• No results found

FAGLÆRERUTDANNINGI KROPPSØVING

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "FAGLÆRERUTDANNINGI KROPPSØVING"

Copied!
65
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Rammeplan for

FAGLÆRERUTDANNING I KROPPSØVING

Fastsatt 01.07.99 av

Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

(2)

INNHOLD

1. LÆRARUTDANNING ... 3

1.1 DEI ULIKE UTDANNINGSVEGANE ... 4

1.2 FRÅ BARNEHAGE TIL VAKSENOPPLÆRING ... 5

1.3 Å VERE LÆRAR ... 11

1.4 OPPGÅVER OG MÅL FOR LÆRARUTDANNINGA... 16

2. FAGLÆRERUTDANNING I KROPPSØVING ... 22

2.1 FORMÅL OG EGENART... 23

2.2 OPPTAKSKRAV OG STUDIEGRUNNLAG ... 24

2.3 INNHOLD OG ORGANISERING... 25

2.4 VEILEDNING OG VURDERING ... 25

2.5 FRITAK... 27

2.6 FRA RAMMEPLAN TIL FAGPLAN ... 28

3. RAMMEPLAN FOR STUDIEENHETENE I UTDANNINGEN ... 29

3.1 PEDAGOGIKK ... 30

3.2 PRAKSISOPPLÆRING ... 37

3.3 AKTIVITETSLÆRE ... 44

3.4 FAGTEORETISK BASISSTOFF... 52

3.5 FAGDIDAKTIKK ... 57

3.6 FORDYPNINGSARBEID... 61

4. FORSKRIFT OM FAGLIG INNHOLD OG VURDERINGSORDNINGER FOR FAGLÆRERUTDANNING I KROPPSØVING ... 64

(3)

1. LÆRARUTDANNING

(4)

1.1 DEI ULIKE UTDANNINGSVEGANE

Pedagogisk arbeid i barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring krev lærarar med solid profesjonell kompetanse på ei rekkje

område. For å ivareta alle desse områda finst det fleire typar lærarutdanning. Dei ulike lærarutdanningstypane har mykje til felles, men utdanningsvegane skil seg frå

kvarandre m.a. ved korleis dei rettar seg mot arbeid i ulike delar av opplærings- systemet og ved ulik vekt på fagleg breidd eller fordjuping.

Førskolelærarutdanninga er ei treårig utdanning som kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage, med 6-åringar i grunnskolen og med barn på tilsvarande

utviklingstrinn i andre institusjonar og i skolefritidsordningar. Utdanninga omfattar pedagogisk teori og praksis og fagleg-pedagogiske studium i ei rekkje fag. Den

fagleg-pedagogiske delen inneheld også ei valbar fordjuping i eitt fag, fagområde eller arbeidsområde. Det blir som regel lagt stor vekt på tverrfagleg organisering av

utdanninga. Med eitt års vidareutdanning retta mot arbeid med barn i alderen 6-9 år, kan førskolelærarar tilsetjast for arbeid på heile småskoletrinnet i grunnskolen.

Allmennlærarutdanninga er ei fireårig utdanning som i hovudsak er retta mot peda- gogisk arbeid i grunnskolen, og som m.a. førebur for klasselærarfunksjonar. Ho kvalifiserer også for undervisning av vaksne i grunnskolefag. Utdanninga består av ein obligatorisk kjerne med pedagogikk, praksisopplæring og sentrale grunnskolefag, der fagstudium er kombinert med fagdidaktikk. Utdanninga gir i det fjerde året høve til å velje emne som rettar seg mot ulike fag og fagområde, mot spesielle

arbeidsoppgåver eller mot spesielle trinn i grunnskolen.

Faglærarutdanninga er til vanleg treårig og omfattar fleire spesialiseringar med stor grad av fagleg fordjuping. Studiet omfattar pedagogikk, praksisopplæring og

fagstudium som i hovudsak er konsentrerte til eitt eller nokre få fag eller fagområde. I fagstudiet inngår fagdidaktikk. Utdanninga kvalifiserer for undervisning på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskolen, i vidaregåande opplæring, i ulike typar

vaksenopplæring og i anna frivillig opplæring. For nokre fag og fagområde, særleg i praktiske og estetiske fagområde, kvalifiserer utdanninga også for småskoletrinnet.

Yrkesfaglærarutdanninga er treårig. Hovudmodellen byggjer på generell studiekom- petanse, fagbrev, sveinebrev eller tilsvarande yrkesutdanning frå vidaregåande opplæring og praksis frå yrkeslivet. Den treårige utdanninga omfattar pedagogikk, praksisopplæring, ein fagleg del og fag- og yrkesdidaktikk. Desse til saman gir yrkesfaglærarane ein felles basis og utdanning både i breidda og djupna. Denne utdanninga gir grunnlag for pedagogisk arbeid i vidaregåande opplæring og

vaksenopplæring, og kan gi kompetanse for å undervise i enkelte fag på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskolen.

Praktisk-pedagogisk utdanning er ei eittårig utdanning der studentar som har fullført ulike fagstudium, kan kvalifisere seg for lærargjerninga. Denne lærarutdanninga byggjer på studium av universitets- og høgskolefag eller på ei yrkesutdanning kombinert med yrkesteori og praksis frå yrkeslivet. Praktisk-pedagogisk utdanning omfattar pedagogikk, praksisopplæring og fag- eller yrkesfagdidaktikk. Lærarar som

(5)

tek praktisk-pedagogisk utdanning, har vanlegvis ei utdanning med stor grad av fagleg fordjuping. Utdanninga kvalifiserer m.a. for arbeid med enkeltfag på mellomtrinnet, på ungdomstrinnet i grunnskolen, i vidaregåande opplæring og i vaksenopplæring.

Samisk førskolelærarutdanning og samisk allmennlærarutdanning er i hovudtrekk oppbygd og organisert som anna førskole- og allmennlærarutdanning, men har lagt stor vekt på samisk språk og kultur. Samisk lærarutdanning har som mål å utdanne lærarar for det samiske samfunnet. Utdanninga skal leggje til rette for at samiske elevar skal kunne bevare og vidareutvikle sitt språk, sin kultur og sitt samfunnsliv.

Lærarutdanninga gir fullverdige og likeverdige kvalifikasjonar for å arbeide som lærarar både i det samiske samfunnet og i storsamfunnet. Fordi Noreg har den største delen av den samiske befolkninga i Norden, har vi eit spesielt ansvar for den samiske befolkninga. Derfor er samisk lærarutdanning lagt til rette også for studentar frå Sverige og Finland.

Eit særtrekk ved norsk lærarutdanning er ulike lærarutdanningstypar som gir overlappande mogelegheit for tilsetjing i forskjellige delar av opplæringssystemet.

Tabellen som følgjer, viser arbeidsområde og tilsetjingsmogelegheiter for ulike lærarkategoriar.

Barnehage Grunnskole Vidaregåande

0-5 år

Småskoletrinn 6-10 år

mellomtrinn 10-13 år

Ungdomstrinn 13-16 år

opplæring 16-18 (19) år Førskolelærarar

Allmennlærarar Faglærarar Prakt ped utd:

- allmennfag - yrkesfag

Utdanninga er generelt sikta mot

Mogelegheit for tilsetjing dersom læraren har spesielle fag eller ei spesiell utdanning (m.a. vidareutdanning) Tilsetjing avgrensa til nokre fag

Innanfor gjeldande forskrifter for tilsetjing er ein slik overlappande kompetanse meint å gi skoleeigarar den nødvendige fridomen til å setje saman lærarkollegium med utgangspunkt i behova ved den enkelte skolen.

Lærarutdanninga er ein del av Noregsnettet for høgre utdanning. Det inneber at utdan- ninga ved dei ulike lærarutdanningsinstitusjonane har klare fellestrekk som er med på å sikre enkle overgangar mellom institusjonane. Samtidig er institusjonane ulike ved at dei har kvar sin faglege profil og kvar sine faglege spesialitetar. Dette fører til mangfald og gir mogelegheiter for fagleg og pedagogisk spesialisering for studentar som ønskjer det.

1.2 FRÅ BARNEHAGE TIL VAKSENOPPLÆRING

(6)

Lærarutdanningsinstitusjonane har eit hovudansvar for å dekkje samfunnet sitt behov for kvalifiserte lærarar som kan arbeide med sikte på å realisere dei intensjonane og måla som er

gitte for verksemda i opplæringssektoren. Dei ulike utdanningsvegane til læraryrket ber preg av særtrekk ved det nivået i opplæringssektoren som studentane blir utdanna for. Pedagogisk arbeid har likevel mange og klare likskapar på tvers av område og nivå. Det som er felles for alt lærararbeid, må derfor gjenspeglast i all lærarutdanning.

Nokre viktige perspektiv på opplæring som bør inngå i alle former for pedagogisk verksemd, kan samanfattast slik:1

Livslang læring

Kvar generasjon må få den opplæringa som skal til for å kunne ta hand om sitt eige liv, meistre oppgåver saman med andre og ta ansvar i heim, yrke og samfunn.

Opplæringa skal leggjast til rette med tanke på eit livslangt læringsperspektiv. God samanheng mellom barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring og mellom grunnutdanning og etter- og vidareutdanning vil hjelpe til med å leggje forholda til rette for eit livslangt læringsløp. Dei ulike trinna i opplæringa, frå barnehage til vaksenopplæring, vil ha ulikt innhald og byggje på ulike tradisjonar, men skal samla utgjere ein heilskap. Opplæringa må på alle trinn motivere for vidare læring og utvikling.

Barnehagen er frivillig, men dei fleste barn har gått i barnehage eitt eller fleire år før skolestart. Måla og innhaldet for verksemda er omtala i rammeplan for barnehagen.

Planen byggjer på ein pedagogikk som gir barn stor fridom i leik og utfalding, og som sameinar omsorg, tilsyn og læring. Barnehagen skal vere tilpassa lokale forhold, og skal gi gode og trygge vilkår for utvikling og aktivitetar i nær forståing og i nært samarbeid med heimen. Han skal avspegle dei verdiar og den kultur samfunnet byggjer på, og vise respekt for verdigrunnlaget i heimen. Barnehagen legg vekt på vekst og utvikling hos det enkelte barn. Det er lagt stor vekt på å utvikle

basiskompetanse i sosialt samspel og kommunikasjonsevne. Læring i barnehagen går føre seg i uformelle kvardagsaktivitetar, men også i situasjonar styrde av vaksne.

Mykje av opplæringa har samanheng med fag som barna seinare vil møte i skolen.

Grunnskolen omfattar alle barn i alderen 6-16 år. I læreplanverket for den 10-årige grunnskolen og det samiske læreplanverket står overordna mål, prinsipp og

retningslinjer for opplæringa. Planverket inneheld også læreplanar for faga. Samtidig som læreplanverket er fagdelt, skal ein stor del av arbeidet gå føre seg på tvers av fag.

Det er lagt vekt både på temaorganisering av innhald og på prosjektarbeid.

Grunnskolen har fått eit klart medansvar for oppvekstmiljøet til barn og unge, m.a.

har den fått ansvar for å gi barn i alderen 6-9 år tilbod om omsorg og tilsyn ut over skoledagen og skoleåret i den grad barna og foreldra ønskjer det. Arbeidet i

1 I det følgjande er ordet elev nytta om barn og unge i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring og vaksne i vaksenopplæring. Foreldre er nytta som nemning både på foreldre og andre føresette. Ordet opplæring omfattar barnehage, skole og bedrift, og ordet lærar omfattar førskolelærar, allmennlærar, faglærar og lærar med praktisk-pedagogisk utdanning i allmennfag eller i yrkesfag.

(7)

grunnskolen er organisert i tre hovudtrinn, kvart med sitt særpreg både når det gjeld innhald og arbeidsmåtar. Med tanke på å sikre gode overgangar for elevane er det viktig å ivareta samanhengen mellom desse hovudtrinna, mellom barnehage og grunnskole og mellom grunnskole og vidaregåande opplæring.

All ungdom mellom 16 og 19 år har lovbestemt rett til tre års vidaregåande opplæring som anten gir yrkes- eller studiekompetanse. Læreplanverket for vidaregåande

opplæring omfattar generelle og fagspesifikke mål for opplæringa. Den kompetansen elevane og lærlingane skal arbeide mot, er gitt gjennom mål og hovudmoment.

Læreplanane er gjennomgåande for alle åra, og på yrkesfaglege studieretningar skal opplæring i skole og bedrift eller institusjon utgjere ein fagleg og pedagogisk einskap.

Allmennfagleg opplæring gir studiekompetanse med mogelegheit for ulike typar fordjuping. Yrkesfagleg opplæring omfattar breie grunnkurs og fleire allmenne fag, og ho gir høve til eit vidt spekter av spesialiseringar fram til fag- og sveinebrev eller anna yrkesutdanning. Den yrkesfaglege og den allmennfaglege opplæringstradisjonen er no knytt nærare saman enn tidlegare. Alle studieretningar har nokre felles modular i allmenne fag. Dette kan medverke til å skape felles referanserammer, og det gjer det også mogeleg å kombinere yrkesopplæring med studiekompetanse.

Det finst også opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne. Slik tilrettelegging vil m.a.

innebere val av innhald, arbeidsformer og vurderingsformer med tanke på å utnytte den erfaringa som vaksne har frå arbeids- og dagleglivet. Læring basert på omfattande bruk av kommunikasjons- og informasjonsteknologi (IKT), kan vere spesielt aktuelt i ein slik samanheng. Vaksne må dessutan ha mogelegheit til å dokumentere kunnskap og dugleik som dei har tileigna seg utanfor det formelle opplæringssystemet.

Føremålet er å gi open og brei tilgang til alle typar opplæring og til å kunne få dokumentert ulike typar kompetanse, alt i eit livslangt læringsperspektiv.

Samanhengen mellom grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring med felles mål og intensjonar kjem spesielt fram i den felles generelle delen av læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring.

Ein stor del av barn, unge og vaksne deltek i frivillig opplæring av ulike typar.

Musikk- og kulturskole, opplæring innan idrett, foreiningsliv, ulike former for hobbyverksemd og forskjellige former for friundervisning er viktige supplement til anna opplæring. Dette er også viktige ledd i eit system for livslang læring.

Menneskesyn og verdiar

Kristen tru og tradisjon pregar vår historie og vår samtid. Samtidig er dei

humanistiske verdiane, representerte ved m.a. demokratiske og menneskerettslege prinsipp, ein naturleg del av verdigrunnlaget. Det norske opplæringssystemet byggjer på det synet at menneske er likeverdige, og at menneskeverdet er ukrenkjeleg.

Opplæringa skal baserast på grunnleggjande kristne og humanistiske verdiar som likeverd, menneskekjærleik og solidaritet. Ho skal gjere barn og unge fortrulege med vår felles kulturarv og medverke til å klargjere etiske prinsipp og normer. Samtidig skal ho førebu for eit samfunnsliv som er basert på fridom og sjølvstende for den

(8)

fremje respekt og toleranse for ulike kulturar og livssyn, og dermed motverke diskriminerande haldningar. Ho skal dessutan fremje moralsk ansvar for det

samfunnet og den verda vi lever i. Ho skal gi den enkelte hjelp til å realisere seg sjølv på ein måte som kjem fellesskapet til gode.

Opplæringa skal lære dei unge til å forstå moralske krav og bli fortrulege med det moralske fellesgodset i vår kultur. Dei skal lære å skilje mellom rett og gale, sant og falskt, godt og vondt og kunne ta ansvar for eigne handlingar. Opplæringa skal også vise at mennesket mot betre vitende kan handle på tvers av kva som er rett og sant og til skade for eigne og andre sine behov. Opplæringa må gi livstru og fundament som kan bere gjennom dei tilbakeslaga, krisene og konfliktane som livet byr på. Elevane må bli tekne på alvor, også når dei mislukkast, og få høve til å reise seg og byrje på nytt.

Dei verdiane som er nedfelde i kulturen, har ofte eit samansett opphav og røter i svært ulike tradisjonar. Dei har vorte utvikla gjennom debattar og brytingar, som ofte har medverka til å skape einskap og fellesskap på tvers av oppfatningar og overtydingar.

Normer, etikk, sed og skikk kan endrast over tid, og ulike samfunn har ulike reglar for livsførsel. Slike reglar kan gjennomgå endringar og vil ofte vere gjenstand for debatt, refleksjon og kritikk. Opplæringa må klargjere skiljet mellom varige verdiar og normer og reglar som kan endrast, slik at barn og unge både får faste rettesnorer og mot til å ta eigne val.

Opplæringa byggjer også på prinsippet om at det er foreldra som har hovudansvaret for oppsedinga av barna. Derfor skal barnehage og skole arbeide i forståing og samarbeid med heimen.

Syn på læring

Læring går føre seg i familieliv, fritid, barnehage, skole og arbeidsliv. Barn har naturleg trong til å lære. For små barn er sosialt samspel og leik ei grunnleggjande livs- og læringsform. Barn er nysgjerrige og motiverte for å skaffe seg nye erfaringar og kunnskapar gjennom leik og utforsking av omgivnadene sine. Det er den gleda barn viser i leik og andre skapande aktivitetar, opplæringa skal byggje vidare på.

Opplæringa skal gi høve til å utfalde seg ut frå eigne føresetnader og i samvær med andre. Læraren skal vere ein ressurs for barn og unge i læringsprosessen og leggje til rette for initiativ og gi fridom til val. Etter kvart som elevane blir eldre, skal dei ha eit aukande ansvar for eiga læring. Opplæringa skal ta omsyn til særtrekk i interesser og åtferd hos gutar og jenter. Ho skal ta utgangspunkt i barn og unge si evne til

innleving, oppleving, deltaking, erkjenning og meistring. Ho skal ta sikte på at dei unge tileignar seg kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som gir grunnlag for meistring i kvardagslivet i skole, heim, arbeids- og samfunnsliv - også i eit samfunn som stadig er i fornying.

Eit slikt læringssyn byggjer på at elevane er nysgjerrige, har initiativ, har lyst til å utvikle seg og til stadig å lære og prøve noko nytt. Samtidig som opplæringa skal syte for tryggleik og trivsel hos elevane, er ho forplikta til å gi elevane utfordringar i

(9)

samsvar med læreplanane. Ho skal utfordre motivasjonen til elevane og styrkje lysta deira til å gå laus på oppgåvene.

Opplæringa skal fokusere på læring og utvikling hos elevane og syte for at dei har høve til medverknad og individuell utfalding. Læring er eleven eller lærlingen sitt eige verk. Barn, unge og vaksne skal vere aktive, handlande, medverkande og

sjølvstendige. Det skal leggjast opp til produktive aktivitetar der utviklinga skjer som ein konsekvens av ein læringsprosess med vekt på initiativ, eigen skapartrong, samvær og samspel, og der det blir gitt høve til leik og til utforskande, skapande og praktiske arbeidsformer.

Tradisjonar for læring gjennom oppleving, arbeid og søking etter innsikt skal takast vare på. Opplæringa skal knytast til praktisk virke og til læring gjennom erfaring, og elevane skal møte teoribasert kunnskap. Opplæringa må samtidig vere forankra i kulturelle tradisjonar.

Fellesskap og tilpassing

Alle har same rett til opplæring uavhengig av bustad, sosial bakgrunn, kjønn, alder, etnisk bakgrunn og funksjonsevne. Det skal vere ei likeverdig og tilpassa opplæring for alle i eit samordna opplæringssystem. Barnehage og skole skal vere ein møteplass der elevane skal vere, virke og lære i fellesskap. Fellesskapstanken blir realisert gjennom utbygging av barnehagar i alle kommunane i landet og gjennom eit opplæringssystem med grunnleggjande like god kvalitet i alle delar av landet.

Opplæringa skal formidle erfaringar frå tidlegare generasjonar, markere ei historisk forankring og ta vare på vår felles kunnskaps- og kulturarv. Med nye minoritetar i norsk barnehage og skole må dei kulturelle felleselementa famne vidare og omfatte andre kulturar. Opplæringa skal leggje vekt på felles referanserammer og gi grunnlag for forståing og fortolking. Ho skal også gi grunnlag for å kunne ta aktivt del i

fornying og vidare utvikling innan kultur- og yrkesliv.

Opplæringa skal fremje både nasjonalt og lokalt fellesskap. Læreplanane gir rom for nasjonalt mangfald og sjølvstende, profesjonalitet og fagleg skjøn for institusjonen og lærarane. Opplæringa skal vere prega av lokal aktivitet, slik at initiativ og kreativitet blant lokale krefter kan utnyttast. Både barnehage og skole skal leggje vekt på å styrkje kunnskapen om og tilknytinga til lokalsamfunnet, naturen, lokal kunst og kultur, næringar, tradisjonar og levesett.

Kravet om likeverd blir først oppfylt når det blir teke omsyn til at elevane er ulike i høve til m.a. kulturell bakgrunn, evner, interesser og kjønn. For å kunne ta omsyn til

ulikskapar i bakgrunn og føresetnader må opplæringa vere romsleg og inkluderande.

Opplæringa skal tilpassast slik at alle blir respekterte og får høve til å oppleve glede ved å lukkast, og kunne meistre dei utfordringane dei får. Nokre elevar vil trenge ekstra oppfølging og hjelp både fagleg og sosialt. Opplæringa skal medverke til at alle får utnytta evnene sine, får eit positivt sjølvbilete og blir motiverte til innsats og til vidare læring og utvikling. Mangfald i bakgrunn og interesser må møtast med mangfald i

(10)

Allsidigheit og spesialisering

Ramma for barn og ungdom sine opplevingar og erfaringar er i rask endring. Frå tidleg barndom blir mykje av tida brukt i ei organisert tilvere i ulike

opplæringsinstitusjonar og gjennom styrde fritidsaktivitetar. Opplæringa må derfor føre til ei allsidig utvikling hos den enkelte, med vekt på læring, sosialisering og identitetsutvikling. I samspel med andre skal barn få høve til å utvikle ein

basiskompetanse i sosial handlingsdugleik og evne til kommunikasjon i vid forstand.

Dette skal skje i samspel med andre. Opplæringa skal både gi mogelegheit for fysisk- motorisk utvikling, utvikling av kunnskapar og evner, av personlege og sosiale eigenskapar og av etiske og estetiske perspektiv hos den enkelte. Samtidig skal opp- læringa etter kvart som elevane blir eldre, gi mogelegheit for spesialisert kompetanse tilpassa ulike yrke og studium. Eit overordna siktemål er at opplæringa skal medverke til å utvikle “det integrerte mennesket”.

Gjennom eit engasjerande utviklings- og læringsmiljø, som styrkjer elevens sjølvrespekt og tru på eigne føresetnader, skal opplæringa halde ved like og stimulere lysta til å lære meir og til å gå laus på nye og ukjende oppgåver. Opplæringa må gjennom arbeid med grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter gi føresetnader for vidare læring. Ho må gi elevane høve til å prøve ut og bruke ferdigheitene og kunnskapane sine. Ho må vidare fremje miljømedvit og forståing for at vi har eit felles ansvar for å sikre ei berekraftig samfunnsutvikling. Opplæringa skal gi innsikt i demokrati og setje den enkelte i stand til å påverke sin eigen situasjon. Samtidig som alle elevar må utfordrast til allsidig læring og utvikling, må dei også utfordrast til fordjuping og spesialisering. Dette kan skje gjennom ulike differensieringstiltak, prosjektoppgåver, tilval i grunnskolen og gjennom val av studieretning og fag i vidaregåande opplæring.

Utviklinga i samfunns- og yrkeslivet fører til endra kunnskapsbehov i dei fleste typar yrke. Dette stiller krav til høg kompetanse i befolkninga både av allsidig og

spesialisert art, til etisk refleksjon og til evne til å kunne ta initiativ og fornye seg.

Samisk språk og kultur

Samisk språk og kultur er ein viktig del av norsk historie og samtid. Å leggje til rette for å ta vare på og vidareutvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv er ei sentral oppgåve for opplæringa på alle nivå. Opplæringa har eit todelt sikte.

For samiske elevar skal opplæringa vere med på å fremje samisk identitet og funksjonell tospråklegheit. Det samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen medverkar til at opplæringa tek vare på og vidarefører den samiske kulturarven. Opplæringa skal ta vare på og vidareutvikle tradisjonar og kunnskapar som samla utgjer det samiske samfunnslivet og kulturfellesskapet. Samtidig skal opplæringa førebu elevane til å fungere godt i det samiske, det norske og det internasjonale samfunnet.

Andre elevar skal få innføring i samisk kultur og samfunnsliv som ein del av fedrelandet sin kultur. Samisk språk, kultur, historie og samfunnsliv er ein del av lærestoffet i

(11)

læreplanar for fag i grunnskolen. Samisk litteratur inngår dessutan i norskfaget for alle elevar i vidaregåande opplæring.

1.3 Å VERE LÆRAR

Læraryrket

Læraryrket er samansett og krevjande. Arbeidet som lærar heng nøye saman med personlege eigenskapar og evner lærarar har til å skape sosialt samspel mellom menneske - og dermed kunne tilretteleggje og leie læringsprosessar. Yrket har som føresetnad at utøvaren har omfattande kunnskap, dugleik og innsikt henta frå fleire ulike kunnskapsområde. Det er forventa at lærarane kan opptre både som

fagekspertar, kunnskapsformidlarar, rettleiarar, omsorgspersonar, oppdragarar og verdiformidlarar på ei og same tid. Vektlegginga av desse funksjonane er ulik alt etter særpreg på opplæringsinstitusjonen og alderen og funksjonsnivået til elevane.

I historisk perspektiv har dei ulike funksjonane som inngår i læraryrket, også vore tillagde ulik vekt og tyding. Dette blir klart gjenspegla i oppfatninga av læraren som kunnskapsformidlar og kunnskapskjelde i skolen. Mens denne funksjonen tidlegare blei sett på som den viktigaste, er det i dag andre sider som er minst like viktige.

Lærarane er ikkje lenger den fremste kjelda til kunnskap slik som i tidlegare tider. I dag kan elevane sjølve innhente kunnskap m.a. frå bøker, radio, fjernsyn og gjennom datakommunikasjon. Det inneber at elevane kan ha ei langt meir aktiv rolle enn tidlegare, og dei har derfor fått eit større ansvar for eiga læring. For lærarane inneber dette at tilretteleggings- og rettleiingsfunksjonen er blitt viktigare.

Lærarar i barnehagen har alltid lagt vekt på det aktive barnet og i stor grad valt fagleg innhald etter barn sine interesser og behov. Rammeplanen for barnehagen har i tillegg gitt barnehagen eit meir forpliktande innhald. Dette fører til at lærarar i barnehagen i større grad enn tidlegare også må fokusere på dei fagområda barna skal møte.

Omfattande endringar i samfunns- og familiestrukturen har verka inn på oppgåvene og arbeidet til lærarane i grunnskolen. Gjennom lover og læreplanar er oppgåver som tidlegare blei ivaretekne av nærmiljøet og heimane, blitt overførde til skolen. Nye oppgåver og utvida ansvar har medført at læraryrket er blitt meir samansett og

omfattande enn tidlegare. Dette har medverka til at krava til lærarane sin kompetanse har vorte skjerpa.

I vidaregåande opplæring møter lærarane nye utfordringar m.a. fordi ein større del av ungdomskullet søkjer vidaregåande opplæring, og fordi mykje av grunnopplæringa har fått ein breiare profil enn tidlegare. Lærarar i yrkesfag har ei særleg utfordring.

Bedrifts- og næringsliv gjennomgår raske endringar. Det krev stor innsats av lærarane å halde seg oppdaterte slik at dei kan gi opplæring som er aktuell for lærlingar i møte med yrkeslivet.

(12)

Det er vidare rimeleg å rekne med at i tida som kjem, vil ein vesentleg større del av lærarane arbeide med vaksenopplæring. Dette inneber nye utfordringar både av fagleg, pedagogisk og organisatorisk art.

Til alle tider har lærarane sitt møte med elevane og elevane sitt møte med lærestoffet vore det grunnleggjande i all lærargjerning. Samtidig er det viktig å medverke til eit godt sosialt miljø i klassa eller gruppa av elevar. Det som skjer i samspelet mellom lærar og elev og i samspelet mellom elevane innbyrdes, har avgjerande innverknad på veksten og utviklinga hos elevane.

Lærarane sitt arbeid vil ofte vere eit vekselspel mellom omsyn til det som er aktuelt

“her og no”, og dei meir langsiktige måla opplæringa siktar mot. Lærarane er forplikta til å la elevane møte det lærestoffet og dei arbeidsmåtane som er nedfelde i

planverket, og arbeide systematisk og langsiktig for at alle skal få best mogeleg læringsutbytte. Samtidig må lærarane meistre augneblinkens kunst, vere spontane, ta opp det som elevane er opptekne av, og ta vare på initiativet og livsutfaldinga deira.

Dei spontane utfordringane der lærarane må ta raske avgjersler i samspel med elevar i stadig skiftande situasjonar, er ein krevjande del av lærargjerninga. Samspelet med elevane kan vere komplisert fordi enkelte elevar kan ha store åtferdsvanskar. Det er ei vesentleg utfordring både å førebyggje og takle slike problem i forhold til den enkelte og i forhold til klassa.

Ein stor del av lærarane sitt arbeid går føre seg i direkte samspel med elevar og kollegaer. Samtidig er lærarane også aktørar i ein breiare samanheng. Den enkelte barnehagen eller skolen er del av eit større system. Lærarar har derfor også ansvar for kontakt og samarbeid med personar og institusjonar utanfor eigen institusjon.

Oppgåvene til lærarane kan løysast på ulike måtar, og dei vil variere med kva alder elevane er i, og kva karakter verksemda har. Faga som lærarane underviser i, og dei oppgåver den enkelte er pålagd, vil også ha innverknad på det arbeidet som skal utførast. Det er likevel ein del funksjonar som er felles for dei aller fleste lærarar.

Nokre slike funksjonar er skissert nedanfor.

Læraren som formidlar, tilretteleggjar, arbeidsleiar og rettleiar

Lærarane skal fungere som faglege ressurspersonar, leggje til rette eit miljø for utvikling og læring og vere arbeidsleiarar og rettleiarar.

Læring og undervisning er ikkje det same. Læring skjer i både formelle og uformelle situasjonar og er noko som skjer med og i den enkelte person. God undervisning set læring i gang, men læringa skjer ved eigeninnsatsen til elevane. Lærarane skal stimulere denne prosessen. Lærarane må møte elevane med respekt og utforme oppgåver som tek omsyn til dei erfaringane elevane har frå før. Lærarane må også hjelpe elevane til å setje ny kunnskap inn i større samanhengar.

Lærarane må kunne det stoffet dei arbeider med, vere engasjerte av det og vite korleis det skal formidlast for å vekkje vitelyst og interesse. Dei må vere gode forteljarar, kunne gi inspirasjon og samtidig tilpasse opplæringa til føresetnadene og

(13)

mogelegheitene til den enkelte eleven. Det er viktig at ein lærar oppfattar behov for særskilt tilrettelagt opplæring, førebyggjer lærevanskar og er med på å gi tidleg hjelp.

Tilrettelegging av opplæringa er ei viktig oppgåve for lærarane. Dei må kunne leggje til rette det fysiske miljøet slik at det byr på utfordringar og variasjon, på mogelegheiter for leik, eksperimentering og læring. Lærarane må kunne ordne eit laboratorium eller ein verkstad som er funksjonell, sikker og gir mogelegheit for orden og effektivt arbeid.

Lærarane skal også kunne leggje til rette for samarbeid med fritidsaktivitetar som skolen driv, med det lokale arbeidsliv og med andre instansar i lokalsamfunnet. Å leggje til rette opplæring for vaksne stiller spesielle krav. Opplæringa skal organiserast ut frå at vaksne ofte har lang livserfaring og spesielle plikter i sitt daglegliv. Det er eit

grunnleggjande krav at opplæringa tek utgangspunkt i og vidarefører kunnskapar og erfaringar vaksne allereie har tileigna seg.

Lærarane er leiarar av arbeidsfellesskapet i klassa eller gruppa av elevar. Det er deira oppgåve å stå fram som tydelege leiarar som tek ansvar for å organisere verksemda med tanke på målretta verksemd, arbeidsglede, godt samarbeid og utvikling av venskap.

Når det gjeld ulike typar lærarsamarbeid, må lærarane kunne ta formelt eller uformelt leiaransvar. Som leiarar har lærarane ansvar for at opplæringa er i samsvar med lov og læreplanverk.

Gjennom rettleiing skal lærarane medverke til at elevane utviklar seg fagleg, personleg og sosialt. Rettleiing føreset at lærarane er faglege ressurspersonar, og at dei forstår kvar i læringsprosessen elevane er. Lærarane må observere prosessen, inspirere, stille spørsmål og medverke til at elevane kan tenkje og handle nytt.

Elevane må få tilbakemelding på arbeidet sitt. Etter som elevane blir eldre, må dei få rettleiing i å ta ansvar for eiga læring, setje mål for eige arbeid, vurdere eigen innsats og resultatet av arbeidet. Elevane skal også delta i vurdering av læringsmiljøet ved institusjonen.

Læraren som medarbeidar overfor kollegaer, foreldre og lokal- samfunn

I all lærargjerning har samarbeid mykje å seie. Personalet skal fungere i eit fellesskap som deler ansvaret for utvikling av både institusjonen og elevane. Med ulike

kunnskapar og ulik dugleik skal lærarane kunne utfylle og supplere kvarandre i eit kollegium. Lærarkollegiet skal framstå som ein ressurs for den enkelte elev når det gjeld læring og utvikling.

Den enkelte barnehagen og skolen skal med utgangspunkt i nasjonale planar ta felles avgjersler i forhold til lokale planar. Lærarane må kunne arbeide saman - innanfor og på tvers av avdelingar, klasser, trinn og fagseksjonar. Dei må kunne samarbeide om planlegging, gjennomføring og vurdering av verksemda til institusjonen. Med utstrekt bruk av arbeid på tvers av fag blir det stilt store krav til felles planlegging. Det same gjeld samarbeid med assistentar eller samarbeid der to eller fleire lærarar har ansvar for same elevgruppe.

(14)

I vidaregåande opplæring er samarbeid mellom allmennfaglærarar og yrkesfaglærarar og mellom yrkesfaglærarar med ulik fagbakgrunn spesielt viktig. Eit slikt samarbeid krev kjennskap til og respekt for kvarandre sin opplæringstradisjon, bakgrunn og spesifikke kompetanse.

Med nye yrkesgrupper knytte til verksemda i barnehage, skole og anna opplæring, må lærarane kunne samarbeide med ulike personar og instansar. Dei må samarbeide med morsmålslærarar, assistentar og personalet i skolefritidsordninga. Dei må også samarbeide med den pedagogisk-psykologiske rådgivingstenesta, barnevernet og eventuelt med oppfølgingstenesta. Dette kan bare fungere etter føremålet dersom medlemmene i fellesskapet samarbeider om å realisere felles mål i samsvar med dei nasjonale planane.

Foreldra har hovudansvaret for oppfostringa av barna sine. Kontakt mellom barnehage og skole og foreldre er derfor av avgjerande verdi. Lærarane må leggje vekt på å utvikle eit nært samarbeid med heimane. Samarbeidet må baserast på gjensidig respekt og vilje til å setje eleven i sentrum. Ein føresetnad for samarbeid er god kommunikasjon og gjensidig informasjon. Foreldre med framandkulturell bakgrunn, foreldre til barn med særlege behov og foreldre som ikkje lever saman, representerer på ulike måtar spesielle utfordringar.

Foreldre skal ha høve til å vere aktive med i utviklinga av barnehagen og skolen.

Engasjementet til foreldra er svært viktig for motivasjonen til barn og unge og for val av vidare skolegang og yrke. Rettleiinga frå lærarane har størst gjennomslagskraft når lærarane samarbeider med foreldra. Å skape eit godt foreldreengasjement er derfor viktig langt opp i ungdomsalderen. Men samarbeidet med foreldra har ulik form på ulike trinn i opplæringa. Oppdraget til skolen i foreldresamarbeidet blir endra etter kvart som elevane nærmar seg myndigheitsalder. Dei unge blir gradvis meir sjølvstendige og må ta meir ansvar for eiga utvikling og eigne val.

Barnehage og skole har medansvar for utviklinga av det samla oppvekstmiljøet til barna. På alle nivå skal barn og unge gjere seg kjende med nærmiljøet og lokal- samfunnet. Samarbeid med musikk- og kulturskole, kulturliv, foreiningsliv og arbeidsliv i nærmiljøet kan gjere opplæringa spanande og meir verdifull. Barnehage og skole bør ha kontakt med frivillige organisasjonar, kyrkjelydar og lokale

styresmakter. Det kan vere aktuelt med eit samarbeid med lokalt arbeidsliv m.a. med lokale arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar. Eit gjensidig, aktivt og konstruktivt samarbeid mellom lokalsamfunn, arbeidsliv og skole kan medverke til å utvikle

entreprenørskap, for eksempel gjennom elevbedrifter og andre samarbeidstiltak.

I yrkesopplæringa vil godt samarbeid med bedrifter og arbeidsliv vere avgjerande for at elevane skal få god og realistisk yrkesopplæring. Samarbeid mellom bedrift og skole vil også kunne medverke til å styrkje kompetansen til lærarane og deira mogelegheit for å følgje med i utviklinga i yrkeslivet.

Læraren som førebilete

(15)

Lærarane vil i mange samanhengar vere førebilete for elevane. Det inneber at lærarane må setje klare krav til seg sjølve på same måte som dei set krav til elevane. Lærarane må våge å stå fram som gode eksempel når det gjeld haldningar og innstillingar som opplæringa skal formidle. Å vere eit godt førebilete føreset respekt for den enkelte, for faga og for eige og andre sitt arbeid. Lærarane må vere førebilete m.a. gjennom sitt engasjement i fagleg arbeid og gjennom evne til samarbeid med andre.

Dette føreset at elevane identifiserer seg med lærarane, og at elevane opplever lærarane som personar som likar dei, vil dei vel, respekterer deira integritet, er rettferdige og samtidig merksame overfor ulike føresetnader og behov. Lærarane må vere personar som elevane kan stole på og snakke ope med. Dei må ta seg tid til å rettleie den enkelte elev med respekt for dei erfaringane og ressursane han eller ho har. Lærarane må vise at dei har tru på at alle barn, unge og vaksne har mogelegheiter, og at dei stadig er i utvikling. På den måten kan dei få framtidshåp og tillit til sine eigne evner.

I eit fleirkulturelt samfunn er det svært viktig å ha lærarar med innvandrarbakgrunn med tanke på funksjonen som førebilete og den mogelegheita elevane har for å identifisere seg med læraren.

Læraren som omsorgsperson

Endringane i samfunnet med utvida institusjonalisering har gitt barnehagen, skolen og skolefritidsordninga større omsorgsoppgåver.

Rammeplanen for barnehagen byggjer på eit læringssyn der læring og omsorg utgjer ein heilskap. Læring og omsorg står sentralt også i arbeidet i grunnskole og vidaregåande opplæring. Optimal utvikling og læring skjer først når grunnleggjande behov blir tilfredsstilde. Å oppleve god omsorg gir grunnlag for læring, samtidig som det å leggje til rette for allsidig utvikling og læring, er god omsorg. Denne vekselverknaden er grunnleggjande i all opplæring, men dei praktiske omsorgsoppgåvene til læraren blir endra i takt med alderen til elevane.

Elevane kjem til skolen med lærelyst, med behov for å bli tekne på alvor, for å bli avhaldne som dei dei er, og med trong til utfordringar. Lærarane bør vise omsorg ved å møte barna og dei unge både med forventningar og krav, og med velvilje og varme.

Omsorga kan ytre seg som sjenerøsitet, det vil seie at lærarane tek ansvar for elevanes ve og vel, og med vilje til å yte ein ekstra innsats når elevane sine behov tilseier det.

Omsorga viser seg også i førebuinga til dei daglege oppgåvene og i viljen til å gi kvar enkelt den menneskelege støtte og faglege hjelp som er nødvendig for framgangsrik utvikling. Opplæringa skal møte barn, unge og vaksne på deira eigne premissar. Alle elevar må få utfordringar, støtte og hjelp - men dei som kjem til kort og som står i fare for å miste motet, krev særleg merksemd og omsorg.

God omsorg inneber å vise respekt for heimen til elevane og gi elevane mogelegheit til positiv identitetsutvikling med tilknyting til sin eigen kulturelle bakgrunn. Samtidig skal opplæringa også byggje bruer mellom ulike kulturar.

(16)

Omsorg inneber både å gi mogelegheit til positiv utfalding og å setje grenser. Lærarane må ha eit kunnig blikk som set dei i stand til å registrere og oppmuntre til positiv sosial åtferd, og til å setje inn tiltak mot uheldig elevåtferd og mobbing. Å førebyggje og hindre åtferdsproblem er ein viktig del av lærargjerninga. Lærarane må arbeide for at alle elevane i ei klasse eller gruppe skal oppleve tilhørsel, samtidig som dei må ta omsyn til at elevane er ulike og må møtast på ulik måte. Det er viktig at lærarane er observante og lydhøre overfor dei signala som kjem frå barn og unge om behov for omsorg og støtte.

Barn og unge som opplever livskriser, for eksempel møter sjukdom, død, skilsmisse, incest eller blir mobba og utstøytte frå fellesskapet, vil i periodar krevje ekstra omsorg.

Omsorgsoppgåvene til lærarane føreset grunnleggjande kunnskap om kva slags behov barn og unge har. Dei må oppfatte når ein elev treng hjelp og vere fortrulege med alders- og utviklingsbestemde endringar. Dei må kjenne att symptom som viser behov for å setje inn spesielle tiltak for enkeltelevar. Dei må også vite kvar og korleis dei skal søkje hjelp dersom elevar treng meir omsorg enn det barnehagen eller skolen kan gi.

Elevane sjølve kan vere viktige som omsorgsgivarar. Dersom lærarane er omsorgsfulle, hjelper dei også barn og unge til å ta omsyn til og vere omsorgsfulle overfor kvarandre.

1.4 OPPGÅVER OG MÅL FOR LÆRARUTDANNINGA

Formål

Lærerutdanning skal gjennom undervisning, forskning og faglig utviklingsarbeid, gi den faglige og pedagogiske kunnskap og praktiske opplæring som er nødvendig for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, læring og oppdragelse.

Utdanningen skal ta utgangspunkt i ulike forutsetninger hos elever og barnehagebarn og være i samsvar med målene for det opplæringsnivå utdanningen sikter mot.

Utdanningen skal fremme studentenes personlige utvikling og yrkesetiske holdning, utvikle evne til refleksjon, vekke interesse for faglig og pedagogisk utviklingsarbeid som er relevant for arbeid i skole og barnehage, og gi forståelse for sammenhengen mellom læreryrket og opplæringssystemets funksjon i samfunnet. (UH-loven, kapittel 10a, §54a)

Yrkesutdanning i samsvar med behova i samfunnet

Lærarutdanninga skal dekkje behova i samfunnet for lærarar på alle trinn og i alle delar av opplæringssystemet. Lærarutdanningsinstitusjonane må derfor tilby utdanning i alle aktuelle fag, fagområde og arbeidsområde. I tillegg til pedagogisk arbeid med barn og unge skal lærarutdanninga i større grad enn tidlegare også førebu for arbeid med vaksenopplæring.

Lærarutdanninga er ei yrkesutdanning på universitets- og høgskolenivå. Det inneber at krava til akademisk standard i forsking og undervisning er dei same som for anna

(17)

utdanning på dette nivået. Samtidig har lærarutdanninga sitt særpreg ved at alle delar av utdanninga skal vere retta mot læraryrket. Lov og rammeplan for barnehagen, opplæringslova og læreplanverka for skoleslaga er derfor eit forpliktande grunnlag for lærarutdanninga. Særpreget til utdanninga må ivaretakast så vel gjennom innhald, arbeids- og vurderingsformer som gjennom eit samla studiemiljø.

Både den generelle utviklinga i samfunnet og endringar i opplæringssystemet føreset stadig ny kunnskap hos lærarane. All grunnutdanning for lærarar må derfor utformast slik at ho inspirerer til og gir høve til å kvalifisere seg vidare gjennom etter- og vidareutdanning og forsøks- og utviklingsarbeid.

Den kompetansen lærarstudentane skal utvikle gjennom studiet, kan grupperast i fem hovudområde:

Fagleg kompetanse

Allsidig opplæring som både gir fordjuping og set lærestoffet inn i eit breitt perspektiv, krev at lærarane har solide kunnskapar og sikre ferdigheiter av så vel teoretisk som estetisk og praktisk art. Solid fagkunnskap og dugleik i arbeidsformene til dei ulike faga er viktig, fordi det gir tryggleik i møte med elevane og lærestoffet. Lærarane skal vere faglege ressurspersonar som skal kunne leggje til rette for læring, svare på spørsmål frå elevane og vise veg til å finne svar.

God fagleg kompetanse er nødvendig for at lærarane skal kunne formidle og illustrere med allsidig eksemplifisering. Det krevst solide faglege kunnskapar og dugleik når lærarane fungerer som arbeidsleiarar for elevar som arbeider med prosjekt eller med tverrfaglege oppgåver. Lærarane sine kvalifikasjonar blir utfordra når dei skal rettleie elevar gjennom eksperimentering, problemløysing og eige arbeid. Å omsetje kunnskap til praktisk handling, som for eksempel i yrkesopplæringa, er ei særleg utfordring.

Lærarstudentane må derfor tileigne seg faglege kunnskapar og dugleik. I nokre fag vil også arbeidsteknikkar og bruk av reiskap, verktøy og materiale vere ein viktig del av innhaldet i faget. Lærarutdanninga skal ta utgangspunkt i læreplanane for den delen av opplæringssystemet som utdanninga skal førebu for. Studentane må tileigne seg kunnskap om sentrale perspektiv, teoriar, omgrep og arbeidsformer i dei ulike faga, og om korleis faga blir nytta i yrkes- og samfunnsliv. Dei må også vite noko om korleis ein innan dei ulike faga arbeider for å vinne ny kunnskap. Studentane må kunne sjå forskjellane og likskapane mellom studiefaga og opplæringsfaga og korleis

kunnskapsstoff frå dei enkelte faga kan nyttast i tverrfagleg temaorganisert opplæring og prosjektarbeid. Dei må kjenne måla og verkemidla for opplæringa i det enkelte faget i heile opplæringssystemet, men med særskilt vekt på den delen av opplæringssystemet dei sjølve utdannar seg for.

Arbeidet med faga skal fremje både fagleg og personleg utvikling hos

lærarstudentane, og gi dei kompetanse for lærargjerninga. Det faglege arbeidet skal også gi grunnlag for å kunne halde seg fagleg og pedagogisk à jour etter fullført grunnutdanning.

(18)

Didaktisk kompetanse

Didaktisk kompetanse skal tene to hovudformål. Gjennom arbeidet med dei

didaktiske delane i studiet skal studentane både utvikle grunnlag for refleksjon over eiga verksemd og praktisk ferdigheit i lærararbeid. Didaktikk omfattar både generell didaktikk og didaktikk knytt til dei enkelte faga eller yrkesfaga.

Didaktisk kompetanse inneber evne til refleksjon omkring formålet med opplæringa, innhaldet i læreplanen, føresetnadene til elevane og behova og mogelegheitene som ligg i rammevilkåra til den enkelte barnehagen, skolen eller annan

opplæringsinstitusjon. Ut frå slike refleksjonar må den enkelte lærar vise fagleg og praktisk innsikt ved å velje og leggje til rette det faglege innhaldet, arbeidsmåtane og samværsformene. Den praktiske gjennomføringa føreset stadige vurderingar og justeringar.

Gjennom utdanninga skal lærarstudentane utvikle evne til refleksjon gjennom innsikt i pedagogisk grunnlagstenking og ved analysar av opplæringssystemet i dag, men også i eit historisk, komparativt og sosiologisk-kulturelt perspektiv. Dei skal trene seg i å reflektere omkring barnehage, skole og yrkesopplæring som delar av eit større system.

Studentane skal gjere seg kjende med basale prinsipp for læring og motivasjon, med grunnleggjande behov hos barn, unge og vaksne, med alders- og utviklingsbestemte endringar i åtferda deira og med barn og unge sin mentalitet under ulike

oppvekstvilkår. Dei skal forstå kor viktig sjølvtillit, tryggleik og meistring er for lærelyst og læringsevne. Med dette som utgangspunkt skal studentane vurdere korleis dei som lærarar, kan tilpasse opplæringa til ulike alders- og utviklingstrinn. Arbeidet skal omfatte elevar både frå majoritetsbefolkninga og frå minoritetskulturar.

Lærarstudentane må utvikle evna til å kunne analysere og realisere læreplanar både aleine og i samarbeid med andre. Med utgangspunkt i lover, læreplanar og andre forskrifter skal dei reflektere over og få trening i å utarbeide lokale arbeidsplanar og individuelle opplæringsplanar. På den måten vil dei kunne utvikle evne til å avvege forholdet mellom felles lærestoff og lokalt og individuelt tilpassa stoff. Studentane må kunne ta ansvar for at elevane systematisk byggjer opp kunnskapar, dugleik og haldningar. Dei må kjenne til og kunne praktisere arbeids- og vurderingsformer som blir nytta i opplæringa, og vite korleis dei kan nyttast i ulike situasjonar.

Studentane skal kjenne både normal utvikling hos elevar og hyppige avvik. Dei skal kjenne hovudtrekk ved både generelle og spesielle lærevanskar, og dei skal kunne observere forskjellar mellom elevane. Studentane må lære korleis lærestoff, arbeidsmåtar, organisering og læremiddel kan leggjast til rette med tanke på at

elevane har ulike føresetnader. Dei skal også ha innsikt i korleis lærarar kan medverke til ei inkluderande opplæring slik at elevar med særskilde opplæringsbehov får ta del i det sosiale, faglege og kulturelle fellesskapet på ein likeverdig måte. Lærarstudentane skal dessutan kjenne til instansar som har ansvar for å hjelpe barn og unge med særlege behov eller for å støtte lærarane i deira arbeid.

(19)

Studentane skal gjennom utdanninga lære seg å ta utgangspunkt i erfaringane og interessene til barn og unge, og til å la elevane vere medarbeidarar og påverke si eiga læring. Dei skal få innsikt i kvifor opplæring som både tek omsyn til sosial utvikling, og som balanserer mellom krav og kva som er overkomeleg, er viktig for at elevane skal utvikle sjølvrespekt og tru på eigne føresetnader. Studentane skal vidare gjere seg kjende med ulike strategiar for tilrettelegging av eit utviklande miljø og god

opplæring. Dette føreset at studentane i si eiga utdanning nyttar varierte arbeidsformer, og at dei får erfaring med ulike typar undervisningsutstyr og læremiddel, m.a. informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT).

I tilknyting til dei ulike faga må lærarstudentane arbeide med læreplananalyse, prinsipp for val av lærestoff, arbeidsmåtar og vurderingsformer i faga. Dei må også kjenne lærings- og utviklingspsykologiske føresetnader som ligg til grunn for opplæring i faga. Studentane må dessutan tileigne seg kunnskap om tilpassa

opplæring i faget og kunne nytte denne kunnskapen i praktisk lærararbeid. Dei må få innsikt i hyppige førekomstar av lærevanskar som er knytte til faget, korleis desse kan diagnostiserast, og kva for tiltak som kan vere aktuelle.

Sosial kompetanse

Sosialt samspel, rettleiing og samarbeid står sentralt i læraryrket. Slik kompetanse byggjer m.a. på fagleg og didaktisk dugleik, som igjen gir autoritet og tryggleik i sosiale samanhengar. I samarbeid med foreldre, kollegaer og i samspel med elevar er det også ein føresetnad at lærarane har evne til å observere, lytte og forstå andre sine synspunkt og kunne vere fleksible og kreative.

Lærarutdanninga må omfatte arbeidsformer som gir kunnskapar i sosialt samspel og samhandling, og som gir forståing for krava og normene til fellesskapet. Studentane må delta i studieplanlegging og oppleve situasjonar som føreset tilpassing og gode

arbeidsvanar. Dei må tileigne seg kunnskapar om og forståing av gruppeprosessar og leiing og utvikle evne til å analysere og å løyse konfliktar. Dei må vidare få trening i kommunikasjon der dei må forstå og ta omsyn til andres standpunkt. Samvær med medstudentar og lærarar der det formelt og uformelt blir drøfta erfaringar, aktuelle opplæringsspørsmål og faglege problem er avgjerande både for å utvikle evne til refleksjon og innsikt som lærarar og for å utvikle sosial kompetanse.

Studentane skal også utvikle leiarkompetanse slik at dei blir i stand til å skape faste rammer for arbeidsfellesskap til elevane og for å leie vaksne i eit arbeidsfellesskap når det er aktuelt.

Studentane må få høve til å bli kjende med elevar med ulike føresetnader, erfaringar og med ulik sosial og kulturell bakgrunn. Dei må lære å observere og få trening i å forstå dei behova elevar har for merksemd, utfordringar, omsorg og hjelp. I lærarutdanninga skal studentane derfor utvikle ei lærarrolle som set elevane i fokus, som viser respekt og omsorg, og som prøver å setje seg inn i deira erfarings- og kunnskapsverd. Studentane må skaffe seg spesiell innsikt i kulturelle minoritetsgrupper si ramme for forståing.

(20)

Sosial kompetanse blir også utvikla gjennom deltaking i frivillige aktivitetar som idrett, song- og musikkverksemd, revyar og organisasjons- og foreiningsliv. Slike aktivitetar bør derfor vere sentrale i studiemiljøet ved ein lærarutdanningsinstitusjon.

Yrkesetisk kompetanse

Læraryrket inneber hyppige valsituasjonar. Yrkesetisk kompetanse inneber at lærarane må kunne vurdere alternative val i forhold til dei grunnleggjande verdiane som opplæringa byggjer på. Utgangspunktet for den yrkesetiske kompetansen er derfor at den enkelte lærar forpliktar seg på overordna mål for opplæringa og på fellesverdiane i samfunnet slik dei er uttrykte i barnehagelov, opplæringslov og i nasjonale planar for opplæringa. Dei er også forplikta på internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til, så som menneskeretts- og barnekonvensjonen. Den yrkesetiske kompetansen kjem til uttrykk i dei vurderingane og avgjerslene lærarane tek på dette grunnlaget. Som profesjonelle yrkesutøvarar må lærarar kunne forklare og grunngi sine val, prioriteringar og handlingar, m.a. overfor elevar, kollegaer og

foreldre.

Lærarar må kvar einaste dag ta verdibaserte val som på ulike måtar har konsekvensar for medmenneske. I den praktiske situasjonen blir ofte slike avgjersler tekne utan at lærarane har tid til å tenkje seg vel om. Lærarar må derfor utvikle ein

handlingsberedskap basert på så vel faglege som pedagogiske og etiske vurderingar.

Lærarstudentar må gjere seg kjende med og identifisere seg med måla og dei grunnleggjande verdiane for opplæring. Dei må kjenne rettane som elevane har, og dei plikter og rettar dei sjølve har som lærarar. Studentane må utvikle medvit om det ansvaret dei er pålagde som lærarar, og korleis dei kan ivareta dette ansvaret.

Gjennom utdanninga må lærarstudentane få erfaring med yrkesetisk refleksjon knytt til dei ulike oppgåvene lærarar har, og dei må få øving i å grunngi eigne avgjersler og handlingar. Etiske dilemma der ulike grunnleggjande verdiar kan tilseie ulike

løysingar på konkrete problem, utgjer ei særleg utfordring.

Etisk refleksjon må også inngå i arbeidet med dei enkelte faga, m.a. ved val av lærestoff og arbeidsmåtar.

Endrings- og utviklingskompetanse

Lærarane må i framtida i større grad enn tidlegare vere førebudde på endringar i yrkesrolla si og på å delta i utviklings- og fornyingsoppgåver. Det er derfor nødvendig at alle lærarar har kompetanse og vilje til å meistre endring og fornying.

Fornying i barnehage, skole og opplæring i bedrift kan vere initiert av sentrale styresmakter, slik som ved nasjonale reformer og nye planar. Dette stiller store krav til endring på alle nivå både med omsyn til organisering og innhald.

Fornying og utvikling lokalt i den enkelte barnehagen, skolen eller annan opplærings- institusjon vil ofte springe ut frå vurdering av eiga verksemd. Kollegiet må arbeide for

(21)

å gi stadig betre tilbod. Felles planlegging, kollegabasert rettleiing og systematisk barnehage- og skolebasert vurdering kan medverke til dette.

Innanfor dei ulike faga går det stadig føre seg ei utvikling. Dei kunnskapane lærarane har frå eige studium, eller den praktiske yrkeserfaringa som yrkesfaglærarane har, kan lett bli forelda. Lærarane vil ut frå eige arbeid ofte bli klare over at dei treng å

vidareutvikle og fornye ferdigheitene og kunnskapane sine.

Ikkje minst vil utviklinga innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) få konsekvensar for opplæringa i skole og bedrift. Å følgje med i denne utviklinga og kunne nytte nye mogelegheiter på ein føremålstenleg måte i opplæringssamanheng, er ei stor utfordring for alle lærarar.

Den enkelte lærarutdanningsinstitusjonen er forplikta til å halde seg à jour med utviklinga og nyvinningar innanfor faga og med utviklinga i barnehage, skole og yrkesliv. Lærarutdanninga skal medverke til at studentane får innsikt i

utdanningspolitisk og pedagogisk reformarbeid og stimulere dei til å ta del i aktuell debatt. Studentane skal lære å forstå utviklingsarbeid som historiske og samfunns- messige prosessar som er vilkårsbundne. I utdanninga skal dei derfor bli fortrulege med nasjonal og institusjonsbasert vurdering, med kollegabasert rettleiing og med korleis samarbeid med foreldre, nærmiljø og yrkesliv kan gi grunnlag for skoleutvikling og fornying.

Kunnskap om pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid er eit verkemiddel for å stimulere endrings- og utviklingskompetansen hos komande lærarar. Det kan medverke til å styrkje interessa for fornying og forbetring av barnehage og skole og til utvikling av eigen kompetanse for å delta i lokalt utviklingsarbeid. Lærarstudentane må derfor gjere seg kjende med sentrale eksempel på ulike typar forskings- og utviklingsarbeid med relevans for opplæringa.

Lærarutdanninga skal, som anna høgre utdanning, vere forskingsbasert. Det føreset at det ved alle lærarutdanningsinstitusjonar blir drive pedagogisk orientert forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for arbeid i barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring eller vaksenopplæring. Så langt det er mogeleg, bør lærarstudentar medverke i slikt forskings- eller utviklingsarbeid.

Studentane skal gjennom grunnutdanninga utvikle tilstrekkeleg kompetanse til å ta fatt på lærargjerninga. Samtidig må utdanninga gi ei forståing av det kontinuerlege ansvaret som lærarane har for eiga utvikling, og formidle forventingar om endringar og vidareutvikling på eige initiativ.

(22)

2. FAGLÆRERUTDANNING I

KROPPSØVING

(23)

2.1 FORMÅL OG EGENART

Den treårige faglærerutdanningen i kroppsøving har primært som formål å kvalifisere for arbeid med kroppsøvingsfaget i grunnskolen og i videregående opplæring.

Utdanningen kan også gi bakgrunn for arbeid innen studieretning idrettsfag i videregående opplæring og i folkehøgskole med idretts- og friluftslivlinjer. I tillegg kan utdanningen kvalifisere for arbeid i annen virksomhet med barn, ungdom og voksne der fysisk aktivitet settes inn i pedagogisk sammenheng.

Utdanningen sikter mot å etablere solid bakgrunn innenfor ulike områder rettet mot det vide spekter av arbeidsoppgaver kroppsøvingslærere står overfor. For å

imøtekomme alle krav til faget i læreplanverket for grunnskolen og videregående opplæring er utdanningen breddeorientert, men med enkelte muligheter for fordypning innenfor de ulike studieenhetene.

Faglærere vil på en rekke områder og nivå i opplæringssystemet gå inn i

lærerkollegier der lærere med ulik utdanningsbakgrunn samlet sett skal dekke skolens oppgaver. Utdanningen må derfor legge vekt på å utvikle solid faglig-, didaktisk-, sosial- og yrkesetisk kompetanse, samt kompetanse til endring og utvikling. Endrings- og utviklingskompetanse er viktig for å kvalifisere kroppsøvingslæreren til utvikling av skolen som organisasjon, bl.a. gjennom utviklingsarbeid skolen er pålagt, og til deltaking i bl.a. tverrfaglig tema- og prosjektbasert undervisning.

I studiet vil arbeid med de ulike faglige aktivitetene og det fagteoretiske basisstoffet foregå parallelt med fagdidaktikk, pedagogikk og praksisopplæring. I et integrert studium av denne karakter er det lagt stor vekt på helhet og sammenheng. Hensikten er å gi utdanningen en klar yrkesretting gjennom hele studiet.

Kroppsøvingsfaget omfatter aktivitetsområdene lek, idrett, friluftsliv og dans.

Varierte former av disse aktivitetene inngår som sentrale deler av vår kultur.

Kroppsøvingsfaget er derfor en viktig bærer av kulturtradisjoner. For kroppsøvingsfaget innebærer et flerkulturelt samfunn møte med nye

bevegelseskulturer. En viktig utfordring for faget er derfor å ta vare på og utvikle den enkelte kulturs egenart og samtidig åpne faget for berikende elementer fra andre bevegelseskulturer.

Et særlig kjennetegn ved kroppsøvingsfaget er fysisk aktivitet med krav om tilegning og videreutvikling av bevegelsesferdigheter. Det er sammenheng mellom motorisk, sosial, emosjonell og intellektuell utvikling. Derfor får motorisk stimulering og mestring ikke bare biologisk og ferdighetsmessig betydning, men også betydning for andre utviklingsområder. Kroppsøving angår således personlig vekst og utvikling i vid forstand og er en sentral innfallsvinkel i arbeidet mot det integrerte mennesket.

Utdanningen sikter mot at studentene skal kunne trekke forbindelseslinjer mellom studiefaget kroppsøving, skolefaget kroppsøving og det menneskesynet som kommer til uttrykk i den generelle delen av læreplan for grunnskole, videregående opplæring og voksenopplæring. Utvikling av det integrerte mennesket krever derfor at faglærer- utdanningen setter søkelys på de verdier som uttrykkes i læreplanen, konkretisert ved det meningssøkende, skapende, arbeidende, allmenndannende, samarbeidende og

(24)

miljøbevisste mennesket. På den måten kan det skapes sammenheng mellom kompetanseområder som er viktige i forberedelse til læreryrket, og de verdier

kroppsøvingslærere skal formidle i yrket sitt. Dette skal bidra til å skape sammenheng i utdanningen.

Studiefaget kroppsøving skal formidle og utvikle kunnskap om, ferdigheter i og positive holdninger til ulike fysiske aktiviteter. Studiefaget har derfor elementer fra flere vitenskapelige fagområder som bl.a. naturvitenskap, samfunnsvitenskap og humanistiske fag og kunstfag. Ny innsikt i kroppsøving kan vinnes gjennom å benytte fagkunnskap og metoder fra disse ulike fagtradisjonene. I tilegnelse og utvikling av ny innsikt vil informasjons- og kommunikasjonsteknologien være et nyttig hjelpemiddel.

Arbeid med forsknings- og utviklingsarbeid omfatter hvordan kunnskap innhentes og utvikles og hvilken betydning faglig fornying har. FoU-virksomhet står sentralt i faglærerutdanningen med tanke på utvikling av kroppsøvingsfaget og styrking av fagets plass i samfunnet, i skolen og i elevenes bevissthet. FoU-arbeid skal bl.a. sette søkelys på de utfordringer det innebærer å motivere barn og unge til fysisk aktivitet, særlig på bakgrunn av en samfunnsutvikling som ofte virker fysisk passiviserende.

Kroppsøvingsfaglige problemstillinger satt inn i en fagdidaktisk ramme, må fokusere på arbeidet med å øke den fysiske aktiviteten blant barn, unge og voksne både i skolen spesielt og i samfunnet generelt. Faglærerutdanning i kroppsøving skal derfor utvikle nødvendig helhetlig kompetanse som gjør kommende faglærere både i stand til å argumentere for fysisk aktivitet og skikket til å gi elever lyst, kunnskaper og ferdigheter til å drive tilpasset fysisk aktivitet nå og i framtiden.

2.2 OPPTAKSKRAV OG STUDIEGRUNNLAG

Grunnlaget for opptak til faglærerutdanning i kroppsøving er generell studiekompetanse.

Med dette opptaksgrunnlaget vil studentenes bakgrunn fra videregående opplæring variere. Samtidig vil også deres erfaringsbaserte bakgrunn fra frivillig virksomhet variere. Rammeplanene forutsetter at undervisningen i de ulike studieenhetene til vanlig skal starte på et nivå som ligger noe over det laveste nivå for opptak. Dette innebærer at studentene i starten vil måtte arbeide mye med fagområder der de har liten fordypning fra videregående opplæring, mens de vil ha mindre arbeidsbelastning i fagområder der de eventuelt har stor faglig fordypning.

Studentene har et selvstendig ansvar for egen læring, også når det gjelder fag der de kan ha et svakt faglig grunnlag. Samtidig utgjør forskjellene i opptaksgrunnlaget en utfordring for høgskolene. I den grad høgskolene finner behov for det, kan de tilby supplerende kurs for studenter som har svak faglig bakgrunn i enkelte fag eller fagområder. Dette kan også omfatte innføringskurs i bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi for studenter som har liten fortrolighet med slike hjelpemidler. Kurs av denne typen inngår ikke i vekttallsberegningen og gir heller ikke grunnlag for kursvitnemål.

(25)

2.3 INNHOLD OG ORGANISERING

Generelt

Faglærerutdanningen i kroppsøving er treårig. Det innebærer at normert studietid er tre år for et heltidsstudium. Omfanget av de ulike studieenhetene, og i noen tilfeller de enkelte målområdene, er beskrevet ved vekttall (vt). 10 vt defineres som omfanget av det arbeidet som svarer til ett semesters fulltids studium. Det samlede omfang av faglærerutdanningen utgjør dermed 60 vt.

Studieenhetene

Utdanningen omfatter følgende studieenheter:

• Pedagogikk 10 vt

• Aktivitetslære 25 vt

• Fagteoretisk basisstoff 10 vt

• Fagdidaktikk 10 vt

• Fordypningsarbeid 5 vt

• Praksisopplæring 12-14 uker

For å bidra til helhet og sammenheng i utdanningen skal pedagogikk, fagdidaktikk og praksisopplæring inngå i alle tre studieår. Praksisopplæringen er regnet som en integrert del av de øvrige studieenhetene.

Faglærerutdanningen i kroppsøving er breddeorientert. Det er likevel mulig å oppnå fordypning med omfang inntil 19 vt ved bevisst kombinasjon mellom målområder i aktivitetslære og fagdidaktikk. Dette er nærmere omtalt i rammeplanene for disse studieenhetene.

2.4 VEILEDNING OG VURDERING

Studentene skal gjennom hele studiet få veiledning som hjelper dem til å utvikle de personlige og profesjonelle kvaliteter som de trenger i læreryrket. Veiledning er nødvendig for å kunne forbedre egen kyndighet og utvikle et reflektert forhold til lærerrollen og for å utvikle evne til egenvurdering. Studentene må få trening i både å ta imot veiledning og å gi veiledning til medstudenter og elever. De må kunne bruke den veiledningen de får, til å reflektere over egen atferd og til fornyelse. Løpende veiledning skal derfor inngå som en integrert del av læringsprosessen og ha en informerende og utviklende funksjon. Slik veiledning skal bidra til at studentene selv kan vurdere hvor de står i forhold til mål og forventninger i lærerutdanningen, og dermed stimulere dem til innsats i det daglige arbeidet. Veiledning kan også være til hjelp i valg av eventuell videre utdanning.

(26)

Vurdering fungerer også som sikring av kvaliteten i lærerutdanningen. Lærer- utdanningsinstitusjonene må legge forholdene til rette slik at studentene kan delta i vurdering av ulike sider ved læringsmiljøet både ved lærerutdanningsinstitusjonen og i praksisopplæringen. Slik studievurdering gir gjensidig informasjon om

undervisnings- og læringsprosesser som trengs for å vurdere kvaliteten på studietilbudet og planlegge videre arbeid. Vurderingen kan dermed åpne for samspill mellom

lærerutdanningens lærere og studenter og bidra til videre utvikling av utdanningen. Å delta i vurdering av eget studium og den utdanning lærerutdanningsinstitusjonen gir, kan også være av betydning når studentene senere som lærere skal samarbeide med egne elever om vurdering av deres opplæring.

Avsluttende vurdering

Arbeid i grunnskolen, videregående opplæring og andre pedagogiske tiltak som faglærerutdanningen i kroppsøving kvalifiserer for, krever varierte og allsidige vurderingsformer. Faglærerutdanningen omfatter studieenheter med mulighet for en rekke ulike dokumentasjonsformer. Både med tanke på kvalifisering for vurderings- oppgaver i ulike typer opplæring og for å kunne gjennomføre en allsidig vurdering av studentenes arbeid, bør derfor avsluttende vurdering i faglærerutdanningen omfatte varierte vurderingsformer basert på både skriftlige, muntlige og praktiske

dokumentasjonsformer. I faglærerutdanningen i kroppsøving vil praktiske

dokumentasjonsformer komme i en særstilling. Praksisopplæringen er regnet som en integrert del av alle studieenhetene. I tillegg står fagdidaktikk sentralt i studiet. Dette tilsier at den avsluttende vurderingen i de ulike studieenhetene som regel bør omfatte både faglige, didaktiske og praktisk-pedagogiske elementer.

Betegnelsen avsluttende vurdering brukes som fellesbetegnelse på:

• Vurdering av obligatorisk arbeid, forprøver o.l. som studentene må ha fullført med tilfredsstillende resultat for å kunne framstille seg til eksamen.

• Eksamen som gir grunnlag for avsluttende karakter.

I rammeplanene for en del studieenheter er det spesifisert krav til forprøver, obligatorisk arbeid o.l. som vilkår for å framstille seg til eksamen. I tillegg til dette kan den enkelte lærerutdanningsinstitusjon fastsette slike krav i sine fagplaner. Denne type arbeider, prøver o.l. blir til vanlig vurdert av lærerne ved institusjonen.

Hvis ikke annet er fastsatt i rammeplanene, skal alle studieenheter avsluttes med eksamen. Dersom det er ønskelig, kan eksamen organiseres som flere deleksamener.

Etter universitets- og høgskoleloven skal eksamensarbeidene vurderes av to sensorer, og minst en av dem skal være ekstern. Eksamen kan omfatte skriftlige, muntlige eller praktiske prøver. Arbeid utført underveis i studiet, som f.eks. prosjektoppgaver eller praktiske dokumentasjoner, kan også inngå som komponent i eksamen. Arbeidet må da være dokumentert på en slik måte at sensor kan vurdere resultatet av arbeidet. I

rammeplanene for de fleste studieenhetene er det fastsatt enkelte krav til eksamen. Det er imidlertid forutsatt at den enkelte høgskole i sine fagplaner fastsetter mer detaljerte bestemmelser for eksamen, bl.a. hvordan eksamen skal organiseres, hvilke

komponenter som inngår og hvordan de er vektet i forhold til hverandre. Individuell prøving skal i alle tilfelle utgjøre minst halvparten av vurderingsgrunnlaget.

(27)

Den avsluttende vurderingen skal skje i forhold til målene for studieenhetene slik de er uttrykt i rammeplanavsnittet “Mål og målområder”. Eksamenskarakterene skal være et uttrykk for i hvor høg grad disse målene er nådd. Når annet ikke er fastsatt i

rammeplanene for de ulike studieenhetene, skal vurderingen uttrykkes med

karakterskalaen 1,0-6,0 med tidels intervaller. 1,0 er beste karakter og 4,0 er laveste ståkarakter.

Skikkethetsvurdering

Lærerutdanningsinstitusjonene har ansvar for å vurdere om lærerstudentene er skikket for læreryrket. Vitnemål for fullført lærerutdanning forutsetter at studentene er vurdert som skikket for læreryrket. Studenter som viser svakheter i forhold til å mestre

læreryrket, må så tidlig som mulig i utdanningen få vite hvordan de står i forhold til kravene om lærerskikkethet og eventuelt få råd om å avslutte utdanningen. Konkrete beslutninger om skikkethet kan fattes gjennom hele studiet. En student som ikke er skikket for læreryrket, kan utestenges fra studiet. Vedtak fattes av styret.

Skikkethetsvurderingen må bygge på en helhetsvurdering som omfatter både faglige, pedagogiske og personlige forutsetninger. Departementet fastsetter kriterier og prosedyrer for skikkethetsvurdering.

Vitnemål, karakterutskrift

Vitnemål om faglærerutdanning i kroppsøving skal omfatte alle studieenheter som studenten har fullført, og være påført de karakterene som er oppnådd. Studieenhetene skal på vitnemålet ha samme betegnelse som i rammeplanen. I studieenheten

aktivitetslære skal det gis separat karakter for hvert av målområdene.

Studenter som ikke har fullført hele utdanningen, kan få utskrift fra

eksamensprotokollen for de studieenhetene de har bestått. Dersom studentene ikke har fullført og bestått praksisopplæringen eller andre studieenheter, skal dette påføres karakterutskriften.

2.5 FRITAK

Utdanning som ikke er basert på rammeplan for faglærerutdanning i kroppsøving, kan på visse vilkår gi grunnlag for fritak eller innpassing i faglærerutdanningen.

Studenter med tidligere utdanning som delvis faller sammen med studieenheter i faglærerutdanningen, kan bli fritatt for tilsvarende deler av studiet. Slikt fritak kan bare innvilges dersom utdanningen i hovedtrekk samsvarer med rammeplanene for tilsvarende studieenhet i faglærerutdanningen. Utdanningen må derfor bl.a. omfatte didaktikk i omtrent samme omfang som studieenheter i faglærerutdanningen.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Hun stakk seg ikke frem som barn, var ingen politisk barrikadekjemper, hadde aldri tenkt på seg selv som leder og i alle fall ikke for en fag- forening før en kollega satte henne på

gjennomføre revisjonen, bør revisor ensidig kunne avslutte oppdraget fordi revisor ikke kan være sikker på om det foreligger tilstrek- kelig grunnlag til å uttale seg gjennom

2.juli kom endelig beskjeden om al Tor Geir Espedal hadde fått stillingen som vegsjef i Statens vegvesen Rogaland?. Veg:,jefens stab bød på kake og blomste1: Her er det Jorunn

Av rapporten Vanvittig mye å finne ut av (Grønningsæter og Gustavsen Tvetene mfl. 2007) fremgår det at venner for mange av de voksne kreftrammende informantene var av sentral

De e kan ha sammenheng med at den fysiske aktivitet varierte mye fra alderstrinn til alderstrinn, slik at noen som var fysisk aktive i tidlig alder senere ble passive, og andre som

– Dere skal ikke lære å bli ledere, men dere skal få vite mer om hvorfor noen velger ledelse fremfor klinisk arbeid og hva motivasjonen kan være.. Det ligger makt og innflytelse

– Rakk ikke alle problemstillinger, ny time avtalt 20 konsultasjoner (6 øyeblikkelig hjelp). 4 telefoner med pasienter/pårørende

SO Sykepleie sammenfatning SO Sykepleie sammenfatning inn SO Fysioterapi sammenfatning SO Fysioterapi sammenfatning inn SO Ergoterapi sammenfatning SO Ergoterapi sammenfatning inn