• No results found

Camarosporium sp.

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Camarosporium sp."

Copied!
3
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vol.7 Nr.101N - 2003

Camarosporium sp.

Venche Talgø og Arne Stensvand, Planteforsk Plantevernet

E-post: venche.talgo@planteforsk.no

Vertplanter

I prosjektet ”Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletre-

produksjonen” vart Camarosporium sp. funnen på daude knoppar av fjelledelgran (Abies lasiocarpa) på to ulike lokalitetar i Rogaland i 2001.

I Canada er Camarosporium strobilinum

rapportert som skadegjerar på fjelledelgran og kvitgran (Picea glauca). C. strobilinum er også rapportert på vanleg gran (Picea abies) og kvitgran i Danmark, Finland, Russland, Sveits og Skotland.

Symptom og biologi

Frå Canada er C. strobilinum rapportert å vera parasittær på knoppar og skot av fjelledelgran og kvitgran. Soppen fører til visning, nekrose og av og til epidemiske utbrot av

knoppdauding. Her i landet er daude knoppar på fjelledelgran eit stort problem, men vi veit ikkje sikkert om dette skuldast klima,

skadegjerarar eller ein kombinasjon av desse faktorane. Fig. 1 og 2 syner problemet med knoppdauding ute i felt. Daude toppknoppar fører til lengre omløpstid, på grunn av at ein sideknopp må gå opp som ny topp (jf. Fig. 1).

Når ein ny topp vert danna frå eit sideskot, kan stammen få litt krokete, skjemmande utsjånad. Nokre gonger går fleire sideknoppar opp som toppskot (jf. Fig. 2), og det vert då ekstra arbeide med å fjerna dei overflødige toppane. Ofte gjer slike skadar at trea ikkje vert salsvare.

Sporane vert danna i sporehus (pyknider), men det er ikkje funne noko om livssyklusen til Camarosporium sp. i litteraturen som er gjennomgått.

Fig. 1. Fjelledelgran med daud toppknopp. Ein sideknopp har gått opp som nytt toppskot. Dette er eit typisk syn i fleire juletrefelt. Foto: V. Talgø

Soppsjukdom

Samandrag

Daude topp- og sideknoppar er eit stort problem på fjelledelgran i norske juletrefelt. Ein veit ikkje sikkert kva som er årsaka til knoppdaudinga, men soppen Camarosporium sp. er funnen på to lokalitetar i Rogaland. Frå Canada er det rapportert at Camarosporium strobilinum kan føra til knoppdauding på fjelledelgran og kvitgran, men det er ikkje den arten som er funnen i Noreg.

Summary

Camarosporium strobilinum is reported to cause necrosis, dieback and sometimes epidemic outbreaks of bud killing on Abies lasiocarpa and Picea glauca in Canada. Dead buds are common on Abies lasiocarpa in Norwegian Christmas tree plantations.

Camarosporium sp. has been identified on dead buds of A. lasiocarpa on two occasions, but the damages might also be solely or partly due to climatic conditions.

(2)

Talgø, V. & A. Stensvand. 2003. Camarosporium sp. Grønn kunnskap e7(101N):1-3 2

Vol.7 Nr.101N - 2003

Fig. 2. På denne fjelledelgrana har tre sideknoppar gått opp som nye toppskot på grunn av at toppknoppen ikkje braut. Foto: V. Talgø

Fig. 3 syner ei samling av daude

fjelledelgranknoppar som vart sende inn til Plantevernet på Ås for analyse.

Fig. 3. Daude knoppar av fjelledelgran. Foto: V. Talgø

Sporane som vart funne i Noreg er truleg av arten Camarosporium quaternatum (Fig. 4), men det er ikkje sikkert stadfesta enno.

Fig. 4. Sporar av Camarosporium sp. frå fjelledelgran i Rogaland. Etter storleik og form på sporane å døma kan dette vera arten Camarosporium quaternatum.

Foto: E. Fløistad

(3)

Talgø, V. & A. Stensvand. 2003. Camarosporium sp. Grønn kunnskap e7(101N):1-3 3

Vol.7 Nr.101N - 2003

Tiltak

Det er svært lite litteratur om Camarosporium.

For å vera på den sikre sida er det truleg fornuftig å fjerna og brenna skadde toppskot.

Det er best å gjera dette før vekstsesongen tek til for å hindra sporespreiing. Klypp 5-10 cm inn påfriskt parti av topp- eller sideskota for å vera sikker på å fjerna eventuelle sopptrådar (hyfer) som har vokse ut frå det sjuke området.

I 2004 vil det verta tatt inn ein del nye prøvar av daude knoppar av fjelledelgran for å freista avklara meir om skadane.

Prosjekttittel: Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen (2001-2003) Finansiering: SND, NGF, eigeninnsats

Styringsgrupppe:

Harald Rømuld (prosjektansvarleg), Norsk Pyntegrønt Terje Pundsnes (leiar for styringsgruppa), Pyntegrøntringen Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund Morten N. Andersen, Det Norske Skogselskap

Tønnes Straum, produsent Arne Stensvand (fagleg ansvarleg) og Venche Talgø, Planteforsk Plantevernet

Kjem som vedlegg til Norsk Pyntegrønt hausten 2004

ISBN 82-479-0437-3

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

– Ved hjelp av en enkel statistisk modell og data fra 4S-studien har vi beregnet at fem års behandling med simvastatin mot hjerte- infarkt og/eller hjerneslag gir NNT på 13,

Om vi liker klangen eller ikke, er basert på fordommer og tidligere erfaringer med språket” (ibid.). Desse språkvitararane vil altså ikkje ta del i diskursen som media prøver å

Oversikt over totalt jordbruksareal registrert på kart og areal som det ikkje vert søkt arealtilskot på fordelt på kommune (Kjelde: Skog og Landskap

– Positiv test på ekstrakt kan IKKE skille mellom alvorlig allergi og kryssallergi.. Basofil Aktiverings

I en travel klinisk hverdag kan det være en hjelp med flytdiagrammer, men en forut- setning for å kunne anvende disse er at den enkelte må ha noe innsikt, kunnskap og erfaring.

Siden prevalensen av HIV og hepatitt var særlig lav i Norge og de nordiske land, krevde man at blodgivere måtte være født og oppvokst i et nordisk land eller et land med

Slik kan barn også bli hjulpet til å finne andre voksne å kny e seg til dersom egne foreldre er døde eller for traumatisert selv til å ta seg av barnet.. Mange barn kommer ut av

Hertil kommer også det at foreldrene leser selv og at foreldrene har positive holdninger til lesing (og ikke forbinder lesing til noe de utelukkende driver med når de må)»?.