døme kan vera at bruken av gradert sjukmelding skal auka til eit visst nivå, gjennomsnitteleg varigheit av

sjukmeldingstilfella skal ned til eit visst nivå.

Ta med endringsframlegga attende til

dagleglivet på kontoret og gjennomfør dei!

Ein kan ha nye møte i kollegagruppa undervegs for å sjå korleis det går.

(12)

Ny innhenting av data

Sjå på sjukmeldingsstatistikken din på ny etter til dømes 9 eller 12 månader. Er det vorte endring i den retninga du ønskte?

(13)

Resultatvurdering

Vurder resultatet og diskuter det eventuelt på nytt møte i kollegagruppa der alle legg fram resultata sine.

(14)

Lukke til!

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Metoden for innhenting av data vil i all hovudsak vere det kvalitative intervjuet, der me (informanten og eg) tek føre oss aktuelle emne kring endring og variasjon

Når eg interesserer meg for korleis den einskilde arbeidaren erfarer sin eigen kropp og slik forstår seg sjølv og omgjevnadane sine, og sin eigen og arbeidarklassens situasjon, vil

MARIA: Det er klart når du har elevane to timar i veka i første klasse på yrkesfag, og som regel har du dei ikkje, iallfall eg som ikkje har engelsk eller naturfag, eller nokon

Sidan informantane fortel at dei i liten grad er opptekne av elevane sine innspel, og at dei berre «litt» legg til rette for elevmedverknad i vurderinga i praksis, kan det sjå ut

Borgarar frå rurale strøk har derimot gjerne blitt kjenneteikna av å vere meir konservative enn folk frå urbane områder og dermed meir opptatt av dei tradisjonelle

› Mange pårørande altfor slitne når dei søkjer hjelp frå helsetenesta. › Mange pasientar er svært sjuke når dei

I Samarbeid mellom små og store vesen vart det skapt eit verk som ikkje liknar noko anna kunst eller andre objekt som finst ved skulen. Verket trakk til seg merksemd frå langt fleire

Ser ein på universalgrammatikken som eit brytarpanel, som Busterud og Eide (2015:53), så kan vi her sjå for oss at finittkategorien er ein eigen parameter som har ein eigen brytar