• No results found

Sidan utmarksbeita ikkje lenger vert nytta er det reist kulturskog som vil bli ei viktig, klimavenleg attåtinntekt

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Sidan utmarksbeita ikkje lenger vert nytta er det reist kulturskog som vil bli ei viktig, klimavenleg attåtinntekt"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Fra: Bengt Drageset

Sendt: 18. oktober 2021 10:35

Til: LMD-Inntektsutvalget <inntektsutvalget@lmd.dep.no>

Emne: Grøne landskap, kostnader og avløysing Kjære Inntektsutval!

Det er med stor tru på betring i lønsemda til jordbruket eg les om arbeidet til Inntektsutvalet.

Slik utviklinga har vore over lang tid er det minkande økonomisk motivasjon for å halda fram med mi driftsform.

I 1997 tok eg over garden og avvikla mjølkeproduksjonen på vel 40 m3 mjølk i året, bygde om løa til høytørke og investerte i nødvendig produksjonsutstyr.

Dyrkajorda på vel 70 mål vert hausta ein til to gonger i året og alt graset vert tørka og selt til

husdyrprodusentar i firkantballar. Dette utgjer 15 – 20 tørrhøy tonn kvart år avhengig av avlinga. Slik vert dyrkajorda halden i god hevd og eg kan levera kortreist tørrhøy av svært god kvalitet.

Sidan utmarksbeita ikkje lenger vert nytta er det reist kulturskog som vil bli ei viktig, klimavenleg attåtinntekt.

Utsalsprisen på tørrhøyet er den same som i 1996. Stundom er det og import av høy frå Danmark og Sverige, dette er mogeleg fordi det er mange utanlandske trailerar som har ledig transportkapasitet.

Men kostnaden på alle innsatsfaktorane har auka, til dels vesentleg. Dette gjeld kunstgjødning, elektrisk kraft, drivstoff til traktorar, forsikring samt ålmenne kostnadar til bygningsvedlikehald og arbeidskraft. Summen av kostnadsveksten i innsatsfaktorane gjer at den økonomiske berekrafta er forvitra og ikkje til stades så mykje lengre.

Produksjonen kan bli utsleppsfri med å ta i bruk utsleppsfri erstatning til det fossile drivstoffet og kunstgjødning basert på utsleppsfri produksjon.

I tillegg må det takast omsyn til at den klimavenlege jordbruksdrifta mi er ekstra sårbar av di den ikkje er kvalifisert til å få dekt avløysingskostnader. Konsekvensen er store utlegg til innleigd

arbeidskraft når eg ikkje strekk til sjølv. Dett verkar urimeleg all den tid det vert gjeve støtte til mykje annan produksjon som har langt meir tvilsamt klima- og miljøavtrykk.

Eg ser fram til at Inntektsutvalet kan retta opp den skeive utviklinga med produksjonsfremjande og klimavenleg kompensasjonsordningar som både tek vare på prisauken på innsatsfaktorane og avløysing.

Om det er trong for meir info er det berre å ta kontakt med meg, 41691145.

Lukke til med arbeidet!

Beste helsingar Bengt Drageset

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Vidare kan mange av kvinnene som i våre dagar velger å få barn i høg alder, vere kvinner med normal evne til å føde barn og utan kjende risikofaktorar for komplikasjonar (13)..

Dette vert ikkje gjort som ei omsegling under havet ³ , men mellom anna ved å måle magnetisme langs ryggen frå fly.. Midthavsryggar vert til når havbotnen sprekk opp, vert heva

Når psykiatriske fagtermar vert nytta om menneskeleg åtferd, vert det straks vanskelegare å avgjera om termane er nytta metaforisk, hyperbolsk eller i konkret tyding, ikkje minst

Vidare kan mange av kvinnene som i våre dagar velger å få barn i høg alder, vere kvinner med normal evne til å føde barn og utan kjende risikofaktorar for komplikasjonar (13)..

Inntekter frå planteproduksjon, inntekter frå husdyrproduksjon og ei samlegruppe med tilskot og andre inntekter. I skogbruket vert denne inndelinga

Inntekter frå planteproduksjon, inntekter frå husdyrproduksjon og ei samlegruppe med tilskot og andre inntekter. I skogbruket vert denne inndelinga

Inntekter frå planteproduksjon, inntekter frå husdyrproduksjon og ei samlegruppe med tilskot og andre inntekter. I skogbruket vert denne inndelinga

Dette kapittelet gjev eit oversyn over relevant teori som vert nytta i analysen av dei utvalde tekstane. Her kjem ei kort oppsummering av korleis den gjennomgåtte teorien vert