• No results found

Skulebasert vurdering TILSYNSRAPPORT

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Skulebasert vurdering TILSYNSRAPPORT"

Copied!
20
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Aurland kommune Vangen 1

5745 Aurland

TILSYNSRAPPORT

Skulebasert vurdering

Aurland kommune - Flåm skule Sak 2016/4442

(2)

2 Innhald

Samandrag ... 3

1. Innleiing ... 5

2. Om tilsynet med Aurland kommune – Flåm skule ... 5

2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med offentlege skular ... 5

2.2 Tema for tilsyn ... 5

2.3 Om gjennomføringa av tilsynet ... 6

3. Skulebasert vurdering ... 7

3.1 Rettsleg krav ... 7

3.2 Fylkesmannens undersøkingar ... 8

3.3 Fylkesmannen si vurdering og konklusjon ... 11

4. System for å vurdere og følgje opp at krava blir etterlevde ... 14

4.1 Rettslege krav til eit forsvarleg system ... 14

4.2 Fylkesmannens undersøkingar ... 16

4.3 Fylkesmannens vurderingar og konklusjon ... 17

5. Frist for retting av brot på regelverket ... 18

6. Kommunen sin frist til å rette... 19

Vedlegg: Dokumentasjonsgrunnlag ... 20

(3)

3

Samandrag

Tilsynsrapporten gir ikkje ei heilskapleg vurdering av skuleeigaren og skulen. Rapporten handlar berre om resultat som er knytte til temaet som er valt og på det tidspunktet tilsynet er gjennomført.

Når det gjeld metode for tilsyn etter opplæringslova, har Utdanningsdirektoratet utarbeidd eiga handbok1 som Fylkesmannen nyttar. Handboka ligg på Utdanningsdirektoratet sine internettsider.

Tema og formål

Temaet for tilsynet er forskrifta til opplæringslova §2.1 skulebasert vurdering. Skulebasert vurdering er skulen si jamlege vurdering av eiga verksemd og måloppnåing. Vurdering av eiga verksemd inneber at skulen skal vurdere organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa.

Gjennomføring

Fylkesmannen gjennomførte ei dagsamling i mars 2015 om det felles nasjonale tilsynet 2014-2017 for kommunane i Sogn, der kommunen var representert. Informasjon om Utdanningsdirektoratet sitt rettleiingsmateriell, lovkrava og metoden for tilsynet var tema på samlinga.

Det vart òg lagt vekt på at kommunane og skulane, uavhengig av om dei fekk tilsyn, burde nytte tida framover til å vurdere eigne system og praksis opp mot tilsynstemaet. Seinare er RefLex2 tatt i bruk, spesielt med tanke på skulens og skuleeigars eigenkontroll.

Tilsynet med Aurland kommune og Flåm skule vart opna gjennom varselbrev 14.12.2016. Det vart gjennomført eit felles opningsmøte for Flåm skule og Aurland barne- og ungdomsskule den 27.03.2017. Frå Aurland kommune møtte rektorane og nokre lærarar frå begge skulane, og

skulefagleg ansvarleg i kommunen. Målet med møtet var å informere om tilsynstema og rettleie om førearbeidet som kommunen og skulane skulle gjere.

Den 24.05.2017 gjennomførte vi stadleg intervju med rektor og gruppeintervju med tre kontaktlærar på skulen.

Brot på regelverket

Når det gjeld kontrollspørsmåla om skulebasert vurdering, imøtekjem ikkje Flåm skule dei aktuelle lovkrava under kontrollspørsmål 1 - 5. Det er såleis avdekt regelbrot.

1Metodehåndbok for tilsyn – en håndbok i metode for tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven.

2RefLex er eit nettbasert verktøy som skal gi offentlege skular og skuleeigar hjelp til å vurdere om eigen praksis er i samsvar med opplæringslova med tilhøyrande forskrifter.

(4)

4 Status på rapporten og vegen vidare

Kommunen og skulen fekk tilsendt førebels rapport 21.06.2017 med frist til 07.07.2017 å

kommentere dokumentet. Den 26.06.17 gjennomførte vi sluttmøte som videomøte der rådgjevar for oppvekst, rektor og to lærarar frå Flåm skule deltok.

Fylkesmannen har konstatert regelverksbrot når det gjeld Flåm skule sitt arbeid med skulebasert vurdering.

Det er kommunen som har det overordna ansvaret for at krava i opplæringslova blir etterlevde, jf.

opplæringslova § 13-10 første ledd. Kommunen er derfor adressat for denne tilsynsrapporten.

Aurland kommune får ein frist til å rette regelverksbrota, jf. kommunelova § 60 d.

Frist for tilbakemelding om retting er 01.12.2017.

(5)

5

1. Innleiing

Fylkesmannen opna 14.12.2016 tilsyn med skulebasert vurdering ved Flåm skule i Aurland kommune.

Det er kommunen som har det overordna ansvaret for at krava i opplæringslova blir etterlevde, jf.

opplæringslova § 13-10 første ledd. Kommunen er derfor adressat for denne tilsynsrapporten.

I denne tilsynsrapporten er det fastsett frist for retting av lovbrot som er avdekte under tilsynet.

Fristen er 01.12.2017. Dersom lovbrota ikkje er retta innan fristen, vil Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vedta pålegg om retting med heimel i kommunelova § 60 d. Eit eventuelt pålegg om retting vil ha status som enkeltvedtak og kan klagast på, jf. forvaltningslova kapittel VI.

2. Om tilsynet med Aurland kommune – Flåm skule

2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med offentlege skular

Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som offentlege skular, jf. opplæringslova § 14-1 første ledd. Fylkesmannens tilsyn på opplæringsområdet er tilsyn med det lovpålagde, jf. kommunelova § 60 b.

Fylkesmannens tilsyn med offentlege skular er utøving av myndigheit og skjer i samsvar med reglane for dette i forvaltningsretten.

I dei tilfella der Fylkesmannen konkluderer med at eit rettsleg krav ikkje er oppfylt, blir dette sett på som lovbrot, uavhengig av om det er opplæringslova eller forskrifter fastsett i medhald av denne lova som er brotne.

2.2 Tema for tilsyn

Temaet for tilsynet er skulebasert vurdering. Skulebasert vurdering er skulens jamlege vurdering av i kva grad eiga verksemd medverkar til å nå måla i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Vurdering av eiga verksemd inneber at skulen skal vurdere organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa.

I tilsynet vurderer vi om Flåm skule gjennomfører skulebasert vurdering i samsvar med føresetnaden.

Tilsynet skal medverke til at kommunen som skuleeigar syter for at skulen ved skulebasert vurdering

• vel tema basert på ei brei og samla vurdering av om elevane når måla i læreplanverket

• vurderer ulike endringar som kan bidra til auka måloppnåing og følgjer opp desse

• sikrar ein brei medverknad i gjennomføringa

• gjennomfører vurderinga jamleg

Manglande eller mangelfull gjennomføring av skulebasert vurdering kan føre til at skulen ikkje betrar organisering, tilrettelegging eller gjennomføring av opplæringa for å auke elevane si måloppnåing.

Dette kan føre til at elevane ikkje får det utbyttet av opplæringa som dei elles kunne fått.

(6)

6 Skulebasert vurdering er noko anna enn elevvurdering og nasjonal vurdering, men skal sjåast i

samanheng med desse. Samla utfyller dei kvarandre og medverkar til at dei nasjonale måla for opplæring styrer arbeidet i skulen slik at den enkelte eleven blir motivert til å ta i bruk sine evner og anlegg (Stortingsmelding 47 1995-1996). Det overordna formålet med dette tilsynet med skulebasert vurdering er å medverke til at elevane får eit godt utbytte av opplæringa.

2.3 Om gjennomføringa av tilsynet

Tilsyn med Aurland kommune vart opna gjennom brev 14.12.2016. Fylkesmannen har kravd at kommunen legg fram dokumentasjon med heimel i kommunelova § 60 c.

Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på skriftleg dokumentasjon og opplysningar frå intervju, sjå vedlegg.

(7)

7

3. Skulebasert vurdering

3.1 Rettsleg krav

Nedanfor har vi ført opp og utdjupa dei rettslege krava for tilsynet med skulebasert vurdering. Alle dei rettslege krava byggjer på forskrift til opplæringslova § 2-1.

Skulen skal velje tema for den skulebaserte vurderinga basert på ei brei og samla vurdering av om elevane når måla i læreplanverket (LK06).

Skulen skal jamleg vurdere i kva grad organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa bidreg til å nå måla i Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK06), jf. forskrift til opplæringslova § 2-1. I vurderinga må derfor skulen samanhalde resultatet av opplæringa med dei mål og prinsipp som er formulerte i læreplanverket. Denne vurderinga skal alltid, direkte eller indirekte, sikte mot å fremje utviklinga og utbyttet av læringa hos elevane.

Som første del av å gjennomføre ei skulebasert vurdering må skulen etablere eit kunnskapsgrunnlag som reflekterer breidda av mål i læreplanverket. Kunnskapsgrunnlaget må byggje på kjelder som gir resultat frå faglege mål, og frå mål som omfattar trivsel og utvikling hos elevane på andre område enn dei faglege. I tillegg til eigne kjelder har skulane tilgang til fleire nasjonale kjelder i Skuleporten, for eksempel Elevundersøkinga.

Når skulen har fått eit breitt kunnskapsgrunnlag, må dei bruke dette til å gjere ei samla vurdering av i kva grad elevane når måla for opplæringa på ulike område. Dette skal gi skulen eit grunnlag til å reflektere og analysere heilskapleg i kor stor grad skulens elevar har nådd måla i læreplanverket.

Basert på denne refleksjonen må skulen velje tema for den skulebaserte vurderinga. Skulen skal sjå på område der skulen vurderer at endringar i skulens organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa kan fremje utvikling og utbytte av opplæringa hos elevane. Det vil seie endringar som kan auke elevane si måloppnåing. Val av tema må over tid ta vare på breidda av mål for opplæringa.

Skulen skal vurdere om endringar i organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa kan bidra til auka måloppnåing hos elevane i det valde temaet.

Den skulebaserte vurderinga skal identifisere kva for endringar som best kan auke måloppnåing for elevane innafor det skulen har valt å sjå på i vurderinga. Måloppnåinga siktar her til alle måla i læreplanverket som inngår i det valde temaet, og ikkje berre faglege mål.

I kravet ligg det at skulen må vurdere endringar innanfor ulike rammevilkår for opplæringa, og i utgangspunktet ikkje berre velje å sjå på éin type tiltak. Endringar skulen kan vurdere, er nye tiltak som f.eks. oppstart av eit utviklingsarbeid. Skulen kan òg vurdere om vidareføring av det som skulen allereie gjer, er det beste. Skulen må vurdere endringane for skulen som heilskap på systemnivå, sjølv om eventuelt konsekvensane av endringane i nokre tilfelle primært vil vise seg for enkelte klassar eller for enkelte fag.

Skulen skal følgje opp dei endringane som dei eventuelt kom fram til i den skulebaserte vurderinga.

(8)

8 Føremålet med den skulebaserte vurderinga er å syte for at skulen lærer og utviklar seg slik at

elevane i enda større grad kan nå breidda av mål i læreplanverket. Når skulen gjennom vurderinga avdekkjer forbetringsområde, må skulen derfor følgje opp dette vidare. Endringane kan både vere at skulen set i verk nye enkelttiltak, eller at dei startar eit utviklingsarbeid. Skulen kan òg komme fram til at dei berre vil oppretthalde og eventuelt forsterke det dei allereie gjer. I nokre tilfelle kan føreslåtte endringar eller tiltak vere slik at det er nødvendig med ein dialog med skuleeigaren før tiltaka eventuelt blir sette i verk.

Skulen skal ha ein brei og representativ medverknad i arbeidet med skulebasert vurdering.

I ordet «skulebasert» ligg det at vurderinga må involvere alle partar på skulen i både analysen og i arbeidet med endringar og tiltak på bakgrunn av analysen. Gjennom vurderinga blir personalet bevisstgjort på samanhengen mellom korleis opplæringa blir gjennomført, og i kva grad elevane når måla. Lærarane vil også vere sentrale i å gjennomføre dei fleste endringstiltaka. Å involvere lærarane er derfor viktig for at eventuelle tiltak skal lykkast. Skulen vurderer elles kven som skal delta ut frå tema som blir omhandla. Å involvere elevane vil vere aktuelt i mange tema.

Skulen skal gjennomføre skulebasert vurdering jamleg.

Den skulebaserte vurderinga må utførast i samsvar med føresetnaden, jf. dei føregåande krava til gjennomføringa av vurderinga. Skulen må gjennomføre slik skulebasert vurdering jamleg, jf. forskrift til opplæringslova § 2-1. I utgangspunktet bør vurderinga gjennomførast årleg, men det må brukast skjønn der tidsbruk blir vurdert opp mot det forsvarlege.

3.2 Fylkesmannens undersøkingar

Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på eigenvurderingar, dokument og

opplysningar gitt i intervju av rektor og kontaktlærarar. Når det blir vist til materialet viser vi til alle desse kjeldene som ein heilskap.

1.1. Vel skulen tema i den skulebaserte vurderinga basert på ei brei og samla vurdering av om elevane når måla i læreplanverket (LK06)?

• Flåm skule har utarbeidd eit årshjul for skulebasert vurdering som rektor i eigenvurderinga omtalar som «rutinar for undersøkingar av ulike slag». Årshjulet listar opp ulike undersøkingar som til dømes foreldre- og elevundersøkingar, kartleggingsprøver, nasjonale prøver, leseprøver, elev- og utviklingssamtalar. Det listar òg opp møtepunkt med samarbeidspartar som PPT, skuleeigar og foreldra. I intervju med både rektor og kontaktlærarar kjem det fram at dette årshjulet er ein oversikt over datakjelder og ikkje ei rutine for korleis ein skal gjennomføre

skulebasert vurdering. Vidare kjem det fram i intervju med både rektor og kontaktlærarane at dette årshjulet er utarbeidd i samband med tilsynet med utgangspunkt i eit tidlegare aktivitetsbasert årshjul.

(9)

9

• Skulen gjennomførte Ståstadanalysen3 hausten 2013, som ein del av det regionale utviklingsprogrammet «System for styrka læring».

• I eigenvurderinga opplyser rektor om at ståstadanalysen dannar grunnlaget for mål på utviklingsplanen og etter- og vidareutdanning dei kommande åra. «Tilpassa opplæring og vurdering for læring» og «digital kompetanse som grunnleggande ferdigheit» var utviklingsområda skulen kom fram til i ståstadanalysen dei gjorde i 2013. Dette kjem fram i «Samla vurdering og val av satsingsområde på Flåm skule - Ståstadsanalysen 2013».

• I eigenvurderinga til rektor kjem det fram at målet med «System for styrka læring» er tilpassa opplæring, og kontaktlærarane uttaler i intervju at «vi blei med på ‘System for styrka læring’ fordi det var ei satsing. Det er lovbestemt at alle har rett på tilpassa opplæring, utan at dette var eit uttalt behov hjå oss». Dei same utviklingsområda går igjen i utviklingsplanane til Flåm skule, slik rektor opplyser om i eigenvurdering og som òg er reflektert i intervju med rektor og kontaktlærarar.

• Active Smarter Kids (ASK) er eit satsingsområde i utviklingsplanane for 2015-2016 og 2016-2017. I eigenvurderinga trekker kontaktlærarane fram ASK som eit

satsingsområde basert på ei skulebasert vurdering. I intervju med kontaktlærarane kjem det fram at temaet vart valt på grunn av at «(…)dei forskar på det i Sogndal, og det ligg litt i tida. Vi vil at det skal hjelpe på trivselen, og sikre variasjon i

undervisning».

• Flåm skule nyttar SWOT-analyse som arbeidsverktøy for å vurdere utviklingsplanen, og ulike tema frå utviklingsplanen. I eigenvurdering og intervju kjem det fram at dei òg referer til SWOT-analyse som «Glasmonterskjema». Kontaktlærarane skriv i eigenvurderinga at skulen kvart år gjennomfører ein SWOT-analyse for å sjå korleis dei ligg ann. I intervju forklarer rektor at SWOT-analyse er ein metode som skulen av og til nyttar i forhold til ulike tema som er oppe. Det er rektor som avgjer når metoden skal nyttast. Vidare seier rektor at det ikkje er regelmessig bruk av analysen, dvs. det ikkje er eit fast stopp-punkt i løpet av året for å gjere ein slik SWOT-analyse. Arbeidsmetoden er blant anna reflektert i innsendte dokument4.

• Innkalling og referat frå personalmøte 25.01.2017 viser at Flåm skule går igjennom nasjonale prøver og vurderer resultat frå desse. Dette er òg peika på i intervju og eigenvurderingar.

• Intervju med kontaktlærarar og rektor viser at trivsel er tema på personalmøta. I referatet frå personalmøte går det fram at trivselundersøkinga, nasjonale prøver, pedagogisk utvikling har vore tema.

• Rektor opplyser at skulen nyttar eit SOL-skjema i samband med IGP-metoden (Individ-Gruppe-Plenum).

3Ståstadanalysen består av tre fasar: fase ein omhandlar statistikk over ressursar, læringsmiljø, elevresultat, eventuelle data frå andre lokale undersøkingar og personalet si felles drøfting av desse. Fase to er ei eigenvurdering av skulen sin eigenpraksis som startar med at kvar enkelt i personalet fyller ut ei eigenvurdering og ein felles diskusjon av dei samla resultata av personalet. Fase tre er den samla vurderinga og består av ein analyse av fase ein og to og ein konklusjon basert på denne og val av utviklingsområde.

4Førebuing til evaluering av utviklingsplanen basert på SWOT. Glasmonterskjema til lærarane for vurdering av den pedagogiske verksemda med frist 15.09.2016. Samla vurdering og val av satsingsområde på Flåm skule - Ståstadsanalysen 2013. SWOT-skjema.

(10)

10 1.2. Vurderer skulen om endringar i organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av

opplæringa kan bidra til auka måloppnåing hos elevane i det valde temaet?

• Intervju med kontaktlærarar og rektor, eigenvurderingar og referat frå personalmøte viser at Flåm skule går igjennom nasjonale prøver og vurderer organisering,

tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa basert på dette. I kjeldene går det fram at dei blant anna vurderer eit nytt læreverk i engelsk på bakgrunn av

gjennomgang av nasjonale prøvar i engelsk.

• Referat frå personalmøte viser at Flåm skule diskuterer korleis organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa kan bidra til å auke måloppnåing.

• Referat frå personalmøte viser at Flåm skule m.a. diskuterer skulen sine system, rutinar og planar.

• Rektor skriv i eigenvurderinga si at «arbeidet med ‘System for styrka læring’ for Sogne-kommunane har bidrege sterkt til eit auka fokus på arbeidet med å studera organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa».

1.3. Følgjer skulen opp dei endringane som dei eventuelt kom fram til i den skulebaserte vurderinga?

• I «Samla vurdering og val av satsingsområde på Flåm skule - Ståstadsanalysen 2013», kjem det fram utviklingsområde som går igjen i utviklingsplanane for skuleåra 2015- 2016 og 2016-2017. Det same er står i eigenvurderingar og kjem òg fram i intervju med rektor og kontaktlærarar.

• Gjennom intervju med kontaktlærarar og rektor kjem det fram at skulen følger opp utviklingsplanen i personalmøta sine. Dette er òg avspegla i «Førebuing til evaluering av utviklingsplanen basert på SWOT» og i utviklingsplanane for skuleåra 2015-2016 og 2016-2017. Det er vidare avspegla i «Glasmonterskjema til lærarane for vurdering av den pedagogiske verksemda med frist 15.09.2016» der rektor oppmodar lærarane til å tenke igjennom utviklingsarbeid/vidareutdanning skulen har vert med på og vurdere utviklingsplanen.

• Rektor opplyser i eigenvurderinga og intervju at skulen arbeidar med ulike fagtema i personalmøta og legg til rette for utforskande diskusjonar og vurderingar. Referat frå personalmøte 25.02.2016, og dokumentet «Førebuing til evaluering av

utviklingsplanen basert på SWOT» viser at Flåm skule har lagt opp til refleksjon og diskusjon rundt utviklingstiltak dei har sett i gang på skulen, som to-lærarsystemet.

(11)

11 1.4. Er det brei og representativ medverknad i arbeidet med skulebasert vurdering?

• Gjennom intervju med kontaktlærarar og rektor kjem det fram at det ha vert brei og representativ medverknad i arbeidet med «Samarbeidsavtale mellom elevar, foreldre og tilsette på Flåm skule 31.10.2011».

• I intervju med kontaktlærarar og rektor kjem det fram at det blir lagt opp til brei og representativ medverknad i vurdering av utviklingsarbeidet, noko som òg kjem fram i dokumenta «Førebuing til evaluering av utviklingsplanen basert på SWOT»,

«Innkalling til personalmøte 25.01.2017» og «Referat frå personalmøte 25.01.2017».

1.5. Gjennomfører skulen skulebasert vurdering jamleg?

• I «Årshjul for skulebasert vurdering ved Flåm skule» går det fram at Flåm skule skal gjennomføre ståstadanalysen kvart fjerde år, sist gang gjennomført hausten 2013. I intervju blir det bekrefta at ståstadanalysen skal gjennomførast etter planen hausten 2017. Årshjulet listar opp ulike undersøkingar gjennom året.

• Kontaktlærarane skriv i eigenvurderinga at skulen kvart år gjennomfører ein SWOT- analyse for å sjå korleis dei ligg an. I intervju forklarer rektor at det ikkje er same tema som er oppe i denne analysen kvart år, og at det ikkje er faste stopp-punkt for å gjere ein slik SWOT-analyse. Rektor forklarer vidare at det ikkje er fast at dei gjer ein SWOT-analyse av utviklingsplanen.

3.3 Fylkesmannen si vurdering og konklusjon

Målet med skulebasert vurdering er å sikre at alle elevane når måla i læreplanverket, gjennom å vurdere om endringar i organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa kan bidra til auka måloppnåing hos elevane.

Den skulebaserte vurderinga består av fleire element som tek utgangspunkt i skulens behov. Desse elementa er reflekterte i dei fem kontrollspørsmåla som vi skriv ut frå når vi presenterer vurdering og konklusjon:

Val av tema i den skulebaserte vurderinga

Flåm skule har laga eit årshjul for skulebasert vurdering som viser eit breitt utval av datakjelder. I eigenvurderinga blir det beskrive som ei rutine for ulike undersøkingar, men gjennom intervju kjem det fram at årshjulet er ein oversikt over datakjelder og ikkje ei rutine for korleis ein skal

gjennomføre skulebasert vurdering.

Skulen vurderer mange datakjelder enkeltvis, men ser dei ikkje i samanheng. Som første del av ei skulebasert vurdering må skulen etablere eit kunnskapsgrunnlag som reflekterer breidda av mål i læreplanverket. Kunnskapsgrunnlaget må byggje på kjelder som gir resultat frå faglege mål, og frå mål som omfattar trivsel og utvikling hos elevane på andre område enn dei faglege. I tillegg til eigne

(12)

12 kjelder har skulane tilgang til fleire nasjonale kjelder i Skoleporten, for eksempel Elevundersøkinga.

Ståstadanalysen skulen gjennomførte i 2013 kan vere eit eksempel på ein måte å bygge eit slik kunnskapsgrunnlag på, men det finst òg andre måtar dette kan gjerast på.

Referat frå personalmøte viser eksempel på at skulen gjer vurdering av resultata på dei nasjonale prøvane. Men det kjem ikkje fram i eigenvurderingane, intervjua eller i anna dokumentasjon at vurderingane som er gjort er tatt inn i ei samla vurdering, dvs. opp mot andre datakjelder.

I skulens årshjul går det fram at skulen skal gjennomføre ståstadanalyse kvart fjerde år. Skulen gjennomførte ståstadanalyse hausten 2013 og ny analyse skal gjennomførast hausten 2017. Dette er den einaste indikasjonen i materialet på at skulen gjer ei samla vurdering av om elevane når måla i læreplanverket. SWOT-analysen blir ikkje brukt til å sjå dei ulike datakjeldene i samanheng.

Det kjem vidare fram i intervju med både kontaktlærarar og rektor at val av tema for

utviklingsplanane, er basert på andre eksterne forutsetningar som for eksempel forskingsprogram i regionen eller utviklingsprosjekt i kommunen, t.d. Active Smarter Kids (ASK) som stammar frå eit regionalt utviklingsprogram.

Konklusjonen til Fylkesmannen er at skulen ikkje vel tema i den skulebaserte vurderinga basert på ei brei og samla vurdering av om elevane når måla i læreplanverket (LK06). Grunnlaget for dette er at skulen vurderer datakjeldene enkeltvis og at val av tema kjem frå andre kjelder enn ei skulebasert vurdering.

Vurdering av endringar i organisering, tiltrettelegging og gjennomføring av opplæring for å auke måloppnåing hos elevane

Skulen vurderer organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæring basert på enkeltvise datakjelder og på bakgrunn av vurderingar av tema på utviklingsplanen.

Referat frå personalmøte 25.01.2017 er eit eksempel på at skulen gjer ei vurdering om endringar i organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa basert på ei enkeltvis kjelde. Her vurderer skulen resultata frå dei nasjonale prøvane og kjem fram til endringstiltak, men det går ikkje fram i noko av materialet at desse vurderingane blir gjort til del av ei samla vurdering der ein ser dette i samanheng med andre datakjelder.

Skulen vurderer vidare organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæring basert på tema i regionale utviklingsprogram.

Fylkesmannen sin konklusjon er at skulen vurderer endringar i organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa, men ikkje basert på eit tema gjort i ei skulebasert vurdering.

Oppfølging av eventuelle endringar

Skulen har utarbeidd mål i utviklingsplanen basert på fase to og tre av ståstadanalysen som dei gjennomførte hausten 2013. Dei følgjer opp denne utviklingsplanen gjennom å gjere SWOT-analyser.

(13)

13 Flåm skule følgjer opp utviklingsplanen sin gjennom å sette det opp som tema på personalmøta.

Rektor opplyser i eigenvurderinga og intervju at skulen arbeidar med ulike fagtema i personalmøta og legg til rette for utforskande diskusjonar og vurderingar. Referat frå personalmøte 25.02.2016, og dokumentet «Førebuing til evaluering av utviklingsplanen basert på SWOT» viser at Flåm skule har lagt opp til refleksjon og diskusjon rundt utviklingstiltak dei har sett i gang på skulen, som to- lærarsystemet.

Då det ikkje går fram at skulen gjennomfører ei samla vurdering av datakjeldene, vurderer Fylkesmannen det slik at skulen ikkje følgjer opp endringar frå ei skulebaserte vurdering.

Brei og representativ medverknad

Både i referat frå personalmøte, i intervju med rektor og kontaktlærarar, og fleire andre stader i materialet går det fram at det er, og blir lagt opp til, brei og representativ medverknad i

utviklingsarbeidet ved skulen.

Eit eksempel på dette er forventningsavklaringa som vart gjennomført i arbeidet med å utvikle samarbeidsavtale mellom elevar, foreldre og tilsette på Flåm skule 31.10.2011.

Ståstadanalysen frå 2013 er eit anna eksempel på ei brei og representativ medverknad i utviklingsarbeid ved skulen, som kan inngå i ei skulebasert vurdering.

Dette viser at skulen har eit brei og representativ medverknad som vil vere viktig i det framtidige arbeidet med gjere skulebasert vurdering.

Jamleg gjennomføring av skulebasert vurdering

Jamleg betyr her minst ein gang i året. I årshjul for skulebasert vurdering står det at skulen skal gjennomføre ståstadanalysen kvart fjerde år, noko som derfor ikkje er tilstrekkeleg. At skulen jamleg gjennomfører vurderingar av enkeltvise datakjelder som kan vere ein del av ei skulebasert vurdering, vil ikkje seie at dei gjennomfører skulebasert vurdering jamleg. Det må gjerast ei brei og samla vurdering årleg for at dette kravet skal kunne seiast å vere oppfylt.

Skulen gjennomfører SWOT-analyser av utviklingsplanen, og tema frå denne, men det er ikkje eit fast system for når det skal gjerast eller kva tema som skal takast opp. For eksempel opplyser skulen om at utviklingsplanen kan vere eit tema i ein SWOT-analyse, men det er ikkje fast at ein skal gjere ein slik analyse av denne kvart år. Ein SWOT-analyse av utviklingsplanen aleine ville ikkje utgjere ei skulebasert vurdering, men kunne vere ein del av ei slik vurdering.

Den samla konklusjonen til Fylkesmannen er at Flåm skule ikkje gjennomfører skulebasert vurdering.

Dette baserer vi på at skulen ikkje gjer ei brei og samla vurdering av om elevane når måla i læreplanverket minst ein gang i året, og at skulen ikkje vurdere endringar i organisering,

tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa basert på ei slik brei og samla vurdering. Flåm skule har ei brei og representativ medverknad i arbeid dei gjer, men utviklingsarbeidet som reflekterer dette er ikkje ein del av ei skulebasert vurdering.

(14)

14

4. System for å vurdere og følgje opp at krava blir etterlevde

I varselbrev (14.12.16) for tilsynet med Aurland kommune ved Flåm skule står det m.a.:

Vi vil i løpet av tilsynet vurdere om vi skal utvide tilsynet og kontrollere om skuleeigaren har eit forsvarleg system innanfor dei krava som tilsynet omfattar. Til å vurdere dette vil vi leggje til grunn skuleeigarens eigenvurdering, skulens eigenvurdering, intervju på skulen og dokument og funn i tilsynet. De vil få eit eige brev med varsel dersom vi utvidar tilsynet til å omfatte om skuleeigaren har eit forsvarleg system. Vi vil avgjere dette etter at vi har starta undersøkingane på skulenivå.

I vårt skriv går det fram at ved utviding av tilsynet skal dette gjerast i form av eit eige brev. For å gjere den samla belastinga mindre for kommunen har vi inkludert kontrollen av krava til skuleeigarens system i det pågåande tilsynet med Flåm skule. I denne vurderinga har vi lagt vekt på fleire forhold, m.a. at vi har nok dokumentasjon frå kommunen og at eit nytt tilsyn ville føre til større tidsbruk i form av nye intervju.

I samband med utviding av tilsynet har vi fått tilsendt to utviklingsplanar for Aurland kommune5.

4.1 Rettslege krav til eit forsvarleg system

Kommunen (skuleeigaren) skal ha eit forsvarleg system for å vurdere om krava i opplæringslova med forskrift blir oppfylte. Vidare skal skuleeigaren ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane. Dette følgjer av opplæringslova § 13-10.

Utforminga og omfanget av systemet kan skuleeigaren bestemme på bakgrunn av lokale forhold, eigne risikovurderingar og organiseringa av skuleeigaren og skulane. For at eit system skal vere forsvarleg, må det vere eigna til å avdekkje forhold som er i strid med lov og forskrift. Systemet må òg sikre at det blir sett i gang tiltak som er tilstrekkelege til å rette opp i slike forhold. Nedanfor har vi konkretisert krava som skuleeigaren må oppfylle, for at systemet skal vere forsvarleg i samsvar med opplæringslova § 13-10.

Skuleeigaren må skaffe seg informasjon

Skuleeigaren må syte for å ha oppdatert kunnskap om skulane si gjennomføring slik at skuleeigaren kan vurdere om skulane oppfyller krava i opplæringslova med forskrifter. Informasjonen som blir henta inn, må vere relevant og dekkjande for krava i regelverket på det området som skal vurderast.

Skuleeigaren må vurdere skulane sin praksis opp mot regelverket

Skuleeigar må bruke informasjonen dei hentar inn om skulane si gjennomføring, til å vurdere om gjennomføringa er i samsvar med opplæringslova med forskrift. Skuleeigar må vite kva for krav regelverket stiller til dei på ulike område, og må ha ei riktig forståing av krava. Dette betyr at skuleeigar må skaffe seg tilstrekkeleg regelverkskompetanse.

Skuleeigaren må syte for varige endringar når praksis bryt med regelverket

Skuleeigaren må setje i verk eigna tiltak for å rette opp skulane si gjennomføring når gjennomføringa ikkje er i samsvar med regelverket. For at tiltak skal vere eigna og gi varig endring, må dei være

5 Utviklingsmeldinga for oppvekst Aurland kommune 2014 – 2015 og utviklingsmeldinga for oppvekst Aurland kommune 2015 – 2016

(15)

15 innretta slik at dei bidreg til at brotet ikkje skjer på nytt. Ei årsak til brot på regelverket kan vere at skulane ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om regelverket. Ei anna årsak kan vere at dei manglar kompetanse i å bruke regelverket. Skuleeigaren må i slike tilfelle vurdere og eventuelt setje i verk tiltak for å auke kunnskapen eller å auke kompetansen.

Vidare må skuleeigaren følgje opp at tiltaka faktisk fører til at skulane endrar si gjennomføring i samsvar med krava i regelverket, slik at endringane blir reelle og varige. Dette betyr at skuleeigaren både må hente inn informasjon om at tiltak blir sette i verkt, og at dei verkar i samsvar med

intensjonen. Skuleeigaren må følge opp heilt til skulane si gjennomføring på det gjeldande området er blitt i samsvar med opplæringslova med forskrifter.

Skuleeigaren må hente inn tilstrekkeleg informasjon ofte nok til å vurdere og følgje opp praksis Skuleeigaren må hente inn nok informasjon til på ein forsvarleg måte å kunne vurdere om skulane si gjennomføring er i samsvar med regelverket. Vidare må skuleeigaren òg hente inn nok informasjon til å kunne følgje opp at tiltaka har gitt reelle endringar. Kva som er tilstrekkeleg informasjon, vil avhenge av kva for funn skuleeigaren gjer i dei ulike fasane av informasjonsinnhentinga. Dette krev at skuleeigaren har et minimum av informasjon frå alle områda som er regulerte av regelverket.

Dersom innhenta informasjon indikerer at gjennomføringa ikkje er i samsvar med regelverket, må skuleeigaren skaffe seg meir informasjon for å få avklart dette.

Skuleeigaren må jamleg hente inn og vurdere informasjon om gjennomføringa. For å ha eit effektiv system som er treffsikkert og hentar inn tilstrekkeleg informasjon ofte nok, må skuleeigaren gjere gode vurderingar av risiko. Område der skuleeigaren tidlegare har sett at det har vore brot på regelverket, kan indikere høg risiko. Det same gjeld område der skuleeigaren har utarbeidd få retningslinjer for skulane sin praksis, eller har hatt få tiltak for å auke kompetansen i forståing og bruk av regelverket. Basert på slike avvegingar må skuleeigaren ta stilling til kor ofte og kor omfattande skuleeigaren skal kontrollere skulane sin praksis på ulike område. Dersom brot på regelverket skjer over lang tid utan å bli avdekt og følgt opp av skuleeigaren, vil ikkje

risikovurderingane og systemet til skuleeigaren vere forsvarlege.

Å ha eit system betyr at skuleeigaren må arbeide systematisk og kunne dokumentere og grunngi dei val og prioriteringar som skuleeigaren har gjort.

(16)

16

4.2 Fylkesmannens undersøkingar

Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på eigenvurderingane frå skuleeigar og Flåm skule, og dokument og opplysningar gitt i intervju av rektor ved skulen. Når det blir vist til materialet viser vi til alle desse kjeldene som ein heilskap.

Skaffar skuleeigaren seg informasjon om korleis skulane gjennomfører skulebasert vurdering?

• Skuleeigar skriv i eigenvurderinga si at «skuleeigar hentar informasjon om ståstadanalysar, undersøkingar, kartleggingar, overordna prøver, årsmeldingar og tilfang til skuleeigar si årlege kvalitetsmelding ("Utviklingsmeldinga") frå skulane. Det blir gjennomført årlege dialogmøte med skulane som basis for Utviklingsmeldinga. Det månadlege møtet i det pedagogiske utviklingsteamet (PUT) sikrar god kommunikasjon mellom alle delar av systemet: Skulane, barnehagane, organisasjonane og skuleeigaren». Rektor bekreftar i intervju at skuleeigar er interessert i resultata frå nasjonale prøver og andre kartleggingar.

Bruker skuleeigaren innhenta informasjon til å vurdere om gjennomføringa av skulebasert vurdering på skulane er i samsvar med føresetnadene i regelverket?

• Frå eigenvurderinga til skuleeigar: «Det er sentralt i PUT sitt arbeid at skulane gjer greie for kva deler av skulebasert vurdering som blir gjennomført og kva som skal gjennomførast.

Skuleeigar har inga systematisk sjekkliste, og ser fram til at UDIR legg inn ny sjekkliste».

Bruker skuleeigaren desse vurderingane til å syte for at skulane gjer om på gjennomføringa slik at ho blir i samsvar med føresetnadene?

• Frå skuleeigar si eigenvurdering: «Skuleeigar kan ikkje visa til døme om pålegg om endring.

Med berre to skular i kommunen, vil PUT i praksis vera staden der alle sider ved skulebasert vurdering blir diskutert og praksis/endring av praksis blir avtalt».

• Rektor opplyser i intervju at dei har stor støtte frå politisk hald i kommunen, men at skuleeigar i liten grad gir tilbakemeldingar på den skulebaserte vurderinga.

Følgjer skuleeigaren opp at skulane har endra gjennomføringa slik at ho er i samsvar med regelverket?

• Skuleeigar skriv i eigenvurderinga at «dette vil komme fram i dei undersøkingane, kartleggingane, overordna prøvane, årsmeldingane og tilfanget til skuleeigar si årlege kvalitetsmelding frå skulane. Detaljar frå skulen sine refleksjonar og vurderingar blir gjerne tema i PUT».

Innhentar skuleeigaren tilstrekkeleg informasjon ofte nok til å vurdere og følgje opp gjennomføring som ikkje er i samsvar med regelverket?

• Frå skuleeigar si eigenvurdering: «Vi har ikkje noko system som kan samanliknast med ei sjekkliste og dermed ikkje bestemt frekvens for bruk av slik. Skuleeigar har motteke utviklingsplanane og årshjula».

(17)

17

4.3 Fylkesmannens vurderingar og konklusjon

Skuleeigar innhentar informasjon om ulike undersøkingar skulane gjennomfører. Desse

undersøkingane kan vere datakjelder i ei skulebasert vurdering. Det går ikkje fram at skuleeigar innhentar informasjon om prosessen skulen har med å gjennomføre skulebasert vurdering. Den informasjonen skuleeigar innhentar er derfor ikkje dekkjande for å vurdere om skulane gjennomfører skulebasert vurdering i tråd med regelverket.

Skuleeigar har ikkje eit system for å vurdere om at gjennomføringa av skulebasert vurdering er i samsvar med føresetnadane i regelverket. Kommunen har ikkje komme med pålegg om endringar til skulane, og rektor bekreftar at det ikkje blir lagt føringar på korleis Flåm skule gjennomfører

skulebasert vurdering. Skuleeigar opplyser i eigenvurderinga om at kommunen ikkje har eit system som sikrar at dei innhentar tilstrekkeleg informasjon ofte nok.

Konklusjonen til Fylkesmannen er at Aurland kommune som skuleeigar ikkje har eit forsvarleg system for å vurdere om krava i opplæringslova med forskrift blir oppfylte. Vidare konkluderer vi med at kommunen heller ikkje har eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå vurderingane av om krav i lov og forskrift er oppfylte. Dette er brot på opplæringslova § 13-10.

(18)

18

5. Frist for retting av brot på regelverket

Fylkesmannen har i kapittel 3 og 4 konstatert brot på regelverket. I denne rapporten får Aurland kommune frist til å rette lovbrot, jf. kommunelova § 60 d.

Frist for retting er 01.12.2017. Kommunen må innan denne datoen sende Fylkesmannen ei erklæring om at det ulovlege forholdet er retta, og ei utgreiing om korleis lovbrotet er retta.

Dersom lovbrot ikkje er retta innan den fastsette fristen, vil Fylkesmannen vedta pålegg om retting.

Eit eventuelt pålegg om retting vil ha status som enkeltvedtak og kan klagast på, jf. forvaltningslova kapittel VI.

Følgjande pålegg er aktuelle å vedta etter utløpet av rettefristen i denne rapporten:

Skulebasert vurdering

Aurland kommune må syte for at Flåm skule jamleg vurderer i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. forskrift til opplæringslova § 2-1.

Aurland kommune må i samband med dette sjå til at:

a. skulen vel tema i den skulebaserte vurderinga basert på ei brei og samla vurdering av om elevane når måla i læreplanverket

b. skulen vurderer om endringar i organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa kan bidra til auka måloppnåing hos elevane i det valde temaet

c. skulen følgjer opp endringar dei kjem fram til i den skulebaserte vurderinga

d. skulen har ei brei og representativ medverknad når dei gjennomfører skulebasert vurdering e. skulen gjennomfører skulebasert vurdering jamleg

System for å vurdere og følgje opp at krava blir etterlevde (utviding av tilsyn)

1. Aurland kommune må syte for å ha eit forsvarleg system for å vurdere og følgje opp krava i opplæringslova med forskrift når det gjeld skulane sitt arbeid med skulebasert vurdering, jf.

opplæringslova §§ 13-10 og forskrift til opplæringslova § 2-1.

Aurland kommune må i samband med dette:

a. skaffe seg informasjon om korleis skulane gjennomfører skulebasert vurdering

b. bruke informasjonen om skulebasert vurdering til å vurdere om skulane si gjennomføring er i tråd med forskrift til opplæringslova

c. bruke vurderingane av skulane si gjennomføring til å syte for at ho samsvarar med forskrift til opplæringslova

d. følgje opp at skulane har endra si gjennomføring slik at ho er i samsvar med forskrift til opplæringslova

e. hente inn tilstrekkeleg informasjon ofte nok til å vurdere og følgje opp gjennomføring som ikkje er i samsvar med opplæringslova og forskrift til opplæringslova.

(19)

19

6. Kommunen sin frist til å rette

Som nemnt i kapittel 5 ovanfor, har kommunen fått ein frist for å rette brot på regelverket som er konstaterte i denne rapporten.

Frist for tilbakemelding er 01.12.2017.

Kommunen har rett til innsyn i saksdokumenta, jf. forvaltningslova § 18.

Leikanger 06.09.2017

Lill Mona Solberg Magne-Bjarte Hatlem Helge Pedersen

(20)

20

Vedlegg: Dokumentasjonsgrunnlag

Følgjande dokument inngår i dokumentasjonsgrunnlaget for tilsynet:

1. Eigenvurdering frå skuleleiar, datert 03.04.2017

2. Eigenvurdering frå kontaktlærarar 1.-7. trinn, datert 03.04.2017 3. Arbeidsplan 4. klasse veke 13 2017

4. Arbeidsplan 7. klasse veke 14 2017

5. Elevvurdering - plan for kvalitetssikring av opplæringa august 2015 6. Førebuing til evaluering av utviklingsplanen basert på SWOT

7. Glasmonterskjema til lærarane for vurdering av den pedagogiske verksemda med frist 15.09.2016

8. Handbok i klasseleiing

9. Innkalling til personalmøte 25.01.2017 10. Referat frå personalmøte 21.09.2015 11. Referat frå personalmøte 25.02.2016 12. Referat frå personalmøte 25.01.2017 13. Referat frå personalmøte 01.03.2017

14. Samarbeidsavtale mellom elevar, foreldre og tilsette på Flåm skule 31.10.2011 15. Ståstadanalysen for grunnskule 21.11.2013

16. Samla vurdering og val av satsingsområde på Flåm skule - Ståstadsanalysen 2013 17. Solskjema mal - arbeidsverktøy for skulemiljø

18. SWOT-skjemamal

19. Utviklingsplan 2011-2012 20. Utviklingsplan 2015-2016 21. Utviklingsplan 2016-2017

22. Utviklingsmeldinga for oppvekst Aurland kommune 2014 – 2015 (kommunen sin) 23. Utviklingsmeldinga for oppvekst Aurland kommune 2015 – 2016 (kommunen sin) 24. Visjonen vår

25. Årshjul for Flåm skule 2016-2017

26. Årshjul for skulebasert vurdering ved Flåm skule 27. Årsplan i norsk for 3-4. klasse 2016-2017

Tilsynet vart gjennomført som stadleg tilsyn 24.05.2017.

Det vart gjennomført intervju med:

• Rektor: Astrid Hassel

• Gruppeintervju med kontaktlærarar:

o Trinnet 1.-2.: Marit Johanne Hegg o Trinnet 3.-4.: David Underdal o Trinnet 5.-7.: Siri Hillestad Hande

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Ein måte å fange desse sakene opp, er å endre virkeområdet i jordlova slik at all omdisponering av dyrka eller dyrkbar jord vert behandla enten etter jordlova eller

For å kunna føreta ei samla vurdering av omsøkte utbyggingar for Illvatn pumpekraftverk og Øyane kraftverk og tidlegare utbyggingar i Fortunsvassdraget i tråd med

Rådmannen har vore i tvil om han skal tilrå at utbyggjarfår høve til å regulera Holetjørni, men etter ei samla vurdering vil han tilrå at konsesjon på utbygging av Holen

Ei vurdering av konsekvensar for landbruket ved etablering av vassverket i Sædalen konkluderer med at klausuleringsreglane ikkje vil medføre vesentlege endringar eller

1 Utbyggjing av Sigdestad kraftverk bør konsesjonshandsamast ut frå ei samla vurdering av fordeler og ulempar for miljø og samfunn, etter at konsekvensar og avbøtande tiltak for

sjølvsagt ueinige i denne konklusjonen og viser til blant anna fråsegna frå Førde kommune om at ut ifrå ei samla vurdering, med vektlegging av at nedste del av fossen ikkje er teke

Fylkesmannen har motsegn til søknaden om Indre Trandal kraftverk (hovudalternativet), og rår frå at det blir gitt konesjon til Skår kraftverk.. FNF og MDG saknar ei vurdering av

Ut frå landskapsomsyn, og ei samla vurdering av gjennomførte og planlagde småkraftverk i Hjørundfjorden, rår dei til at det ikkje blir gitt løyve til Helgåa kraftverk..