EØS-ORGANER
EØS-KOMITEEN
KOMMISJONENS GJENNOMFØRINGSAVGJERD (EU) 2016/168 av 5. februar 2016
om endring av vedlegga til vedtak 2003/467/EF om fastsetjing av status for storfebuskapar i visse medlemsstatar eller regionar i medlemsstatar som offisielt frie for tuberkulose, brucellose og enzootisk
bovin leukose
[meld under nummeret K(2016) 602](*)
EUROPAKOMMISJONEN HAR —
med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,
med tilvising til rådsdirektiv 64/432/EØF av 26. juni 1964 om dyrehelseproblemer ved handel med storfe og svin innenfor Fellesskapet(1), særleg punkt 4 i vedlegg A.I., punkt 7 i vedlegg A.II. og bokstav E jamført med bokstav G i vedlegg D.I., og ut frå desse synsmåtane:
1) Direktiv 64/432/EØF vert nytta på handel med storfe i Unionen. Direktivet fastset dei vilkåra som ligg til grunn for at ein region i ein medlemsstat skal kunne godkjennast som offisielt fri for tuberkulose, brucellose og enzootisk bovin leukose hjå storfebuskapar, og vilkåra for oppheving av den offisielle statusen som sjukdomsfri.
2) I kommisjonsvedtak 2003/467/EF(2) er det fastsett at dei regionane i medlemsstatane som er oppførte i kapittel 2 i vedlegg I til vedtaket, er godkjende som offisielt frie for tuberkulose hjå storfebuskapar.
3) Italia har sendt over til Kommisjonen dokumentasjon som syner at dei krava som er fastsette i direktiv 64/432/EØF med omsyn til status som offisielt fri for tuberkulose hjå storfebuskapar, er oppfylte for fleire regionar. Desse regionane er provinsane Genova, Imperia, La Spezia og Savona i regionen Liguria, provinsane Alessandria, Cuneo og Torino i regionen Piemonte og provinsane Pesaro-Urbino og Ancona i regionen Marche.
4) Provinsane Asti, Biella, Novara, Verbania og regionen Piemonte er alt oppførte i lista i kapittel 2 i vedlegg I til vedtak 2003/467/EF som regionar som er offisielt frie for tuberkulose. Heile regionen Liguria, provinsane Pesaro- Urbino og Ancona i regionen Marche og heile regionen Piemonte bør difor oppførast i det nemnde kapittelet som regionar som er offisielt frie for tuberkulose hjå storfebuskapar.
5) I rådsforordning (EØF) nr. 706/73(3) er det fastsett at når det gjeld bruken av føresegner i dyrehelseregelverket, skal Det sameinte kongeriket og Isle of Man handsamast som éin medlemsstat.
6) Det sameinte kongeriket har sendt over til Kommisjonen dokumentasjon som syner at dei krava som er fastsette i direktiv 64/432/EØF med omsyn til status som offisielt fri for tuberkulose hjå storfebuskapar, er oppfylte for Isle of Man. Isle of Man bør difor førast opp i kapittel 2 i vedlegg I til vedtak 2003/467/EF som ein region som er offisielt fri for tuberkulose hjå storfebuskapar.
7) Kapittel 2 i vedlegg II til kommisjonsvedtak 2003/467/EF inneheld ei liste over regionar i medlemsstatar som er vortne godkjende som offisielt frie for brucellose hjå storfebuskapar.
(*) Denne unionsrettsakten, kunngjort i EUT L 32 av 9.2.2016, s. 153, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 104/2016 av 3. juni 2016 om endring av EØS-avtalens vedlegg I (Veterinære og plantesanitære forhold), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 76 av 23.11.2017, s. 1.
(1) TEF 121 av 29.7.1964, s. 1977/64.
(2) Kommisjonsvedtak 2003/467/EF av 23. juni 2003 om fastsetjing av status for storfebuskapar i visse medlemsstatar eller regionar i medlemsstatar som offisielt frie for tuberkulose, brucellose og enzootisk bovin leukose (TEU L 156 av 25.6.2003, s. 74).
(3) Rådsforordning (EØF) nr. 706/73 av 12. mars 1973 om fellesskapsbestemmelser som skal få anvendelse for Kanaløyene og Isle of Man med hensyn til handel med landbruksvarer (TEF L 68 av 15.3.1973, s. 1).
2018/EØS/79/01
8) Spania har sendt over til Kommisjonen dokumentasjon som syner at dei krava som er fastsette i direktiv 64/432/EØF med omsyn til status som offisielt fri for brucellose hjå storfebuskapar, er oppfylte for det autonome området Navarra.
Dette området bør difor førast opp i kapittel 2 i vedlegg II til vedtak 2003/467/EF som eit område som er offisielt fritt for brucellose hjå storfebuskapar.
9) Kapittel 1 og 2 i vedlegg III til kommisjonsvedtak 2003/467/EF inneheld ei liste over medlemsstatar og regionar i medlemsstatar som er vortne godkjende som offisielt frie for enzootisk bovin leukose hjå storfebuskapar. Frankrike er ført opp i kapittel 1 i det nemnde vedlegget som ein medlemsstat som er offisielt fri for enzootisk bovin leukose.
10) Frankrike har sendt over til Kommisjonen dokumentasjon som syner at dei krava som er fastsette i direktiv 64/432/EØF med omsyn til status som offisielt fri for enzootisk bovin leukose, ikkje er oppfylte for La Réunion. Statusen som offisielt fri for enzootisk bovin leukose bør difor opphevast for La Réunion. Frankrike bør ikkje lenger vere oppført i kapittel 1 i vedlegg III til vedtak 2003/467/EF som ein medlemsstat som er offisielt fri for enzootisk bovin leukose, men dei regionane i Frankrike som er frie for denne sjukdommen, bør førast opp i kapittel 2 i det nemnde vedlegget.
11) Vedlegga til vedtak 2003/467/EF bør difor endrast.
12) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for planter, dyr, næringsmiddel og fôr —
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
Vedlegga til vedtak 2003/467/EF vert endra i samsvar med vedlegget til denne avgjerda.
Artikkel 2 Denne avgjerda er retta til medlemsstatane.
Utferda i Brussel, 5. februar 2016.
For Kommisjonen Vytenis ANDRIUKAITIS Medlem av Kommisjonen
_____
VEDLEGG
I vedlegga til vedtak 2003/467/EF vert det gjort følgjande endringar:
1) I vedlegg I vert det gjort følgjande endringar i kapittel 2:
a) Posten for Italia skal lyde:
«I Italia:
— Regionen Abruzzo: provinsen Pescara
— Provinsen Bolzano
— Regionen Emilio-Romagna
— Regionen Friuli-Venezia Giulia
— Regionen Lazio: provinsane Rieti og Viterbo
— Regionen Liguria
— Regionen Lombardia
— Regionen Marche: provinsane Ancona, Ascoli Piceno, Fermo og Pesaro- Urbino
— Regionen Piemonte
— Regionen Sardinia: provinsane Cagliari, Medio-Campidano, Ogliastra, Olbia-Tempio og Oristano
— Regionen Toscana
— Provinsen Trento
— Regionen Veneto»
b) Posten for Det sameinte kongeriket skal lyde:
«I Det sameinte kongeriket:
— Storbritannia: Skottland
— Isle of Man»
2) I vedlegg II kapittel 2 skal posten for Spania lyde:
«I Spania:
— Det autonome området Kanariøyane: provinsane Santa Cruz de Tenerife og Las Palmas
— Det autonome området Balearane
— Det autonome området Pais Vasco
— Det autonome området Murcia
— Det autonome området La Rioja
— Det autonome området Navarra»
3) I vedlegg III skal kapittel 1 lyde:
«KAPITTEL 1
Medlemsstatar som er offisielt frie for enzootisk bovin leukose
ISO-kode Medlemsstat
BE Belgia
CZ Tsjekkia
DK Danmark
DE Tyskland
EE Estland
IE Irland
ES Spania
CY Kypros
LV Latvia
LT Litauen
LU Luxembourg
NL Nederland
AT Austerrike
SI Slovenia
SK Slovakia
FI Finland
SE Sverige
UK Det sameinte kongeriket»
4) I vedlegg III kapittel 2 vert følgjande post for Frankrike sett inn før posten for Italia:
«I Frankrike:
— Regionane Alsace, Champagne-Ardenne og Lorraine
— Regionane Aquitaine, Limousin og Poitou-Charentes
— Regionane Auvergne og Rhône-Alpes
— Regionane Bourgogne og Franche-Comté
— Regionen Bretagne
— Regionen Centre
— Regionen Korsika
— Regionen Ile-de-France
— Regionane Languedoc-Roussillon og Midi-Pyrénées
— Regionane Nord — Pas-de-Calais og Picardie
— Regionane Basse-Normandie og Haute-Normandie
— Regionen Pays de la Loire
— Regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur
— Regionen Guadeloupe
— Regionen Martinique
— Regionen Guyana
— Regionen Mayotte»
__________