• No results found

Høyring Nasjonale retningsliner for open tilgang forskingsresultat

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Høyring Nasjonale retningsliner for open tilgang forskingsresultat"

Copied!
3
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

II LI L1

AVII\ \k!

Stavauger universitetssjukebus

Helse Vest RHF Postboks 303, Forus 4066 Stavanger

Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato:

2016/3028-19477/2016 2016/5836 - 64748/2016 Geir Sverre Braut 51513776 20.07.2016

Høyring Nasjonale retningsliner for open tilgang forskingsresultat

Helse Stavanger HF viser til brev av 7. juli 2016 vedlagt høyringsbrev og rapport frå Kunnskapsdepartementet om open tilgang til forskingsresultat. Vi vel å følgja oppmodinga frå Helse Vest RHF om å senda høyringssvaret vårt til det regionale helseføretaket i det vi ser at eit samla innspel kan gje større tyngde overfor

departementet, jf. den lange lista over instansar som er bedne om å koma med innspel i saka.

Rapporten av 14. juni 2016 er prisverdig kort og lettlesen. Men det spørs likevel, som det også er nemnt i rapporten, om ikkje fleire av dei omtalte utfordringane bør utgreiast ytterlegare for seg før ein fastset meir varige ordningar, sja seinare i dette brevet.

Sju formiftige, overordna prinsipp

Likevel er det ikkje vanskeleg på prinsipielt grunnlag å slutta seg til dei sju overordna retningslinene som er nemnde på side 3. Det er lett å følgja argumentasjonen om at resaltata frå offentleg finansiert forsking også må kunna gjerast offentleg tilgjengeleg utan ytterlegare kostnader for samfunnet. Det følgjer av prinsippa i offentleglova, sjølv om loykrava der ikkje umiddelbart er relevante for saka her. Vi ser heller ikkje at eit krav om open offentleggjering av forskingsresultat kan koma i strid med kravet om akademisk fridom. God akademisk praksis tilseier evne og vilje til å la resultata ein kjem fram til bli prøvde i det offentlege rommet. Open tilgang vil då snarare vera ein styrke for enn ei innsnevring av den akademiske fridomen, nett slik som utvalet gjer greie for i rapporten.

Kor mykje av forskingsmaterialet skal vera ope tilgjengeleg?

Det er likevel eit poeng her som bør drøftast vidare. Det handlar om kor mykje av forskingsresultata som skal vera ope tilgjengelege. Helse Stavanger HF ser det som uproblematisk at resultatet av forsking i form av ein artikkel eller ein rapport skal gjerast ope tilgjengeleg.

Posta dresse: Elektronisk adresse: Besoksadresse: Generell informasjon:

Helse Stavanger 110 postta sus.no Ant tauer Hansensvei 2 Sentntlbord: 0 5 5 I

Postboks 8 I00 vxvw.helse-stavanger.no Org.nr: 983 974 678

4008 Stavanger

(2)

Men innanfor forskingspraksis ser vi i dag ei utvikling i retning av at også det materialet ein byggjer på skal omfattast av prinsippet om open tilgang, så langt det kan skje utan at personopplysingar blir avslørte. Det kan sjølvsagt førast ein god argumentasjon for at dette er rimeleg, til dømes av omsyn til etterfølgjande kvalitetssikring og kontroll av forskinga. Likevel er dette ein praksis som enno ikkje er skikkeleg utvikla og evaluert. Vi har røynsle for at mange forskarar stiller seg skeptiske til dette, mellom anna fordi dei på eit relativt tidleg tidspunkt då eigentleg gjer frå seg råderetten over materialet, kanskje før potensialet i det er fullt utnytta.

Dersom ein ønskjer å trekkja prinsippet om open tilgang til også å gjelda anna materiale enn den endelege rapporteringa, meiner vi at ein bør ha ei breiare utgreiing av dette før ein stadfestar ein nasjonal praksis på området. Ikkje minst bør det sikrast at

tilgangsordningane stimulerer til samarbeid om forsking og ikkje blir slik utforma at dei opnar for at nokon kan få lettvint tilgang til materiale og vurderingar som andre har hatt det vesentlegaste av arbeidet med å framskaffa.

Det er behov for eitvitenorkiv, men kvo det skal vero må utyreiast nærare

Helse Stavanger HF merker seg også påpeikinga av behovet for å etablera vitenarkiv i form av institusjonsbaserte eller nasjonale repositorium over rapporterte

forskingsresultat. Dette behovet er tydeleg og påtrengjande. Vi ser i dag store omskifte i korleis både universiteta og andre forskingsinstitusjonar (instituttsektoren,

helseføretaka) organiserer seg. Vi tykkjer difor det vil vera mest føremålstenleg og robust med tanke på bevaring for framtida at eit slik vitenarkiv blir etablert på nasjonalt nivå.

Om dette vil vera ei bibliotekteneste som kan forankrast i Nasjonalbiblioteket, ei arkivteneste som bør forankrast i Arkivverket eller noko nytt som krev ei særleg organisering, bør utgreiast som eiga sak. Eit artikkelbasert repositorium liknar

umiddelbart mest på tradisjonelle bibliotektenester, men dersom ein også på noko sikt skal oppbevara forskingsprotokollar og innsamla materiale, er likskapen med

tradisjonelle arkiv langt større.

Det er ikkje urimeleg å knyta deponeringa av ein artikkel i eit vitenarkiv opp mot tildeling av publikasjonspoeng slik som føreslått i rapporten. Dette deponeringskravet bør omfatta både artiklar publiserte i tradisjonelle og opne tidsskrift. Også det som er publisert i opne tidsskrift kan trengja eit framtidsvern som berre eit uavhengig

repositoriurn kan gje.

Eit nasjonalt vitenarkiv må bli noko meir enn det vi kjenner frå ulike forskingsdatabasar i dag, slik som til dømes PubMed internasjonalt og CRIStin nasjonalt. Det må også sikra koplingar til slike internasjonale system som ClinicalTrials.gov og det norske «Kliniske studier» på helsenorge.no. Det bør også vera slik utforma at det kan erstatta ulike institusjonsinterne registreringsordningar. Systemet må vera slik utforma at både forskarane, styremaktene og publikum kan søkja fram ulike typar opplysningar som dei har lovleg tilgang til. Dette vil då også krevja eit grundig utgreiingsarbeid knytt til korleis eit slik arkiv skal sikrast.

Side 2 av 3

(3)

Eigentleg bør ein kunna sjå for seg eit samla nasjonalt system som kan erstatta dei ulike registra og meldeordningane som forskarar og forskingsinstitusjonar må forhalda seg til i dag. Nettopp slike utfordringar gjer at utviklinga av eit vitenarkiv bør byggja på ei eiga, breiare utgreiing der kompetanse frå ulike forskingsmiljø og forvaltninga blir supplert med kompetanse frå ikt-tenester, arkiv- og biblioteksektoren.

Droftinga av nye kriteria for evaluering avforsking erfor knapp

Rapporten er også eit par stader (mellom anna side 9 og sidene 21-22) innom behovet for å endra kriterium for evaluering av forsking. Her viser ein til

The San Francisco Declaration On Research Assessment (vvvvvv.aseb.oloi-c,)

som er sterkt kritisk mellom anna til bruk av

impact factor

for ulike tidsskrift i vurdering av kvalitet av forsking. Det er ikkje vanskeleg å følgja argumentasjonen her heller, men også på dette punktet er det vanskeleg å gå inn for å endra dei noverande systema utan at det ligg ei breiare utgreiing til grunn.

Kort oppsummert meiner Helse Stavanger HF at dei tilrådde sju nasjonale retningslinene er fornuftige, men at ein i det vidare arbeidet må utgreia na!rare følgjande forhold:

Kor mykje av resultat av forsking, ut over artiklar m.v., skal vera ope tilgjengeleg?

Kva skal funksjonskrava til eit vitenarkiv/forskingsrepositorium vera?

Kva er fordelar og ulemper ved ulike nye/alternative ordningar for

kvalitetsvurdering av forskingsdokumentasjon som veks fram internasjonalt?

Medvenleg helsing Forkingsavdlinga

Stein Tbre NBsen forskingsdirektør

Geir Sverre Braut seniorrådgjevar

Side 3 av 3

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Frå tid til anna vert det sagt at vi treng ein norsk børs, og at det vil vere eit tap for Noreg om Oslo Børs vart overteken av andre.. Must (2006) hevdar dette, og

Ideelt sett bør det ikkje vere slik at nokre idealistar gjer brorparten av dette arbeidet, etter mitt syn.. Ein må heller alminneleggjere det, slik at det inngår som en del av

Rosenblatt meiner dialogen gjerne kan begynne slik, men at læraren vidare hjelper elevane å fokusere på ulike element i forståinga av teksten, for eksempel ved å be dei om å

Eg var skeptisk til om alle eksempla frå fattige land og land med mykje dårlegare helseteneste enn vi har, kunne fungere hos oss.. Men det gjer dei så

For at ein regissør skal kunne formidle den kunstnariske visjonen sin i arbeidet med eit spel må han/ho vere budd på ein del utfordringar som ein ikkje naudsynt finn i

Sognekraft ønskjer å byggje den nye stasjonen for 132kV, noko ein meiner er framtidsretta med omsyn på Statnett sine planar for nettet ilndre Sogn samt i høve til tilgang

Arbeidet i Det lutherske verdsforbundet (LVF) har vore in- tensivert, mellom anna i fornyingskomiteen i LVF, der Den norske kyrkja har vore med, og i førebuingane

I det reformerte pensjonssystemet byrjar kvar kohort å heve pensjon ved fylte 62 i staden for ved fylte 67, men dei går ut av modellen på same tidspunkt som i dagens..