• No results found

Rapport frå tilsyn med Bjørgvin familierådgivningskontor

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Rapport frå tilsyn med Bjørgvin familierådgivningskontor"

Copied!
4
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Sakshandsamar, innvalstelefon Eirik Lyssand. 55 57 21 11,

Vår dato Vår referanse

2012/13117 Dykkar dato Dykkar referanse

Statens hus

Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09

Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks:

Org.nr: 974760665

E-post:

[email protected] Internett:

www.fylkesmannen.no/hordaland

Rapport frå tilsyn med Bjørgvin familierådgivningskontor

Adressa til verksemda: Slottsgaten 3, 5003 Bergen Tidsrom for tilsynet: 15.november 2012

Kontaktperson i verksemda: Inger Gallefoss

1. Samandrag

Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller merknader innanfor tema for tilsynet.

Eirik Lyssand Birthe Lill Christiansen

Revisjonsleiar Revisor

(2)

2

Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Bjørgvin Familierådgivningskontor 15.11.2012.

Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med familievernkontora i fylket etter heimel i lov om familievernkontor av 19.6.1997 § 3. Barne- Likestillings- og

Inkluderingsdepartementet (BLD) gitt føring om at Fylkesmannen skal gjennomføre minst eit tilsynsbesøk ved kvart av familievernkontora, så ofte det er nødvendig, og minimum kvart tredje år. BLD har i skriv av 22.1.2009 gitt retningslinjer for Fylkesmannen sitt tilsyn med familievernkontora. Siste tilsyn var i 2009.

Føremålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga.

Revisjonen omfatta å undersøkje om:

 kva tiltak verksemda har for å sikre at det ikkje skjer brot på lovverket innanfor dei tema tilsynet omfattar

 tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte

Tilsynet blei utført i samsvar med retningslinjer frå BLD gjennom å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om den praksis verksemda har ved arbeid med gjeldande tilsynstema. Det er i tillegg gjort ei kort tilstandsoppsummering av verksemda basert på rapporteringar og munnleg presentasjon.

Fylkesmannens konklusjonar etter tilsynet blir berre gitt som avvik eller merknad.

Avvikdreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte

Merknader forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynet finn grunn til å peike på betringspotensiale.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Bjørgvin familierådgivningskontor er eigd av ei kyrkjeleg stifting og har avtale med Bufetat.

Kontoret dekkjer tre bydelar i Bergen og to landkommunar.

Forventning om å tilby mekling innanfor tre veker vart i tida 1.1.2012-31.10.12 oppnådd i 68

% av sakene. Barn har delteke i i mekling i 7 saker i same tidsrom. Det er eit mål at kvar saksbehandlar skal gjennomføre 450 konsultasjonar på årsbasis. Dette målet blir nådd.

Kontoret er involvert i fleire prosjekt. Ei halv stilling arbeider med prosjekt for ungdomar utsett for tvangsekteskap.

I samarbeid med Fana vart det arbeidd med å arrangere fellesmøte med domstolen og Advoktatforeningen vedkomande samarbeid i saker med høgt konfliktnivå.

Kontoret har fokus på korleis barn sine synspunkt blir høyrt og ivareteke i kliniske saker og i meklingane.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

(3)

3

Melding om tilsynblei sendt 6.9.2012. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøteblei halde 15.11.2012.

Intervju

Fire personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte vart halde 15.11.2012.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta to hovudtema:

1. Klientens rett til innsyn i klientjournal – jf. lov om familievern § 12

Tilsynet hadde som mål å kartleggja kontoret sin praksis ved spørsmål om innsyn.

Regelen skal sikre at alle har rett til innsyn i dei opplysingane som gjeld ein sjølv.

Innsyn ut over dette krev samtykke frå den eller dei opplysningane direkte gjeld.

Innsyn kan nektast ved spesielle høve.

Foreldre har i utgangspunktet innsynsrett i opplysningar som gjeld barnet når det er under 16 år. Fagpersonalet kan nekte innsyn i opplysningar som gjeld barn mellom 12 og 16 år dersom barnet av grunnar fagpersonalet meiner bør respekterast ikkje ønskjer at opplysingane blir gitt.

2. Om klientens plikt til å møte til mekling – meklingsforskrifta § 7

Foreldra pliktar å møte samtidig for meklar. Meklar har høve til å vurdere unntak frå denne regelen. Tilsynet hadde som mål å kartleggja at praksis var i tråd med gjeldande krav om sterke eller tvingande grunnar for å gjere unntak.

Det vart i tillegg gitt ei orientering om status for kontoret og rapportering om verksemda sitt arbeid vart lagt fram.

5. Funn

Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller merknader innanfor dei reviderte områda.

6. Fylkesmannen har merka seg

Det vart dokumentert manglande forståing av forvaltningslova sine reglar om saksbehandling (jf. forvaltningsliva § 21) om ein nektar innsyn. Det vart likevel ikkje dokumentert svikt då kontoret ikkje hadde hatt saker der innsyn vart nekta.

7. Regelverk

- Lov av 19.6.1997 om familievern kontorer

- Forskrift av 20.12.2007 om føring av klientjournal og meklingsprotokoll ved familievernkontorene.

- Forskrift av 18.12.2006 om mekling etter ekteskapsloven og barnelova

(4)

4

- Lov av 10.2.1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart sendt over ved førebuing av tilsynet:

 Organisasjonskart med tilsettliste

 Verksemdsplan for 2012 med plan for program haust

 Plan for rettleiing og konsultasjon f.o.m. veke 39/ og ut året

 Rutine for vurdering av unntak for plikt til å møte til mekling

 Mal for samtykke til utskrift av eigen journal Dokumentasjon som vart gjennomgått:

 Meklingsrapport familievern 1.1.2012 – 31.10.2012

 Aktivitetsrapport heile 1.1.2012 fram til 31.10.2012

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:

 Varsel om tilsyn datert 6.9.2012

 Diverse e-postar

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.

Namn Funksjon / stilling Opningsmøte Intervju Sluttmøte

Inger Gallefoss Leiar X X X

Heidi Farstad

Kvalheim Familieterapeut X X X

Iren Haugen Psykologspesialist X X X

Anne Marie Myrvold Merkantil X X X

Olea Smith-Kaland Seniorkonsulent X X

Paal Rasmussen Psykolog X X

Ole Kristian Skadberg Familieterapeut X X

Frå Fylkesmannen deltok: Birthe Lill Christiansen og Eirik Lyssand med sistnemnde som revisjonsleiar.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

I forbindelse med dette tilsynet ble det fanget opp fra avvik i tilsvarende tilsyn på Heidrun at BOP med kontrollsystem ikke var definert som sikkerhetskritisk

Tilsynet ble utført som en digital verifikasjon med hovedfokus på om innretningen hadde rettet avvik påpekt i tilsynet gjennomført i 2016, i tråd med tidligere tilbakemeldinger,

Tema for tilsynet var om kommunen sikrar at det blir lagt til rette for tenesteyting til personar med utviklingshemming med minst mogleg bruk av tvang og makt, jamfør helse-

Dersom vi registrerer avvik, må dere senere redegjøre for hva slags tiltak dere vil sette i verk for å rette opp avvikene 1. Grunnlag

Når eventuelle avvik er tilfredsstillende fulgt opp, vil dere få brev om at tilsynet er avsluttet.. Aktuelle tema

Føremålet med tilsynet var å kontrollere om kommunen etterlever lov- og forskriftskrav om kommunal beredskapsplikt.. Tilsynet vart gjennomført med heimel i lov

kommentarar til tema som vart tekne opp under inspeksjonen, men som ikkje vart klassifisert som avvik eller merknader, kan også inngå her... Oppfølging

kommentarar til tema som vart tekne opp under inspeksjonen, men som ikkje vart klassifisert som avvik eller merknader, kan også inngå her... Oppfølging