• No results found

—høyringsfråsegn frå Det Norske Teatret

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "—høyringsfråsegn frå Det Norske Teatret"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

M 0

Kulturdepartementet

4 SEPT 2015

Postboks 8030 Dep 0030 Oslo

«Ny tilskuddsordning for nasjonale ukemedier»

—høyringsfråsegn frå Det Norske Teatret

Det Norske Teatret (DNT) vil gjerne gi sine merknader til framlegget «Ny tilskuddsordning for nasjonale ukemedier».

Som ein av dei leiande nynorskinstitusjonane vil vi understreke kor viktig det er med ei nynorsk riksavis. For DNT er det ôg avgjerande at det er ei avis som har ressursar til å få fram interessant kulturstoff som stør skodespelarar og andre tilsette både praktisk språkleg og ideologisk i deira viktige arbeid med å

oppretthalde nynorsk som bruksspråk i ein pressa mindretalsposisjon.

I dag dekkjer Dag og Tid denne funksjonen på ein god måte. Dag og Tid betaler ikkje ut utbytte, og er heilt avhengig av støtte for å kunne drive god journalistikk som også reelt dekkjer heile landet både kulturelt og politisk. Etter vårt syn vil ei vesentleg svekking av økonomien til Dag og Tid derfor bety ei vesentleg svekking av den nynorske ålmenta over heile landet.

DNT vil ikkje ta særskilt stilling til den generelle innrettinga av forskrifta, men peike på element som kan påverke moglegheitene til å oppretthalde ei god vekesavis på nynorsk.

Framlegget om at nynorskaviser tek imot ein høgare grunnsats er viktig, og vi understrekar at denne satsen må setjast slik at det reelt er mogleg å halde oppe drifta på dagens nivå. På same tid må dei generelle krava til støttemottakarar ikkje setjast slik at dei i praksis kan kome til hinder for dette. Til dømes vil eit krav om representasjon over eit visst nivå i alle fylke kunne slå negativt ut for ei nynorskavis, som truleg vil ha ein relativt stor del av opplaget i andre fylke enn utgivarfylket, men kanskje ikkje jamt fordelt over landet.

Vi vil særskilt understreke behovet for at nivået for tilskott til vekeavis på nynorsk er føreseieleg, særleg med omsyn til at det berre finst ein publikasjon som i dag dekkjer denne delen av marknaden. Eit tilskott fastsett som ein fast del av totalen må halde eit visst nivå sjølv om budsjettramma kan variere. Ved ei omfordeling av midla mellom gruppene vil det ikkje vere slik at andre utgivingar vil dekkje behovet for nynorsk debatt, kultur og nyheiter.

For Det Norske Teatret

Nina Refseth

atersje Styreleiar

Sign.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Deres oppgaver har da også vært såpass forskjelli- ge at en til daglig ikke var nødt til å samarbeide. For øvrig har Bank-ansatte ofte betraktet sine kolleger over gaten som

MARIA: Det er klart når du har elevane to timar i veka i første klasse på yrkesfag, og som regel har du dei ikkje, iallfall eg som ikkje har engelsk eller naturfag, eller nokon

Ei rekkje artiklar om dei hemmelege kontaktane mellom Ansar al-Islam og det irakiske regimet vart publiserte i internasjonale media i april, august og september 2002,

Tabell 2.1 viser at 1993 var det under en av ti virksomheter som hadde innført systematisk HMS-arbeid. Fram til 1996 økte antallet til fire av ti, mens det siden har flatet ut. I

Det er viktig å øke kunnskapen om miljøeffektene av avren- ningsvannet og få klare krite- rier for hva som må gjøres. Sondre Meland, Statens vegvesen D et sier senioringeniør og

IKKE FERDIG: – Vi har få til mye disse fire årene, men jobben er ikke gjort, sier Marit Hermansen, som ønsker seg en ny periode som president for Legeforeningen... – Disse

› Mange pårørande altfor slitne når dei søkjer hjelp frå helsetenesta. › Mange pasientar er svært sjuke når dei

Skafoidfrakturar blir ofte oversette klinisk Rask primærbehandling med gips eller operasjon gav lækjing hos 98 % Av dei som blei opererte for seinare pseudartrose, blei 84 %