• No results found

Fortidshandtering på museum

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Fortidshandtering på museum"

Copied!
396
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Årstein Svihus

Fortidshandtering på museum

2021

Avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.) Universitetet i Bergen

(2)

Avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d ) ved Universitetet i Bergen

.

2017

Dato for disputas: 1111

ved Universitetet i Bergen

Årstein Svihus

Fortidshandtering på museum

Avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.)

Disputasdato: 10.12.2021

(3)

Trykk: Skipnes Kommunikasjon / Universitetet i Bergen

Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverkslovens bestemmelser.

Navn: Årstein Svihus

Tittel: Fortidshandtering på museum År: 2021

(4)

1

Forord

Når ein arbeider med ei avhandling kan det, kanskje særleg i sluttfasen, vere lett for at ein gløymer at dette er noko ein har valt å gjere og til og med har lagt ned litt innsats i for å få høve til. Det ein derimot ikkje må gløyme er alle dei som før og langs med prosessen har gjort arbeidet mogleg. I mitt tilfelle har dei vore mange, og eg vil med dette nytte høve til å takke for all den hjelp og støtte eg har fått undervegs i prosessen.

Avhandlinga er eit forsøk på å stille nye spørsmål til det ein held på med på museum. Mi eiga erfaring med sektoren og fenomenet vart mogleg då Bjørg Christophersen som dåverande direktør gav meg høve til å arbeide i Museum Vest, først i prosjekt, så i fagstilling og seinare som leiar for Norges Fiskerimuseum. Dei erfaringane eg der fekk hausta har ikkje hatt så reint liten betydning for dei spørsmåla som her er stilt, slik dei òg har elles har hatt det for min faglege modning. Det å vere historikar på eit museum fører til at ein inngår i nokså annleis prosessar enn det eg hadde erfart frå tida som oppdragsforskar og bindestrekshistorikar.

Museum Vest har dessutan vist seg å vere ein svært generøs arbeidsgjevar med svært gode kollegaer. Eg vil difor takke for at museet gjekk inn for å søkje på ordninga med offentleg sektor-ph.d. og for måten prosjektet er følgt opp på. Nåverande direktør Øyvind Stang har i så måte vore ein velvillig og raus arbeidsgjevar, særleg i fasen etter at prosjektet strengt tatt burde ha vore ferdig. Eg vil òg særleg rette ein takk til fagsjef Jenny Heggvik som undervegs i prosjektet har vore ein solid støttespelar samstundes som ho har tatt på seg oppgåva med å ordne ulike greier med NFR. Dei økonomiske og rekneskapsmessige sidene har også i dette prosjektet blitt dyktig handtert av vår økonomisjef Evelyn Johannesen.

Den vesentleg faglege støtta har eg fått frå Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Her vil eg takke instituttleiar Jan Heiret for samarbeidet om offentleg ph.d- ordninga i den innleiinga fasen, men særleg for den måten det vart funne rom for meg i fagmiljøet på instituttet. I den samanhengen vil eg mest av alt framheve den betydninga rettleiarane mine har hatt for utviklinga av prosjektet. Teemu Ryymin og Hans Jakob Ågotnes har gitt meir enn vesentlege bidrag til det eg har klart å få ut av perioden. Dei har utfylla kvarandre på måtar som har gitt meg både usentimentale kritiske vurderingar, konkrete råd og tips. Samstundes har alle deira bidrag vore ramma inn av ei tru på prosjektet som for meg har hatt avgjerande motiverande betydning.

Prosjektet hadde likevel ikkje vore mogleg utan at den støtta som har lege utanfor dei institusjonelle rammene. Min sambuar Sølvi Vik har gitt meg ein fleksibilitet i forhold til familiære og sosiale plikter som dei færraste småbornsfedre får høve til. Sølvi har dessutan med sin faglege bakgrunn og mangeårige erfaring med museumsarbeid vore den eg stendig har kunne bryne idear og spørsmål på, og som eg har kunna dele dei meir frustrerande delane av arbeidsprosessen med.

(5)

2

Innhald

Kapittel 1. Innleiing ... 8

Tema for avhandlinga ... 8

Fortid på museum som forskingsfelt ... 8

Museologisk forsking ... 9

Forskingsspørsmål ... 12

Historiebruk som forskingsfelt ... 13

Musea som historiebrukande institusjonar... 15

Historiebruk, fortidsbruk og fortidshandtering ... 18

Fortidshandtering ... 22

Museumssyn, historiesyn og andre syn i musea ... 23

Framstillingar ... 26

Pragmatisk, vitskapleg og normativ fortidshandtering ... 29

Vitskapleg fortidshandtering ... 31

Pragmatisk, folkeleg og harmoniserande fortidshandtering ... 32

Normativ, oppdragande og vekkande fortidshandtering ... 34

Problemstillingar ... 35

Utval og kjelder ... 37

Utval ... 37

Framgangsmåte og kjelder ... 37

Strukturen på avhandlinga ... 42

Kapittel 2: Glomdalsmuseet ... 46

Glomdalsmuseet 1911-1951 ... 46

Mobilisering av fortida til ulike formål i Elverum ... 47

Folkemuseet, museumstypen og rivaliseringa ... 49

Byggeskikken og mobiliseringa for museet ... 51

Vekking og danningsfunksjon ... 54

Oppbygging og utval ... 57

Det formelle museumsformålet ... 58

Vitskapleg fortidshandtering av utvalde bygningar ... 60

Praktisk og pragmatisk praksis ... 63

Ein tiltenkt normative funksjon? ... 65

Museet sin harmoniserande funksjon ... 68

Friluftsteateret og det folkelege museet ... 70

Identitetsbygging i Østerdalen og Glåmdalen ... 72

Arven etter Hamlander ... 74

Eit utvida institusjonelt handlingsrom og nye museumsfaglege perspektiv (1952-1970) ... 77

Revurdering og komplettering ... 78

(6)

3

Distriktsmuseets tronge rammer og planen om eit spesialmuseum ... 81

Normativ og vitskapleg fundert fortidshandtering ... 82

Museum for eit føreståande tidsskilje? ... 83

Korrigering og oppdraging ... 85

Levande museum og liv i stuene ... 87

Museumssyn og vitskapleg fortidshandtering ... 90

Oppdragande fortidshandtering ... 93

Offentleg forankring og nye forventningar (1970-1997) ... 96

Museumspolitisk draghjelp for Glomdalsmuseet ... 96

Større organisasjon, meir kompleks fortidshandtering? ... 97

Ny direktør og ny samfunnsdiagnose ... 97

Distriktsbank og distriktsarkiv ... 100

Temporære utstillingar, vandreutstillingar og faste utstillingar ... 102

Eksemplariske gjenstander ... 105

Kritisk tematisering ... 106

Periode og gjenstander ... 107

Gjenstandsbasert og vitskapleg fortidshandtering ... 108

Ei stor og mangfaldig samling ... 109

Den vitskaplege fortidshandteringa og museumsidealet ... 110

Eigen publiseringskanal ... 111

Frie val av gjenstand og tema ... 112

Samlingar, interesse og faglegheit ... 115

Grautboller og mjølkekartongar på museum ... 119

Fortidsrelevans og samtidsvanskar ... 120

Kryssande forventningar ... 121

Direktørbyte og publikumsorientering ... 122

Eit endra museumsformål? ... 125

Museumssyn i endring ... 126

Oppsummering av kapittel 2 ... 127

Dei institusjonelle tilhøva og fortidshandteringa ... 128

Kapittel 3: Norsk Skogbruksmuseum ... 133

Framstegstru, forsoning og fortidslengt. Etableringa av eit eige museum for skogbruk jakt og fiske (1952- 1971) ... 133

Ein veletablert museumside blir ført til Elverum ... 133

Glomdalsmuseets institusjonelle motiv og føresetnader ... 134

Endra førestillingar om tidsskilje ... 137

Frigjort frå Glomdalsmuseet? ... 139

Eit landsomfattande museum ... 142

Museet som skaping av ei sams fortid ... 143

(7)

4

Praktiske utfordringar og vitskapleg formål ... 145

Fleire førestillingar om fortid, nåtid og framtid blir mobilisert for museet ... 147

Samanstilling og samanheng ... 150

Eit naturlig tidsskilje ... 152

Fortid, nåtid og framtid ... 153

Eit levande «frilandsmuseum» ... 154

Skogbruksmuseet som folkemuseum ... 156

Norsk Skogbruksmuseum som minne og monument (1964-1971) ... 160

Norsk Skogbruksmuseum skil lag med Glomdalsmuseet ... 162

Skogbruksmuseet sitt museale formål blir forankra innanfor sektoren ... 163

Forsking «som selve hovedoppgaven» ... 166

Prestøya og opplevinga av det «levende»... 166

Forstmannens fortidsførestillingar ... 167

Årboka, vitskap som stadfesting og dokumentasjon... 169

Eit folkemuseum for skogbruk, jakt og fiske? ... 172

Frilandsmuseet og friluftsmuseet som ulike måtar å handtere fortida på? ... 174

Folkelege førestillingar eller korrigering ... 177

Eit stort og moderne museumsbygg ... 181

Private og offentlege midlar ... 182

Inspirasjon frå inn- og utland ... 183

Fortidshandteringa i etableringsfasen ... 188

Pragmatisk fortidshandtering ... 188

Institusjonstypen og museumssynet si betydning for fortidshandteringa ... 188

Museumsfaglege føringar for fortidshandteringa ... 190

Den tiltenkte praktiske og symbolske funksjonen til nybygget ... 191

Norsk Skogbruksmuseum 1971 – 1986 ... 193

Eit større museum ... 193

Samansette forventningar til museet ... 193

Monument og vitskapleg institusjon ... 195

Museumsstyret sitt syn på fortida og museets formål ... 195

«Montering og ordning» med samlingane som førelegg ... 197

Gjenstandsbaserte samanhengar som museumsideal ... 198

Komplekse samanhengar og førestilt heilskap ... 199

Geologi og biologi som innramming av skogbrukshistoria ... 201

Naturlig tid og kulturhistorisk fortetting ... 202

Jakt og fiske, den eksemplariske fortida og den trugande samtida ... 203

Vern av natur og kultur som del av ei oppdragande fortidshandtering ... 208

Normativ fortidshandtering ... 209

(8)

5

Museets faglege orientering og betydninga for fortidshandteringa ... 211

Samfunnsoppdraget og målgruppene for utstillingane ... 215

«Pedagogiske» utstillingar ... 217

Mønsterplanen for grunnskulen som mal ... 218

Formidlinga og fortidshandteringa ... 219

Vidareføring og utviding av friluftssamlingene ... 220

Vitskapleg fortidshandtering med eit pragmatisk utgangspunkt ... 223

Kontinuitet ... 227

Oppsummering av kapittel 3 ... 227

Kapittel 4: Musea i Elverum før og etter konsolideringa ... 233

Økonomiske utfordringar og endra forventningar frå samfunnet ... 234

Fortidshandtering for å tene nåtid og framtid? ... 236

Ulike institusjonelle motiv for fortidshandteringa ... 238

Normativ fortidshandtering ... 241

Nytt museumssyn, nye museumsfag? ... 242

Kontinuitet og vekst på Norsk Skogbruksmuseum ... 244

Generalplanen med ambisjonar i retning av ei meir vitskapleg fortidshandtering ... 245

Institusjonell vekst og ei meir pragmatisk fortidshandtering ... 248

Profesjonalisering og tematisk utviding ... 248

I utkanten av museumsdiskusjonen ... 250

Utstillinga «Tid for skog» ... 251

Museal fortidshandtering og faghistorikarar si handtering av fortida ... 253

Antologien “Tid for skog” som vitskapleg fortidshandtering ... 257

Institusjonell kontinuitet, nye forventningar og fortidshandteringa i Elverumsmusea ... 259

Tendenser etter konsolideringa ... 260

Ei meir samansett fortidshandtering etter konsolideringa? ... 263

Forståinga av samtidsrelevans og den relevante historia ... 264

Forholdet mellom det konsoliderte og det avdelingsvise nivået ... 268

Konsolidering av ein vitskapleg måte å handtere fortida på? ... 269

Felles forvalting og samlingane si rolle innan fortidshandteringa ... 274

Kompleksitet og kontinuitet ... 277

Kapittel 5: Norsk Oljemuseum ... 280

N formidle «om petroleumsvirksomheten, dens naturgitte, historiske og tekniske forutsetninger og om dens virkninger på det norske samfunnet.» ... 280

Innleiing ... 280

Kvifor eit oljemuseum? ... 281

Museum som utstilling, eller utstilling som museum? ... 282

Oppdragande fortidshandtering ... 286

Brot med fortida for framtida som museumsformål? ... 287

(9)

6

Museet får offentleg forankring ... 287

Museet kjem i drift ... 290

Teknisk vitskapleg fortidshandtering ... 291

Petroleumsfortida forstått som ferdig handtert? ... 296

Teknologisk utvikling langs kryssande tidsforståingar ... 296

Innsamling, idear og praksisar ... 298

Kuleventil, Alexander L. Kielland, modellar og borekroner ... 299

Eit teknisk museum for framtida ... 304

«Et samtidsmuseum i havet» ... 307

Ilandføring av oljehistoria ... 310

«Et spennende museum» ... 314

Utveljingar av samanhengar ... 316

Gjenstandshandtering ... 317

Tidslinja «Petrorama» ... 321

Ei varig fortidshandtering ... 323

Fortidshandteringa på Norsk Oljemuseum etter 1999 ... 325

Ulike perspektiv på formål og fagleg tilknyting ... 326

Ei nedtona framstegsoptimisme? ... 327

Teknologiklekkeri ... 328

Forventningar og reaksjonar frå samfunnet og den museumsfaglege utviklinga ... 330

Fortidshandteringa sine ulike funksjonar ... 334

Utstilling som monument over innsats ... 337

Museet som minnestad? ... 339

Dokumentering og harmonisering ... 340

Vitskapleg fortidshandtering i tråd med fagdisiplinær praksis ... 341

Ekofisk på museum – på nytt ... 341

Etatsmuseets handlingsrom ... 347

Det institusjonelle særpreget og auka vekt på fortida ... 354

Oppsummering av kapittel 5 ... 361

Kapittel 6: Fortidshandtering på museum oppsummert... 364

Den institusjonelle samanhengen – det varige og endringsstrev ... 365

Vitskapleg fortidshandtering ... 368

Ulike måtar å knyte seg til forskingsverda på ... 369

Den faglege utviklinga på museet og betydninga for fortidshandteringa ... 371

Utveljing, innsamling og gransking ... 373

Den museumsfaglege utviklinga og nye forventningar frå samfunnet ... 375

Fortidshandtering på musea og institusjonelt særpreg som historiebrukande institusjonar ... 378

Litteratur og kjelder ... 381

(10)

7

Årbøker ... 387

Årsmeldingar og beretningar ... 387

Brosjyrer ... 387

Planverk og rapportar som ikkje er publisert i årbøkene ... 387

Offentlege utgreiingar og stortingsdokument ... 388

Vedlegg 1. ... 389

(11)

8

Kapittel 1. Innleiing Tema for avhandlinga

Ein måte å forstå musea på er at dei skaper ein eller annan slags samanheng mellom fortid, nåtid og framtid. Det ligg og inne i ein kvardagsleg måte å referere til museum på. Når ein seier at noko er modent for museum, ligg det i det ei forståing av at det som ikkje heng med i nåtida kan plasserast i lag med resten av fortida på museet. Besøker ein eit museum ser ein korleis musea sjølve ordnar ting og tid. Ein stiller opp ting frå ulike periodar, har ei stram tidslinje som forklarer eit fenomen frå og til, eller ein dveler ved noko spesielt som aldri vil skje igjen, eller som aldri bør skje igjen.

Besøker ein fleire museum, og det plar dei som besøker museum å gjere, vil ein oppdaga at dei i ulike grad legg vekt på både fortid, nåtid og framtid og at samanhengen mellom dei kan vere implisitt eller eksplisitt del av bodskapen. Kva slags museum det er tale om kan ha betydning. Eit museum som er bygd for å minnast ei hending under andre verdskrigen, eit museum om ei bestemt næring eller eit museum om menneskerettar kan tenkjast å vektlegge fortid, nåtid og framtid ulikt. Ein kan vere oppteken av å minnast, vise ei pågåande utvikling eller viktigheita av å styrkje bestemte verdiar i skapinga av morgondagens samfunn. Kva ein legg vekt får òg betydning for korleis ein viser det fram og om ein legg vekt på tekst, bilete gjenstandar eller andre grep. Utstillingane kan vere ein av mange måtar ein grip fortida på.

Bøker, artiklar, film eller arrangement og til og med kafe og museumsbutikken kan vere ledd i dei samanhengane ein søkjer å skape, men òg utforminga av museumsbygget og

arkitektoniske grep.

Formålet med denne avhandlinga er å undersøke måtar musea framstiller og bruker fortida på og korleis det endrar seg over tid, og å freiste å forklare kvifor.

Fortid på museum som forskingsfelt

Musea som skaparar av samanhengar mellom fortid, nåtid og framtid har vore gjenstand for interesse frå ulike forskingsfelt og perspektiv. Innan nordisk humanistisk forsking har interessa for musea vore veksande etter tusenårsskiftet. Eit utgangspunkt for interessa er oppfatninga av musea som viktige, at dei har, har hatt eller bør ha ein viktig funksjon i å halde fast på eller produsere historiske samanhengar.

Eit tydeleg interessefelt har vore å undersøkje musea som delar av ei større kunnskapshistorie, ei anna musea og materialet dei forvaltar og musea som del av politikkfelt og offentlegheit.

Her har særleg utviklinga av museologi som eigen fagdisiplin vore viktig, samstundes som det

(12)

9

har komme sentrale bidrag frå andre humanistiske fagfelt. Forskingsfeltet er tverrfagleg og for mitt formål inndelt etter det som kan kallast museologisk forsking og historiebruksfeltet.

Museologisk forsking

Museologi er her svært vidt forstått som det tverrfaglege feltet som interesserer seg for museum og dei samfunnsmessige samanhengane dei inngår i.1 Eit sentralt museologisk perspektiv finn ein hjå Anne Eriksen, som med boka Museum – En kulturhistorie har lagt vekt på å få fram allmenne tendensar og mønster med vekt på korleis idear om museumsdrift og ulike museumsideologiar har forma og endra norske museum.2 Hjå Eriksen er det kunnskapshistoriske perspektivet på museum det sentrale, og difor blir det som skjer på musea i større grad brukt til illustrere tendensar enn til å nyansere og kritisk vurdere desse.3 Eriksen legg særleg vekt på at framvoksteren av folkemuseum og kulturhistoriske museum frå siste halvdel av 1800-talet førte til eit varig skifte i synet på samlingane og museumsformålet.

Musea vart historisert, og bidrog til historiseringa av samfunnet.4 Historiseringa innebar at den historiske samanhengen vart avgjerande for vurderingar av gjenstandar ut frå aldersverdi og autensitet samstundes som historiske røter og identitet vart sterkt tematisert av musea.

Eriksen plasserer folkemusea og kulturhistoriske museum som uttrykk for historiseringa og og samanfallande faktorar som førte til eit endra syn på museumsformålet. Systemmusea og modellmusea som var eldre, men som ei tid eksisterte jamsides med folkemusea, var meir opptekne av den orden som samlingane inngjekk i, eller dei førebileta som dei illustrerte, enn gjenstandane i seg sjølv og det samfunnet som hadde produsert dei. Det museumssynet som følgde av det historiserte museet har i følgje Eriksen blitt så innarbeidd i måten ein forstår musea på at det sidan har vorte naturleggjort.5 Gjenstandars aldersverdi og forankring av desse i nasjonale eller lokale historiske framstillingar blir dermed ein sjølvsagt del museumsformålet.

Eriksen plasserer på denne måten musea inn i ein kulturhistorisk kontekst som på den eine side forklarer den omfattande framvoksteren av folkemuseum og kulturhistoriske museum, og som på den andre sida peikar på innarbeidde måtar musea skaper samanheng i tid på. For

1 Omgrepet museologi blir brukt på ulike måtar til ulike formål. Ein kan, slik Harald Høiback gjer, skilje museologi frå museumskunnskap ved å forstå museologi som dei filosofiske og teoretiske sidene ved musea, medan museumskunnskap handler om dei synlege sidene ved museumsverksemda (Høiback 2020: 20). Men ein kan òg, slik Brita Brenna gjer, leggje til grunn museologi som eit svært vidt omgrep, som slik kan omfamnar dei ulike fagtradisjonane og formåla omgrepet kan knytast til. (Brenna 2009: 65.)

2 Eriksen 2009: 23-24.

3 Eriksen 2009: 25.

4 Eriksen 2009: 75.

5 Eriksen 2009: 79.

(13)

10

Eriksen handlar dette mest om å plassere musea innanfor ein kulturhistorisk kontekst, men og å forklare dei tydelege tendensane ho hevdar å ha funne ut frå rådande museumstypar. Hennar diskusjon av museumsfunksjonane viser samstundes at praksisfeltet er samansett og mindre einsarta enn det kanskje dei felles tendensane skulle tilseie, men utan at ho diskuterer endring over tid systematisk. Ho peikar derimot mellom anna på at musea særleg etter 1975 har blitt innvove i politikkfeltet, og at dei offentlege forventningane har bidrege til å endre musea.6 Eriksen framhevar samstundes at tenking og praksis kring samling, bevaring, forsking og formidling viser at museumshistoria verken er rettlina eller eintydig, men utgjer eit

«sammensett bilde med mange nyanser og mange ulike motiv.»7 Med det peikar ho på behovet for meir forsking på museum. Det gjeld òg for andre spørsmål enn dei Eriksen har stilt til materialet.

Det samansette museet

Eit utgangspunkt for introduksjonen av museumskunnskap og museologi som universitetsfag var å problematisere det sjølvsagte og inneforståtte som ein hevda prega bruken av historie og historiekunnskap på museum.8 Ein ville difor lansere opnare spørsmål om kva slags fortid og førestillingar om historiske samanhengar ein kan finne på musea, Men òg om kor musea hentar førebilete og inspirasjon frå.9 Samstundes er det kanskje ein tendens til at museologien er meir forankra i det ein oppfattar som samtidige problem med musea enn historisk

gransking av ulike praksisar og kva som forklarer dei. Her er det i Noreg eit interessant samanfall av politiske mål for sektoren, utviklinga av museologi som fagdisiplin og musea si anerkjenning av museologien som relevant for sektoren. Forståinga av museologi som «den nye» museologien, eller som kontrast til museografi blir mellom anna forklart med ei dreiing av interessa frå korleis til kvifor.10 Det kan handle om å forstå kva musea vil oppnå, men kan òg innebere ulike syn på kva dei bør prøve å oppnå og korleis museologiske perspektiv kan bidra til endring.11 Til grunn kan det ligge eit tydeleg historisk perspektiv på kva slags samanhengar musea skaper, og kva som blir vektlagt eller utelate.12 Eit anna utgangspunkt kan vere endra offentlege forventningar som ein i varierande grad sluttar seg til eller problematiserer.

6 Eriksen 2009: 105, 221.

7 Eriksen 2009: 24.

8 Johansen, Losnedahl, Ågotnes 2002: 18-19.

9 Bugge Amundsen, Brenna 2001: 20.

10 Hauan, Maurstad 2012: 21.

11 Aronson 2018: 158.

12 Lien og Wallem Nielssen 2016.

(14)

11

Musea si samfunnsrolle har såleis vore utgangspunkt for fleire større vitskaplege arbeid etter at omgrepet fekk museumspolitisk tyngde i Framtidas museum, St.meld. nr. 49 (2008-2009).

Katrin Pabst undersøkte i si avhandling korleis musea forstod omgrepet. Pabst problematiserte (mellom anna) avstanden mellom den profesjonelle etiske kompetansen på museet og idealet om å fylle ei ny samfunnsrolle.13 Eit utgangspunkt for Pabst var tendensen til at musea i større grad tok opp «følsomme» og «samtidsrelaterte» tema og at dette skapte moralske utfordringar for dei tilsette.14 Pabst er altså oppteken av etiske problemstillingar som blir reist av nye måtar å skape samanhengar mellom fortid, nåtid og framtid på. Dei nye måtane blir, ved å vise til styringsdokument, forklart ut frå formålet om å både bidra til kritisk tenking og til å skape forståing for bestemte «forbindelser» mellom fortid og nåtid, slik at samfunnet skal bli betre rusta til å handtere konfliktar.15

Dei «nye» måtane å skape samanheng mellom fortid, nåtid og framtid er eit endå tydelegare utgangspunkt i avhandlinga til Åshild Andrea Brekke. Ho legg til grunn at den «nye»

samfunnsrolla er ein sentral del av ein overordna politisk målsetnad om å stimulere musea til å bevege seg bort frå ei tradisjonell hegemonisk og dels ekskluderande rolle, til å bli meir inkluderande, demokratisk og samfunnsengasjert.16 Medan Brekke er opptatt av å finne årsaker til at musea i liten grad har innfridd dei museumspolitiske forventningane, har Ole Marius Hylland brukt samfunnsrolle som eit døme på nye lag av offentlege forventningar som blir lagt på musea i tillegg til dei som var der i frå før. I følgje Hylland har dei tjukke laga av gamle og nye forventningar ført til at norske museum i dag er mellom dei mest komplekse og samansette samfunnsinstitusjonane.17

Desse døma viser ein opptattheit av det samtidige i forsking på norske museum. Dette gjeld måten ein brukar dei rådande museumspolitiske føringane som premiss for å problematisere musea, men òg vektlegginga av kor vidt musea evnar å skape samanhengar som har aktuell samfunnsrelevans. Vektlegginga av samtidige problem og fenomen fører i desse tilfella til at tidlegare praksis blir ein eintydig eller unyansert kontrast til dagens ideal. I måten ein skjønar dei samtidige utfordringane og potensialet for musea, er det ein premiss at musea tidlegare har skapt samenhengar på bestemte måtar, slik det framgår av politiske styringsdokument og offentlege føringar. Ein del av kritikken av musea sin påståtte manglande samfunnsrelevans

13 Pabst 2014.

14 Pabst 2014: 5.

15 Pabst 2014: 17.

16 Brekke 2018: 10.

17 Hylland 2017: 90.

(15)

12

byggjer på ulike førestillingar om musea som tradisjonelt tilbakeskuande institusjonar og dermed lite opptekne av nåtid og framtid. Dette synet har blitt utfordra av Peter Forrási avhandlinga om tidsoppfatningar.18 Forrás viser at musea kan vere framtidsorienterte både ved å framstille bestemte syn på framtida og ved den kulturelle definisjonsmakta museet har når den klassifiserer noko som tilhøyrande i fortid, nåtid eller framtid. For Forrás er museet som tidserfaring ei tilnærming for å diskutere både museumtypar som historiske fenomen og som eit utgangspunkt for kritisk diskusjon av teoriar om rådande tidsoppfatningar i ulike epokar.19

Medan Forrás først og fremst er oppteken av å diskutere tidsoppfatningar innanfor bestemte museumstypar, har andre bidrege med innsikt som viser at musea også historisk kan skjønast som komplekse institusjonar. Brita Brenna har til dømes vist korleis forsking på einskilde museum har bidrege til å nyansere synet på museumshistoriske tendensar og oppfatningar av musea som reiskap for ulike interesser.Brenna viser at museal praksis kan vere svært ulike i frå museum til museum innanfor same epoke, forma av sine ulike opphav – som kan vere fleire på eitt museum – men og av dei ulike praksisane dei inngår og som skjer i og rundt musea.20

Brenna viser her til avhandlingar som på ulike måtar har undersøkt svenske og danske museum ut frå museumsgjenstandane, forståinga og framstillinga av desse, eller som har interessert seg for musea innanfor det kulturpolitiske feltet eller for korleis idealet om museet som ope og inkluderande har blitt forstått og praktisert.21

Forskingsspørsmål

Den samansette ulikskapen ein kan finne på og mellom museum kan òg vere eit nyttig og ope utgangspunkt for mi tilnærming til ulike måtar musea framstiller og bruker fortida på, og korleis dette endrar seg over tid. Ved å undersøkje nærmare einskildmuseum og deira handtering av fortida ønskjer eg å tilføre ny kunnskap om måtar musea framstiller og bruker fortida på. Dette er eit felt der det særleg manglar forsking på korleis dette har utvikla seg over tid på norske museum. Her er det kanskje eit misforhold mellom oppfatninga av det

18 Forraas 2017.

19 Forrás 2017: 13.

20 Brenna 2009: 73.

21 Brenna bruker avhandlingane til Vera Grahn (2006), Magdalena Hillstrøm (2006) og Camilla Mordhorst (2003).

(16)

13

norske museumslandskapet som samansett og nærmast uregjerleg på den eine sida, og dei meir einsarta oppfatningane av fortidig museumspraksis som kan vere ein tydeleg premiss for å nærme seg dagens museum eller som del av mobiliseringa for endring av sektoren.

Eg vil altså undersøke måtar musea framstiller og bruker fortida på. Mine overordna spørsmål er kva slags samanhengar mellom fortid, nåtid og framtid blir skapt på museum? Korleis blir det gjort? Kva er dei basert på, og kva funksjon har dei?

Eg har vald å kalle det musea gjer med fortida for fortidshandtering. Omgrepet er inspirert av historiebruksfeltet og vil bli gjort nærmare greie for nedanfor. Omgrepet er meint å femne om alle dei måtane ein på eit museum handterer fortida på, den praksisen som i vid forstand former dei samanhengane mellom fortid, nåtid og framtid museet skaper.

Historiebruk som forskingsfelt

Museas samansette og dels komplekse preg gir inngangar for eit mangfald av ulike perspektiv frå ulike vitskaplege disiplinar. Som forvaltarar av fortidsmateriale og skapar av samanhengar mellom fortid, nåtid og framtid er musea òg av interesse for historikarar, då fordi musea er formidlarar av historisk kunnskap, som samarbeidspartnar, aktuell arbeidsplass eller som forskingsobjekt. I forhold til det siste kan utviklinga av historiebruksfeltet brukast som eit utgangspunkt for å skissere opp endringar innan den historiefaglege interesse for musea sitt forhold til og bruk av fortida. Samstundes som det innan feltet har blitt produsert analytiske verktøy som kan kritisk vidareutviklast med det formål å diskutere det eg kallar fortidshandtering på museum.

Kva eller kven bruken har betydning for, og korleis ein skal forstå denne er likevel svært ulikt forstått. Mangfaldet gir seg uttrykk i alt frå universelle kategoriseringar til mikrohistoriske nærstudiar, har det blitt påpeika.22 Forskinga om historiebruk handlar likevel i hovudsak om å undersøke kor den skjer, av kven og kva behov og funksjonar den fyller.23

Eit utgangspunkt for historiebruksfeltet, slik det har vakse fram innan historiefaget, er ei kritisk haldning til måten historievitskapen har sett på og vurdert andre sine oppfatningar av fortida. Dette har vore ein kritikk som både har vore ytra med utgangspunkt i andre

fagdisiplinar og innom historievitskapen. Ei form for ekstern kritikk inneber påstandar om at

22 Ryymin 2017: 10.

23 Warring 2011: 6.

(17)

14

historiefaget har tildelt seg sjølv ein autoritativ rolle som fortolkar av fortid og korrigerer av andre sine historieoppfatningar. Eit døme på dette er kulturhistorikar (folklorist) Anne Eriksen sin påstand om at historikarar har tatt fagets forståing av historia for gitt, samstundes som dei har tatt ein posisjon der andre måtar å sjå historia på kan og bør korrigerast. Den

historiefaglege forståinga av fortida vart såleis gjort normdannande for korleis historie skal skapast – og historikarane gir dermed inntrykk av at dei har ein særskilt tilgang til fortida:

«Historiefaget sier om seg selv at her finnes den sanneste kunnskapen, her finnes historien – egentlig», hevdar Eriksen.24

Ein kan diskutere kor vidt Eriksen sin karakteristikk var treffande for historiefagets sjølvforståing sist på 1990-talet, eller mangfaldet innan denne. Men også fleire historikarar vel å framheve at det har skjedd endringar i synet på korleis fortida har blitt brukt og forstått utanfor disiplinen. Ulf Zander hevder såleis at ein drygt hundreårig tendens til å vurdere andre si historieforståing normativt opp mot fagdisiplinens standardar tok til å endre seg frå

syttittalet av med supplering av andre perspektiv.25

Ei auka historievitskapleg interesse for historiebruk utanfor akademia kan såleis sjåast på som ei erkjenning av at historievitskapen innebar ein av fleire måtar å tilnærme seg fortida på, og at den ikkje nødvendigvis har hatt størst betydning.26 Klas-Göran Karlsson hevdar, dels med utgangspunkt i si eiga faglege utvikling, at det har skjedd ei utviding av dei

historievitskaplege perspektiva: «I historievetenskapen samsas intresset för vad som faktisk hänt i det förflutna med intresset för hur människor och samhällen nu och då tolkat, representerat och brukat historia».27

Innan historiebruksforskinga er ein altså meir oppteken av korleis fortida har blitt forstått og brukt enn kva som «faktisk hänt». Det utelukkar likevel ikkje at ein innanfor

historiebruksfeltet kan gjere vurdering og validering av andre sine framstillingar av fortida ut frå historievitskaplege tolkingar av same fortidsfenomen.28 Det siste er likevel ikkje det primære interessefeltet innan historiebruksfeltet. I tilnærminga til historiebruk i

politikkutforminga har Teemu Ryymin framheva historia si orienterande funksjon som meir

24 Eriksen 1999: 13.

25 Zander 2001: 51.

26 Warring 2011: 10. Anette Warring gir Claus Bryld æra for å introdusere historiebruksfeltet for ein dansk fagleg offentlegheit i 1989. Bryld åtvara mot at «historievidenskaben» ville bli køyrt ut på eit sidespor dersom ein ikkje viste større interesse for det som vart formidla av historie av andre.

27 Karlsson 2014: 35.

28 Dei inndelingar som blir gjort og dei måtane historiebruk vert karakterisert på kan jo oppfattast kvalitativt.

Og historiebruksanalysar kan ha eit avslørande maktkritisk formål.

(18)

15

interessant enn å vurdere den som historiekunnskap.29 Måten fortida blir brukt på, dei forteljingane og historiske analogiane som blir brukt, blir i denne samanhengen diskutert ut frå korleis dei kan seiast å ha skapt handlingsrom for brukaren.30 Utgangspunktet for Ryymin er her ulike formar for mobilisering av fortida innanfor ein institusjonelle samanheng.

Musea som historiebrukande institusjonar

Den institusjonelle samanhengen som musea inngår i er eit utgangspunkt for denne avhandlinga. Ein kan diskutere historiebruken ut frå institusjonens formelle formål og arbeidsoppgåver, karakteristiske verkemiddel og dei eller det bruken er vendt mot og kven brukarane er. Som historiebrukande institusjonar kan musea sitt særpreg undersøkast ved å jamføre dei med andre sektorar ein oppfattar som nærskylde. Peter Aronsson plasserer i eit vidt historisk perspektiv musea og andre kulturarvsinstitusjonar på linje med akademia og skulane ut frå at dei delar oppdraget med å «finna, framställa, skydda och formedla sann historia».31 Dette er eit perspektiv der ein legg vekt på staten si rolle og bidrag overfor dei ulike institusjonstypane, og rolla desse dermed får i å tene staten eller nasjonen sine interesser. Liknande generaliserande karakteristikkar finn ein att i kritikken av musea – slik som i kontrasteringa av økomuseet opp mot sentralmuseet eller «det tradisjonelle museet»,32 eller plasseringa av musea som ein del av det autoriserte «historie-apparatet».33

Denne måten å skjøne sektoren på er eit svært grovkorna perspektiv på museum som historiebrukande institusjonar, og passar truleg passar best på bestemte museumstypar innanfor bestemte historiske periodar. Samstundes blir forholdet mellom musea, akademia og det offentlege oppdraget sett på som relevante delar av det som er hevda å karakterisere musea som historiebrukande institusjonar.

Ola Svein Stugu plasserer musea i lag med skulane og massemedia som tre av dei sentrale og viktige historiebrukande institusjonane. Dette er institusjonar som «historiebrukarar flest» har mest direkte kontakt med, då i motsetnad til dei akademiske institusjonane.34 Dei er likevel tett kopla til akademia som brukarar av faghistorie og gjennom si formidling av det Stugu omtalar som spreiing av «kunnskap og forståinga frå forskingsverda til eit større publikum.»35

29 Ryymin 2017: 20.

30 Ryymin 2017: 22.

31 Aronsson 2004: 43.

32: Maure 1988: 16.

33 Eriksen 1999: 14. Nemninga «historieapparatet» er lånt frå prosjektet «Popular memory group». Prosjektet vart initiert av ei gruppe historikarar i Birmingham, og siktemålet var «inkludere alle de måter å bygge opp en forståelse av fortiden på, som finnes i vårt samfunn […].»

34 Stugu 2008: 124. . 35 Stugu 2008: 124.

(19)

16

Historiebruken deira blir samstundes påverka av at dei har eit mangfald av formål og funksjonar attåt fagformidling.36

Dette mangfaldet blir av Stugu stilt opp som tre hovudfunksjonar som i ulik grad gjer seg gjeldande for skule, museum og massemedia: opplysning i vid forstand, verdibasert oppseding og underhaldning og oppleving.37 Derimot blir dei ulike institusjonstypane kvar for seg i mindre grad drøfta opp mot desse funksjonane av Stugu. For musea blir det lagt størst vekt lagt på å forklare musea ut frå sentrale pålagte oppgåver slik dei er forstått i nyare tid, og ein gjennomgang av historiske endringsprosessar i museumssyn- og oppgåver med særleg vekt på dei kulturarvsprosessane som musea inngår i. I Stugu si framstilling har musea ein

primærfunksjon i omdanningsprosessar av noko til kulturarv eller kulturminne, medan både dei, skulane og media har ein sekundær og tilretteleggande funksjon som brukarar og formidlarar av «faghistorie» og «kunnskap og forståingar frå forskingsverda».38 Ein kan forstå dette slik at musea på den eine sida først og fremst har interesse som

formidlarar av forståing og kunnskap som er skapt utanfor institusjonen, og på den andre sida som ein av fleire kulturarvsprodusentar som vel ut og tek vare på materiale ut frå eigne føresetnader som igjen i større eller mindre grad kan vere definert av ytre forhold.39 Det er samstundes eit spørsmål om hans forståing av forholdet mellom akademia som fagleg råvareprodusent og musea som formidlar av denne treff institusjonstypen. Klas Göran Karlsson går med referanse til Stugu langt i å hevde at det allment har skjedd ei utvikling der dei historievitskaplege råvarene oftast blir verande innanfor «den egna fabriken, det vill säga det historievetenskapliga samhellet».40 Ein kan for musea sin del stille spørsmålet om det er slik fordi dei vender seg mot andre vitskaplege disiplinar, har tatt over produksjonen sjølv eller interesserer seg for andre produsentar.

Stugu påpeikar altså at historiebruken på musea er påverka av at dei har eit mangfald av formål og funksjonar i tillegg til fagformidling. Men utan at mangfaldet blir diskutert

nærmare for musea som institusjonstype, noko som òg fell utanfor oversiktsformålet til Stugu.

Påpeikinga av at institusjonstypen kan skjønast i forhold til eit mangfald av ulike formål og

36 Stugu 2008: 124.

37 Stugu 2008: 124-125.

38 Stugu 2008: 124.

39 Hjå Stugu basert på Peter Aronsson sin gjennomgang av kulturarvets grunnspørsmål.

40 Karlsson 2014: 82.

(20)

17

funksjonar opnar samstundes opp for å vektlegge andre sider ved musea enn det han sjølv har framheva.

Eg vil hevde at norske offentlege museum har meir samansette funksjonar enn det Aronsson legg til grunn for musea allment og slik Stugu nærmar seg det norske museumslandskapet.

Institusjonstypen skil seg ut ved at forventningane frå samfunnet er lausare formalisert, men òg ved at dei kan vere orientert mot skular og akademia på ulike nivå, samstundes som institusjonshistoria har ei anna tyngd enn tilsvarande for andre historiebrukande institusjonar.

Institusjonstypen skil seg frå andre offentleg finansierte og «sanksjonerte» historiebrukande institusjonar ved at formalstyringa er lausare på museum. Ein har ikkje noko tilsvarande lovverk som det skulane, høgskulane eller biblioteka er underlagt, og ein har heller ikkje tilsvarande regelstyring av praksisen som det desse har. I dette kan det liggje ein særskilt fridom for musea til å tolke samfunnsoppdraget. Samstundes kan ein hevde at det er stilt mange slags forventningar til musea, og det blir hevda at dei politiske forventningane åleine har blitt fleire, meir samansette og dels motstridande.41 I tillegg finn ein forventingar frå lokalsamfunn og grupper og interesser som kan ha stor betydning.

Musea er slik sett meir opne mot omverda enn andre institusjonstypar, og det er nettopp det at dei ikkje er inngjerda av tvingande definisjonar eller formelle krav til praksis som gjer dei meir opne enn andre historiebrukande institusjonar. I dette kan det ligge ulike forventningar til nær sagt alle sider av det eit museum gjer. Og, vil eg hevde, dei samansette forventningane til fortidsbruken er noko av det som skil musea frå resten av «historieapparatet». Det kan vere tale om motstridande forventingar, til dømes knytt til inntening, publikumstal, undervisning eller vitskapleg produksjon, men utan at dei nødvendigvis vert oppfatta å vere i konflikt med kvarandre. Det kan like gjerne vere ulike forventningar til ulike sider av det eit museum er og gjer, og som er ein del av den sjangerkompetansen som ein møter museet med.42 Handteringa av fortida har ulike funksjonar i ulike samanhenger og til ulike tider. Delar av denne kan dessutan vere sterkt knytt opp til dei formelle forventningane som ligg til andre

institusjonstypar, då særleg ved at forsking, oppbygging av arkiv og bibliotek og undervisning på musea siktar seg inn mot dei standardane som gjeld for akademia, arkiv, bibliotek og skulane.

41 Hylland 2017.

42 Eriksen 2009: 17.

(21)

18

Oppfatninga av eit museum som noko varig er kanskje det flest både i og utanfor museet deler når det gjeld korleis ein forstår eit museum. I museumsdefinisjonen til ICOM er museet karakterisert som «permanent» alt i første setninga. Og denne delen av definisjonen er lite omdiskutert. 43 Dei fleste museum, om ikkje alle, har blitt etablert med tanke på ein tidsuavgrensa eksistens – i prinsippet evig. Og ser ein på det norske museumslandskapet er det i tillegg til stendige nyetableringar òg karakteristisk at få vert avvikla dersom dei først har fått offentleg støtte. Og sjølv om mange av dei har inngått i nye og større organisasjonar, har det for det aller meste skjedd på ein måte som har bevart dei gamle museumsnamna- og anlegga.

Eg vil òg hevde at musea i langt større grad enn andre historiebrukande institusjonar må forholde seg til si eiga institusjonelle fortid. Det kan vere ei tydeleg forventning til at museet skal halde fast på ein samanheng som bare finst på det bestemte museet i form av tilknytte forteljingar, bygningar eller einskildgjenstander. Det å halde fast på, bevare, oppretthalde eller attskape samanheng(ar) er gjerne noko som sterkt pregar ein etableringsfase. Og det kan, i varierande grad, vere noko ein må forholde seg til seinare i form av det som «ligg der» av samlingar, oppstillingar og framstillingar og vedtekter. Kva det har å seie, og på kva måte, vil vere ulikt frå museum til museum. Skular, høgskular, universitet og bibliotek kan òg i større eller mindre grad vere prega av si institusjonelle fortid, men utan at den er present på same vis som i musea. Medan dei fleste musea har eller skaper ei forankring til staden og fyller bygninga med nye og gamle samlingar, kan eit institutt flyttast og skular leggjast ned, slik at det meir eller mindre bestandige som følgjer institusjonen er dei ideane og lovene som definerer verksemda.

Historiebruk, fortidsbruk og fortidshandtering

Slik eg ser det er musea meir samansette fortidsbrukarar enn det som kan lesast ut av institusjonstypen sitt formelle formål og tiltenkte samfunnsoppdrag. Eg interesserer meg såleis for både det som ligg i Stugu si forståing av institusjonstypen, men og andre sider ved måten fortida blir brukt og mobilisert på. Historiebruk kan vere ein måte å karakterisere desse måtane på ved at etablerte avklaringar av historiebruk og bestemte historiebrukstypologiar

43 ICOMs statuttar, artikkel 3, paragraf 1: «Et museum er en permanent institusjon, ikke basert på profitt, som skal tjene samfunnet og dets utvikling og være åpent for publikum; som samler inn, bevarer/konserverer, forsker i, formidler og stiller ut materielle og immaterielle vitnesbyrd om mennesker og deres omgivelser i studie-, utdannings- og underholdningsøyemed.»

(22)

19

kan brukast som ein reiskap til å analysere og sortere delar av den museale praksisen knytt til fortid, nåtid og framtid.

Klas-Göran Karlsson har utvikla ein omfattande historiebrukstypologi beståande av sju bruksmåtar forklart i forhold til behov, brukarar og funksjonar. Bruken er rubrisert som vitskapleg, eksistensiell, moralsk, ideologisk, ikkje-bruk og politisk-pedagogisk.44

Med utgangspunkt i Karlsson sine historiebrukstypologiar kan ein nærme seg historiebruken på eit museum ut frå ei opnare forventning om kva som karakteriserer denne enn ved å ta utgangspunkt i institusjonens formelle formål og tildelte funksjonar, slik Stugu dels gjer. Dei ulike brukstypane er samstundes tenkt opne i forhold til kvarandre, og gir slik rom for å diskutere det musea gjer med fortida opp mot ulike vurderingar og graderingar i forhold til typane kvar for seg eller opp mot fleire samstundes.

Samstundes ligg det ei avgrensing i denne måten å undersøkje korleis fortida vert brukt på museum, sidan ein alt i utgangspunktet vender blikket bort frå det som særpregar museet til fordel for eit anna empirisk formål enn det museets materiale potensielt kan tilføre. Det handlar om typologiane sitt analytiske formål, som frå Karlsson sitt utgangspunkt har vore å avdekke eit samfunns historiekultur, men det handlar òg om i kva grad ein kan forstå ulike former for museumspraksis om fortida som historiebruk.

Karlson påpeikar sjølv at typologiane er situert i 2000-talet, og er eit forsøk på å fange opp eller dekke historiebruken slik den føregår i «vårt samhälle». Formålet var då òg å løfte fram

«generella drag av både intentionell, funktionell og och kulturell karaktär», samstundes som det vert nyansert med at «[n]utida» historiebruk kan ha ulike grader av spontanitet og kompleksitet. 45 Det er likevel dei allmenne tendensane som interesserer Karlsson, og der formålet er å kunne karakterisere sentrale sider ved historiekulturen i eit samfunn.

Det er altså bruken og ikkje brukarane som er det primære interessefeltet til Karlsson. Anette Warring påpeikar då òg at Karlsson har «illustrert typologiens empiriske anvendelighet», men har gjeve opp å knyte desse til bestemte historiebrukarar, noko som Warring hevder er fornuftig ettersom ho ser dei som både lite «brugbare og dækkende» til det formålet, men utan det vert grunngjeve vidare.46 Eg ser på mi side ikkje bort frå at Karlsson si inndeling òg kan brukast som eit utgangspunkt for andre formål enn å diskutere den allmenne historiekulturen.

44 Karlsson 2014: 72.

45 Karlsson 2014: 72.

46 Warring 2011: 25.

(23)

20

Plasserer ein brukaren i sentrum for analysen, også om det er institusjonar og ulike brukarar innan denne, kan ein eller fleire historiebrukstypar vere relevante måtar å plassere bruken i forhold til kvarandre, eller vise trongen for nye kombinasjonsmoglegheiter og atterhald som resulterer i nye typologiar. I så måte vil eg hevde at både Karlssons og andre typologiar er

«brugbare» dersom ein er open for at dei ikkje nødvendigvis er «dækkende» ved at dei kan danne eit utgangspunkt for å karakterisere det som er særmerkt for bestemte brukarar i bestemte situasjonar. Derimot ser eg dei som mindre tenlege til å følgje utviklinga og endringar av bruken over tid, noko som heller ikkje synest å vere formålet til Karlsson.

I forhold til fortidsbruken på museum er det slik eg ser det i tillegg eit spørsmål om «bruk», slik historiebruk kan skjønast, femner om alle sentrale sider ved det ein gjer på eit museum.

Eg tek då utgangspunkt i ei oppfatning av historiebruk som vektlegg den aktive intenderte bruken av fortida til bestemte formål. For Bernard Eric Jensen kan ein først tale om historie når den vert brukt, og at bruken skjer når ein person eller ei gruppe interesserer seg for «noget fortidig og gør brug af deres viden herom til et eller annet formål.»47 Peter Aronsson forstår historie langt breiare, men opererer med meiningsfull historiebruk, forstått som prosjekt- og handlingsretta,48 og legg då implisitt til grunn at historiebruk kan omfatta andre former for prosessar enn dei intenderte.

Niels Kayser Nielsen har interessert seg for historiebruk som ikkje åleine dreier seg om aktive skaperar av og medvitne brukarar av historie, men òg om alt det historisk betinga ein omgjer seg med og refererer til utan å reflektere over at det har med historie å gjere. Kayser Nielssen kallar dette for banal historiebruk.49 Det er samstundes eit poeng for Kayser Nielssen at den umedvitne eller banale historiebruken har dei same karakteristikkane som anna historiebruk ved at det skjer eit utval gjennom framheving, betoning og utelating.50

Eg forstår Kayser Nielssen slik at karakteristikken banal først og fremst karakteriserer historiebruk i kvardagen – alt det «vi» omgir oss med av historisk betinga ting og

førestillingar som ein ikkje tenkjer over, sjølv om det med utgangspunkt i Kayser Nielsen si framlegging av omgrepet vekslar mellom å forklare det ut frå den artikulerte naturleggjorte umedvitne bruken av historiske referansar og landskap med meir, der det altså skjer eit utval, til den passive konsumeringa av materiale som kan relaterast til noko historisk, eller det å

47 Warring 2011: 26. Jensen 2010: 40.

48 Aronsson 2004: 18.

49 Kayser Nielsen 2015: 28-29.

50 Kayser Nielsen 2015: 29.

(24)

21

eksistere i eit samfunn som ber preg av det fortidige på ein eller annan måte – byplanlegging til dømes.51

Denne måten å opne opp forståinga av historiebruken på kan gje ein nyttig inngang til

«omgangen» med fortida på museum og andre stader, forstått slik at ein forholder seg til og gjer noko med fortida ut over det som kan lesast ut av formaliserte og/eller intenderte motivdrivne aktive handlingar der ein gjer bruk av fortida. Det vil likevel vere ei refortolking av uttrykket banal historiebruk å knytte den til bestemte brukarar i ein institusjonell

samanheng. Som nemnt bruker Kayser Nielsen sjølv omgrepet for den kvardagslege umedvitne bruken, slik den kan arte seg for ein «almindelig borger» i Helsingfors på veg til jobb eller på vandring gjennom byen der han «støder på» historien på «uoppmærksomme og flyktige» vis.52 Omgrepet er då òg meint å illustrere mangfaldet av spor etter og bidrag til historiekulturen, og legg mindre vekt på å skilje ut bestemte brukarar som banale historiebrukarar.

Peter Aronsson har vald å nyansere historiebruksomgrepet på ein annan måte enn Kayser Nielsen. Aronsson nyanserer òg forholdet mellom det ein kan kalle aktiv og passiv bruk, og diskuterer og bruks-omgrepet som analytisk verktøy. Undertittelen på boka hans om historiebruk er i seg sjølv eit uttrykk for nyansering: «att använda det förflutna». Det kan skjønast som ei nødvendig open tilnærming til eit historiebruksfelt som er svært vidt og i så måte uavklart eller i levande utvikling. Når Aronsson i tittelen, og mange stader undervegs, vel å bruke använda i staden for bruk, forstår eg det ut i frå det analytiske formålet med historiebruksanalysen, forstått slik at «å anvende» er å nyttiggjere seg – altså at det er ein reiskap forskaren kan ha nytte av å bruke. Valet av fortid - «det förflutna» - i staden for historie er i så måte òg viktig for Aronsson. Historie-omgrepet har den ulempa, hevdar Aronsson, at det er tett bunden til skule- og universitetsfaget med same namn, og at

«fortidsbruk», slik det vert brukt i dansk (og norsk) vil vere betre.53

Også leddet bruk har sine avgrensingar, påpeikar Aronsson. Det kan signalisere ein medviten anvendelse (nyttiggjering) og kan og implisere eit skilje mellom bruk og missbruk. Aronsson bruker derimot omgrepet meir ope, som «användning», som alt nemnt, men òg som

«omsättning» «både i medvetet historieåterbruk och i mindre medveten och intentionell

51 Kayser Nielsen 2015: 28-29.

52 Kayser Nielsen 2011: 122.

53 Aronsson 2004: 42.

(25)

22

mening.» Det mest dekkande omgrepet ville i følgje Aronsson ha vore

«förflutenhetsomsättning», samstundes som han slår fast omgrepskonstruksjonen er ein

«otymplig konstruktion.»54

Fortidshandtering

Som historikar med erfaring frå museum og som forskar på museum kan eg dels slutte meg til andre historikarar si forskyving av interessa frå dei fagdisiplinære ideala til korleis historie bør brukast, til å sjå på all bruk som historiske fenomen som kan skjønast ut frå ulike kontekstar. I tilnærminga til musea er det det museet gjer som interesserer meg, ikkje det eg som historikar syns dei burde ha gjort. I dette ligg det òg ei erkjenninga og erfaringa av at historievitskaplege ideal bare i avgrensa format kan innfriast innanfor ein museal praksis. Det er heller ikkje alltid verken eit mål eller ideal for måten ein bruker fortida på museum. Den institusjonelle ramma er annleis, og måten Ola Svein Stugu forstår musea som

historiebrukande institusjonar er, slik eg ser det aktuelle både til å forstå forventningar til musea sin fortidsbruk og delar av fortidspraksisen i musea. Men her vil eg i større grad enn Stugu vere open for at andre formål og forventningar kan prege praksisen enn dei han ser på som sentrale for institusjonstypen. Praksisen kan likevel vere prega av allmenne tendensar, men det er det som skjer på museet av eventuell tilpassing til desse som eg er oppteken av.

Eg ser det difor som mindre tenleg å vurdere museal fortidspraksis opp mot eksisterande historiebrukstypologiar som er utvikla med eit anna og meir allment formål. I mi tilnærming er eg i tillegg open for at bruken av fortida og arbeidet med fortidsmateriale ikkje

nødvendigvis vert fanga inn av historiebruksomgrepet der bruken først og fremst er forstått som handlings- og prosjektretta.

Eg vil tilnærme meg museal fortidspraksis gjennom det eg kallar fortidshandtering. Det å handtere fortida er nærskyld med det som kan kallast fortidsbruk eller historiebruk, men er ein omgrepskonstruksjon som eg meiner i større grad fangar opp fleire sider ved det som blir gjort på eit museum. «Handtering» er og meint å femne om innarbeidde måtar å gjere ting på, som kan vere meir rutinisert eller innarbeidd enn slik «bruk» kan skjønast. Det «å handtere» er òg meint å femne om det praktiske og endåtil tvungne som ligg i det å handtere; det å forholde seg til og å meistre.

54 Aronsson 2004: 42.

(26)

23

Fortidshandtering er altså alle måtar ein handterer fortida på, i eit museum. Fortidshandteringa skjer innanfor samansette og komplekse institusjonar samstundes som kan vere open mot omverda. Mange ulike element kan inngå i måten ein handterer fortida på, men som eg har vald å samle innanfor førestillingar, forteljingar, framstillingar og praksis knytt til fortid. Og som vidare er bundne inn i førestillingar om samanhengar mellom fortid, nåtid og framtid.

Museumssyn, historiesyn og andre syn i musea

Fortidsførestillingar, det nokon trur og meiner om noko fortidsrelatert er på den eine sida mentale prosessar som ein ikkje har tilgang til, men kjem til syne i framstillingar som kan tolkast eller «lesast» som uttrykk for slike førestillingar. Som Ola Svein Stugu har påpeika er det gjennom språklege uttrykk i vid forstand at ein kan lese og forstå førestillingar. På den måten er førestillingar og forteljingar tett samanvevd ved at forteljingar er fundert på førestillingar, samstundes som dei vil vere viktige for konstruksjonen av nye førestillingar.55 Førestillingar om fortid kan òg karakteriserast som avgrensa eller systematiske «syn».

Historiesyn og museumssyn er omgrep som eg vel å bruke for å sortere dei ulike

førestillingane som på ulike måtar kjem til uttrykk gjennom det materialet menneske knytt til musea etterlet seg. Historiesyn eller historieoppfatning er av Ottar Dahl lagt fram som ulike grader av eit grunnleggande verdssyn, ei større overbygning om samanhengar eller som ein slags basis for måten ein grip historia på.Men det kan òg vere eit meir spissa og normativt syn på kva ein bør sjå etter og vektlegge i tilnærminga til fortida.56 Dahl var først og fremst oppteken av historiesyn innan historievitskapen og plasserte dei vitskapleg funderte teoridannande historiesyna og allmenne eller folkelege førestillingar på ulike kunnskapsnivå.57

Slik eg ser det kan bestemte historiesyn liggje som ein grunnidé som har forma det som er hovudperspektivet eller den overordna tematikken for museet. Det kritiske forholdet mellom ei fagleg fundert og ei folkeleg historieoppfatning er likevel ikkje like sjølvsagt som det er i Dahls si rangering. Musea har ei anna rolle overfor samfunnet i kring enn historiefaget, og dermed òg i høve til folkelege førestillingar. Men det er òg eit spørsmål om kven som får målbere sitt syn på fortida og til kva tid – om det er styret, styraren eller konservatoren eller andre.

55 Stugu 2008: 16-17.

56 Dahl 1973: 96.

57 Dahl 1986: 7.

(27)

24

Museumssynet kan vere tett knytt til dei fortidsførestillingane som har fått ein sentral posisjon på museet. Eit museumssyn rommar mange element knytt til korleis ein forstår museum allment og eit meir bestemt syn på kva eins eige museum er eller kan bli. For mitt formål er det særleg interessant på kva måte ein forstår eit museum som bevarer og handterer av fortid.

Eit utgangspunkt for mange museum var – og er ofte – at einskildpersonar eller grupper har peika ut noko om eller frå fortid eller samtid som vert sett på som så viktig at det må bevarast for framtida. I dette kan det ligge til grunn ei oppfatning av musea som særskilt vel skikka til å dekke eit eller fleire behov, eller ha funksjonar som ein ser på som viktige eller tenlege for å skape ein samanheng mellom fortid, nåtid og framtid. Ein kan vidare skilje mellom

museumssynet slik det utviklar seg innan sektoren eller det einskilde museet og det synet på museum som utfaldar seg utanfor institusjonen, og som kan virke tilbake på musea i større eller mindre grad.

Førestillingar om samanhengar mellom fortid, nåtid og framtid er tett innvevd i museumssynet, og ulik vektlegging av og forståing av tid kan vere ein sentral del av museumssynet. Musea kan i ulik grad vere vendt mot fortid, nåtid eller framtid, som Peter Forrás har peika på.58 Ein del av museets orientering ligg fast i ulike formål der eit arkeologisk og eit kulturhistorisk museum i utgangspunktet har ei sterkare orientering mot fortida enn til dømes eit teknisk vitskapleg museum. Endringar innan museumssynet kan likevel føre til reorientering eller endring av måten ein forholder seg til tid på. Slike endringar kan henge i hop med endra fortidsførestillingar og -oppfatningar på museet, men kan òg ha eit endra syn på kva eit museum er eller bør vere som utgangspunkt.

Museumssynet kan bli påverka og endra av ytre forventningar formulert som ledd i den politiske styringa av sektoren, vitskapleg kritikk av sektoren og folkeleg mobilisering om museet. Ein kan òg peika ut tendensar innanfor kvar av desse, samstundes som dei samla sett er sprikande. Sett frå museet si side kan motstridande forventningar opplevast som krysspress, men det kan òg sjåast på som eit fleksibelt repertoar som kan nyttast for å forklare at det musea gjer er viktig.

Samlingssyn og gjenstandssyn

Synet på samlingane og det materialet som utgjer desse kan vere tett knytt til museumssynet, og ved etableringa kan ein rimelegvis tenkje seg ei samankopling. I ein del tilfelle fanst likevel samlingane før museet, eller det fanst etablert ei fastlagd førestilling om kva materiale

58 Forrás 2017.

(28)

25

som låg til institusjonstypen. Dei eldste norske folkemusea kom til dømes i nokon grad til å drive innsamling dels i rivalisering med kvarandre og dels i konkurranse med private antikvitetshandlarar. Bruken og forståinga av gjenstandar og anna materiale var og er likevel ikkje eins verken folkemusea i mellom eller elles i sektoren.

Museet kan interessere seg for «nytt» materiale i tillegg til det ein alt kompletterer, og nyetablerte museum kan ha trong for å argumentere for det som er særmerkt eller forstått som særleg viktig med akkurat deira innsamlingsarbeid. I dette kan det ligge ulike syn på både kva formålet med gjenstandsarbeidet er og korleis ein forstår einskildobjekt eller grupper i samlinga, og kva ein forstår det i forhold til.

I museumsutgreiinga frå 1996 framstilte ein reindyrka innsamlingsstrategiar ut frå dei konstruerte samlartypane samlaren, vernaren og kunnskapssøkaren.59 Der samlaren er mest oppteken av utbygginga av samlinga som eit mål i seg sjølv, og difor arbeide etter eit fleksibelt eller skyvbart kriterium for komplettering. Vernaren er derimot oppteken av å ta vare på eit utval som vert oppfatta som verdt å ta vare på for framtida, då ut frå vernarens kjennskap til og tolking av materialet. Kunnskapssøkjaren arbeidar ut frå problemstillingar og samlar inn for å få svar på dei. Ein kan sjå på inndelinga som ulike måtar å avgrense eller spisse samlingstilfanget på, men og som uttrykk for ulike syn på kva formål materialet tener.

Der både samlaren og vernaren legg mest vekt på dei verdiane som gjenstandane er berarar av, er kunnskapssøkjaren meir interessert i dei ideane eller det kunnskapsformålet som kan belysast gjennom innsamling. Ein kan, slik det vart gjort i Museumsutgreiinga, knyte samlartypane til historiske periodar og museumstypar, men det utelukker ikkje at grader av dei kan gjere seg gjeldande til same tid på eitt og same museum. Som utgreiinga òg påpeikar var situasjonen då slik at det var opp til institusjonane og den einskilde medarbeidar å bestemme kva ein ville ta vare på for framtida. Når det samstundes var stort spelerom for personleg skjønn var det difor vanskeleg å peike på eit mønster i verne- og

innsamlingsarbeidet.60 Ein kan difor forvente at det på norske museum har blitt utvikla sjølvgrodde syn på samlingane. I tillegg er innsamlingsarbeidet til mange museum avhengig av at det finst interesse hjå dei som eig materialet til å overlate det til museet, eventuelt på eigne vilkår. Dette kan lett bli prosessar som vert styrt av ein eigen sosial mekanikk.

59 NOU 1996: 7: 75.

60 NOU 1996: 7: 77.

(29)

26

Samstundes er jo ikkje ei samling «ferdig», heller ikkje om ein har innsamlingsstopp, og museet kan prioritere, fortolke og bruke materialet ut frå nye behov og nye syn. Kanskje har det til dømes skjedd ei spissing av dette arbeidet i den mannsalderen som har gått sidan museumsutgreiinga, og det er i alle fall for visst i eit nasjonalt perspektiv at ein større del av samlingane er underlagt eit standardisert system for registrering, klassifisering og

dokumentasjon, rett nok med eit visst rom for systemtilpassingar overfor eksisterande samlingar.

Gjenstandssynet kan på den eine sida plasserast innanfor museets forvaltingsregime og synet på samlingane, eller ein kan lese det ut av måten gjenstandar og materiale vert brukt på i ulike samanhengar. I begge tilfelle kan det dreie seg om fleire syn som gjer seg gjeldande

samstundes. Innan forvaltinga kan det handle om ulike kunnskapsinteresser og kompetanse, og om denne er knytt til materialet slik det kjem inn på museet eller dei samanhengane det er henta ut i frå. Ein kan til dømes tenkje seg at ein handtverkar vil vere mest oppteken av dei ferdigheitene som kan lesast ut av eit reiskap som vert flytta inn på museet, medan etnologen interesserer seg for bruken og brukarane sitt liv og historikaren plasserer den innanfor ei etablert periodisering av fortida. Desse syna kan samstundes fungere i lag innanfor samlingsforvaltinga. Derimot kan bruken i utstillings- eller undervisningssamanheng vektlegge bestemte syn eller knytast opp mot andre behov som går på det reint estetiske eller intuitivt interessevekkande – slik det vert forstått av dei som lagar ei utstilling, eller guiden som stoppar opp ved tingen.

I alle tilfella er det tale om museale praksisar som vert utvikla over tid og som kan få varig betydning for fortidshandteringa ved museet. Der museumsutgreiinga påpeika at det i alle fall ikkje då fanst eit nasjonalt mønster som ein kunne forklare innsamlingsstrategien ut i frå, kan eit slikt mønster eller særpreg finnast att på dei einskilde musea. Svake eller fråverande føringar for dette arbeidet har òg opna for lokale tilpassingar og opparbeiding av rutiniserte praksisar som eg ser på som ein viktig del av fortidshandteringa. Dette fordi det er eit varig praksisfelt som inneber ei viss retning og som er vanskeleg å reversere. Arbeidet med samlingane er ikkje statisk, og det kan følgje endringar innan både museumssyn og

gjenstandssyn, men nye syn på samlingane og formålet med desse kjem lett i tillegg til gamle, slik at ønskje om komplettering kan finnast på fleire felt både i og utanfor museet samstundes.

Framstillingar

Det er ved sine ulike framstillingar at moglege samanhengar mellom fortid, nåtid og framtid vert kommunisert til omverda. Det er her tale om mange moglege praksisar ettersom

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Når vi i vår problemstilling spør hvordan barnehagebarn møter kunst på museum, skriver vi oss inn i en slik forståelse av kunst som hendelser, der hendelsene er det som

Men oplevelsen havde tilsyne- ladende en anden og umiddelbart mere følel- sesbetonet karakter, når de besøgende blev kon- fronteret med musikken.. Mange af de besøgen- de fortalte,

En slik relasjonell eller kontekstuell stu- die av museum vil fokusere ikke bare pa utstillingene, og museet som materiell manifestasjon, men ogsa pa de som

Museets samlingar bade agts av Viborgs stad, och efter kriget horde de till Viborgs forvaltningsnamnd och senare till Tork- kelin saatio (Tyrgils stiftelse), som

The Museum of Jurassic Technology (MJT) iir ett mycket litet museum som liggerpa Venice Boulevard i Los Angeles, mitt i det anonyma bilgatulivet, omgardat av kafler och

Stiftelsen Nasjonalt medisinsk museum ble derfor opprettet i 2002 av folk som hadde vært aktive i planleggingen av det nasjonale museet, og som ikke uten videre aksepterte at

- Ingenting. - Skjønar du at dette er alvor? Vi spør deg ikkje for å plage deg, vi spør for å finne Unn.. Eg ser på deg at du veit noko. Problemet er at Siss egentlig snakker sant,

For å kunne nytte ei kurve frå dette området til datering av heva strandnivå som ligg opptil 10–15 km lenger vest, ville vi også undersøkje enkelte basseng på relevante høgder